VOLLASETRA I SUNNDAL



Like dokumenter
VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Brukarrettleiing E-post lesar

Brukarrettleiing. epolitiker

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Kulturhistoriske registreringar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Fuglestadelva, Hå kommune

forum for natur og friluftsliv Møre og Romsdal Botanisk undersøking mellom Jønnstad og Moldbakken i Sunndal kommune.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Lønnsundersøkinga for 2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Notat om historie og kulturlandskap

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Storåna, Sandnes kommune

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport Styresak 14/14 O Styremøte

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

KULTURHISTORISK REGISTRERING

G A M A L E N G K U L T U R

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING TILHØVE OG STABILITET TILTAK... 2

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Team Hareid Trygg Heime

Bilete og figurar i Word

Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Våreng i Tingvoll kommune

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Minnebok. Minnebok NYNORSK

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

«Ny Giv» med gjetarhund

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Ny kartlegging av vasskvalitet i området mellom Gurskøy og Hareidlandet Den Grøne korridor Omtale av måleprogrammet og førebels resultat frå 2005

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

Bitraf Resultatregnskap0per

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Pressemelding, Den internasjonale forbrukardagen 15. mars Postkasse- og fjernsynsreklame ergrar dei fleste norske forbrukarar

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Transkript:

VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden.

Side 2 Slått blei i 2012 gjennomført 18. og 19. august 2012, med 5 dugnadsdeltakarar. Slåtten blir utført av Naturvernforbundet på oppdrag frå Verneområdestyret for Trollheimen, og etter avtale med grunneigar Ingebrikt Vollan, og Kristiansund og Nordmøre Turistforening som bruker Vollasetra. Samanlikna med 2011 blei slått areal litt utvida. Som følgje av at våren kom seint i år, var det berre så vidt at ein fann småengkall som skrangla med frø. Figur 1: Kart frå Gislink. Innramming med heil raud strek blei slått i 2011. Område med gul strek blei slått som tillegg i 2012.

Side 3 Teig 1 Figur 2: Arealet slått i 2011 såg fint ut før vi slo no, biletet t. v. viser nordre del før slått. Biletet t. h. er tatt frå sørenden etter slått. På teig 1 fann vi 2 eks. av kvitkurle (NT), lutvokssopp (NT), liten vokssopp, honningvokssopp og engvokssopp. Det står ganske mykje blyttsveve på teigen. Teig 2 og 4 Det var naturleg å skilje ut teig 4 som eige delområde i 2011 sidan det var fullt av renningar. Botnen er framleis litt grovare enn resten, men det held på å jamne seg. Sidan utviklinga var sein og slåtten etter dette noko tidleg, blei det sett igjen små flekkar der vegetasjonen var låg, som kompenserande tiltak. Etter manglande slått i ei årrekkje er det truleg ein god frøbank, slik at redusert frøing neppe er noko problem med det første. Det var så vidt sauelort på vollen, men lite beita. Spreidd på heile arealet fanst det i år små eksemplar av marinøkkel. Dette er truleg ein reaksjon på slåtten i 2011. Funn elles: engvokssopp, lutvokssopp (NT) og mørkskjellet vokssopp (VU). Engbakkesøte blei funnen på minst like mange stader som i 2011.

Side 4 Figur 3. Bileta på forrige side viser før slått 2012. Biletet t. v. viser teig 4 der det i 2011 blei fjerna store mengde med renningar. Biletet t. h. viser eit område nedanfor stien, ikkje slått i 2011. Her står det ganske mykje dunhavre som ikkje har vore beita i år. Arealet blei no slått. Teig 3 Figur 4: Det var lite beita på teig 3, så telling av marinøklar var vanskeleg. Men det blei tald opp 32 skot på ein del av arealet. Det er klart nødvendig å slå teigen når det er lite beiting, og det blei slått omtrent like mykje som i 2011. Handmarinøkkel blei ettersøkt, men ikkje funne.

Side 5 Teig 5 Det var i alle fall minst 11 eksemplar av engbakkesøte på teigen. Det blei klipt innimellom engbakkesøtene slik at dei kan få blomstre og frøe. Resten blei slått, og det blei klipt noko blåbærlyng. Teig 6 Figur 5. Biletet øvst er frå etter slått 2011. Biletet nede t. v. viser området bakerst til høgre før slått 2012. Biletet nede t. h. viser etter slått 2012, markert med gul omramming. Teigen som i 2011 besto av 4 ruter på ca. 5 kvadratmeter kvar var ikkje heilt enkle å finne igjen. Ruta i nordvest er utvida til eit rektangel ca. 2 x 10 m. Nedst i dette nyutforma arealet fann vi eit eksemplar av ei nesten avblomstra kvitkurle (NT). Kvitkurla blei ståande igjen, men det blei slått rundt. Det blei laga eit tilsvarande rektangel gjennom dei to midtre rutene frå 2011. Den austre ruta frå 2011 blei ikkje slått i år. Det er mykje blyttsveve i området.

Side 6 Tidsbruk: Teig 1: 10 timar Teig 2 og 4: 12 timar Teig 3: 2 timar Teig 5: 1 time Teig 6: 1,5 timar I tillegg kjem rapportskriving, gangtid 1,5 timar opp og 1 time ned pr. person, og reise. Reiskap: Det er kjøpt inn noko reiskap som no er lagra på setra: Greipp: 1 stk, rive: 2 stk, greinsaks: 1 stk, hagesaks: 1 stk, beskjæringssaks: 1 stk, sag: 1 stk Supplert 2012 med: høygaffel: 2 stk, presenning: 2 stk, hagesaks: 1 stk., bryne: 1 stk. Vi bruka 3 ljåar i 2012. Så lenge det ikkje er slipestein på staden, blir det bruka private ljåar. Oppsummering: Både funn av mange små marinøklar og ein del beitemarksopp kan tyde på ein god reaksjon på slåtten i 2011. Arealet nord for teig 2/4 kan med fordel få ein del merksemd neste år. Det er truleg mest realistisk å fjerne renningar og blåbær på mindre felt i første omgang for å sjå om ein kan få ein reaksjon av det. Vidare er det ein del område med renningar og blåbær sør for teig 2, der ein truleg kan oppnå ein del med skjøtsel. Båe desse områda har ein del å seie for vollen på lengre sikt, og bør prioriterast også av den grunn. Teig 1 fekk noko utvida slått i år, og utvidinga kan med fordel fortsettast. Det er mykje arbeid for å ta igjen heile teigen, men halvparten av det som ikkje blei slått i år kan nok kome i slått igjen.

Side 7 Bilete etter slått 2011. Dokumentet er skrive av Øystein Folden 21.7.2012 på grunnlag av slåtten 2012, og ei rad tidlegare besøk. Det er i samband med registreringa lagt inn observasjonar på www.artsobservasjoner.no Alle foto: Øystein Folden.