Asbjørn Rydland DRAKEGUTEN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Asbjørn Rydland DRAKEGUTEN"

Transkript

1 Asbjørn Rydland DRAKEGUTEN

2 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2011 ISBN:

3 Om denne boka Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og kunne gjere som han sjølv vil. Han må velje kven han skal stole på: den krigarske læraren sin, den gode faren, det griske landsbyrådet eller den underlege stemma han høyrer i nordavinden. Kan ein velje å ta det gode sitt parti, etter å ha vore med på å lage vondskap? Dette er den første boka serien om Drakeguten.

4 Asbjørn Rydland DRAKEGUTEN

5 D ette er ei gammal verd, fødd på ny. Der magien før flaut fri som song i og mellom alt levande, drakar flaug over himmelen og gudar og demonar striddest opent, er no berre menneska att. Enno finst det spor av trolldom, i amulettar og magiske gjenstandar, på heilage og velsigna stader og i minnet til dei som opplevde Stjernefallet. Men Skaparsongen, sjølve kjelda til all magi, er her ikkje lenger. Alt blei annleis då stjerna fall og songen stilna. Ein siste flaum av trolldom skylte over verda, reiv opp byar, kongerike, skogar og fjell med rota og sette dei ned ein annan plass, som for å gi alle ein ny sjanse. Kart måtte teiknast om, gamle rike gjekk under og nye reiste seg etter katastrofen, og overalt i verda måtte menneska sjå framover og etter beste evne byggja liv og samfunn på nytt. Men ikkje alt land i denne nye verda er underlagt kongar og hærførarar. Området mellom Innhavet i aust og fjellrekkja Kastarundt i vest er dekt av mil på mil med myrer, sletter og skogkledde åsar. Det bur ikkje mykje folk der, anna enn langsmed handelsrutene, og til og med der er det langt mellom landsbyane. Likevel er det mykje trafikk, for sjølv om landet er vilt og aude og herja av krig, er det vegane her som bind dei store rika i sør og nord saman. Stiar, skogsvegar og kjerrevegar snor seg gjennom landskapet som maurstiar i ei steinrøys, og kvar vinter og vår er det ei eller anna strekkje som bryt saman av for mykje snø, frost eller regnvêr. Ingen vegar varer lenge her.

6 Ingen unntatt ein. Den mektige elva Taibar er fleire hundre mil lang og strekkjer seg frå dei isdekte fjella i nord til sjølve havet langt mot sør. Andhra Kesh heiter riket blant fjelltoppane, og hundrevis av små elver renn gjennom dalane og ned i låglandet derifrå. Dei samlar seg i Ulymar, og ei etter ei veks dei større elvene saman og flettar seg som eit band gjennom Ophrien og ut på slettelandet. Der elva renn kraftig og stor over slettene, så brei at ein ikkje eingong kan nå midtstraums med ei pil, der er landet så flatt at ho berre slynger seg bedageleg sørover. Men det varer ikkje. Mil etter mil blir straumen sterkare og striare, heilt til elva fossar utfor Kongsspranget og til slutt renn ut i det fjerne havet. Det ligg mange bygder og landsbyar langsmed den store elva, både kjente og ukjente, og dei har alle ei historie eller tre å fortelja. Kan henda er ikkje alle sogene like store og viktige, men kven kan seia kva som er viktig og ikkje? Nokre av dei er kanskje berre sladder og prat, så vidt spennande nok til å bli fortalde eit par gonger på verts huset før den neste skrøna kjem rekande og fangar merksemda til folk. Kanskje nokon tar dei fram att rundt bålet ein sommarkveld, men elles er det ingen som nemner dei lenger. Dette er ikkje ei av dei sogene. Andre blir hugsa lenge og vel. Dei blir fortalde ved peisen om kvelden, kviskra ved sengekanten frå mor til barn, og mange år etter kan folk nikka til kvarandre og

7 peika på dei historia handla om. Kanskje dei ler litt av det som skjedde den gongen, kanskje dei græt ein liten skvett for nokre soger er triste, men gode likevel men dei hugsar. Slike soger kan leva lenge, kanskje til og med som viser og kvad, men uansett kor lenge dei varer, blir dei alltid verande der dei høyrer til. Dette er ikkje ei slik soge, heller. Men nokre soger kan ikkje gløymast eller haldast fast berre på ein plass. Dei kan rett nok ta til i det små, kanskje berre med ei lita hending i ein liten landsby langsmed elva, men så veks dei seg større og større. Ingen kan vita kvar slike soger tar vegen. Dei kan leva i fleire hundre år og reisa til fjerne kystar og framande land, heilt til dei nesten ikkje liknar seg sjølv lenger. Men uansett kor langt dei drar, og kor lenge dei lever, så kjenner alle dei. Om soga om Drakeguten er ei slik historie? Vi får sjå. Ho startar iallfall smått nok.

