Innkalling av Formannskapet. Sakliste



Like dokumenter
Møtebok for Formannskapet

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

Møtebok for Valstyret

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

Fedje kommune. Møtebok for Kommunestyret

Tilleggsinnkalling av Plan- og kommunalteknisk utval

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

MØTEINNKALLING. Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte kalla inn.

Innkalling av Valstyret

2 av 7 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 007/13 13/488 Faste saker 008/13 12/244 Stortings- og sametingsvalet

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 020/16 16/242 Delingssak GBNR 21/2 - Olderbakken, Rødne. Oversikt f

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Godkjenning - løyve til oppføring av garasje med dispensasjongbnr 27/263 M oldekleiv

Frådeling jfr. plan- og bygningsloven 20-1, m

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Valstyret SAKLISTE 2/07 07/1523 KOMMUNESTYRE -OG FYLKESTINGSVALGET 2007 MANNTAL M.M. TIL PARTIA

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

EID KOMMUNE Valstyret HOVUDUTSKRIFT

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 17 MØTEINNKALLING Utval: Valstyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærar

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Møteinnkalling for Formannskapet

Vedtak i sak som gjeld klage på løyve til planering og opparbeiding av tomt på gbnr. 1/236, i Sogndal kommune

Møtebok for Valstyret

Fedje kommune. Møtebok for Eldrerådet. Møtedato: Møtestad: Møtetid: 10:00-11:00. Møtet vart halde i Kalvedalen.

SAKSGANG. Utvalg Møtedato Saknr Eidfjord kommunestyre /010

Fedje kommune. Møtebok for Formannskapet. Møtedato: Møtestad: Slissøyna/Skarvøyna i Fedje fleirbrukshall Møtetid: 17:00-19:00

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Innkalling av Fellesnemnd partsamansett utval

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

Møteinnkalling for Valgstyre

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Møtestad: Hareid rådhus, KST salen Dato: tysdag, Tid:13:45

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0262/04 04/ /28,57, FINNEBREKKA, BYGGESAK - FELT A NY BEHANDLING

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Møteinnkalling for Valstyret

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 009/17 Formannskapet PS /17 Kommunestyret PS

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Innkalling av Valstyret

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

ØRSTA KOMMUNE Byggesaksavdelinga

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Til deg som bur i fosterheim år

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

Vi viser til oversending av ovannemnde sak, motteke av Fylkesmannen den

2 av 11 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 012/13 13/185 Faste saker 013/13 12/654

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

PUBLIKUMSINFO BYGGESAK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ) Saker til behandling

2 av 9 Utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: dette låg til grunn for valstyret sitt vedtak om å redusera talet på røystekrinsar. Jan Erik B

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Hei og god formiddag. Innleiingsvis finn kommunen grunn til å opplyse om følgjande for så vidt gjeld grenser:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter etter nærare avtale.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 16 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 006/16 13/783 Rådgjevande folkerøysting Godkjenni

Fedje kommune. Sakspapir. Reguleringsplan Rognsvåg. Idar Tangen. Vedlegg: Saksutgreiing: Forslag til vedtak: Kommunestyret - 009/14.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0009/03 03/ /4, REGULERINGSPLAN - SKEISFLATEN

Gnr: Bnr: Fnr: Snr: Gnr: Bnr: Fnr: Snr:

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Tiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje. Klage på vedtak om garasjeplassering i d-sak 427/24.

MØTEINNKALLING. Valstyret. Eventuelt forfall må meldast til telefon / Vararepresentantar får eiga innkalling dersom dei skal møte.

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 006/16 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) PS /16 Kommunestyret PS

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Møtebok for Valstyret

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Eventuelle forfall / melding om møtande varamedlem må meldast på møteportalen eller til Sølvi Legård epost

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /05 RUVI

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 037/15 15/510 Faste saker 038/15 14/989 Søknad om dispensasjon frå r

BOKN KOMMUNE Forvaltningsstyre HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 11/1134 Løpenummer: 11/ Utval: Planutvalet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 17:00 -

MØTEBOK - TITTELBLAD - Valstyret

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Kvam herad. Søknad om løyve til tiltak på gnr. 136 bnr. 7, Dysvik. Flytebryggjer. Søknad om disp. frå LNF-føremålet og pbl. 17-2

Innkalling. Solund kommune. Solund valstyre er med dette kalla inn til møte. Sakliste

Transkript:

Fedje kommune Innkalling av Formannskapet Møtedato: 05.05.2015 Møtestad: Slissøyna/Skarvøyna i Fedje fleirbrukshall Møtetid: 17:00-18:30 Det vert høve til å koma med saker til "Eventuelt". Sak vert oppretta i møtet. Eventuelle forfall må meldast til Vidar Bråthen per tlf. 56165106, sms til eller per epost til vidar.braathen@fedje.kommune.no Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale. Sakliste Saknr Tittel 035/15 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste 036/15 Godkjenning av møtebok 037/15 Referatsaker 038/15 Delegerte saker partssamansett utval 039/15 Delegerte saker teknikk og miljø 040/15 Klage på bygging av garasje på gnr. 168, bnr. 500. Tiltakshavar er Kris Aldous. Klagar er Heinz Diehl. 041/15 Kommunevalet 2015 - delegering og organisering 28. april 2015 Kristin Handeland møteleiar Vidar Bråthen sekretær

Fedje kommune Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Evy Uthaug 15/217 Saksnr Utvalg Type Dato 035/15 Formannskapet PS 05.05.2015 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste Saksutgreiing: Forslag til vedtak: Møteinnkalling og sakliste vert godkjent.

