Framlegg til KOMMUNEPLAN FOR VOSS 2007-2018



Like dokumenter
Kommuneplan for Voss

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Kommunedelplan for oppvekst

KOMMUNEPLAN FOR VOSS Samfunnsdelen

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Politisk program for Jølster KrF

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

HORDALANDD. Utarbeidd av

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Barnehageplan for Vinje kommune

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Velkomen til Voss! Voss - ein god stad for alle. Torbjørg Austrud Kommunalsjef tekniske tenester

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Planstrategi for Ullensvang herad

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

VOSS HERAD Kommuneplan SENTERSTRUKTUR

Planstrategi Flora kommune

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Radøy kommune Saksframlegg

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Regional planstrategi Sogn Regionråd Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff

Til veljarane i Tysnes

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod - helsetenester Marit Rødseth, plansjef,

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

Handlingsprogram og økonomiplan

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Forslag frå fylkesrådmannen

Elevtalsframskriving

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

INTERNASJONAL STRATEGI

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Skodje kommune Teknisk avdeling

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Hemsedal KRF Program

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ei god framtid for alle!

Planstrategi for Balestrand kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Ål Venstre. Ål Venstre

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Handlingsprogram 2015

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Oversyn over økonomiplanperioden

Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Framlegg til planprogram

BARN OG UNGE I PLANSAKER

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

Lokal Agenda fylke HANDLINGSPROGRAM 2000 HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Områdenavn: FO 5 Øystese Gnr/bnr: 44/9 mfl. -Busdalen- Tilrådd

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Transkript:

Framlegg til KOMMUNEPLAN FOR VOSS 2007-2018 Framlegg pr. 21 sep. 2006

INNHALD 1. PLANGRUNNLAG OG PLANARBEID... 5 1.1. JURIDISK PLANGRUNNLAG... 5 1.2. PLANPERIODE... 5 1.3. PLANARBEIDET... 5 1.4. KOMMUNEPLAN, ØKONOMIPLAN OG ÅRSMELDING... 6 1.5. ANDRE KOMMUNALE PLANAR... 6 YTRE PLANFØRESETNADER... 7 2.1. VOSS I VERDA... 7 2.2. INTERNASJONALE OG NASJONALE TRENDAR... 8 2.3. RIKSPOLITISKE BESTEMMELSAR, RETNINGSLINER OG FØRINGAR... 9 2.4. FYLKESPLAN OG REGIONALE RETNINGSLINER... 9 2.5. NATURVERN... 9 2.6. SAMFERDSLE... 10 2.7. FORSVARET... 10 3. LOKALE PLANFØRESETNADER... 11 3.1. AREAL... 11 3.2. TOPOGRAFI... 11 3.3. GEOLOGI... 11 3.4. KLIMA... 11 3.5. ØKONOMISK VIKTIGE NATURRESSURSAR... 12 4. KARAKTERISTIKK AV VOSS KOMMUNE... 13 4.1. FOLKESETNAD... 13 4.2. SYSSELSETTING... 15 4.3. KOMMUNAL ØKONOMI... 15 4.4. VOSS SOM REGIONSENTER... 16 2

5. VISJON (30 ÅRS PERSPEKTIV)... 17 6. OVERORDNA MÅL ( 12 ÅRS PERSPEKTIV) :... 17 7. VOSS KOMMUNE SOM ORGANISASJON... 18 8. MILJØVERN OG BEREKRAFTIG UTVIKLING... 19 8.1. NATURFORVALTNING, FRILUFTSLIV OG KULTURMINNEVERN... 19 8.2. UREINING... 21 8.3. KLIMA OG ENERGI... 21 9. LEVEKÅR, FOR BARN OG UNGE... 23 9.1. BARNEHAGE... 23 9.2. GRUNNSKULE... 23 9.3. VIDAREGÅANDE SKULAR... 24 9.4. AKTIVITETSTILBOD FOR BARN OG UNGE... 24 9.5. BARNEVERN... 25 9.6. HELSETENESTER... 25 9.7. PEDAGOGISK - PSYKOLOGISK TENESTE (PPT)... 25 9.8. TVERRFAGLEG ARBEID... 25 9.9. KULTURSKULE... 25 10. LEVEKÅR, VAKSNE OG ELDRE... 28 10.1. VAKSENOPPLÆRING... 28 10.2. SOSIALE TENESTER... 29 10.3. HELSETENESTER... 29 10.4. PLEIE OG OMSORGSTENESTER... 30 10.5. KULTUR... 32 10.6. KYRKJER... 32 11. NÆRINGSLIV... 35 11.1. KOMMUNAL NÆRINGSVERKSEMD... 36 11.2. LANDBRUK... 36 11.3. IKT... 37 3

11.4. REISELIV... 37 12. KOMMUNAL TILRETTELEGGING OG TEKNISKE TENESTER... 39 12.1. BUSTADBYGGING... 39 12.2. FRITIDSBUSTADER... 43 12.3. CAMPINGPLASSAR... 43 12.4. VASSFORSYNING, AVLAUP OG AVFALL... 44 12.5. FØREBYGGING OG BEREDSKAP MOT BRANN OG ULYKKER... 46 13. SAMFERDSLE... 47 13.1. VEGAR... 49 13.2. KOLLEKTIVTRANSPORT... 52 VEDLEGG... 54 1. Oversikt over kommunedelplanar og temaplanar 2. Retningsliner for LNF- område med høg naturverdi 3. Retningsliner for LNF -område der landbruk er delt i kjerneområde 4. Retningsliner for kulturminne 5. Retningsliner for senterstruktur og senterutvikling i Voss 6. Retningsliner for spreidd bustadbygging 7a. Retningsliner for fritidsbustader 7b. Føresegn for fritidsbustader 8. Estetiske retningsliner for bygge- og anleggstiltak 9. Retningsliner for campingplassar og oppstillingsplassar for campingvogner 10. Retningsliner for område avsett til råstoffutvinning 11. Oversikt over felt med fritidsbustader i Voss kommune 12. Overordna vurdering av nye tiltak i arealdelen 13. Sjekkliste for overordna vurdering 14. Temakart (eige vedlegg) 4

1. PLANGRUNNLAG OG PLANARBEID 1.1. JURIDISK PLANGRUNNLAG I medhald av plan- og bygningslova (pbl) 20 skal alle kommunar driva fortløpande planlegging for å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i kommunen. Dette skjer gjennom kommuneplanen som er kommunen sitt overordna styringsverktøy. Kommuneplanen er samansett av ein skriftleg del og ein arealdel. Den skriftlege delen av planen er retningsgjevande for kommunen sin politikk i planperioden. Arealdelen viser noverande og framtidig arealdisponering i kommunen og er saman med føresegnene juridisk bindande. Nye tiltak i arealdelen er konsekvensvurdert på eit overorda nivå (jf. vedlegg 12 og 13). 1.2. PLANPERIODE Planperioden er 12 år, 01.01.2007-31.12.2018. Planen skal rullerast minst kvart 4 år. 1.3. PLANARBEIDET Planarbeidet har vore leia av Formannskap/plan og økonomi. Som oppstart av planarbeidet vart det utarbeida eit planprogram som m.a. gjer greie for føremål, prosess, medverknad og fokusområde ved rulleringa. 4 arbeidsgrupper sette saman av representantar frå politikarar, administrasjonen og næringsliv/lagsliv har førebudd planrevisjonen; Arbeidsgruppe 1 ( tema ; Bustad og hyttebygging m.m..) har hatt følgjande medlemmer ; Gunn Berit Lunde Aarvik (leiar), Nils Tveite, Arne Mosefinn, Sigrun Isaksen Andresen, Knut Myklebust, Ola Folkestad, Berly Mjøs Giljarhus, Sverre Kvistad, Knut Kinne, Gunnar Bergo (sekr). Arbeidsgruppe 2 ( tema ; Næringsutvikling ) har hatt følgjande medlemmer ; Leiv Arne Vangsnes (leiar), Finn Rasmussen, Arvid Fardal, Magne Skjeldal, Voss Grunneigar - samskipnad, Vossaforum, Cruise Voss, Iril Schau Johansen, Roy Nilsen, Anders Gjøstein (sekr.) Arbeidsgruppe 3 ( tema ; Samferdsle) har hatt følgjande medlemmer ; Sigbjørn Hauge (leiar), Trond Håvard Bjørnstad, Lilly Karin Helland, Bjarte Håkon Kaldestad, Olav Lydvo, Lars Tore Rogne, Bjarne Skjervheim, Jørgen Steensæth, Richard Jacobsen, Olav Auganes (sekr.) Arbeidsgruppe 4 ( tema ; Barn og unge) har hatt følgjande medlemmer ; Arnfinn Gjeråker (leiar), Terje Aas, og Torunn Ringheim, Aud Huchinson, Kristian Østrem, Gunnar Dagestad, Marit Isungset (sekr.) Oppstart av planarbeidet er kunngjort etter reglane i PBL. Det er halde ope møte om planarbeidet og det er halde eigne møte med ulike interessegrupper. Administrasjonen har på grunnlag av innspel og arbeidet i arbeidsgruppene utarbeidd eit planutkast, som vart lagt ut til offentleg ettersyn i september 2006. 5

