Jon Fosse. Lilla. Skodespel



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nokon kjem til å komme (utdrag)

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

OK, seier Hilde og låser.

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo


mmm...med SMAK på timeplanen

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

I N N H O L D. Forord

Informasjon til elevane

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND


6. trinn. Veke 24 Navn:

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Brødsbrytelsen - Nattverden

FANTASTISK FORTELJING

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN


Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kom skal vi klippe sauen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Brukarrettleiing E-post lesar

Valdres vidaregåande skule

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Info til barn og unge

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alt det lyse og alt det mørke

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brannsår, rus eller friheit?

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Kva er økologisk matproduksjon?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

HENRIK Å tenke seg at dette en gang har vært et veksthus. ANNA Orgelet må visst også repareres. HENRIK Anna? Jeg vil at vi

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud ( ) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

Tor Arve Røssland. Oslo

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Hei alle sjøstjerneforeldre

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Kom ikkje inn i mitt hus

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

COUNTRY MUSIC av Simon Stephens.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Brukarrettleiing. epolitiker

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Transkript:

Jon Fosse Lilla Skodespel

Personar BASSISTEN 2

Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for døra og Guten slår på lyset: eit slags tilfluktsrom, mørkna betongvegger, ikkje malte, ingen vindauge, nokre mikrofonstativ, høgtalarsøyler og forsterkarar, ein svart gitar og ein bassgitar står lente mot kvar si høgtalarsøyle, eit slagverk, på golvet ligg leidningar, tomflasker, rot og skrot, ein pinnestol står der ser seg rundt Litt av ein plass å øve det her Ganske kort pause Eg blir redd ja berre av å gå ned hit eg og ja ja det luktar rått Og det er så kaldt her det er jo ja som eg sa ja at det var i ein kjellar i eit slags tilfluktsrom eit lite mørkt rom kaldt og fælt og alt det der kort pause men at det var så langt å gå nedover og nedover alle dei der trappene 3

i den der gamle skumle Fabrikken Kort pause Ikkje nettopp triveleg nei men her er det altså Det var kort pause ja den einaste plassen vi fekk tak i Kort pause Kan vi ikkje gå ut igjen Det er jo heilt innestengt her Kort pause Men bryt seg av tar Guten i armen Vi går går ut igjen eller ja ja kan vi ikkje gjere det Jenta slepper armen hans den der store skumle gamle nedlagde Fabrikken Eg hugsar den frå eg var lita eg har alltid synst at den var så skummel og så gå ned i kjellaren gå ned alle trappene nedover og nedover 4

og så ja Det er jo ikkje så ille her vel Jo Det er jo ein plass å øve i alle fall Kanskje Kort pause Kom vi går ut igjen Med det same Men vi er jo nettopp komne Eg er litt redd du 5

ja ja kan vi ikkje gå ut igjen eller noko Jenta tar han i handa og Guten blir litt forlegen Tenk om vi blir innestengde her Kort pause Om døra går i vranglås Det er jo ikkje vindauge her Ingenting Vi blir ikkje det Det kan jo skje Gi deg no Kort pause Jo vi går Det er så kaldt her Kort pause. Jenta slepper handa hans Og at det går an å spele musikk her Det går ikkje an heller ikkje musikk kanskje noko anna men ikkje musikk Kvifor øver de her då 6

det var ja som eg sa ja vi fekk ikkje tak i noko anna berre denne kjellaren dette tilfluktsrommet under den gamle Fabrikken Kort pause går litt rundt For ein plass å øve Ikkje nettopp fint Og det er så kaldt her Det er verst for fingrane vanskeleg å spele med stive fingrar At de orkar å vere her Fann ingen annan plass Nei Pause. Jenta ser mot den svarte gitaren Der er gitaren din den svarte 7

du hugsar den ja sjølvsagt litt flau ja der på rommet ditt den gongen litt flau han også Den er fin og ikkje så verst ein ganske god gitar Guten går og tar opp gitaren kort pause du har ikkje spelt så lenge Nei ganske kort tid Guten slår eit par akkordar Det er ein fin gitar Kort pause. Guten speler litt frå ein veldig enkel, fin og langsam, solo 8

