TRYGG I FJELL. Skulesjefen, Fjell kommune



Like dokumenter
Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Kvalitetsplan mot mobbing

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Implementering med kvalitet

på vegne av barn og unge

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ny 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Psykologisk førstehjelp i skulen

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

FORELDREMØTE. September 2019

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Fagsamling for barnehage og skole

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Vindafjord kommune sitt arbeid med å førebyggja og hindra SKULEFRÅVÆR. Status og erfaringar så langt. Oppfylgingsdag

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Velkommen til workshop

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Plan for tryggleik og trivsel ved Tangen skule

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Kommunedelplan for oppvekst

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Godkjent av kommunstyret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for overgangar. for barn og unge

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

BARN I MIDT-NOREG. Ein del av studien. psykisk helse i barnehagen. Folkehelsekonferansen, Oslo 15. oktober 2014 Bodil Brautaset Fagkonsulent barnehage

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Frå tre små til ein stor.

Handlingsplan mot mobbing og krenkelser. Bergeland videregående skole. Skoleåret

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Psykologisk førstehjelp i skulen

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Sandeid skule SFO Årsplan

Resept for eit sunnare FørdeF

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING


KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Barn og unge skal ha et godt og inkluderende læringsmiljø med nulltoleranse mot mobbing, krenkende ord og handlinger.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Transkript:

TRYGG I FJELL Skulesjefen, Fjell kommune Den nasjonale mobiliseringen mot mobbing viser at vi reagerer når våre barn og unge ikke har det bra. Dette er kanskje vår viktigste læring, og dette er samtidig en helt avgjørende forutsetning for at vi skal lykkes i vårt arbeid. Den kraften og viljen som ligger i oss alle, må brukes hver dag for at våre barn og unge skal trives og ha det bra. Ikke bare på skolen, men på alle arenaer og miljøer de beveger seg i. Krenkelser, mobbing, trakassering og diskriminering stopper ikke ved inngangen eller utgangen til skoleporten. De slutter heller ikke ved en spesiell alder eller når vi slutter skolen. Vi vet at krenkelser, mobbing, trakassering og diskriminering også skjer på mange arbeidsplasser og i fritidsmiljøer vi daglig befinner oss i. Dette er derfor et samfunnsproblem som må løses gjennom felles nasjonal innsats. Skolen har kraftfulle virkemidler og er en av de viktigste arenaene i denne innsatsen. Et trygt psykososialt skolemiljø er helt avgjørende for at alle elever skal føle seg inkludert... Frå innleiinga til NOU 2015:2 Å høre til virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

