Restriksjonar mot bruk av tobakk for tilsette og folkevalde i Sogn og Fjordane fylkeskommune
|
|
- Camilla Rønning
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Svein Hågård, Fylkesrådmannen Sak nr.: 14/ Restriksjonar mot bruk av tobakk for tilsette og folkevalde i Sogn og Fjordane fylkeskommune Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune innfører forbod mot røyking på fylkeskommunal grunn og i fylkeskommunale tenestebilar. Fylkesvegar vert ikkje omfatta. 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune innfører røykfri arbeidstid for alle tilsette i arbeidstida. Dette gjeld ikkje når dei tilsette oppheld seg i ein privat sfære. 3. Dei folkevalde i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vere røykfrie i samband med utføringa av vervet som folkevald. Dette gjeld ikkje når dei folkevalde oppheld seg i ein privat sfære medan dei utfører vervet. 4. Sogn og Fjordane fylkeskommune innfører snusfri arbeidstid for tilsette som har kontakt med born og unge, pasientar eller publikum. Dette gjeld ikkje når dei tilsette ikkje har slik kontakt. 5. Sogn og Fjordane fylkeskommune innfører forbod mot tobakkssurrogat og tobakksimitasjonar som ikkje er godkjende av helsestyresmaktene. Dette gjeld i skuletida for elevar og studentar og i arbeidstida for tilsette som har kontakt med born og unge. Forbodet gjeld ikkje for dei tilsette når dei ikkje har slik kontakt. 6. Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr tobakkavvenjingskurs til tilsette og folkevalde. 7. Fylkestinget ber fylkesrådmannen gi hovudsamarbeidsutvalet og dei lokale arbeidsmiljøutvala i oppdrag å følgje opp korleis regelverket vert handheva. 8. Vedtaket i denne saka har verknad frå 1. april 2015, med unntak av pkt 6, som har verknad frå 1. januar Vedlegg: Saksutgreiinga til hovudsamarbeidsutvalet Fråsegn frå hovudsamarbeidsutvalet Notat frå fylkesrådmannen til møte i fylkesutvalet
2 Side 2 av 6 SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag Som varsla i notat til møtet i fylkesutvalet , gjer fylkesrådmannen no framlegg om at fylkeskommunen innfører restriksjonar på bruk av tobakk for tilsette og folkevalde i fylkeskommunen, utover det som følgjer av reglane i tobakkskadelova. Bakgrunnen for framlegget er endringane i tobakkskadelova som vart iverksette 1. juli i år, samanhalde med fylkeskommunen si rolle som pådrivar i folkehelsearbeidet. Omgrepet «tobakk» omfattar både røyk og snus. Det generelle synet i dag er at bruk av snus er mindre helseskadeleg enn røyk, både for brukaren sjølv og for personar som oppheld seg rundt brukaren. Fylkeskommunen sitt høve til å regulere dei tilsette sin snusbruk er difor ikkje like vidtgåande som for røyking. Dette kjem til uttrykk i fylkesrådmannen sitt framlegg til vedtak, som går ut på følgjande: totalforbod mot røyking på fylkeskommunal grunn, inkludert tenestebilar røykfri arbeidstid, med visse avgrensingar, for alle tilsette i fylkeskommunen dei folkevalde skal vere røykfrie, med visse avgrensingar, i samband med utføringa av vervet som folkevald snusfri arbeidstid, med visse avgrensingar, for tilsette i fylkeskommunen som har kontakt med born og unge, pasientar og publikum forbod mot tobakkssurrogat og tobakksimitasjonar som ikkje er godkjende av helsestyresmaktene. Forbodet gjeld i skuletida for elevar og studentar og i arbeidstida, med visse avgrensingar, for tilsette som har kontakt med born og unge. tilbod om tobakkavvenjingskurs til både tilsette og folkevalde hovudsamarbeidsutvalet og dei lokale arbeidsmiljøutvala får i oppdrag å følgje opp korleis regelverket vert handheva. Heimelen det rettslege grunnlaget for dei føreslegne restriksjonane er delvis arbeidsgivar sin ulovfesta styringsrett over dei tilsette, delvis fylkeskommunen sin råderett over eigen fast eigedom og delvis dei folkevalde sitt høve til å regulere eiga åtferd medan dei utøver vervet som folkevalde. 2. Bakgrunn for saka Tobakkskadelova vart endra med verknad frå Alle elevar i grunnskulane og i dei vidaregåande skulane har no rett til eit tobakksfritt miljø på skulen. Elevane har såleis ikkje høve til å røyke eller snuse i skuletida. Tobakksforbodet gjeld også utanfor skulen sitt område. I tillegg til totalforbod for elevane i skuletida gjeld det no eit generelt tobakksforbod på skulen sitt inne- og uteområde. Dette forbodet omfattar alle, også tilsette og besøkjande, heile døgeret. I praksis inneber dette at dei tilsette ved dei nemnde skulane - i motsetnad til elevane i dag har lov til å bruke tobakk i skuletida dersom dei bevegar seg utanfor skuleområdet. Fagskulen i Sogn og Fjordane er ikkje ein vidaregåande skule og vert såleis ikkje omfatta av endringane i tobakkskadelova. Styret for Fagskulen har i sak 17/14 difor revidert reglementet for skulen, slik at ingen lenger har lov til å bruke tobakk på skulen sitt område. Dette inneber at både studentane og dei tilsette har høve til å nytte tobakk utanfor skuleområdet, også i skuletida. Også andre tilsette i fylkeskommunen har høve til å bruke tobakk i arbeidstida på særskild bestemde plassar. Heller ikkje for dei folkevalde gjeld det i dag særskilde restriksjonar på tobakksbruken.