Det er fint Litt Kven har laga den Eg kan litt men ikkje så mykje Eg blir nok aldri god heller ikkje skikkeleg god Men du er jo nesten nettopp begynt å spele Eg synest at du er veldig flink eg Nei Pause Eg veit det at eg aldri blir god Det er berre slik Slikt veit ein berre Pause Jo då tullar seg Nei då 9

Jo då Pause Og dei andre ja dei har nettopp begynt å spele dei òg ja dei har ikkje halde på lenge meiner eg Dei kan nesten ingenting Det er ganske så håplaust Ingen av dei Trommeslagaren hadde ikkje slått på ei tromme før han begynte Og dei andre Ikkje han på bass heller Og vokalisten han hadde vel sunge han då som oss andre då dei skulle synge på skolen og slik ja han sa 10

ja at han aldri song der ja på skolen Og han er ikkje noko særleg god til å synge heller Guten speler igjen litt på soloen sin Veldig fint det der litt Kva er det kva heiter det litt beskjeden Noko eg har laga sjølv Eg har kalla det for Bestemor Guten ler litt Men då er du jo flink vel dreg på det Nei Kort pause Eg kan jo litt får til litt men nesten ingenting Eg er like dårleg som dei andre strengt tatt 11

Kort pause Det er ikkje vits i at vi øver Det høyrest ikkje ut i det heile tatt Ingen av oss kan jo spele Men de har jo nettopp begynt kjøpt utstyr og alt Brukt alle pengane Eg trur ingen av oss har pengar igjen det er jo dyrt sjølvsagt alt utstyret Men vi har kjøpt alt brukt noko av det har vi fått ganske billig Far til Bassisten hadde litt ja mikrofonar songanlegg Og bassgitar ja det var det far til Trommeslagaren som hadde litt slik Det er jo så mange som har spelt i orkester Alle har jo det ja nesten Kort pause. Guten begynner å spele på soloen sin igjen seier det inne i soloen hans Trist med bestemor di 12

kort pause veldig Pause At ho skulle dø Guten speler vidare Men det er jo berre slik Kort pause ho døde jo berre ja heilt brått Kort pause Du har budd hos henne heile livet Blei slik det Frå du var heilt liten har du budd hos henne det var vel kort pause 13

ja eg trur mor mi kom heim ein tur og så reiste ho og så blei eg berre verande der hos besteforeldra mine Det blei vel berre slik Pause Ho der mor di bryt seg av ler kort, sluttar å spele på soloen, slår over dei opne strengane på gitaren ho ja pause ja ho eg ser jo lite til henne eg hugsar ikkje heilt kva tid eg såg henne sist Song ikkje ho ja i eit band Jo for lenge sidan eller ja kanskje gjer ho det enno Dei spelte visst inn ei plate også for mange år sidan Men eg har aldri høyrt den aldri sett den heller Det blei visst berre den eine plata Eg veit ikkje kvar ho er no kva ho gjer på anar ikkje Pause 14

dreg på det Nei kort pause ja ho blei jo ganske gammal ho bestemor di Men likevel Det er jo trist sjølvsagt Pause De var gode venner du og henne Veldig Bestefar din ja han bryt seg av Jo alt er som før med han han er no der gjer det han alltid har gjort 15

Går og drikk øl på Puben dreg på det Pause Men det var ikkje han som var far til mor di ja eg meiner ja du sa bryt seg av Nei Ingen veit kven det var Nei eg trur ikkje det Ingen har snakka om det Det er berre slik Nett som med meg Ler ganske kort Ingen snakkar om det Nett som med deg Det er så det Kort pause 16

Slik er det Kort pause Men du ja eg eg har litt ja lyst til å gå Før dei andre kjem meiner eg spørjande Du vil gå Det var jo du som ville gå ned hit nøler litt ja eg visste ikkje at dei andre skulle komme Du sa ingenting om det ja før vi gjekk ned hit i trappa Du sa det i trappa Først sa du at de ikkje skulle øve i dag som om han ikkje meiner det Du kan vel bli her Sikker ja han der Trommeslagaren skulle kanskje komme litt før dei andre 17