Målsettinga for TRYGG I FJELL er å førebygge og å redusere omfanget av mobbing generelt i Fjell kommune og å sikre at mobbing blir avdekka og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge. I handlingsprogrammet for 2014 til 2017 er dette formulert som «Intensivera arbeidet mot mobbing» (punkt 67). I Djupedalsrapporten (NOU 2015:2) legg ein til grunn at samfunnet både må ha ein nullvisjon om og ein nulltoleranse for mobbing. Dette synet ligg også til grunn for TRYGG I FJELL. Slagord: Å stoppe mobbing krev innsats frå alle i Fjell Visjon: Mandat: Lokalmiljø og fagmiljø i Fjell kjenner kvarandre og samarbeider i arbeidet mot mobbing og for eit trygt miljø for barn og unge Sikre og vidareutvikle kvaliteten i mobbearbeidet i skulane Utvikle og implementere ein «Fjell-modell» i arbeidet mot mobbing Møte og støtte systema utanfor skulen med tryggleik på skulens eigen kompetanse Prosjektet har to hovudfokus; å sikre og å utvikle kompetansen i grunnskulen, samt å auke kompetansen hos alle aktørar som møter barn og unge i kommunen og bidra til at mobbing blir oppdaga og stoppa på alle andre arenaer. Prosjektet er planlagt som eit 5 årig prosjekt med evaluering etter 3 og 5 år, og der ein samlar informasjon i ein web-basert modell med oversikt over tiltak på aktuelle nivå. Bakgrunn Det har dei siste 10-15 åra vore jobba aktivt mot mobbing i skulane i Fjell. Olweus-programmet vert i dag nytta av Knappskog, Landro, Misje og Ågotnes. Zero vert nytta av Bjorøy, Brattholmen, Foldnes, Hjelteryggen, Kolltveit, Liljevatnet, Skålevik, Tellnes og Ulveset. Respekt vert nytta av Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule. Danielsen barne og ungdomsskole og Sotra vidaregåande skule har vedtekne planar mot mobbing. I tillegg nyttar Sotra vidaregåande programmet VIP (Veiledning og Informasjon om Psykisk helse hos ungdom), der mobbing er eit tema. Det er viktig at skulane har ein plan for sitt antimobbearbeid, men det er ikkje nok. Etter ein dialog med mellom anna Komitè for drift og alle skuleleiarane hausten 2013, tok skulesjefen i januar 2014 initiativ til å starte eit prosjekt for å intensivere arbeidet mot mobbing i Fjell kommune. Det vart nedsett ei kompetansegruppe med deltakarer med særleg og relevant kompetanse frå skulefeltet, supplert med ein kommunepsykolog og ein frå rettleiarteamet for barnehagar. I ettertid er Trygg i Fjell : Kunne - Ville - Våge - Stoppe mobbing - November 2015 side 1

kompetansegruppa supplert med rektor frå Danielsen skule (privatskule) og elevinspektør frå Sotra vidaregåande skule. Kompetansegruppa fekk i oppdrag å ta tak i all mobbing barn og unge blir utsett for. Dette måtte innebere alle plassar der barn og unge oppheld seg (i skulen, på fritida og heime - og på «nett»), alle aktørar som møter barn og unge, og heile aldersspennet frå dei går i barnehagen og til dei blir vaksne. For å kunne nå alle barn og unge overalt, vart det frå starten planlagt samarbeid med ei referansegruppe som skulle representere alle aktuelle aktørar, både innan det offentlege og innan frivillig sektor. Etterkvart er dette blitt til to referansegrupper, ei med offentlege samarbeidspartnarar der mellom anna politi, kultursjef og hjelpetenester for barn og unge er med. Den andre referansegruppa har aktørar frå ulike råd og organ, som til dømes Ungdom med MOT, Ungdommens kommunestyre og Idrettsrådet, samt politikere frå Komité for drift. I tillegg vart det tidleg etablert ei gruppe der ein samla skulane sin spisskompetanse på arbeid mot mobbing og på klasseleiing (KAMP-gruppa sjå seinara). Kunnskapsgrunnlag Forsking på konsekvensar av mobbing viser at mobbing påverkar livskvalitet og fungering inn i vaksenlivet (Sigurdson, 2014). Langtidsundersøkingar viser at mobbing i barne- og ungdomsår gir psykiske og fysiske plager i vaksenlivet. Det er funne samanheng mellom det å ha vore involvert i mobbing (både som mobba og mobbar) på områder som lågare utdanning, dårlegare fungering i parforhold, dårlegare fungering i jobb, dårlegare sjølvrapportert helse, meir smerteplagar og hovudverk, samt høgare bruk av lovlege og ulovlege rusmiddel. Mobbing inneber mellom anna å gi negative meldingar om korleis ein ser ut og om korleis ein er som menneske. Utsegn som «du er stygg, du er dum» kan etterkvart bli internalisert i den som har vorte mobba sitt medvit og føre til automatiske negative tankar som personen tenkjer om seg sjølv i dei fleste høve. Dette er også kjernetankane ved depresjon. Om ein har opplevd at andre ikkje ønskjer ein vel, kan dette gje grobotn for ønskjer om å trekke seg vekk frå andre, og oppleving av at andre ikkje liker ein. Det er dette vi veit er kjerneproblematikken i angstliding. I den seinare tid har det blitt meir fokus på at mobbing skjer på mange arenaer samtidig. Mellom anna skriv Jan Spurkeland (2004) om 24 timars-mennesket, der vi har med oss heile mennesket i møte med dei ulike arenaer. Øystein Djupedal la 18.mars 2015 fram rapporten Å høre til virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø (NOU 2015:2). Denne rapporten gir ei grundig og god oppsummering av kunnskapsgrunnlaget om mobbing. I vårt arbeid har vi henta inspirasjon, kunnskap og tiltak frå dei to sentrale fagmiljøa på mobbing i Noreg, Olweus-miljøet ved RKBU Vest (Universitetet i Bergen) og Trygg i Fjell : Kunne - Ville - Våge - Stoppe mobbing - November 2015 side 2