3 Side 3 av 6 I Prop. 55 L ( ), «Endringer i tobakksskadeloven», kap om innføring av tobakksfrie skular, har Helse- og omsorgsdepartementet understreka «at arbeidsgiver med enkelte begrensninger står fritt til å pålegge ansatte ved skoler å avstå fra all bruk av tobakk, også snus, i arbeidstiden, da disse ansatte har et særskilt ansvar som rollemodeller». Fylkesrådmannen ønskjer at fylkeskommunen ikkje skal nøye seg med å innføre ytterlegare restriksjonar berre for dei skuletilsette. Eg gjer framlegg om at fylkeskommunen innfører restriksjonar på bruk av tobakk for alle tilsette og folkevalde. Det er uheldig at det i dag gjeld sterke restriksjonar på tobakksbruk for elevane ved dei vidaregåande skulane, medan det gjeld meir lempelege reglar for dei tilsette ved skulane og at det langt på veg er «fritt fram» for andre tilsette og dei folkevalde. Det vil dessutan vere i tråd med fylkeskommunen si rolle i folkehelsearbeidet å innføre sterkare restriksjonar på høvet til å nytte tobakk i arbeidstida enn det som følgjer av tobakkskadelova. Ved utforminga av framlegget til vedtak, har fylkesrådmannen sett hen til vedtaket til fylkestinget i Nordland fylkeskommune i sak om «tobakksfri arbeids- og skoletid ved alle fylkeskommunale virksomheter i Nordland». Vedtaket vart brakt inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til lovlegkontroll. Departementet fann vedtaket lovleg i avgjerd dagsett Fylkesrådmannen si saksutgreiing og framlegg til vedtak har vore sendt til uttale til dei lokale arbeidsmiljøutvala i fylkeskommunen og hovudsamarbeidsutvalet (HSU). Saksutgreiinga frå fylkesrådmannen til HSU, der fråsegnene frå dei lokale arbeidsmiljøutvala framgår, og fråsegna frå HSU, vert lagt ved saksutgreiinga. Fylkesrådmannen har endra tilrådinga til vedtak i tråd med uttalen frå HSU, jf. framlegg til vedtak pkt. 7 og Vurderingar og konsekvensar 3.1 Vurderingar Med verknad frå 1. juli 2013 vart føremålsføresegna i tobakkskadelova endra til å innehalde ein visjon om eit tobakksfritt samfunn på sikt. I Prop. 55 L ( ), «Endringer i tobakksskadeloven», pkt , gjorde Helse- og omsorgsdepartementet i samband med dette følgjande vurdering: «Tobakksprodukter er svært helseskadelige og ville ha blitt forbudt dersom de hadde blitt lansert for første gang i dag. Av historiske grunner er tobakkssalg imidlertid tillatt over hele verden, og av praktiske årsaker er det ikke aktuelt å forby tobakkssalg i Norge i den nærmeste framtid. Norske myndigheter tilstreber likevel å begrense salget og redusere forbruket av tobakksvarer i størst mulig grad, og har et langsiktig mål om et tobakksfritt samfunn.» Fylkeskommunen ønskjer å vere ein helsefremjande arbeidsplass og skal dessutan vere pådrivarar i folkehelsearbeidet i fylket, jf. folkehelselova 20. Arbeidet kan skje gjennom både planlegging og eigne tiltak. Innføring av restriksjonar på tobakksbruk for eigne tilsette og folkevalde, utover det som følgjer av tobakkskadelova, er eit framifrå eige tiltak i folkehelsearbeidet og vil vere ei flott oppfølging av den nye visjonen om eit tobakksfritt norsk samfunn. Vaksne er som kjend rollemodellar for born og unge. Restriksjonane vil såleis ikkje berre kunne bidra til at det vert færre vaksne tobakksbrukarar, men også til at færre unge vert rekrutterte som brukarar av tobakk. Det er vidare eit moment at det vert fleire og fleire røyk- og tobakksfrie arenaer i samfunnet. Nordland fylkeskommune har alt gjort vedtak om tobakksfri arbeidstid som liknar mykje på framlegget fylkesrådmannen kjem med i denne saka. Jernbaneverket har nyleg innført forbod mot røyking på alle etaten sine stasjonar og plattformer. Framlegget fylkesrådmannen kjem med i denne saka er såleis også ei oppfølging av at haldningane i samfunnet til tobakksbruk har endra seg vesentleg på kort tid. Fylkesrådmannen går i det følgjande gjennom punkt for punkt av framlegget til vedtak.
