Ide Camp Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Ide Camp 2011. Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy"

Transkript

1 Ide Camp 2011 Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy

2 Utkast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side i INNHOLDSFORTEGNELSE 1. INNLEIING Bakgrunn Formål og omfang 1 2. GRUPPEINNDELING 2 3. DOKUMENTASJON AV MØTET 3 4. SAMANSTILLING AV HOVUDRESULTAT FRÅ ARBEIDSGRUPPENE Generelt Oppfylging og realisering av tiltak Næringshage på Voss Kontaktforum mellom næringsliv og kommune Haldningsskapande arbeid Innspel til kommunen Andre tiltak 10 Side Vedlegg A: Referat frå arbeidsgruppe 1 Vedlegg B: Referat frå arbeidsgruppe 2 Vedlegg C: Referat frå arbeidsgruppe 3 Vedlegg D: Referat frå arbeidsgruppe 4 Vedlegg E: Referat frå arbeidsgruppe 5 Vedlegg F: Referat frå arbeidsgruppe 6 Vedlegg G:Program for Ide camp 2011 Vedlegg H: Oppgåvetekst for Ide camp 2011

3 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side 1 1. INNLEIING 1.1 Bakgrunn Fleire arbeidsplassar på Voss kan gje auka omsetnad for eksisterande verksemder, knoppskyting og tilflytting. Med bakgrunn i strategisk næringsplan inviterte næringsavdelinga i Voss Kommunen eit utval av næringsdrivande til eit møte 25. oktober 2010 om næringshage på Voss. Etter møtet vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skulle sjå på mogelegheiter for å etablera ein næringshage på Voss. Arbeidsgruppa vart samansett av Anne Grethe Bakke frå Destinasjon Voss, Torgunn Hegland frå Festivalvoss, Renate Lunde frå Vossa meny, Yngve Tranøy frå Voss Energi samt Gunn Berit Lunde, Anders Gjøstein, Annbjørg Nornes og Gunnhild Utkvitne frå Voss Kommune. Det overordna målet til arbeidsgruppa er at Voss skal verta endå betre på næringsutvikling. Næringshage kunne vera eit av fleire nyttige verktøy for næringsliv og kommune for å nå dette målet gjennom å: skapa eit attraktivt arbeidsmiljø for ungdom med høgare utdanning hjelpe lokale grunderar og eksisterande verksemder til å vidareutvikle idear stimulere til ny aktivitet og nyetablering i distrikta utvikle nettverk Drifta av ein næringshage skal organiserast gjennom eit aksjeselskap som skal finansierast gjennom offentleg tilskot (49 %) og tilskot frå lokalt næringsliv (51 %). Med bakgrunn i dette var det viktig for arbeidsgruppa å forankre arbeidet i eit bredt utval av næringslivet på Voss. Ein ynskja å få svar på om næringslivet vil støtte opp om ein næringshage eller om dei meiner at det finns andre tiltak som kan vera meir effektive med bakgrunn i målsetjinga. Dersom næringslivet skulle meine at næringshage er eit godt tiltak, ynskja arbeidsgruppa innspel til organisering slik at flest mogeleg kan få nytte av ein eventuell næringshage. Med bakgrunn i dette vart Næringslivet på Voss invitert til idé camp i Voss kulturhus 18. februar 2011 for å etablere ein handlingsplan som kan gje raskare vekst og næringsutvikling i Voss Kommune. Program og oppgåvetekst for Ide campen er gitt i høvesvis vedlegg G og H. 1.2 Formål og omfang Formål med ide camp var at Voss skal verta endå betre på næringsutvikling. Denne rapporten dokumenterer resultata frå gruppearbeidet under ide camp 2011.