Læringsmiljøsenteret (tidlegare «Senter for atferdsforskning») ved Universitetet i Stavanger. Nokre av dei sentrale ressurspersonane i Fjell er direkte knytt til Læringsmiljøsenteret. Olweus og Roland (1983) definerer mobbing som «gjentatte negative handlinger over tid - utført av en eller flere - mot en som ikke kan forsvare seg i den aktuelle situasjonen.» Dette er den same definisjonen som vert lagt til grunn i NOU 2015:2. «Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial atferd» har som hovurmål å redusere eksisterande mobbeproblem og å førebyggje mobbing og skape eit trygt og godt læringsmiljø for alle. Olweusprogrammet er eit tiltaksprogram «med vitenskaplig dokumentert effekt, som ikke krever store økonomiske innvesteringer; det dreier seg framfor alt om de voksnes holdninger, atferd, rutiner, samt bruk av personalets tid» (web-sida til Olweusprogrammet) «I Zeroprogrammet står nulltoleranse overfor mobbing sentralt. I tillegg handlar det om aktiv involvering i heile skulemiljøet og forplikting. Både tilsette, elevar og foreldra skal involverast slik at alle partar får eit eigarforhold til skulen sitt arbeidet mot mobbing» (web-sida til Læringsmiljøsenteret) IMPLEMENTERING I tillegg til kunnskapsgrunnlaget om mobbing har vi i dag eit omfattande kunnskapsgrunnlag for korleis ein kan implementera endringar i ein organisasjon eller eit samfunn. Dean L. Fixsen reknast som den framste implementeringsforskaren i verda og figur 1 er henta frå ein litteraturgjennomgang frå 2005. Figur 1 Frå Fixsen et al 2005 "Implementation research" Både ut frå forsking og ut frå eigen praksis i Fjell veit vi at det tar tid å skape varig endring, minimum 3 5 år. Vi veit og at det er nødvendig med støttesystem og systematisk oppfølging. Gjennom organisering med styringsgruppe, kompetansegruppe og referansegrupper tar vi i TRYGG I FJELL omsyn til dette. Vi veit også at tett oppfølging frå overordna leiing er viktig. Difor er skulesjef og fleire rektorar med i kompetansegruppa, og alle rektorane vert regelmessig orientert og involvert bl.a. gjennom skuleleiarsamlingar. Det er i tillegg tett kontakt med politisk nivå, med mellom anna politisk representasjon i referansegruppe. «Eksempel på hva skoleeier kan gjøre: Kommunestyret har gitt opplæringsadministrasjonen i oppgave å påse at skolene har både kort- og langsiktige planer for å forebygge, avdekke og stoppe mobbing og at disse planene jevnlig blir gjennomgått og evaluert. Det er også laget en overordnet plan mot mobbing som samtidig er en del av et kvalitetssikringssystem, slik det kreves etter opplæringsloven» (Læringsmiljøsenteret, web) KLASSELEIING God klasseleiing, der dei vaksne ser kvar enkelt elev og kva som skjer mellom elevane i gruppa, er ein grunnleggande føresetnad for å førebygge, avdekke og handtere mobbing i skulen. I Fjell har vi i barnehagane satsa på «De utrolige årene» Trygg i Fjell : Kunne - Ville - Våge - Stoppe mobbing - November 2015 side 3

