Håp om fred i Midt-Austen



Like dokumenter
Innhold. Innledning Kildebruk Bokens innhold... 14

Konflikter i Midt-Østen

I S R A E L - PA L E S T I N A - K O N F L I K T E N, F R I G J Ø R I N G S K A M P, A R A B E R N E P R E S S E R U S A O G O S L O A V TA L E N!

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Islamsk revolusjon, golfkrigen, Al Qaida, Osama bin Laden og 11. september.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

KRIG. Rettferdigkrig? Kambiz Zakaria Digitale Dokomenter Høgskolen i Østfold 23.feb. 2010

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Å HØYRE TIL I EIN FAMILE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Brødsbrytelsen - Nattverden

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Fag KRLE 3. trinn

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

DEI HISTORISKE BØKER Av Kristian og Peter Alf

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

/

For auka elevengasjement i KRLE 8 10

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Valdres vidaregåande skule

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt


2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

RELIGION, VITENSKAP og RELIGIONSKRITIKK

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

4. Undervisning Bakgrunnen for konflikten og forsøk på løsning (16 min.)

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Lønnsundersøkinga for 2014

Jon Fosse. For seint. Libretto

Refleksjon og skriving

Med tre spesialitetar i kofferten

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

DB

mmm...med SMAK på timeplanen

Minnebok. Minnebok NYNORSK

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Erfaring frå ein multikulturell arbeidsplass. Magne Gurskevik Dagleg leiar, Kleven Maritime Contracting

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Viktige hendelser i jødenes historie

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

«Ny Giv» med gjetarhund

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller


Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September


GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Med god informasjon i bagasjen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Transkript:

Foredrag i Oslo militære Samfund 8. oktober 2001 Håp om fred i Midt-Austen ved Dag Nestegard Assisterande utanriksredaktør i NRK Eg nyttar dette høvet til og takke for invitasjonen. Som journalist i NRKs nyhendeavdeling gjennom snart ti år har eg med interesse følgt mange av foredraga i denne forsamlinga. Som assisterande utanriksredaktør i NRK og som arabist, veit eg dessutan at dette er eit viktig forum for svært mange også i dei norske Midt-Austen-miljøa. Det var dessverre ikkje alle av oss som var like overraska den 11. september i år. Vi var nok like sjokkerte, men ikkje overraska over at politiske islamistar enno ein gong gjennomførte eit terrorangrep mot USA. Det sjokkerande denne gongen var at operasjonen var såpass vellukka sett med terroristanes auge. Gro Harlem Brundtland sa ein gong at alt heng saman med alt. Den politiske islamismen, eller terroren om ein vil heng definitivt saman med konflikten i Midt-Austen. Vi har høyrt mykje om Osama bin Laden etter dei forferdelege angrepa i USA. Ein mann med djupe røter i politisk Islam. Ein mann som nærer eit djupt og ektefølt hat mot vesten, mot vår sivilisasjon. Vår måte og leve på. Den moderne utgåva av den politiske islamismen sjølve ideen om og bruke Islam politisk - kom med egyptaren Hassan al-banna då han i 1928 stifta Den muslimske brorskapen. Hassan al-banna var ingen fanatikar, meir ein moderat islamist. Likevel vart han dømd til døden og avretta av egyptiske styresmakter fordi han dreiv politisk agitasjon. Men også fordi han kritiserte den omfattande korrupsjonen i det egyptiske statsapparatet. Sjølv om Hassan al-banna døydde tidleg levde organisasjonen han skapte, Den muslimske brorskapen, vidare. Denne brorskapen er sjølve moderorganisasjonen til alle dei islamske gruppene i Midt- Austen i dag. Den ytterleggåande palestinske organisasjonen Hamas, den Iran-støtta Hizbollah-geriljaen i Sør-Libanon, Islamsk Heilag Krig, Jihad, algeirske GIA og den egyptiske terrororganisasjonen Gamma Islamyia for og nemne nokre. Dei har religionen felles, men også at dei er sinte unge menn, ofte med høg teknisk utdanning og ikkje særleg imponerande teologisk innsikt. Dei er ofte arbeidslause forblinda av hat mot det dei ser som det vestlege hegemoniet ikkje berre i Midt-Austen, men verda over. Kva har så dette med Israel og Palestina og gjere? Svaret er sjølvsagt at alle islamistar er trusbrør, slik dei kristne korsfararane var det på 1200-talet. Vi i den vestlege verda, tilhøyrer dei vantru, dei dekadente. Den som vil forstå Midt-Austen kjem ikkje utanom verken Bibelen eller Koranen. Bibelen kan grovt sagt delast i to, der det gamle testamentet utgjer det ein kallar dei jødiske skriftene.

Her kan ein lese om det jødiske folkets historie, om sjølve stordomstida då kong David styrte over Israel. Ein kan lese om det første og det andre tempelet - og ein kan sjølvsagt lese om Moses, sjølve skaparen av Jødedommen. Mannen som førte Israel ut av dei egyptiske lenkene og til det lova landet. Til Kanaan. 2 Med det nye testamentet kom Kristendommen og Jesus. Det skal vi la ligge her. For jødane er ikkje Det nye testamentet ein del av dei heilage skriftene. Koranen er den heilage boka for verdas ein milliard muslimar. Ei bok skapt av ein handelsmann frå Hadjez-fjella i det vestlege Arabia. Ein mann som fekk religiøse anfektingar, som vart til profeten Muhammed og deretter mottok alle versa til det som seinare vart Koranen. Men Muhammed var også general. Under hans kommando på 600-talet, og seinare under dei som kom etter han, la arabarane under seg heile Midt-Austen og Nord-Afrika. Islam vart ein verdsreligion. Frå Atlanterhavet til den iranske grensa er arabisk framleis det offisielle språket i Midt-Austen. Bortsett frå i Israel der dei snakkar hebraisk. Islam er i tillegg ein vesentleg maktfaktor i Sentral-Asia med Afghanistan som eit skrekkens eksempel. Dette bildet er frå proklameringa av staten Israel i 1948. Vi ser Israels første statsminister David Ben-Gurion sentralt på bildet. Polsk sosialist og sionist. På veggen heng bilete av Zionismens grunnleggjar, den austerrikske juristen og journalisten Theodor Herzl. Og vi ser David-stjerna, flagget til det nye Israel. Eit symbol henta frå det gamle testamentet. På slutten av 1800-talet skreiv Theodor Herzl ei bok der han konkluderte med at den omfattande anti-semittismen berre kunne knekkast ein gong for alle - ved at jødane fekk sin eigen stat. Den staten burde ligge i det dåverande Palestina. Herzl, som budde i Wien, hadde sjølv kjent jødehatet på kroppen. Læra hans sionismen - vart kalla opp etter ei høgde i Jerusalem, etter Sion-berget. Fleire sionistiske kongressar utover på 1900-talet førte fram til skipinga av staten Israel i 1948. Etter Holocaust var det få i den vestlege verda som hadde innvendingar mot og akseptere denne nye jødiske staten. USA pressa på for internasjonal godkjenning. FNs delingsplan med forslag om ei tostatsløysing vart sett til side. Arabarstatane var rasande. Nesten før David Ben-Gurion var ferdig med og proklamere staten Israel gjekk samtlege fire arabiske nabostatar og Irak til krig mot Israel. Dei vart som vi veit slått tilbake og hundretusenvis av palestinarar rømte til nabolanda. Mange av desse bur framleis i flyktningleirar. Seinare fekk vi ei rekkje krigar i området der seksadagarskrigen i 1967 på mange måtar er den mest sentrale. Då tok Israel Golanhøgdene frå Syria, Vestbreidda av Jordan-elva frå Jordan, samt Gaza og heile Sinai frå Egypt. Tryggingsrådet i FN reagerte spontant med fleire resolusjonar med krav om at israelarane skulle trekke seg tilbake. Det har dei framleis ikkje gjort. Det vil seie dei trekte seg ut av Sinai i samband med fredsavtalen mellom Egypt og Israel i 1979. Ein avtale som førte til at den dåverande egyptiske presidenten Anwar al-sadat vart drepen av egyptiske islamistar for det dei såg som eit forræderi mot den arabiske verda. Inspirert av den iranske revolusjonen i 1979 prøvde islamistiske grupper i Egypt og velte eit regime dei meinte opererte som lakeiar for vesten. Israel okkuperer framleis Gaza, Vestbreidda og Golan. I 1993 kom så Oslo I & II. Dette var intensjonsavtalar der føremålet var og tilbakeføre okkupert land til palestinske styresmakter i bytte mot fred. I Israel er security det altoverskyggande. Det meste i israelsk topp-politikk handlar om dette spørsmålet. I dag er spørsmålet om sikkerheit inne i sjølve Israel viktigare enn nokon gong.

3 Oslo-avtalane tok ikkje stilling til flyktningspørsmålet, grensespørsmåla eller dei vanskelege spørsmåla om vassresursane. Og heller ikkje det vanskelegaste av alle spørsmål i denne regionen, nemleg Jerusalems status, ein by som er heilag for jødar, muslimar og kristne. Nokon meinte det var genialt og vente med dei vanskelege spørsmåla til slutt, at også dei brikkene ville falle på plass når det var semje om alt det andre. Andre meinte dette var ei rein dødslinje. Uansett: Etter Oslo-avtalane fekk Israel også fredsavtale med Jordan, og som ein følgje av Oslo-avtalane gav Israel frå seg kontrollen over fem palestinske byar i dei okkuperte områda. Og i fjor sommar var partane nær det store gjennombrotet under dei langvarige Camp Davidforhandlingane i Maryland ikkje så langt frå Washington. Dei forhandlingane braut som kjent saman og vi fekk det palestinske opprøret som i dag eit år etter - framleis pågår for fullt. Før samanbrotet var det også bevegelse langs det syriske sporet. Staten Israel har i dag fredsavtalar med Egypt og Jordan. Det betyr at dei teknisk sett framleis er i krig både med Syria og Libanon, med Syria som den viktigaste motparten. Regjeringa i Beirut har i mange år fungert som ei rein marionettregjering for styresmaktene i Damaskus. Syria har framleis fleire titals tusen soldatar utstasjonerte i Libanon. Etter at det nye palestinske opprøret starta fekk vi ganske raskt Mitchell-kommisjonen med den amerikanske senatoren George Mitchell i spissen, og der også vår eigen utanriksminister Torbjørn Jagland var med. Arbeidet munna ut i Mitchell-rapporten som opererer med to hovudpoeng: * Nybygginga i dei okkuperte områda må stoppast. * Den palestinske terroren må opphøre. Når dette er på plass, kan sluttforhandlingane starte. Det bur i dag meir enn 200.000 jødiske nybyggjarar på okkupert palestinsk land. Nybyggingspolitikken har vore konsekvent frå israelsk side gjennom alle år. Uavhengig av om Arbeidarpartiet eller andre sat med makta. Koloniane vart oppretta for og oppfylle visjonen om eit Stor- Israel utifrå nasjonale og religiøse ideologiar. Men også for og hindre palestinarane i og kontrollere eit samanhengande område på Vestbreidda og i Gaza. Og for og torpedere eit kvart forsøk på ein fredsavtale. I tillegg finst det eit militært argument- det har vore viktig for dei israelske styrkane og ha desse stillingane i tilfelle eit storangrep frå aust. Særleg i Jordan-dalen. Når det gjeld den palestinske terroren og dei gjentatte sjølvmordsaksjonane er det framleis eit ope spørsmål om den palestinske presidenten Yasser Arafat har kontroll over dei meir ytterleggåande gruppene som Hamas og Islamsk Heilag Krig. Eg spurte den israelske utanriksministeren Shimon Peres om dette sist han var i Oslo. Han hadde ikkje noko klart svar men meiner at delar av Arafats eigen Fatah-organisasjon - men også Nezarim-geriljaen står bak fleire av aksjonane. At Arafat kan stoppe terroren om han vil. Har også med eit kart som viser dei palestinske flyktningleirane i området. Som vi ser ligg mange av leirane i dei israelske nabostatane. Flyktningspørsmålet har ikkje vore skikkeleg på bordet under fredsforhandlingane. Israel nektar flyktningane innreise og meiner nabostatane bør gje dei statsborgarskap. La meg også seie nokre ord om Jerusalem det vanskelegaste av alle desse spørsmåla. Byen har vore under islamsk styre heilt sidan 600-talet, berre avbrote av korstoga på 1200- talet.

På denne vesle kvadratkilometeren ligg Klippedomen, al-aqsa-moskeen, Tempelhøgda, Jesu gravkyrkje og Klagemuren. Skal ikkje mykje fantasi til for og skjøne at det kan bli bråk av ei slik fortetting. Konflikten mellom israelarane og palestinarane er av dei lengste og mest komplekse i moderne tid. Og det er ein konflikt som går langs mange linjer: Det er ein etnisk konflikt mellom to folkeslag, jødar og arabarar. Sosial konflikt der israelarane er rike og palestinarane er lutfattige. Kulturell konflikt mellom den jødisk-hebraiske verda og den arabisk-palestinske. Religiøs konflikt mellom verdas 1 milliard muslimar og dei mellom 18 og 20 millionar jødane i verda. Ein konflikt mellom eit demokrati og det ein kan kalle varierande grad av diktaturstatar. Israel er det einaste demokratiet i denne delen av verda. Når det gjeld arabarstatane er det tankevekkjande kor viktig beduinarkulturen framleis er. Stammekulturen frå ørkensamfunna der dei eldste var dei viktigaste og der høvdingen alltid har det siste ordet. Etter terrorangrepa mot USA har internasjonal presse skrive mykje om boka til den amerikanske strategiforskaren Samuel P. Huntington. I boka The clash of civilisations lanserer Huntington teorien sin om at vi no går inn i ein periode der dei internasjonale konfliktane ikkje kjem til og utspele seg mellom statar og ideologiar, men mellom sivilisasjonar. I følgje Huntington er motsetningane mellom vesten og den islamske verda den viktigaste i dag. Huntington har fått medhald frå høgt hald i NATO. I eit slikt scenario passar Israel godt inn. Mange islamistar ser staten Israel som eit vestleg bruhovud inn i hjarte av den islamsk-arabiske verda. Og dei har langt på veg rett. Nesten uansett målestokk er staten Israel ein europeisk stat. Ser ein på dei reine demografiske data finn ein fort ut at israelarane er svært like oss i vesten. Det gjeld forventa levealder, BNP, talet dødfødde pr. tusen nyfødde og så vidare. Det er nesten berre i geografisk forstand at Israel tilhøyrer Midt-Austen. Men også i Bibelsk forstand, som kjent. Likevel skal ein legge merke til at USAs president George W. Bush var raskt ute med og tone ned motsetnaden mellom vesten og den islamske verden. Sjølv om folkedjupet i Midt-Austen er av svært orientalsk karakter er elitane ofte svært vestlege. Mange av dei arabiske regima har ein aktiv islamsk opposisjon som er sterkt antivestleg. Ei islamsk politisk rørsle som vil styrte det beståande. For arabiske toppleiarar er det derfor berre ein fordel om dei kan gjere felles sak med USA. Problemet for dei arabiske leiarane er imidlertid dei anti-amerikanske kjenslene som finst i området og som sjølvsagt har samanheng med USAs formidable støtte til Israel gjennom alle år. At svært mange arabiske leiarar i dag er vestvenlege svekkar sjølvsagt teoriane til Huntington, men det finst altså ein islamsk opposisjon med sterk folkeleg støtte. Det var ein slik opposisjon som i 1979 velta Sjahen av Iran. Eg vil ikkje meine noko om teoriane til Huntington men for europeiske statsleiarar har det vore viktige og understreke at den teologiske linja dei ytterleggåande politiske islamistane står på er ei pervertert linje i religiøs forstand. Det er ingenting i Islam som inspirerer til heilag krig mot dei som ikkje er muslimar. Tvert imot står det i Koranen at einkvar muslim skal elske Bokens folk som sin neste. Bokens folk er dei som tilhøyrer Bibelen, altså kristne og jødar. 4

5 Heilt sidan staten Israel vart proklamert i Tel Aviv i 1948 har USA halde si vernande hand over den jødiske staten. Særleg det demokratiske partiet har elska Israel. Det bur framleis fleire jødar i USA enn i Israel. Og dei er mektige. Den innflytelsesrike jødiske lobbyen på Capitol Hill i Washington kan ingen amerikansk president kome utanom. Dei har gjennom tidene levert store summar til det amerikanske valkampmaskineriet, og er mektige i Kongressen og særleg i Representantanes hus. No sist såg vi at den demokratiske kandidaten Al Gore hadde ein jødisk visepresidentkandidat, Joseph Lieberman. Washington Post skreiv nyleg at president Bush i september utnemnde den 8. jøden til amerikansk ambassadør i utlandet. Og vi veit at både tidlegare utanriksminister Henry Kissinger og tidlegare utanriksminister Madeleine Albright er av jødisk ætt. Også forsvarsministeren til Clinton var jøde. Dette er litt av bakgrunnen for at USA i alle år har støtta Israel. Ikkje berre politisk, men kvart år med enorme pengesummar og med våpen. I Tryggingsrådet i FN har USA konsekvent spent bein under eit kvart forsøk på Israel-fiendtlige resolusjonar. Ingen demokratisk president har så vidt eg veit noko gong kritisert Israel offentleg. Dei meir pragmatiske republikanarane har ikkje køyrt ei så hard linje. Der har omsynet til dei oljerike Gulf-statane alltid vore viktig. Og det er nettopp derfor, fordi Israel alltid har rekna med ryggdekning frå USA i si omsynslause herjing med det palestinske folket - det er derfor israelske leiarar i dag er såpass sjokkerte. Etter terrorangrepa i New York og Washington har USA opent sagt at dei vil ha ei tostatsløysing. At også palestinarane skal få sin eigen stat. USA har også tydeleg signalisert at dei ikkje vil kriminalisere dei palestinske motstandsrørslene som til dømes Hamas, ein organisasjon som står bak fleire sjølvmordsaksjonar i Israel det siste året. For USA er det blitt eit poeng og skilje mellom lokal og global terrorisme. Dei vil heller ikkje kriminalisere den Iran-støtta Hezbollah-geriljaen som operer nokså fritt i Sør-Libanon og som også er støtta av Syria. Den nye amerikanske linja har fått Israels statsminister Ariel Sharon til og samanlikne Bush med Neville Chamberlain. Sharon refererer til München-forliket i 1938, då demokratia i Vest- Europa ofra Tsjekkoslovakia til nazistane i håp om og unngå ein større konfrontasjon og i verste fall krig. -- Israel vil ikkje bli eit nytt Tsjekkoslovakia, seier Sharon, og legg til at no kan israelarane berre stole på seg sjølve. Washington har naturlegvis reagert svært negativt på uttalene frå Sharon. Men i kampen mot den internasjonale terrorismen og mot fanatisk politisk islamisme treng president George W. Bush så mange arabiske allierte som mogleg. Det får han ikkje ved og ta Israel i forsvar nesten same kor omsynslaust dei oppfører seg. Vi har det siste året sett at dei har brukt F16-fly mot flyktningleirar, at dei systematisk likviderer palestinske aktivistar dei meiner er ein trussel mot Israel. Dette er likvidasjonar utan lov og dom basert utelukkande på opplysningar frå israelsk etterretning. Og vi har sett den israelske hæren gong etter gong jamne palestinske politistasjonar med jorda - etter sjølvmordsaksjonar inne i sjølve Israel. Alt dette har amerikanarane forsvart i større eller mindre grad fordi som dei seier: Israel har rett til og forsvare seg mot terrorisme.

Men i dag er bilde eit anna. Bush treng støtte frå så mange av medlemslanda i den arabiske liga som mogleg. Etter at den tidlegare egyptiske utanriksministeren Amr Moussa tok over som generalsekretær er ligaen iferd med og bli ein organisasjon og rekne med i motsetning til tidlegare. Den arabiske liga har i mange år vore eit reint supperåd. 6 For første gong på ganske lenge er det altså no eit reelt håp om ein fornya fredsprosess i Midt-Austen. Fordi USA ikkje einsidig støttar Israel. Håpet om ein verkeleg fredsprosess vil dessutan stå langt sterkare den dagen Israels noverande statsminister Ariel Sharon forlet podiet. Som ein av dei mest ubøyelege haukane i israelsk politikk gjennom tidene har han gjort lite eller ingenting for og betre dei elendige forholda det palestinske folket lever under. Men også Sharon veit at fleire millionar palestinarar ikkje forsvinn om ein aldri så mykje brukar jernhansken. Radikale palestinarar på si side veit at staten Israel ikkje lar seg utslette, eller feie på havet slik dei drøymer om. Israel er ei av verdas mektigaste militærmaskiner og så langt ein veit den einaste atomvåpenmakta i dette området. CIA frigjorde rett nok nyleg ein rapport som viser at det iranske atomvåpenprogrammet med russisk hjelp er godt på veg og at også Irak har eit omfattande program for masseøydeleggingsvåpen, trass i FNsanksjonane dei siste ti åra. Men Israel er altså framleis den einaste staten med atomvåpen, så langt vi veit. Palestinarane på si side har nesten ingenting, berre unge martyrar og stadig fleire sinte unge menn som vervar seg som sjølvmordsbombarar i kampen mot den sionistiske fienden. Intifadaen det nye palestinske opprøret - har ført til ei radikalisering på palestinsk side og eit stadig sterkare rop om hemn frå eit traumatisert Israel som dagleg må leve med frykta for nye sjølvmordsbomber. Palestinarane blir dessutan dagleg audmjuka av jødiske nybyggjarar som har slått seg til på okkupert palestinsk land. Den palestinske presidenten, Yasser Arafat, vert stadig meir svekka politisk, til fordel for dei meir ytterleggåande palestinske organisasjonane som Hamas og Islamsk Heilag krig. Voldsspiralen har tidvis vore heilt utan bremser det siste året. Heilt sidan Ariel Sharons famøse besøk på det jødane kallar Tempelplassen i Jerusalem men som for verdas 1 milliard muslimar er noko av det mest heilage dei har. Sharon kom dit med 1.000 mann. Det er i augneblinken lite som tyder på at valdsspiralen i Midt-Austen vil stanse utan ytre påverknad. Dødsdansen har sin eigen dynamikk. Men spørsmålet blir til sjuande og sist når partane kan sette seg til forhandlingsbordet igjen. Spørsmålet er ikkje om dei gjere det, men når. Det finst inga anna moglegheit. Verken det israelske eller palestinske folket forsvinn om motparten aldri så mykje ønskjer det. Midt-Austen står no ved eit tidsskilje. Med USAs nyorientering kan ein forhandlingssituasjon komme fortare enn sjølv dei mest innbitne optimistane inntil nyleg kunne drøyme om. Dermed ser det ut til at dei forferdelege terroråtaka mot New York og Washington paradoksalt nok har ført USA nærare arabarstatane og palestinarane si sak og med det altså nærare ein fredsavtale som vil ha vidtrekkande konsekvensar, ikkje berre for Israel og Palestina, men for heile denne eksplosive regionen. Takk for merksemda!