8 1 «Kom igjen, Koll! Kva ventar du på?» «Berre hopp!» Koll gløtta over kanten og ned i vatnet. Nesten alle dei andre var allereie uti, og plaska rundt eller låg og vaka medan dei venta på han. Han skulle ha vore raskare, så hadde han sloppe at alle såg på han. Ein av dei andre gutane Seir, son til smeden slo handa hardt i vassflata så spruten stod opp over beina til Koll. Han skvatt bakover, og kjente han raudna då Seir tok til å le. «Kom igjen, Koll! Du er ikkje redd, vel?» Koll trekte pusten djupt og knytte nevane medan han prøvde å roa seg ned. «Koll har vasskrekk!» ropte ein av dei andre gutane, og resten følgde på. Først eit par stemmer, så fleire og fleire som erta og song. «Koll ha-ar vasskrekk! Koll ha-ar vasskrekk!» «Det har eg ikkje!» ropte han tilbake, men han visste at dei ikkje trudde han. Det var alltid slik. Kvar gong barna og ungdommane i landsbyen Kervad samla seg ved elvebreidda for å symja og slappa av, var det alltid ein eller annan som syntest det var moro å plaga Koll. Som regel var det Seir, og det var aller verst når alle dei andre hoppa eller stupte uti og Koll blei ståande att åleine som ein feiging. Restane av ei gammal bru stakk ut over elva, og det

9 var den dei brukte til å hoppa frå. Koll stod på kanten og kikka ned på vatnet. Det var ikkje meir enn ein meter eller to ned til vassflata, men det var endå dobbelt så langt ned til botnen. Tanken på å hoppa uti og bli dratt ned under den mørke overflata skremte han meir enn noko anna. Det kjentest alltid som vatnet ville halda han fast der nede og pressa seg inn i munn og nase til han blei kvelt og døydde. Der nede greidde han aldri å halda styr på kva som var opp og ned eingong. Det kunne henda han kom til å kava seg djupare og djupare ned, til og med! Til slutt beit han tennene saman og gjekk sakte bakover for å ta fart. Han stoppa opp og målte avstanden, lente seg litt framover på den eine foten og lét det stå til. Etter to steg tok han til å springa. På det fjerde kneip han att auga, og på det femte hoppa han. Armane veiva vilt i det han fór gjennom lufta, før han brått trefte vassflata med eit kjempeplask. Støyten dreiv nesten lufta or han, og han slo ut med armane for ikkje å søkka. Med samanbiten munn og auga klemte hardt igjen kava han seg opp til overflata og heiv etter pusten, sjeleglad for å kjenna luft i lungene. Før Koll fekk sett seg rundt, kom Seir opp bak han, låste armane hans fast og drog han med under igjen. Seir var både mykje sterkare og eit par år eldre enn han, og uansett kor mykje Koll sparka og vrei seg, greidde han ikkje å bryta grepet. Det tok til å svi i brystet, det svartna for auga hans, og han kjente at han snart var tom for luft. Han kasta seg frå side til side i eit desperat forsøk på å riva seg laus,