1.4. KOMMUNEPLAN, ØKONOMIPLAN OG ÅRSMELDING Kommuneplanen er den overordna planen for Voss kommune. Planen gjev saman med statlege krav og retningsliner rammene til underliggjande planar. Dei prioriterte tiltaka i kommuneplanen (handlingsprogrammet) utgjer grunnlaget for kommunen sin økonomiplan. Handlingsprogrammet er markert i eigne boksar i kvart kapittel. Økonomiplanen skal med utgangspunkt i kommuneplanen og årsbudsjettet gje realistiske vurderingar av kommunen sine samla inntekter og utgifter og synleggjera kva kommunen sine inntekter skal nyttast til dei komande åra. Planen gjeld for 4 år, men vert rullert årleg. I årsmelding vert resultata og aktiviteten i høve til årsbudsjett oppsummert og måloppnåing og utvikling i høve kommuneplan /økonomiplan vert vurdert. Kommuneplan, økonomiplan og årsmelding har no fått ei lik oppbygging, basert på overskrifter i KOSTRA*, for å styrkja og tydleggjera samspelet mellom desse. 1.5. ANDRE KOMMUNALE PLANAR Det er utarbeidd ei rekkje kommunedelplanar og temaplanar i kommunen. Ei oversikt over desse finst i vedlegg 1. * KOSTRA; kommunane si rapportering til staten. 6

YTRE PLANFØRESETNADER 2.1. VOSS I VERDA «Verda er vid, men Voss er vidare» heiter det. Sjølv om Voss har det største landarealet i Hordaland, er vi små både når det gjeld areal og folketal i ein større samanheng. I 1999 passerte folketalet på jorda 6 mrd. Årleg aukar folketalet i verda med 1.2 %. Ein reknar med at vi er ca. 9 mrd. menneske i 2050 (tab. 1). Tabell 1. Folketal på jorda 1950-2050 ( i milliardar ) År Folketal 1950 2,5 1980 4 1999 6 2005 6,5 2012 7 2050 9 Avgrensa ressursar Dei siste 10 åra har kornproduksjonen i verda flata ut, likevel med ein ny auke i 2004. Kornlageret pr. person vart halvert i 10 års perioden fram til tusenårsskiftet. Mengde fanga fisk pr. person frå havfiskeria vart redusert med 10 % i den same perioden. Fleire av dei viktigaste naturressursane våre er ikkje fornybare. T.d. er ca. 80 % av energiforbruket i verda frå ikkje fornybare kjelder. Vi veit med andre ord at vårt forbruk i dag ikkje er berekraftig. Nord - sør perspektiv Det er stor forskjell på fattig og rik, og dermed også svært ulik bruk av naturressursane på jorda. I 1990 hadde dei rikaste 20 % av menneska på jorda 60 gonger så store inntekter som dei fattigaste 20 %. Samanlikna med ein gjennomsnittleg verdsborgar brukar ein gjennomsnittleg nordmann : 2 gonger meir kjøt 2-3 gonger meir energi 3 gonger meir areal 3-4 gonger meir metall 4 gonger meir fisk og mjølkeprodukt Frå 1960 til i ca.2000 vart vi nordmenn 3 gonger rikare. Det kan difor vera grunn til å stilla spørsmål om berekraftige kvotar eller økologiske delar for kvar og ein av oss. Miljøproblem Overforbruk og ureining i industrilanda og rovdrift på jord- og skogressursar i u-landa er hovudårsaker til dei globale miljøproblema. Global oppvarming, nedbryting av ozonlaget og 7

tap av biologisk mangfald er døme på dei alvorlege konsekvensane som vår forvaltning har medført. I Noreg forbrukar vi i dag langt meir naturressursar pr. innbyggjar enn ei berekraftig og rettferdig fordeling skulle tilseia. Energiforbruket har gjennomsnittleg auka med 1,3 % årleg sidan 1976 og utsleppa av klimagassar låg 11 % høgare i Noreg i 2004 samanlikna med 1990. Vi bør difor stilla spørsmål om dagens forbruksnivå skal leggjast til grunn i vår planlegging for nye generasjonar. Samtidig som vi har hatt ein sterk vekst i produksjon og forbruk, har teknologisk utvikling medverka til at fleire miljøproblem er redusert dei siste 10-åra. Ny dagsorden for det 21. hundreåret? Verdskommisjonen for miljø og utvikling definerte berekraftig utvikling og gav oss slagordet «tenkja globalt og handla lokalt». I sluttdokumentet frå FN sin store miljøkonferanse i Rio de Janeiro i 1992 vart det fokusert på korleis ein kan møta dei store og internasjonale miljøproblema. Det var semje om at det burde utarbeidast lokale handlingsplanar der det vart utforma lokale agendaer (dagsorden) for det neste hundreåret. Dette vil m.a. innebera at: Vi må tenkja og planleggja langsiktig for komande generasjonar. Vi må mobilisera heile lokalsamfunnet til innsats for ei berekraftig utvikling. Det er venta at overordna avgjerder gjennom fleirnasjonale avtalar og nasjonalt lovverk i framtida i aukande grad vil leggja premissar for lokal handlefridom. Vi skal likevel ikkje undervurdera kva det vil seia at vi lokalt etterstrevar ei meir berekraftig utvikling. Ein føresetnad for å oppnå resultat på globalt nivå er at lokalsamfunna engasjerer seg og ser sine handlingar i eit langsiktig perspektiv. Vi bør ta dei alvorlege utfordringane på alvor og ta steg i retning av ei berekraftig utvikling innanfor alle verksemder i kommunen. 2.2. INTERNASJONALE OG NASJONALE TRENDAR Ei stadig sterkare globalisering medfører at vi i aukande grad vert påverka av dei same økonomiske, politiske og kulturelle utviklingstrekka som elles i verda. Aukande grad av innog utvandring medfører utvikling av stadig meir fleirkulturelle samfunn. Den teknologiske utviklinga gjev nye moglegheiter, men kan samtidig vera trugande. Bioteknologi og genmanipulering er døme på dette. I deler av Europa har EU og regionaliseringa ført til at nasjonalstaten har vorte svekka. Regionalisering er også tema i Noreg, men utan at arbeidet så langt har medført vesentlege endringar. Den tydlegaste omlegginga av oppgåvefordelinga går i dag på å styrkja lokaldemokratiet og det kommunale sjølvstyret. Dette har resultert i overføring av stadig fleire oppgåver og mynde til kommunane. Samtidig er kravet om større og meir effektive kommunar forsterka dei siste åra. Individualisime, privatisering og sterkare marknadsorientering er andre trendar i tida. I Noreg har "velferdsstaten" eit nivå som er høgare enn nokon gong. Forventningar og krav til offentlege tenester er samtidig større og tydelegare enn tidlegare. 8

2.3. RIKSPOLITISKE BESTEMMELSAR, RETNINGSLINER OG FØRINGAR Nasjonalt regelverk gjev sterke føringar for kva oppgåver kommunen skal prioritera. I ein kommune med avgrensa inntekter kan dette koma i konflikt med målsetjinga om å auka den kommunale handlefridomen. Arbeidet med oppgåvefordelinga mellom stat, fylke og kommunane har pågått i fleire år. Eit hovudtrekk i dette arbeidet er overføring av meir mynde og fleire oppgåver til kommunane. Det er problematisk at nye påbod ofte ikkje vert fylgde opp med dei økonomiske ressursane som må til for å gjennomføra tiltaka. Enkelte lover gjev ibuarane spesifikke krav på ytingar; som oftast i form av eit minimumstilbod. Men ofte er det formulert målsetjingar i føremålsparagrafar, stortingsmeldingar og andre dokument som skaper forventningar om tenestetilbod av høgare kvalitet enn minimumsnivået. Rundskriv T-2/98 B Nasjonale mål og interesser i fylkes- og kommuneplanleggingen gjev ei samla oversikt over statlege krav og utfordringar. Rikspolitisk bestemmelse av 8 januar 1999 innebar at kommunen ikkje kan tillata etablering av kjøpesenter utanfor sentrale deler av byar og tettstader. Den rikspolitiske bestemmelsen er seinare erstatta av fylkespolitiske retningsliner om stadutvikling og senterstruktur. I medhald av pbl. 17-1 er det gjeve følgjande rikspolitiske retningslinjer (RPR) som skal utgjera ein del av grunnlaget for kommunal planlegging: RPR for samordna areal- og transportplanlegging ( T-5/93) RPR for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (T- 1/95) RPR for verna vassdrag (T- 1082) 2.4. FYLKESPLAN OG REGIONALE RETNINGSLINER Fylkesplan for Hordaland 2005-2008 er ein felles og samordna plan for fylkeskommunen og statlege styringsorgan på fylkesnivået. Fylkesplanen og fylkesdelplanar er ein del av grunnlaget for kommunal planlegging. Det er m.a. utarbeida fylkespolitiske retningsliner / prinsipp for regionalt utbyggingsmønster samferdsel areal- og naturressursar stadutvikling og senterstruktur kulturminne universell uforming 2.5. NATURVERN Vossavassdraget oppstraums Vangsvatnet, Øvstedalsvassdraget, samt Nærøydalsvassdraget, Granvinvassdraget og Undredalselvi er varig verna mot kraftutbygging. Stortinget har fleire gonger understreka at ein og bør vera varsam med andre former for inngrep i dei verna vassdraga. 9

I Voss er i alt 7 område (totalt ca. 110 km 2 ) verna med heimel i naturvernlova: Tabell 2. Område verna med heimel i Naturvernlova. Lokalitet Type verneområde Naturtype Areal Håmyrane (i Storåsen) Naturreservat Myr 315 daa Lønaøyane (ved Lønavatnet) Naturreservat Våtmark 352 daa Rekvesøyane (ved Vangsvatnet) Naturreservat Våtmark 190 daa Grånosmyrane (Rjoandvassdraget) Naturreservat Våtmark 3350 daa* Fadnesskaret (i Teigdalen) Naturreservat Edellauvskog 140 daa Stølsheimen Landskapsvernområde Fjellområde 367 km 2 ** Nærøyfjorden Landskapsvernområde Fjell/fjord 576 km 2 *** * Av dette ligg noko under halvparten i Voss. Resten ligg i Aurland. ** Av dette ligg ca. 59 km 2 i Voss. Resten ligg i Vik, Høyanger, Modalen og Vaksdal. *** Av dette ligg ca. 48 km 2 i Voss. Resten ligg i Aurland og Vik. Nærøyfjordområdet, som ein del av Vestnorsk fjordlandskap, vart i juni 2005 innskrive på UNESCO si liste over verdsarvomåde. Dette er det einaste området i Noreg som er innskrive som eit reint naturområde. 2.6. SAMFERDSLE Det er utarbeidd kommunedelplan for jernbanetraseen gjennom Voss. I år 2001 vart det sett inn krengjetog mellom Oslo og Bergen noko som har medført kortare reisetid til Bergen og Oslo. For lokaltrafikken mellom Voss og Bergen har det vore ei viss innskrenking i rutetilbodet dei seinare åra. Reguleringsplan for tunnel bak Vangen er vedteken. Ein bompengesøknad for å realisera tunnelen* er godkjent lokalt/regionalt og vil truleg bli vedteken av stortinget hausten 2006. Anleggstart er planlagt i 2009. Ny trase for E 16 mellom Lundarosen og Oppheim er under planlegging i form av ein eigen kommunedelplan. "Rammeplan for avkøyrsler", Statens vegvesen, Hordaland skal følgjast ved etablering av avkøyrsler 2.7. FORSVARET Forsvaret er i endring, og regiment på Bømoen vart nedlagt i 2002. Samtidig vart det oppretta eit alliert øvingssenter med base på Bømoen. Store fjellareal mellom Mjølfjell og Brandset er bandlagde som skyte- og øvingsområde for forsvaret. * I tillegg inneheld bompengeprosjektet ny vegtrase i Skjervet og Mønshaugen Palmafossen. 10

3. LOKALE PLANFØRESETNADER 3.1. AREAL Voss kommune ligg i indre del av Hordaland og grensar i vest til Vaksdal, i sør til Kvam og Granvin, i aust til Ulvik, og i nord til Aurland og Vik i Sogn og Fjordane fylke. Av kommunen sitt totalareal på 1815 km 2 ligg 678 km 2 over 900m.o.h., og 76 km 2 er dekka av ferskvatn (tab.3). Tabell 3. Arealbruk i Voss kommune. Arealbruk Areal i km 2 % Jordbruksareal (fulldyrka jord, natureng og overflatedyrka mark) Produktivt skogsareal (barskog og lauvskog) Utbygd areal (tomter, vegar, jernbane mv.) Ferskvatn Anna areal (snaufjell, ikkje produktiv skog mv.) 58 311 40 76 1330 3,2 17,1 2,2 4,2 73,3 Jord- og skogbruksareal henta frå Fylkesstatistikk Hordaland 1998. 3.2. TOPOGRAFI Landskapet i hovuddalføret er prega av breiare dalar og mjukare former enn elles i indre deler av fylket. Eit mangfald av dalar skjer ned i terrenget i ulike himmelretningar. Vossavassdraget med sine mange greiner er ein dominerande faktor i landskapsbiletet. Langs hovudvassdraget finst store areal med flate moar. 3.3. GEOLOGI Berggrunnen i store delar av kommunen er dominert av granittar, gneisar, kvartsitt og kvartsskifer. I nordlege delar av kommunen inneheld berggrunnen m.a. den lyse bergarten anorthositt. I Tvildesåsen er det førekomst av bly/sølv. Fleire stader har det vore drive uttak av skifer. Sentrale delar av kommunen er prega av fyllitt med vekslande mengde kvarts og kalk. Frå ca. 9.000 år sidan forsvann isen i det vesentlege frå landet vårt. Dei lausavsetjingar som finst er danna under issmeltinga og seinare. Alle dei store moane i Voss er danna av breelvar, og er avsette i havet eller i store breinnsjøar. Under siste istid sto havet i Vossaområdet opptil 100m høgare enn no. 3.4. KLIMA Voss ligg i overgangssona mellom kyst- og innlandsklima. På årsbasis har Vossevangen omlag 1.200mm nedbør, og i dei fire sommarmånadene har Vossevangen omlag same nedbørsmengde som Geilo og Oslo (i underkant av 300mm). Det er store lokalklimatiske variasjonar i Voss. Som hovudregel har vestlege område mest kystprega klima, medan austlege delar har meir preg av innlandsklima. 11

3.5. ØKONOMISK VIKTIGE NATURRESSURSAR Stein (anorthositt og skifer, jf. temakart) Sand- og grusavsetningar (jf. temakart) Vossavassdraget Jordsmonnet som vekstmedium Skog Vilt, laks/sjøaure og innlandsfisk Vossanaturen som opplevingsverdi for friluftsliv og reiseliv 12

4. KARAKTERISTIKK AV VOSS KOMMUNE 4.1. FOLKESETNAD Tabell 4. Utviklinga i folkesetnaden i Voss frå 1965-2006. Tala frå 1965-1994 er gjennomsnitt pr. år for 5-års bolkar. År Folkemengd Fødd Død Fødselsoverskot Innflytt Utflytt Netto innflytt Folketilvekst 1965-69 13633 227 128 100 602 634-32 82 1970-74 13767 209 141 68 660 695-35 51 1975-79 14007 159 146 26 550 509 41 57 1980-84 14128 150 162 18 406 414-8 32 1985-89 14053 168 162 12 408 413-5 30 1990-94 13979 183 163 24 354 408-51 32 1995 13896 169 150 19 348 431-81 -65 1996 13831 172 151 21 371 453-79 -59 1997 13772 169 142 27 407 470-63 -37 1998 13735 166 143 23 387 475-88 -65 1999 13685 152 165-13 418 363 55 41 2000 13726 165 162 2 550 483 67 69 2001 13796 190 140 50 392 486-94 -45 2002 13751 161 151 10 445 386 59 70 2003 13821 149 151-2 370 417-47 -50 2004 13771 154 141 13 395 329 66 79 2005 13850 140 134 6 397 423-26 -20 2006 13830 Kjelder: 1964-1980 NOS Folketallet i kommunene 1951-80 1981-1999 NOS Nye Distriktstall SSB 2006 Frå 1978 til 1991 var folketalet tilnærma konstant. Etter den tid har ein hatt nedgang sjølv om det i 1990-åra har vore fødselsoverskot i alle åra unnateke 1992 og 1999. Årsaka til nedgangen er at utflyttinga frå kommunen har vore større enn innflyttinga sidan slutten av 1980-talet. I 1999 og 2000 endra dette seg og innflyttinga vart større enn utflyttinga. Frå 2001 og fram til i dag har det stort sett våre eit fødselsoverskot, men netto innflytting var negativ både i 2001, 2003 og 2005. Samla sett har folketalet vore i svak vekst. I januar 2005 var folketalet i kommunen 13 850, derav 50.7 % kvinner. Som i landet elles lever kvinner lengre enn menn. I Voss var såleis 70 % av ibuarane over 90 år kvinner i 2005 ( tab. 5). Tabell 5. Aldersfordeling for folkemengda i Voss 1 jan.2005. Aldersgr. (år) 0 1-4 5 6-12 13-15 16-19 20-39 40-54 55-66 67-79 80-89 90+ Sum Begge kjønn 155 701 158 1267 563 760 3199 2818 1822 1510 742 155 13830 Menn 84 349 81 632 298 378 1641 1437 895 713 279 42 6829 Kvinner 71 352 77 635 265 382 1558 1381 927 797 463 113 7021 Kjelde: SSB 13

Tabell 6 viser at Voss har markert fleire eldre enn gjennomsnittet i fylket. Denne problemstillinga kjem ein attende til under kap. 10. Tabell 6. Folkemengd etter alder ( % ) i Voss og Hordaland fylke 1jan. 2005. Aldersgruppe 0-4 5-12 13-19 20-66 67-79 80-89 90+ (år) Voss 5,9 10,3 9,5 56,6 10,9 5,5 1,2 Hordaland 6,5 11,1 9,5 60,2 8,1 3,9 0,7 Kjelde: SSB Det vesentlege av folketilveksten sidan 1960 finn me i sentrale deler av Voss. Auken har skjedd i sjølve sentrum, men også i sentrumsnære område. I vest har det skjedd ei auke i folketalet både på Bolstad og i Evangerområdet. I Skulestadmoen har folketalet minka noko dei siste åra (jf. tab. 7). Tabell 7. Folketal i ein del grunnkrinsar. Grunnkrins / Folketal 2006 2001 Bolstad/Vassenden 162 113 Evanger /Skorve /Teigdalen 448 423 Bordalen / Gjerald 351 357 Sentrumsområdet 5221 5046 Fenne / Mønnshaugen 999 964 Kvitli / Tjukkebygda 1080 1064 Skulestadmarka / Skulestadmoen 1319 1340 Myrkdalen 244 281 I førre planperiode var det venta ein folketalsauke i hovudsak utifrå den forventa utviklinga av språkteknologi på Tvildemoen. Folketalet i 2006 var forventa å bli 14 103, medan det faktisk vart 13 830. Med ein middels nasjonal vekst (dvs; fruktbarheit, levealder, mobilitet, og netto innvandring) har SSB pr. i dag følgjande folketalsframskrivingar for Voss (tab.8) ; Tabell 8. Folketalsframskriving, 2007-2015, basert på middels folkevekst (MMMM). 2006 er faktisk folketal pr. 01.01.2006 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Totalt 13 830 13929 13969 13996 14033 14056 14075 14099 14126 14161 0-5 åringar 995 1025 996 974 973 962 953 946 943 945 6-12 åringar 1254 1272 1298 1301 1292 1284 1270 1276 1256 1224 13-15 åringar 575 569 564 579 568 573 572 563 571 580 16-19 åringar 743 764 761 763 799 773 775 784 772 783 20-39 åringar 3153 3182 3157 3179 3133 3152 3141 3133 3142 3140 40-59 åringar 3729 3716 3716 3719 3751 3776 3795 3798 3807 3797 60-69 åringar 1335 1398 1433 1483 1527 1578 1612 1656 1695 1725 70-79 åringar 1118 1103 1095 1096 1088 1079 1063 1062 1064 1100 80-89 åringar 759 742 747 746 740 710 724 714 703 685 90 + 156 158 157 156 162 169 170 167 173 182 Talet på personar 70 år og over ser ut til å gå ned i kommunen (likevel auke for dei over 90). Talet på 60-70-åringar ser derimot ut til å auke sterkt, noko som igjen tyder på ein sterk vekst i talet på eldre etter 2015. 14

Talet på personar i dei mest yrkesaktive aldersgruppene ligg an til å gå ned. Det blir også nedgang mellom dei yngste, men fleire tenåringar. Etter framskrivingar pr. 03.03.2006 (MMMM) vil folketalet i 2020 vera 14 346 og 14 614 i 2025. 4.2. SYSSELSETTING Sysselsettinga har gått ned i landbruk og industri. I siste planperiode har det komme til fleire nye arbeidsplassar innan varehandel og byggje- og anleggsverksemd (jf. kap. 11). Det er fleire som pendlar ut enn inn av kommunen for å finne seg arbeid. Flest pendlar til Bergen (ca. 468 i 2003, noko som er ein auke på 118 sidan 1998). Frå Bergen pendla det 143 arbeidstakarar til Voss i 2003. I Granvin hadde 309 personar Voss som arbeidsplass i 2003. Tabell 9. Prosent heilt arbeidsledige i Voss i 1999-2005 (Regionalstatistikk Hordaland). 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 % av arb. styrken 1235 Voss Heilt ledige 3,1 3,4 3,1 2,8 3,5 3,1 3,0 Arbeidsmarknadstiltak 1,6 1,5 2,1 0,7 0,3 Personar Heilt ledige 216 237 218 197 249 215 228 Arbeidsmarknadstiltak 110 107 149 49 21 Kjelde: SSB Statistikkbanken/ Aetat Hordaland Arbeidsløysa i Voss har gått noko ned dei seinare åra. Nedgangen har mest kome til syne i form av talet på personar på tiltak, som ved utgangen av 2005 er svært lågt. Ved utgangen av 2005 hadde Voss litt lågare arbeidsløyse/personar på tiltak enn både Hordaland (3,2/ 0,3 %) og landet (3,0/ 0,4 %). 4.3. KOMMUNAL ØKONOMI Gjeld Voss kommune har på grunn av stor gjeld og høgt aktivitetsnivå i høve til inntektene, liten økonomisk handlefridom. Pr. 1.1.2006 var gjelda på 403,9 mill. kr, eller ca. 29 000 kr pr. ibuar. I tillegg har kommunen ansvar for eit lån på ca. 12 mill kr som Voss Idrettshall har teke opp. Investering For å redusera gjelda som kommunen har er låneramma sett til 15 mill. kr dei neste åra. Dette avgrensar kva investeringar kommunen kan gjera. I tillegg kjem lån til formål som er sjølvfinansierande og til lån til rehabilitering av skulebygg (rentefrie lån frå staten). Drift Rekneskapen for år 2005 viser totale driftsutgifter på 631 mill.kr. Fordelinga av driftsutgiftene går fram av figur 1. 15

1.1 Sentrale styringsorgan 0,3 % 1.6 Tekniske formål 18,0 % 1.2 Pedagogiske tenester 32,2 % 1.5 Utvikling 4,6 % 1.4 Personale og økonomi 4,3 % 1.3 Helse og sosial 40,6 % Figur 1. Fordeling av driftsutgiftene til Voss kommune 2005. Det er ikkje rom for vesentleg auke i den totale ramma for drift dei næraste åra, med mindre overføringane frå staten vert auka monaleg. Pr. 01.01.2006 har vi eit akkumulert underskot på nær 7,5 mill.kr. Budsjettet er svært stramt. Sjølv om forventningar og krav til offentlege tenester er større enn tidlegare, har ein lagt vekt på at handlingsprogrammet i kommuneplanen skal vera mest mogleg realistisk og basert på økonomiske føresetnader. 4.4. VOSS SOM REGIONSENTER Voss ligg sentralt plassert i høve til Bergensbana og stamvegen mellom Bergen og Oslo. Vossevangen som transportknutepunkt og med sine mange tilbod innan handel, offentlege tenester, kultur o.s.b er det naturlege regionsenteret i indre Hordaland. Også for kommunane Vik, Granvin og Aurland har Voss viktige regionfunksjonar. Det er ei utfordring å vidareutvikla desse sentrums-funksjonane i samarbeid med nabokommunane. Voss er ein god stad og bu, med rik natur og kultur. I sentrum er likevel vegtrafikk årsak til vesentlege problem med luftforureining og støy. Det meste av sentrumstrafikken er lokaltrafikk, men stamvegtrafikken utgjer òg ein vesentleg del. Tunnel bak Vangen, saman med ein strammare parkeringspolitikk i sentrumsområdet er avgjerande for å betra trafikktilhøva og miljøet i sentrum. 16

5. VISJON (30 års perspektiv) Voss har mange sterke sider og er ein god kommune å bu i. Dette vil vi ta vare på og vidareutvikla. Vårt framtidsbilde er slik ; Voss - ein god stad for alle Med dette meinar vi at Voss er ein trygg og attraktiv kommune i utvikling, der det er tilrettelagt for god livskvalitet - for alle. 6. OVERORDNA MÅL ( 12 års perspektiv) : " - Voss kommune skal vidareutviklast som eit sterkt og attraktivt regionsenter ". Strategiar for å nå visjon og overordna mål : Leggja til rette for ei berekraftig utvikling*. Framtidig planlegging skal skje innan rammene til Lokal Agenda 21**. Fokus på langsiktig styring. Setja innbyggarane i sentrum. Vidareutvikla kommunen som service-organisasjon, m.a. gjennom omstilling, effektivisering, brukarundersøkingar og forplikting gjennom tenesteskildringar. Flytta fokus frå reparasjon til førebyggande arbeid. Planleggja og leggja til rette for alle, også for dei med ulike funksjonshemmingar. Universell utforming*** skal leggjast til grunn for planlegging og tiltak. Vidareutvikla sikrings- og beredskapsarbeidet slik at faren for ulykker / kriser vert minimalisert. Gjennomføra arbeidet med regulering av Vangen Vest, "miljøtunnel" og ny skyss-stasjon. Vidareutvikla dei urbane kvalitetane på Vangen samtidig som ein opprettheld livskraftige bygdesamfunn. Leggja til rette for gode bustadtilbod, med utgangspunkt i eksisterande infrastruktur. Leggja vekt på det estetiske i opplæring, planlegging og utbygging. Leggja til rette for ei framtidsretta næringsutvikling, med spesiell fokus på reiseliv, landbruk og småskala næringsliv. Styrka samarbeidet med nabokommunar og Bergen, m.a. innan utdanning og reiseliv. Medverka til at Voss er attraktiv å flytta til, også for ungdom med høgare utdanning. Medvirka til å utvikla nye og allsidige kultur- og fritidstilbod, m.a. ved å byggja kulturhus på kulturhustomta. * Berekraftig utvikling ; ei utvikling som imøtekjem våre behov utan å øydeleggje moglegheitene for at framtidige generasjonar skal få dekka sine behov (Bruntlandskommisjonen 1987). ** Lokal Agenda ; dagsorden for det 21hundreåret, der globalt ansvar, generasjonsperspektiv og lokal medverknad er viktige stikkord. *** Universell utforming ; Utforming av produkt og omgjevnader, slik at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogeleg utan trong for tilpassing eller spesiell utforming. 17

7. VOSS KOMMUNE SOM ORGANISASJON Administrasjonen sine hovudoppgåver er å leggja til rette for politiske organ si verksemd, setja i verk politiske vedtak, forvalta lokalt og statleg regelverk, og vera eit serviceorgan for ibuarane. Kommunen må ha ein organisasjon som sikrar at ibuarane sine ønskje og behov vert registrerte og vurderte i samanheng. Det må eksistera ein felles «bedriftskultur». Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs. Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) bør vidareutviklast. Kommunen har i fleire år hatt ein stram økonomi. Organisasjonen bør vera endringsorientert for å skaffe handlingsrom til prioriterte tiltak. Mål : - Voss kommune skal vidareutviklast til ein organisasjon som er målretta, effektiv, lærande og serviceinnstilt - Sjukefråværet bør liggje under landsgjennomsnittet - Balansert målstyring (BMS) skal nyttast som styringssystem og for vurdering av organisasjonen sin effektivitet - Kommunen skal framstå som ein nytenkjande og attraktiv arbeidsplass ved å investera 0,5 % av brutto lønskostnader i kompetanseutvikling Handlingsprogram 2007-2010, prioriterte tiltak utover dagens drift I= investering, D= drift * KOSTRA funksjon Politisk styring, administrasjon og kontrollorgan (100,120, 130, 180)* - Sikra dei tilsette turvande fagleg utvikling, jf. opplæringsplan (D) Andre tiltak 2007-2018 - Effektivisera organisasjonen ved fokus på leiing, heilskap, samlokalisering og systematisk bruk av IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi). - Vidareutvikla servicefunksjonar der og statlege einingar er integrert. - Fokusera på HMS-arbeid gjennom bruk av internkontroll. - Rullera kommunen sin opplæringsplan ( Strategisk kompetanseplan) jamleg. - Styrkja det overordna personalarbeidet i kommunen, og ha ein meir aktiv seniorpolitikk. - Formidla relevant og tilstrekkeleg informasjon og utvikla samarbeidet med media, lag og organisasjonar. - Dimensjonera bemanning i høve til dei oppgåver som skal løysast. - Systematisk kopling mellom planar og økonomi. - Sikra eit meir forsvarleg vedlikehald av den samla bygningsmassen. 18

8. MILJØVERN OG BEREKRAFTIG UTVIKLING 8.1. NATURFORVALTNING, FRILUFTSLIV OG KULTURMINNEVERN Voss kommune er rik på natur, kulturminne og kulturlandskap og har mange attraksjonar både i regional og nasjonal samanheng. Dette gjev grunnlag for rike og allsidige opplevingar. Det er derfor viktig at ein er merksam på desse verdiane, og at ein forvaltar dei på ein berekraftig måte, slik at dei også i framtida kan vera ein ressurs både for fastbuande og tilreisande. Områdevern Fleire område er verna etter naturvernlova (jf. kap. 2). I tillegg er deler av Myrkdalsdeltaet og våtmarksområdet i Lundarosen regulert som spesialområde, våtmark, etter PBL. Dei siste 10-åra har område med inngrepsfri natur vorte kraftig redusert i kommunen. Mål : - Inngrepsfri natur* og eit representativt utval av ulike naturtypar skal sikrast i kommunen Vassdrag Vossavassdraget, oppstraums Vangsvatnet, vart varig verna mot kraftutbygging i verneplan III (1986). Øvstedalsvassdraget og Nærøydalselvi (med unntak av Jordalselva) fekk varig vern i suppleringsplan for verna vassdrag i 2005. Plan for "Differensiert forvaltning av vassdrag i Voss kommune" (jf. vedlegg 1) gjev rammer for forvaltning av verneverdiar og brukarinteresser i vassdraga. Mål : - Vassdrag med tilhøyrande nedslagsfelt skal forvaltast slik at ein sikrar god vasskvalitet og unngår vidare inngrep i strandsona. Biologisk mangfald Biologisk mangfald er variasjonsbreidda av artar, gener og dei ulike naturtypane artane er avhengige av. Voss kommune har gjennomført kartlegging av biologisk mangfald, både i høve til naturtypar og trua artar. Det er utarbeida viltkart for kommunen og kommunale handlingsplanar for viltforvaltning og for forvaltning av innlandsfiske ressursane (jf. vedlegg 1). Laksestamma i Vossavassdraget har internasjonal verneverdi, men har vore i kraftig tilbakegang sidan slutten av 1980-talet. Verna og inngrepsfrie område, område med spesielle naturkvalitetar og større viktige viltområde, er i temakart markert som LNF-område med høg naturverdi. Retningsliner er utarbeida for forvaltning av desse områda (vedlegg 2). Mål : - Det biologisk mangfaldet i kommunen skal sikrast. I område med høg verdi skal ein unngå inngrep. * Inngrepsfri natur ; Natur utan tekniske inngrep (som vegar, kraftutbygging m.m. etter definert liste. Ulike klassar etter avstand til inngrep) 19

Friluftsliv Friluftsliv er viktig for trivsel og god helse. Dei seinare åra er det tilrettelagt ei rekkje friluftsområde i kommunen. Kommunen har utarbeida eigen handlingsplan for friluftslivet (jf. vedlegg 1). Mål : - Ved tilrettelegging av friluftsområde skal det takast spesielt omsyn til unge, eldre og funksjonshemma ved universell utforming, der dette er muleg Kulturminne Voss er rekna for å vera ein av kommunane i Hordaland som er rikast på faste kulturminne. Kjende fornminne er automatisk freda gjennom kulturminnelova, og er markert med rune R i arealdelen. Vidare er eit 30-tals nyare kulturminne vedtaks-freda etter initiativ frå riksantikvaren. Evanger sentrum er regulert til spesialområde vern som kulturhistorisk verdifullt bygningsmiljø. Kommunedelplan for kulturminne vart vedteken i 2004. Det er utarbeid retningsliner for forvaltning av kulturminne (vedlegg 4). Mål : - Kulturminne og kulturlandskap skal registrerast, sikrast og forvaltast på ein forsvarleg og framtidsretta måte. Vedtekne, kommunale retningsliner skal leggjast til grunn for arbeidet Handlingsprogram 2007-2010, prioriterte tiltak utover dagens drift I = investering, D = drift * = KOSTRA funksjon Naturforvaltning, friluftsliv og kulturminnevern (360,365)* - Ta vare på biologisk mangfald i kommunen (D) - Følgja opp tiltaka i handlingsplan for viltforvaltning, handlingsplan for forvaltning av fiskeressursane og kommunedelplan for idretts- og friluftsliv - Følgja opp tiltaka i kommunedelplan for kulturminne - Sikra at det vert teke omsyn til landskapsverdiar og eksisterande bygningsmasse ved all utbygging. Det må setjast krav til estetisk kvalitet og ein bør styrkja og vidareutvikla lokal byggjeskikk. Andre tiltak 2007-2018 - Vurdera miljøkonsekvensar av planar og tiltak i ein tidleg fase. - Handsama planar / tiltak i eller ved vassdrag etter prinsippa i "Differensiert forvaltning av vassdrag i Voss kommune". - Utarbeida miljømål for vassdraga i kommunen. - Vidareføra arbeidet med å byggja opp att laksestamma i Vossavassdraget. - Vidareføra arbeidet med å sikra viktige våtmarksområde i kommunen. - Fleirbruksomgrepet må utviklast vidare og praktiserast i det framtidige skogbruket. - Leggja til rette for kommunen i reiselivsamanheng, m.a. med fokus på natur og kulturminne. - Informere og spreie kunnskap om natur og kulturminne i utmark slik at verdiane ikkje går tapt. 20

8.2. UREINING Ureining av luft, jordsmonn og vatn kan medføra alvorlege miljøproblem. I Voss kommune har målingar vist at luftkvaliteten i sentrumsområdet på vinterstid kan vera dårleg, og på nivå med sterkt trafikkerte gater i storbyane. Utslepp frå vegtransport og vedfyring er hovudårsakene. SFT har kartfesta 3 areal i kommunen med grunnureining, alle gamle avfallsdeponi (jf. temakart, vedlegg 14). Vossavassdraget er ein god resipient og har i hovudsak god vasskvalitet, men spesielt dei vestlege delane av nedslagsfeltet har vore noko sure. Fleire lokalitetar har derfor vore kalka. Ein del mindre elver og bekkar er framleis ureina, i hovudsak p.g.a. tilførsel av næringssalt frå landbruket. Støy er definert som "uønskt lyd". Over 1 million nordmenn er plaga av støy. Vegtrafikk er truleg den alvorlegaste støykjelda i kommunen. Mål : - Støy og ureining av luft, jordsmonn og vassdrag skal stansast/reduserast - Luftureininga på Vossevangen (spesielt svevestøv) skal reduserast med 10 % frå 2000 til 2010 Handlingsprogram 2007-2010, prioriterte tiltak utover dagens drift I= investering, D= drift * KOSTRA funksjon - Gjennomføra tiltaka i hovudplan for avlaup (jf. kap 12. 4) - Byggja tunnel bak Vangen Andre tiltak 2007-2018 (jf. kap. 12 og 13) - Redusera biltrafikken på Vangen, m.a. ved ein aktiv parkeringspolitikk. - Leggja til rette for betre innsamling av spesialavfall. - Redusera arealavrenning frå landbruket ved vidare satsing på haldningsskapande arbeid og kontroll. 8.3. KLIMA OG ENERGI Klima Global menneskeskapt oppvarming "drivhuseffekten" er ein av største miljøutfordringane verda står framfor. Gjennom Kyoto-avtalen har Noreg forplikta seg til å følgje opp ved å redusera utslepp av drivhusgassane. Likevel har klimautsleppa i kommunane auka med 12 % frå 1991-2004. I Voss kommune kjem dei største utsleppa frå biltrafikk, landbruk og stasjonær forbrenning. Dei konkrete tiltaka må skje i lokalsamfunna. I november 2004 vedtok Voss kommunestyre ein eigen kommunedelplan for klima- og energi, med følgjande hovudmål; Mål : - Utslepp av klimagassar i kommunen skal reduserast med 3% frå 1991 til 2010 (målt i CO 2 ekvivalentar) 21

Energiforsyning Noreg har det høgaste elektrisitetsforbruket pr. innbyggjar i verda. Ser ein bort frå elektrisitet har energiforbruket i Noreg auka med 28 % sidan 1991. M.a. har energiforbruket til hushaldningane auka kraftig. I dei nedre delane av Vossavassdraget er det tidlegare gjennomført omfattande vasskraftutbygging. Det vert i dag produsert elektrisk kraft i Evanger (BKK), Oksebotn (BKK), Hodnaberg (VE), Rognsfossen (VE) og Palmafossen(VE). BKK vurderer no ytterlegare utbygging i områda nord for Evanger. Dei seinare åra har det vorte bygd/planlagd fleire minikraftverk/småkraftverk i kommunen. BKK har kartlagt kraftpotensialet i den ikkje verna delen av Vossavassdraget. Dei seinare åra har fleire bedrifter/institusjonar teke i bruk biobrensel og varmepumper som ein del av sin energibruk. Kommunen har gjennomført ENØK-analysar for fleire av sine bygningar for å kartleggja energibruk og vurdera aktuelle tiltak. Fleire tiltak for energiøkonomisering er gjennomført og har gjeve gode resultat. Av andre energikjelder er grunnvarmepotensiale i lausmassar på Vossevangen kartlagt. Resultata viser at det her er eit vesentleg potensiale for grunnvarmeuttak basert på stor vassgjennomgang med jamn høg temperatur, også i kuldeperiodar. Mål : - Kommunen skal ha ein berekraftig energipolitikk basert på ENØK og energiforsyning frå m.a. nye fornybare energikjelder - Veksten i bruk av ureinande energi bør reduserast og effekten av tilgjengeleg energi bør aukas. Handlingsprogram 2007-2010, prioriterte tiltak utover dagens drift I= investering, D=drift * KOSTRA funksjon - Følgja opp tiltak i klima og energiplan for Voss kommune (D) - Nytta grunnvarme som energikjelde i fjernvarmeanlegg for oppvarming av offentlege og private bygg på Vangen /Nyre (I, D) Andre tiltak 2007-2018 - Oppruste og auke utnyttingsgraden på eksisterande kraftverk - Stimulera til bygging av småskala-kraftverk der dette ikkje vil verta til vesentleg skade for natur / miljø og andre samfunnsinteresser. 22

9. LEVEKÅR, FOR BARN OG UNGE Dei fleste barn og unge på Voss har gode levekår, med relativt stabile heimeforhold, god trivsel og høve for varierte aktivitetstilbod. Det fins mange ulike tilbod innanfor organisert aktivitet, men det bør bli fleire arenaer for uorganisert aktivitet. Familien er og bør vera den sentrale påverknadsfaktor i oppvekstmiljøet. Foreldreansvar ( m.a. som rollemodellar) og barn og unge sitt individuelle ansvar bør gjerast tydeleg. I tillegg blir oppvekstmiljøet i stor grad prega av offentleg tilrettelegging, media og frivillige tiltak. Førebyggjande arbeid blant barn og unge skal vera høgt på prioriteringslista. Det krev innsats både frå kommunale instansar, samarbeid med friviljuge organisasjonar og lag, samt tilrettelegging for allsidig uorganisert aktivitet. Barn og unge sin prosentvise del av kommunebudsjettet bør aukast. Skular og barnehagar er dei viktigaste kommunale primæroppgåvene, samt kommunale tenester frå helse. Kommunen har også ansvar for Voss kulturskule og drift av ungdomsklubben Gryto. I 2006 er det busett ca 100 barn og unge med innvandrarbakgrunn i Voss kommune. Mange av desse klarar seg godt. Men det er nødvendig å sørgje for god integrering av alle. Det skal ha høg prioritering. Mål : - Gje barn og unge ein trygg og stimulerande oppvekst 9.1. BARNEHAGE I 2006 er det 78% barnehagedekning i Voss kommune. Tilbod for aldersgruppa 1-2 åringar utgjer ca. 50,6 %, og for aldersgruppa 3 5 år 93,9%. Mange av dei kommunale barnehagane er i leigde og dårlege lokale, og nybygg for å erstatte desse er under planlegging. Delen private barnehagar har auka i dei seinare åra. Mål : - Barnehagetilbod til alle som ynskjer det Sikre eit godt pedagogisk barnehagetilbod med vekt på trivsel og gode utviklings- og læringsvilkår. Foreldre skal oppleve trivsel og respektfull behandling. Ved brukarundersøking skal nivået vera som landsgjennomsnittet eller høgare. Alle barnehagar skal vera godkjent etter forskrift om miljøretta helsevern Betre lokale til barnehagar som i dag har lite egna/ dårlege lokale Ruste opp uteanlegga Nye barnehagar skal ha eit variert utområde som legg til rette for og stimulerer til allsidig leik og utfolding. Det skal vera null-toleranse for mobbing 9.2. GRUNNSKULE Det er i 2006 16 grunnskular i kommunen, med totalt ca. 1 810 elevar. Det er venta ein viss nedgang i talet på elevar dei næraste åra. Voss har ein desentralisert grunnskule, også i sentrum. 23

Voss nyttar ein litt større sum pr. elev til undervisning enn samanliknbare kommunar, men nyttar færre timar til gruppedeling og spesialundervisning. Statlege føringar inneber eit høgare tenestenivå enn no. Mål : - Ha ein skulestruktur som sikrar gode læringsvilkår, godt elevmiljø, effektiv ressursbruk og eit godt oppvekstmiljø - Godt tilrettelagt læringsmiljø, der den einskilde elev får høve til læring og utvikling ut frå eigne føresetnader - Foreldre og elevar skal ha høve til medverknad. Ved brukarundersøking skal nivået vera som landsgjennomsnittet eller høgre. - Resultat av nasjonale kartleggingar/ prøver skal ligge på landsgjennomsnittet eller høgre - Det skal vera null-toleranse for mobbing 9.3. VIDAREGÅANDE SKULAR Voss har eit allsidig skuletilbod med 5 vidaregåande skular. Samanslåing til færre skular er under planlegging. Dette for å gi elevane eit betre fagtilbod og utnytte ressursane meir effektivt. Voss kommune vil bidra positivt i planprosessen. Mange ungdommar som kjem frå nabokommunar bur på hybel. Voss skal, i samarbeid med dei vidaregåande skulane, legge til rette for gode aktivitetstilbod og mogelegheit for oppfølging. Mål: - Voss skal vera eit trygt og attraktivt skulesenter for ungdom 9.4. AKTIVITETSTILBOD FOR BARN OG UNGE Meiningsfylte fritidsaktivitetar er vesentleg for barn- og ungdom si utvikling. Det finst ca 500 friviljuge lag/ organisasjonar på Voss, så mangfaldet er stort og mogelegheitene mange. I tillegg til organisert aktivitet, bør Voss tilby arenaer og tilbod for spontane aktivitetar. Tilgang til gode aktivitetstilbod er viktig førebyggande arbeid. Ungdomsklubben Gryto må utvide tilbodet for å fange opp fleire. Støttekontaktordninga må styrkast. Samarbeid med dei frivillige organisasjonane må auke. Mål : - Voss skal ha allsidige aktivitetstilbod som kan inkludere alle. Det skal vera tilbod og tilrettelegging for både organisert og uorganisert aktivitet - Styrke samarbeidet med foreldre og lag og organisasjonar som har aktivitetar retta mot barn og unge - Styrke mogelegheit for allsidige aktivitetar/ leik i nærmiljøet ( m.a. leikeplassar, bakkar, skog, turstiar til grøne lunger) 24

9.5. BARNEVERN Kommunen skal ha eit offensivt barnevern som gir rett hjelp til rett tid. Barneverntenesta ynskjer å koma i kontakt med borna og familiane som treng hjelp så tidleg at hjelpetiltak etter lov om barneverntenester er tilstrekkeleg til å snu ein vanskeleg situasjonen til positiv utvikling. Barneverntenesta skal aktivt delta i å utvikle gode samarbeidsrutiner med andre som arbeider med born og unge lokalt. 9.6. HELSETENESTER Helsetestasjonen har tilbod for familiar med born under skulealder og for ungdom 15 20 år, og skulehelstenesta har tilbod for grunnskule og vidaregåande skular. Kommunen skal sikra ibuarane nødvendig helsehjelp, vera pådrivar overfor andre sektorar og styrka helsefremjande og førebyggjande arbeid. 9.7. PEDAGOGISK - PSYKOLOGISK TENESTE (PPT) PPT yter teneste til barn og unge i alderen 0 16 år og til vaksne som treng spesialpedagogisk hjelp. PPT skal hjelpe skule og barnehage i arbeid med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å gjera opplæringa betre for born med særlege behov. Dei skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. PPT på Voss yter også tenester til fem andre kommunar i Hardanger og Sogn. 9.8. TVERRFAGLEG ARBEID For å gi betre tilbod til born og unge, skal tverrfagleg samarbeid mellom barnehage, skule barnevernsteneste, helseteneste og pedagogisk- psykologisk teneste vidareutviklast. Ein bør ha samlokalisering mellom desse tenestene som mål. I arbeid med integrering av barn og unge skal flyktningkontoret samarbeide med tverrfagleg gruppe. Generelt må samarbeidet bli betre mellom alle som arbeider med barn og unge i kommunen. Mål : - Eit offensivt hjelpeapparat med fokus på førebyggjande arbeid, som gjev rett hjelp til rett tid - Tenester tufta på tverrfagleg samarbeid. - Skule og helsetenester skal ha særleg fokus på førebyggjande psyko-sosialt arbeid og rusførebygging. - Born skal i størst mogleg grad vernast mot familievald, rus, omsorgssvikt, fattigdom, rasisme 9.9. KULTURSKULE Voss kulturskule gir tilbod til ca 300 elevar frå 6 år og opp til 18 år. Skulen si målsetjing er å utvikla barn og unge sine estetiske og kreative evner. Skulen held til i Vangen skule sine lokale. Planarbeid for å gi kulturskulen betre tilhøve er i gang. I nye lokale bør omfang av tenester auka til å kunna nå ca 700 elevar innan estetiske fag. Mål: - Kulturskulen skal kunna tilby opplæring innan estetiske fag til ca 700 elevar - Skulen skal utvida sitt tilbod innan andre sjangrar, t.d. rock 25

Handlingsprogram 2007-2010, prioriterte tiltak utover dagens drift I = investering, D = drift * KOSTRA funksjon Barnehage (201,211,221)* - Utbygging av inneklimatilbod/ventilasjonsanlegg etter vedtatt prioriteringsplan - Erstatte barnehagetilbodet i sentrum med ny 6 avdelings barnehage(i) - Rehabilitering / nybygg/ andre lokale for barnehage på Bolstad, Evanger, Hauge, Kyte - Ruste opp uteplassen og leikeapparata i barnehagane for å gi allsidig aktivitetstilbod. - Auke grad av stillingar med krav til pedagogisk utdanning i barnehagane. Grunnskule (202,215,222)* - Auka lærartimetal, særleg gruppedeling og spesialundervisning må styrkjast (D) - Fullføre utbygging av inneklimatiltak/ventilasjonsanlegg etter vedtatt prioriteringsplan (I,D) - Ferdigstilla rehabilitering/utbygging av Voss Ungdomskule (I) - Auka midlar til utvikling av uteplassane ved grunnskulen på Voss - Prioritera arbeidet med trygg skuleveg med fortau, gang og sykkelvegar Aktivitetstilbod for barn og unge (231)* - Utvide tilbodet i Gryto. - Følgja opp tiltak i plan for Voss kulturskule; utvida tilbod i musikk, dans og ballett (D). - Legge til rette areal for motorsport - Lage areal for uteskating på Vangen og i grender rundt. Vera behjelpeleg med å skaffe lokale for skatehall når tilbodet i gamle bussgarasjen fell vekk. - Lage ordning med open idrettshall for allsidig tilbod - Kommunen bør i planperioden ha ei årleg auke på 2% på budsjettposten for kulturmidlar til born og unge - Tilrettelegga for sykkelcrossbane Andre tiltak 2007-2018 - Kommunen skal gjennom godkjenning av reguleringsplanar for nye bustadområde sikra at det vert lagt til rette allsidig friområde for leik og fri utfalding - Legge til rette for og opparbeide stiar i utmarka nær sentrum - Voss kommune skal vera behjelpeleg med å finne øvingslokale rockegruppene - Nivået på sosialstønad, særleg for småbarnsfamiliar, skal ikkje vera under landsgjennomsnittet. - Bygge ut tilstrekkeleg avlastnings- og støttekontaktordningar for funksjonshemma, og barn og unge i ein vanskeleg livssituasjon. - Det skal arbeidast aktivt med tilrettelegging for integrering av barn og unge med innvandrarbakgrunn. Voss kommune skal lage ein tverrfagleg handlingsplan for oppfølging av barn med innvandrarbakgrunn i alderen 0 6 år. - Tverrfagleg satsingsområde med foreldrerettleiing skal vidareførast (PMTO) *. - Utvikla skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom, fleire tilbod retta mot gutar (D) 26

- Voss krisesenter skal ha kommunale fagressursar tilgjengeleg, og ein bør drøfte meir kommunal medverknad. - Reservere midlar som ei tverrfagleg gruppe kan disponere, og som går direkte til born og unge. Skular kan også søkje på desse pengane for å kunna kjøpe inn utstyr (t.d. skøyter, ski) til utlån når det blir brukt som aktivitet på skulen. - Følgja opp plan for rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak. - Låg terskel for å få utført mindre fysiske tiltak for born og unge; arbeid som kan utførast av kommunen sjølv. Døme på dette er utskifting av grus, vedlikehald av leikeapparat, oppsetting av benkar og bord. Særleg når konkrete ynskje kjem frå elevråd eller grupper av born/unge, skal kommunen freista å få dette realisert på ein effektiv og ubyråkratisk måte. *PMTO, Parent Management Training Oregon, program for foreldrerettleiing 27

10. LEVEKÅR, VAKSNE OG ELDRE Kommunen har eit hovudansvar for mykje av den tenesteproduksjon som skjer innafor offentleg sektor. Men kommunen har også ei viktig rolle som tilretteleggjar for privat sektor og "tredje sektor" (frivillig lagsarbeid), slik at desse kan makta å oppfylla sine roller i den samla tenesteproduksjonen som må til for å sikra ibuarane gode og stabile levekår. Rundt 41 % av kommunen sine brutto driftsutgifter vert nytta til helse og sosial formål. Dette heng saman med at Voss har fleire eldre enn gjennomsnittet i fylket. Samtidig er personar i yrkesaktiv alder redusert. Dette vil medføre store økonomiske utfordringar, også i dei komande åra. Nedbygginga av statlege og private arbeidsplassar i kommunen har hatt stort omfang. Når arbeidsløysa på Voss likevel har vore middels og relativt liten samanlikna med landet elles er hovudforklaringa at folk har flytta frå kommunen. Nyetablering på Tvildemoen har gjeve nye arbeidsplassar, og vil truleg medføra at talet på arbeidsplassar i kommunen vil auka meir (jf. tabell 11). Tilgangen på bustader har tidlegare vore knapp i sentrumsnære område. Situasjonen er no i ferd med å endra seg. Men det står att å skaffa bustader til einskilde, særleg grupper av vanskelegstilte. Dette gjeld særleg personar med psykiske problem og rusmiddelmisbrukarar. Voss sjukehus og spesialhelsetenesta elles er ein viktig ressurs for lokalsamfunnet. Det er ei stor utfordring for kommunane at stadig nye oppgåver som før vart dekka i 2. linetenesta no vert definerte som kommunen sitt ansvar. Dette gjeld både innan somatikk, psykiatri og rusomsorga. Rekruttering og utdanning av helsepersonell vert viktig arbeid. Voss Høgskulenemnd utviklar saman med universitet og høgskular høgskuletilbod på Voss. Ole Bull Akademiet og Vestnorsk Kulturakademi driv i dag utdanning på slikt nivå. Høgskulebygget på Skulehaugen skal tene som undervisningstad for studietilbod som ikkje naturleg høyrer inn under dei to akademia. Trass i mange positive trekk ved situasjonen for vaksne og eldre i Voss, ligg det mange utfordringar for Vossasamfunnet i åra frametter. Det er her viktig å halda fast ved dei gode sidene og styrka det førebyggjande og helsefremjande arbeidet for å redusera trongen for reparasjonstiltak. Hovudmål : - God livskvalitet og trygge levekår gjennom eit samspel mellom kommune, næringsliv, det friviljuge organisasjonslivet og den einskilde innbyggjar 10.1. VAKSENOPPLÆRING Kommunane sitt lovpålagde ansvar for opplæring på grunnskulenivå og i norsk og samfunnsfag for framandspråklege, fekk frå hausten 2002 eit utvida verkefelt. I tillegg kjem eit stadig veksande krav om etterutdanning, i hovudsak omskulering og vidareutdanning for vaksne. Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skuletilbod og staten for høgare 28