(Universitetet i Tromsø). På barnesteget har vi implementert Tydeleg, Støttande og førebudd Klasseleiing (TSK), som er eit sjølvutvikla program der vi har fått SINTEF til å evaluere effekten av programmet. På ungdomssteget er programmet Respekt implementert (Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger). Respekt inneber både klasseleiing og arbeid mot mobbing. Klasseleiing er godt dokumentert som noko av det viktigaste ein kan gjere for å betre både læringsutbytet (Hattie, 2013) og læringsmiljøet (NOU 2015:2). Dei tre ulike satsingane på vaksne som leiarar (i barnehage, barneskule og ungdomsskule) har vore samkjørt i eit eige prosjekt under namnet «den raude tråden». Her har ein jobba for at dei vaksne skal nytte same språk og at metodar og haldningar er samkjørt. Det har også vore viktig å gjere programma kjent for dei andre systema, slik at ein framsnakkar kvarandre. Felles kompetansebygging og fagleg påfyll for ressurspersonar har også vore sentralt i «den raude tråden». Dei tre «vaksenleiingsprosjekta» er i siste fase av implementering og på veg over i driftsfase, og for skulane er dei to klasseleiingsprosjekta nå innlemma i det overordna og overgripande prosjektet «læringsleiing». Støttesystem Gangstø ressurssenter er eit kommunalt støttesystem for grunnskulen i Fjell. Rettleiarteamet for barneskulane er ein del av ressurssenteret. Rettleiarteamet jobbar på oppdrag frå skulane og er involvert i mange mobbesaker. Gangstø har etterkvart etablert mykje kompetanse på arbeid mot mobbing. I tillegg er ofte andre støttesystem involvert i dei mest krevjande sakene, som skulehelsetenesta, PPT, kommunepsykologane, barneverntenesta og BUP. Evaluering og datagrunnlag Den nasjonale elevundersøkinga og dei lokale mobbekartleggingane gir eit grunnlag for å anslå omfanget av mobbing på skulane i kommunen. Bruk av desse resultata på kommunenivå og på den enkelte skule er viktig. Andre grunnlag for evaluering vil også vurderast i prosjektet, til dømes evaluering av gjennomføring av tiltak. Evaluering og evalueringsgrunnlag (kvalitative eller kvantitative data) er meir utfordrande for delprosjekt utanfor skulen. Kva skal vere mål for desse delprosjekta? Skal det til dømes vere eit mål å avdekke mobbing? Då vil auka mobbetal vere uttrykk for god måloppnåing. Eller skal målet vere å redusere talet på faktisk mobbing. Kva data skal i så tilfelle leggjast til grunn? Dette er det førebels ikkje teke stilling til. I prosjektplanen er det lagt til grunn ei evaluering etter 3 og 5 år. I tillegg vil vi jobbe kontinuerleg med evaluering av delprosjekt og prosess. Trygg i Fjell : Kunne - Ville - Våge - Stoppe mobbing - November 2015 side 4