4 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side 2 2. GRUPPEINNDELING Tabell 2.1: Oversyn over deltakarar på Ide camp 18. februar i Voss Kulturhus. Møteleiar er utheva med blå skrift øvst for kvar gruppe og sekretær er utheva med grøn skrift under møteleiar. Det var totalt 68 deltakarar på campen. Gruppe 1 Gruppe 2 Anne Grethe Bakke, Destinasjon Voss Eli-Karin Yndestad, EKY Kompetanse Jarle Lund, Voss Energi Renate Lunde, Vossabia Nils Asbjørn Lie, Hardanger og Voss BHT Torgils Bryn, Kluge adv Henning Stavenes, Stavenes Holding AS Trude Storheim, Vossajazz Åse Steen-Olsen, Revisorgruppen Stein Oddvar Hanto, Vossatakst Anne Marie Opheim, avisa Hordaland Inge Arild Lirhus, Bilbransjegruppa Kjell Jostein Bø, Voss Sparebank Frode Horvik, Generasjonsmat Evanger Per Kragseth, Voss Energi AS Per Berge, Voss Fjellandsby Ellen T. Astrup, IHM Lars Selheim, Voss Gardsslakteri Svein Inge Styve, Voss jordbruksskule Torstein Gunnarson, Kontaktutval Voss Kommune Arvid Børve, NAV Eli Mokleiv, Voss veksel- og landmandsbank ASA Gruppe 3 Gruppe 4 Oddvar Jansen, Biltunet AS Torgunn Hegland, Festival Voss Håkon Bø, Voss Energi AS Kjetil Tverberg, XL-bygg Tverberg & Sønner Per Arne Larsen, Plei AS Mona Nordaas, Tusenkunst Arild Rogde, Økonomisenteret Voss AS Erling Midttun, Voss Solskjerming AS Terje Tverberg, XL-bygg Tverberg & Sønner Sissel Mugås Bjørkhaug, Bjørkhaug Consulting Gunn Berit Lunde Aarvik, ordførar Arne Gilbakken, Utval Næring & tiltak Olav Legreid, Spilde AS Liv Holmstrøm, Voss Vandrarheim/Tre brør kafe Egil Lidsheim, VTS Jan Geir Jensen, Timaglaset AS Kathrine Løno Lahlum, Destinasjon Voss Tore Nyborg, Voss kommunikasjon Lillian H. Andreassen, Eidfjord Utvikling Hilde Velure Rokne, Gjensidige forsikring Inger Helen Rode, Sparebank1 Hardanger Einar Hauge, rådmann Gruppe 5 Gruppe 6 Egil Selvåg, Voss Energi AS Yngve Tranøy, Voss Energi AS Rune Rønhovde, Voss Energi AS Gerd Rogneby, Voss Energi AS Håkon Knutsen, Voss Solskjerming AS Steinar Hjørnevik, HMV konsernet Geir Inge Kvitne, Norske Husdyr AS Oddvar Nestås, Voss Bedriftsservice AS Gunnar Bråthen, IHM Ingjerd Skogseid, Veslandsforsking Agnar Afdal, Voss Prenteverk Svein Erik Burud, Ekstremutvikling Jon Gjerde, Troll Invest Knut H. Robberstad, VIAN Ingunn Stana, Jondal kommune Bjarte Tolaas, Encon AS Knut Blikkberg, Gjensidige forsikring Bjarne Rene, Vostopia AS Synnøve G. Olsen, Stalheim oppleving Leif Arne Vangsnes, kommunestyrerep. Frp Anbjørg Nornes, næringsavd. Nils Akselberg, Voss Fjellandsby Thomas Hårklau, Troll Invest Marit Isungset, opplæringskont. indre Hord.

5 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side 3 3. DOKUMENTASJON AV MØTET Ide camp 2011 vart planlagt i samarbeid mellom Voss Energi AS og arbeidsgruppa for Næringshage på Voss. I tillegg bidrog Eli-Karin Yndestad i EKY kompetanse og Oddvar Jansen frå Biltunet AS med innspel til korleis arbeidsmøta skulle gjennomførast. Ide campen vart innleia av Styreleiar Per Kragseth i Voss Energi AS som ynskte velkommen. Programmet for dagen var todelt. I første økt vart det gjennomført ein serie av føredrag som vist i programmet, sjå vedlegg G for detaljar. Føredragshaldarane var særs flinke til å informere og inspirere tilhøyrarane. Dette la eit godt grunnlag for gruppearbeidet som starta etter lunch. I andre og tredje økt var deltakarane delt inn i høvelege grupper som skulle utvikle tiltak og prosessar som kan stimulere til at Voss vert endå betre på næringsutvikling. Kvar gruppe hadde ein møteleiar som skulle stimulere og organisere gruppa i samband med arbeidet. Gruppene var samansett av næringsdrivande frå ulike sektorar. Gruppearbeidet starta ca kl 12:30 og varte fram til kl 20:00 på kvelden inkludert ein liten matpause. Enkelte deltakarar måtte gje seg etter normal arbeidstid i tida av ulike årsaker, men dei aller fleste deltok frå kl 08:30 til kl 22:00 på kvelden. Stemninga var positiv og gruppene hadde mange gode innspel ved slutten av dagen som vist i kapittel 4. På slutten av dagen fekk kvar gruppe ca 15 minutt til å presentere kva dei hadde kome fram til i løpet av dagen. Sekretæren for kvar gruppe leverte sine møtereferat til Voss Energi som underlag til denne rapporten. Oddvar Jansen som var møteleiar for gruppe 3 innleia sin presentasjon med å kommentere målsetjingane for dagen som vist under. Målsetjingane er skriven med utheva skrift og Oddvar sine kommentarar var nokolunde som skissert: Voss skal verta endå betre på næringsutvikling. Utvilsamt at dette vert eit faktum som resultat av denne dagen. Utvide nettverket til dei frammøtte Ja, eg har vorte kjend med mange nye interessante folk, og ikkje minst eit konkret eksempel; Jentene i STRUTS som var prisvinnar i samband med ungt entreprenørskap, arrangert av kommunen for 9 klassane på voss, søkte etter korleis dei skulle få organisert sal av dei kule veskene sine i sin presentasjon. Per Arne Larsen i Plei AS tok utfordringa på strak arm og lova dei plass i butikken sin for direkte sal til kunde Auke kunnskapen til dei frammøtte. Veldig gode foredrag før lunch, men den beste læringa var gjennom å auke felles forståing for dei utfordringane me har gjennom konstruktive diskusjonar i gruppearbeidet Ta i bruk kulturhuset Ja Ha det kjekt. Dette har vore veldig kjekt, god mat, kjekke folk og fin underhaldning Gruppene kom også fram til at det skjer mykje positivt på Voss og at Voss har eit fantastisk utgangspunkt for vidare utvikling. Gruppene fokuserte likevel på utfordringane som må løysast for at Voss skal verta endå betre på næringsutvikling. Det er det som må til for at me skal verta betre. Stemninga etter dagen kan skildrast av siste ord frå Arne Gilbakken i NTA under oppsummeringa: Eg er blind og ser ingen avgrensingar, her er det berre mogelegheiter.

