Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet"

Transkript

1 Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet Notat Til: Fakultetsstyret Frå: Fakultetsleiinga Dato: 15. mars 2013 Oppretting av bachelor i Kristendom, kultur og kommunikasjon (K3) Fakultetet gjer framlegg om å opprette ein bachelor i Kristendom, kultur og kommunikasjon (K3) til erstatning for dagens bachelor i Teologi og kristendom. Det eksisterande bachelorprogrammet vart oppretta etter innføringa av kvalitetsreforma i høgre utdanning (2003), der det tidlegare grunnfaget og mellomfaget i kristendomskunnskap vart skipa om til ein bachelor i teologi og kristendom. Dette programmet har ein uklar profil og har hatt ei låg rekruttering over lengre tid. Etter at Teologisk studentutval tok opp saka i leiarmøtet hausten 2012, sette dekanen ned ein komité til å revidere programmet. Komiteen var sett saman slik: Hege Handberg, Bjørn Erik Schjerverud (sekretær), Åste Dokka, Birgitte Lerheim, Petter Skippervold, Vemund Blomkvist, Daniel Brändle og studiedekanen (leiar). Komiteen la fram eit framlegg til ein ny bachelor som vart presentert på eit fakultetsseminar på Granavolden 28. februar Innspel frå seminaret har i ettertid vorte integrert i framlegget. Saka har vore drøfta i Utdanningsstrategisk utval (USU) 13. mars 2013 og i leiarmøtet, og fakultetsleiinga legg med dette framlegget fram som vedtakssak for fakultetsstyret. Bachelor i Kristendom, kultur og kommunikasjon er profilert inn mot kyrkjeleg undervisning og utdanning av kyrkjelydspedagogar/trusopplærarar i Den norske kyrkja. Satsinga på trusopplæring i kyrkja er eit resultat av endra vilkår for Den norske kyrkja i samfunnet. Kyrkja må sjølv stå for opplæringa av dei døypte. Gjennom trusopplæringsreforma er kyrkja tilført midlar frå Stortinget som mogleggjer denne satsinga. Dette har mellom anna ført til at det har oppstått ein marknad når det gjeld å utdanne til kyrkjelydspedagogar/trusopplærarar. Kommunikasjon-omgrepet i programnamnet refererer til dette i vidaste meining, medan kultur-omgrepet utvidar perspektivet i høve til trusopplæring/kyrkjeleg undervisning både når det gjeld rekruttering og kompetanse. Samstundes stør det opp om det primære føremålet med programmet og tener til å profilere det. Eit anna referansepunkt for kultur-omgrepet er dessutan den satsinga på kultur som har skjedd i kyrkja dei seinare åra. Kristendom refererer til den basiskompetansen som må vere til stades for å utdanne innanfor dette feltet i det heile. Namnet på programmet har vore grunnleggjande drøfta i prosessen. Ein bachelor i kyrkjeleg undervisning ville vere det som best samsvara med innhaldet og intensjonen. Men dette vart

2 2 samstundes vurdert som for traust og lite spennande. Andre programnamn som har vore inne i debatten er mellom anna Kristendom og kommunikasjon, Kristendom og pedagogikk, Kultur og tru. Mandat for revisjonskomiteen Det overordna målet for revisjonsarbeidet er fagleg profilering med tanke på auka rekruttering til programmet. Komiteens oppgåve er å leggje fram framlegg til å styrkje profilen og samanhengen i programmet, inkludert emneportefølje rekkjefølgje av emna (struktur) graden av valfridom i programmet Første året er i stor grad felles i dei forskjellige programma, og her ser ein ikkje behov for større endringar med unntak av ex.fac. i det første semesteret. Komiteen skal kome med framlegg til endringar i ex.fac., og skal elles konsentrere seg om det andre og tredje året, i særleg grad samansetnad og profilering av dei frie emna, valemna og 40-gruppa. Dette inkluderer å arbeide ut framlegg til emneskildringar og læringsmål undervisningsformer pensum eksamensformer Komiteen skal arbeide ut framlegg til å innføre bacheloroppgåve som avsluttande element i graden, inkludert emneskildring og læringsmål for bacheloroppgåva undervisningsformer pensum eksamensform Komiteen skal vurdere konsekvensar med omsyn til ressursbruk. Tidsplan: Målet er at eit revidert bachelorprogram skal vere klart til søknadsprosessen i Dette inneber at revisjonen må vere ferdig innan sommaren Norgesuniversitetet Som ein premiss for arbeidet til komiteen låg også fakultetets søknad til Norgesuniversitetet om utvikling av fleksibel bachelorutdanning (årseining) i kyrkjeleg undervisning, der føremålet er at tilsette i kyrkjeleg undervisning skal få tilbod om ei fleksibel, praksisnær og berekraftig utdanning. Søknaden inneheld mellom anna eit opplegg for samarbeid med Høgskulen i Volda: Prosjektet etablerer et samarbeid med Høgskolen i Volda, som har poengs studier i filmdidaktikk for trosopplærere. De har også kompetanse på forholdet naturvitenskap/teologi (etterlyst i et internasjonalt forskningsprosjekt om konfirmantoppplæring) og digital