4 Side 4 av 6 1. Totalforbod mot røyking på fylkeskommunal grunn og i fylkeskommunale tenestebilar a) Heimel: Det rettslege grunnlaget for forbodet er fylkeskommunen sin råderett over eigen eigedom. KMD har ved lovlegkontrollen av , jf. over, funne forbodet lovleg. b) Vurdering: For å ivareta tilsette, folkevalde og besøkjande sin rett til å opphalde seg i eit røykfritt miljø som fullt ut vernar mot passiv røyking, gjer fylkesrådmannen framlegg om totalforbod mot røyking i fylkeskommunale bygningar og tomtegrunn i tilknyting til desse bygningane. Fylkeskommunen sine tenestebilar vert også omfatta av forbodet. Fylkesvegar vert derimot ikkje omfatta av framlegget. Fylkesrådmannen bør etter ei konkret vurdering dessutan kunne gjere unntak frå røykeforbodet for eigedomar som fylkeskommunen festar bort eller leiger ut. Eg presiserer at det alt gjeld totalforbod mot tobakk (snus og røyk) på dei vidaregåande skulane sine inne- og uteområde. Det same gjeld på Fagskulen sine inne- og uteområde. Å innføre eit generelt tobakkforbod, dvs. også snusforbod, på all fylkeskommunal grunn, vil vere eit for sterkt inngrep i den private sfæra til dei tilsette, folkevalde og besøkjande og vil difor vere ulovleg. Dette vert omtala nærmare under vurderinga av punkt 4 i framlegget til vedtak. Etter tobakkskadelova 25 andre ledd, bokstav a), kan det tillatast røyking på enkeltrom på institusjonar, t.d. internat, der det hovudsakleg bur personar over 18 år. I Sogn og Fjordane fylkeskommune gjeld dette for tida Sogn Jord- og Hagebruksskule i. Fylkesrådmannen tek ikkje med dette framlegget sikte på å gjere innskrenkingar i den lovfesta heimelen til å etablere røykerom på fylkeskommunale internat. 2. Røykfri arbeidstid for alle tilsette i fylkeskommunen. Påbodet gjeld ikkje når dei tilsette oppheld seg i ein privat sfære. a) Heimel: Det rettslege grunnlaget for påbodet er arbeidsgivar sin styringsrett. KMD har ved lovlegkontrollen av funne påbodet lovleg. b) Vurdering: Med bakgrunn i omsynet til brukarane av tenestene våre, arbeidsmiljøet, dei tilsette sin funksjon som rollemodellar, og produktiviteten og helsa til dei tilsette, vil fylkeskommunen som arbeidsgivar ha høve til å regulere dei tilsette si røykeåtferd i arbeidsforholdet. For å ivareta desse omsyna, føreslår fylkesrådmannen at fylkeskommunen, med visse avgrensingar, innfører røykfri arbeidstid for alle tilsette. Dette inneber at dei tilsette ved skulane ikkje lenger vil ha høve til å gå utanfor skulen sitt område for å røyke i arbeidstida. Når det gjeld «andre tilsette», medfører framlegget at dei ikkje vil ha høve til å gå utanfor den fylkeskommunale eigedomen, t.d. Fylkeshuset, eller utanfor leigebygget, t.d. Storehagen, for å ta seg ein røyk i arbeidstida. Det må gjerast ei avgrensing mot situasjonar der dei tilsette i arbeidstida oppheld seg i ein privat sfære. Det vil vere misbruk av styringsretten, og truleg også i strid med EMK ii artikkel 8 om at einkvar har rett til respekt for privatlivet sitt, å innføre røykeforbod for tilsette medan dei oppheld seg i privatsfæra. Dei tre truleg viktigaste «private sfærene» i vår samanheng er heimekontor, opphald i eigen bil og tenestereiser. i Fylkesrådmannen har fått opplyst at det på internatet på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo, hovudsakleg bur ungdom under 18 år. ii Den europeiske menneskerettskonvesjon
5 Side 5 av 6 3. Dei folkevalde skal vere røykfrie i samband med utføringa av vervet som folkevald. Påbodet gjeld ikkje når dei folkevalde oppheld seg i ein privat sfære. a) Heimel: Det rettslege grunnlaget for påbodet er dei folkevalde sitt høve til å regulere eiga åtferd medan dei utøver vervet som folkevald. Nordland fylkeskommune har ikkje innført eit tilsvarande påbod. KMD vurderte såleis ikkje dette ved lovlegkontrollen b) Vurdering: Dei folkevalde bør gå føre som gode føredøme og halde seg røykfrie i samband med utføringa av vervet som folkevalde. Det vil gi ein dårleg signaleffekt om dei folkevalde, i motsetnad til dei tilsette, skal kunne røyke i t.d. ein pause i eit møte i eit folkevald organ. På lik line med dei tilsette, bør dei folkevalde få høve til å røyke dersom dei oppheld seg i ein privat sfære, sjølv om dei samstundes utøver vervet som folkevald, jf. over i pkt. 2 om dette. Etter framlegget frå fylkesrådmannen vil ein folkevald såleis framleis kunne røyke medan vedkomande førebur seg til eit politisk møte i sin eigen heim, eller er på veg til eit politisk møte i eigen bil. Det same gjeld når den folkevalde er på tenestereise. Omgrepet «folkevald» omfattar i denne samanheng ikkje berre dei som er direkte valde som folkevalde ved fylkestingsvalet, men også alle som er indirekte valde til fylkeskommunale folkevalde organ. Døme på «indirekte folkevalde» er dei av medlemene i fylkesrådet for eldre og fylkesrådet for funksjonshemma som ikkje også er medlemer av fylkestinget. 