6 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side 4 4. SAMANSTILLING AV HOVUDRESULTAT FRÅ ARBEIDSGRUPPENE 4.1 Generelt Dette kapittelet gjev ei oppsummering av hovudresultata frå Ide campen. Svara er forsøkt organisert i ulike temagrupper som vist i overskriftene. Mange innspel var samanfallande sjølv om gruppene hadde ulik innfallsvinkel til utfordringane i oppgåveteksten, sjå vedlegg H for detaljar. Svara frå gruppene er redigert og summert med utfyllande kommentar for å gjere resultatet mest mogeleg oversiktlig og lesarvennleg. Teksten tek utgangspunkt i dei ulike møtereferata som er gitt i vedlegg A til F. 4.2 Oppfylging og realisering av tiltak Den kanskje største utfordringa for gruppene var å svare på korleis føreslåtte tiltak og innspel frå dagen skulle fylgjast opp og realiserast. Forslaga burde ha ei klar adresse for å sikre vidare oppfylging. Det kom klårt fram at deltakarane ynskjer ein næringshage på Voss som kan hjelpa lokale grunderar med vidareutvikling av forretningsidear. Innspela til næringshage som er oppsummert i kapittel 4.3 skal difor fylgjast opp av arbeidsgruppa for næringshage på Voss. Alle andre innspel som næringslivet ynskjer å fremja for kommunen vart i hovudsak adressert til det eksisterande kontaktforumet mellom næringsliv og kommune for vidare oppfylging. Mykje ansvar for å fremje sakene ligg difor hos kontaktforumet sjølv om sakene må løysast i godt samarbeid mellom næringslivet, kommuneadministrasjonen og politikarane. Innspel til vidareutvikling av kontaktforumet er gitt i kapittel 4.4 mens innspel til saker som bør fremjast av kontaktforumet er gitt i kapittel 0 og kapittel 4.6. I tillegg har mange innspel ei klar adresse til arbeidsgruppa som skal utforma ny strategisk næringsplan for kommunen. Det er ynskjeleg at innspela i denne rapporten vert overført til arbeidet med strategisk næringsplan i fornuftig utstrekning. Det vart også framlagt krav om at næringsdrivande må ta større ansvar for næringsutvikling gjennom eige engasjement og ved å søkje seg inn i politikken. Næringsdrivande burde også etablere fleire møtestader for å drøfte aktuelle utfordringar. Næringsdrivande bør mellom anna starte ein stafett med frukostmøter frå til dømes 08:00 til kl 10:00 blant lokale verksemder. Initiativet til dette ligg hjå den enkelte næringsdrivande. Kontaktforumet vart oppfordra til å arrangere eit møte snarast råd for å drøfte korleis ein skal gå fram for å realisere dei føreslåtte tiltaka. Kontaktforumet må vera ein pådrivar for at innspela vert fremja for relevant instans. Voss Energi fekk også ei klar oppfordring om å fylgje opp den positive prosessen som vart initiert på Ide Campen. Etter ei intern drøfting i etterkant av campen har Voss Energi vedteke at dei skal ta initiativ til ein ny Ide camp i februar På dette seminaret skal kontaktforumet gje ein status på realisering av tiltak frå Ide camp Vidare ynskjer Voss Energi at alle deltakarane skal utføre ei handling som kan relaterast til at Voss har vorten endå betre på næringsutvikling før det vert arrangert ide camp i Avisinnlegg, arrangere frukostmøte, verv, haldningsskapande arbeid og realisering av tiltak frå denne rapporten kan vera døme på dette.

