Lom kommune. Ungdomsutveksling Lom - Röttingen. Mat & oppleving langs Nasjonale turistvegar

Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Spørjeundersøking om sentrumsområde

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for Rosa september 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Lønnsundersøkinga for 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

«Ny Giv» med gjetarhund

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Rådgjevarkonferanse 2009

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Juvet Landskapshotell

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Innovasjonsmetoden vår

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Psykologisk førstehjelp i skulen

Brukarrettleiing E-post lesar

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

1. Kommentarar til møtereferat : 2. Prosjektstilling til system for kvalitetssikring

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Trygg og framtidsretta

Jon Fosse. For seint. Libretto

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Med god informasjon i bagasjen

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

/

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Reiselivskonferansen i Møre og Romsdal 2012 Hotel Union Geiranger. Oktober Prosjektleiar Egil Ørjan Thorsen

Plassebakken Barnehage

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Rådgjevarkonferanse 2010

Møteprotokoll for møte i

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Transkript:

Lom kommune Informasjon frå Lom kommune Lomsnytt nr 2-2010 Fulldistribusjon Gode resultat i Lom Resultata frå fleire nasjonale undersøkingar er nyleg klare, og dei syner svært gode resultat for skulane, bilbioteket og nettstaden. Gjestfritt og nyskapande Les meir på side 3. Ungdomsutveksling Lom - Röttingen I vår vart vi i Lom ungdomsråd spurde om vi var interesserte i å vera med ei utsending frå kommunen og vitja Röttingen i Tyskland. Biletet i toppen er teke gjennom vidauga i kommunestyresalen. Foto: Brynjulf Aartun Utgjevar: Lom kommune Midtgard 2686 Lom Telefon: 6121 7300 Faks: 6121 7301 Epost: post@lom.kommune.no http://www.lom.kommune.no Les meir på sidene 4 og 5. Mat & oppleving langs Nasjonale turistvegar Prosjektleiar Egil Ørjan Thorsen skal arbeide for å nå måla om næringsutvikling og tilgjenge av mat langs Nasjonale turistvegar. Les meir på sidene 6 og 7.

Julehelsing frå ordførar Simen Bjørgen Vi kan sjå attende på eit hektisk år i Lom Satsinga på Lom som nasjonalparklandsby er i ferd med å feste seg som ein brei partnarskap. Vi har endra organiseringa av landsbyrådet slik at både ungdom og næringsliv er betre representerte. Gjennom deltaking i verdiskapingsprogrammet for naturarven har det skjedd mange fysiske tiltak det siste året. Enda meir vil skje framover. Vil studere utviklinga i Lom Ei kort historie kan belyse dette enda betre. I slutten av august hadde eg besøk av ordførar og opposisjonsleiar frå Grane kommune i Nordland. Dei kom for å studere utviklinga i Lom med særleg fokus på sentrumskvalitetar. Dei er ikkje dei einaste som har vitja oss dei siste åra av same årsak. Det som slo dei på vår vesle sentrumsvandring, var kor pent og velstelt alt var. Difor må eg nytte dette høvet til å takke alle som bidreg, både eigne tilsette, næringsdrivande og frivillige på dugnad. Dette gjer Lom til ein attraktiv stad å vitja. Klimaparken Klimapark 2469 er ei anna sak som har medført mykje god omtale siste år. Nå er eit langsiktig mål nådd sidan vi kom med i finanskomiteen si innstilling med 1 million kroner. Dette er eit viktig prov på Stortinget si 2 anerkjenning av prosjektet. Fleire spanande rom vil Ordførar Simen Bjørgen kunne opna seg. Det er også gledeleg at vi kan vi sjå attende på eit år med mange nyetableringar og ei betydeleg vidareutvikling av eksisterande næringsliv i Lom. Ny sokneprest Det gleder meg at vi dette året skreiv historie i Lom. Lom fekk sin fyrste kvinnelege sokneprest gjennom tidene. Synnøve Sakura Heggem kom til oss, og vi har eit felles ansvar for at ho skal finne seg til rette i bygda. Eg ynskjer henne lukke til i den viktige tenesta. Budsjettarbeidet Juleførebuingar er så mangt. For kommunen markerer desse dagane endepunktet for eit langvarig arbeid med budsjett og økonomiplan. Kommuneøkonomien dei siste åra har gjeve oss armslag til gradvis å utvide aktiviteten i kommunen, og denne utviklinga vil halde fram i 2011. Budsjettarbeid er likevel krevjande fordi det i alle høve vil handla om å prioritere mellom naudsynte tiltak og investeringar. Hadde vi hatt romslegare økonomiske rammer, kunne vi prioritert meir, men vi har framleis handlingsrom som gjer oss i stand til å oppretthalde eit godt tenestenivå på alle område i kommunen. Det er målretta arbeid med langsiktige strategiar som byggjer og utviklar framtidsbygda vår. Gjestfritt og nyskapande er den overordna visjonen Vi har store utfordringar også framover. Men utfordringar løyser alltid vi best saman. Har du forslag til noko som kan gjerast betre i Lom, er du alltid velkommen til å ta kontakt med meg, andre politikarar eller administrasjonen. Eg takkar med dette alle tilsette, politikarar og alle engasjerte lomverar både innanbygds og utanbygds, for eit godt samarbeid i året som snart er over. Eg ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år.