Forankring Politisk Komité for drift har tatt initiativ og blir orientert undervegs Skuleleiing (kommuneleiing) Skulesjef deltar og held rådmannen orientert Sentrale frivillige organ (td. Idrettsrådet) deltar i referansegruppe og forankrar i eigne organ om naudsynt Sentrale instansar utanfor skule deltar i referansegruppe Representantar for elever og føresette deltar i referansegruppe og forankrar i eigne organ om naudsynt Innbyggarane i Fjell - via lokal presse og kommunens eigen heimeside Organisering Det vart frå starten etablert ei kompetansegruppe som rapporterer til skulesjefens leiarteam (strategisk team). Kompetansegruppa blir leia av eit arbeidsutval. Frå starten vart det oppretta ei referansegruppe, som etterkvart vart inndelt i to referansegrupper, ei for offentlege instansar og ei for «frivillige» instansar der både frivillig sektor og politiske organ er med. Det vart tidleg etablert ei eiga gruppe (KAMP-gruppa) for arbeid med kvalitetsutvikling i skulane. Delprosjekt per november 2015 Gjennom kontakt med referansegruppene er det fortløpande tatt initiativ til ulike delprosjekt. IDRETTSPILOT Idrettsrådet er eit overordna organ for alle idrettslag i kommunen. I samarbeid Idrettsrådet og Hordaland idrettskrets har det vore jobba med å etablere systematisk arbeid mot mobbing innan idretten, og det er sett i gang eit pilotprosjekt for fotballag 6 til 12 år i Nest-Sotra/Nordre Fjell. Her har alle lag blitt utfordra på å ha 2 foreldrekontaktar (auke frå 1), og desse har saman med trenarane fått ei grunnleggande innføring i avdekking og handtering av mobbing. Metodar som vert nytta i skulen vert i dette prosjektet tilpassa til bruk i idrettssamanheng, slik at mobbing kan bli avdekka og handtert tidlegast mogleg. Oppfølginga lokalt skjer i regi av FairPlay-koordinatorane i klubbane, og dei kan i sin tur drøfte utfordrande saker i eit konsultasjonsteam der sentrale ressurspersonar frå kompetansegruppa deltek. KOMMUNALT FORELDREUTVAL I samarbeid med arbeidsutvalet for det kommunale foreldreutvalet vert det gjennomført ei årleg samling for alle FAU ane i kommunen. På denne samlinga vert det gjennom informasjon om mobbing og case-drøftingar reflektert om korleis KFU, FAU ane og kvar forelder kan bidra i arbeidet mot mobbing. KFU og FAU vil og bidra til å definere innhaldet i TRYGG I FJELL-modellen, når det gjeld foreldre og barn/unge. BARNEHAGE Barnehagane i Fjell har jobba veldig aktivt med å etablere gode vaksne leiarar for barnegruppene, jmf det som står over om vaksenleiing (og klasseleiing). I tillegg til at Trygg i Fjell : Kunne - Ville - Våge - Stoppe mobbing - November 2015 side 5

dei fleste barnehagane no har vore gjennom opplæring i «De utrolige årene», har mange av barnehagane også jobba med «Dinosaurskole», eit tilleggsprogram til «De utrolige årene» som skal auke barna sin sosiale kompetanse. Begge desse programma reknast som heilt grunnleggande i det mobbe-førebyggande arbeidet, men det har tidlegare ikkje vore fokusert særskilt på mobbing i barnehagane. No er det etablert ei eiga satsing på avdekking og handtering av mobbing også i barnehagane. Delprosjektet skjer i eit samarbeid med rettleiarteamet for barnehagane og styrarane i barnehagane. Det har vore samlingar for alle styrarane i kommunen og det er gjennomført samlingar på ettermiddag med tilbod til alle tilsette i barnehagane. Metodar som vert nytta i skulen vert i dette prosjektet tilpassa til bruk i barnehagane, slik at mobbing kan bli avdekka og handtert tidlegast mogleg. Barnehagar som har prøvd dette ut rapporterer allereie om gode erfaringar og deler sine erfaringar med dei andre barnehagane. KVALITET I SKULANE Sjølv om TRYGG I FJELL frå byrjinga var tenkt som eit supplement til arbeidet i grunnskulane i Fjell, var det ved prosjektstart unison semje blant skuleleiarane om at det står att mykje arbeid i skulane når det gjeld mobbing. Det vart difor tidleg etablert ei undergruppe som skulle ha fokus på kvaliteten i arbeidet mot mobbing i skulane. Gruppa fekk namnet KAMP-gruppa, som står for «Kommunens-Anti-Mobbe-Plangruppe», og fekk i første omgang ansvar for å samkjøre dei tre mobbeprogramma som vart nytta, og å sikre kvalitet i arbeidet på kvar skule. Det er ikkje nok at skulen har implementert eit anti-mobbeprogram om ikkje skulane driv eit kontinuerleg og omfattande vedlikehalds- og utviklingsarbeid. I KAMP-gruppa er det med representantar for alle tre programma, samt for klasseleiingsprogramma TSK og Respekt. I arbeidet med å samkjøre alle skulane og dei tre programma, har det mellom anna vore jobba med ei konsekvenspyramide, med samkjørte konsekvensar for mobbing for alle skulane i Fjell. KAMP-gruppa har også jobba med å definere innhald i webmodellen (sjå under) når det gjeld skule. WEBMODELL Ved etableringa av TRYGG I FJELL tok vi utgangspunkt i ein web-basert interaktiv matrisemodell utvikla av utdanningsdirektoratet. Direktoratet sin modell var inndelt i førebygging, handtering og brukermedverknad, og med aktørane elev, foreldre, lærar, skuleleiar, skuleeigar og fylkesmann, ei inndeling som reflekterer skule og mellom anna er knytt til rettar og klagehandsaming. I vår modell er «handtering» delt opp i tre fasar; avdekking, handtering og etterarbeid, og alle aktuelle aktørar i kommunen ligg inne. Modellen er tenkt å gje kort og tydeleg informasjon, med linkar og meir informasjon ved behov. Modellen er framleis under utvikling. Trygg i Fjell : Kunne - Ville - Våge - Stoppe mobbing - November 2015 side 6