Det er så kaldt her Eg trur eg vil gå litt skuffa Våger du å gå åleine men bryt seg av eg trur eg går eg som om han er litt bekymra Kjem du tilbake seinare i kveld ein gong Kan eg godt Eller ler litt det er jo ikkje nettopp triveleg å vere her så ja nei nei eg veit ikkje 18

som om han ikkje vil at ho skal komme tilbake Kanskje du då kan få høyre oss spele Det hadde vore spennande Men ikkje i dag Nei Ein annan gong kanskje dreg på det men vi er ikkje så gode nervøs De har jo ikkje halde på så lenge heller Nei Kanskje eg bryt seg av. Kort pause. Jenta går mot døra Du går 19

redd Kanskje nølande, litt flau ja kanskje kan vi treffast etterpå i kveld ja eg meiner ja viss du ikkje kjem hit så bryt seg av Når I ni-tida kanskje etter øvinga ganske kort pause vi skal ikkje øve så lenge Kan vi vel godt Der vi treftest sist ved Kafeen gjerne Eg går bort på Kafeen eg då 20

ventar der Det høyrest knirking frå døra, den opnar seg og så står Trommeslagaren der og held døra open. Trommeslagaren ser mot Jenta overraska Men er du her Kva gjer du her brydd Nei nøler ingenting Ingenting Nei Kort pause. Trommeslagaren lar døra stå open bak seg og går mot Jenta Skal du høyre på oss kanskje eller bli med i bandet kanskje bli korjente kanskje Vi kunne jo trenge ei korjente 21

ser mot Guten ikkje sant Jenta svarer ikkje, trekker på skuldrene Strømper og greier Det blir bra sant Eg skulle berre vise henne kvar vi øver Kort pause mot Jenta Det er vel så det Trommeslagaren går mot Jenta, legg armen rundt skuldrene hennar, held henne inntil seg, han bøyer seg ned og kysser henne på kinnet og ho prøver å komme seg laus Gi deg Trommeslagaren slepper henne Gi meg kort pause kva er det med deg kva feilar det deg Feilar meg 22

kva meiner du Trommeslagaren tar etter handa hennar, ho tar den til seg Nei vel Lang pause. Trommeslagaren legg igjen armen rundt skuldra hennar, dreg henne mot seg, og ho lar han motvillig gjere det Nei gi deg Trommeslagaren slepper Jenta Eg trur eg vil gå ja eg går ja Trommeslagaren går og set seg ned bak slagverket, blir sitjande og fikle med trommestikkene mot Jenta Men vi kan trenge nokon som korar så viss du har lyst til å bli med må du jo bryt seg av Mot Guten Det kunne bli bra det sant Guten nikkar. Trommeslagaren prøver å spele litt. Jenta ser mot Guten, så vinkar ho lett til han og går mot døra. Trommeslagaren sluttar å spele Etter Jenta Men vent du eg meinte det 23

kanskje kan du synge vil du ikkje Nei Skal du gå Jenta blir ståande og halde i den opne døra Du vil ikkje prøve å synge eingong Eg kan ikkje synge Det gjer ingenting Ingen av oss kan noko Eg har ikkje lyst ser mot Guten Skal vi berre la henne gå så heilt utan vidare Kva elles reiser seg, står der og ser mot Jenta Du kan no vere her ei stund 24

høyre oss spele vel når du først er her Nei eg må gå Guten ser på Trommeslagaren, så tar han av seg gitaren, blir ståande med gitaren i handa og sjå mot Trommeslagaren Skal du òg gå det her er jo berre tull Nei gi no faen Eg går eg då Jenta går ut døra, let den att etter seg Det blir jo aldri til noko Det blir berre tull Vi kan jo ikkje spele ingen av oss kan Trommeslagaren set seg ned igjen, begynner å slå på trommer og cymbalar og går meir og meir opp i det Kan du ikkje gi deg med det der Gi deg Trommeslagaren speler vidare og Guten ser og ser mot han Gi deg Men gi deg då for faen 25

Guten set gitaren frå seg mot høgtalarsøyla Eg går eg orkar ikkje å høyre på det der Trommeslagaren speler på medan Guten går mot døra, så sluttar Trommeslagaren brått, ser mot Guten, som stansar mot Guten Kvar skal du Eg orkar ikkje å høyre på det der Men så gi meg nøkkelen då for faen Guten kjenner etter i lommene og tar ein nøkkel ut or ei lomme og kastar den til Trommeslagaren, som tar imot i lufta Du orkar ikkje Nei Skal ikkje eg få spele Jo spel så gjerne Er det berre du som skal få spele 26

