Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad å bu. Her møter han Marianne og Terje. Mor til Marianne bur tilsynelatande i Vegas, der ho jobbar på eit kasino. Terje har mista mor si i Danmark. Mor til Thomas har ein kjærast som slår, men ho klarar ikkje å be han dra. Ho let Thomas og veslebroren gå i staden. Vegas er ein film om vaksne sitt svik mot barn og unge, eller barn og unge som blir svikta av vaksne. Dette kan vere svik som dei vaksne sjølv ikkje forstår. Filmen har ikkje mange lyspunkt, men kan gje oss viktige innspel til å forstå kvifor både vaksne og barn i fasar av livet er sårbare og treng nokon som er der for dei, og som ser dei, og kva slags behov dei har for å kunne fungere i livet. I denne filmen står vennskapen mellom Marianne, Terje og Thomas i sentrum. Alle er veldig ulike, men har ei gjensidig forståing overfor kvarandre om at dei treng kvarandre. Alle tre leitar etter ein heim, og på ulike måtar gjennom filmen si historie, finn dei ein. ARBEID MED FILEMEN SETT INN I FAG: NORSK samansett tekst / mediekunnskap Før filmen: Del klassen opp i grupper som får i oppgåve å studere kvar sin karakter frå byrjing til slutt. Gruppene studerer vekselvis Marianne, Thomas og Terje. Filmen er bygt opp med ulike presentasjonar av desse karakterane, som raskt set resten av filmen i eit perspektiv. Kvar gruppe kan ha desse spørsmåla føre seg: MARIANNE: Korleis vert Marianne presentert? Stikkord: Utsjånad, måte å snakke på, klede Kva slags inntrykk får vi av personlegdomen hennar? Stikkord: Kynisk? Omsynslaus? Sårbar? TERJE: Kva er det eigentleg som skjer mellom Terje og mora på danskebåten? Stikkord: Ver merksam på handlinga, der mora set seg på rekkverket. Korleis vert denne scenen bygt opp, og korleis endrar rytmen i klippinga og bruk av lyd seg? Kva skjer mellom Terje og faren hans etter hendinga på danskebåten, og korleis uttrykkjer filmen dette visuelt?
THOMAS: I starten av filmen er vi heime hjå Thomas, der mora og kjærasten hennar kranglar. Korleis vert denne scenen skildra med tanke på bilde, klipp og lyd? Kva slags karaktertrekk hjå Thomas vert synlege gjennom denne scenen? Kva kan vi sei er Thomas sitt hovudprosjekt? Stikkord: Tilhøvet til veslebroren, til mor, å ta vare på heimen. Sluttoppgåver: Gruppene legg fram observasjonane sine i plenum. ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- SAMFUNNSFAG Dette er tre forteljingar om unge som på ulike måtar vert utsett for grov omsorgssvikt av foreldra eller nære personar. MARIANNE: Marianne representerer ungdommen som aldri har hatt nokon, og vorten sendt frå fosterheim til fosterheim. Den einaste familierelasjonen ho har er søstera til mora. Det viser seg at mor til Marianne ikkje jobbar på eit kasino i Vegas, men er junkie i ein park, som ho seier det mot slutten av filmen. Del klassen inn i nye grupper som arbeider med desse spørsmåla: 1) Kva slags eigenskapar må vaksne som skal hjelpe barn og unge som ikkje har nokon heim, ha? 2) På kva måte vert Marianne sin onkel ein vaksenperson som sviktar? Når i filmen går han over grensene og kvifor tillet han seg dette? 3) Diskuter om Marianne sjølv er med på å flytte desse grensene og kvifor brukar ho kropp og seksualitet for å oppnå det ho ynskjer? 4) Kva er det Marianne eigentleg ynskjer og kvifor kan ho ikkje sjølv setje eigne grenser?
5) Kvifor reagerer Marianne med vald når ho vert trua? 6) Vert Marianne ein mordar? Kan Marianne sjølv ta ansvaret for det ho har gjort eller kven er dei eigentleg ansvarlege? 7) Korleis vil det gå med Marianne vidare i livet? Vil ho klare seg og kva skal til for at ho skal klare seg bra? THOMAS Thomas veks opp med ei ung, einsleg mor, som har ein valdleg kjærast. Han har også ein veslebror som han prøver å verne. Det kjem klart fram at det viktigaste for Thomas er å ha ein heim. Etter at mora er vorten banka opp av kjærasten sin, tek ho han tilbake og let barna bli omplassert i fosterheim og omplasseringsheim. 1) Kva er grunnen til at mor til Thomas let barna gå, og held på den valdlege kjærasten sin? 2) Kvifor slår Thomas mor si? 3) Kva tenkjer vi om Thomas etter denne hendinga? 4) Kvifor slår nokre menn (og kvinner) kjærastar, koner (menn) og barn? Stikkord: Den sosiale arven. Rollemodellar TERJE: Det kjem tidleg fram at faren til Terje klandrar Terje for mora sitt dødsfall sjølv om det var ei ulykke. Dette vert ikkje sagt klart i filmen før på slutten, men ligg under som ein anklage gjennom heile filmen. 1) Korleis vert fråveret av faren til Terje skildra? 2) Kva skjer dei gongene Terje oppsøkjer faren i huset?
3) Kva slags inntrykk får vi av heimen til Terje? Korleis ser det ut der? 4) Er han frå ein velståande familie? 5) Er Terje si sosiale tilhøyrigheit prega av at familien har hatt lite motgang i livet? Korleis tenkjer ein at såkalla vellykka menneske, som aldri har kjent på livet, taklar sorg og motgang? 6) Kvifor reagerer Terje med å bli ein katt rett etter mora si ulykke? 7) Kva vert konsekvensane av Terje sin katteoppførsel? 8) Kva kan vaksne, som er i djup sorg gjere, når dei har ansvaret for barn? 9) Korleis reagerer Terje når faren seier at han ikkje kan ha Terje rundt seg, fordi han tenkjer at det var Terje si skuld at mora døydde? 10) Kvifor tek Terje livet sitt? Her høver det å gjera ei mellombels oppsummering det gruppene har kome fram til. BARNEVERN Dei tre første oppgåvene er tenkt å skulle svarast på av den einskilde som grunnlag for vidare arbeid i klassen. 1) Forsøk å finne ut av korleis barnevernet er organisert og opprinnelsen til barnevernet i Norge. 2) Kva omstende må til før barnevernet grip inn i familiar og fjernar barna frå heimen? 3) Er barnevernet et tilbod for dei som treng hjelp eller er det ein tvang? Denne delen kan føregå som diskusjon i plenum/samla klasse: 4) Diskuter mytene omkring barnevernet: - Tek barna frå foreldre med tvang - Får aldri sjå mor og far igjen - Får aldri sjå barna sine igjen - Vert plassert i fosterheim med slemme, udyktige vaksne - Bryr seg eigentleg ikkje om barna - Barnevernsbarn går det dårleg med vidare i livet
Til slutt kan ein samtale om kva som kunne vore gjort annleis for dei tre unge i filmen Vegas. 1) Kva kunne vore gjort for Terje og faren hans rett etter moren sitt dødsfall? 2) Korleis kunne mora til Thomas ha vorte hjelpt, slik at ho kunne kome seg vekk frå den valdlege kjærasten og teke vare på barna sine? 3) Korleis kunne Marianne fått den støtta ho trengte? 4) Kva er det viktigaste unge treng når dei er i krise? 5) Kva tydde vennskapen som Thomas, Marianne og Terje utvikla? 6) Korleis kunne ein tenkje seg det hadde gått med dei utan denne vennskapen?