3 3 trosopplæring. Undervegs i revisjonsarbeidet vart det klart at fakultetet fekk tilslag på søknaden. Komiteen valde ut frå dette å arbeide ut eit framlegg til bachelorprogram, der dette prosjektet kunne inkorporerast. Fagleg og strategisk grunngjeving for framlegget Målgruppa for studietilbodet er primært kyrkjelydspedagogar/ trusopplærarar i den norske kyrkja. Fakultetsleiinga ser det som svært viktig at fakultetet tilbyr eit profilert fagtilbod innanfor feltet kyrkjeleg undervisning. Den store trusopplæringssatsinga i Den norske kyrkja gjer dette til ein attraktiv marknad. På dette området er det i dag ca stillingar, og behovet for kompetanse på området er stort. Samstundes er fakultetet oppteken av å kunne rekruttere noko breiare til det aktuelle bachelorprogrammet. Her vil kulturprofileringa vere eit viktig bidrag, men utan at det svekkjar relevansen inn mot kyrkjeleg undervisning. I kyrkja skjer òg ei kulturell satsing som ei med dette tilbodet ønskjer å vere i rapport med samstundes med at kulturdimensjonen i programmet kan med verke til både ei breiare rekruttering og ein breiare kompetanse. Det siste er ikkje minst viktig, fordi dei færraste blir i denne typen opplæringsstillingar eit heilt yrkesliv. Bachelorprogrammet vil òg vere relevant for arbeid i ulike typar organisasjonar. Framlegget til ny bachelorgrad byggjer på eit samarbeid med Høgskulen i Volda (HiVo) og med Det praktisk-teologiske seminar (PTS). Dette samarbeidet vil utan tvil gje fagleg strategiske gevinstar. HiVo tilbyr eit 15 poengs emne i filmdidaktikk (3. semester), som blir undervist i Oslo (ved TF). Dette emnet som vil tene til å profilere bachelorprogrammet i høve til andre studietilbod av denne typen som finst på markanden. Film gjev dessutan ei viktig profilering i retning kultur/kunst. TF, som nyleg har tilsett i ei stilling innanfor religionspedagogikk/kyrkjeleg undervisning, vil i samarbeid med Det praktisk-teologiske seminar ha ansvaret for religionspedagogikken i studiet (15 studiepoeng i 3. semester). Her vil mellom anna musikkpedagogikk inngå som eit elementa. Innehavaren av den nyoppretta TF-stillinga har dessutan særleg kompetanse på feltet digital kommunikasjon innanfor ungdomsmiljø, som vil aktiviserast i pedagogikkemna og vere høgst relevant for trusopplæringsfeltet i kyrkja. Kulturdimensjonen er vidare tenkt ivareteken gjennom to moglege valemne i femte semester (sjå nedanfor). Nærliggjande emne kan her vere til dømes kyrkjearkitektur og kristen estetikk, som fakultetet har kompetanse på. Sidan studiet rettar seg inn mot praksisfeltet er det naturleg at det inneheld praksis. Difor er det lagt inn eit integrert praksisemne (TEOL2010) i samarbeid med PTS i 4. semester. Praksis vil vesentleg vere retta inn mot trusopplæring. Fakultetet har inngått intensjonsavtale med HiVo i samband med søknaden til Norgesuniversitetet. Denne må utvidast i samband med ein bachelorgrad. Det må òg forhandlast med PTS ut over dei avtalar som er gjort i samband med prosjektsøknaden.

