Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c) Søknadssum: 507 000 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Fjell folkeboksamling / 951996777 Postboks 83 5341 Straume www.biblioteka.ivest.no Institusjonens leder Trude Bendiksen Ansvarlig kontaktperson (søker) Trude Bendiksen 55096914 / trude.bendiksen@fjell.kommune.no Mål for prosjektet Biblioteka i vest ynskjer å undersøk korleis ein kan samarbeida om å skapa eit klima og ulike arenaer for debatt i dei fire samarbeidande kommunane. Vi vil inngå samarbeid med ulike lag og organisasjoner i regionen for å henta inn kompetanse og erfaringar. Vi ønskjer å nå dette målet ved mellom anna å tilset ein prosjektleiar som har det overordna ansvaret for planlegging og koordinering av debattar og arrangement både i biblioteklokala og på andre eigna arenaer. Biblioteka i vest vil med dette prosjektet utforska ein ny samarbeidsmodell som kan vera overførbar til andre biblioteksamarbeid. Prosjektbeskrivelse Biblioteka i Vest består av eit samarbeid mellom biblioteka i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Biblioteka har ein politisk vedtatt samarbeidsavtale og ein eigen partnarskapsavtale med Hordaland fylkesbibliotek. Tidlegare har vi fokusert på samarbeidsprosjekt som felles database/katalog og felles nettside. Vi ønskjer med dette prosjektet å føra samarbeidet inn i ei ny fase med fokus på arrangement og debattar med bakgrunn i den nye biblioteklova. Kommunane i samarbeidet ligg tett, med relativt liten avstand mellom biblioteka. Dette medfører at bibliotekbrukarane i stor grad nyttar biblioteka på tvers av kommunegrensar, og arrangement i biblioteka vert vit av folk frå heile regionen. Biblioteka i samarbeidet er alle plassert i kjøpesenter i kommunesentra men lokala er av ulik storleik, frå rundt 300 til ca 1200 m2. Arrangement i lokala må difor ha ulik tilnærming og omfang. Nærleiken til Bergen med det store tilbod av arrangement som finst der, er ei Side 1 av 5
utfordring som må takast omsyn til i prosjektet. Samarbeid med lokale organisasjonar og ressurspersonar i nærmiljøet blir ein viktig føresetnad for å få til gode tilbod som innbyggrane ønskjer å delta på. Biblioteka ønskjer å nå ut til eit breiare publikum i samarbeid med brukarane, for å forankra formidlingsarbeidet regionalt og utnytta lokale ressursar. Vi ønskjer å bygg opp ein fast stamme med aktive debatt- og litteraturinteresserte brukarar som kan vera ein ressurs i det vidare arbeidet. Arbeid med bibliotekutvikling og innovasjon blir ofte nedprioritert i biblioteka, på bekostning av den daglege drifta. Arrangement og debattar er ofte arbeidskrevnde for det einskilde bibliotek å planlegg, gjennomføra og henta inn eksterne midlar til. Det er også vanskeleg å få midlar over det ordinære bibliotekbudsjettet til litteratur og kulturformidling. Gjennom å samarbeide med friviljuge lag og organisasjonar kan ein søk midlar andre stader enn der biblioteka har høve til å søk, og nytta dette til felles beste i eit partnarskap. Ein koordinator vil kunne kartlegg kva ressursar som finst i lokalmiljøa og kva ressursar som kan nyttast på tvers av kommunane. Koordinatoren vil også kunna arbeida med marknadsføring av biblioteka som debattarenaer og arenaer for aktiv formidling, og dermed skapa merksemd rundt biblioteket sin nye rolle i regionen. Vi tenkjer mellom anna å bygg opp ein idebank som kan nyttast av andre bibliotek. Idebanken kan innehelda framlegg til føredrag, debattar, diskusjonstema, samarbeidspartar, ressurspersonar m.m. I tillegg vil idebanken innehelda ei "kokebok" for planlegging og gjennomføring av debattar. Biblioteka i samarbeidet vil lansera ny nettside i løpet av sommaren/hausten 2014. Ein god og tenleg arrangementskalendar vil vera eitt av hovudelementa på denne sida. Kalendaren vil ikkje berre visa biblioteket sine arrangement, men også promotera arrangement i regi av andre kulturinstitusjonar i kommunane. Regionen vil i løpet av dei neste tiåra, utvikla to nye byområde i tilknyting til kommunesentra.det blir særleg viktig å få til debattar og engasjement knytt opp mot denne utviklinga. Her må biblioteka ta på alvor sin rolle som folkeopplysar og demokratisk torg. I tillegg til samarbeidspartane nemnt seinare i søknaden, ønskjer vi å samarbeide så breiddt som mogleg, t.d. med politiske parti og andre frivillige organisasjonar. Prosjektet er tenkt sett i gang hausten 2014 og er tenkt som eit toårig prosjekt. Side 2 av 5
Start- og sluttdato for prosjektet Prosjektvarighet Toårig Fra dato 01-03-2014 Til dato 29-02-2016 Aktivitetsplan for prosjektet Beskrivelse Fra dato Til dato Behovsanalyse /arbeidsseminar 01-05-2014 30-05-2014 Månadlege prosjektmøte 01-05-2014 29-02-2016 Dialogmøte med samarbeidspartar 01-11-2014 30-11-2014 Tilset prosjektleiar 01-08-2014 31-08-2014 Utvikling av arrangementsplan 01-12-2014 31-12-2014 Brukarmedvirkning referansegruppe 01-11-2014 30-11-2014 Evaluering 1 15-03-2015 30-03-2015 Evaluering 2 15-09-2015 30-09-2015 Prosjektrapport 01-08-2016 01-08-2016 Kartlegg lokale og regionale ressursar 01-09-2014 01-11-2014 Andre opplysninger nere Side 3 av 5
Organisasjon/institusjon Formell avtale Rolle Askøy folkebibliotek Kleppestø senter 5323 Kleppestø Sund folkebibliotek Sund senter 5382 Skogsvåg Øygarden bibliotek Rong senter 5337 Rong Strilasekken - den kulturelle skulesekken i region vest Fjell rådhus, Postboks 184 5342 Straume Periferifestivalen Christinegård 45 5037 Bergen Vestnytt Skjenet 2 5353 Straume Senioruniversitetet Øygarden og Sotra Stølsvegen 14 5378 Klokkarvik Hordaland fylkesbibliotek Postboks 7900 5020 Bergen Askøyværingen 5300 Kleppestø Ressursorganisasjon Side 4 av 5
Budsjett Søknadsbeløp fra Nasjonalbiblioteket 507 000 Utgifter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Løn prosjektleiing 620 000 1 240 000 Marknadsføring 20 000 50 000 Seminarutgifter arbeidsseminar. Kost og overnatting 15 000 15 000 Reiseutgifter og bevertning i samband med møte 15 000 30 000 Arrangement 50 000 100 000 Kick off 5 000 5 000 Totale utgifter 725 000 1 440 000 Inntekter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 507 000 1 054 000 Fritt ord 50 000 50 000 Egeninnsats 100 000 200 000 Billettinntekter 5 000 10 000 Strilasekken 10 000 20 000 Folkeakademiet 3 000 6 000 Tilskot samarbeidspartar / sponsorar 50 000 100 000 Totale inntekter 725 000 1 440 000 Vedleggsoversikt Beskrivelse Side 5 av 5