Møteprotokoll Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Vårsøg hotell, Surnadal Dato: 01.-03.02.2013 Tid: 17:00 er som møtte: Åse Kristin Ask Bakke Asgeir Stavik Hustad Sjur August Waagbø Georg Michaelis Marthe Emilie Hansen Peder Gjerstad Elin Anita Kvisvik Ramona Breivik Torgeir Vestre Solveig Buvik Sønderland Daniel Haavardsen-Bråttvik Funksjon Leiar Nestleiar er som ikkje møtte: Marcus Svenning Sarah Giskegjerde Mathias Dybvik Funksjon Frå administrasjonen møtte: Monica Molvær Hege Kristin Hovde Stilling Elev- og lærlingombod Trainee, info.avd Sekretariat: Anne Berit Svenkerud Halle Stilling rådgivar
2 Til dette oppstartsseminaret var både faste- og varamedlemmar innkalla. Neste møte er på Fylkeshuset i Molde frå den 15.-17. mars. Frist for å få med saker til sakslista er den 6. mars 2012. Fredag kveld var det mediekurs med Hege Kristin Hovde frå informasjonsavdelinga i fylkeskommunen. Eit veldig bra og lærerikt kurs kor UP fekk prøve seg gjennom spennande oppgåver i samarbeid med andre. Laurdag var via til kurs i taleteknikk og møteleiing ved elev- og lærlingombod Monica Molvær. Eit viktig kurs som sette fokus på mange av utfordringane som UP vil møte i løpet av året. Gjennom praktiske øvingar og konstruktive tilbakemeldingar fekk UP viktige tips og råd. Laurdag frå kl.10.00 11.30 hadde UP møte med ungdomsråda i Halsa, Rindal og Surnadal. Eit konstruktivt og bra møte. Om kvelden laurdag var UP publikum under Halsa, Rindal og Surnadal sitt felles UKM arrangement i kulturhuset i Surnadal. Her vart og prisen Årets ungdomskommune 2013 delt ut til Surnadal kommune. I tillegg til sakslista tok UP opp følgjande: 1. UKM URG. Marthe Emilie Hansen orientert om URG. 2. 5 th International Youth Meeting: European Citizen Where are you? : Trond Myrland internasjonal gruppe jobbar samen med Hordaland fylkeskommune med å få til eit prosjekt kor nokon frå UP saman med ungdommar frå Hordaland og Sogn og Fjordane deltek på dette møtet i haust. Det er sendt inn søknad til Aktiv ungdom. 3. Aktiv ungdom prosjekt 6. mai i Trondheim. Tema: Barn og unges deltaking i samferdselsprosjekt. Søknad sendt inn til Aktiv ungdom 1.februar. Veldig gode tilbakemeldingar på prosjektet frå Aktiv ungdom. Vi planlegg vidare og jobbar no med å invitere aktuelle gjestar. 4. Vidareutdanning av lærarar: Settast opp på sakskartet under møtet i april. Blir ei orientering frå utdanningsavdelinga ved rådgivar Harald Tomren. 5. Ungdommens transportplan: vurderast som mogleg UFT sak. Ses i samanheng med møtet i mai om samferdselsplanlegging og deltaking av barn og unge. 6. Innkalling til fellesmøte for dei rådgivande utvala og leiinga i fylkeskommunen, 13.februar 2013, Quality Hotel Alexandra, Molde. Solveig, Marthe og Sjur deltek frå UP. Åse Kristin er vara. Ramona meldt forfall pga prøveeksamen, kan Åse Kristin eller andre?