Spel i veg men eg orkar ikkje å høyre på det der Nei vel Eg går eg då Nei Kom igjen no Ikkje tosk deg Det der er for barnsleg Kom igjen skal vi spele eller skal berre du spele Vi skal spele er du ferdig då ja Trommeslagaren legg frå seg trommestikkene, går ut på golvet Visst skal vi spele Men dei er jo ikkje komne enno dei andre 27

Eg må jo få øve litt åleine eg òg sjølvsagt Pause Kva tid kjem dei andre Dei kjem vel snart eg veit ikkje Du veit ikkje dei kjem vel Dei må jo komme Dei kjem sikkert Trommeslagaren går og set seg ned igjen bak slagverket, tar trommestikkene, ser mot Guten, som tar opp gitaren, slår ein akkord og Trommeslagaren speler best han kan medan Guten slår endå ein akkord, klimprar litt, og Trommeslagaren speler i veg. Dei held på slik ei stund. Guten sluttar å spele, blir ståande og sjå mot Trommeslagaren som framleis held på. Trommeslagaren sluttar også brått Kva er det 28

Det går ikkje Kva meiner du Det høyrest forferdeleg ut heilt fælt Og det er min feil din òg Kort pause Eg trur eg går Nei du går ikkje Nei vel Nei du går ikkje Kvifor går eg ikkje Du går i alle fall ikkje Trommeslagaren reiser seg, går bort til døra og Guten begynner å spele på soloen sin. Trommeslagaren låser døra, stiller seg opp og ser mot Guten Blir du ikkje lei av den der songen er det den einaste songen du kan 29

speler vidare Jo jo Guten speler litt til, sluttar så. Pause. Trommeslagaren går og set seg ned bak slagverket, slår på trommer og cymbalar og Guten tar av seg gitaren, stiller den opp mot høgtalarsøyla, går mot døra roper mot han Men ikkje gå Du går faen ikkje Trommeslagaren sluttar å spele Eller forresten berre gå du gå kor faens mykje du vil berre gå eg går Men vi skal jo øve Det blir jo berre tull Du hamrar jo berre Og du speler hermer liksom så fint og så mjukt 30

Eg bråkar i alle fall ikkje like mykje som deg Men berre gå du kom deg ut kva ventar du på Dei andre kjem jo ikkje likevel Veit du det Nei eg veit det vel ikkje Men er dei her då Det er jo ingen her trugande Men gå då for faen litt redd Det bestemmer eg sjølv Nei ikkje faen Så du bestemmer om eg skal gå eller ikkje 31

for faen vel Når du ikkje vil øve så Eg vil men det blir jo berre rot No kan du ta opp gitaren din og så skal vi spele ta den opp då for faen Nei Eg gir faen i det her berre gå Gå då for faen Kom deg ut di jævla pyse Trommeslagaren begynner igjen å spele og Guten går bort til døra, stiller seg opp og ser mot Trommeslagaren, som stansar brått Skal du ikkje gå likevel Gjekk du ikkje likevel Eg trudde du skulle gå no må du bestemme deg enten går du eller så lar du det vere 32

Forstår du Enten går du eller så blir du Gå og lås opp den døra der Ikkje faen Jo Nei Gi deg Dette blir for dumt døra er låst Og du har låst den liksom redd Då er vi innelåste ganske kort pause i denne jævla kalde rotne kjellaren døra må ha smekka igjen gått i vranglås då ho gjekk ho der bryt seg av, ganske kort pause fy faen ha No blei du redd 33

Blei ikkje du Gi meg nøkkelen Nei Ikkje dum deg Eg dummar meg ikkje Slutt og tull deg Kva faen er det du trur Trommeslagaren reiser seg opp og går litt trugande mot Guten Kva er det du går rundt og innbiller deg du seier at eg ikkje kan spele og samtidig er det du som har fått meg til å kjøpe det der jævla slagverket der var det ikkje du kanskje visst faen litt beskyttande Du ville det jo sjølv 34

Det var du som fekk meg til å gjere det Alt skulle bli så flott Vi skulle lage band få spelejobbar Og alle jentene kort pause og den einaste som har vist seg ja bryt seg av Det har eg aldri sagt Jo det har du sagt Nei Fy faen du lyg du lyg heile tida Du lyg alltid Og så speler du hermer så mjukt og så fint på den der soloen din den einaste du kan du spelte den for henne òg sant ganske kort pause så spel litt mjukt og fint spel for meg òg då vel 35