Fedje kommune Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Evy Uthaug 15/217 Saksnr Utvalg Type Dato 036/15 Formannskapet PS 05.05.2015 Godkjenning av møtebok 32T Protokoll - Formannskapet - 14.04.2015 Saksutgreiing: Forslag til vedtak: Møtebok frå sist møte vert godkjent.

Fedje kommune Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Evy Uthaug 15/217 Saksnr Utvalg Type Dato 037/15 Formannskapet PS 05.05.2015 Referatsaker 32T Saksnummer Tittel 037/15.1 Politiske parti - tinging av vallister Saksutgreiing: Forslag til vedtak: Referatsaker vert tekne til orientering.

Fedje kommune Oppvekst og omsorg Notat Til: Valstyret Kopi til: Saksbehandler: Oppvekst og omsorg/grete Herøy Vår referanse: 15/4-19 / FE - 014 Dato: 28.04.2015 Emne: Politiske parti - tinging av vallister Meldingssak: 8.4 Stemmesedler til forslagsstillerne Etter valgforskriften 21 kan den tillitsvalgte for den enkelte valgliste for egen regning bestille det antall stemmesedler vedkommende ønsker gjennom fylkesvalgstyret/valgstyret. Krav om stemmesedler må fremsettes innen den valgstyret setter. Valstyret må setje ein frist for tinging av stemmesetlar som partia kan bruke. Partia må sjølv bere kostnaden med dette. Partia får skriftleg informasjon om tingingsdato. Frist for tinging av stemmesetlar vert sett til 1. juni. Stormarkvegen 49 5947 FEDJE Telefon: 56 16 51 00 Faks: 56 16 51 19 E-post: postmottak@fedje.kommune.no Heimeside: www.fedje.kommune.no Org.nr. 944 041 036 Bankkonto: 3490.05.20400

Fedje kommune Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Evy Uthaug 15/217 Saksnr Utvalg Type Dato 038/15 Formannskapet PS 05.05.2015 Delegerte saker partssamansett utval 32T Saksnummer Tittel 001/15 Svar på søknad om fast stilling i Fedje kommune Saksnummer Tittel 002/15 Tilsetjing ved Fedje skule undervisningsstillingar 2015 Saksutgreiing: Forslag til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering.

Delegerte saker partssamansett utval, 001/15 - Svar på søknad om fast stilling i Fedje kommune Trine J. Uthaug blir fast tilsett som pedagogisk leiar i Fedje kommune, for tida Fedje barnehage frå 01.08.2015, jf. AML 14-9 (5). Delegerte saker partssamansett utval, 002/15 - Tilsetjing ved Fedje skule undervisningsstillingar 2015 Ulf Johansen får tilbod om 100% vikariat i undervisningsstilling i Fedje kommune frå 01.08.2015-31.07.2016. Tove Nordseth får tilbod om 100% vikariat i undervisningsstilling i Fedje kommune frå 01.08.2015-31.07.2016. Maren Kristine Håland får tilbod om 100% vikariat i undervisningsstilling i Fedje kommune frå 01.08.2015-31.07.2016. Silje Gullaksen får tilbod om 100% vikariat i undervisningsstilling i Fedje kommune frå 01.08.2015-31.07.2016. Tilsetjingane skjer etter gjeldande lov og avtaleverk. Om nokre av desse takkar nei til tilbodet, får Lisbeth Stuberg tilbod om 40% stilling vikariat, og ein må vurdera å lysa ut i naudsynt tal stilling på nytt. For deg som får tilbod om vikariat, ber me om skriftleg svar på om du tek i mot stillinga innan 8 dagar. Kontrakt vil så verte utarbeidd straks.

Fedje kommune Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Evy Uthaug 15/217 Saksnr Utvalg Type Dato 039/15 Formannskapet PS 05.05.2015 Delegerte saker teknikk og miljø 32T Saksnummer Tittel 009/15 Løyve til deling av gnr. 169, bnr. 22. Saksnummer Tittel 010/15 Løyve til deling av grunneigedom Saksutgreiing: Forslag til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering.

