Nedrehagen AS Nedrehagen i Sogndal 2014-01-27 Oppdrags-rapport nr.: 5140273-RIG1 Norconsult AS Gotfred Lies plass 2, NO-6413 Molde
Rapport tittel: Nedrehagen i Sogndal Rapport nr. : 5140273-RIG1 Revisjon nr. : - Dato : 2014-01-27 Utført av: Kontrollert av: Godkjent av: Torgeir Døssland Arne Kavli Tony Zalik INNHALD... Side 1 Bakgrunn 2 2 Grunnundersøking 2 3 Krav til sikkerheit 3 4 Stabilitet, bereevne og setningar 3 4.1 Utbyggingsområdet 3 4.2 Skråning med grønnstruktur 4 5 Erosjonssikring 5 6 Konklusjon 6 7 Referansar 6 1 Bakgrunn I samband med framlegging av reguleringsplan for bustadområde på Nedrehagen i Sogndal har Sogndal kommune Plan og næring stilt ei rekke krav til plandokumentasjon. Desse krava gjeld mellom anna at det skal gjennomførast ein ROS-analyse, og som del av dette skal det leggast fram vurderingar av byggegrunn og ras- og skredfare. Det føreliggande notatet har som mål å presentere ei vurdering av byggegrunnen i planområdet. 2 Grunnundersøking Norconsult har gjennomført ei grunnundersøking av planområdet, sjå Ref. 1. Undersøkinga omfattar 14 boreposisjoner, og viser at det er mellom 2,9 og 14,8 meter djupne til berg ved dei undersøkte posisjonane. Rapport nr.: 5140273-RIG1 Rapportdato: 2014-01-27 Side 2 av 6
Lausmassene over berg kan stort sett delast inn i 2 lag, lause\blaute til faste massar over faste til svært faste massar ned til berg. Det øvste laget er i hovudsak samansett av silt og sand som til dels er sterkt humushaldig, mens dei faste massane ned mot berg er samansette av sand og grus. I det sørvestre hjørnet av planområdet er det øvre laget fyllmasser av leire, silt og sand. Laget har varierande tjukne og fastheit. 3 Krav til sikkerheit Krav til sikkerheit er formulert i Ref. 2 (TEK 10). I dette regelverket er faren for kvikkleireskred gitt særskilt handsaming. Av faglege grunnar vil dette regelverket vere mest føremålstenleg ved vurdering av stabilitetstilhøva også i andre typar lausmassar. Etter dei gjeldande reglane vil utbygginga som går fram av reguleringsplanen bli klassifisert som tiltakskategori K3. Dette betyr at det må stillast krav om Materialfaktor M >1,4 på jorda sin skjerstyrke eller at tiltaket medfører ei vesentleg forbetring av stabilitetsforholda. Dette kravet er i godt samsvar med dei reglane som går fram av Ref. 4 og Ref. 5. 4 Stabilitet, bereevne og setningar 4.1 Utbyggingsområdet Det er ikkje påvist kvikkleire i det undersøkte området, og med mogleg unntak av eit tynt lag i ein posisjon om lag midt på den søndre delen av området er det heller ikkje påvist blaut leire. Difor er områdestabiliteten i sjølve utbyggingsområdet (formål bustader, vegar, parkering og leikeplass) vurdert som tilfredsstillande. Byggegrunnen er generelt eigna til den planlagde bustadbygginga som vil omfatte lette bygningar som representerer små tilleggslaster på grunnen, og små terrenginngrep i samband med opparbeiding av infrastruktur. Behovet for lokale stabilitetsforbetrande tiltak for graveskråningar og område med oppfylling må vurderast nærare både i samband med detaljprosjektering, og ikkje minst i samband med gjennomføringa av sjølve anleggsarbeidet. Ved behov kan lokalstabiliteten (og setningstilhøva) forbetrast både under fyllingar og fundament og i graveskråningar ved moderat masseutskifting der blaute og organiske topplag blir erstatta med grove massar av sprengstein eller grus. Graveskråningar kan sikrast både i mellombels og permanent tilstand ved å stille krav til maksimal skråningsvinkel og/eller ved tildekking med folie og eventuelt nett i anleggsperioden. Ved endeleg høgdefastsetting av planeringsområda kan ein dessutan truleg redusere høgda på skjeringsskråningane i forhold til det som går fram av snitta på den framlagde illustrasjonsplanen. Det aller meste av lausmassane innanfor utbyggingsområdet er svært telefarlege (Telefaregruppe T4). For vegar og trafikkareal må difor overbygninga (vegfundamentet) dimensjonerast for Bereevnegruppe 6. Rapport nr.: 5140273-RIG1 Rapportdato: 2014-01-27 Side 3 av 6