4 4 Behovet for betre profilering med tanke på auka rekruttering gjer at det nye programmet treng eitt eller fleire emne som skil dette frå andre program ved fakultetet. Samstundes må dette programmet rekruttere til eit masterprogram som fakultetet har. Programmet vil kunne rekruttere både til Master i kristendomskunnskap og Master i Religion og samfunn. Det vil dessutan ha overgangsmoglegheit til profesjonsstudiet i teologi, slik den eksisterande bachelorprogrammet i teologi og kristendom har. I komitéarbeidet vart det tidleg klart at ved sida av eit program innanfor kyrkjeleg undervisning, jf. tildelinga frå Norgesuniversitetet, ville eit program innanfor religion/kristendom og kunst/estetikk vere aktuelt. Av ressursmessige omsyn går ein inn for eitt program utan alternative studieretningar. Komiteen har arbeidd ut eit program innanfor kyrkjeleg undervisning med ei profilering inn mot kultur gjennom å gje rom for emne innanfor feltet kristendom og kunst. Modell Fakultetet har i dag tre program på bachelornivå: dei tre første åra av teologiprogrammet (cand.theol.), bachelorprogram i religion og samfunn og bachelorprogram i teologi og kristendom. I tillegg leverer fakultetet emne til både 60-gruppa og 80-gruppa i religion på det femårige lektorprogrammet. Cand.theol. (bachelor-delen) Religion og samfunn 6. semester TFF3001 TFF3002 TEOL3010 TFF3001 RESA3102 RESA semester TEOL1002 TEOL2301 Frie emne Frie emne Frie emne 4. semester TEOL2010 Frie emne 40-gruppe 40-gruppe 3. semester TEOL1001 TEOL2201 RESA gruppe 40-gruppe 2. semester EXPHIL TFF1003 TFF1004 EXPHIL TFF1003 TFF semester TFEXFAC03 TFF1001 TFF1002 TFEXFAC03 TFF1001 TFF sp 10 sp 10 sp 10 sp 10 sp 10 sp Teologi og kristendom 6. semester Valemne Frie emne Frie emne 5. semester KRIS3001 Frie emne Frie emne 4. semester KRIS gruppe 40-gruppe 3. semester Valemne 40-gruppe 40-gruppe 2. semester EXPHIL TFF1003 TFF semester TFEXFAC03 TFF1001 TFF sp 10 sp 10 sp

5 5 Det er dette siste programmet som no blir revidert/nyskipa, og som ein gjer framlegg om skal erstattast av programmet nedanfor. 40-gruppe, 60-gruppe og 80-gruppe tyder gruppe av emne med til saman høvesvis 40, 60 og 80 studiepoeng, der det blir stilt særskilde krav til samansetnaden. 80- grupper dannar opptaksgrunnlaget til dei fleste masterprogramma. Frie emne tyder at det ikkje er særskilde krav til kva for emne ein kan velje. Framlegget til nytt bachelorprogram har felles emne det første året med dei to andre programma. Det har også tre emne (TEOL2010-Teologi i praksis 1, TEOL3010-Tro og eksistens og TFF3002- Kjønnsperspektiv på religion og teologi) felles med teologiprogrammet, i tillegg har det eitt felles emne med både teologiprogrammet og bachelorprogrammet i religion og samfunn (TFF3001- Humanisme, sekularitet og religion). I 5. semester er det lagt opp til to valemne innanfor kultur/kunst. Fakultetet forpliktar seg til at å tilby eitt av desse emna. Vidare er det mogleg å skrive bacheloroppgåve i tilknyting til KRIS2001 i 5. semester, til saman 20 studiepoeng. Kristendom, kultur og kommunikasjon 6. semester TFF3001 TFF3002 TEOL semester KRIS2001 *) *) 4. semester TEOL semester Pedagogikk/filmdidaktikk HVO+TF 2. semester EXPHIL TFF1003 TFF semester TFEXFAC03 TFF1001 TFF sp 10 sp 10 sp Ut frå heilskapen vil såleis den viktigaste profileringa av bacheloren skje i 3, 4 og 5. semester. Ressursar Fakultetet gjer framlegg om å leggje ned bachelor i teologi og kristendom og opprette programmet bachelor i Kristendom, kultur og kommunikasjon. Frigjorte ressursar som følgje av at ein legg ned bachelorprogrammet i teologi og kristendom vil bli disponert til den nye bacheloren. Samstundes legg ein opp til ei utvidinga av ressursbruken i høve til det eksisterande bachelorprogrammet. Medan bachelor i teologi og kristendom har 20 studiepoeng som er særeigne for programmet, dvs. emne som er obligatoriske og som ikkje er felles med andre program, har den nye bacheloren 55 studiepoeng som er særeigne i programmet (undervist av TF) i tillegg til 15 studiepoeng som HiVo er ansvarleg for å undervise. Det er forsvarleg å gjere dette ut frå at fakultetet no disponerer auka undervisningskapasitet gjennom to nye stillingar tilsvarande 10 prosent. Det er ein føresetnad at

6 6 utviklinga av emnetilbodet i dette programmet til ei kvar tid vil vere tilpassa den tilgjengelege kompetansen ved fakultetet. Det vil bli iverksett overgangsordningar for dei studentane som er tekne opp på bachelor i teologi og kristendom. Oppstart, studenttal og opptaksramme Siste opptak til bachelor i teologi og kristendom vil vere hausten Hausten 2014 er første opptaket på den nye bacheloren i kristendom, kultur og kommunikasjon, med opptaksfrist mars/april Fakultetet gjer framlegg om at opptaksramma på 10 studieplassar som har vore reservert til bachelor i teologi og kristendom blir overført til bachelor i kristendom, kultur og kommunikasjon. Fakultetet ønskjer dessutan at det blir tilført 10 friske studieplassar, slik at det til saman blir 20 studieplassar på programmet. Framlegg til vedtak: Fakultetsstyret legg ned bachelor i teologi og kristendom og opprettar bachelor i Kristendom, kultur og kommunikasjon, slik dette er skissert i innstillinga frå fakultetsleiinga.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