Delegert sak teknikk og miljø, 009/15 - Løyve til deling av gnr. 169, bnr. 22. I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13, og plan- og bygningslova 20-1 punkt m, 21-4 og 26-1 gjer teknisk sjef følgjande vedtak : Linda Hordvik, Gjermund Langedal og Helge Langedal får løyve til å frådela 3 eigedomar frå gnr. 169, bn. 22. Parsell 1 er tilleggsareal til bnr. 125. Parsell 3 er tilleggsareal til bnr. 78. Parsell 2 er tomt for ny fritidsbustad. For parsell 1 og 3 som skal vera tilleggsareal til bnr. 78 og bnr. 125, vil Fedje kommune krevja samanslåing av eksisterande eigedom og tilleggsareal når dei har fått same heimelshavar. Lovheimel : 21-4, 6. ledd, i plan- og bygningslova. Løyvet gjeld i 3 år. Oppmålingsforretning må rekvirerast før løyvet går ut. Løyvet har følgjande vilkår : Frådelt parsell nr. 2 må få vegrett frådelt parsell nr. 1 fram til privat veg som 169/125 nyttar i dag. Denne retten skal tinglysast. Lovheimel : 27-4 i plan- og bygningslova. Vegretten til eksisterande privat veg som 169/125 nyttar i dag, skal sikrast for tomt nr. 2 med avtale som om muleg skal tinglysast. Lovheimel : 27-4 i plan- og bygningslova. Tinglysing skal skje samstundes som eigedomane vert oppretta. Delegert sak teknikk og miljø, 010/15 - Løyve til deling av grunneigedom I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13, og plan- og bygningslova 20-1 punkt m, 21-4 og 26-1 gjer teknisk sjef følgjande vedtak : Haldis Moldøen får løyve til å frådela ein eigedom frå gnr.170, bnr. 2 i samsvar med delingsplan datert 28. mars 2015. Frådelt areal skal nyttast som tilleggsareal til bnr. 12. Løyvet gjeld i 3 år. Oppmålingsforretning må rekvirerast før løyvet går ut. Då frådelt areal skal vera tilleggsareal til bnr. 170, bnr. 12, vil Fedje kommune krevja samanslåing av frådelt areal og bnr. 12, når frådelt parsell har fått same eigar som bnr. 12. Lovheimel : 21-4, 6. ledd, i plan- og bygningslova.

Fedje kommune Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug Gbnr - 168/500 15/95 Saksnr Utvalg Type Dato 040/15 Formannskapet PS 05.05.2015 Klage på bygging av garasje på gnr. 168, bnr. 500. Tiltakshavar er Kris Aldous. Klagar er Heinz Diehl. 32T 01 Søknad om parkeringsplass og garasje 02 Nabovarsel og brev frå advokatfirmaet Kyrre 03 Kart - Situasjonsplan 04 Teikningar 05 Løyve til å bygga garasje mv 06 Klage på vedtak 07 Kommentarar til klage på løyve til å bygga garasje på gnr 168 bnr 500 08 Planteikning bustad Heinz Diehl Saksutgreiing: Følgjande vedtak vart gjort den 24. februar 2015 i delegert sak 004/15 : *** **** *** I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og plan- og bygningslova 21-4 gjer teknisk sjef følgjande vedtak : Samnøy Maskin får rammeløyve og igangsettingsløyve slik det er søkt til å planera tomt, bygga ny avkøyrsle,mur mot kommunal veg, mur mot felles avkøyrsle og garasje på gnr. 168, bnr. 500. Kris Aldous er tiltakshavar. Samnøy Maskin vert godkjent som ansvarleg søkjar i samsvar med 22-3 og 23-4 i pbl. Søknad frå Samnøy Maskin om ansvarsrett som prosjekterande og utførande vert godkjent. Lovheimel : 21-4, 22-3, 23-3, 23-5 og 23-6 i pbl. Dette gjeld ikkje ansvar prosjektering og utføring av garasjen, berre arkitektonisk utforming. Søknad om ansvarsrett for prosjektering og bygging av garasjen vert godkjent. Kris Aldous får personleg ansvarsrett i samsvar med 6-8 i Forskrift om byggesak. Alt arbeid vert godkjent som arbeid i tiltaksklasse 1. Lovheimel : 9-3 i byggesaksforskrifta. Løyvet har følgjande vilkår :

