RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014
Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til høgre i kvart bilete. I tillegg er det somme stader mogleg å trykke på -knappen. Då kjem det opp hjelpetekst til høgre knytt til gitt punkt. Sjå «Rettleiar Fonnakart». Her kan du hente hjelp til å finne informasjon som du treng for å fylle ut søknaden. Ta kontakt med kommunen om du treng ytterlegare rettleiing. Byggesak vakttelefon: 947 89 309 ByggSøk hjelp: 53 48 33 24
Opprett ny brukar eller logg inn med brukarnamn og passord
Opprett ny byggesak eller arbeid vidare med eksisterande byggesak Under «Mine byggesaker» finn du søknadane du har jobba med. Hent desse fram om du til dømes ynskjer å søkje om endringsløyve eller igangsetjingsløyve.
Her vel du kva type tiltak du ynskjer å gjennomføre. Du kan krysse av fleire stader. Tiltaket du oppgjer, er utgangspunkt for kva type søknadstype du kan velje.
«Søknad om tiltak utan ansvarsrett» blir eit alternativ om du på førre side valde tiltak som kan gå under 20-2, til dømes tilbygg under 50 m 2 (ikkje påbygg), frittståande bygg under 70 m 2.
Les Oversikt over kva vala du har gjort. Stemmer dette med det du ynskjer å søkje om? For å endre noko, klikk på «Forrige»-knappen. I det du klikkar på «Neste»-knappen, låser du vala du har gjort. Ynskje du seinare å endre søknadstype, kan du klikke deg inn på søknaden under «Mine byggesaker», for så å endre søknadstype.
Fyll inn informasjon om eigedomen som søknaden gjeld. Bruk gjerne www.fonnakart.no her finn du blant anna gards- og bruksnr. Kvinnherad kommune er ikkje kopla til kartet gjennom ByggSøk.
DISPENSASJON: Er tiltaket i tråd med PBL, planen som gjeld for området (kommunedelplan eller reguleringsplan), veg og TEK10, treng det ikkje søkjast dispensasjon. Dersom tiltaket er i strid med PBL, plan, veg eller TEK10, må det søkjast om dispensasjon. Du kan søkja om dispensasjon samstundes med søknad om tiltak, eller separat. Naboane må alltid varslast om at det òg blir søkt om dispensasjon. Søkjer du dispensasjon og tiltak samstundes, pass på at det går fram i opplysningane gitt i nabovarsel at det blir søkt om dispensasjon. Dersom «ja» kjem denne sida seinare. Grunngje kvifor du ynskjer dispensasjon frå PBL, plan, veg eller Tek10. Grei ut om fordelar og ulemper: Fordelane ved dispensasjonen må vera klart større enn ulempene ved dispensasjon. Legg vekt på dispensasjonen sine konsekvensar for helse, miljø, tryggleik og tilgjengelegheit (PBL 19-2).
Bruk kartet som du finn på www.fonnakart.no (sjå rettleiar). Her finn du informasjon om plantype, formål og om det er utnyttingsgrad i området. Les føresegnene.
Nærast alle tiltak må nabovarslast. Både naboar og gjenbuarar (på andre side av veg, elv, ol), må varslast om tiltak. Er du usikker, ta kontakt med kommunen så får du tilsendt naboliste. Du kan generere nabovarselskjema ut frå ByggSøk. Hopp over denne sida (klikk «Neste»), fyll ut resten av søknaden, klikk på skrivarikonet i venstre-meny. Du vil då få moglegheita å skrive ut nabovarselskjema (sjå neste side). Seinare går du attende til denne sida og fylle ut manglande informasjon. Viktig
Les Skriv ut dei ulike skjemaa i ramma. Hugs å inkludere situasjonskart og teikningar over tiltaket i opplysningane om tiltaket. Er eit anna «opplysningar gitt i nabovarsel» brukt under nabovarslinga, ynskjer kommunen at du legg dette ved søknaden (under «Annet»).
Her vel du ut frå rullegardina det som passar tiltaket. Kryssar du av for «annet», får du moglegheita å skrive i boksen nedst.
Hentar frå «Planstatus» Reknar ut automatisk Sjå til att berekna grad av utnytting er mindre enn tillate grad av utnytting Reknar ut automatisk
www.fonnakart.no kan vera til god hjelp her (sjå rettleiar).
Ta kontakt med kommune om det er noko du lurar på. VIKTIG
Ta kontakt med kommune om det er noko du lurar på. VIKTIG
Ta kontakt med kommune om det er noko du lurar på. VIKTIG
Fyll ut kven som er tiltakshavar. Tips: Er tiltakshavar og kontaktperson den same, klikk på knappen «kopiér» så slepp du skrive alt ein gong til.
Legg inn ein og ein nabo. Naboliste kan ein få tilsendt frå kommune. Hugs å klikk på knappen «Legg til» mellom kvar nabo.
Andre myndigheiter kan vera: - Statens vegvesen (veg, hovudsakeleg dispensasjon byggjegrense) - Fylkeskommunen - Fylkesmannen - Kvinnherad kommune Tekniske tenester (veg, vass- og avløp) - Kystverket: Kystverket har delegert dei fleste mynde til kommunen Dersom det er snakk om dispensasjon frå byggjegrense veg eller tilknyting vass og avløp, må det følgje med eit ferdig utfylt skjema. Informasjon og skjema finn du på kommunen si heimeside.
HUGS: Alle vedlegg skal leggjast til kvar for seg! Vel frå rullegardina. Bruk «Annet» om du ikkje finn noko som stemmer og forklar i kommentarfeltet. Vel om det skal leggjast til elektronisk eller ettersendast i post. Last opp fila om den skal leggjast til elektronisk. Kryss av om vedlegget skal leggjast ved nabovarsel, til dømes situasjonskart og fasadeteikning. Klikk «Legg til» og gjenta prosessen med andre vedlegg. Noter deg dato for kva tid siste nabo kvitterte på nabovarselet, eventuelt postdato for rekommandert sending. Frå denne datoen skal det gå 14 dagar før du sender inn søknaden i tilfelle du mottek nabomerknader.
Når du er kome så langt som dette, er du i utgangspunktet ferdig med søknaden. Klikk på «kontrollér søknaden» då vil eventuelle feil og manglar dukke opp. Trykk på feilmeldinga, så kjem du til sida feilen/manglane er, rett opp og gå attende til denne sida. Om du ynskjer å skrive ut nabovarselskjema, klikk på skrivarikonet i menyen til venstre. Når du har fått underskrifter og det er gått 14 dagar, kan du gå inn på søknaden, vidare til vedlegg og legg ved kvitteringa for nabovarsel. Har det kome inn nabomerknader, gå inn på «Rammebetingelser» og vidare inn på «Varsling». Elles kan du sjekke søknaden ved å klikke deg att og fram i søknaden. Når du er nøgd, det er gått 14 dagar etter nabovarsling, er søknaden klar for innsending Klikk på «Send Søknad». Ynskjer du at søknaden med vedlegg skal sendast til deg, skriv inn mail-adressa her.