7 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side Næringshage på Voss Alle seks arbeidsgruppene la fram ynskje om at det vert etablert ein næringshage på Voss. Arbeidsgruppa for næringshage fekk mange innspel som må vurderast i samband med vidare framdrift: 1. Næringshage skal fokusere på forretningsutvikling og støtte til personar og verksemder som treng hjelp med å starte eller vidareutvikle ei verksemd. Næringshage bør difor koma i tillegg til det etablerte kontaktforumet mellom næringsliv og kommune på Voss. Kontaktforumet skal fokusere på strategisk tilrettelegging for næringsutvikling til felles beste for alle nye og etablerte verksemder på Voss. 2. Arbeidsgruppa for næringshage bør vurdere å invitere EkstremUtvikling AS, Skigutane AS og HMR Voss AS til å sitje i arbeidsgruppa for næringshage. 3. Arbeidsgruppa må invitere alle verksemder på Voss til å gå inn som eigarar. Næringshage bør organiserast som eit aksjeselskap med tilfredstillande eigenkapital. 4. Eigarskap i næringshage er ein langsiktig investering som skal føre til auka omsetnad gjennom næringsutvikling lokalt på lengre sikt. Dei største og mest kapitalsterke verksemdene på Voss bør difor bidra. Lokale bankar og Voss Energi AS kan vera døme på kapitalsterke eigarar. Destinasjon Voss bør også vera aktuell som eigar sidan selskapet representerer mange verksemder på Voss. 5. Rett dagleg leiar vil vera ein viktig suksessfaktor. Dagleg leiar må kunne arbeide sjølvstendig, ha stort nettverk og innsikt i tilskotsordningar. 6. Fadderordning eller mentorordning for nye verksemder kan organiserast gjennom næringshagen. Næringshagen bør invitere næringslivet med på ei slik ordning ved å bidra med tid og kunnskap. Pensjonistar med rett kompetanse kan inviterast med i nettverket som fadrar og mentorar. 7. Næringshagen må kunne tilby rettleiing på kapitalinnhenting, regelverk, nettverk, fond & kommunen generelt. 8. Næringshagen må ha ein tilfredstillande plan for kven som skal finansiere næringshagen slik at den daglege drifta vert levedyktig også på lengre sikt. 9. Arbeidsgruppa må definere kva næringshagen på Voss skal vera gode på frå starten. Ein kan ikkje vera gode på alt i byrjinga og bør difor spisse kompetansen, gjerne innanfor noko Voss er gode på frå før. Næringshagen skal likevel hjelpe alle som ynskjer hjelp med forretningsutvikling uavhengig av næringssektor og kan utvide kompetansen i tråd med naturleg vekst. 10. Næringshagen bør få kompetanse og nettverk til å hjelpe lokale verksemder til å organisere større prosjekt. 11. Næringshagen bør være ein plass der grunder kan etablere kontakt med dei rette folka. 12. Næringshagen kan verta eit viktig verktøy for å tiltrekka seg høgare utdanna arbeidskraft til bygda. 13. Næringshagen skal hjelpe nyetablerarar slik at tida fram mot målet vert kortare, usikkerheita vert mindre og spørsmåla færre.