Fedje kommune Kommunen skal godkjenna endeleg plassering av bygget direkte i marka. Lovheimel : 29-4 i pbl. Horisontal toleranse på utsett plassering = +- 10 cm. Lovheimel : 6-3 i Forskrift om byggesak. Med heimel i 29-2 i pbl, krev kommunen at den visuelle kvaliteten på steinmur skal vera på høgde med følgjande murar : kai på Stormark ( slutt fylkesveg ), ved kontorbygget til Bukser & Berging og ved garasje til E. Horgen. *** *** *** Advokatfirmaet Kyrre har på vegne av Heinz Diehl klaga på vedtaket. Vi fekk klagen 17. mars 2015. Klagen er levert innafor klagefristen. Kris Aldous har i brev datert 30. mars 2015 kome med kommentarar til klagen. Heinz Diehl eig einebustaden på gnr. 168, bnr. 476. Han er gjenbuar til Kris Aldous. Kortaste avstand mellom einebustaden til Diehl og garasjen til Aldous, er 16 meter. Høgda på planert areal kring bustaden til Diehl og til garasjen, er om lag den same ( maks. ein meter skilnad ). Advokatfirmaet Kyrre meiner at garasjen vil ta vekk heile utsiktslinjen mot sjø. Dette er eg ikkje samd med ham i. Garasjen er planlagd nord for bustaden til Diehl. Lengderetninga ( mønet ) til einebustaden til Heinz Diehl, ligg nøyaktig aust-vest. Stova ligg i det søraustre hjørnet av huset. Garasjen får ikkje betydning for utsikt frå stova. Mot nord vil garasjen ta ein stor del av utsiktslinjen mot sjø, men ikkje heile. Bustaden har følgjande rom med utsikt mot nord : kjøken, teknisk rom, bad, vindfang og vaskerom. Kjøkenet har to like store vindauge, eit mot nord og eit mot aust. Etter 29-4 i pbl skal kommunen godkjenna plassering av byggverk både horisontalt og vertikalt. Paragraf 29-4 er nærast identisk med 70 i pbl-85. Paragraf 70 i pbl-85 er drøfta i rundskrivet H-18/90. Her står det : Bestemmelsen forutsettes praktisert slik at byggherrens ønsker imøtekommes der ikke avgjørende grunner taler imot dette. Med avgjørende grunner sikter en særlig til plassering og høyde som medfører betydelig ulempe for f. eks. naboer og omkringliggende miljø. Eit av forarbeida til byggesaksdelen av plan- og bygningslova, er NOU2005:12. Her står det på side 338 om plassering av bygg : Kommunens rolle består i å ta standpunkt til søkerens forslag til plassering slik denne fremgår av søknaden på situasjonsplan, eventuelt supplert av annen plantegning og snitt. Kommunen kan gi tillatelse som omsøkt, eller vedta tiltaket med en annen plassering, innenfor de øvrige rettslige rammer.begrunnelsen for slik endret plassering vil i mange tilfeller være hensyn til naboer eller gjenboere. I forarbeidene og senere rundskriv heter det at der ikke tungtveiende hensyn taler i mot skal den omsøkte plasseringen godkjennes. I sak 2012/215 skriver Sivilombudsmannen om rammen for første ledd i 29-4 : Utgangspunktet er at tiltakshavers ønskede plassering og høyde på byggverket skal godkjennes. Først når ulempene for omgivelsene ved omsøkt plassering/høyde er kvalifiserte, skal bygningsmyndighetene vurdere alternativ plassering/høyde. På bakgrunn av synfaring, situasjonsplan for garasje og teikning av bustaden til Heinz Diehl, er det mi

Fedje kommune vurdering at den reduksjonen i utsikt som Heinz Diehl får, ikkje er kvalifisert. Etter delegeringsreglementet til kommunen er det formannskapet som er underinstans i klagesaker etter plan- og bygningslova. Garasjen er ikkje bygd. I 42 i forvaltningslova står det følgjande : Underinstansen, klageinstans eller annet overordnet organ kan beslutte at vedtak ikke skal iverksettes før klagefristen er ute eller klagen er avgjort. Eg ser det som rimeleg at vi i denne saka gjer vedtak om utsett iverksetting. Det vil sei at bygging ikkje kan starta før fylkesmannen har gjort vedtak i saka. Forslag til vedtak: Fedje kommune står fast på det administrative vedtaket som vart gjort den 4. februar 2015 i delegert sak 004/15. Saka gjeld garasje på eigedomen gnr. 168, bnr. 500. Saka går til fylkesmannen for avgjerd. Formannskpet gjer vedtak om utsett iverksetting i samsvar med 42 i forvaltningslova.

Fedje kommune Teknisk, plan og utbygging Samnøy Maskin Stormarkvegen 26 5947 FEDJE Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Øyvind Tolleshaug 24.02.2015 Vår: 15/95-15/351 oyvind.tolleshaug@fedje.kommune.no Løyve til å bygga garasje mv. Administrativt vedtak. Saknr: 004/15 Saksutgreiing: Byggjeplass : Gnr. 168, bnr. 500, Husøyna 54. Type arbeid : Garasje. Areal lik 46 m 2 + 18 m 2 = 64 m 2 ( BRA ) og 68 m 2 ( BYA ). Tiltakshavar : Kris Aldous Ansvarleg søkjar : Samnøy Maskin Ansvarleg prosjekterande : Samnøy Maskin Ansvarleg utførande : Samnøy Maskin grunn og terrengarbeid Kris Aldous personleg ansvarsrett for bygging av garasje. Om tiltaket : Søknaden gjeld planering av tomt, ny avkøyrsle, mur mot kommunal veg, mur mot felles avkøyrsle og bygging av garasje. Søknaden gjeld rammeløyve og igangsettingsløyve. Samnøy Maskin har ikkje søkt om ansvarsrett for prosjektering og utføring av garasjen, berre arkitektonisk utforming. Kris Aldous kan få personleg ansvarsrett for prosjektering og bygging av garasjen. Kommuneplan / reguleringsplan : Området er ikkje regulert. Tidleg på 90-talet var det ikkje att ledige tomter i det kommunale bustadfeltet Husøyna. Kommunen eigde areal attmed feltet og i 1996 laga kommunen ei utviding av feltet utan reguleringsplan. Bustaden til Kris Aldous er bygd i denne utvidinga. Stormarkvegen 49 5947 FEDJE Telefon: 56 16 51 00 Faks: 56 16 51 19 E-post: postmottak@fedje.kommune.no Heimeside: www.fedje.kommune.no Org.nr. 944 041 036 Bankkonto: 3490.05.20400

