Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Samtalegruppe for par der den eine har kreft."

Transkript

1 Samtalegruppe for par der den eine har kreft. Familievernkontoret i Molde og Molde sjukehus er i gang med å planlegge gruppe for par der den eine har kreft. Kjersti Tytingvåg Rogne, representerer Familievernkontoret, Håvard Ervik representerer sjukehuset. Om oss. Håvard Ervik arbeider som sjukehusprest i Molde. Han har brei erfaring frå samtalar med menneskjer som opplever at sjukdom forandrar kvardagen. Han har vidareutdanning i sjelesorg frå Modum Bad, Institutt for Sjelesorg, og krise-og traumearbeid. Utanom arbeidet på sjukehuset har han og halde fleire samlivskurs (PREP og Godt samliv). Kjersti Tytingvåg Rogne er klinisk sosionom og arbeider som familieterapeut ved Familievernkontoret i Molde. Ho har utdanning i familieterapi, toårig vidareutdanning i sorgterapi frå høgskulen i Århus, og mastergrad i sosial-og helsefag på temaet: «Korleis vert forholdet påverka når den eine i paret får kreft?» Dei siste ti åra har ho hatt eit engasjement ved Montebellosenteret på Mesnali, med ansvar for vekekurset «En del av hverandres liv», om å leve saman når den eine i paret får kreft. (Meir informasjon om dette finst på Kvifor vel vi å setje i gang eit slikt gruppetilbod? Molde sjukehus møter dagleg pasientar og pårørande på kreftavdelinga og ved kreftpoliklinikken. Nokre har tett kontakt med kreftpoliklinikk over lang tid medan dei får cytostatika behandling der. Andre blir behandla kirurgisk og har berre kortare opphald på sjukehus. I det pasientar er ferdigbehandla opplever mange at dei blir aleine om det dei har opplevd. På heimebane er forandringar i nære relasjonar ein del av kvardagen for mange kreftpasientar. Familievernet møter ofte par der sjukdom i familien er eit tema. Det kan vere psykiske lidingar, kroniske smertetilstandar, kreft eller andre sjukdomar som fargelegg kvardagen på ulikt vis. Kvar gruppe hadde fortent å få merksemd på sine vilkår, men denne gongen vil vi ha fokus på å leve med kreft. På grunn av betre behandlingstilbod er ikkje kreft lenger det same som snarleg død. Fleire enn før vert heilt friske, for andre har det preg av å vere ein kronisk sjukdom, og mange lever i lang tid med svingande tilstand, med gode periodar og nye residiv. Vi veit at mange par slit i ein slik situasjon, ofte meir i det lange løp enn i ein akutt diagnosefase, då ein mobiliserer for å stå saman i ei krevjande tid. Etter operasjon og behandling kan det kome ein periode med fatigue, med usikkerheit, med kontrollar, nye undersøkingar og kanskje sjukehusopphald på nytt. Den vegen paret skal gå saman i spenning, vekslande mellom håp, vonbrot og tryggleik, har vorte lenger.

2 Etter at aktiv behandling er avslutta, kan pasient og pårørande ofte kjenne seg overlatne til seg sjølve, med dei avtrykk sjukdom og behandling har etterlate i dei som individ og som par og familie. Det er difor eit stort og viktig steg at det no finst kreftkoordinator i kvar kommune, og vi vil gjerne vere med å yte vårt bidrag. Med dette gruppetilbodet ynskjer vi å bruke kunnskap frå studiar og frå vår daglege praksis ved Molde sjukehus, Familievernkontoret og Montebellosenteret på ein måte som kan møte eit brukarbehov. I første omgang tenkjer vi å starte opp med gruppe for kreftpasientar og partnarar. Det er stort behov for tilbod til born og unge som har foreldre med kreft, og det må få sin plass. Men å hjelpe foreldre til å kome gjennom påkjenning på ein god måte, er også ei indirekte hjelp til borna deira. Seinare kan det vurderast å også ha gruppe for born/ungdom som har foreldre med kreft, dersom dette ikkje er nok ivareteke av allereie eksisterande tilbod. Molde sjukehus og Familievernkontoret, (les Håvard Ervik og og Kjersti Tytingvåg Rogne) har hatt det første planleggingsmøtet, og vi ser for oss følgjande: Rekruttering Gjennom kreftpoliklinikk/kreftavdeling. Plakat, handout, muntleg orientering. Gjennom kreftkoordinator i kommunane. Diagnosegrupper? Gruppesamansetning Minimum fire, maksimum seks par. Eit par månadar etter førebels avslutta behandling(stråling, kjemoterapi). Ikkje terminalfase. Tilnærma homogene grupper delt i Livsfase: Par med små barn. Par med større barn/ungdom. Par i seinare livsfase. Prognose/sjukdomsfase: Førstegangs kreftpasient/pasient med god prognose. Pasient med residiv, alvorleg/usikker prognose. I første omgang vil vi starte med gruppe for par som enno har heimebuande born. Vi har ikkje tenkt ferdig omkring blanding av god, usikker og dårleg prognose. Modell Fire-fem samlingar, a 1 ½- 2 timar Annakvar veke ca kl 18 om ettermiddagen Oppstart september-2013 Temainnleiing med påfølgjande samtale, dels i gruppe, dels at par snakkar saman kva for seg før ein samlast i gruppe til refleksjon og avslutning.