Det teologiske fakultetet Universitetet i Oslo

Det teologiske fakultetet Universitetet i Oslo Det teologiske fakultetet Universitetet i Oslo Til: Fakultetsstyret Frå: Fakultetsleiinga Dato: 1.september 2014 Sak: D-SAK 2 i møte 4. september 2014 Oppfølging av internasjonalisering Dette notatet om

Detaljer

Framlegg til høyringssvar utgreiing om behovet for juridisk utdanning og kompetanse fram mot 2025

Framlegg til høyringssvar utgreiing om behovet for juridisk utdanning og kompetanse fram mot 2025 Framlegg til høyringssvar utgreiing om behovet for juridisk utdanning og kompetanse fram mot 2025 Vi viser til brev 8. april 2013 (ref. 10/6077) frå Kunnskapsdepartementet der departementet bad om merknader

Detaljer

St.meld. nr. 10 ( )

St.meld. nr. 10 ( ) St.meld. nr. 10 (2001-2002) Tilråding frå Nærings- og handelsdepartementet av 8. mars 2002, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Bondevik II) Kapittel 1 St.meld. nr. 10 2 1 Opprettinga av blei oppretta

Detaljer

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet Sak Leiing og fagleg organisering (16/05229) delprosjekt i hovudprosjekt 2 Fagleg og administrativ organisering Dato utsendt på høyring 21.11.16 Høyringsfrist 9.12.16 Send høyringsinnspel til Bakgrunn

Detaljer

Studieplanendringar for 2018/19 -

Studieplanendringar for 2018/19 - U N I V E R S I T E T E T I B E R G E N Det matematisk-naturvitskaplege fakultet Referanse Dato 2017/11118-UNLA 04.10.2017 Studieplanendringar for 2018/19 - Mindre studieplanendringar Sammendrag av saken

Detaljer

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) Innleiing/grunngjeving I Bachelorstudiet i nyskaping og samfunnsutvikling skal studentane

Detaljer

1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere

1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere UNDERVISNINGSTJENESTEN I DEN NORSKE KIRKE HØYRINGSUTTALING FRÅ DET TEOLOGISKE FAKULTET, UNIVERSITETET I OSLO. 1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere. a) Ivaretar

Detaljer

Administrativ Organisasjonsutvikling

Administrativ Organisasjonsutvikling University director University of Stavanger uis.no Administrativ Organisasjonsutvikling John Branem Møst 19.03.2015 1 Kvifor? Styret har i sakene 52, 72 og 78/16 fastsett ny fakultetsstruktur for UiS frå

Detaljer

Strategifrukost/lunsj

Strategifrukost/lunsj Strategifrukost/lunsj Det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet kva legg vi i det? Mai 2018 Ein kort repetisjon: Kva skal vi lage? Ein overordna strategi for Høgskulen på Vestlandet: Skal gi HVL

Detaljer

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: 3 Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet Fylkesrådmannen rår Vestlandsrådet til å gjere slikt vedtak: 1. Vestlandsrådet går inn for

Detaljer

Handlingsplan for likestilling og kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet

Handlingsplan for likestilling og kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet Vedtatt av fakultetsstyret 4. september 2014 Handlingsplan for likestilling og kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet 2014-2017 Visjon for likestillingsarbeidet ved TF: Det teologiske fakultet skal

Detaljer

KR 06/16 Oslo, januar 2016

KR 06/16 Oslo, januar 2016 DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd KR 06/16 Oslo, 28. 29. januar 2016 Referansar: KM 5/13, KM 13/14, KR 35/13, KR 40/14, KR 34/15 og KR 45/15 Saksdokument: Innmelding

Detaljer

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa: SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS 07.02.2018 Saksbehandlar ArkivsakID Viviann Kjøpstad 1/171 Framlegg til konkretisering politisk medverknad i planprosessen Rådmannen sitt framlegg

Detaljer

Finnøy og Rennesøy kommunar

Finnøy og Rennesøy kommunar Kommunikasjonsplan Finnøy og Rennesøy kommunar 1 1. SKILDRING AV DEN AKTUELLE SITUASJONEN... 3 2. PROBLEMANALYSE... 3 3. MÅL... 4 3.1. KOMMUNIKASJONSMÅL... 4 4. MÅLGRUPPER... 4 5. BODSKAP... 5 6. KANALAR

Detaljer

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302) Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Avdelingsleiar Dato: 01.08.2005 Endra av Eystein Arntzen, avdelingsleiar Dato: våren 2006 Innhald