4. Snusfri arbeidstid for tilsette som har kontakt med born og unge, pasientar eller publikum. Dette gjeld ikkje når dei tilsette ikkje har slik kontakt. a) Heimel: Det rettslege grunnlaget for forbodet er arbeidsgivar sin styringsrett. KMD har ved lovlegkontrollen av funne forbodet lovleg. b) Vurdering: Snusbruk inneber ikkje noko «produksjonstap» for den tilsette, slik røykepauser gjer. Bruk av snus medfører dessutan ikkje ei helsebelastning for personar som oppheld seg i nærleiken av brukaren, i motsetnad til kva som er tilfellet ved passiv røyking. Handlingsrommet for arbeidsgivar til å regulere snusbruken til dei tilsette vil difor ikkje vere like stort som for røyking. Tilsette som har kontakt med born og unge bør som rollemodellar ikkje nytte snus i arbeidstida. Dette gjeld t.d. tilsette ved skulane iii og PPT-kontora. Heller ikkje tilsette som har kontakt med publikum eller pasientar, t.d. dei tilsette i tannhelsetenesta, bør av omsyn til publikum og pasientane ha høve til å snuse i arbeidstida. Unntak frå forbodet må gjelde når dei tilsette dette gjeld, ikkje har kontakt med born, unge, pasientar eller publikum. Dette vil kunne vere tilfellet når den tilsette t.d. jobbar på eige kontor iv, på heimekontor, oppheld seg i eigen bil eller er på tenestereise. Det vil truleg vere misbruk av styringsretten og kome i konflikt med EMK artikkel 8, og retten til respekt for privatlivet, dersom dei tilsette heller ikkje i desse situasjonane skal kunne nytte snus. Fylkesrådmannen presiserer at det sjølvsagt heller ikkje vil vere høve til å forby snusbruk i arbeidstida for tilsette som ikkje i det heile har kontakt med born, unge, pasientar eller publikum. iii Tilsette ved skulane kan i dag nytte snus i arbeidstida utanfor skulen sitt område. iv Dersom kontoret er på området til ein vidaregåande skule, er det likevel ikkje høve til å snuse.
6 Side 6 av 6 5. Forbod mot tobakkssurrogat og tobakksimitasjonar som ikkje er godkjende av helsestyresmaktene. Dette gjeld i skuletida for elevar og studentar og i arbeidstida for tilsette som har kontakt med born og unge. Forbodet gjeld ikkje for dei tilsette når dei ikkje har slik kontakt. a) Heimel: Det rettslege grunnlaget for forbodet er arbeidsgivar sin styringsrett. KMD har ved lovlegkontrollen av funne forbodet lovleg. b) Forklaring: Tobakkssurrogat er produkt som etter bruksmåten tilsvarar tobakksvarer, men som ikkje inneheld tobakk. Døme på slike produkt er urtesnus, urtesigaretter og elektroniske sigaretter. Tobakksimitasjonar er produkt som er utforma slik at dei har nær likskap med tobakksvarer eller røykeutstyr, men som ikkje inneheld tobakk eller surrogat for tobakk. Døme på tobakksimitasjonar er sjokoladesigarar, lakrispiper og leikesigaretter. c) Vurdering: Tobakkssurrogat og tobakksimitasjonar liknar av utsjånad mykje på eigentlege tobakksprodukt. Det vil difor by på store praktiske utfordringar å tillate elevar og studentar over 18 år v å nytte tobakkssurrogat og tobakksimitasjonar, medan bruk av røyk og snus altså er forbode. Den normdannande og normaliserande effekten slike produkt kan ha for ordinær tobakksbruk, talar også for at fylkeskommunen ikkje bør tillate elevar og studentar å nytte produkta i skuletida. Tilsette som har kontakt med born og unge har ansvar som rollemodellar og bør difor ikkje bruke tobakkssurrogat og tobakksimitasjonar i arbeidstida. Unntak frå forbodet må gjelde i situasjonar der dei tilsette ikkje har kontakt med born og unge, jf. over i pkt. 4 om dette. Forbodet - for både elevar, studentar og tilsette - bør ikkje gjelde statleg godkjende nikotinerstatningsprodukt (NEP). Dette er hjelpemiddel som lindrar nikotinabstinens, som t.d. nikotinplaster, nikotintyggegummi, inhalatorar og medikament på resept (Champix og Zyban). 3.2 Konsekvensar Innføring av slike restriksjonar på bruk av tobakk som fylkesrådmannen gjer framlegg om, vil medføre ressursbruk til informasjonsarbeid til tilsette i fylkeskommunen, elevar og studentar ved skulane, samt dei indirekte folkevalde. I tillegg kjem kostnader til skilting om røykeforbod på fylkeskommunale eigedomar, der det ikkje alt eksisterer skilt med dekkjande innhald. Fylkesrådmannen tek gjennom leverandøren vår av bedriftshelsetenester, for tida Stamina Helse, alt frå januar 2015 sikte på å kunne kunne tilby tobakkavvenjingskurs til tilsette og folkevalde som ønskjer hjelp til å slutte og røyke og/eller snuse. Kursa skal kunne fullførast i første kvartal. Dei delane av vedtaket som dreiar seg om restriksjonar på tobakksbruk, føreslår eg difor vert iverksett 1. april Fylkesrådmannen legg ikkje opp til på førehand bestemde sanksjonar mot tilsette som eventuelt bryt regelverket. Eg forventar at alle tilsette og folkevalde lojalt følgjer det regelverket som fylkestinget fastset. Eg gjer likevel framlegg om at HSU og dei lokale arbeidsmiljøutvala får i oppdrag å følgje opp korleis regelverket vert handheva. 4. Konklusjon Av grunnar som er gått gjennom over, ønskjer fylkesrådmannen at fylkeskommunen innfører restriksjonar på tobakksbruk, særskilt røyking, for tilsette og folkevalde, utover det som følgjer av tobakkskadelova. Eg gjer framlegg om så sterke restriksjonar som det truleg er høve til, utan at vedtaket vil måtte sjåast på som usakleg utøving av arbeidsgivar sin styringsrett eller kome i konflikt med EMK artikkel 8 om at einkvar har rett til respekt for privatlivet sitt. v Det er 18-årsgrense for kjøp av desse produkta.