8 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side Kontaktforum mellom næringsliv og kommune Det eksisterar eit kontaktforum, heretter kalla kontaktforumet, mellom næringslivet og Voss Kommune. Nils Akselberg, Steinar Hjørnevik, Arild Rogde og Anne Grethe Bakke sit i kontaktforumet på vegne av næringslivet, medan kommunen stiller med både politisk og administrativt personell. Dei frammøtte synte til at dette var ein godt tiltak og meinte dette forumet burde utviklast vidare gjennom fylgjande tiltak: 1. Synliggjere kontaktforumet slik at alle veit kvar og når dei kan komme med innspel 2. Vurdere å formalisere kontaktforumet gjennom innhenting av eit mandat. (Det vart hevda at støtta på Ide campen var eit mandat i seg sjølv) 3. Verifisere at alle relevante delar av næringslivet er representert. Vurdere å utvide forumet til 5-7 medlemmer med representantar frå til dømes landbruk, handverk / industri og pendlarane. Gruppa må også få ein sekretær eller prosjektutviklar som kan førebu, organisere og fylgje opp saker mellom møta for å få meir trykk på dei positive prosessane som vert starta slik det går fram i teksten under. 4. Nøkkelpersonar er viktigare enn at alle delar av næringslivet er representert 5. Destinasjon Voss representerer eit stort utval av næringslivet og kan såleis være ein kontakt mellom forum og næringslivet 6. Bygge vidare på konseptet med undergrupper for særskilte prosjekter. Invitere relevante næringsdrivande for kvart prosjekt til å delta. Eit godt døme på dette er prosjektgruppa for Kle bygda til fest. Det var også antyda at ei gruppe som skal sjå på strategi for utvikling av Istadmyrane er i emning. 7. Ide camp for næringslivet eller tilsvarande bør minimum arrangerast ein gong i året for å vurdere nye prosjekter og forankre strategiar og framdrift i eit bredt utval av næringslivet. 8. Kontaktforum skal ha jamlege møte med Avisa Hordaland for å setje fokus på viktige saker innan næringsutvikling. Med bakgrunn i teksten over, retta gruppe 6 søkjelyset på arbeidskapasiteten til kontaktforumet. Næringslivet sine representantar i kontaktforumet er til dagleg fullt opptekne med å utvikla eigne verksemder og kapasiteten er difor avgrensa. Det vart difor fremja som eit avgjerande tiltak at kontaktforumet får meir støtte og midlar for å kunne organisere og fylgje opp alle naudsynte tiltak. Gruppa må få ein sekretær eller prosjektutviklar som kan førebu, organisere og fylgje opp saker mellom møta for å få meir trykk på dei positive prosessane som vert starta. Destinasjon Voss (DV) har mange medlemsbedrifter og vert difor nytta som næringslivet på Voss sin representant i svært mange samanhengar. Det er difor naturleg at sekretæren vert tilsett i Destinasjon Voss og vert finansierast 50% av kraftfondet og 50% gjennom Destinasjon Voss systemet. Kontaktforumet skal ta initiativ til å finne ei hensiktsmessig løysing på dette som må sjåast i samanheng med teksten under. Det kom også ynskje om at DV må tydeleggjera si rolle og sitt mandat. DV bør revidere seg sjølv gjennom eit strategiutval som bør sjå på ei ny organisering i fleire undergrupper og presentere dette framlegget for medlemsbedriftene. DV har lenge hatt ein strategi om å arbeide med prosjektutvikling for å støtte opp under næringsutvikling som kan inngå i den heilskapelege strategien til DV. Dei tre tilsette i DV har i dag som primær oppgåve å arbeide med destinasjonsutvikling. I tillegg er prosjektutvikling definert som eit viktig arbeidsområde, men organisasjonen har ikkje kapasitet til å prioritere dette i oppstarten av selskapet. Dersom DV skal ha eit ansvar for felles næringsutvikling, må det opprettast ei ny næringsretta stilling for å fristilla Anne Grethe Bakke til å kunne auke fokuset på reiselivsutvikling direkte.

9 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side Haldningsskapande arbeid Mange av dei frammøtte vart inspirert av presentasjonen til ordførar Terje Søviknes og det haldningsskapande arbeidet OS kommune har gjennomført i sin strategi for næringsutvikling. Haldningsskapande arbeid vart difor mykje diskutert og mange gode forslag vart fremja som lista opp i teksten under. Kontaktforumet må fremja desse innspela i sitt vidare arbeid. I tillegg må arbeidsgruppa for strategisk næringsplan, den enkelte næringsdrivande og kommuneadministrasjonen ta innspela til etterretning. Dette vart sett på som eit relativt lite kostnadskravande tiltak som kan gje stor effekt: 1. Kultur og serviceinnstilling må forankrast på toppen i kommune og næringsliv. Alle må stå samla bak Voss som merkenamn. 2. Ny haldning med gjensidig respekt mellom politikarar, kommuneadministrasjon og næringsliv må byggast. Frå denne dag (18. februar 2011) skal det vera ulovleg for næringsutøvarar å drive med destruktiv hakking på alt som ikkje er perfekt. Næringsliv og kommune må hjelpe kvarandre til å verta betre for å nå felles mål. 3. Voss må opprette eit slagord; t.d. Velkomen til Voss 4. Næringslivet må støtte kvarandre i gode og dårlege tider og gjere kvarandre gode i lag for å nå felles mål. EkstremUtvikling AS vart nemnd som døme på ei verksemd som skapar mykje omsetnad for mange på Voss i gode tider. På den andre sida føler dei lite støtte når det no er tunge tider. 5. Betre medarbeidarar på service innan alle nivå. Alle relevante verksemder bør gjennomføre kurs i vertskapsrolla arrangert av DV. 6. Næringsliv og kommune må inngå ein forpliktande haldning og virkeregel som til dømes Dersom det ikkje er god grunn til å seie nei, skal ein seie ja!. Ein slik type haldning og virkeregel må også implementerast i strategisk næringsplan. 7. Kommunen må i større grad fokusere på open dialog mot næringslivet. Næringslivet ynskjer at næringsavdelinga i kommunen får auka sine ressursar og kapasitet. I tillegg er det ynskjeleg at næringsavdelinga arrangerer opne møter i samband med viktige saker, gjerne eit fast møte kvar veke kor næringsdrivande og næringsavdelinga kan drøfte aktuelle saker. 8. Voss bygd for sterke opplevingar er eit slagord, ikkje ein visjon. Kommunen må i sitt planarbeid fokusere meir på visjon og misjon. 9. Leiinga og administrasjonen i kommunen bør ta initiativ til eit verdidokument som skal liggje til grunn for haldningsskapande og kulturbyggande arbeid blant tilsette i kommunen. Målsetjinga med dette er ein kommuneadministrasjon med endå høgare fokus på serviceinnstilling og ei haldning om at Ja, dette skal me få til. 10. Voss har kanskje det sterkaste merkenamnet som Destinasjon i heile Noreg. Merkjevarebygging er ikkje ei vesentleg utfordring for Voss. 11. Vidareutvikle og nytta vossaprofilen aktivt, men på rett måte. 12. Voss kommune må marknadsførast som ein interessant og attraktiv kommune. 4.6 Innspel til kommunen Mange innspel og tiltak som er retta direkte til politikarar og administrasjonen i Voss kommune er samla i dette kapittelet. Som nemnt i kapittel 4.2 er alle innspel som næringslivet ynskjer å fremja for kommunen i hovudsak adressert til det eksisterande kontaktforumet. På den andre sida vert denne rapporten tilgjengeleg for alle interesserte lesarar og det er difor positivt om kommunen nyttar innspela som underlag i sitt vidare arbeid for at Voss skal verta endå betre på næringsutvikling. Næringslivet vonar også at kommunen tek i mot innspela som konstruktiv kritikk som gjev høve til å vidareutvikle kommunen til felles beste.