Gode resultat i Lom kommune Skulane i Lom gjer det godt på nasjonale prøver Barneskulane får resultat som er over langdsgjennomsnittet på dei nasjonale prøvene (sjå oversikten): Resultat nasjonale prøver Nasjonalt Oppland Lom 5. steg engelsk 2,0 2,0 2,1 5. steg rekning 2,0 2,0 Ikkje publisert 5. steg lesing 2,0 2,0 2,2 Også ungdomsskulen gjer det svært godt på dei nasjonale prøvene. 8.- steget er best i Oppland i engelsk og lesing, og dei får eit resultat over gjennomsnittet for Oppland i lesing. - Eg er svært godt nøgd med resultata, seier rektor Tore Nettstaden vår er den femte beste i heile landet I Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) si årlege undersøking av kvalitet på offentlege nettstader fekk Lom kommune ein totalscore på 92% som er fram frå 88% i fjor. Med det vart vi også i år best i Oppland, og vi kom på ein Biblioteket - på topp i Oppland Statistikk for bibliotek i 2009 syner at Lom folkebibliotek ligg på topp i Oppland. For 4. året på rad er det lomverane som syner seg å vera dei ivrigaste bibliotekbrukarane i fylket. Kvar lomver låner i snitt 9,72 bøker eller andre medium og besøkjer biblioteket om lag 8 gonger i året. Barn og ungdom er dei aller ivrigaste lånarane. I Lom låner kvart barn i snitt 22 bøker i året. Snittet i landet ligg på 8,59. Grunnane til dei gode tala for Lom er mange. Biblioteket ligg svært sentralt plassert med barnehage, barne-, Mundal, men eg må peike på at resultata på 8.-steget også kjem av det gode arbeidet som er gjort i barneskulane i Lom. Det gleder meg og å sjå at halvparten av elevane i 9. klasse går fram i år. delt femteplass av dei 682 undersøkte offentlege nettstadene. Lom kommune (92%), Sel kommune (84%), Oppland fylkeskommune (81%) og Nord- Fron kommune (80%) var dei einaste nettstadene i Oppland med seks stjerner. ungdoms- og vidaregåande skule i gangangavstand. Skulane og biblioteket har eit godt og utbreidt samarbeid. Merete Byrøygard er tilsett som barne- og ungdomsbibliotekar på folkebiblioteket. Delar av stillinga hennar er sett av til samarbeid med skulane, bokprat og skulebesøk. Ho meiner at den nære kontakta med barn og unge som det tette samarbeidet med skulane fører med seg, er ei viktig årsak til at barna i Lom vil lesa. Dei 4 kommunene som toppar statistikken i Oppland for utlån pr innbyggjar: Utlån pr innb. Besøk pr innb. Utlån bøker pr barn Utlån bøker pr vaksen Lom 9,72 8,2 22,08 4,28 Skjåk 7,17 5,4 11,57 3,34 Øystre Slidre 6,53 4,6 14,85 2,41 Jevnaker 6,42 2,1 7,88 3,25 3 Gjennomsnitt Oppland 4,95 3,9 9,21 2,45

