Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Sandeid skule SFO Årsplan

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Program for. Årdal Venstre

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Program for. Sykkylven Venstre

Hemsedal KRF Program

Stord Venstre. «Lokaldemokratiet er berebjelken i eit levande folkestyre» Håkon Frode Særsten Ordførarkandidat for Venstre

Til deg som bur i fosterheim år

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

ETNE VENSTRE

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Til veljarane i Tysnes

Spørjeundersøking om sentrumsområde

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Program OSTERØY HØGRE

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Program for Bømlo Venstre

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Frå novelle til teikneserie

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Pedagogisk plattform

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Frå tre små til ein stor.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Psykologisk førstehjelp i skulen

Rådgjevarkonferanse 2009

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Ål Venstre. Ål Venstre

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Månadsbrev for Rosa september 2014

Tverrfagleg samarbeid i skulen

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsbrev for ROSA mars 2015

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Strategidokument

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Resultat fra folkemøte 8. april 2015

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Oversyn over økonomiplanperioden

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Transkript:

Valle Venstre «Menneska er viktigare enn systemet.»

Dette er Valle Venstre: Venstre er eit liberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i det enkelte mennesket, samstundes med at alle har ansvar for kvarandre. Venstre er spesielt oppteke av miljø, velferd, skule og småbedrifter. Valle Venstre er for eit samla Agder, og meiner at det på sikt og vil vere naturleg å sjå på om det er mogleg å slå saman Setesdalskommunane. Valle venstre vil fokusere på kvalitet og innhald i det som skjer i Valle kommune, og vi vil jobbe spesielt med desse sakene:

Eitt skulesenter i Valle kommune Vi meiner at både det sosiale miljøet og læringsmiljøet for elevane i grunnskulen vil bli betre dersom det er ein viss storleik på klassane. Ein samla grunnskule i Valle vil uansett ikkje bli ein stor skule, og vi trur at både lærarar og elevar vil dra nytte av eit noko større miljø. SFO bør ligge ved dette skulesenteret, og ein bør sjå om det er mogleg å sette opp ein buss frå Hylestad til SFO. Denne kunne og nyttast som kollektivtransport for folk som skal på arbeid i Valle. Barnehagane bør vere der dei er no. Det vil og vere ein stor fordel at grunnskulen og vidaregåande skule er samla på ein plass, slik at ein kan dra nytte av kvarandre når det gjeld lærarkrefter, utstyr, transport, kulturarrangement osb.

Næring i Valle Valle kommune må fortsette å legge godt til rette for nyetableringar, særleg med tanke på produksjon av lokale varer. Vi vil jobbe for eit utbreidd samarbeid mellom Setesdalskommunane når det gjeld satsing på nisjeprodukter, som til dømes lokale matvarer som kjøt og fisk. Det er viktig at Valle kommune opprettheld jordbruket, samstundes med at dei tenesteytande næringane får gode vilkår. Det er viktig å utvikle dette i heile Setesdal. Valle Venstre ynskjer å stimulere til utvikling av eit Setesdalsslakteri, slik at den lokale produksjonen av kjøt verkelig blir kortreist mat, og at lokale næringskrefter tener på produkta i alle ledd. Valle sentrum bør vere ein samlingsstad for både fastbuande og turistar. Det er viktig å få til ein sentrumsplan som tek omsyn til båe desse gruppene. Valle må satse vidare på Brokke som senter for vinteraktivitetar. Dette er særs viktig for turismen, og for å stimulere til ei utvikling av bedrifter i Hylestad. Samstundes er det eit godt rekreasjonstilbod til fastbuande og tilflyttarar.

Det treng ikkje vere nokon motsetnad mellom næring og miljø!

Miljø Valle Venstre har som mål å gjere det enkelt, trafikksikkert og attraktivt å sykle/gå mellom heim og skule/arbeid/fritidsaktiviteter. Det er difor viktig å få på plass gangog sykkelvegar som trengst for dette. Når det gjeld indre veg frå skulesenteret mot Valle sentrum, vil vi i første omgang stengje denne for gjennomkøyring. Dersom ikkje dette betrar sikkerheita til borna på eit godt nok vis, må det kome ein gang- og sykkelveg på denne strekninga. Vi har ein visjon om sykkelveg langs heile riksveg 9 i Setesdal. Det har både med tilrettelegging for miljøvenlege aktivitetar og med trafikksikkerheit å gjere. Vi vil at alle nye innkjøp til kommunen skal gjerast med tanke på miljøet og rettferdig handel, til dømes å kjøpe el-bilar i heimesjukepleien når dei gamle skal skiftast ut. Det er viktig at Valle kommune både i drift og investeringar har fokus på miljøet. Vi må bli meir medvitne om estetikk i bygda vår, særleg langs riksveg 9. Industriområde bør til dømes skjermast for innsyn frå vegen. Natur- og kulturområde i kommunen må leggast til rette for at folk utan bilar eller skuterar kan nytte dei. Gamle stigar og veger nær busettingar må ryddast for ferdsel, og i Valle bør elva bli meir tilgjengeleg for folk. Vi ser for oss ein promenade frå Halland til Valle motell.

Velferd Helse og omsorg I Valle kommune skal alle få hjelp og omsorg ut i frå livssituasjon og behov. Dette gjeld anten ein er ung eller eldre. Kommunen er i gong med å planlegge framtidige løysingar når det gjeld helse og omsorg, til dømes utgreiing av ei felles helseteneste for Valle og Bykle kommunar. Vi meiner at slike løysingar er viktige dersom Valle kommune skal halde fram med å vere eit sterkt, livskraftig lokalsamfunn. Samhandlingsreforma i helsesektoren set store krav til samarbeid, og Valle Venstre meiner at kommunen må fortsette å jobbe for å styrke helsesektoren ved å finne gode løysingar saman med dei andre kommunane. Ungdom Det er viktig at kommunen tek ansvar når det gjeld alle ungdommar som finnast her, også dei som kjem hit for å gå på skule. Valle har opptil 100 ungdommar i bygda mellom 13 og 25 år. Vi må jobbe for at alle desse får ei kjensle av å høyre til, også med tanke på mogleg framtidig busetting i bygda. Ungdomsklubb og tiltak elles for ungdom må rettast mot alle ungdommar som er i bygda. Å satse på eit godt ungdomsmiljø er å satse på framtida. Bustader Valle treng eit leilegheitsbygg for dei som skal ha bustad gjennom kommunen eller NAV. Valle Venstre vil jobbe for at eit slikt bygg blir ein realitet.

Venstre sine kandidatar i Valle 1 Ann Christin Jacob (47) Avdelingsleiar, lærar Brokke 5. Øyvind Jacob (57), Fysioterapeut, Brokke 6. Peer Ole Jacob (26), Student, p.t. Oslo 7. Ånund K. Homme (81), Forleggjar, Valle 2. Sissel Åkre (69) Tidlegare førskulelærar Valle 3. Steinar Homme (37) Kontorsjef Bø 4. Kristin Brokke (38) Miljøterapeut Brokke Foto: www.valle.venstre.no