Dei to offisielle miljømerka i Noreg er Svana og Blomen. Sjå etter merka når du er ute og handlar.

Like dokumenter
De to offisielle miljømerkene i Norge er Svanen og Blomsten. Se etter merkene når du er ute og handler.

De to offisielle miljømerkene i Norge er Svanen og Blomsten. Se etter merkene når du er ute og handler.

HALOPROOF PROSJEKT: Sted, dato: Askim Signatur: Owe Svensson / Produktsjef. EPD utarbeidet

Farlig avfall Hvorfor er det farlig og hva skjer med det?

BREEAM-NOR prosessnotat. PN.13.3.Mat-1. Gjelder fra

Forsøpling og ulovleg avfallshandtering Korleis kan kommunen førebyggje ulovleg avfallshandtering. Gøsta Hagenlund Kommunekurs, Skei 11.6.

Helse- og miljøfarlige stoffer i bygg

FRAMTIDEN I VÅRE HENDER RAPPORT 3/2015. Miljøgifter i produkter. Av Helena Svele

Kurs i kjemikalier og farlig avfall

Substitusjonsplikten. - miljømyndighetenes prioriteringer. Inger Grethe England, Klif

Er vi på rett veg? Er vi på rett veg? Er vi på rett veg? Er vi på rett veg? Er vi på rett veg?

Prioritetslisten. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 8

Klorparafiner og annet svineri. Ved Sverre Valde, daglig leder i Ruteretur AS

Farlig avfall - Nye funn i bygg og anlegg Byggavfallskonferansen 2012

BREEAM N0 RProsessnotat April 2013

Gjenvinning av avfall egentlig en resirkulering av miljøgifter?

Til deg som bur i fosterheim år

Kva er økologisk matproduksjon?

Substitusjonsplikten Miljøinformasjon Kriterier for farlig avfall

De helseskadelige kjemikaliene som brukes i hudproduktene våre

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Scroll nedover Holder musen over Klikk

La meg få ein sjanse til...

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Konsekvensene ved bruk av miljøgifter og EE-avfall. v/ Gunnar Murvold EBL-seminar i Oslo

GJENVINNING RESIRKULERING AV PROBLEMER? Rolf Tore Ottesen, Norges geologiske undersøkelse

Miljøgifter i produkter

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Sporing og merking. Merking

MILJØGIFTER FINNES I MER ENN DU TROR HVOR SKAL DET KASTES?

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Myndighetenes arbeid med miljøgifter

Kjemikalielister. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 12

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Klepp kommune Tu skule

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

Nye miljøgifter - utfordringer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

UNNGÅ HELSE- OG MILJØSKADELIGE STOFFER I BYGG en veileder for. prosjekterende og utførende

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Farleg avfall i Nordhordland

Brukarrettleiing E-post lesar

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Erfaringer med tilsyn

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Kom skal vi klippe sauen

Program for oppgradering av glass- og fasaderådgivere. 29. mai 2012

Rapport frå inspeksjon 6. mai Resultat frå inspeksjonen. Fusa mekaniske industri AS 5640 EIKELANDSOSEN. Rapportnummer: I.

EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 15. desember 1995

Nytt HFK Intranett

mmm...med SMAK på timeplanen

Resultata av kontrollen Fylkesmannen avdekte totalt 3 funn, bestående av 3 avvik* og 0 merknader*, under kontrollen. Sjå vedlegget til rapporten.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon om REACH regelverket og litt om Produktforskriften

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Matfondprosjektet Avløpsslam i landbruket: Tungmetaller og organiske miljøgifter i slam. Mattrygghet ved bruk av slam til jordbruksformål

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Rapport frå inspeksjon 1. november 2012

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Presentasjonsdokument


KJELDESORTERINGSkalender SANDE. Saman tek vi vare på ressursane. Tema: Miljøfarleg avfall

KJELDESORTERINGSkalender HAREID. Saman tek vi vare på ressursane. Tema: Miljøfarleg avfall

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål


Brukarrettleiing. epolitiker

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Informasjon om verksemda Namn: Bia Miljø AS Dato for inspeksjonen:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Trygge valg for barn og miljø

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

Straume gjenvinningsstasjon INFORMASJONSGUIDE LONAVEGEN 20

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Miljøgifter i fallunderlag i barns lekemiljø. Foto: Carl Erik Eriksson

Transkript:

Dei verste stoffa Sjå etter Svana og Blomen I dette heftet finn du ei oversikt over dei mest helseog miljøskadelege stoffa som du kan finne i vanlege forbrukarprodukt. Her kan du lese meir om kvifor dei er farlege, i kva slags produkt dei kan finnast, og kva du eventuelt skal sjå etter på ingredienslista. På nettstaden Erdetfarlig.no finn du meir informasjon om helse- og miljøskadelege stoff i forbrukarprodukt. Du får òg hjelp til å finne dei mest miljøvennlege alternativa og til å kaste produkta riktig når du skal kvitte deg med dei. Klima- og forureiningsdirektoratet står bak nettstaden Erdetfarlig.no i samarbeid med Mattilsynet og Miljømerking. Dei to offisielle miljømerka i Noreg er Svana og Blomen. Sjå etter merka når du er ute og handlar. Produkt med Svana og Blomen tek omsyn til både helse og miljø ved at dei inneheld minst mogleg helse- og miljøskadelege stoff, medverkar til mindre farleg avfall og blir produserte med minst mogleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Svane- og Blomenmerkte produkt tilfredsstiller òg strenge krav til funksjonalitet. 2 3

Rett til opplysningar Ikkje alle produkt har krav til å oppgi helse- og miljøskadelege stoff på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysningar dersom du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Retten til å få informasjon om innhaldet finn du i produktkontrollova 10 og miljøinformasjonslova 16. På nettstaden Erdetfarlig.no finn du ein brevmal slik at du kan sende eit brev til forhandlar, importør eller produsent på ein enkel måte for å få desse opplysningane. Rett til å klage Dersom produsenten, importøren eller forhandlaren ikkje svarar deg eller du meiner at svaret ikkje er godt nok når det gjeld opplysning om helseog miljøskadelege stoff i eit produkt, kan du sende ei klage til Klagenemnda for miljøinformasjon. Nemnda vil kunne behandle klaga di etter miljøinformasjonslova og/eller produktkontrollova. Les meir på www.miljoklagenemnda.no 4 5

Hva er arsen? Arsen er eit grunnstoff. Det er brukt i treimpregneringsmiddel mot sopp og ròte. Arsensambindingar blir nytta i visse produkt av glas for å unngå bobler i glaset. I elektronikk blir arsensambindingar brukte for å leie straum i krinskort og liknande. Ulike arsensambindingar blir tekne opp og lagra i plantar og dyr i varierande grad. Arsensambindingar kan vere svært giftige også for menneske, og kan dessutan vere årsak til kreft. Hvor kan du finne stoffet? CCA-impregnert (trykkimpregnert) trevirke elektriske produkt (mellom anna i krinskort og LED-lys) messing glasvarer (vindaugsglas, krystallglas, blyglas) plast (PVC-produkt) fugemasse mineralgjødsel botnstoff tobakk bilbatteri (akkumulatorar) No er det forbode å bruke arsen og krom i nytt trykkimpregnert trevirke (unnateke for visse bruksområde innanfor næringsverksemd), men arsen vil halde fram med å leke ut frå gammalt CCA-impregnert trevirke som framleis er i bruk, i fleire år framover. OBS: CCA-impregnert trevirke er klassifisert som farleg avfall og skal leverast til mottak for farleg avfall. CCA-impregnert trevirke må ikkje brennast, fordi materiala utviklar svært giftig røyk, støv og oske. Dei fleste produkt som inneheld arsen eller arsensambindingar, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: Andre land bruker ord som arsenik (svensk) og arsenic (engelsk) for arsen. På norsk er arsenikk eit anna namn for arsentrioksid. arsen arsensyre arsin (arsenhydrid) blyhydrogenarsenat diarsenpentoksid (arsenpentoksid) diarsentrioksid (arsentrioksid, arsenikk) trietylarsenat galliumarsenid 6 7

Kva er bisfenol A? Bisfenol A (BPA) er den viktigaste byggjesteinen i polykarbonatplast (ein type klar hardplast). Stoffet finst i visse typar PVC som herdar, katalysator, bindemiddel og for å stabilisere kjemiske sambindingar i plasten. BPA finst òg i ulike epoksyprodukt. BPA er klassifisert som irriterande og allergiframkallande ved hudkontakt, og kan skade evna til å få barn. Stoffet kan ha hormonforstyrrande verknader og er skadeleg for livet i vatn. Kvar kan du finne stoffet? polykarbonatplast (mellom anna i tåteflasker og smokkar (ikkje sugedelen)) elektriske og elektroniske apparat medisinsk utstyr transportmiddel CD-plater PVC (mellom anna i golvbelegg, leiker og reiseartiklar) epoksyprodukt (mellom anna måling, lim, lakk og fugefrie golv) hermetikkboksar med epoksylakk sjølvkopierande papir (for eksempel kassalappar) BPA er i dag regulert i produkt som kjem i kontakt med mat (for eksempel plastbehaldarar, tåteflasker og hermetikkboksar), med grenseverdiar for kor mykje av stoffet som kan leke ut av produktet. Dei forbrukarprodukta som inneheld BPA, har ikkje ingrediensliste, men plastprodukt har ofte ei eiga merking. Dersom produktet er merkt med 03, er det laga av PVC. Dersom det er merkt med 07, kan det vere laga av polykarbonat. Tåteflasker med BPA har det vore forbode å selje i EU frå 1. juni 2011. Mattilsynet har vedteke det same forbodet i Noreg. Andre namn på stoffet er: bisfenol A 4, 4 -isopropylidendifenol 4, 4 -(1-metyletyliden)- bisfenol 8 9

Kva er bly? Bly er eit tungt, mjukt og formbart metall. I tillegg er metallisk bly motstandsdyktig mot rust. Fleire blysambindingar blir brukte i glasurar til for eksempel keramikk og som fargestoff og rustvernmiddel i måling. Blysambindingar blir òg brukte som fargestoff og for å stabilisere kjemiske sambindingar i PVC-plast. Kvifor er det farlig? Bly blir teke opp i dyr og menneske, som over tid kan få høge konsentrasjonar i kroppen. Bly er giftig, og for mykje bly i kroppen kan mellom anna føre til skade på dei raude blodcellene og nervesystemet. Hjerneutviklinga hos foster og små barn er spesielt utsett for skadar som kjem av bly. Stoffet kan òg skade evna til å få barn. I tillegg er det svært giftig for livet i vatn. Hvor kan du finne stoffet? bilbatteri (akkumulatorar) fiskereiskapar ammunisjon måling plast loddetinn raud og gul keramikk veiker i stearinlys gardinlodd/-metallband krystallglas bygningsbeslag (for eksempel rundt vindauge og vindskier) smykke Bly er forbode i bensin. Det er òg forbode å bruke blyhagl til jakt. Somme blysambindingar (blykarbonat og blysulfat) er forbodne i måling. Bly er forbode (med visse unnatak) i elektriske og elektroniske produkt. Sjå etter i ingredienslista Dei fleste produkt som inneheld bly, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: Pb lead bly blykvitt (blykarbonat) blykarbonat blykromat blyfosfitt blyoksid (blymønje) blymonoksid tetraetylbly blynaftenat blysulfat blysulfomolybdatkromat (C.I.Pigment Red 104) blysulfokromatgul (C.I.Pigment Yellow 34) blyhydrogenarsenat 10 11

Kva er bromerte flammehemmarar Bromerte flammehemmarar er fellesnemninga på ei rekkje stoff som blir tilsette ulike produkt for å gjere dei mindre brennbare. Somme bromerte flammehemmarar er akutt giftige for livet i vatn, og fleire av stoffa blir brotne svært sakte ned i naturen. Stoffa kan lagrast og hope seg opp i menneske og dyr. Nokre av dei bromerte flammehemmarane kan føre til leverskade, og nokre kan vere hormonforstyrrande. Dei kan òg skade evna til å få barn og gi skadar på foster og på nervesystemet. Vi veit framleis ikkje nok om langtidsverknadene av stoffa. Kvar kan du finne stoffa? elektriske og elektroniske produkt (for eksempel krinskort og plastmateriale) isolasjonsmateriale av plast tekstilar (for eksempel i transportmiddel eller i ikkje-brennbare klede) Dei siste åra er det innført forbod mot produkt som inneheld dei bromerte flammehemmarane penta-, okta- og deka-bde. Transportmiddel er unnatekne frå forbodet mot deka-bde. Dei fleste produkt som inneheld bromerte flammehemmarar, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: tetrabrombisfenol A (TBBPA) heksabromsyklododekan (HBCDD) pentabromdifenyleter (penta-bde) oktabromdifenyleter (okta-bde) dekabromdifenyleter (deka-bde) polybromerte difenyleterar (PBDE) (samlenemning for penta-, okta- og deka-bde) 12 13

Kva er ftalat (DEHP)? DEHP er ei sambinding i stoffgruppa ftalatar som omfattar mange forskjellige stoff. Ftalatar blir hovudsakleg brukte som mjukgjerarar i plast, og finst i mange produkt vi bruker til dagleg. DEHP er giftig og kan skade evna til å få barn og føre til skadar på fosteret. DEHP er påvist i morsmjølk. Det blir forska på om det er ein samanheng mellom eksponering for ftalatar i husstøv og astma/ allergi. Kvar kan du finne stoffet? plast, primært PVC (for eksempel i byggjemateriale, golv- og takbelegg, leidningar, klede og bagar) gummi (for eksempel sko) måling lim DEHP er forbode i leiker, småbarnsprodukt og kosmetikk. Dei fleste produkt som inneheld DEHP, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: ftalat phthalate dietylheksylftalat Di(2-etylheksyl)ftalat Di(2-Ethylhexyl)phthalate DEHP 14 15

Kva er kadmium? Kadmium er eit grunnstoff som inngår i mange forskjellige kjemiske sambindingar. Stoffet blir mellom anna brukt som fargepigment, som stabilisator i plast, i ulike metall-legeringar (for eksempel i loddemetall eller for å auke den mekaniske styrken på andre metall) og som rustvernande belegg på jern og stål (kadmiering). Kadmium og kadmiumsambindingar er både akutt og kronisk giftige for menneske og dyr. Dei fleste kadmiumsambindingane er kreftframkallande. Kadmium kan hope seg opp og bli lagra i fisk og dyr. Når stoffet først er teke opp i kroppen, tek det svært lang tid før kroppen skil det ut. Små mengder kan skade levra, lungene, nyrene og skjelettet. Kadmium kan òg skade evna til å få barn og føre til skadar på fosteret. Kvar kan du finne stoffet? Batteri (primært oppladbare NiCd-batteri) Smykke/bijouteri Plastprodukt som leiker og emballasje Keramiske produkt Kunstnarfargar Måling med høgt sinkinnhald Koparhaldig botnstoff Kunstgjødsel Farga glas Kadmium og kadmiumsambindingar er strengt regulert. Stoffa er forbodne i smykke, loddepinnar, EE-produkt og all plast (med nokre få unnatak). Dei fleste produkt som inneheld kadmium, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: Cd cadmium kadmium kadmiumcyanid kadmiumoksid kadmiumsulfid kadmiumformiat kadmiumfluorid kadmiumjodid kadmiumklorid kadmiumsulfat kadmiumheksafluorsilikat(2-) 16 17

Kva er klorparafiner? Klorparafinar er fellesnemninga på ei stor gruppe stoff som mellom anna består av kortkjeda (SCCP) og mellomkjeda (MCCP) klorparafinar. Klorparafinar blir brukte som bindemiddel, som flammehemmarar i plast, gummi og tekstilar og som mjukgjerarar i måling, gummi og plast. Klorparafinar blir brotne langsamt ned i miljøet og kan hope seg opp i menneske og dyr. Stoffa er òg svært giftige for livet i vatn. Klorparafinar er funne fleire stader i næringskjeda, mellom anna i fisk, fugl og morsmjølk. Klorparafinar kan overførast til barn via morsmjølk og kan føre til nedsett vekst, forseinka utvikling og ha verknad på hugseevne og læring (det vil seie verknader på utviklinga av hjernen). SCCP er kanskje kreftframkallande. Kvor kan du finne stoffa? isolasjonsmateriale plast (primært PVC) fugeskum, tette- og fugemassar vindauge og ytterdører tapet måling tekstilar bildekk Det er forbode å produsere, importere, eksportere, omsetje og bruke SCCP i Noreg. Dei fleste produkt som inneheld klorparafinar, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: chlorinated paraffins mellomkjeda klorparafinar klorerte alkan, C14 17 medium chained chlorinated paraffins (MCCP) kortkjeda klorparafinar klorerte alkan, C10 13 short chained chlorinated paraffins (SCCP) 18 19

Kva er krom? Krom er eit grunnstoff som inngår i mange forskjellige kjemiske sambindingar. Kromsambindingar blir brukte for å hindre nedbryting av trevirke og for å hindre rust på metall. Det blir òg brukt som pigment og rustvernmiddel i måling. Krom blir brukt for å skape ei blank overflate på produkt av metall og dessutan i produksjonen av grønfarga glas. Dei farlegaste kromsambindingane blir kalla seksverdige kromsambindingar (Cr(VI)). Dei er kreft- og allergiframkallande og svært giftige for livet i vatn. Visse sambindingar kan òg skade arvestoffa og dessutan skade evna til å få barn. Kvar kan du finne stoffet? skinn og lêr ull måling sement farga glasemballasje emaljar og liknande tettningsmiddel (for eksempel fugemasse) veksthemmande middel (for eksempel treimpregneringsmiddel) Det er no forbode å bruke krom og arsen i nytt trykkimpregnert trevirke (unnateke for visse bruksområde innanfor næringsverksemd). Men krom vil halde fram med å leke ut frå gammalt CCAimpregnert trevirke som framleis er i bruk, i fleire år framover. OBS: CCA-impregnert trevirke er klassifisert som farleg avfall og skal leverast til mottak for farleg avfall. CCA-impregnert trevirke må ikkje brennast, fordi materiala utviklar svært giftig røyk, støv og oske. Dei fleste produkt som inneheld krom, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: dikromtrioksid kromtrioksid blysulfokromatgul (C.I.Pigment Yellow 34) blysulfomolybdatkromat (C.I.Pigment Red 104) blykromat natriumdikromat strontiumkromat bariumkromat 20 21

Kva er kvikksølv? Kvikksølv er eit grunnstoff som inngår i mange forskjellige kjemiske sambindingar. Det skil seg frå andre metall på fleire måtar. Kvikksølv er flytande ved romtemperatur noko som mellom anna har gjort det eigna til bruk i termometer. Legeringar med andre metall blir kalla amalgam og er mellom anna brukt til tannfyllingar. I sparepærer og lysstoffrøyr medverkar kvikksølvet til at den elektriske energien blir til lysenergi. Kvikksølv kan hope seg opp i dyr og menneske, og kan føre til skadar på nervesystemet og nyrene. Høge nivå i blodet til mora kan gi fosterskadar. Kvikksølv kan dessutan gi kontaktallergi. Dei organiske kvikksølvsambindingane er mest giftige. Kvikksølvforgifting kan òg bli resultatet dersom ein pustar inn kvikksølvdamp. Kvar kan du finne stoffet? lysstoffrøyr sparepærer termometer knappcellebatteri emballasje I Noreg er det eit generelt forbod mot kvikksølv i produkt (i konsentrasjonar over 0,001 vektprosent). Det er eigne grenseverdiar for elektriske og elektroniske produkt, emballasje, batteri og komponentar i køyretøy. I Noreg vart kvikksølv forbode i febertermometer allereie i 1998 (ti år før EU kom med same forbodet), og bruken av kvikksølv i tannfyllingsmateriale er fasa ut i Noreg sidan byrjinga av 1990- åra, og der er det no forbode. Dei fleste forbrukarprodukta som inneheld kvikksølv, har ikkje ingrediensliste. Andre namn på kvikksølv er: kvikksølv Hg mercury Batteri som inneheld kvikksølv, skal vere merkte med «Hg». I tillegg skal dei vere merkte med overkryssa avfallsbehaldar, og det betyr at dei ikkje skal kastast i restavfallet. 22 23

Kva er muskxylen? Muskxylen er ein av fleire typar syntetiske musksambindingar (luktstoff). Muskxylen blir brukt for å gi lukt til produkt, for eksempel parfyme og såpe. Stoffet blir brote ned langsamt og hopar seg opp i naturen når det blir sleppt ut. I tillegg blir muskxylen teke opp i dyr og menneske, som over tid kan få høge konsentrasjonar i kroppen. Det er mogleg at stoffet kan føre til kreft. I tillegg er det svært giftig for livet i vatn. Kvar kan du finne stoffet? kosmetikk og personlege pleieprodukt bil- og båtpleieprodukt vaske- og reingjeringsmiddel stearinlys Det er innført grenser for konsentrasjon av muskxylen i kosmetikk i Noreg. Stoffet vil gjennom EU, på sikt, også bli regulert for andre konkrete bruksområde. Ikkje alle produkt som inneheld muskxylen, har ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: muskxylen muskxylene muskxylol Kan også finnast under fellesnemninga «parfum». 24 25

Kva er oktyl-/nonylfenolar? Stoffa har allsidige tekniske eigenskapar og har derfor vore brukte i mange ulike produkt. I forbrukarprodukt blir det hovudsakleg brukt nonylfenoletoksilat og oktylfenoletoksilat. Desse blir brotne ned etter måten lett, og dei kan danne nonylfenolar og oktylfenolar i miljøet. Etoksilata har mellom anna eigenskapar som forbetrar spreiinga av flytande produkt, og dei fungerer feittløysande i vaskemiddel. Oktyl- og nonylfenolar blir brotne sakte ned i naturen og kan hope seg opp i dyr og menneske. I tillegg er stoffa svært giftige for livet i vatn. Stoffa har hormonforstyrrande verknader på fisk. Det er òg mogleg at nonylfenolar reduserer evna til å få barn og fører til skadar på fosteret hos menneske. Nonylfenolar er dessutan etsande og farlege å svelgje. Kvar kan du finne stoffa? måling, beis og lakk lim tekstilar (importerte) byggjevarer og innreiingsprodukt Nonylfenolar, oktylfenolar og etoksilata deira (kjemiske sambindingar), er forbodne i ei rekkje produkt. Stoffa er likevel ikkje forbodne i måling og lakk, smørjeoljar og «faste» produkt, mellom anna tekstilar og byggjevarer. Dei fleste produkt som inneheld nonyl- og oktylfenolar, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: oktylfenol octylphenol nonylfenol nonylphenol oktylfenoletoksilat octylphenol ethoxylate nonylfenoletoksilat nonylphenol ethoxylate poly(oxy-1,2-ethanediyl), a-(nonylphenyl)-w-hydroxy fenol, 4-nonyl-, forgreina 26 27

Kva er PFOS/PFOA? PFOS og PFOA er sambindingar i gruppa perfluorerte stoff. Dei har vass- og feittavstøytande eigenskapar. Derfor blir dei mellom anna brukte i impregneringsmiddel for å gjere produkt vasstette og smussavstøytande, og dessutan i teflonbelegg i kjelar og steikjepanner. PFOS var tidlegare mykje brukt i brannskum for feitt-/oljebrannar. Stoffet verkar til at brannskummet dannar ei kvelande hinne over det brennande materialet. PFOS og PFOA blir brotne svært sakte ned i naturen. Stoffa kan hope seg opp og bli lagra i menneske og dyr. I tillegg aukar konsentrasjonen av stoffa di høgare opp i næringskjeda ein kjem. Stoffa kan gi fosterskadar og er sannsynlegvis kreftframkallande. Kvar kan du finne stoffa? impregneringsmiddel tekstilar (fritidsklede) teppe måling og lakk teflonbelegg i kjelar og steikjepanner brannskum Normal bruk av kjelar og steikjepanner med teflonbelegg fører ikkje til helsefare. PFOS vart forbode i brannskum i Noreg frå 2007 og i EU frå 2011. Dei fleste produkt som inneheld PFOS og PFOA, har ikkje ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: perfluoroktansulfonat perfluoroktansyre PFOS PFOA 28 29

Kva er siloksan (D5)? D5 er ei sambinding i stoffgruppa siloksan som omfattar mange forskjellige stoff. D5 har eigenskapar som påverkar konsistensen i produkt som sjampo, kremar og liknande slik at det blir enklare å smørje dei ut og bruke dei. Stoffet blir òg brukt til å forlengje levetida for måling som blir utsett for vind og vêr. I tillegg bruker ein D5 til å verne krinskort i elektroniske produkt. Bruken av stoffet i ymse produkt er omfattande, noko som fører til at det blir sleppt ut i miljøet i store mengder. D5 blir brote langsamt ned i naturen og finst i mange delar av miljøet i relativt høge konsentrasjonar, mellom anna i torsk frå indre Oslofjord. Vi veit framleis ikkje nok om kva langtidsverknader stoffa har. Kvar kan du finne stoffet? kosmetikk og pleieprodukt (blant anna solkrem) vaske- og reingjeringsmiddel bilpleiemiddel Ikkje alle produkt som inneheld D5, har ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: D5 cyclopentasiloxane pentacyclomethicone dekametylsyklopentasiloksan 30 31

Kva er triklosan? Triklosan er ei klorhaldig fenolsambinding med bakteriedrepande eigenskapar. Triklosan er svært giftig for livet i vatn. Det er mogleg at bruk av stoffet kan føre til at bakteriar blir resistente mot antibiotika. Det kan for eksempel innebere at vanlege infeksjonar som vi i dag kan behandle med antibiotika, kan vere farlege fordi antibiotikumet ikkje lenger verkar. Kvar kan du finne stoffet? tannkrem deodorantar kosmetikk tekstilar (blant anna i treningsklede) sko og skosolar Ikkje alle produkt som inneheld triklosan, har ingrediensliste. Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter: triklosan triclosan Produkt som inneheld triklosan, blir gjerne marknadsførte med at dei har luktog bakteriehemmande eigenskapar. 32 33

Kvifor er nokre kjemiske stoff farlige? MAT Vi toler som regel små dosar kjemiske stoff utan å ta skade av dei fordi kroppen har mekanismar for å bryte dei ned, skilje dei ut eller reparere skadar som dei er årsak til. For visse dyr eller små organismar, kan sjølv bitte små mengder vere svært farlege. Men i større mengder og over tid kan kjemiske stoff skade helsa vår: For eksempel kan somme av dei auke risikoen for kreft, andre påverkar hormonsystemet i kroppen vår, og nokre kan vere skadelege for foster. Sjølv om vi kjenner eigenskapane til ei rekkje kjemiske stoff, veit vi framleis lite om cocktaileffekten av ulike helse- og miljøskadelege stoff det vil seie korleis dei påverkar oss og naturen i kombinasjon med kvarandre. I mange av produkta som inneheld farlege stoff, lek stoffa i liten grad ut under bruk. Derimot kan dei sleppe ut i miljøet under produksjonen eller dersom produkta ikkje blir leverte til forsvarleg avfallsbehandling etter bruk. I naturen får vi ei opphoping av stoff som vanskeleg lèt seg bryte ned, og som kan skade han. Verstingstoffa på Erdetfarlig.no er alle stoff som lett hopar seg opp og blir lagra i miljøet og i menneskekroppen. Stoff som hopar seg opp i plantar og dyr, kan til slutt hamne på matfatet vårt. KOSMETIKK SMOKKER/TÅTEFLASKER/LEKER KJEMISKE PRODUKTER / MALING Avfallet kastes usortert i søppeldunken, avløpet eller naturen. KLÆR/SKO MØBLER Forsvarlig retur (butikk / kommunalt mottak) ELEKTRONIKK 34 35

Kvifor er verstingstoffa framleis tilgjengelege? Kva skal eg sjå etter alfabetisk liste Kvifor er produkt som inneheld verstingstoffa, framleis tilgjengelege i butikken? Styresmaktene arbeider heile tida med å vurdere korleis kjemiske stoff påverkar helsa vår og miljøet. Dei farlegaste stoffa blir forbodne, eller bruken av dei blir strengt regulert gjennom lovverket. Men ein oppdagar stadig nye farlege stoff. Arbeidet med å forby eller avgrense bruken av stoffa må gå føre seg på internasjonalt nivå for at det skal ha størst verknad. Dette arbeidet tek derfor lang tid. Dermed finst det heile tida produkt med stoff som enno ikkje er regulerte, på marknaden. Svært mange av dei produkta vi omgir oss med, blir produserte i andre land, for eksempel i Asia, der bruken av farlege stoff er langt dårlegare regulert enn for eksempel i Noreg. Dermed kan vi få importerte varer til Noreg som inneheld stoff som ikkje er tillatne her. Styresmaktene utfører jamlege kontrollar med det som blir importert og selt i norske butikkar, men dessverre har vi ingen sjanse til å kontrollere alt som kjem inn av produkt til landet. Ikkje alle produkt har krav om innhaldsliste. Men dersom eit produkt har innhaldsliste, kan du sjå etter desse orda, som er ulike nemningar på dei verste stoffa eller kjemiske sambindingar med desse stoffa. Talet i grønt viser til sida der du kan lese meir om stoffet. 4, 4 -(1-metyletyliden)bisfenol 8 4, 4 -isopropylidendifenol 8 Arsen 6 Arsensyre 6 Arsin (arsenhydrid) 6 Bariumkromat 20 Bisfenol A 8 Bly 10 Blyfosfitt 10 Blyhydrogenarsenat 6, 10 Blykarbonat 10 Blykromat 10, 20 Blykvitt (blykarbonat) 10 Blymonoksid 10 Blynaftenat 10 Blyoksid (blymønje) 10 Blysulfat 10 Blysulfokromatgul (C.I.Pigment Yellow 34) 10, 20 Blysulfomolybdatkromat (C.I.Pigment Red 104) 10, 20 Cadmium 16 Cd 16 Chlorinated paraffins 18 Cyclopentasiloxane 30 36 37

D5 30 DEHP 14 Dekabromdifenyleter (Deka-BDE) 12 Dekametylsyklopentasiloksan 30 Di(2-ethylhexyl)phthalate 14 Di(2-etylheksyl)ftalat 14 Diarsenpentoksid (arsenpentoksid) 6 Diarsentrioksid (arsentrioksid, arsenikk) 6 Dietylheksylftalat 14 Dikromtrioksid 20 Fenol, 4-nonyl-, forgreina 26 Ftalat 14 Galliumarsenid 6 Heksabromsyklododekan (HBCDD) 12 Hg 22 Kadmium 16 Kadmiumcyanid 16 Kadmiumfluorid 16 Kadmiumformiat 16 Kadmiumheksafluorsilikat(2-) 16 Kadmiumjodid 16 Kadmiumklorid 16 Kadmiumoksid 16 Kadmiumsulfat 16 Kadmiumsulfid 16 Klorerte alkan, C10 13 18 Klorerte alkan, C14 17 18 Kortkjeda klorparafinar 18 Kromtrioksid 20 Kvikksølv 22 Lead 10 Medium chained chlorinated paraffins (MCCP) 18 Mellomkjeda klorparafinar 18 Mercury 22 Muskxylen 24 Muskxylene 24 Muskxylol 24 Natriumdikromat 20 Nonylfenol 26 Nonylfenoletoksilat 26 Nonylphenol 26 Nonylphenol ethoxylate 26 Octylphenol 26 Octylphenol ethoxylate 26 Oktabromdifenyleter (Okta-BDE) 12 Oktylfenol 26 Oktylfenoletoksilat 26 Pb 10 Pentabromdifenyleter (Penta-BDE) 12 Pentacyclomethicone 30 Perfluoroktansulfonat 28 Perfluoroktansyre 28 PFOA 28 PFOS 28 Phthalate 14 Polybromerte difenyleterar (PBDE) 12 Poly(oxy-1,2-ethanediyl), a-(nonylphenyl)-w-hydroxy- 26 Short chained chlorinated paraffins (SCCP) 18 Strontiumkromat 20 Tetrabrombisfenol A (TBBPA) 12 Tetraetylbly 10 Triclosan 32 Trietylarsenat 6 Triklosan 32 38 39

Klima- og forureiningsdirektoratet Les meir på www.erdetfarlig.no TA-2896/2012 Klima- og forureiningsdirektoratet Postboks 8100 Dep 0032 Oslo Tlf: 22 57 34 00 Fax: 22 67 67 06 postmottak@klif.no 07 Gruppen