Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk kome hit for å snakke til dykk på denne spennande konferansen!

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk kome hit for å snakke til dykk på denne spennande konferansen!"

Transkript

1 Side 1 av 10 Arr: Vestlandsk vidsyn Dato: Voss Sted: 26.oktober Utkast pr: :56 Kontroller mot framføring Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk kome hit for å snakke til dykk på denne spennande konferansen! Eg merkar meg at denne konferansen er blitt til i eit samarbeid mellom tre vestlandsfylke og Distriktssenteret. Det verkar som eit fruktbart samarbeid ut frå programmet. Fylka har mykje å vinne på å samarbeide. Distriktssenteret har etter kvart fått brei erfaring som medarrangør på ulike større konferansar. Eg er glad for at dei bidrar med sin kompetanse her også. I foredraget mitt vil eg kome inn på korleis vi kan skape livskraftige distrikt og regionar. Eg vil snakke om kompetansearbeidsplassar, om motmakt og om kommunane si rolle. Eg kjem og inn på infrastruktur som grunnlag for vekst og eg rundar av med å seie litt om bulyst, LUK og mangfald i kommunane.

2 Side 2 av 10 Livskraftige distrikt og regionar Det fins ingen universalløysing på korleis me skal utvilivskraftige distrikt og regionar som gir rom for nyskaping. Både Noreg og andre land står overfor tunge utviklingstrekk. Dei trekka lar seg ikkje utan vidare påverke. Eg er likevel sikker på at det i kryssingspunktet mellom offentlig politikk og mange privat initiativ, ligg vekstmulegheiter for dei områda som ikkje utan vidare utpeikar seg som såkalla pressområde. Dette får eg stadig bevis på når eg besøke lokalsamfunn og møter enskeltpersonar. Det kan vere ein risikovillig sjokoladeprodusent på Værøy eller ein innovativ næringslivsleiar i spissen for ei høgteknologisk verksemd eller ein kreativ og visjonær ordførar I gamle dagar møtte mange nybyggjarar tilsynelatande karrig jord på si leiting etter nye mulegheiter. Dei gjorde som regel det beste ut av det og klarte å skape seg og sine eit utkomme og ei framtid. Også moderne entreprenørane har nok tidvis følt at dei har stukke spaden i næringsfattig grunn. Men så viste det seg at jorda var næringsrik, at ideen var liv laga, at det let seg gjere å skape ny verksemd og nye arbeidsplassar.

3 Side 3 av 10 Gründerrådet Det er avgjerande at me legg til rette for nyskaping. Det gjer vi mellom anna gjennom det nyoppretta grunderrådet. Spissare kompetanse på gründerverksemd og meir energi skal det leitast lenge etter. Oppgåva deira er å gje regjeringa innspel og forslag til tiltak for å få fleire gründerar, og få ein større del enn i dag til å overleve blodbadet, som den første femårsperioden vert kalla. Mange peika på kor viktig det er at kommunen både politisk og administrativt møter gründerar på ein profesjonell måte. Både gjennom kompetent vegleiing, og at dei vert trekt vekslar på slik at dei kan bidra å skape ringverknader lokalt ved å hjelpe andre med idear og inspirere unge til entreprenørskap. Kompetansearbeidsplassar I mars kom ei offentleg utredning som stadfesta at Noreg må halde fram med satsing på kompetansearbeidsplassar over heile landet. Den offentlege utreiinga har gode analysar og spennande tiltak. Og ho har ein konklusjon som ikkje kan bli gjenteke for ofte: Det er god samfunnsøkonomi å syte for at veksten i kompetansearbeidsplassar finn stad over heile landet. Berre slik sikrar vi høgast muleg nasjonal verdiskaping. Utvalet slår også fast at det er muleg å påverke dei sterke sentraliseringskreftene.