10 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side 8 1. Voss kommune må vera ein pådrivar for næringsutvikling på Voss gjennom å vera klar og ikkje tvitydig. Kommunen må setja seg eit klare mål som til dømes: Vi vil ha vekst! Vi vil ha innbyggjarar innan 2020!. Dette må gjenspeglas i kommunedelplanar, strategisk næringsplan og i kommunen sine prioriteringar jamfør haldningsskapande arbeid i kapittel 0 og punkt 2 under. 2. Næringsavdelinga til kommunen synes å ha liten kapasitet til å handtere næringsliv utover det som er knytt til primærnæringane. Kontaktforum for næringslivet skal jobbe aktivt for å få leiinga i Voss Kommune til å satse minst 1 av dei 1288 stillingane i kommunen på målretta og proaktivt arbeid for næringsutvikling på andre områder enn landbruk. Kommunen må også satse på vidareutvikling av sin næringslivskompetanse. 3. Kommunen må vurdere å oppretta ei stilling for idrettssjef i kommunen. Idrettslivet i kommunen er svært viktig med omsyn til godt oppvekstmiljø for unge samt at idrettsarrangement er eit godt middel til å utvikle og auke omsetnaden til verksemder i vossebygda. Potensialet for fleire og større arrangement er tilstades. 4. Større del av kraftfondet må gå til arbeid med nyskaping i kommunen. Næringslivet må yta press for å unngå at mesteparten av tildelingsmidlane vert låst opp i faste driftsutgifter. 5. Kommunen må klargjere aktuelle bustadområde for sal og marknadsføre dei via eiga heimeside. 6. Kommunen må leggja ein klår strategi for å verta konkurransedyktig i kampen om å få nye verksemder til å flytte til og etablere seg på Voss samt marknadsføre dette nasjonalt og regionalt: Kommunen må revurdere avgiftsnivået for nyetablerarar på Voss. Avgiftsnivået kan vera avgjerande når bedriftseigarar tek avgjerd om plassering av verksemder. Høgt avgiftsnivå kan vera kortsiktig tankegang av di ei stor verksemd vil tilføra Voss kommune mange målbare og ikkje målbare verdiar i eit lengre perspektiv. Det er også sannsynleg at eksisterande verksemder flyttar ut av kommunen med bakgrunn i høgt avgiftsnivå. Kommunen må klargjere industriareal for sal og marknadsføre dette via heimesider og i regional presse. Det bør opprettast ein link på heimesida til kommunen som gjev oversikt over tilgjengeleg areal. Kommunen må vera tydeleg ut mot potensielle nyetablerarar for å tiltrekke seg kommersielle og kapitalsterke krefter Kommunen bør utarbeide eit system for hurtig byråkrati (prioritering av saker) i samband med store verksemder som vurderer å etablere seg på Voss og nytte hurtig byråkrati som salsargument i slike saker. Det bør utviklas ei velkomstpakke til nye familiar og nye verksemder som ynskjer å flytte til Voss. Avskjedspakke ved utflytting som mellom anna ynskjer velkomen tilbake.