I 1996 hadde ikkje kommunen kommuneplan. Dette fekk vi i 2000. Utvidinga av bustadfeltet vart då byggeområde. Dette vart ikkje endra då vi fekk ny kommuneplan i 2013. Nabovarsel : Kvittering for nabovarsel er levert. Ansvar : Føretaket Samnøy Maskin har tidlegare vore godkjent for tilsvarande arbeid i 71 saker i perioden 2000 til og med 2013. I 2014 har føretaket vore godkjent i sak 010/14, 016/14, 017/14, 019/14 og 027/14. Kontroll : Tiltaket kjem ikkje inn under dei obligatoriske krava om uavhengig kontroll i 14-2 eller 14-7 i i forskrift om byggesak ( SAK ). Eg syner til 24-1 i plan- og bygningslova der det står : Ansvarlig prosjekterende og ansvarlig utførende skal ha system for å sikre og dokumentere at plan- og bygningslovgivningens krav er oppfylt. Sjølvbyggar : Etter 6-8 i Forskrift om byggesak kan kommunen godkjenna person som sjølvbyggar av eigen bustad eller fritidsbustad dersom personen gjer det sannsynleg at arbeidet vil verta utført i samsvar med plan- og bygningslova, kommuneplan, eventuell reguleringsplan, byggesaksforskrifta og byggeteknisk forskrift For sjølvbyggar gjeld ikkje kapittel 9, 10 og 11 i byggesaksforskrifta. Dette er godkjenning av føretak, krav til system i føretaket og krav til utdanning og praksis. Kris Aldous arbeidar som ufaglært tømrar. Kravet om sannsynleggjering i 6-8 er stetta. Garasjen kjem inn under 20-2 i plan- og bygningslova ( pbl ). Paragraf 20-2 i pbl skildrar dei tiltaka som tiltakshavar sjølv kan søkja om løyve til, prosjektera og utføra. Kommunen kan gje Kris Aldous løyve til å bygga garasjen som sjølvbyggar eller i samsvar ned 20-2 i pbl. Avkøyrsle og parkering : Etter 27-4 i plan- og bygningslova skal lovleg avkøyrsle til byggetomta vera sikra før det vert gjeve løyve til å byggja. Etter søknaden skal eigedomen til Aldous få ny avkøyrsle. Dette vert frå kommunal veg. Utforming av tiltak og visuelle kvaliteter : I 29-2 i plan- og bygningslova ( pbl ) står det følgjande : Ethvert tiltak etter kapittel 20 skal prosjekteres og utføres slik at det etter kommunens skjønn innehar gode visuelle kvaliteter både i seg selv og i forhold til dets funksjon og dets bygde og naturlige omgivelser og plassering. Side 2 15/95-2

Med heimel i 29-2 i pbl, krev kommunen at den visuelle kvaliteten på steinmur skal vera på høgde med følgjande murar : kai på Stormark ( slutt fylkesveg ), ved kontorbygget til Bukser & Berging og ved garasje til E. Horgen. Plassering av tiltak : Etter 29-4 i pbl skal kommunen godkjenna plassering både horisontalt og vertikalt. Kommunen kan oppfylla krava i 29-4 ved å godkjenna endeleg plassering direkte i marka. Sjå 29-4 i pbl og 6-3 i forskrift om byggesak. Heinz Diehl er gjenbuar til Kris Aldous. Han har via advokatfirmaet Kyrre kome med merknader til nabovarselet. Advokatfirmaet Kyrre skriv at om garasjen vert bygd sik det er søkt om, vil Diehl få redusert utsikt. Dei ber difor om at garasjen får ei anna plassering. Eg har vore på synfaring. Garasjen vil gje Heinz Diehl redusert utsikt mot Fensfjorden i nord. Paragraf 29-4 er nærast identisk med 70 i pbl-85. Paragraf 70 i pbl-85 er drøfta i rundskrivet H-18/90. Etter dette rundskrivet kan følgjande tilhøve vera relevante når kommunen skal vurdera plassering av bygning : 1) tilpassing til terreng og eksisterande bygningar 2) disponering av tomta for å oppnå tilfredstillande opphaldsstad i det fri for bebuarar / andre brukarar, t.d. usjenert uteplass, leikeareal, parkeringsplass osv. 3) utsikt og lysforhold 4) omsyn til at naboar får ha / kan få tilsvarande kvalitetar 5) planlagd eller pårekneleg utnytting av nabotomta/omkringliggjande areal i relativt nær framtid 6) tilgjenge, og for funksjonshemma 7) brannsikring 8) forskrifter om avstand frå elektriske leidningar Utsikt er altså mellom dei tilhøve kommunen skal vurdera. I H-18/90 står det : Bestemmelsen forutsettes praktisert slik at byggherrens ønsker imøtekommes der ikke avgjørende grunner taler imot dette. Med avgjørende grunner sikter en særlig til plassering og høyde som medfører betydelig ulempe for f. eks. naboer og omkringliggende miljø. Eg vurderer ikkje ulempen for Heinz Diehl som betydeleg. Avstand nabogrense Kommunen kan etter 29-4, tredje ledd, punkt a, godkjenne plassering nærare eigedomsgrensa enn 4 m når nabo har gjeve samtykke. Garasjen kjem 2 meter frå grense mot nabo som er Fedje kommune. Fedje kommune gjev løyve til dette og kravet i 29-4 er stetta. Side 3 15/95-2