4 Side 4 av 10 Men det krev solid politisk innsats og fordomsfri nytenking om innsatsen retta mot distrikts- og regionalpolitikken. Kva for innsats og kva for nye verkemiddel som kan vere aktuell blir mellom anna tema i den stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken som departementet er i gang med. I dette arbeidet blir det sjølvsagt muleg å kome med innspel. Treng ordskifte For me treng eit fordomsfritt ordskifte om sentrale utviklingstrekk og korleis me skal halde dette landet i hevd. Tidlegare i haust presenterte kommunal- og regionalministeren artikkelsamlinga Motmakt og regional utvikling. Av Dagbladet omtale som ei vellukka tabloidisering av eit komplisert tema. Der kjem næringslivleiarar, politikarar, gründerar, akademikarar, ungdom og skribentar med ulike synspunkt på spørsmåla som: - Korleis utvikle heile Noreg? - Korleis motverke opphoping av makt og avgjerder i nokre avgrensa miljø? Korleis nytte dei menneskelege og naturgjevne ressursane? - Korleis få til regional kraftsamling?

5 Side 5 av 10 Eit av bidraga i artikkelsamlinga kjem frå ein velkjend gründer frå Vågå, Arne Brimi. Han er inne på det sentrale når han skriv: «Regional utvikling dreier seg ofte om å sjå det unike i det lokale.» Han og medarbeidarane hans har vist at lokalt særpreg kan finne nasjonal og internasjonal klangbotn. Brimi peikar på det viktige samspelet mellom gode offentlege tenester, målretta satsingar og privat initiativ Eit anna interessant bidrag er artikkelen frå Victor Norman Han slår fast at regional utvikling i dag handlar vel så mykje om kva som skjer og blir gjort lokalt, som om kva staten gjer. Det handlar om å trekkje i lag i staden for å dra i kvar sin retning kampen mellom nessekongar gjer alle til taparar hev blikket, tenk vidsynt og trekk for all del i same retning. Han seier vidare at marerittet er ei utvikling der hovudtyngda av kompetansearbeidsplassane blir samla i Oslofjord-området, med høg del yrkespassive i resten av landet. Det vil ikkje berre resten av landet tape på, Oslofjord-området vil også komme dårlegare ut av eit slikt scenario. Kommunane må hjelpe Utfordringa vår er å sørgje for at entreprenørar får armslag og hjelp til å utvikle seg og sine idear.

6 Side 6 av 10 Eg har sagt det før, men gjentek det her: Kommunane må vere den gode førstelina, som veit korleis desse skapande kreftene skal møtast og hjelpast. Kvar enkelt kommune må ta mål av seg til å vere ein best muleg vertskommune for gründerar og etablert næringsliv. Kommunane må løfte blikket, sjå utover eigne grenser, tenkje heilskap og regional utvikling. LUK- satsinga Noko av dette håpar me å få til gjennom LUK- satsinga. Forkortinga tyder Lokal samfunnsutvikling i kommunane. Satsinga skal styrkje kommunane i deira arbeid med å utvikle attraktive lokalsamfunn. Stikkord er eit tettare samarbeid både mellom fylke og kommunar og mellom fleire kommunar. Infrastruktur aldri umoderne Fleire av forslaga frå kompetanseplassutvalet har ein naturleg plass i ein sterk distrikts- og regionalpolitikk. Me må satse endå meir på: - betre vegar og ferjefrie samband, - regionalt forankra utdanningsinstitusjonar og - raske digitale nettverk. Denne regjeringa har satsa stort på alle desse infrastrukturområda, og me skal løfte vidare.

7 Side 7 av 10 Nokre vil seie at infrastruktur er eit gamaldags svar på utfordringar knytt til eit kunnskaps- og tenestesamfunn. Det var eit formidabelt framskritt då samfunnet fekk eit organisert postvesen. Likeins då telegrafen kom. For ikkje å snakke om rutegåande sjøtransport og jernbane. No er vi vitne til at effektive breiband gjer det muleg å dele og produsere kunnskap og kompetanse, uavhengig av kvar du bur. Ferjefrie samband skapar større og meir vekstkraftige arbeidsmarknader. NOU`en legg vekt robuste, større arbeidsmarknader som har god variasjon av bransjar. Og dei peikar på at regionalt forankra utdanningsinstitusjonar er viktig for dynamikken i regionen. Ferjefri E39 Her vil eg gjerne få peike på eit interessant prosjekt. Denne regjeringa har gitt Statens Vegvesen i oppdrag å utgreie ferjefri E 39 i samband med neste NTP. Prosjektet skal blant anna utgreie kva potensial ein ferjefri E39 vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsmarknadsregionar. E39 går frå Kristiansand til Trondheim og er av stor strategisk tyding for transport av gods og folk mellom byane på denne lange strekninga Eg er ikkje i tvil om at ein ferjefri kystveg langs heile Vestlandet vil ha mykje å seie for vekst og verdiskaping på Vestlandet.