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Til: Fakultetsstyret Fra: Fakultetsledelsen Dato: 30.januar 2015 Sak: V-sak 3 i møte 5.februar 2015 Oppnevning av medlemmer og varamedlemmer i fakultetets utvalg

Detaljer

KR 15/03 Kvalifikasjonskrav for diakoner

KR 15/03 Kvalifikasjonskrav for diakoner KR 15/03 Kvalifikasjonskrav for diakoner Råd, nemnder m.v. Kirkerådet Møtested Oslo Møtedato 2.-4. mars 2003 Saksbehandler: Øyvind Meling Saksdokumenter: Kvalifikasjonskrav og tjenesteordning for diakoner

Detaljer

Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng

Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng Høgskolen i Østfold Studieplan for Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Avdelingsleder Dato: 01.08.2004 Endret av Dato: Innholdsfortegnelse INNHOLDSFORTEGNELSE...

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE TRAINEE I SOGN OG FJORDANE Prosjektplan for Framtidsfylket Trainee frå og med haust 2014 Framtidsfylket Trainee er den einaste fylkesdekkjande traineeordninga i landet for kandidatar med bachelor- eller

Detaljer

Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå

Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå MØTEPROTOKOLL Utdanningsutval HVL Dato: 09.11.2018 kl. 12:30 Sted: Skype Arkivsak: 18/07914 Tilstede: Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind

Detaljer

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd DEN NORSKE KYRKJA KR 29/12 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd Oslo, 27.-28. sept 2012 Referansar: KR 42/11 Nynorsken sin plass i trusopplæringa Samandrag I Kyrkjerådet sitt møte i september

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004 Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon Årsrapport 2004 2 Utfordringar og resultat 2004 har vore eit år med store utfordringar og gode resultat for Høgskulen i Volda. Dette

Detaljer

Kompetanseløftet 2020

Kompetanseløftet 2020 Kompetanseløftet 2020 Miljøterapi i demensomsorga Vidareutdanning med fire samlingar over to semester Opptakskrav: Generell studiekompetanse eller realkompetanse 15 studiepoeng Studieavgift:15 000,- (Studentar/komm.

Detaljer

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering FoU ved HVO faglege satsingsområde Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering Innstilling frå Forskingsutvalet Volda, 28.05.04 Innleiing Forskingsutvalet oppnemnde i møte

Detaljer

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Emnekode Emnenamn Engelsk emnenamn Studiepoeng 15 Undervisningssemester Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Læringsutbyte/resultat Kunnskap Grunnkompetanse ITAL111 Italiensk

Detaljer

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 05.12.2016 Sak nr.: 16/3228-304 Internt l.nr. 41741/16 Sak: 134/16 Tittel: Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune Behandling: Frå fylkesrådmannen låg

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB

PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB Unn-Doris K. Bæck UiT Norges arktiske universitet Februar 2017 PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB INNLEDNING Dette dokumentet utgjør min første programsensorrapport

Detaljer

NYSKAPING. Høgskulen for landbruk og bygdenæringar. 60 stp

NYSKAPING. Høgskulen for landbruk og bygdenæringar. 60 stp NYSKAPING Høgskulen for landbruk og bygdenæringar 60 stp Justert februar 2012 1 Studieplan Nyskaping Studiet er ei årseining på 60 stp. Eininga kan takast alleine, men faget utgjer også tredje og avsluttande

Detaljer

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008

Detaljer

Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet til Forskrift om opptak, studier, eksamen og grader ved Universitetet i Bergen

Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet til Forskrift om opptak, studier, eksamen og grader ved Universitetet i Bergen Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet til Forskrift om opptak, studier, eksamen og grader ved Universitetet i Bergen Til kapittel 2 Gradar Til 2.4 Krav til omfang og samansetting av graden bachelor

Detaljer

1. Det blir oppretta to samarbeidsorgan, eit om forsking og innovasjon og eit om utdanning.

1. Det blir oppretta to samarbeidsorgan, eit om forsking og innovasjon og eit om utdanning. STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 09.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby SAKA GJELD: Samarbeidsorgan mellom Helse Vest RHF og utdanningsinstitusjonane ARKIVSAK: 2014/1272

Detaljer

Saksnr. 01/ Vedtaksorgan Fakultetsstyret, UV Vedtaksorgan Studieutvalget, Det. Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Saksnr. 01/ Vedtaksorgan Fakultetsstyret, UV Vedtaksorgan Studieutvalget, Det. Det utdanningsvitenskapelige fakultet BACHELOR I SPESIALPEDAGOGIKK Bachelor i spesialpedagogikk UVB-SPED Vedtak mht etablering, endring osv av studieprogram Etablering av Vesentlig endring av studieprogram (obs rapportering til Univ.styret)

Detaljer

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10160-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 11.02.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Høyring Forslag