10 men Seir heldt han like fast, og Koll skjønte brått at han kanskje aldri ville koma opp igjen. Han trong luft, men visste at viss han trekte pusten no, ville han døy. Hjartet hamra i brystet hans, og han sprella vilt i armane til den eldre guten. Utan å tenkja dreiv han hovudet hardt bakover og kjente at han trefte noko. Seir skreik til bak han og sleppte taket. Koll slo ut med armane igjen, sparka ifrå med eine foten mot beinet til Seir og pressa seg oppover. Lungene hans kjentest som dei heldt på å sprengast, men i det han kom opp til overflata igjen, greidde han å ta eit par symjetak så han kom seg vekk frå dei andre og fekk tid til å trekkja pusten. Han var litt nærare land no og kunne så vidt setja foten på ein stein på botnen. Seir kom opp rett etter han. Han heldt seg for nasen, men alle kunne sjå blodet som rann nedover halsen og hendene hans. Han sette auga i Koll og trødde vatnet. «Det skal du få svi for, Koll!» «Sånt skjer når du prøver å ta livet av folk, din tosk!» «Eg har ikkje prøvd enno» svarte Seir truande. Ein av dei andre gutane flaut inn mellom dei to og prøvde å roa dei ned. Dunal var son til møllaren, og sjølv om han som regel var på Seir si side viss noko skulle skje, prøvde han iallfall å halda fred så ofte det var muleg. «Seir, Koll slapp av! Vi har det jo berre litt gøy.» «Sei det til Koll,» svarte Seir. «Det er han som vil slåst, sjølv om han veit han får juling.» «Det er ikkje eg som blør.» Koll var sint no. Han visste at Seir hadde rett, at han ikkje hadde ein sjanse mot han i

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9310-7 Om denne boka Kjærasten til Reiner døyr og han sørgjer slik over henne at

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Asbjørn Rydland. Oslo

Asbjørn Rydland. Oslo Asbjørn Rydland MØRKEMANAREN Oslo Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8439-6 2. utgåva Om denne boka Koll er tilbake i Kervad

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8760-1 Om denne boka Dagny har blitt storesøster,

Detaljer

Små og store system. Torstein Helleve

Små og store system. Torstein Helleve Små og store system Torstein Helleve Innhald Hjulet...4 Hjulet som system...6 Sparkesykkelen som system...8 Systemet deg...10 Systemet «du-og-sparkesykkelen»...12 Systemet du bur i...14 Endå større system...16

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme Den største kjempa Ut over fjorden, ut mot havet der vest stima ei skute langs ein vestlandsfjord rak i ryggen, med eit fast grep om roret sette ei kjempe sjøbein der om bord Der stormar kasta saltråka

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Honningguidens hemn Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Dette er historia om Ngede, honningguiden, og ein grådig ung mann ved namn Gingile. Ein

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8757-1 2. utgåva Om denne boka Motorsykkelmysteriet er

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman Magnhild Bruheim Hyttemysteriet Stian og Stine Roman Oslo 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Førtrykk: Samlaget Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Magnus Osnes Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8839-4 Fire av dikta i denne boka var representert i Galleri Volt,

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden as ISBN 978-82-8238-166-6 (epub) ISBN 978-82-8238-160-4 (trykk) www.mangschou.no Bente

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

1982 Det Norske Samlaget  Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 1982 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 978-82-521-7686-5 Om denne boka Du som er slik ein språkekspert, sa eg. Det er noko eg har lurt på.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2016 ISBN 978-82-521-8946-9 «Fager

Detaljer

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt Preike Molde Domkirke 11.10.2015 20.s i treeiningstida Dei harde hjarta Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt Slik startar ein av Kari Bremnes sine songar. Songen heiter «Nord i landet»,

Detaljer

Therese Tungen Ein gong var dei ulvar. Noveller

Therese Tungen Ein gong var dei ulvar. Noveller Therese Tungen Ein gong var dei ulvar Noveller Om forfatteren: Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør, og har vore litteraturmeldar og

Detaljer

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag Saman Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp Høggravide Siti Abbas og resten av storfamilien måtte flykte til Sinjar-fjellet. Der vart dei innhenta av IS

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Utgangspunkt 1 Ein roman er ei lang forteljing som er ofte delt inn i kapittel. Den kan ha fleire handlingar og hovudpersonar. Hilde Hagerup har skreve tre bøker

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman Lars Ove Seljestad Isberg Roman 2012 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilrettelagt for ebok av Type-it AS, Trondheim 2012 ISBN 978-82-03-35312-3 Bibliotekutgave - kun til utlån gjennom

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Sigmund Løvåsen. Nyryddinga. Roman

Sigmund Løvåsen. Nyryddinga. Roman Sigmund Løvåsen Nyryddinga Roman 2003 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8216-3 Om denne boka Ti år gamle Geir bur på eit småbruk