3 7. UFT Sogn og Fjordane frå den 15.-17. mars. Dette er samstundes som vi har vårt møte i Molde. Det var difor vedteke at Solveig og Daniel reiser dit. Dei er no påmeldt. 8. Ungdomsmidlane frist 1. april. UP må i alle samanheng hugse å fortelje om midlane og oppmode ungdom til å søkje. Det vil bli satt inn annonsar i utvalde avisar rundt den 1. mars. Anne Berit sendar ut plakatar til UP slik at UP kan ta med desse til sine skolar. Elles sender Anne Berit ut informasjon til kommunane og skolar via mail. 9. Ungdomssymposium/konferanse laurdag 13. april på Plassen i Molde. Alle i UP inviterast, faste og vara. Sett av dagen nå og meld i frå om du ikkje kan delta. Tema: Høgare utdanning og planane om ein felles høgskule Høgskulen i Møre og Romsdal. UP vil bli invitert saman med representantar frå ungdomspartia, vgs skolar og høgskular. Ein ønskjer å informere om utdanningstilboda i fylket samt få ungdommens synspunkt på kva som må til for at ungdom skal velje å studere i eiget fylke og kva dei meiner om ein felles høgskule. Meir info kjem. 10. Stemmerettsjubileet. UP har fått kr. 15 000,- til å markere jubileet med eit ungdomsarrangement i Molde. Anne Berit samarbeidet med Høgskulen i Molde og Bjørnsonfestivalen om å finne dato og forslag til program. 11. Facebook. Alle har ei plikt til oppdatere resten av UP på kva dei gjer som UP medlemmar via den lukka sida vår. Hugs at du kan bruke sida til å diskutere tema og ta opp saker. Ber og om at dykk publisere aktuelle saker på den offisielle sida vår; Ungdomspanelet i Møre og Romsdal! Hugs og å tipse om aktuelle saker til ungweb.no. Opplæring i publisering på ungweb vil bli gitt seinare. Neste møte: Førebels saksliste: Miljøkoordinator Guri Bugge kjem innom for å snakke om møte 6.mai samt andre aktuelle miljøsaker. Rådgivar Trond Myrland frå internasjonal avdeling kjem for å snakke om Aktiv ungdom prosjekta våre. Ungdommens transportplan - noko for UP/UFT? http://www.tromsfylke.no/portals/0/vedlegg/milj%c3%b8%20og%20samfe rdsel/ungdommens%20transportplan_v2_nettversjon.pdf Vil UP skrive uttale knytt til Utkast til lov om sterkare vern av barn og unge mot skadeleg medieinnhald? http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/pressesenter/pressemeldingar/2013 /utkast-til-ny-lov-om-sterkare-vern-av-ba.html?id=713271 Referat frå Ungdommens storting ved leiar
4 Saksnr UP-1/13 UP-2/13 UP-3/13 Innhald Mediekurs Møteleiing og taleteknikk Arbeidsplan og -rutinar
5 1-13 Mediekurs Samrøystes vedtak i Ungdomspanelet Orienteringa vart teke til vitande. 2-13 Møteleiing og taleteknikk Samrøystes vedtak i Ungdomspanelet Orienteringa vart teken til vitande. 3-13 Arbeideplan og -rutinar Behandling i Ungdomspanelet Ansvarskommunar: I løpet av våren bør alle kommunane ha fått ein invitasjon til å møte UP. Alle må ta kontakt med sine ansvarskommunar og finn ein dato for dette. Hugs å gje beskjed til koordinator og leiar om tid og stad. Dei nye i UP må ha med seg ein av dei som har vore med på slike møter før eller Anne Berit fyrste gongen dei dreg ut på kommunebesøk. Google-docs: Ber om at alle legg inn oppdateringar om sine aktivitetar. Åse Kristin lagar eit dokument som dykk kan bruke. Hugs å bruke den lukka facebooksida vår og. Power-point presentasjonen. Den er oppdatert og klar til bruk. Men kvar og ein kan tilpasse ein eigen versjon om ein ønskjer å legge til spesielle team eller anna. Handlingsprogram: Vart gjennomgått under fellesmøte med ungdomsråda i Halsa, Rindal og Surnadal. Vedtekter UP og UFT: Alle skal ha lest gjennom dei før neste møte i UP. Du finn vedtektene blant anna på ungweb.no: http://ungweb.no/tenester/ungdommens-fylkesting-ungdomspanelet Etiske retningsliner: Anne Berit orienterte om etiske retningsliner. Har nokon spørsmål knytt til dette ta kontakt med Anne Berit. Du finn dei på mrfylke.no: http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/lov-avtale- Reglement/Reglement/Etiske-retningsliner/Etiske-retningsliner Møter i hovudutval. UP har delt desse mellom seg og det er UPs ansvar å sjå gjennom innkallingane til desse møta og vurdere om nokon av sakene er av spesiell interesse for UP. Alle legg inn ei melding på den lukka facebooksida vår om det er noko av interesse eller ikkje. Bruk og facebook til å seie frå om du kan møte sjølv i hovudutvalet eller ikkje. Det er ikkje forventa at dykk kan møte på alle. Det er halv møtegodtgjøring for UP når dykk deltek på desse møta.
Møtegodtgjersle mm. Spørsmål knytt til møtegodtgjersle, reiserekningar mm rettast til Anne Berit. 6 Godkjenning av møteprotokoll. Koordinator sendar ut protokoll til medlemmane i UP så snart det lar seg gjere etter møtet. UP har då to dagar til å komme med kommentarar eller rettingar. Etter to dagar publiserast protokollane.