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet Sak Leiing og fagleg organisering (16/05229) delprosjekt i hovudprosjekt 2 Fagleg og administrativ organisering Dato utsendt på høyring 21.11.16 Høyringsfrist 9.12.16 Send høyringsinnspel til Bakgrunn

Detaljer

DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET 1/10 Innleiing Dette skrivet gir reglane for utføring av bachelor- og masteroppgåva ved Det teknisknaturvitskaplege fakultet,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1 OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I

Detaljer

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad. Samordna opptak 217: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 4/217 Samordna opptak har publisert søknadstala for studieåret

Detaljer

STUDIEPLAN. Bachelorgradsprogram i teologi

STUDIEPLAN. Bachelorgradsprogram i teologi STUDIEPLAN Bachelorgradsprogram i teologi 180 studiepoeng Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet Institutt for historie og religionsvitenskap Studieplanen er godkjent av styret ved Fakultet

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd Møtedato: 25.11.2015 kl. 13:15 Møtestad: BK337 Arkivsak: 15/00520 Møtt: Jens Standal Groven, Aud Folkestad, Arne Myklebust, Pål Rune Aam, Odd Ragnar Hunnes, Gonnie

Detaljer

Studieplan 2008/2009

Studieplan 2008/2009 Studieplan 2008/2009 Studiepoeng: Studiets varighet, omfang og nivå Undervisninga går over 12 veker i høstsemesteret, og tolv veker i vårsemesteret.studiet gir 30 studiepoeng Forkunnskapar Studiet krev

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer

Bachelorgradsprogram i religionsvitenskap Studieplan INSTITUTT FOR HISTORIE OG RELIGIONSVITENSKAP

Bachelorgradsprogram i religionsvitenskap Studieplan INSTITUTT FOR HISTORIE OG RELIGIONSVITENSKAP Bachelorgradsprogram i religionsvitenskap Studieplan INSTITUTT FOR HISTORIE OG RELIGIONSVITENSKAP Gjelder fra og med høsten 2009 Tittel Bokmål: Bachelorgradsprogram i religionsvitenskap Nynorsk: Bachelorgradsprogram

Detaljer

Økonomisk situasjon ved Hordaland helsefagskole

Økonomisk situasjon ved Hordaland helsefagskole OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/11453-4 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Hordaland fagskulestyre 26.11.2015 Økonomisk situasjon ved Hordaland helsefagskole

Detaljer

Utdanningsmelding Det humanistiske fakultet Universitetet i Bergen

Utdanningsmelding Det humanistiske fakultet Universitetet i Bergen Utdanningsmelding 2012 Det humanistiske fakultet Universitetet i Bergen Forslag til Fakultetsstyret 19.03.2013 Oppfølging av prioriteringer omtalt i utdanningsmeldingen for 2011 Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket

Detaljer

Høyring om kyrkjeordning for Den norske kyrkja

Høyring om kyrkjeordning for Den norske kyrkja Høyring om kyrkjeordning for Den norske kyrkja Sørum kyrkjelege fellesråd takkar for høvet til å la seg høyre i spørsmålet om ei kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Ei ny trussamfunnslov vil innebere

Detaljer

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka. Høyanger kommune Ordføraren Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 1/729 15/801 026 RIF 30.01.2015 Kommunereform, retningsval m.m. Vedlagt

Detaljer

Utfordringar for barnehagelærarutdanningane. Høgskolen i Bergen - Senter for utdanningsforskning

Utfordringar for barnehagelærarutdanningane. Høgskolen i Bergen - Senter for utdanningsforskning Utfordringar for barnehagelærarutdanningane Følgjegruppa skal: Følge og vurdere utviklinga i den nye utdanninga særleg kvaliteten og relevansen i dei enkelte programma Gjennomføre dialogmøte med institusjonane

Detaljer

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE MØTEPROTOKOLL KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE Tid: Måndag 12. november 2018 kl. 13.00 Stad: Fjell Rådhus, møterom 340 Møteleiar: Medlem som møtte: Medlem som ikkje møtte:

Detaljer

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.01.2017 7841/2017 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 07.02.2017 Fylkesrådmannens tilråding 16.02.2017 Fylkesutvalet 27.02.2017

Detaljer

Endring i studieplanen for Bachelor i Digital Kultur

Endring i studieplanen for Bachelor i Digital Kultur UUI-sak 8/12 Vedlegg 1 Vedlegg 2 Endring i studieplanen for Bachelor i Digital Kultur Fagomtale for Digital kultur (internt dokument som inneheld emnetabell og definisjon av krav til spesialisering) Studieplan

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune MØTEINNKALLING Tysnes kommune Utval : ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 27.01.2014 Tid : 11:00 SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/14 14/42 ÅRSRAPPORT OVER VERNE- OG MILJØARBEIDET

Detaljer

STUDIEPLAN. UiT Noregs arktiske universitet, campus Tromsø

STUDIEPLAN. UiT Noregs arktiske universitet, campus Tromsø STUDIEPLAN Bachelorgradsprogram i historie 180 studiepoeng UiT Noregs arktiske universitet, campus Tromsø Studieplanen er godkjend av styret ved Institutt for historie og religionsvitskap den 3. juni 2016.