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING Sjutoppsturen FAKTA Startpunkt: Rosenlund Trimpoeng: 4 + 3 + 10 + 3 + 5 = 25 Målstad: Rosenlund Høgdeendring totalt: + 1007 m, - 1007 m Trimpostar på turen: Kletten, Kulen, Total løypelengd: 15 km Rinden,

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Marius Renberg. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Marius Renberg. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Marius Renberg Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8759-5 Om denne boka Fredlaus er siste band i knallsterk og prislønt

Detaljer

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset Omsett av Bodvin Rovde 2012 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilrettelagt for ebok av Type-it AS, Trondheim 2012 ISBN 978-82-03-35198-3 Bibliotekutgave

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Preike Molde Domkirke 4. s i advent 2015 Josef Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Denne søndagen har nettopp vore Maria sin søndag. Vi brukar å høyre

Detaljer

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 KAPITTEL 15 NOREG 1 TANKEKART Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 2 KVA BETYR ORDA? Langstrekt Arktis Antarktis Midnattssol Vêrmelding Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo Magnhild Bruheim Det som er sant Roman Oslo 2013 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8397-9 Om denne boka DET SOM ER SANT Solveig

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22 Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22 Bakgrunn I dåpen vert ein, ved vatn og Den Heilage Ande fullt og heilt innlemma i kyrkja samfunnet av dei heilage. Sjølve ritualet dreg både fortid

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Arnfinn Kolerud Snillionen

Arnfinn Kolerud Snillionen Arnfinn Kolerud Snillionen Ein heilt vanleg kveld vinn Frank og Mor i Lotto. Dei sit i kvar sin ende av sofaen. På tv er det ei fin dame i fin kjole som smiler heile tida, sikkert fordi ho veit at ho er

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Maria Parr. Keeperen og havet

Maria Parr. Keeperen og havet Maria Parr Keeperen og havet Samlaget Oslo 2017 Del 1 Sommar og saltvatn Molohoppet Ytterdøra vår small så det rista i heile huset, og så følgde eit frykteleg brak og roping. Søren salte! Eg kom meg fortumla

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

MI BRILJANTE VENNINNE

MI BRILJANTE VENNINNE Elena Ferrante MI BRILJANTE VENNINNE Bok I Barndom, tidleg ungdom Roman Frå italiensk ved Kristin Sørsdal Samlaget Oslo 2015 Originaltittel: L amica geniale Edizioni E/O, Roma 2011 Norsk utgåve: Det Norske

Detaljer

Lars Amund Vaage SYNGJA. Roman FORLAGET OKTOBER 2012

Lars Amund Vaage SYNGJA. Roman FORLAGET OKTOBER 2012 Lars Amund Vaage SYNGJA Roman FORLAGET OKTOBER 2012 1 Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Egil Haraldsen og. Ellen Lindeberg exil design

Det Norske Samlaget Omslag: Egil Haraldsen og. Ellen Lindeberg exil design Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg exil design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8733-5 I novella «Att döda ett barn,

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Lars Amund Vaage. Den vesle pianisten. Noveller FORLAGET OKTOBER 20I7

Lars Amund Vaage. Den vesle pianisten. Noveller FORLAGET OKTOBER 20I7 Lars Amund Vaage Den vesle pianisten Noveller FORLAGET OKTOBER 20I7 LARS AMUND VAAGE Den vesle pianisten Bokomslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg I EXIL DESIGN av Mona Persdatter Bekkevad Tilrettelagt

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Kom ikkje inn i mitt hus

Kom ikkje inn i mitt hus Arnfinn Kolerud Kom ikkje inn i mitt hus Roman 2012 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8157-9 Om denne boka Berre ein siste, liten

Detaljer

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Magozwe Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no. Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8407-5

Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no. Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8407-5 Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Tove Laila Nilsen Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8407-5 2. utgåva Om denne boka Sikkimsdalen i Himalaya. NATO

Detaljer

Sivert N. Nesbø. Som eit barn

Sivert N. Nesbø. Som eit barn Sivert N. Nesbø Som eit barn Til Ida Det blir kveld, og himmelen har letna. Eg går ut i den klåre angen og ser vatnet mørkne mot himmelen medan ei stille legg seg over oss. Du står på tunet når eg kjem,

Detaljer