OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 27.04.2009 Frå: 18.00 til 19.00 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Medlem Namn Laila Reiertsen Marie Bruarøy Nils Olav Nøss Eirik Neverdal Jonny Christensen Åse M. Gjerde Ole M. Lom Forfall Møtt for Åse M. Gjerde Frå adm. : Andre: Personalsjef Eva K. Røttingen Merknader: Behandla saker: Frå sak 5/09 t.o.m. 6/09 Underskrifter: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Os, 27.04.2009 Laila Reiertsen Leiar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 73
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 5/09 09/80 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET 6/09 08/1890 UØNSKA DELTID
5/09 Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 09/80 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET Behandling: &&& Fyll inn behandlinga av saka under denne linja Jonny Christensen kantinedrifta i Rådhuset Kva gjer vi for å berga kantina? Viktig å ha kantine. Prøva å sjå om kommunen kan subsidiera drifta. Personalsjefen ber rådmannen om å ta saka vidare. Laila Reiertsen - Lønsnivå Korleis ligg vi an lønsmessig når det gjeld høgskulegruppper, fagarbeidarar m.m. Nokon grupper kjenner seg akterutseilt lønsmessig. Til neste møte ønskjer ho oversikt over lønsutvikling i kommunen fordelt på kvinner og menn og stillingsgrupper. Kompetansekartlegging Personalsjefen orienterte om status for prosjektet. Dei lokale partar er samde om å utvida fristen for å vera ferdig med kartlegginga til 1.5.09 Partane lokalt drøfter kva som skal skje vidare. Når vi samanliknar med andre kommunar er Os kommune kome langt med dette arbeidet. Evaluering av Lønspolitikk for Os kommune Evalueringsarbeidet er godt i gong. Det blir ei lønspolitisk evalueringssamling for leiarar og tillitsvalde den 20. mai. Nytt hefte Lønspolitikk for Os kommune vert lagt fram for personalutvalet i neste møte. Værekraft Dokumentarfilmen Værekraft vert vist i Fjellheim 4. juni kl. 12.00. Leiarar, tillitsvalde, andre tilsette og personalutvalet er invitert til visninga. &&& Fyll inn behandlinga av saka over denne linja &&& Fyll inn vedtaket i saka under denne linja &&& Fyll inn vedtaket i saka over denne linja 6/09 Arkiv: 034 Arkivsaknr.: 08/1890 UØNSKA DELTID Framlegg til vedtak/tilråding: Personalutvalet godkjenner følgjande retningsliner for redusert bruk av uønska deltid: Den deltidstilsette må vera villig til å arbeida andre stader i kommunen innafor sitt kompetanseområde for at det skal kunna verta definert som uønska deltid Kartlegging av deltidstilsette sine ønske skal vera ein del av medarbeidarsamtalen, men det er den tilsette sjølv som har ansvar for å melde frå til næraste leiar om dei ønskjer utvida stilling I samtalen må ein vurdera om stillinga kan kombinerast med andre stillingar i kommunen. Einingsleiarane må i slike høve samarbeida og legga til rette for at stillingar kan kombinerast
Det er ikkje sjølvsagt at den deltidstilsette skal måtta ta heile den ledige stillinga. Dette må sjåast i samanhang med at kvar arbeidsstad skal gjennomgå arbeidsplanar og oppgåvefordeling for å sjå om det er tenleg å slå saman ledige deltidstillingar. Alle ledige stillingar skal først lysast ut internt ei veke før evt. ekstern utlysing. Ledige stillingar skal gjerast kjendt for alle tilsette i kommunen. Jfrm. AML 14.1 Det er ønske om å ha ein stillingsbank ved personalkontoret som registrerer tilsette i uønska deltid og dei med fortrinnsrett Det skal vurderast kompetanseheving dersom dette kvalifiserar den deltidtilsette til å få utvida stilling. Dette må vera ein del av medarbeidarsamtalen og arbeidsgjevar må legga til rette for utdanning/vidareutdanning som samtidig stettar kommunen sitt behov for kompetanse jamfør strategisk kompetanseplan for Os kommune. Behandling: &&& Fyll inn behandlinga av saka under denne linja Framlegg frå Laila Reietsen : Til første punkt: Når personar tar til i kommunen må det presiserast at dersom dei ønskjer høgare stilling må dei vera villig til å arbeida i heile kommunen. Framlegget vart samrøystes vedteke. Framlegg frå Jonny Christensen: Til fjerde punkt: Ta vekk den siste setningen: Det er ønske om å ha ein stillingsbank ved personalkontoret som registrerer tilsette i uønska deltid og dei med fortrinnsrett. Framlegget vart vedteke med to røyster. Ole Morten Lom vil ha protokollført at han meiner at intensjonen med setningen bør vera med. Personalutvalet ber om å verta jamnleg orientert om status for uønska delttid. &&& Fyll inn behandlinga av saka over denne linja Vedtak: &&& Fyll inn vedtaket i saka under denne linja Personalutvalet godkjenner følgjande retningsliner for redusert bruk av uønska deltid: Den deltidstilsette må vera villig til å arbeida andre stader i kommunen innafor sitt kompetanseområde for at det skal kunna verta definert som uønska deltid. Når personar tar til i kommunen må det presiserast at dersom dei ønskjer høgare stilling må dei vera villig til å arbeida i heile kommunen. Kartlegging av deltidstilsette sine ønske skal vera ein del av medarbeidarsamtalen, men det er den tilsette sjølv som har ansvar for å melde frå til næraste leiar om dei ønskjer utvida stilling. I samtalen må ein vurdera om stillinga kan kombinerast med andre stillingar i kommunen. Einingsleiarane må i slike høve samarbeida og legga til rette for at stillingar kan kombinerast.
Det er ikkje sjølvsagt at den deltidstilsette skal måtta ta heile den ledige stillinga. Dette må sjåast i samanhang med at kvar arbeidsstad skal gjennomgå arbeidsplanar og oppgåvefordeling for å sjå om det er tenleg å slå saman ledige deltidstillingar. Alle ledige stillingar skal først lysast ut internt ei veke før evt. ekstern utlysing. Ledige stillingar skal gjerast kjendt for alle tilsette i kommunen. Jfrm. AML 14.1. Det skal vurderast kompetanseheving dersom dette kvalifiserar den deltidtilsette til å få utvida stilling. Dette må vera ein del av medarbeidarsamtalen og arbeidsgjevar må legga til rette for utdanning/vidareutdanning som samtidig stettar kommunen sitt behov for kompetanse jamfør strategisk kompetanseplan for Os kommune. Personalutvalet ber om å verta jamnleg orientert om status for uønska delttid. &&& Fyll inn vedtaket i saka over denne linja