11 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side 9 7. Kommunen bør verta meir proaktiv og lyttande: Kommunen bør søkje dialog med eit par aktuelle verksemder for å samla innspel til korleis kommunen kan leggja betre til rette for nyetableringar og korleis unngå at større verksemder flyttar frå kommunen. Kommunen bør ta initiativ til å undersøke kva utflytta vossingar ynskjer for å flytta heim, kva type kompetanse har dei og kva ynskjer dei. Invitere hyttefolket Bavallen, Myrkdalen osb til ope møte med spørsmål om kva dei treng og saknar på Voss, positive og negative sider ved Voss, kva er forbetringspotensiale. 8. Kommune og næringsliv bør satse på mindre, effektive bustader tilrettelagt for eldre i tilknyting til Sentrum. Dette vil frigjere einebustader og småbruk som kan lokke familiar med attraktiv arbeidskraft frå byane til Voss. 9. Kommunen må ha en strategi overfor staten for å skaffe fleire statlige arbeidsplassar. 10. Høgskulenemnda må jobbe aktivt for å få fleire desentraliserte tilbod innan høgare utdanning lokalisert på Voss. T.d. Reiselivslinja kan verta desentralisert frå Sogndal. Byggje vidare på idrettslina; Ekstremsport, fjellføringskurs osb Ole Bull akademiet og lærarutdanning er gode eksempel Høgskulebygget står klart for å fyllast med aktivitet. 11. Voss kommune må overføre sitt engasjement med turistinformasjon til Destinasjon Voss. Pengane som Voss Kommune tek ut pålydande kr ,- frå Kraftfondet for å finansiere denne aktiviteten, må fylgje med på lasset. Dette vil styrkje DV si stilling og turistinformasjonen vert meir heilskapeleg ut mot tilreisande. Den totale turistinformasjonen på Voss vil med dette tiltaket kunne verta meir effektiv og profesjonell. 12. Når alle planane i Myrkdalen, Bavallen mm vert realisert vil ein få helgetrafikk tilsvarande Voss Cup kvar helg gjennom Sentrumsområdet. Likeeins vil Hardangerbrua opna eit nytt landskap av mogelegheiter og utfordringar knytt til t.d. Istadmyrane. Tunell rundt Vangen vil gje handelsstanden klåre utfordringar. Alle desse tilhøva rundt bru bom tunell må løftast opp og arbeidet med ein strategi for å utnytte og imøtekoma desse utfordringane må starta snøggast råd. 13. Vidareutvikle transporttilbodet (tog), parkeringstilbodet i sentrum, endra opningstider i sentrum og endre tidsfrist for å sleppa dobbel bompengeavgift gjennom Voss (1 time). Status er at folk får ein time på seg til å koma seg vekk frå Voss for å sleppa å betale bomavgift to gonger. Slik kan vi ikkje ha det vart det sagt. 14. Skapa parkeringsplassar i sentrum gjennom bruk av parkeringsinntekter. Ein kan til dømes byggja parkeringshus med fleire etasjar på tinghusplassen.

12 Ukast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side Andre tiltak 1. Fokusere endå meir på arrangement som middel for å utvikle vossebygda. Voss skal arrangere OL i (Tore Nyborg sin Visjon, Tore hadde eit fantastisk innlegg) 2. Dei politiske partia må verta meir medvitne på kven som vert valt inn i utval for nærings- og tiltaksarbeid. Utvalet er per i dag overrepresentert med personell frå landbrukssektoren. 3. Eiga nettside om aktivitetar på Voss. VisitVOss dagtilbod. 4. Burde kunne nytta merkenavnet til å få tak i høgt utdanna personer som advokater, revisorer og konsulenter. 5. Velvære konseptet burde vært satsa meir på. Vi har et bra merkenavn, men bak der er det lite noe innhald. 6. Betre kommunikasjon mot Bergen kan gjera det enklare å bu på Voss og studere i Bergen. 7. Negativ utvikling på ungdom på Voss, når det gjeld rus. Aukande psykiske problem på ungdom pga dette. Bør få meir fokus på denne gruppa ungdom. 8. Vurdere tiltak for å fylla tomme lokale på Vangen (Cubus huset), dette er dårlig PR for Vangen. 9. Arbeide for nytt badeanlegg. 10. Etablere eige kommunalt tomteselskap. 11. Betre skilting i sentrumsområda. 12. Tilpassa opningstider i sentrum, t.d. langope fredag i staden for torsdag. 13. Innhaldet i kinokiosken må byttes ut med eit sunnare utval varer.