Eg gidd ikkje meir av det her Nei vel Og så skal eg sitje der med det der jævla slagverket mitt Kanskje skal eg ha det heime i leilegheita der hos mor og far Ha det kvar du vil Fy faen Guten går og tar opp gitaren, set seg ned på stolen, sit og held rundt den Den der gitaren din du kan jo ikkje spele du heller berre den der dumme songen du trur berre at du kan spele sit der og held rundt gitaren som om det var eit kvinnfolk du heldt rundt Gi deg Det tar i døra, dreg i den og så bankar det hardt på døra Gå og opne då for faen Skal eg seie deg noko 36

Eg liker ikkje kvinnfolk eg Du liker ikkje kvinnfolk Nei Nei vel Nei gjer kva du vil Det gjer eg òg ja kva elles Lang pause. Det bankar igjen på døra Men lås no opp den der jævla døra då vel då di pyse Trommeslagaren går mot døra, tar i den, og den er låst, han tar fram nøkkelen, låser opp og døra opnar seg og Bassisten kjem inn, følgd av Vokalisten. Trommeslagaren let att døra. Pause. Guten blir sitjande Vi blei litt seine var på Kafeen og gløymde tida og så kom jo ho der ja ho ser mot Trommeslagaren ja ho du er saman med litt nølande 37

ho der kjærasten din og bryt seg av Bra at de kjem BASSISTEN Og så når vi kom hit var døra låst ganske kort pause Kvifor var døra låst Eg låste den BASSISTEN Kvifor det Så ikkje ser mot Guten han der skulle stikke av mot Guten Har du ikkje lyst til å øve Jo Kvifor ville du gå då 38

Fordi han meiner at eg bråkar eller noko slikt kort pause eller så ville han vel gå til ja til eit eller anna kvinnfolk eller noko Kort pause BASSISTEN Men no er vi her no er vi her alle no kan vi øve mot Guten kom igjen ikkje ver sur Nei eg orkar ikkje Eg går Du går faen ikkje Han må vel få gå viss han vil BASSISTEN mot Trommeslagaren Du kan jo ikkje tvinge han til å spele Kan eg ikkje det 39

Nei gi deg no BASSISTEN mot Guten Kan vi ikkje spele litt Det gjekk jo ganske bra sist Vi fekk jo til mykje det var den beste øvinga vi har hatt den der sist Du må ikkje gi deg no Vi må jo ha ein gitarist BASSISTEN mot Guten Du må ikkje gi deg Han skal faen ikkje slutte sluttar han skal eg faen meg bryt seg av BASSISTEN mot Trommeslagaren Ro deg no ned går bort og slår Guten på skuldra Kom igjen då så speler vi Ikkje dum deg Guten sit berre der Kom igjen 40

Trommeslagaren låste døra BASSISTEN Kva var no vitsen med det Den der jævelen har fått meg til å kjøpe meg slagverk Og når eg så prøver å lære å spele så ja fy faen BASSISTEN mot Guten Han må jo få øve han òg Men han kan ikkje spele han berre hamrar bråkar i veg Men då må eg jo få øve ja mot Guten Kom igjen ikkje berre sit der kan du ikkje ta gitaren din og bryt seg av 41

Eg skal faen meg bryt seg av. Trommeslagaren går og tar i gitarhalsen, prøver å ta gitaren frå Guten, som held igjen mot Trommeslagaren Nei gi deg no BASSISTEN mot Guten Kan du ikkje bli med då Vi kan spele litt i alle fall Trommeslagaren vrir gitaren ut or hendene på Guten Gi meg gitaren du skal endeleg få den Trommeslagaren rekker gitaren til Guten, som blir sitjande med den i fanget. Trommeslagaren går og set seg ned bak slagverket, og Bassisten tar opp bassgitaren, speler så ein liten bassgang, og så prøver Trommeslagaren å spele så godt han kan til bassgangen og det går fint. Guten sit som før. Dei sluttar brått med spelinga mot Guten Kom igjen ikkje ver dum ikkje berre sit der spel du òg 42