Vedtak I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og plan- og bygningslova 21-4 gjer teknisk sjef følgjande vedtak : Samnøy Maskin får rammeløyve og igangsettingsløyve slik det er søkt til å planera tomt, bygga ny avkøyrsle, mur mot kommunal veg, mur mot felles avkøyrsle og garasje på gnr. 168, bnr. 500. Kris Aldous er tiltakshavar. Samnøy Maskin vert godkjent som ansvarleg søkjar i samsvar med 22-3 og 23-4 i pbl. Søknad frå Samnøy Maskin om ansvarsrett som prosjekterande og utførande vert godkjent. Lovheimel : 21-4, 22-3, 23-3, 23-5 og 23-6 i pbl. Dette gjeld ikkje ansvar prosjektering og utføring av garasjen, berre arkitektonisk utforming. Søknad om ansvarsrett for prosjektering og bygging av garasjen vert godkjent. Kris Aldous får personleg ansvarsrett i samsvar med 6-8 i Forskrift om byggesak. Alt arbeid vert godkjent som arbeid i tiltaksklasse 1. Lovheimel : 9-3 i byggesaksforskrifta. Løyvet har følgjande vilkår : Kommunen skal godkjenna endeleg plassering av bygget direkte i marka. Lovheimel : 29-4 i pbl. Horisontal toleranse på utsett plassering = +- 10 cm. Lovheimel : 6-3 i Forskrift om byggesak. Med heimel i 29-2 i pbl, krev kommunen at den visuelle kvaliteten på steinmur skal vera på høgde med følgjande murar : kai på Stormark ( slutt fylkesveg ), ved kontorbygget til Bukser & Berging og ved garasje til E. Horgen. *** *** *** Tiltaket er registrert i matrikkelen, sjå forskrift til matrikkellova 10 og 60. Etter 10 i forskrifta skal registrert eigar gjerast kjent med dette. Eg vil minna om at det i 12-2 i Forskrift om byggesak, står følgjande : I tillegg til ansvar etter plan- og bygningsloven 23-4 har ansvarlig søker ansvar for : h) å motta og videreformidle tillatelser, vilkår og pålegg til de ansvarlige foretak, og sende søknad ved søknadspliktige endringer i tiltaket. Øyvind Tolleshaug plan- og utbyggingssjef Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur. Side 4 15/95-2

Vedlegg: Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak Mottakarar: Samnøy Maskin Stormarkvegen 26 5947 FEDJE Kris Neville Aldous Husøyna 54 5947 FEDJE Heinz Diehl Husøyna 50 5947 FEDJE Side 5 15/95-2

Kommentarar til klage på løyve til å bygge garasje på gnr 168 / bnr 500. Eg viser til klage frå eigar av gnr 168 bnr 476, Heinz Diehl - representert av advokat Øivind Rune Bjørkås, og har følgjande merknadar. Heinz Diehl er ikkje nabo, men gjenbuar til gnr 168 bnr 500. Det vert hevda at huset til Diehl er vendt mot nord og har montert ekstra mange og store vindu på denne sida av bustaden. Det er etter mitt syn feil. På nordsida er det montert 2 stk "husmorvindu" 120x120cm på kjøken, og 3 stk vindu 60x60cm på teknisk, bad og vaskerom. Derimot på sørsida er det montert 2 stk vindu 120x160cm og 4 stk 120x120cm. På austsida er det montert 2 stk 110x160cm. Dersom huset til Diehl er vendt nokon spesiell veg, må det vera mot sør og aust. I klagen heiter det at "Varslede tiltak er plassert slik at Diehl mister hele siktelinjen mot sjø". Dette er ikkje rett. Han misser deler av utsikten mot sjø. Det har tidlegare vorte hevda at Diehl har gjort fleire forsøk på å kome i kontakt med meg for å drøfte plassering av tiltaket. Det kan ikkje medføre riktighet. Eg har korkje fått brev, mail, sms, telefon, tapt anrop eller besøk på døra. Det ser ut for meg at advokat Bjørkås ikkje har vore på synfaring på tomta. Då ville han nok brukt andre ord enn nabo, ekstra mange og store vindu, huset vendt mot nord, hele siktlinjen mot sjøen osv. Plassering av garasjen er grundig gjennomtenkt frå mi side. Eg har funne den plassen som passar best for meg i høve til privatliv og innsyn, bruk av utearealet, vindskjerming, solplass og avstand frå bustad til garasjen mm. Eg vil oppfatte det som svært urimeleg dersom klagen vert tatt til følge. Garasjen vil ikkje påverke sol og lysforhold for Heinz Diehl. Han vil framleis ha god utsikt og ope terreng rundt seg. Det vil verte vanskeleg å gjenomføre byggeprosjekt på Fedje dersom klage med slik argumentasjon som Diehl nyttar, vinn gjennom. Fedje den 30.03.2015 Kris Aldous Tiltakshavar