3 I nokre tilfelle dele pårørande og pasientar, slik at dei fritt kan fokusere på utfordringar knytt til sin spesielle posisjon. Tema (uferdig): Kva har sjukdomen gjort med oss som par? Rolleforandringar. Konflikter. Einsemd. Seksualitet. Frå mi verd til di. Det usagte sagt. Den første gruppa vert utprøving av ein modell, som seinare kan endrast av dei erfaringar vi gjer. Tilbodet er førebels heilt i startgropa og på planleggingsstadiet, og vi er difor opne for å lytte til kommentarar og innspel frå dykk. Det kan til dømes vere aktuelt å invitere kreftkoordinator frå dei representerte kommunane til eitt av gruppemøta. Koordinator kan formidle helsefagleg kunnskap og gje orientering om kva som finst av lokale tilbod. Med ønskje om godt samarbeid i ei viktig sak Kjersti Tytingvåg Rogne Håvard Ervik.

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge KPI-Notat 2/2006 Kven skal bera børene? Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Ca. 65000 menneske er i

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

Gå ut og gjer disiplar

Gå ut og gjer disiplar Gå ut og gjer disiplar - om å vekse til modne kristne Innleiing: Denne undervisninga er berre 35 minutt då resten av samlinga siste leiarskule skal vere saman med leiarskulen for forsamlingsarbeid. Vi

Detaljer

- vestibularisnevritt - langvarig svimmelheit

- vestibularisnevritt - langvarig svimmelheit svimmel - vestibularisnevritt - langvarig svimmelheit Vestibularisnevritt/ virus på balansenerven Vestibularisnevritt er ein sjukdom i det indre øyret og er ei av dei vanlegaste årsakene til svimmelheit.

Detaljer

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) Kvinge, L. M. Ek, C.E., Olsen Bøe, T., Kolnes, M., Hundseid, E. & Vikse, I. «Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) 1 Helsetorgmodellen rapport (2013/3)

Detaljer

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt Sunn Møring Nr. 6-2010 Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval sjå side 10 Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk avdeling s. 3 Lokal forankring sentralt s. 4 Felles satsing i nødetatane s. 6 LEIAR Helse

Detaljer

Erfaringar med brukarstyrt innlegging ved psykosepost ein kvalitativ evalueringsstudie

Erfaringar med brukarstyrt innlegging ved psykosepost ein kvalitativ evalueringsstudie Short papers Erfaringar med brukarstyrt innlegging ved psykosepost ein kvalitativ evalueringsstudie 49 Margrete Tytlandsvik, cand. polit Stig Heskestad, cand.med EXPERIENCES WITH USER CONTROLLED ADMISSIONS

Detaljer

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ:

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ: NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.02.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Tove Hagland SAKA GJELD: Resultatnotat ARKIVSAK: 2015/1420/ STYRESAK: 020/15 STYREMØTE:

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Har du nokon å snakke med om dette?

Har du nokon å snakke med om dette? Utpostens dobbelttime Har du nokon å snakke med om dette? Jørgen Roll-Hansen intervjuet av lisbeth homlong Jørgen Roll-Hansen kom til Ørsta som turnuskandidat i 1979. Og her, med sunnmørsalpane som næraste

Detaljer

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksframlegg Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2015/26 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 06. mai 2015 Saksbehandlar: Dag Hårstad/ Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer

Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk kome hit for å snakke til dykk på denne spennande konferansen!

Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk kome hit for å snakke til dykk på denne spennande konferansen! Side 1 av 10 Arr: Vestlandsk vidsyn Dato: Voss Sted: 26.oktober Utkast pr: 14.11.2011 10:56 Kontroller mot framføring Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk

Detaljer

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE 1 INNLEIING Handlingsplanen er laga med bakgrunn i Kapittel 9a i opplæringslova. 9a-1 Generelle krav Alle elevar i grunnskular

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 ARTIKKEL 2 Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 Tilsyn er risikoinformerte. Tilsynsorganet leitar der det er mest sannsynleg at det finst svikt som får alvorlege

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Førsteamanuensis Liv Engen (Samtale mellom tre gutar på femte trinn) Platon synest at sånn derre demokrati var bra. Han ville at alle skulle snakke på likt.

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Nr. 12-12 AUD-rappor t Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: «Evaluering av Senter for

Detaljer

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID Av Sigrun K. Ertesvåg & Svein Størksen Om Respekt Dette heftet er produsert som en del av arbeidet under Respekt programmet, som består av kurs, veiledning og

Detaljer

Heimesjukepleiarens perspektiv på forhold som fremjar palliasjon i heimen

Heimesjukepleiarens perspektiv på forhold som fremjar palliasjon i heimen 64 Klinisk Sygepleje 27. årgang nr. 1 2013 Originalartikel Heimesjukepleiarens perspektiv på forhold som fremjar palliasjon i heimen Home care nurses perspectives of factors of importance for their ability

Detaljer

Vår Visjon: SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon: SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan høsten 2014 Vår Visjon: SAMAN ER VI BEST Med dette så meiner vi: når vi samarbeider og står saman så lykkast vi best! mellom barn-personale foreldre og andre samarbeidspartnarar. Enkeltindividet

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Finn Ove Båtevik Artikkelen byggjer på ei undersøking blant ungdom i utkantkommunar. Undersøkinga viser store variasjonar i kva grad ungdom

Detaljer

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Innhald: 1 Innleiing...3 2 Oppsummering...4 3 Om undersøkinga...5 4 Kjennskap til og synspunkt på varslingsrutinane

Detaljer

RETTLEIING. til betre utgreiingar om likestilling

RETTLEIING. til betre utgreiingar om likestilling til betre utgreiingar om likestilling Likestillingsloven 1a tredje ledd: «Virksomheter som i lov er pålagt å utarbeide årsberetning, skal i årsberetningen redegjøre for den faktiske tilstanden når det

Detaljer