Restriksjonar mot bruk av tobakk for tilsette og folkevalde i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Svein Hågård, Fylkesrådmannen Sak nr.: 14/3506-8 Restriksjonar mot bruk av tobakk for tilsette og folkevalde i Sogn og Fjordane fylkeskommune ::: Sett inn innstillingen
DetaljerForslag til regelverk kring røyking i og rundt komunale bygg i arbeidstia
Bø kommune Administrativt vedtak SAKSGANG Styre/råd/utval Møtedato Sak nr Saksbeh. Arbeidsmiljøutvalet 18.10.2012 033/12 SILA Personalutvalet 18.03.2013 004/13 HB Kommunestyret 22.04.2013 018/13 HB Saksansvarleg:
DetaljerReglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg
Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg,
DetaljerMERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE
MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE Justert som følgje av vedtak i fylkestinget i sak T-88/02 og T-8/03. INNLEIING Etter vedtak i fylkestinget i sak T-38/90 har fylkeskommunen
DetaljerORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL
ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL Forskrift fastsett med heimel i opplæringslova (Oppl) av 17.07.98 nr 61, 2-9 og 3-7. DEL A FORMÅL 1 Alle elevar har
DetaljerHøyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10160-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 11.02.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Høyring Forslag
DetaljerDet er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.
Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon55 23 99 42 Telefaks55 23 99 49 Voss 10. juni 2008 Hordaland fylkesting sitt møte på Voss 10. juni 2008: Byggjer
DetaljerOPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte
DetaljerArk.: Lnr.: 6771/13 Arkivsaksnr.: 13/1131-1
Ark.: Lnr.: 6771/13 Arkivsaksnr.: 13/1131-1 Saksbehandler: Rannveig Mogren RØYKFRI ARBEIDSTID I GAUSDAL KOMMUNE Vedlegg: Ingen SAMMENDRAG: Arbeidstakerorganisasjonene og rådmannen er enige om å innføre
DetaljerRettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
DetaljerLokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Vedlegg 1 Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune Heimel: Fastsett av fylkestinget 14.10.2014, med heimel i forskrift til opplæringslova
DetaljerOverdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS
Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget
DetaljerKommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.
Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune. Forskriftene regulerer: 1. Omfanget av grunnskuleopplæringa. 2. Målformer i grunnskulen. 3. Ordensreglement. 4. Skulen (krinsgrenser). 1 Punkt
DetaljerSkuleskyss båt/buss Atløy - Dale
Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale Side 1 av 5 Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding til vedtak: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet
DetaljerHøyringsuttale - Forslag til endringar i fagskulelova og studiekvalitetsforskrifta
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/8234-2 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 10.11.2015 Fylkesutvalet 18.11.2015 Høyringsuttale
DetaljerPostadresse Telefon Telefaks Postboks 133, Sentrum 74 39 33 00 74 39 00 70 7901 RØRVIK E-post: vikna@vikna.kommune.no SAKSFRAMLEGG
VIKNA KOMMUNE Postadresse Telefon Telefaks Postboks 133, Sentrum 74 39 33 00 74 39 00 70 7901 RØRVIK E-post: vikna@vikna.kommune.no Saksnr.: 08/474 Arkiv: 030 SAKSFRAMLEGG Dato: 18.11.2011 Saksbehandler/Tlf:
DetaljerINTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011
DetaljerSaksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.
Høyanger kommune Politisk sekretariat Det Kongelige Kulturdepartementet Postboks 8030 Dep 0030 OSLO Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF 19.06.2012 Høyringsframlegg - endring
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Førde kommune
TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemyndigheit Førde kommune 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Førde kommune... 4 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit...
DetaljerSkulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule
1 Skulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule Fastsett med heimel i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa av 17. juli 1998 nr. 61 3-7 og 9A-10, forskrift til opplæringslova av 23. juni
DetaljerENDRINGAR I DELEGASJONSREGLEMENTET FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 200707729-12 Arkivnr. 015 Saksh. Heggøy, Brit Mari Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 28.05.2009 09.06.2009-10.06.2009 ENDRINGAR I DELEGASJONSREGLEMENTET
DetaljerRETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ
RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 1.2.2012. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.
DetaljerFramlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet
Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: 3 Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet Fylkesrådmannen rår Vestlandsrådet til å gjere slikt vedtak: 1. Vestlandsrådet går inn for
DetaljerSaksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.
