Hordaland fylkeskommime statens vegvesen HORDALAND FYLKESKOMMUNE sakt,r5a:^iaco3 (^jk.nr a 2 «DFS, 2009 Arkivnr. ^ Saksh. Eksp. U.oif. TiUcCTW. Behandlende enhet: Saksbehand ler/i nnvalgsnr: Signe Eikenes 57655809 Vår referanse: Deres referanse: Vår dato 22.12.09 Endring av Statens vegvesen sin organisasjon frå 01. januar 2010 Statens vegvesen Region vest far frå 1.januar ny organisering. Vi tilpassar oss forvaltningsreforma gjeimom å opprette fylkesavdelingar som samsvarar med grensene til dagens fylkeskommunar. Fagområdet for Trafikant og køyretøy blir skilt ut som eiga regional avdeling. Vedlegget viser kva ansvarsområde dei nye avdelingane får. Meir informasjon finn de på www.vegvesen.no. Med helsing Olav EUevset Regionvegsjef
Organisering av Statens vegvesen Region vest frå 1.ianuar2010 Statens vegvesen. Region vest blir frå nyttår organisert i 5 regionale avdelingar og 3 fylkesavdelingar. Avdelingane er: - Trafikant- og køyretøyavdelinga har regionalt ansvar for alle oppgavene innan trafikant og køyretøy. Veg- og transportavdelinga er den regionale fagavdelinga for heile veg- og transportonuådet. - Prosjektavdelinga er ansvarleg for dei største investeringsprosjekta i regionen - Ressursavdelinga skal levere tenester til heile regionen innan planlegging, geologi, geoteknikk o.a. - Administrasjonsavdelinga skal yte administrativ og HR-støtte til heile regionen. Regionvegsjefen har og etablert ein Styrings- og strategistab og ein Kommunikasjonsstab. Regionvegsjefen har resultatansvar overfor Vegdirektøren og fylkeskommunane i sin region. Det skal inngåast avtaler om resultat og rammevilkår for oppgavene som regionvegsjefen skal løyse for den enkelte fylkeskommunen. Regionvegsjefen har ansvar for å styre regionen sin samla aktivitet, og er ansvarleg for å utøve sektoransvaret innanfor eigen region og følgje opp statlege føringar. Avdelingsdirektøren for den enkelte fylkesavdelinga, har det utøvande ansvaret og har ansvaret for dagleg kontakt med fylkeskonmiunen. Rtgloimgijef St)ving^ 0 imogiéta KoMMnteijimWi Styrings- og strategistab Hovudoppgåva til staben er å gi råd og støtte til regionvegsjefen innan styring av riks- og fylkesvegnettet. Styrings- og strategistaben skal vere kont^tledd mellom Region vest og Vegdirektoratet. Ansvaret for å utarbeide regionen sitt grunnlag for Nasjonal transportplan
med tilhøyrande handungsprogram, er lagt til denne eininga. Staben har og ansvar for rådgjeving og støtte til regionvegsjefen innan sikkerheit og beredskap. Kommunikasjonsstab Kommunikasjonsstaben i regionen skal utvikle og sikre god kommunikasjon i alle kommunikasjonskanalar. Ei viktig oppgave for staben er å bidra til at etaten styrkjer sitt heilheitlege fokus på brukarane. Det kommunikasjonsfaglege ansvaret for intern og ekstern kommunikasjon og profilering av Statens vegvesen er lagt til staben. HR- og administrasjonsavdeling Avdelinga har ansvaret for å yte administrative støtte og rådgjeving til alle brukarane i regionen. Avdelinga er inndelt i ein HR - forvaltning og ein HR- utviklingsseksjon, ein økonomiseksjon, ein seksjon for juridisk og anskaffelse og ein Intemserviceseksjon. All IKT-verksemd er organisert i ei landsdekkande eining. Veg og transport avdelinga Veg og transportavdelinga er ei fagavdeling for heile oppgåvespekteret på veg- og transportområdet i regionen. Fagleg utvikling skal i første rekke skje gjennom forbetring og koordinering av vegvesenet sine kjemeprosessar. Avdelinga er ansvarleg