Ungdomsutveksling Lom - Röttingen Lom ungdomsråd til Röttingen I vår vart vi i Lom ungdomsråd spurde om vi var interesserte i å vera med ei utsending frå kommunen og vitja Röttingen i Tyskland. Ja, svarte vi og i månadsskiftet august/ september var vi så heldige at vi fekk tur til Röttingen. Vi skulle bu hjå vertsfamiliar med ein jamaldrande tysk ungdom og vera der i 5 dagar. Då vi reiste, visste vi ikkje kven vi skulle bu hjå, og dette gjorde oss ekstra spente. I løpet av dagane vi var der fekk vi eit innblikk i korleis ungdomane der har det, og korleis lokalsamfunnet elles er. Röttingen er ein liten kulturby og har lange tradisjonar med festivalar om sumrane. Medan vi var der, hadde dei ein liten festival også, der kveldane var fylte med tivoli og vintelt. (Vindyrking er fremste næringa i Röttingen.) Under denne festivalen hadde dei eit stort opptog med pynta traktorar med hengarar med tema. Alle hadde sine tema, og det var lett å sjå at dette var noko folk engasjerte seg voldsomt i. Folk var generelt flinke til å engasjere seg og gjera ein frivillig innsats, noko vi her gjerne kan lære av og bli flinkare til. Under opphaldet fekk vi også kjøre gokart, vitja nabobyane, prata for byrådet og ikkje minst fekk vi nye vener. 4 Frå festival i Röttingen

Ungdomsutveksling Lom - Röttingen Da vi reiste frå dei, visste vi ikkje når vi kom til å sjå dei att, men det synte seg å ikkje bli så lenge til. Alt i byrjinga av november fann dei vegen til Lom. Under opphaldet vårt i Röttingen hadde dei tyske ungdomane ferie, så dei var med oss heile dagen. Då dei kom hit derimot, hadde ikkje vi det, så vi måtte syte for andre aktivitetar for dei medan vi var på skulen. Dei var blant anna på landsbyvandring (fjellmuseet, kyrkja, Presthaugen Gjenvisitt frå tyske vener o.a.), i klatrepark og var med i skuletimar på ungdomsskulen i tysk og spansk. Då vi fekk fri for helga, reiste vi opp på Sletten sæter på Medalen. Der overnatta vi og gjekk ned att over høa morgonen etter. Det var ei ny oppleving for dei fleste av dei å gå på fjelltur. Bortsett frå dette fann vi ut at vi hadde mykje til felles med ungdomane i Röttingen. Vi delte blant anna syn på heimplassen vår; ein fantastisk plass, men usikre på om det var her vi skulle bu i framtida. Vi i ungdomsrådet er svært takknemlege for at vi fekk lov til å vera med på dette og vonar at det ikkje tek slutt her. Vi har gjort oss gode erfaringar og ynskjer å samarbeide med dei i framtida. Marit Sletten, leiar i Lom ungdomsråd. Gode vener på tur 5

Prosjektleiaren for matruteprosjektet Sognefjellsvegen blir pilotprosjekt i denne satsinga saman med Nasjonal turistveg Rondane og Valdresflye, med oppstart i november 2010. Landbruks- og matdepartementet har til saman løyvd 6 mill til prosjektet. Av dette går 3,5 millionar til pilotområda og 2,5 millionar til gamle Strynefjellsveg og Geiranger Trollstigen. Totaloppleving Utgangs punktet for prosjektet er å støtte opp om totalopplevinga rundt turistattraksjonen Nasjonale turistvegar. Her vil vi arbeide for å styrke og utvikle mat- og reiselivssatsinga i samarbeid med aktørar som har forretningsinteresser langs verdikjedene mat og reiseliv. Mål for prosjektet Auka næringsutvikling innan mat, reiseliv og opplevingar langs turistvegane. Betre tilgjenge, kvalitet og sørvis knytt til mat, reiseliv og opplevingar. Mat og oppleving langs I jordbruksoppgjeret 2009 vart det vedtatt å starte opp prosjektet Mat & oppleving langs Nasjonale turistvegar. Samarbeid Prosjektet skal arbeide fram konkrete resultat i form av lønsam næringsaktivitet og samarbeidsgevinst langs vegen. Vidare ynskjer ein å få til ein praktisk prosjektmodell med overføringsverdi til dei andre 6 turistvegane når det gjeld planlegging, gjennomføring og evaluering. Egil Ørjan Thorsen frå Stavanger (40) er nyleg tilsett som prosjektleiar for det treårige prosjektet Mat & oppleving langs Nasjonale turistvegar. Han har kontorplass på Norsk Fjellmuseum i Lom. Foto: Privat