Saksprotokoll Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : 29.08.2007 Sak nr.: 07/3032-3 Internt 1.nr. 16625/07 Sak: 39/07 Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale Behandling: Dette gir følgjande endeleg
DetaljerEndringar i «Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2017/1229-1 Saksbehandlar: Sigrid H Aardal Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 22.02.2017 Fylkestinget 07.03.2017 Endringar i «Reglement
DetaljerTilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
DetaljerFORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE
FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE Ordensreglementet er heimla i Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) 9A-10 og 9A-11. 1 Føremål Ordensreglementet
DetaljerHøyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder
Vår dato Dykkar dato Vår referanse Vår sakshandsamar 15.03.2017 03.02.2017 17/00388-2 Einar Ove Standal Avdeling Dykkar referanse Arkivkode Direkte telefon Seksjon for utdanning og 62 24142220 forskning
DetaljerFylkesutvalet Tom-Christer sette fram slikt forslag:
Fylkesutvalet 23.09.09 Tom-Christer sette fram slikt forslag: Fylkesrådmannens forslag legges til grunn som innstilling til fylkestinget. Opplærings- og helseutvalgets innstilling legges til grunn som
DetaljerVågsøy kommune Rådmann
Vågsøy kommune Rådmann Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/2390-4/ FE-025 KNLE1 16/7517-7 11.11.2016 Uttale til intensjonsplan for ein Vestlandsregion
DetaljerEUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser
26.3.2015 Nr. 18/581 EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF 2015/EØS/18/60 av 23. april 2009 om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser med tilvising til traktaten
DetaljerHERØY KOMMUNE MØTEINNKALLING
Utvalg: ARBEIDSMILJØUTVALGET Møtested: Rådhuset Møtedato: 04.12.2013 Tid: 13.00 Eventuelt forfall meldes til tlf. 75068000 Varamedlemmer møter etter nærmere avtale. HERØY KOMMUNE MØTEINNKALLING Saksnr.
DetaljerEndringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2017/1229-2 Saksbehandlar: Sigrid H Aardal/ Ingrid Holm Svendsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 20.09.2017 Fylkestinget 03.10.2017
DetaljerAlversund skule 5911 Alversund Tlf
Alversund skule 5911 Alversund Tlf. 56 37 50 50 FØREORD Kvart år reiser elevar frå Alversund skule ei veke på leirskule. Her får dei ta del i praktisk tilrettelagt undervisning inne og ute. Under leirskuleopphaldet
DetaljerRutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.
Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune. INTERN VARSLINGSRUTINE Bakgrunn Frå 1. januar 2007 blei det innført nye regler for varsling av kritikkverdige forhold, jf arbeidsmiljøloven
DetaljerGrenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016
Grenseendringar etter inndelingslova Volda, 25. august 2016 Endring av kommunegrenser Tre måter å endre kommunegrenser på etter inndelingslova 1. Samanslåing 2. Deling 3. Grensejusteringar Alternativa
DetaljerNordreisa kommune Rådmannen
Nordreisa kommune Rådmannen Det Kgl Helse- og omsorgsdepartement pb 8011 Dep 0030 OSLO Melding om vedtak Deres ref: Vår ref: Løpenr. Arkivkode Dato 201102411-/HW 2012/274-17 7153/2012 21.02.2012 Høringsuttalelse
DetaljerDersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.
Storebø skule Telefon 55 08 13 25 Ordensreglane for Storebø skule er utarbeidd med bakgrunn i Forskrift for ordensreglement for skulane i Austevoll gjeldande frå 01.04.11 og Forskrift om individuell vurdering
DetaljerHovudutval for opplæring Saksbehandlar: Ole I. Gjerald/Erna Romøren Arkiv: A40 Arkivsaksnr.: 03/03774
Slik brukar du feltet saka er drøfta/klarert med: Dokumentasjon for fullført sakshandsaming skal førast på elektronisk av ansvarleg sakshandsamar. Før på forkortinga for inst./avd./seksjon/sakshandsamar.
DetaljerLovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser
Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: 57643107 12.09.2013 2013/3007-323 E-post: fmsfase@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 15.08.2013 Askvoll kommune Postboks
DetaljerLokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune
Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune Heimel: Fastsett av fylkestinget i Hordaland 08.12.2015 med heimel i forskrift til opplæringslova
DetaljerVedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.
Sakshandsamar, innvalstelefon Hugo Morken, 55 57 21 17 Vår dato 27.09.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/11766 323 Dykkar referanse Jondal kommune v/ordførar Jon Larsgard Kommunehuset 5627 Jondal Lovlegkontroll
DetaljerForslag til forskrift
1 Forslag til forskrift LOKAL FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILT LAGT TIL RETTE FOR HEILDØGNS TENESTER - KRITERIER OG OBSERVASJONSLISTER Heimel: Fastsatt
DetaljerUTKAST TIL (sist oppdatert ) REGLEMENT OM TELEFONI FOR TILSETTE I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE.
UTKAST TIL (sist oppdatert 11-12-2017) REGLEMENT OM TELEFONI FOR TILSETTE I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg
DetaljerLova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.
Page 1 of 5 LOV 1990-05-18 nr 11: Lov om stadnamn. DATO: LOV-1990-05-18-11 DEPARTEMENT: KUD (Kulturdepartementet) PUBLISERT: ISBN 82-504-1503-5 IKRAFTTREDELSE: 1991-07-01 SIST-ENDRET: LOV-2005-06-17-90
DetaljerEndeleg TILSYNSRAPPORT
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune Endeleg TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Hjartdal kommune September 2017 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med
DetaljerREGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.
REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for
DetaljerFORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG
FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG VENTELISTER FOR TOKKE KOMMUNE FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Bystyret PS 15.06.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Terje Heggheim K1-026, K1-002 16/1456 Kommunereforma - Kinn kommune - vegen vidare Framlegg til vedtak:
DetaljerFELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL
FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL Vedtatt i Driftsutvalet 27.02.08 I Innleiing 1. Heimel Reglementet er heimla i lov av 17 juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
DetaljerHøyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet
DetaljerRettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir
Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir-9-2012 Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane
DetaljerFjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT
Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/2046-26014/2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: 24.11.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/15 Komité for drift og forvaltning 01.12.2015 Høyringsuttale
DetaljerEtiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune
Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Side 1 av 5 Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Versjon : 1.0 godkjend i Kommunestyret 23.06.2005 Dato : 25.
DetaljerTRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.
TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava
DetaljerGrunngjevingsplikta til forvaltninga
Grunngjevingsplikta til forvaltninga Oversikt: o Grunngjevingsplikt, fvl. 24 og 25 o Opplysningsplikt, fvl. 17 o Generelt om vilkår o Verknad ved feil o Juridisk metode Grunngjevingsplikt: Dei aller fleste
DetaljerEndringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune
Administrasjonseksjonen - Org avd Arkivnr: 2014/15940-1 Saksbehandlar: Brit Mari Heggøy/Ingeborg Borgen Takle Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 13.05.2014 Opplærings-
DetaljerHøyringsfråsegn til ny diskrimineringslov
Side 1 av 5 Høyringsfråsegn til ny diskrimineringslov Sett irm innstillingen under denne linja 4, Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Sogn og Fjordane fylkeskommune gir slik fråsegn
DetaljerHØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA
Kunnskapsdepartementet Postbokds 8119 Dep 0032 Oslo Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: MR 16971/2006/A50/&13 Anita Steinbru,71 25 86 95 13.09.2006 - HØYRINGSUTTALE - RAPPORT
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval
Stryn kommune Arkiv: FA - A22 JournalpostID: 18/923 Saksbehandlar: Edvard Nordang Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval 30.01.2018 Vedtekter for SFO i Stryn kommune 2018 Bakgrunn
DetaljerVedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal
Statsråden Ifølgje liste Dykkar ref Vår ref 17/1212-172 Dato 2. juli 2018 Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal Eg viser til brev av 23. mars frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal
DetaljerÅMLI KOMMUNE SAKSUTGREIING. Røykfri kommune RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG: BEHANDLING I UNGDOMSRÅDET DEN TILRÅDING I UNGDOMSRÅDET DEN
ÅMLI KOMMUNE SAKSUTGREIING Utv.saksnr: Møtedato: Utval: 15/2 12.02.2015 Ungdomsrådet 15/2 16.02.2015 Arbeidsmiljøutvalet 15/6 16.02.2015 Administrasjonsutvalet 15/9 16.02.2015 Formannskapet 15/2 16.02.2015
DetaljerLokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.
Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune. Heimel: Vedteken i Fitjar kommune ved kommunestyret [21. juni 2017] med heimel i lov 24. juni 2011
DetaljerFornyings- og administrasjonsdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet Statsråd: Heidi Grande Røys KONGELEG RESOLUSJON Ref. nr.: Saksnr.: 200703632 Dato: 17.12.2008 Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranselova for avtaler
DetaljerHelse- og omsorgsdepartementet (HOD) Postboks 8011 Dep 0030 Oslo Oslo, 23. april 2012
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) Postboks 8011 Dep 0030 Oslo Oslo, 23. april 2012 Kreft foreningen kreftforen ingen. no Att Marit Lie e.f. underdirektør Deres ref.: Vår ref.: 12/00002-29 Saksbehandler:
DetaljerI møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Sakshandsamar, tlf Vår dato Terje Øvrebø - 57 72 32 51 20102008 E-post Dykkar dato tov@fmsfno 15092008 Vår referanse 2008/4004-4220 Dykkar referanse Landbruks- og matdepartementet
DetaljerTILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule
TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Voss kommune, Sundve skule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet er gjennomført
DetaljerSaksframlegg. Sjukefråvær 2. kvartal 2015 SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/8921-1
Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/8921-1 Sjukefråvær Fylkesrådmannen rår hovudsamarbeidsutvalet til å gjere slikt vedtak: Hovudsamarbeidsutvalet tek statistikken
DetaljerOppdragsverksemd - organisering av ekstern kursverksemd
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/16384-1 Saksbehandlar: Cathrine Øvredal Mellingen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.01.2018 Utval for opplæring og helse 06.02.2018
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Norddal kommune v. rådmann Postboks 144 6211 Valldal ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Norddal kommune Eidsdal skule Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing
DetaljerARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE
ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE 1 Målsetting og omfang Arbeidsreglementet skal vise dei krav og forventningar Sunnfjord kommune har til sine tilsette. Det skal òg bidra til at arbeidsvilkåra er
DetaljerUniversell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord
Universell utforming i anskaffingar Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord Prosjektleiar Knutepunkt Møre og Romsdal 16.02.2011 Innkjøpsseksjonen Knutepunkt Møre og Romsdal kort informasjon Dei viktigaste utfordringane
DetaljerSogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga
Vedlegg 1 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga SØKNAD OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING SPESIELT TILRETTELAGT FOR VAKSNE 1. PERSONOPPLYSNINGAR Namn Fødselsnummer, 11 siffer Adresse Tlf. privat Tlf.
DetaljerPlan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll
Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Vedteke av kommunestyret i sak 61/16 den 29.9.16 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile den kommunale verksemda.