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

Studieplan 2009/2010

Studieplan 2009/2010 Studieplan 2009/2010 Norsk 2 Studiepoeng: Arbeidsmengde i studiepoeng er: 30. Opptakskrav fritekst Norsk 2 Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester S1(H) 2NO224-2 Norsk 2 - Litterær

Detaljer

STRATEGISK PLAN

STRATEGISK PLAN STRATEGISK PLAN 2006-2010 Versjon 30.05.06 Innleiing Den strategiske planen til Høgskulen i Volda (HVO) inneheld mål og strategiar knytte til hovudoppgåvene til høgskulen: utdanning forskings- og utviklingsarbeid

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Universitetsstyret Universitetet i Bergen. Reviderte retningslinjer for tverrfakultære program

Universitetsstyret Universitetet i Bergen. Reviderte retningslinjer for tverrfakultære program Universitetsstyret Universitetet i Bergen Arkivkode: Styresak: 55 Sak nr.: 2012/4881 Møte: 27.09.2012 Reviderte retningslinjer for tverrfakultære program Bakgrunn Universitetsstyret ble orientert om utdanningsutvalgets

Detaljer

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 11.02.2019 Tid: 14:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

KD sin finansieringsmodell

KD sin finansieringsmodell KD sin finansieringsmodell Fleire av hovudprinsippa i HVL sin budsjettfordelingsmodell legg til grunn ei tett kopling mot KD sin finansieringsmodell. Nedanfor er eit samandrag av korleis midlar blir fordelt

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga Arbeids- og inkluderingsdepartementet Postboks 8019 Dep. 0030 Oslo Vår ref.-. 2007/1954 Dykkar ref Arkivnr.: 721.0 ARBEIDS - OG INKLUDERINGSDEPARTEMENT

Detaljer

Kompetanse og utdanning. Kva krevst det av arkivtenesta?

Kompetanse og utdanning. Kva krevst det av arkivtenesta? Kompetanse og utdanning Kva krevst det av arkivtenesta? T.d.: Kommunereforma og arkivet Kva skal skje med arkiva dersom to eller fleire kommunar blitt sått saman? Arkiva i alle einingar som blir påverka

Detaljer

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 1 av 5 Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Regionalt samarbeid om utvikling av fireårig grunnskulelærarutdanning

Detaljer

SPANSK ÅRSSTUDIUM FORDYPNINGSEMNER STØTTEFAG

SPANSK ÅRSSTUDIUM FORDYPNINGSEMNER STØTTEFAG SPANSK 307 SPANSK ÅRSSTUDIUM FORDYPNINGSEMNER STØTTEFAG Kort om tilbudet i spansk Spansk er et verdensspråk i fremmarsj. I dag er spansk morsmålet til mer enn 400 millioner mennesker som er bosatt fortrinnsvis

Detaljer

NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312.

NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312. UUI-sak 11/12 Vedlegg NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet Emneplanar for NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312. Saksomtale: NOLI211 har felles undervisning og vurdering

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Aslaug Hellesøy Medlem FL KRF/R/SV Steffan Wetherell Medlem STUD

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Aslaug Hellesøy Medlem FL KRF/R/SV Steffan Wetherell Medlem STUD Møteprotokoll Utval: Hordaland fagskulestyre Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3. etg., Fylkeshuset Dato: 26.11.2015 Tidspunkt: 10:00 11.45. Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Roald

Detaljer

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 08.02.2012 Møtetid: 13.00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit? Open Space møte i Ulstein kommune 28. mai 2015 Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit? Arrangør:! Tilrettelegging og rapport: Ulstein kommune Hege Steinsland Relasjonsutvikling

Detaljer

ALLMENN LITTERATURVITSKAP

ALLMENN LITTERATURVITSKAP 28 Studiehåndboka for humanistiske fag 2012-2013 ALLMENN LITTERATURVITSKAP Allmenn litteraturvitskap gir ei innføring i den vestlege litterære tradisjonen frå oldtida og fram til våre dagar. Sentralt i

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/1944-23816/2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: 03.10.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 99/16 Komité for drift og forvaltning 18.10.2016 Uttale

Detaljer

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Modellar for lektorutdanning ved UiB

Modellar for lektorutdanning ved UiB Endre Brunstad Modellar for lektorutdanning ved UiB 27.05.2013 (Til programstyremøtet 16.05.2013) Denne modelloversikta (per 14. mai 2013) er utprøvande og er meint som hjelp til arbeidet med å utvikle