Nasjonale turistvegar Målet er næringsutvikling Prosjektleiaren skal gjennomføre arbeidet for å nå måla om næringsutvikling og tilgjenge av mat langs Nasjonale turistvegar. Dette vil bli gjort gjennom til dømes: Etablere kontakt og samarbeid lokalt (serveringsstader, aktivitetsbedrifter, overnattingsbedrifter, destinasjonsselskapa, kompetansemiljø, skular) Gjennomføre informasjons- og motivasjonsmøte Kartlegging av tilbod i dag og setje mål for ønska tilbod Støtte og hjelpe bedrifter som vil gjennomføre bedriftsutviklingstiltak der dei vil arbeide med mat, aktivitet og sørvis Finne fram til lokale råvarer og lokale matrettar Gjere tilboda synlege og tilgjengelege Utvikle og pakke produkt slik at dei er klare for sal Finansiere tiltak gjennom prosjektet og i samarbeid med andre partar Etablere og følgje opp standardar for kvalitet i tråd med dei måla som er sett for nasjonale turistvegar Samarbeid med andre prosjekt/fagmiljø Felles ved dei fleste områda knytt til Nasjonale turistvegar er ikkje berre det vakre og dramatiske landskapet, men også den gode kvaliteten på luft, vatn og beitelandskap, fortel Thorsen. Dette gir eit godt utgangspunkt for sunne og reine kvalitetar på mat og drikke frå bonden og fiskaren til Best på kvalitet mattallerkenane. Desse kvalitetane skal vi prøve å synleggjere enda betre, slik at totalopplevinga saman med aktivitetstilbod langs vegane gir eit enda høgare utbytte både for dei vegfarande og lokalsamfunnet, seier prosjektleiar Egil Ørjan Thorsen. Invitasjon til oppstartsmøte i Lom om partnerskap i bedriftsnettverk 31. januar og 1. februar 2011 I oppstartsfasen til prosjektet er det viktig at næringa får eit eigarforhold til tiltaka som skal gjennomførast. NCE Tourism Fjord Norway vil ha eit innlegg om korleis deira klyngeprosjektet er organisert og knytt til forpliktande avtaler. Gjennom å invitere til deltaking i ein næringsklynge som samhandlar om felles potensial og utfordringar, ynskjer ein å styrkje den totale produktopplevinga, optimalisere høgsesongen og fokusere på skuldersesongane. Målgruppe: Næringsaktørar som har forretningsinteresser langs verdikjedene mat og reiseliv knytt til strekningane Sognefjellet, Valdresflye, Rondane, Gamle Strynefjellsvegen og Geiranger Trollstigen. Påmelding: sognefjellet@gmail.com Påmeldingsfrist: Onsdag 5. januar 2011 Kontakt Egil Ørjan Thorsen på e-post: sognefjellet@gmail.com, mobiltelefon: 959 61 815. 7