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID Av Sigrun K. Ertesvåg & Svein Størksen Om Respekt Dette heftet er produsert som en del av arbeidet under Respekt programmet, som består av kurs, veiledning og

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Dette er sluttrapport etter forstudien i prosjektet Sogn LMS. Prosjektet har som føremål å greie ut, planlegge og utvikle eit lokalmedisinsk senter

Detaljer

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud Rapport nr. 52 Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar 2 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) Kvinge, L. M. Ek, C.E., Olsen Bøe, T., Kolnes, M., Hundseid, E. & Vikse, I. «Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) 1 Helsetorgmodellen rapport (2013/3)

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt Sunn Møring Nr. 6-2010 Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval sjå side 10 Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk avdeling s. 3 Lokal forankring sentralt s. 4 Felles satsing i nødetatane s. 6 LEIAR Helse

Detaljer

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Handlingsplan Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Innhaldsliste 1 INNLEIING OG SAMANDRAG 5 1.1 SORIA MORIA-ERKLÆRINGA, MÅLSETJING, FØRESETNADER OG TILTAK 5 1.2 DEFINISJON AV ENTREPRENØRSKAP

Detaljer

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no trategisk plan for edagogisk Strategisk plan bruk for av IKT pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 2010 2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no Innhaldsliste Strategisk plan for pedagogisk bruk av IKT

Detaljer

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Oversikt over interkommunalt samarbeid Oversikt over interkommunalt samarbeid Hjartdal kommune Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 727 004 2007 Innhald Samandrag...iii 1 Innleiing...1 1.1 Bakgrunn...1 1.2 Problemstillingar...1 1.3 Avgrensing...1

Detaljer

Årsmelding 2013. Lom kommune. Gjestfri og nyskapande. Årsmelding 2013. Innhaldet i årsmelding 2013:

Årsmelding 2013. Lom kommune. Gjestfri og nyskapande. Årsmelding 2013. Innhaldet i årsmelding 2013: Årsmelding Gjestfri og nyskapande Innhaldet i årsmelding : Innleiing 3 Ordføraren sine kommentarar 6 Administrasjonssjefen si vurdering 7 Politisk organisering og saker 8 Personal og organisasjon 9 Økonomisk

Detaljer

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksframlegg Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2015/26 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 06. mai 2015 Saksbehandlar: Dag Hårstad/ Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk kome hit for å snakke til dykk på denne spennande konferansen!

Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk kome hit for å snakke til dykk på denne spennande konferansen! Side 1 av 10 Arr: Vestlandsk vidsyn Dato: Voss Sted: 26.oktober Utkast pr: 14.11.2011 10:56 Kontroller mot framføring Politikk og rammevilkår for nyskaping i kommunar og lokalsamfunn Takk for at eg fekk

Detaljer

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR Den nye barnehagelærarutdanninga Mulegheiter og utfordringar Rapport frå Følgjegruppa til Kunnskapsdepartementet RAPPORT NR.1 2014 0 Forord Denne rapporten er den første

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder Et forslag til strategi Språkrådet 2005 Innhald 1 Samandrag... 3 2 Innledning... 10 3 Språk på spel i 2005... 18 4 Språk en demokratisk

Detaljer

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møtebok for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Møtedato: 12.06.2014 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Møtebok for Kommunestyret i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Morgan Taule AP Medlem Kirsti Gjetle

Detaljer

Vil ha dei unge heim att

Vil ha dei unge heim att Mobil.: 900 70 530 Tysnes_kjoel_el_service@hotmail.com PANASONIC VARMEPUMPE Nordisk modell NE9JK frå kr. 19.500,- ferdig montert Alt innen VVS, vannboren varme, varmepumper og baderom. Avd. Hatlestrand

Detaljer

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59.

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59. Jo fleire kokkar, jo betre søl Pantone Pantone Pantone medverknad i arkiv, bibliotek og museum 459 151 484 c6 m7 y55 k0 c0 m43 y87 k0 c0 m87 y83 k30 r242 g255 b140 r249 g161 b58 r179 g52 b40 Åshild Andrea

Detaljer

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor RAPPORT MEIR ENN FINE ORD - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor Rapporten er skrive av Kathrine Sund- Henriksen på oppdrag for LNU. Medforfattar er Idunn Myklebust. Design:

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Eksisterande bygning Nybygg Eksisterande bygning Purkeskinnet i Gausdal, Oppland. Stabbur og våningshus

Detaljer

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? Gro Marit Grimsrud Finn Ove Båtevik Marte Fanneløb Giskeødegård Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? 2 Møreforsking

Detaljer

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 Kommunal planstrategi 2012 2015 er ei prioritering av Volda kommune sitt planarbeid dei næraste åra. Kortversjon kommunal planstrategi for

Detaljer