Fedje kommune Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Grete Herøy FE - 014 15/4 Saksnr Utvalg Type Dato 041/15 Formannskapet PS 05.05.2015 Kommunevalet 2015 - delegering og organisering Saksutgreiing: Bakgrunn Avklaringar frå valstyret i forhold til kommune- og fylkestingsvalet 14.september 2015 Saksutgreiing: Mykje i samband med valet er avklart i vallova/forskrifta, men ein del skal valstyret avgjere lokalt. I år vert Grete Herøy sekretær for valstyret. Rapporteringsansvarleg vert Bjarte Villanger. Valsystemet heiter EVA og kjem frå departementet. Herøy og Villanger deltek på omfattande pålagt opplæringsprogram i EVA som er blitt endra/forbetra sidan førre val. 1) Kor skal me halde valet? Fleirbrukshallen har vore nytta dei siste åra, det er vellukka og må vidareførast. Universell tilgjenge, bil kan køyre heilt fram til lokalet. 2) Nytt universelt materiell for gjennomføring av val er på plass og kan framleis nyttast: Avlukke, røysesetelhaldarar, urner, plakatar osb. 3) Røystestyre, oppteljing og røystemottak Dei siste åra har me hatt ei dreiing frå reine politikargjennomførte val, til å få inn andre røystemottakarar og teljarar. Dette er i tråd med dei råd Noreg har fått frå OSSE (Organisasjonen for Samarbeid og Sikkerhet i Europa, som har vore observatørar ved val i Noreg). Frå 1.januar 2012 kan folk som står til val på vallister ikkje vere røystemottakarar (sitje i vallokalet) eller vere i røystestyra (telje røyster). Det fører til at gamal tradisjon fullt ut må erstattast, noko som alt frå Stortingsvalet i 2013 vart gjennomført. Det skal vere 2 av røystestyret til stades i vallokalet til ei kvar tid på valdagen. Vedlagt ligg ei liste over folk som har vore med i ulike funksjonar i forhold til gjennomføring av val i Fedje kommune dei to siste vala. Valstyret må ta stilling til følgjande: Kven kan ta i mot førehandsrøyster? (vallova 8-2) Kven skal sitte i røystestyret? Leiar/nestleiar? Kor mange skal vere i røystestyret? Held det med røystestyret til oppteljinga? (vallova 4-2)

Fedje kommune Kven skal ta i mot ambulerande/institusjonsrøysting? (2 stk) (vallova 8-2) Kven skal vere røystemottakarar på sjølve valdagen? Kor mange treng ein på kvart skift? (vallova 8-2) Kor mange varaer skal ein lære opp til kvar funksjon? Skal ein som før ringe og spørje folk om dei vil ha valfunksjonar, eller skal ein sette oppslag og be folk melde sin interesse? 4) Delegasjon av kurante saker: For mest mulig effektiv gjennomføring av valet, er det lurt å delegere nokre kurante saker. Alle saker det er tvil om, skal avgjerast av valstyret. Type sak(lovheimel) Kva gjeld det Delegert til Søknad om å røyste heime (vallova 8-3 (2) b) Søknad om innføring i manntal mm (vallova 2-4, 2-7 og 2-8) Godkjenning av førehandsrøystegjeving (vallova 10-1) Folk kan søkje om å røyste heime, om dei er for sjuke til å kome til sjukeheimen eller røystelokalet. Fristen for å søkje er vanlegvis torsdag før valet. Me har svært sjeldan fått søknadar om dette, men om me får det, må nokon ha fullmakt til å avgjere søknaden. T.d. folk som har budd utanlands meir enn ti år, må søkje om innføring i manntalet kvart val om dei ønskjer å røyste. Innføring i manntal er regulert i valforskrifta. Dei det gjeld skal underrettast om endringar Førehandsrøystegjevingane som vert tilsendt frå andre kommunar må godkjennast. I praksis betyr dette å sjekke at konvoluttane er forskriftsmessig utfylt og lukka, og at personen står i manntalet. Bør gjerast fortløpande. Anbefalar at valstyret sin leiar får fullmakt til å avgjere evt søknader. Rår til at kurante saker vert delegert til valstyret sin sekretær for å løpande kunne oppdatere manntalet og sende melding til den det gjeld Rår til at kurante saker vert delegert til valstyret sitt sekretariat/ førehandsrøystemottakarar for å løpande kunne oppdatere manntalet. Lovpålagte kunngjeringar (vallova 9-3, 2-6, 2-3 (3)) Det er eindel lovpålagte kunngjeringar i samband med val, bl.a. av røystestad og utlegging av manntal Rår til at kunngjeringar vert delegert til sekretær og/eller leiar valstyret. Utlegging av manntal Valstyret skal leggje ut Anbefalar at utlegging av