Felles ungdomsarrangement i regionen Det går mot nytt Bøverbrus 11. - 12. mars 2011 Nytt av året er at ungdommar frå heile Nord-Gudbrandsdalen blir inviterte til å vera med på ungdomsarrangement som begynner med kveldsaking og bålkos fredagskvelden. Det er Lom ungdomsråd som har teke initiativ til dette tiltaket. I samarbeidsmøtet mellom ungdomskontaktane i regionen på regionkontoret var det interesse for arrangementet. Dei seks norddalskommunane har eit godt Fleire felles ungdomsarrangement Framover vil det bli lagt til rette for felles ungdomsarrangement ulike stader i regionen, alt frå Lesja til - ja, nettopp - Bøverdalen. Det blir invitert til ungdomskveld fredagskvelden med enkel ovenatting og eit ungdomsretta samarbeid på fleire område, ikkje minst når det gjeld ungdomstiltak. Lom ungdomsråd har heile tida vore ein viktig aktør i Bøverbrus, m.a. med leiaren i ungdomsrådet som festivalsjef. Gjer klar doningar til kostymerennet Når jula er over, er det berre å planleggje både doning og utkleding til det festlege rennet frå Raubergstulen til Galdesand. stutt seminar laurdag føremiddag. Laurdag er det sjølvsagt også høve for tilreisande å vera med på den folkefesten som kostymerennet Raubergstulrennet er. Det er nok det store høgdepunktet for mange. Ungdommar i Lom og heile regionen kan også sjekke om soveposen og liggjeunderlaget er klare til bruk under Bøverbrus. 8 Også i 2011 vert det Bøverbrus med mange spennande aktivitetar Nærare detaljar for Bøverbrus 2011 vil koma etter kvart. Fylg gjerne med på www.boverbrus.no eller www.lom.no

Arrangement i jula og utover i januar Lomskyrkja Bøverdalskyrkja Garmokyrkja Lom helseheim Bøverdalskyrkja Garmokyrkja Lomskyrkja Kyrkjene er naturleg nok sentrale i julefeiringa, her Lomskyrkja i haustfargar Norsk Fjellmuseum Lom samfunnshus Garmokyrkja Lom samfunnshus Norsk Fjellmuseum Norsk Fjellmuseum 9

Ny kommunestyresal Den nye kommunestyresalen er teken i bruk No står den ombygde kommunestyresalen klar. AS Midtgard har bygt om salen for framtida. - Eigentleg var det Lars Kvalheim som burde stått her, innleia Odd Arne Kroken, styreleiar i AS Midtgard. Det var han som starta og dreiv fram prosessen. Den ferdige salen fekk ikkje han sjå, men vi er godt tilfredse med resultatet, sjølv om det har kosta, heldt Kroken fram. Tekniske hjelpemiddel Salen har ikkje vorte fornya sidan Midtgard vart bygt, så tida var inne for ei fornying. Den nye salen har ljose fargar og ljosarmatur. Salen er utstyrt med dei Både kommunen og banken treng eit slikt lokale, kommunestyresal blir ikkje heilt dekkjande heretter. Det blir ein fleirbruksal, for å låne litt terminologi frå eit anna prosjekt. tekniske hjelpemidla ein treng i ein slik sal i dag. IT-konsulent Gaute Husom demonstrerte det nye AV-utstyret for dei frammøtte. Banksjef Arne Henning Falkenhaug og ordførar Simen Bjørgen gratulerer kvarandre med møtesalen på Midtgard. Nyskapande med rot i tradisjonen Ljoset skal kunna sløkkjast heilt, men det vil stort sett vera noko ljos på, bortsett frå om natta. Nesten alt er fornya, både møblar, fargar og det Møterom på galleriet Halve galleriet er bygt inn som eit møterom, også dette nytt, ljost og med det tekniske utstyret ein treng i slike rom i dag. heile. Men eine veggen med skjeltrekopanel vitnar framleis om Lom kommune sin identitet og Torbjørn Fjeldstad sin arkitektur. Det er all grunn til å gratulere AS Midtgard og hovudbrukarane Lom kommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk med fornyinga. IT-konsulent Gaute Husom demonstrer nytt og moderne teknisk utstyr. 10 Nytt fint møterom på halve galleriet