4.2 Skråning med grønnstruktur Den naturlege skråninga opp mot terrassen sør for planområdet er ikkje omfatta av grunnundersøkinga. Skråninga er prega av fleire meir eller mindre velutvikla raviner. Skråningshøgda er om lag 55 meter på det høgste, og skråningsvinkelen er omkring 32 grader på dei brattaste partia, og somme stader endå brattare ned mot botnen av ravinene. Deler av skråninga er dekt av ei aktsemdsone i skredfarekartet frå NGI. På lausmassekartet frå NGU er heile terrassen markert som breelvavsetning, sjå Figur 1. Figur 1. Utsnitt av lausmassekart frå NGU (http://geo.ngu.no/kart/minkommune/?kommunenr=1420). Den følgjande vurderinga bygger til dels på observasjonar og fotografering som er gjort under ingeniørgeologisk synfaring 2014-01-22, og dels på generell geoteknisk fagkunnskap. Det finst fleire opne snitt i skråninga både i austre og vestre del av terrassen, i område der det har foregått masseuttak. Desse snitta viser at lausmassane er dominerte av sand og grus med skrå lagdeling slik ein vanlegvis finn under breelvavsette terrasser, sjå Figur 2, og denne observasjonen støttar såleis den vurderinga som NGU har gjort i samband med kartlegginga. Sikkerheita mot djuptgåande utglidingar av heile terrasseskråninga er vurdert som tilfredsstillande. Derimot kan ein ikkje sjå bort frå at det kan vere ein viss fare for overflateutglidingar i samband med sterk oppbløyting av topplaget i og like under vegetasjonsdekket. Dersom det til dømes oppstår sår og sprekker i vegetasjonsdekket slik at overflatevatn renn inn under vegetasjonsdekket, kan dette vere opphav til blautjordras der hovudsakleg torvlaget glir ut i sterkt oppbløytt tilstand. Rapport nr.: 5140273-RIG1 Rapportdato: 2014-01-27 Side 4 av 6
Figur 2. Snitt i vestre del av terrasseskråningen Det blei ikkje påvist sår eller sprekkar eller andre potensielle angrepspunkt for overflatevatnet under den ingeniørgeologiske synfaringa. Likevel bør det under detaljprosjekteringa av utbygginga innanfor planområdet gjerast ei grundigare vurdering av behovet for avskjerande grøfter ved toppen av skråninga, som ei ekstra sikring mot overflateutglidingingar. 5 Erosjonssikring Ved foten av bratte lausmasseskråningar vil grunnvatnet vanlegvis ligge svært grunt, og visse tider av året vil det vere ein merkbar grunnvasstraum opp mot terrengoverflata i denne sona. Vidare må det i periodar med sterk og langvarig nedbør og/eller snøsmelting reknast med at ravinene vil føre ein del overflatevatn. Utbygginga i seg sjølv vil ikkje påverke dei prosessane som styrer vassiget i skråninga, men vatnet kan medføre praktiske ulemper i utbyggingsområdet. Dette betyr at ein må vere merksam på behovet for erosjonssikring i nedre del av skråninga. Permanent skråningsoverflate i skjeringsskråningar og særleg utsette naturlege skråningar kan sikrast mot erosjon ved å legge på eit lag av småfallen, samfengt sprengstein eller pukk over ein separasjonsmembran av fiberduk. Denne sikringsforma kan med fordel kombinerast med masseutskifting av blaute topplag under parkeringsplass, vegar og byggegrunn. Dette vil bidra til å senke grunnvatnet ved foten av skråninga og dermed auke sikkerheita mot utrasing (sjå føregåande kapittel). Rapport nr.: 5140273-RIG1 Rapportdato: 2014-01-27 Side 5 av 6
For å ha kontroll med vassiget frå skråninga vil det bli behov for avskjerande drensgrøfter i søndre kant av parkerings-, bustad- og leikeområda som er viste på planen. Naturleg fallretning for slike grøfter ser ut til å gå mot vest-/nordvest. 6 Konklusjon Norconsult vurderer det slik at den utbygginga som er vist i reguleringsplanen kan gjennomførast. Men det kan bli behov for visse moderate tiltak som nemnt i det følgjande: Byggegrunnen i utbyggingsområdet er tilfredsstillande med tanke på områdestabilitet. Lokal stabilitet, bereevne og setningstilhøve kan medføre behov for masseutskifting og restriksjonar på skråningsvinklar og skråningshøgder. Behovet for avskjerande terrenggrøfter ved toppen av lausmasseskråninga sør for utbyggingsområdet må vurderast nærare under detaljprosjekteringa. Overflatevatn og grunnvassig i foten av skråninga sør for utbyggingsområdet vil venteleg medføre behov for erosjonssikring og bortleiing av vatnet. Dei nødvendige tiltaka kan gjennomførast utan å redusere tryggleiken. Dette gjeld både i anleggsområdet på kort sikt og i utbyggingsområda på lang sikt. 7 Referansar Ref. 1 Norconsult 2013: Grunnundersøkelse Nedrehagen. Datarapport. Rapport nr. 5133060-1 datert 2013-06-20. Ref. 2: Direktoratet for byggkvalitet (2010) Forskrift om tekniske krav til byggverk. (TEK 10) FOR- 2010-03-06-489. Siste endra FOR-2013-12-17-1579. Ref. 3 Ref. 4 Ref. 5 NS-EN 1990:2002+NA:2008 Eurokode: Grunnlag for prosjektering av konstruksjoner NS-EN 1997-1:2007+NA:2008 Eurokode 7: Geoteknisk prosjektering Del 1: Allmenne regler Retningslinjer 2-2011 Flaum- og skredfare i arealplanar, NVE Rapport nr.: 5140273-RIG1 Rapportdato: 2014-01-27 Side 6 av 6