for den faglege koordineringa, og skal ha ein pådrivarfunksjon gjennom fylkesovergripande, strategiske planar som gir rammer og retning for operativ verksemd, jfr. sektoransvaret. Trafikksikkerheit og miljø inngår som viktige fagfelt i avdelinga. Avdelinga har ansvaret for fagleg samordning, koordinering og utvikling av byggherremiljøet i regionen. Avdelinga har ansvaret for fagleg rådgjeving, støtte og kvalitetssikring av anbodsgrunnlag innan byggherreområdet. Geodata er organisert som eigen seksjon og skal levere tenester til heile regionen. Den regionale vegtrafikksentralen (VTS) høyrer til på denne avdelinga som eigen seksjon. Ressursavdelinga Ressursavdelinga er teneste- og produktleverandør som utfører oppgaver internt på vegne av avdelingar og prosjekt. Ressursavdelinga bidreg til å løyse oppgavene i regionen ved å utvikle og bruke rett kompetanse på ein effektiv måte. Ressursavdelinga er ein felles regional ressurspool som skal bidra til optimal fordeling av kapasitet og kompetanse. Avdelinga leverer tenester mellom anna innan følgj ande fag: - Arealplanlegging, fylkesdelplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar - Transportmodellar - Utarbeiding av konkurransegrunnlag (all type prosjektering) - Landmåling - Vegteknologi - Geologi og geoteknikk - Grunnerverv
Prosjektavdeling Avdelinga har ansvar for effektiv gjennomføring av store og komplekse prosjekt. Ei samling av mindre prosjekt innan eit geografiske område kan og leggjast til avdelinga. Avdelinga har ansvaret for prosjekta frå reguleringsplanfasen til og med overlevering av ferdig anlegg. Prosjektleiarane for store prosjekt rapporterer til avdelingsdirektør for prosjektavdelinga. Avdelingsstaben skal ha ein koordinerande funksjon og vere bindeledd mellom dei ulike prosjekta. Regionvegsjefen fastset om utbyggingsprosjekt skal leggjast til prosjektavdelinga eller til ei fylkesavdeling. Desse prosjekta er definerte som store prosjekt frå januar 2010 i Region vest: - E39 0s-Bergen - Ringveg vest 1 og2 - Rv 13 Ryfast med Eiganestunnelen - Rv 47 T-forbindelsen - E39Rogfast - E16 Filejjell - Rv 555 Sotrasambandet - Rv 7 Hardangerbrua Vossapakko Trafikant og kjøretøyavdeling Avdelinga har ansvaret for alle trafikant- og køyretøyoppgåvene i regionen. Slik skal etaten framstå som ein etterspurd tenesteleverandør, ein god samarbeidspartnar og ei tydeleg og forutsigbar tils5tis- og kontroumyndigheit. Organisatorisk er avdelinga delt inn i 4 område med fleire tenestestadar i kvart område. Område Sør-Rogaland med tenstestadar i Stavanger (Forus) og Egersund Område Haugaland og Sunnhordland med tenstestadar i Haugesund og på Stord - Område Bergen med tenstestadar i Bergen og i Nordhordland (Knarvik) - Område Indre Hardanger, Sogn og Fjordane med tenstestadar på Voss, Odda, Sogndal, Førde og Nordfjordeid Onu-åda har det totale fagansvaret innan føraropplæring, førarprøvar og førarkort med alle oppgaver som høyrer til. Områda har det totale fagansvaret for kontroll av køyretøy i hall og registrering av kjøretøy. Områda har og ansvaret for kontroll av kjøretøy og trafikantar på veg. I tillegg skal områda ha kompetanse og kapasitet til å delta i nasjonale og regionale TS - kampanjar. Tilsynsseksjon Tilsynsseksjonen er ein eigen seksjon som har ansvar for å gjennomføre eksternt tilsyn av kjøretøyverkstedar og køyreskular for å sikre at lover og reglar blir følgde. Seksjonen har og ansvar for stikkprøvekontroll av PKK - godkjente og typegodkjente køyretøy.