Referansar: Fixsen, Dean L., Naoom, Sandra F., Blase, Karen A., Friedman, Robert M. & Wallace, Frances, 2005. Implementation Research: A Synthesis of the Literature. University of South Florida Hattie, John, 2013. Synlig læring. Oslo: Cappelen Damm NOU 2015:2 Å høre til virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø Sigurdson, Johannes Foss, 2014. «Is involvement in school bullying associated with general health and psychosocial adjustment outcomes in adulthood? Child Abuse & Neglect, volum 38 s 1607-1617 Spurkeland, Jan, 2004. Relasjonsledelse. Oslo: Universitetsforlaget Kompetansegruppe november 2015: Jogeir Sognnæs PPT arbeidsutval - prosjektleiar Ingvar Landa Gangstø ressurssenter arbeidsutval Guttorm Helgøy Gangstø/rettleiarteamet arbeidsutval Tore Foldnes Ågotnes skule Cecilie Dahl Hjelteryggen skule Anja Solli Brattholmen skule Gjertrud Ekerhovd kommunepsykolog Marianne Callan Gjerstad rettleiarteam barnehage Frode Monsen rektor Danielsen skole Natalie G. Benito Valkner elevinspektør Sotra vg (Wilhelm Anglevik Skulesjef deltar ikkje fast) Referansegruppe offentlege april 2015: Politiet (Christian Stoutland) Kultursjef (Lennart Fjell) MOT (Ivar Einarsen) Skulehelsetenesta (Louise Armond) Barnevernet (Bård Tyldum) BUP Øyane (Ingeborg Moldstad) Basecamp (Nils Ivar Honningdal) Kyrkjeverje / kateket (Annlaug Børve / Mildred Heggernes) Ungdomsklubbane (Svein Ekrem) Referansegruppe frivillige april 2015: Ungdommens kommunestyre (Rebekka Lunde Hansen og Nora Savland) Ungdom med MOT (Eline Kolbjørnsen og Jonas Blomberg) Kommunalt foreldreutval (Jan Tommy Fosse) Foreldrerepresentantar barnehagar Komite for drift (Eva Vik, Elisabeth Sandvik) Idrettsrådet (Brita Engeseth og Anita Heggholmen) Musikkrådet (Oddvar Rebnord) Soknerådet (Dagfinn Wasbø) Tremorkirken (Martha Kvam) Mental helse Sotra & Øygarden (Lisbeth Milsted) Sartor senter / vekterne (Stefan Jensen) Frivilligsentralen (Maren Sekkingstad) Trygg i Fjell : Kunne - Ville - Våge - Stoppe mobbing - November 2015 side 7