Fedje kommune (vallova 2-6) manntalet til offentleg ettersyn så snart det er klart, vanlegvis ca 15.07. manntal vert delegert til sekretariat for valstyret. 5) Opningstider vallokala på valdagen. Dette avgjer valstyret, men må seinast stenge kl 21.00 måndag 14.september. Sist var opningstidene kl. 10-20. Det er registrert at ein del kommunar ikkje opnar vallokalet før kl 1200. 6) Førehandsrøysting. Ttidlegrøysting startar 1.juli. Ordinær førehandsrøysting er fastsett til perioden 10.august til 11.september. Ved sist val var det ope for førehandsrøysting kvardagar 0830-1500 + 2 laurdagar før valet kl 1100-1300 Det var stortingsval i 2013, nå gjeld det kommune og fylkestingsval, og det er annleis enn Stortingsval, då ein kan røyste overalt i landet og få same røystesetlar. Ved kommuneval må velgjarane røyste her på Fedje for å få tilgang til dei korrekte røystesetlane. Det kan då vere trong for meir opningstid, med dei ressursar og økonomi det krev. 7) Ambulerande røystegjeving på sjukeheimen onsdag eller torsdag siste veke før valet, som tidlegare kl. 10-12. 8) Oppteljingsstad Oppteljinga vart ved sist val gjort i sosialt rom i Fleirbrukshallen og sikra med det at publikum kan vere til stades ved oppteljing. Det er også nå stabil nett tilgang som er avgjerande for rapporteringa. Det vert lagt opp til kurs for valmedarbeidarar og valstyret i august. Valstyret skal også få oppdatering. Dato må fastsetjast. Vurdering: For dei fleste alternativa, er det fordeler og ulemper, og det er avgjerande kva valstyret legg mest vekt på. Innstillinga tek utgangspunkt i erfaringar frå dei siste 2 vala, kva sekretariatet ser som mest praktisk for sjølve organiseringa av valet. Men det er opp til valstyret om dei meiner andre omsyn skal vege tyngre. Tema Vedtak Val av røystestyre (vallova 4-2 og 8-2 Førehandsrøysting (vallova 8-3) Vallokale for valtinget (vallova 9-3) Valstyret vedtek å velje eige røystestyre. Sekretæren legg fram forslag til røystestyre og røystemottakarar, på møtet i formannskapet 05.05.2015 På kommunehuset. Opningstider: Kvardagar 08.30-15.00 To siste mogelege laurdagar før valet, opningstid 11-13. Ambulerande røysting på sjukeheimen onsdag eller torsdag siste veke før valet kl. 10-12. Fedje fleirbrukshall

Fedje kommune Valdagen (vallova 9-3) Oppteljingsstad Delegering: Søknad om å røyste heime (vallova 8-3 (2) b) Søknad om innføring i manntal mm (vallova 2-4, 2-7 og 2-8) Godkjenning av førehandsrøystegjeving (vallova 10-1) Lovpålagte kunngjeringar (vallova 9-3, 2-6, 2-3 (3)) Utlegging av manntal (vallova 2-6) Valdagen (vallova 9-3) Opningstid kl. 10-20 Tre skift med 4 personar på kvart Sosiale rommet Fedje fleirbrukshall Valstyret sin leiar får fullmakt til å avgjere evt søknader Kurante saker vert delegert til valstyret sin sekretær for å løpande kunne oppdatere manntalet og sende melding til den det gjeld. Kurante saker vert delegert til valstyret sitt sekretariat/forhåndsrøystemottakarar for å løpande kunne oppdatere manntalet. Kunngjeringar vert delegert til sekretariat valstyret Utlegging av manntal vert delegert til sekretariat for valstyret Folkehelse Miljø Økonomi : Gjennomføring av kommune- og fylkestingsval 2015 er lagt inn i budsjett for 2015 Konklusjon Kommune- og fylkestingsvalet vert gjennomført i tråd med gjeldande lover og forskrifter og i stor grad med same mønster som tidlegare val. For å få ei smidig avvikling av valet, vert det foreslått delegering av kurante saker. Forslag til vedtak: Valstyret vedtek følgjande organisering av kommune- og fylkestingsvalet for 2015 Tema Val av røystestyre (vallova 4-2 og 8-2 Førehandsrøysting Vedtak Valstyret vedtek å velje eige røystestyre. Sekretæren legg fram forslag til røystestyre og røystemottakarar, på møtet i formannskapet 05.05.2015 På kommunehuset. Opningstider:

Fedje kommune (vallova 8-3) Kvardagar 08.30-15.00 To siste mogelege laurdagar før valet, opningstid 11-13. Ambulerande røysting på sjukeheimen onsdag eller torsdag siste veke før valet kl. 10-12. Vallokale for valtinget Fedje fleirbrukshall (vallova 9-3) Valdagen (vallova 9-3) Oppteljingsstad Delegering: Søknad om å røyste heime (vallova 8-3 (2) b) Søknad om innføring i manntal mm (vallova 2-4, 2-7 og 2-8) Godkjenning av førehandsrøystegjeving (vallova 10-1) Lovpålagte kunngjeringar (vallova 9-3, 2-6, 2-3 (3)) Utlegging av manntal (vallova 2-6) Valdagen (vallova 9-3) Opningstid kl. 10-20 Tre skift med 4 personar på kvart Sosiale rommet Fedje fleirbrukshall Valstyret sin leiar får fullmakt til å avgjere evt søknader Kurante saker vert delegert til valstyret sin sekretær for å løpande kunne oppdatere manntalet og sende melding til den det gjeld. Kurante saker vert delegert til valstyret sitt sekretariat/forhåndsrøystemottakarar for å løpande kunne oppdatere manntalet. Kunngjeringar vert delegert til sekretariat valstyret Utlegging av manntal vert delegert til sekretariat for valstyret