Fylkesavdelingar Alle Fylkesavdelingane er organiserte i ein stab og seksjonar for plan og forvaltning og vegseksjonar. FylkesavdeUngane har utførande oppgaver på vegne av regionvegsjefen på riksog fylkesvegar. Avdelinga er eit fagorgan for fylkeskommunen og skal syte for at vegvesenet stiller med den kompetansen som er nødvendig, for eksempel innanfor overordna planlegging. Fylkesavdelinga er myndigheitsorgan ved å følgje opp at lover, forskrifter og normalår blir følgd. Avdelinga er veg - og vegtrafikkforvaltar ved å ivareta eigarskap for staten og på vegne av fylkeskoramunen. Fylkesavdelinga skal vere aktiv pådrivar innan sektoransvaret ifht. fylkeskommunen og kommunane. Avdelinga har resultatansvar og operativt ansvar for riks- og fylkesvegar innan: - Bistand til fylkeskommunen med overordna planlegging - Prosjektplanlegging etter plan- og bygningslova - Byggherre for investering, drift og vedlikehald - VegforvaltarZ-eigar (bl.a. bru- og tunnelforvaltning, arealplanforvaltning) - Myndigheitsoppgåver (saksbehandling etter Vegtrafikklova og Veglova) Avdelingsdirektøren sin stab Leiaren av avdelinga har ein stab som tek seg av den daglege kontakten med fylkeskommunen, kontakten mot regionvegsjef og Strategi- og styringsstab og gir støtte til avdelingsdirektøren innan leiing- og styring. Plan og forvaltningseksjon For Plan- og forvaltningsseksjonen er det viktig å ivareta kontakten med kommunane, som vi har lukkast godt med etter omorganiseringa i 2003. Difor skal det vere seksjonsleiarar på alle tidlegare distriktskontor for å ivareta denne kontakten på best mogeleg måte. Planlegging etter plan- og bygningslova er lagt til desse seksjonane. Vegseksjon Organisering av vegseksjonane er tilpassa byggherreaktiviteten i det enkelte området uavhengig av plan- og forvaltning sine grenser. Dette vil gje ei organisering som skal vere fleksibel i forhold til varierande oppgåvevolum. Sjå figurar for den enkelte Fylkesavdeling. Det er elles lagt opp til at leiarar for store prosjekt kan rapportere direkte til avdelingsdirektør, og delta i leiarmøtet for fylkesavdelinga. I Rogaland gjeld dette prosjekta Stangeland - Siindved på E39 og Solasplitten. I Hordaland gjeld det Jondalstunnelen / Kvammapakken og Hauge-Lonevåg på Osterøy. I Sogn og Fjordane rapporterer Bremangersambandet og E39 Torvund - Teigen direkte til avdelingsdirektør.
Rogaland Det skal vere eit tett og forpliktande samarbeid mellom fagmiljøa, på tvers av seksjonane. I fylkesavdeling Rogaland er det to seksjonar for Plan og forvaltning og to vegseksjonar. Lokalisering er som i dag, i Stavanger og Haugesund. Prosjekta Solasplitten og E39 Sandve Stangeland rapporterer direkte til Avdelingsdirektøren. Astrid Eide er tilsett som Avdelingsdirektør Rogaland. Ho har permisjon fram til midten av mai, og Arnfinn Ansok fungerer for henne fram til ho kjem.
Hordaland tfmumm' VedikEiboId M* ^*^',' Investeimg Basens- ', prognunmet Hiage- Lonevåg B39Nyfio«- bysset 9^ ' Kyte Det skal vere eit tett og forpliktande samarbeid mellom fagmiljøa, på tvers av seksjonane. Fylkesavdeling Hordaland er organisert i ein stab, to seksjonar for plan og forvaltning og tre vegseksjonar som er inndelte i prosjekt. I tilegg rapporterer prosjektleiar for Jondalstunnelen, Kvammapakken og Hauge - Lonevåg til avdelingsdirektøren. Olav Finne er tilsett som Avdehngsdirektør Hordaland.