8 Side 8 av 10 Den vil knyte Vestlandet tettare saman og f eks vil aksen Bergen - Stavanger gi Osloregionen reell og sunn konkurranse. Dette er ei særs viktig sak for Senterpartiet og det er ei sak kysten samla må støtte opp under så pengar, planar og teknologi kjem på plass så snart som råd. Bulyst-satsinga Gjennom den nye satsinga Bulyst, som starta i fjor, vil me leggje til rette for at distriktskommunar blir meir attraktive. 35 prosjekt fekk støtte i fjor og 44 nye prosjekt har kome med i regjeringa si bulyst-satsing i år. Hatobjekt i DN sine spaltar men god drahjelp for lokalsamfunn som vil noko. Eitt av prosjekta som nådde opp i år har utspring her i Voss og heiter Ski heile året. Prosjektet tar utgangspunkt i ei satsing på skiturisme heile året som ein drivar for bulyst i distriktskommunane Voss, Jondal og Røldal i Odda. Prosjektet er eit interessant samarbeid på tvers av etablerte destinasjons- og kommunegrenser. Målsettinga er å få meir aktivitet og arbeidsplassar heile året på desse stadane og gjere dei meir attraktive både for fastbuande og turistane Distriktssenteret har ei sentral rolle i å synleggjere og formidle erfaringar frå bulyst-prosjekta. Bruk difor heimesida deira aktivt om de vil vite meir om bulyst og dei enkelte prosjekta som deltar i satsinga.

9 Side 9 av 10 Mangfald Norske distrikt har utviklingskraft og mulegheiter. Men skal me utløyse desse treng me ikkje berre statlege program og smidige kommunar. Me treng toleranse og mangfald i lokalsamfunna. Me treng eldsjeler. Dei livskraftige samfunna treng engasjement, romslegheit og evne til å støtte det som er nytt og annleis. Dette er tilsynelatande enkle råd og sunt folkevit. Samstundes veit me at det krev noko av oss å vere romsleg, gje støtte og engasjere seg. Det kan koste å støtte eit omstridt prosjekt, ein ny ide, ei risikofylt investering. Og det kan krevje litt anna innstilling å sjå at inkludering av tilflyttarar ikkje berre er ei oppgåve for kommunen, men for heile det sivile samfunnet. Heldigvis ser me allereie mykje av dette. Noreg er blitt eit meir mangfaldig land. Den nye norske me har vakse ut frå dei mange lokalsamfunn som tek godt i mot innflyttarar, uansett kvar dei kjem i frå. Dette er ei innsats me må halde fram med og utvikle lokalt. I ein framtidsretta distrikts- og regionalpolitikk er inkludering og toleranse viktige ingrediensar.

10 Side 10 av 10 Før eg avsluttar: I neste veke skal me her på Voss markere at det er 50 år sidan landet fekk på plass ein offentleg distrikts- og regionalpolitikk, manifestert gjennom Distriktenes Utbyggingsfond. Ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk har bidrege til at det er mykje livskraft og mulegheiter i lokalsamfunn, distrikt og regionar også samlikna med våre næraste naboland Ambisjonen vår er at det skal vere slik om 50 år også. La det ikkje vere tvil, me skal framleis ha den beste distrikts- og politikken i verda. Takk for merksemda!

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud Rapport nr. 52 Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar 2 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning 1 INNLEIING OG BAKGRUNN Denne rettleiaren byggjer på eiga erfaring gjennom snart 20 år med forsking og utviklingsarbeid for å

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59.