Friviljugheita som merkevare Friviljugsentralen - ein populær møteplass Friviljugsentralen har i år fått ny logo. Den nye logoen er vorte ei merkevare for alle friviljugsentralane i landet. Attendemeldingane på logoen er gode, i lokalavisa blir denne sett når friviljugsentralen annonserer med alle aktivitetane gjennom året. Friviljugsentralen har etter kvart vorte ein særs populær og verdifull møteplass for mange i bygda. Der treffer ein venner og kjente og skaffar seg nye venner. Møteplassen er for alle aldersgrupper. Sentralen er utvikla av menneske som er knytte til sentralen. Sentralen initierer, mobiliserer og samordnar friviljug aktivitet. Aktivitetane er lagt opp i tråd med lokale føresetnader og behov. Aktivitetane er eit tillegg til offentleg verksemd. Lom friviljugsentral har ei verdiplattform: TRIVSEL, TRYGGLEIK. TILHØYRE. Den friviljuge innsatsen i Lom er stor, sjølv om det er vanskeleg å slå fast akkurat kor mange friviljuge timar det dreier seg om til saman, over 8000 timar i året, nærare 4 årsverk. Ein opplever ei entusiasme blant innbyggjarane, Trivsel, tryggleik og tilhøyre ved å stille opp og hjelpe sine medmenneske. Dei friviljuge får ikkje noko lønn for arbeidet, dei betaler av sin eigen lykkebrønn, ved å gi av tida si til andre. Styret og dagleg leiar vil gjerne takke alle for eit godt samarbeid. Og vi vil gjerne takke dei friviljuge for all den gode baksten som har vore servert gjennom året. Ope mellom klokka 10 og 13 i romjula Friviljugsentralen har behov for fleire friviljuge (sjåførar, besøksvenner på institusjon, hjelparar på treffdagar), ta deg ein tur innom i romjula. Dagleg leiar spanderer kaffi! I 2011 starar vi opp att: fredagstreff fredag den 7. januar. Stavganggruppe tysdag den 18. januar. Bundingen startar Sjølvsagt skal vi halde fram i 2011 att måndag den 17. januar. Småbarnstreffen onsdag den 2. februar. Velkomne til nye og gamle! Med ynskje om ei fin julehelg og eit godt nyttår! Ella Hoel dagleg leiar, Lom friviljugsentral 11

12 Stønad frå legat? Frist 21. januar 2011! Torlaug Kvandalsvolds minnefond Fondet har som føremål å vera til hugnad og glede for dei som bur i Lom, heimbygda til Torlaug Kvandalsvold. Desse kan søkje: Kyrkjekonsertane i Lom kommune Lom helseheim Lom pensjonistlag Bøverdal Samfunnslag Speidaren Skulekorpsa i Lom kommune Olav Ulmo og Ola T. Kløvvoldens samlegat for utdanning Ledige fondsmidlar skal delast ut til Stønad frå legat og offisielle vegnamn i Lom ungdom frå Lom kommune som treng støtte til vidaregåande eller høgare utdanning. Barbro og Rikard Marsteins utdannings- og minnefond Fondet har som føremål å gje økonomisk støtte til utdanning, etablering og drift av næringsverksemd for personar frå Lom kommune som tek meisterutdanning i eit handverksfag. Primært skal støtta gå til personar innan fagområda snikkar, treskjerar, trevareog møbelsnikkar og tømrar. Søk stønad frå legat! Kanskje kan du, eller eit lag eller foreining som du er medlem i, vera kvalifisert til stønad frå eitt av desse fonda. Om du trur det, send skriftleg søknad innan 21. januar 2011 til: Lom kommune Midtgard 2686 Lom Invitasjon til romjulsmøte Alle innbyggjarar og utflytte lomverar blir inviterte til romjulsmøte i den nye kommunestyresalen onsdag 29. desember kl 12. Nytilflytta lomverar er spesielt inviterte. Nytt dette høvet til å treffe politisk og administrativ leiing i Lom kommune og til å bli kjent med andre innbyggjarar! Program: - Informasjon om innbyggjarundersøkinga - Orientering om fleirbrukshall - Underhaldning Vel møtt! Merk konvolutten med namnet på fondet du søkjer midlar frå. Kom på romjulsmøte og sjå den nye fine kommunestyresalen på Midtgard, her frå den offisielle opninga 3. desember. Lom kommune ynskjer innbyggjarar, utflytte lomverar og lomsvener ei riktig God jul og eit Godt nytt år!