BASSISTEN går bort til ein mikrofon, seier i den Og no kjem den store gitaristen Georg Trommeslagaren ser mot Guten, som blir sitjande Kom igjen då vel Guten ristar på hovudet. Trommeslagaren reiser seg og går bort og tar i håret til Guten, lyfter det opp Finn ei saks så klipper vi Nei gi deg Gjer det BASSISTEN Her er inga saks Slepp Trommeslagaren dreg hardare i håret og Guten reiser seg Au Slepp då for faen Kom igjen Vi snauar han Han har altfor langt hår BASSISTEN Gi deg no Slepp håret hans 43

Ikkje før eg har snaua han BASSISTEN Ikkje tull meir Eg tullar ikkje finn ein kniv ei tang kva som helst Lang pause. Trommeslagaren slepper håret og Guten blir ståande som før, rett opp og ned mot Guten Vil du ikkje spele meir Guten ristar på hovudet, tar seg til håret, ordnar det Mot Bassisten Kva gjer vi då Bassisten hipslar på skuldrene Vi må få tak i ein annan gitarist Ikkje faen Han skal spele Mot Guten Kvifor faen står du der og heng mot Guten Vil du ikkje spele Eg vil ikkje spele saman med han der 44

Nei vel BASSISTEN mot Guten Du må jo det Du kan ikkje gi deg Kom igjen BASSISTEN Og vi begynner jo òg å få det til litt i alle fall ganske godt snart kan vi opptre og alt mot Bassisten Eller kanskje kanskje skal vi berre kutte ut han der gi faen i han Finne oss ein annan gitarist Han vil jo berre gå til bryt seg av BASSISTEN Kven snakkar du om Til ho der dama han held på med BASSISTEN Mot Guten Har du fått deg kjærast 45

Nei Nei vel mot Guten Du kan jo spele likevel Nei har eg sagt dreg på det viss du ikkje vil bryt seg av BASSISTEN Vi kan jo ikkje tvinge deg Kort pause mot Trommeslagaren Men kjenner du ein annan gitarist Det kryr jo av gitaristar Det kryr jo av jenter og av gitaristar bryt han av då BASSISTEN Han der 46

ja han der Fredrik eg trur Fredrik speler gitar Han gjer det Han var jo på Kafeen sant Ho mot Trommeslagaren ja ho der kjærasten din gjekk jo bort til han sette seg ved bordet hans spørjande Fredrik kan spele gitar mot Guten Vil du ikkje spele meir med oss Guten ristar på hovudet BASSISTEN Vi kan spørje Fredrik Eg kan gå bort på Kafeen sjå om han er der Eg blir med deg Trur du dei sit der framleis BASSISTEN Eg kan sjå om han er der 47

då går eg då mot Guten Og no må du berre gå Brått Nei du går faen ikkje Nei vel mot Bassisten Skal vi gå og sjå om Fredrik er der BASSISTEN Men har han anlegg han då Eg veit ikkje BASSISTEN Vi kan i alle fall spørje han Vi spør han gå de gå og spør han mot Guten 48

Er du sikker på at du ikkje vil meir fleipete Heilt sikker BASSISTEN mot Guten Men sei noko då Vil du eller vil du ikkje Han snakkar ikkje lenger BASSISTEN Det er jo ikkje sikkert at Fredrik vil Han vil Men eg trur at han berre har ein akustisk gitar Forsterkar har han i alle fall ikkje mot Guten Då må han bruke din gitar Kan han det BASSISTEN Det er greitt Guten svarer ikkje 49

mot Vokalisten og Bassisten Berre gå de mot Bassisten Skal vi gå BASSISTEN mot Trommeslagaren vi går vi då mot Guten Men set deg ned då for faen Guten blir ståande. Vokalisten og Bassisten går mot døra. Guten skal til å gå, men Trommeslagaren stiller seg opp framfor han. Vokalisten og Bassisten ser mot Trommeslagaren og Guten Men set deg ned sa eg Guten prøver å gå, men Trommeslagaren flyttar på seg, sperrar vegen, og tar så tak i håret hans Set deg ned sa eg Kort pause Trommeslagaren dreg Guten etter håret, set han ned på stolen Og så kan du sitje der ha sit der din jævel Kort pause. Trommeslagaren tar håret til sides, ser mot Bassisten og Vokalisten Vi snauar han 50

kom igjen Vokalisten og Bassisten går og stiller seg opp kring Trommeslagaren Kom igjen då finn noko ein kniv eit eller anna Gi deg no BASSISTEN La han vere Kva faen Slepp håret hans Trommeslagaren slepper håret No kan du sitje der til ho der bestemor di ho der gamle nøler ja ja til ho ho du bur oss nøler budde hos nøler ja bryt seg av eller ho der mor di eller til ho der bryt seg av 51