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15 FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 18.09.2012 Tid: 11:30 14:15 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Detaljer

Forsking på det nye fakultetet

Forsking på det nye fakultetet U N I V E R S I T E T E T I B E R G E N Griegakademiet Institutt for musikk Forsking på det nye fakultetet Brynjulf Stige, professor i musikkterapi ved Griegakakademiet Forskingsleiar GAMUT, UiB og Uni

Detaljer

Kvalitet er målet med alt

Kvalitet er målet med alt Kvalitet er målet med alt Kva er utdanningskvalitet? «NSO mener studiekvalitet kan defineres som i hvilken grad utdanningsinstitusjonene legger til rette for og arbeider med at alle aspekter av studiet

Detaljer

VEDTAK NR 37/19 I TVISTELØYSNINGSNEMNDA

VEDTAK NR 37/19 I TVISTELØYSNINGSNEMNDA Vedtaksdato Vår referanse Saksbehandlar 25.03.2019 2018 /32946 Anders Reidar Holm VEDTAK NR 37/19 I TVISTELØYSNINGSNEMNDA Tvisteløysningsnemnda heldt møte torsdag 14. mars 2019. Ved behandling av saka

Detaljer

!"#$%&!'!!(!)'*+,! *-&!!(!*),!!!".$

!#$%&!'!!(!)'*+,! *-&!!(!*),!!!.$ !!"#$%&!'!!(!)'*+,! *-&!!(!*),!!!".$ /# 0!-"'$)1!'!"'!!!$ 2*!,3*,!!434*, '!#!!!!!!434'! " "#$%&'() "*$%&+ 0443#,04 0443'*!#04 0443'*!#04 ('!#!!#4! , - & ".$%& /( 0,1%2,1 "3$%&4 5+67518/5+67518/ "$%&4 9975+69975+675

Detaljer

Miljøterapi i demensomsorga

Miljøterapi i demensomsorga Kompetanseløftet Miljøterapi i demensomsorga Deltid, samlingar 15 studiepoeng Studieavgift: 15 000,- (Studentar kan søke om støtte til studieavgift og andre utgifter) Studiet skal vere med å styrke den

Detaljer

Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vedteke av utdanningsutvalet 09.02.12 Reglementet er heimla i Forskrift om opptak til høgre

Detaljer

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune Saksframlegg Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 062/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.10.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/230 16/12590 Kommunal planstrategi Radøy kommune 2016-2020

Detaljer

Det samfunnsvitenskapelige fakultet Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitenskapelige fakultet Universitetet i Oslo Det samfunnsvitenskapelige fakultet Universitetet i Oslo Rapport BA-utvalget Arbeidsgruppe: Ingela Lundin Kvalem (leder), Sabine Raeder, Nikolai Czaikowski, Inger Skjelsbæk, Mona Bekkhus, Stein Andersson,

Detaljer

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune

Detaljer

STUDIEPLAN. Bachelorgradsprogram i religionsvitenskap. Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet

STUDIEPLAN. Bachelorgradsprogram i religionsvitenskap. Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet STUDIEPLAN Bachelorgradsprogram i religionsvitenskap 180 studiepoeng Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet Institutt for historie og religionsvitenskap Studieplanen er godkjent av «daværende

Detaljer

Vedlegg: doc; doc

Vedlegg: doc; doc Høyringsuttale Fra: Anne Hjermann [Anne.Hjermann@post.hfk.no] Sendt: 29. oktober 2007 12:02 Til: Postmottak KD Emne: Høyringsuttale Vedlegg: 110205599-4-200705131-2.doc; 110205599-2-200705131-5.doc Vedlagt

Detaljer

Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen

Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen Heimel: Fastsett av styret for Universitetet i Bergen med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven)

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Myndig tru - mangfaldige fellesskap.

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Myndig tru - mangfaldige fellesskap. DEN NORSKE KYRKJA KR 38/09 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd Oslo, 27.-28. mai 2009 Sakshandsamar: Espen Andreas Hasle Referansar: UKM 06/07 og UKM 04/08 Saksdokument: Dok.dato Tittel

Detaljer

Studieutvalget. Møteprotokoll. Utvalg: Møtested: A7002, Gimlemoen Dato: 15.03.2013 Tidspunkt: 09:15-12:45. Følgende faste medlemmer møtte:

Studieutvalget. Møteprotokoll. Utvalg: Møtested: A7002, Gimlemoen Dato: 15.03.2013 Tidspunkt: 09:15-12:45. Følgende faste medlemmer møtte: Møteprotokoll Studieutvalget Utvalg: Møtested: A7002, Gimlemoen Dato: 15.03.2013 Tidspunkt: 09:15-12:45 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Marit Aamodt Nielsen Leder Svein Rune Olsen Medlem

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer