«Korleis legge til rette for næringsutvikling» Knut O. Førde, Friluftssenteret Nordfjord ved Firda vgs. www.hjortejakt.com
Sentrale moment : Kunnskap om hjort og hjortejakt Kvalitet og ærlighet i produktet Variert jaktområde med varierte jaktformer Kost & losji Kart med innteikna postar og trekkruter Transport og slaktefasilitetar Vidareforedling av kjøtt Marknadsføring (eiga nettside) Kontraktsformulering Kundebehandling
Kunden (jegeren) Ulik bakgrunn krev ulik tilrettelegging («elgjegeren») Ofte eit jaktlag på 3-5 personar Felling av dyr er viktig for dei aller fleste Lite felling krev at opplegget elles er svært bra! Bør ha min 2-3 timar startguiding som ein del av produktet Utleigar bør ha tilgang til ettersøkshund, og vere tilgjengeleg ved ettersøket
MÅ ha jakterfaring Kunnskap om terrenget Human og sikker jakt Utleigar Ikkje selge eit produkt ein ikkje har! Rett kundebehandling (ikkje alltid kunden har rett ) Forsiktig med å blande roller t.d. samjakt Bør vere min. 2 personar som har god kunnskap om produktet som er solgt
To-prissystem ( løyver på førehand + kg-pris etter felling)? Partering / frys / transport? Trofè-avgift? Kost & losji? «Spele på lag» Guiding Kjøttsalg Pris
Starta i 1995 som «slekts-jakt» med kjøttsalg Satt i system i 2006 med eiga bedrift Jaktområde 1 : 4.000 + 3.000 dekar, og 21 løyver Jaktområde 2 : 6.500 dekar, og 25 løyver Utleige til jaktlag + enkle jegerar satt saman til jaktlag + trofè-jakt. 3-7 døgn Utleigd ca. 60% av løyva, og resten eiga jakt. Ca. 60% felling av utleigde løyver
Utgifter & inntekter Kr. 240.000,- i utgifter for å leige løyver frå grunneigarane (kr. 5.200,- pr. løyve ) Gjennomsnitt 2007-10 : Driftsinntekter = 340.000,- (264` til 423`) Driftskostnader = 335.000,- (304` til 397`) Driftsresultat = 5.000,- ( -57` til +104`) Mål er driftsresultat på 50.000,- pr. år
Type dyr Kalv 2.200,- Kolle 3.700,- Fjorbukk / kolle 4.400,- Eldre bukk / Fritt dyr 6.100,- Kontrakt Pris pr. løyve Løyveprisen er for jaktretten (jaktkort) på desse løyva, og skal betalast på førehand. Jaktlag som har leigd i 3 år eller meir (dvs. frå og med 4. året) : 8% avslag på løyveprisane Tilleggs-pris pr. kg slaktevekt (vekt dagen etter felling): Kr. 73,- pr. kg slaktevekt Tofè-avgift, eldre bukk : 2-4 taggar (tot. antal) : kr. 0,-. 5-9 taggar (tot. antal) : kr. 240,- pr. tagg (eks. : 8-taggar kr. 1.920,-) 10 taggar og oppover (tot. antal) : kr. 490,- pr. tagg (eks. 10-taggar kr. 4.900,-) 1 tagg er over 3 cm målt frå kanten av gevirstanga (jmfr. gevirbedømming)
Kontrakt Kost og losji : Alternativ 1 : Våningshus m/ kost. Oppredde sengar når jegerane kjem (7 sengeplassar i 4 soverom). Utleigar serverar middag kvar ettermiddag/kveld (t.d. hjortekarbonader, hjortepølser, gryterett av hjort, fjellørret). Utleigar held all mat, og leigetakarane inntar alle måltid, utanom middag, etter prinsippet sjølvbetjening. Kr. 750,- pr. jeger pr. døgn. Anna kan evt. avtalast på førehand (eks. Hushjelp med servert varm brunch, m.m.) Alternativ 2 : Hytte u/ kost. Overnatting i hytte ( ca. 40m2, 5 sengeplassar (2 soverom + hems),bad m/varmekablar, kj.krok og stove) til kr. 730,- pr. døgn. Leigetakarane held all kost sjølve. Vask av hytta er inkl. i prisen. Leigetakar tar med eigne sengeklede.
Kontrakt Guiding/undervisning : Obligatorisk startguiding for nye jaktlag på ca. 2 timar inngår i leiga. Guiding under oppholdet, hjelp til uttransport av felte dyr, utvomming, flåing, reinskjæring av skalle og koking av trofè, m.m. : kr. 360,- pr. time. Dette bør avtalast på førehand. Drivjakt og hjelp til postering : Kr. 200,- pr. time. (kr. 100,- pr. time ved aktiv jakt også for guidane). Drivjakt med Wachtelhunden Exalibur : kr. 120,- pr. time ved aktiv jakt også for hundeførar (kr. 240,-/time utan aktiv jakt for hundeførar). Partering : Transport til pølsemaker, kjøttkontroll utført av Mattilsynet (eigen dokumentasjon på dette er vedlagt kvart halve dyr) + modning på kjølerom + partering med vakumpakka stykningsdelar (indrefilet, ytrefilet,mørbrad,m.m.), sosekjøtt og karbonadedeig i ca. 0,7 kg-pakn. + kraftbein + lager på frys i inntil 2 mnd. : kr. 24,- pr. kg. slaktevekt. Transport og levert t.d Oslo (medio des/jan.) : kr. 450,- pr. dyr. Anna kan evt. avtalast på førehand.
Trofèjakt Alternativ 3 : (Eksklusiv jakt - her går ein etter den aller største bukken) Guida jakt 1:1 i gunstig periode (brøleperioden). Jaktfelt på ca. 6.000 dekar (Jaktområde 1). Tidsrom: Fredag 28/9 kl. 17 til Tir. 2/10 kl.17. Eller Fredag 5/10 kl. 17 til Tir.9/10 kl. 17. 4 jaktdagar med 4 overnattingar i stor campinghytte med eigen kost. Kvote : 1 fri bukk. Evt. tilleggsdyr (kalv/kolle) ved tidleg felling av bukken (betalt på etterskot). Pris : kr. 18.000,- (+ trofè-avgifter). Kjøtt ikkje inkludert (tilfaller utleigar). Trofè-avgift (vekt dagen etter felling, kokt og reingjort heil overskalle) : - 0 til 3,0 kg : kr. 0,- - 3,0 til 4,0 kg : kr. 6.000,- (truleg bronse-medalje) - 4,0 til 5,0 kg : kr. 9.000,- (truleg sølv- eller gull-medalje) - Over 5,0 kg : kr. 12.000,- (svært sannsynleg gull-medalje)
«Sjå mulighetane i begrensningane, og ikkje begrensningane i mulighetane! «www.hjortejakt.com