kvar ho no er eller far din kvar i helvete han no er mot Bassisten Vi går Mot Trommeslagaren Og kom igjen La han få vere i fred Vokalisten og Bassisten går mot døra og Vokalisten blir ståande og halde døra open medan Bassisten går ut Mot Trommeslagaren Kom igjen då mot Guten Og no kan du sitje der og spele songar til bestemor di så lenge du vil kan du spele songar til henne eller noko eller til ho der mor di eller til ho der bestemor di eller til kven faen det no er mot Trommeslagaren Kom no Vi går vi då Vokalisten går ut og let døra att etter seg Eg kjem 52

Trommeslagaren går raskt mot døra, slår av lyset, går ut og let att døra, det høyrest riksing frå låsen, at døra blir låst og at Trommeslagaren dreg i døra for å sjekke om den er låst. Pause. Guten begynner å spele på soloen sin, den glir over i ein langsam forvriden improvisasjon, han sluttar å spele, blir sitjande bøygd over gitaren. Pause. Det blir drege i døra, så høyrest riksing frå låsen og så opnar døra seg og Jenta kjem inn, lar døra stå open bak seg, slår på lyset Men sit du her i mørkret Men du bryt inn, reiser seg Kvifor kjem du kva vil du Vi skulle jo treffast bryt seg av set frå seg gitaren, lent mot høgtalarsøyla Kvifor kjem du Dei bad meg bryt seg av. Jenta går mot han 53

Kvifor kjem du Kort pause Du skulle ikkje ha komme Pause Vi avtalte jo bryt seg av Kom vi går Kven sa at eg var her Dei sa det Kven Dei andre På Kafeen Pause Kvifor kjem du Ganske kort pause Dei sa at ja at eg var innelåst Kort pause 54

Kven gav deg nøkkelen Dei spørjande Dei Pause Du har snakka med dei Pause Med Trommeslagaren På Kafeen Og Trommeslagaren gav deg nøkkelen 55

Pause Kom vi går spør Skal vi gå Kort pause Men kom då Kort pause På Kafeen Kom før dei kjem dei skal øve dei kjem hit han der Fredrik blir visst med på gitar i staden for deg kom så går vi Guten blir ståande Men du kort pause er du kjærast med alle Kom no 56

Er du Nei Pause. Guten går bort til Jenta, tar tak i håret hennar, bøyer henne bakover, etter håret Nei ikkje Du er kjærast med alle Ikkje nei ikkje Du er alles kjærast Guten dreg hardare i håret hennar Ikkje gjer det Det gjer vondt Nei nei ikkje Du må ikkje Pause. Guten blir ståande og halde i håret hennar Ikkje Nei Ikkje Kort pause Eg blir så redd Du må ikkje Nei ikkje Pause 57

Nei ikkje gjer det du må ikkje Er du ei hore Nei ikkje Dei seier bryt seg av. Guten dreg i håret hennar Nei ikkje ikkje ikkje Er du saman med alle Nei ikkje Er du ei hore Nei Du er hore nett som mor mi Guten slepper håret hennar. Pause Ikkje tull deg Kort pause 58

Ikkje tulle deg slik Nei Kort pause Ikkje sånn Nei Kort pause ser mot han Kom hit Guten går bort til Jenta og ho stryk han over håret og så stryk han henne over håret Vi går Pause tar Guten i handa Det blir bra skal du sjå Aldri Det blir aldri bra Det blir bra 59

Aldri for det blir aldri bra Kort pause. Guten slepper handa hennar Du ho der bestemor di var du glad i henne kanskje eg trur at eg var glad i henne Og meg er du glad i meg dreg på det Nei Litt veldig lite Nei Pause Litt Kanskje litt 60

Nei eg trur ikkje bryt seg av Sjølv om du kallar meg for hore er du glad i meg litt glad i meg sjølv om du kallar meg for hore Eg veit ikkje Ganske kort pause Eg trur ikkje eg er glad i deg Kort pause Men kom vi går ja ja før dei andre kjem Kort pause Men kort pause ja ta gitaren din Guten tar gitaren sin og går ut med gitaren i handa, og Jenta slår av lyset, går ut og så glir døra att bak dei 61