DetaljerHøyringsfråsegn NOU 2010: 2 Håndhevelse av offentlige anskaffelser
0030 OSLO SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Det Kongelige Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet Postboks 8004 Dep Side 1 av 2 Fylkesrådmannen Sakshandsamar: Kjersti Døssland E-post: kjersti.dossland@sfj.no
DetaljerRedusert eigendel elev-pc
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3598-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Redusert eigendel elev-pc Samandrag Under
DetaljerFlytte tekst frå «forslag til høyringsuttale» opp under «forslag til vedtak.»
Saksprotokoll i Utval for opplæring og helse - 05.09.2017 Elizabeth Toft Erichsen (V) sette fram fylgjande forslag: «Ny innstilling: Flytte tekst frå «forslag til høyringsuttale» opp under «forslag til
DetaljerReglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval
1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.
DetaljerSamansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot
Notat Dato: 12.08.16 Saksbehandlar: thaa Til: Forhandlingsmøte 18-19.august 2016 Frå: Fylkesrådmennene Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot 1.1.2020 1.0 Fellesnemd i Inndelingslova
DetaljerVaramedlemar får særskilt melding når dei skal møte.
VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 03.03.2009 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,
DetaljerLovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )
Lovvedtak 93 (2015 2016) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L (2015 2016), jf. Prop. 72 L (2015 2016) I Stortingets møte 9. juni 2016 ble det gjort slikt vedtak til lov om endringar i opplæringslova
DetaljerNår LAMU drøftar fråværstala på individnivå i sine kvartalsvise møter vil utvikling, nivå og skilnader mellom kjønna vere tema.
Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/11774-1 Sjukefråværesstatistikk Fylkesrådmannen rår hovudsamarbeidsutvalet til å gjere slikt vedtak: Hovudsamarbeidsutvalet
DetaljerVANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Justis- og beredskapsdepartementet postmottak@id.dep.no Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref Avd/Saksansvarleg Dato 2013/713 4220/2013 / X30 SER / SANGUD 04.09.2013 MELDING OM
DetaljerEtisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune
for tilsette og folkevalde i Radøy kommune Vedteke av Radøy kommunestyre 2009 Føremålet med reglementet er å skapa medvit om haldningar og etiske verdiar og dermed styrkja innbyggjarane sin tillit til
DetaljerUttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i
DetaljerNYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.
NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR. Det er kome ny forskrift til Opplæringslova kap 6. «Inntak til vidaregåande opplæring» som gjeld frå 01.09.2013. Dette inneber mellom
DetaljerPlan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll
Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll 2016-2019 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile den kommunale verksemda. Utvalet sine oppgåver kan forenkla
DetaljerKapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg
DetaljerReglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:
Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: Reglement 7 Utarbeidd av: Godkjend dato: Revidert dato: Arkivsak: Ungdommens fylkesutval 1
DetaljerTorsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE
Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE Sentrale hensyn bak bestemmelsene (frå udir sin gjennomgang) Ivareta søkernes rettssikkerhet Likere praksis Hindre usaklig forskjellsbehandling Prioritet i inntaket
DetaljerOpplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.
Opplærings- og helseutvalet 16.01.07 Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte 25.01.07 vedtak ettersendes. INNSTILLING Hordaland fylkeskommune er positiv til ei lovendring som klargjer fagskoleutdanninga
DetaljerRISØR KOMMUNE. Møteinnkalling. Utvalg: Helse- og omsorgskomitéen Møtested: Perleporten - Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 16:00
Side 1 av 1 RISØR KOMMUNE Møteinnkalling Utvalg: Helse- og omsorgskomitéen Møtested: Perleporten - Kommunehuset Dato: 16.08.2012 Tidspunkt: 16:00 Forfall meldes på tlf 37 14 96 38 til Eva Swane som sørger
DetaljerHøyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane
Side 1av 5 Saksbehandlar: Karoline Bjerkeset Avdeling: Næringsavdelinga Sak nr.: 12/8363-3 Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-2016 Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet
DetaljerPRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE
Side 1 av 5 PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE 1. Delegasjon 1.1. Kva: Delegasjon inneber at nokon (A) med mynde gir ein annan (B) mynde av same art som ein sjølv (A) har. Ein delegasjon frå kommunestyret
DetaljerOt.prp. nr. 49 ( )
Ot.prp. nr. 49 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven) Tilråding frå Kultur- og kyrkjedepartementet av 15. mars 2002, godkjend i statsråd same dagen.
DetaljerLokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune
Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune Hjemmel: Fastsett av fylkestinget i Hordaland 14.10.2014 med heimel i forskrift til opplæringslova
DetaljerHøyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG
Høyringsnotat Lovavdelinga Juni 2014 Snr. 14/3811 OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit utkast til
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3
SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3 Overordna samarbeidsavtale: SFFK og kommunane TILRÅDING: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Kommunestyret vedtek:
DetaljerAVTALE OM SAMARBEIDSUTVALS- STRUKTUR
AVTALE OM SAMARBEIDSUTVALS- STRUKTUR I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE Behandla i hovudsamarbeidsutvalet 4.6.2013, sak SAM 17/13 REVIDERT REGLEMENT FOR SAMARBEIDSUTVAL 1. GENERELT Møre og Romsdal fylkeskommune
DetaljerFaste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL
1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 11.02.2019 Tid: 14:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad
Detaljer