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59. Jo fleire kokkar, jo betre søl Pantone Pantone Pantone medverknad i arkiv, bibliotek og museum 459 151 484 c6 m7 y55 k0 c0 m43 y87 k0 c0 m87 y83 k30 r242 g255 b140 r249 g161 b58 r179 g52 b40 Åshild Andrea

Detaljer

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? Gro Marit Grimsrud Finn Ove Båtevik Marte Fanneløb Giskeødegård Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? 2 Møreforsking

Detaljer

Møre og Romsdal fylke 2009-2012 www.mrfylke.no

Møre og Romsdal fylke 2009-2012 www.mrfylke.no Strategi for internasjonalt arbeid Møre og Romsdal fylke 2009-2012 www.mrfylke.no 1 Innhald side Det internasjonale fylket 3 Mandat og iverksetting - internasjonal strategi 3 Geopolitisk avgrensing 4 Møre

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Handlingsplan Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Innhaldsliste 1 INNLEIING OG SAMANDRAG 5 1.1 SORIA MORIA-ERKLÆRINGA, MÅLSETJING, FØRESETNADER OG TILTAK 5 1.2 DEFINISJON AV ENTREPRENØRSKAP

Detaljer

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? Notat nr. 9/2007 Jørgen Amdam, Johan Barstad, Finn Ove Båtevik og Geir Tangen Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? 2007 VOLDA Prosjekttittel Prosjektansvarleg Prosjektleiar

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge KPI-Notat 2/2006 Kven skal bera børene? Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Ca. 65000 menneske er i

Detaljer

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ:

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ: NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.02.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Tove Hagland SAKA GJELD: Resultatnotat ARKIVSAK: 2015/1420/ STYRESAK: 020/15 STYREMØTE:

Detaljer

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor RAPPORT MEIR ENN FINE ORD - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor Rapporten er skrive av Kathrine Sund- Henriksen på oppdrag for LNU. Medforfattar er Idunn Myklebust. Design:

Detaljer

Ide Camp 2011. Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy

Ide Camp 2011. Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy Ide Camp 2011 Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy Utkast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side i INNHOLDSFORTEGNELSE 1. INNLEIING 1 1.1 Bakgrunn 1 1.2

Detaljer

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Førsteamanuensis Liv Engen (Samtale mellom tre gutar på femte trinn) Platon synest at sånn derre demokrati var bra. Han ville at alle skulle snakke på likt.

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt Sunn Møring Nr. 6-2010 Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval sjå side 10 Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk avdeling s. 3 Lokal forankring sentralt s. 4 Felles satsing i nødetatane s. 6 LEIAR Helse

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no trategisk plan for edagogisk Strategisk plan bruk for av IKT pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 2010 2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no Innhaldsliste Strategisk plan for pedagogisk bruk av IKT

Detaljer

LINDA LIEN. Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. design, fagområde for visuell kommunikasjon. www.visuellidentitet.no

LINDA LIEN. Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. design, fagområde for visuell kommunikasjon. www.visuellidentitet.no Identitetsdesign for geografisk avgrensa område: den kollektive stadsidentiteten i den personlege merkevarebygginga si tid LINDA LIEN Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. design, fagområde for visuell kommunikasjon.

Detaljer

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksframlegg Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2015/26 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 06. mai 2015 Saksbehandlar: Dag Hårstad/ Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Kirkeg. 76 2626 Lillehammer

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Kirkeg. 76 2626 Lillehammer -fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT Statssekretæren Oppland fylkeskommune Kirkeg. 76 2626 Lillehammer Dykkar ref Vår ref Dato 13/542-20 04.07. 2013 Statsbudsjettet 2013 - Kap. 551, post

Detaljer

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder Et forslag til strategi Språkrådet 2005 Innhald 1 Samandrag... 3 2 Innledning... 10 3 Språk på spel i 2005... 18 4 Språk en demokratisk

Detaljer

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 Kommunal planstrategi 2012 2015 er ei prioritering av Volda kommune sitt planarbeid dei næraste åra. Kortversjon kommunal planstrategi for

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer