Os Skyttarlag 2013-1 -

Like dokumenter
Strandvik Skyttarlag. Agenda. Skytebanesikkerhet

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REGELHEFTE FOR SAMLAGSSTEMNER

Strandvik Skyttarlag. Skytebanesikkerhet

Kontaktperson og bestilling rettast til Hans Einar Kristoffersen, ein treff han på telefon

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

Til deg som bur i fosterheim år

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Hatlestrand og Ølve skyttarlag (3806). Årsberetning 2012

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brukarrettleiing E-post lesar

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Brukarrettleiing. epolitiker

Styremøte måndag 18. august 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Årsmelding for O-gruppa 2015

Skyting og sikkerhet En trygg sport et felles ansvar

VELKOMMEN TIL STAVANGER PISTOLKLUBB.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SLIK SKYTER DU FISKUMFELT:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

SJFF Leirduebane 2019

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

ÅRSMØTE EID JEGER OG FISKELAG Gamlebanken pub og gjestestove

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Trening Meisterskap Innstruksjonsskyting

Styret har vore samansett slik i 2012 :

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

STATUTTAR MIDT NORSK MEISTERSKAP

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Pilotprosjekt skyting

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Rådgjevarkonferanse 2009

Norheimsund Fotballklubb

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Skyting og sikkerhet En trygg sport et felles ansvar

Namning av vegar i Fræna Kommune

Mars. Leiar. Skyteleiar: Skyteleiar: Skyteleiar: Skyteleiar: Skyteleiar: Skyteleiar: Skyteleiar: Skyteleiar: Reserve:

Bruk av driftsmidlar Frifond

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsmelding Leiing og administrasjon Tor Jarle Nyland Eivind Antonisen Kjell Kjosaas (leiar ungdomsutvalg) Oddvar Refsnes

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

«Ny Giv» med gjetarhund

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Velkommen til nytt barnehageår!

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Skyteskole. Elevhefte

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Styremøte søndag 22. februar 2015

Søking til skuleåret

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Transkript:

Os Skyttarlag 2013-1-

Innhald Litt om Os Skyttarlag si historie 4 Os Skyttarlag 2013 6 Medlemskap i skyttarlaget 6 Skyteklassar 8 - Aspirant 8 - Rekrutt 8 - Eldre rekrutt 8 - Junior 8 - Klasse 1 9 - Klasse 2 9 - Klasse 3-5 9 - V55 9 - V65 9 - V73 9 Treningstider 10 Skyting året rundt 13 - Utandørs skyting 100m og 200m 13 - Feltskyting 13 - Miniatyrskyting 14-2- Jaktskyting 17 Landskyttarstemna 18 Vedlikehald av våpen 20 Sikkerhetsreglar på skytebanen 21 350-klubben 22 Skyttarhuset 23 Utleige av baneanlegget 24 Skytestemne 26 Terminliste 2013 27 Skyttarfamilien 28 Skyttarrekrutten 30 Her er vi! 31-3-

Litt om Os Skyttarlag si historie Os Skyttarlag blei stifta 12. april 1891. Namnet var da Bjørnen Skyttarlag. I 1897 fekk laget sitt nåverande namn. Den første bana var i Bøkampen. Etter berre to år flytta laget til Larsabakken nord for Kuven stasjon. Bana var litt for kort. Etter å ha prøvd å få bane på Ulven, noko det militære gjekk imot, blei det bygd bane nord for Banktjørno. Denne bana måtte dei også flytte frå og det blei bygd enda ei ny bane, denne gangen på Tøsdal. Der blei dei værande til 1933 da ny bane på Ulven stod ferdig. Seinare har laget bygd ut anlegget sitt både med nye banar og skyttarhus til det stod ferdig som i dag til Landskyttarstemna i 2002. Alt arbeide med bygging av baner kunne ikkje vore gjort utan eit utstrakt dugnadsarbeid. Det same gjeld dei mange store stemnene som laget har stått for. Mellom anna 6 Landskyttarstemner. Det sportslege har alltid vore i fokus. Det har resultert i ein skyttarkonge, to prinsesser og mange vinnarar av Hordaland meisterskap, Samlagsmeisterskap og andre store stemner. Os Skytterlags 25-aars jubilæum 1916. Skytterstevnet på Tøsdal 3. september 1916. -4- Dei siste åra er det ungdomsarbeid som har vore satsingsområde, noko som viser den store aktiviteten som er i laget i dag. -5-

Os Skyttarlag 2013 Leiar Kasserer Styremedlem Styremedlem Styremedlem Styremedlem Styremedlem 1.varamedlem 2. varamedlem 3. varamedlem Helge Eidsvik Thorbjørn Klausen Oddbjørn Eide Steinar Eidsvik Oddvar Eikemo Tor Egil Gjerde Lars Olve Haukeland Cathtrine Daviknes Arvid Austefjord Erik Mjelde E-post: ossktlag@ossktlag.no Styret i Os Skyttarlag består av 7 medlemmer. Kasserer, Våpen/ ammunisjonsforvalter og leiar av Ungdommsutvalet er sjølvskrevne epresentantar i styret. Arbeidet til styret er å lage terminlister, syta for organisering av skytestemne, koordinere arbeidsoppgåvar på baneanlegget og sist, men ikkje minst sørga for ein sunn drift av laget. Medlemskap i skyttarlaget Os Skyttarlag kan med god samvit påropa seg å ha eit av landets flottaste skytebaneanlegg. -6- (våpen og ammunisjonsforvaltar) (leier av banekomiteen) (ungdomsleiar) Nettside: www.ossktlag.no med eit prosjekt der vi byggar elektronikk også på feltskytinga. Vi vil du kunne ha elektronisk anvisning av skyting på opptil 600m. i laget får du låna både våpen og anna utstyr som vi brukar under skyting. Skyttarlaget stillar også velvillig opp med instruktørar som vil hjelpa deg i gang. Som medlem hjå oss ligg alle fasilitetar tilrettelagt. Har du ambisjonar om å nå norgestoppen i skyting? Ønskjer du tilknytting til eit godt miljø der gamle skytetradisjonar vedlikehaldast? Eller kunne du rett og slett berre ønskja å terpa skyteformen fram mot jakta? Medlemskontingenten i skyttarlaget er: - frå fylte 18 år: 500,- pr.år - yngre enn 18 år: 250,- pr.år Ta kontakt med oss i Os Skyttarlag. Vi lovar å ta godt imot deg! Skyttarlaget har eit breitt utval av våpen til utlån. Som nytt medlem Under trening må du ha eit anvisarkort for å få fram skota du har skote. Dette kostar 25 øre pr.skot. og er einaste treingsavgifta du betalar. Skyttarlaget selg ammunisjon til medlemmane sine og er behjelpeleg med innkjøp av eigne våpen. På Ulven har vi samla innandørskyting, utandørskyting og feltskyting, alt innafor kort avstand. Vi har utandørsbane 100m og 200m. I kjellaren har vi 15m bane som vi benytter om vinteren. I kjellaren har vi også ei laserbane som kan brukast heile året. Skyting på 15m, 100m og 200m er mot elektroniske skiver. Resultatet er på anvisarskjermen din før du sjølv registrerer at du har skote. Os Skyttarlag held no på -7-

Skyteklassar I skytesporten har vi aktive medlemmer innafor eit vidt alderspekter. Dei yngste er 10 år mens dei eldste er langt over 70 og gjerne opp i 80 åra. For å få ei rettferdig premiering er det naudsynt å dela inn i ulike klassar. Aspirant Skyttarane i denne klassen må fylle 10 år i løpet av kalenderåret. Skyttarane kan ikkje vera eldre enn 15 år. Denne klassen er mynta på skyttarar som nett har starta med sporten. Her kan støtte brukast. Det blir skote med salongrifle(kal 22). Premiering til alle. Rekrutt Klassen omfattar aldersgruppa 11-13 år i kalenderåret. Rekruttane skyt liggande utan støtte og med salongrifle (kal 22). Premiering til beste 1/3. -8- Eldre rekrutt Klassen omfattar aldersgruppa 14-15 år i kalenderåret. Eldre rekrutt skyt også liggande utan støtte, men her kan dei sjølve velga kva dei vil skyta med. Enten salongrifle (kal 22) eller skarpare ammunisjon (kal 6,5). Kal 6,5 vert lite påvirka av vind under skyting på 100m. Premiering til beste 1/3. Junior Klassen omfattar aldersgruppa 16-17 år i kalenderåret. Junior skyt liggande og kneståande. Her skyt stort sett alle med kal 6,5. Premiering til 1/3. Dette er siste klassen før ein rykkjer opp til skyting på 200m. Klasse 1 Dette er ein nybyrjar klasse. Alle over 16 år kan stilla i denne klassen. Ein skyt 25 skot liggande på 200m. Dersom dei 3 beste stemna er over ein viss poengsum rykkjer du opp ein klasse. Klasse 2 Denne klassen skyt same program som junior, berre på 200m. Altså både liggande og kneståande. Opprykk til neste klasse ved 3 stemner over ein viss poengsum. Klasse 3-5 Desse klassane skyt same program. Her er skyttarane rangert etter tidligare resulatat. Dei beste skyttarane skyt i klasse 5. Skyttarane skyt liggande, kneståande og ståande. Mange av desse skyttarane har du sett på TV sendinga frå Landskytterstemna. V55 Dette er den yngste vetranklassen. Her skyt dei som er eldre enn 55 år. Dei skyt same program som klasse 2 og junior. V65 Denne klassen er attende på 100m. Her skyt dei som er eldre enn 65 år. Dei skyt alle skot liggande. Her er det mange skyttarar som skyt svært godt. V73 Denne klassen skyt heilt likt som V65, men skyttarane må vera over 73 år. -9-

Treningstider På ettermiddag og kveldstid er baneanlegget stort sett i bruk året rundt. Vaksne skyttarar kan få nøkkel til baneanlegget og opplæring i bruk, slik at dei kan trena når som helst på dagen. Fastsette treningstider på skytebana Alt innen transport av anleggsmaskiner og spesialtransport Tlf. 90 87 40 30 eller 90 92 63 09 osmaskin@c2i.net Måndag kl 18: Dametrening/vaksne nybyrjarar Tysdag kl 18: Aspirantar og rekruttar Onsdag kl 18: Senior/Veteran trening Torsdag kl 18: Eldre rekrutt og Junior På desse treningane stiller laget med instruktør som hjelper til med spørsmål og instruksjon. - 10 - - 11 -

Skyting året rundt Skytesporten er ein heilårs idrett. Om sommaren skyt vi ute på 100m og 200m. På vinterstid skyt vi innandørs på 15m og 50m(miniatyrskyting). Om våren skyt vi feltskyting utandørs, på ukjende avstandar. Utandørs skyting 100m & 200m Aspirant, rekrutt, eldre rekrutt, junior, V65 & V73 skyt på 100m bana. Normalt skyt dei 25 teljande skot der 250 poeng er maksimal oppnåelig poengsum. På store stemne, slik som Landskytterstevne, vert det arrangert ein finale tilslutt. Finalen består av 10 skot liggande. I finalen deltek dei med best poengsum etter dei første 25 innleiande skota. skytinga plar det vera mange tilskodarar og god stemning. Feltskyting Om våren, frå mars til slutten av april, er det sesong for feltskyting. Denne skytinga føregår mot figurar av ulik form. Dei klassane som normalt skyt på 100m, skyt også her på 100m. Klassane som På 200m skyt Klasse 1-5 samt V55. Dei skyt ulike program som nemnt tidlegare i foldaren. Alle saman skyt her 25 skot teljande som blir innleiande skyting fram mot ein finale. Under finalefinaleskota vert vist på storskjerm framfor publikum. - 12 - - 13 -

normalt skyt på 200m, skyt på mål på ukjent avstand. Dette gjer feltskytinga til ei veldig spanande skyting. Her må skyttaren vera god på avstandsbedømming, god på å korigera for vind og ikkje minst vera god til å skyta. Feltskyting har dei siste åra hatt ein tilbakegang i antall deltagare. Os Skyttarlag håpar dette vil betra seg når vi får bygd ei elektronisk feltbane. Ressursane som trengs for å gjennomføra feltskyting vert også betydleg mindre når elektronikk vert inført. I Hordaland vert det kvart år arrangert ei tevling som heiter Feltkarusellen. Her er det 6 førehands bestemte stemne som tel i konkurransen. Vinnaren vert tildelt den gjeve feltkarusell pokalen. Feltskyting er nok den form for skyting som ligg nærast opp til formålsparagrafen for DFS: Det frivillige Skyttervesens mål er å fremme praktisk skyteferdighet innen det norske folk og derved dyktiggjøre det for landets forsvar. Miniatyrskyting Om vinteren, frå oktober til april, føregår det meste av skyteaktivitetane innandørs. Os Skyttarlag har eigen 15m bane i kjellaren i standplassbygget. Her har vi 8 elektroniske skiver. Det er miniatyrskytinga som legg grunnlaget for komande utandørssesong, og gjerne årets hovudmål, Landskyttarstemna. Dei seinare år har minityrskyting verte veldig populært i Noreg. Det er mange store stemner og cupar som blir arrangert i denne perioden. Mykje trening på miniatyrbana resulterer som oftast i gode resultat på 100m og 200m skytinga. Ulike figurar som vert brukt som blink på feltskytinga. - 14 - - 15 -

Jaktskyting Os Skyttarlag arrangerer jegertreningar og oppskyting for storviltprøven. Vi har skyting om måndagane i mai og juni og måndag og torsdag i siste del av august. Vi stiller med instruktørar som kan rettleia og hjelpa deg på ein god måte. Jaktmedlemskap i Os Skyttarlag kostar 250,- pr.år. Som Jaktmedlem får du trening og oppskyting til redusert pris samt tilbod om kjøp av ammunisjon til redusert pris. Eit jaktmedlem kan også kjøpe treningskort og dermed kome på skytebana på vanlige treningsdagar dersom ein ønsker det. Ein treningskyting hjå oss består i følgande: 10 enkle prøveskot mot enten hjortefigur, eller vanleg blink. Deretter 5 skot i serie mot hjortefigur (prøve). Terminliste Jegertrening/oppskyting Bli med i kundeklubben vår og motta eksklusive tilbud, invitasjoner og nyheter - 16 - MEDLEMSKAP Det er helt gratis og uforpliktende å være medlem. Du mottar maks 3 sms per måned. Send kodeord OSREG til 2242 eller skann denne QR-koden AMFI OS - MØTEPLASSEN ÅPENT: MAN-FRE: 10-20 LØR: 10-18 WWW.AMFI.NO/OS Måndag 29. april Måndag 6. mai Måndag 13. mai Måndag 27. mai Måndag 3. juni Torsdag 15. august Måndag 19. august Torsdag 22. august Måndag 26. august Torsdag 29. august trening trening trening trening/oppskyting trening/oppskyting treining/oppskyting trening/oppskyting trening/oppskyting trening/oppskyting trening/oppskyting - 17 -

Landskyttarstemna Landskyttarstemna er årets store hending i DFS. Nær sagt alle aktive skyttarar har dette stemnet som hovudmål i løpet av sesongen. Landskytterstemna vekslar på å verte arrangert i dei ulike landsdelane. Os Skyttarlag har fleire gongar vore arrangør av landskyttarstemna, sist i 2002. Landskyttarstemna er ein stor familiehending, der ofte heile familien deltek, enten som aktive skyttarar eller som heiagjeng for eit familiemedlem. På LS bur dei ulike skyttarlaga i skyttercamp. Då samlast gjerne heile skyttarlaget på same camp og - 18 - er heile LS-veka ilag. Dette er utroleg sosialt og skapar eit heilt spesielt miljø innad i skyttarlaget. Kor mange andre idretter konkurrerar ungdom og pensjonistar innanfor samme sport? Os Skyttarlag har gamle tradisjonar for å stilla ein mannsterk tropp på LS. Som oftast stillar laget med meir enn 30 skyttarar på LS. Når så mange av desse har med familien plar vi ofte å vera 60-70 mann i skyttarcampen. På LS blir det tevla i 100m, 200m og feltskyting. NRK har dei seinare åra hatt ei brei dekning av skytinga. Vinnaren av 200m vert kåra til årets konge eller dronning, avhengig av om ein mann eller kvinne vinn. studio-loops.no LS er etter Norway cup, det nest største idrettsarrangementet i Noreg med årlig deltaking på mellom 5000-6000 skyttarar. MB-Bilkompetanse Service alle bilmerker EU-kontroll, mekanisk og elektronikk Mobergsbakken 2. (ved Esso) 5200 Os. Tlf 56 30 72 55 Fax 56 30 61 81-19 -

Vedlikehald av våpen Ingen kan verte ein god skyttar dersom våpenet ikkje treff der du siktar. Det er difor viktig at du tar godt vare på våpenet ditt, og gjev det den naudsynte servicen som eit våpen krev. Først og fremst er det viktig å sørge for at løpet er i god stand. Puss av løp anbefales etter kvar skyting. Ein dreg gjennom løpet med ei olje som fjernar mesteparten av rester etter kula. Deretter pussar ein løpet tørt for olje. Innimellom brukar ein spesialolje som rensar ekstra godt. Sluttstykket er også viktig å pusse. Dette bør demonteras og reingjeras med jamne mellomrom. Utvendig finnes det ulike oljer ein kan smørje det inn med, - 20 - slik at det glir godt i låskassen. Her er det viktig å ikkje bruka for mykje olje. Dersom man får olje mellom løpet og låskassen vil skota gå ein anna plass enn der du siktar. Sist men ikkje minst er det viktig å behandla sjølve stokken. Ein olja stokk må oljast på ny med jamne mellomrom. Dersom dette ikkje vert gjort kan stokken i værste fall sprekka. Sikkerhetsreglar på skytebanen 1 Gå ut frå at eitkvart våpen kan vera ladd. Behandle det difor alltid som om det er ladd. 2 Ta eller overta aldri eit våpen uten først å forsikra deg om det er ladd. Kontroller med løpet i ein farefri retning utan å komme i nærleiken av avtrekkaren. Ikke rør andres våpen utan tillatelse. 3 Våpen skal aldri rettes mot mennesker. Ladd våpen skal bare peikast mot det mål det skal skytast mot. 4 Bær gæveret med munningen opp og utan magasin. 5 Sett aldri frå deg eit ladd våpen. Grip aldri rundt våpenet med fingrane gjennom avtrekkarbøylen. 6 Sikte og avtrekksøvinger skal kun føregå når sikkerhetsmerke er nede. Prøving av patroner bak standplass er strength forbudt. 7 Du skal alltid retta deg etter anvisninger frå standplassleder. Forhold deg rolig på standplass. 8 Lading ska kun skje på kommando frå standplassleder. Ingen skyting før kommando: ILD! 9 Ingen skyting sålenge sikkerhetsmerke er oppe. Kjem merket opp under skyting, skal all skyting stanse umiddelbart, våpen tømmes og leggast ned på standplass. 10 Før du forlater standplass skal alle magasiner være tømt. - 21 -

350 - klubben 350 klubben er ein klubb for dei som har klart å skyta 350 poeng (fullt hus) på eit av dei større stemna som vert arrangert i løpet av året. Som medlem i 350 klubben får du eit lite metallmerke som du festar på kolben til geværet. Å bli medlem i 350 klubben er ein særs stor prestasjon. Os Skyttarlag har fleire medlemmar som har klart denne bragda: Kay Erik Skaar 18/2008 Cathrine Daviknes 1/5 2009 Joachim Nerhus Midtun 22/8-2010 Lisa Mine Gunhan 4/5 2011 Kristian Lekven 17/8 2003 Jan Sverre Nesbø Skyttarhuset Vi har eit klubbhus som vi er særs stolte av. I 2006 renoverte vi heile skyttarhuset. Vi har fått eit topp moderne kjøken, ein stor flott festsal og ein koselig kaffekrok. Skyttarhuset vert brukt når vi arrangerer stemner. Skyttarhuset er tilgjengeleg for utleige når skyttarlaget sjølv ikkje treng huset. Huset passar til arrangement slik som dåp, konfirmasjon, bryllaup og andre festligheiter. Det er dekketøy til nærare 100 gjestar. Det kan vera lurt å tinga huset i god tid. Konfirmasjonsperiodar, julebord osv blir fort tinga. - 22 - Bilete av kjøkkenet, peisstova, utemiljø m.m. finn du på: www.ossktlag.no/skyttarhuset.htm Der finn du og leigeprisar for ymse sortar arrangement. Ønsker du å leige skyttarhuset, ta kontakt med vår husforvaltar, Kjellaug Eide, tlf: 951 15 172. - 23 -

Utleige av baneanlegget www.varmepumpe.no Det er mogeleg å leige heile skytesenteret skyttarhus og baneanlegg for til dømes firma arrangement. Enkeltbaner eller heile baneanlegget kan leigas for skytearrangement. Mellom annan Forsvaret er ein nøgd leigetakar av anlegget. For leige av baneanlegget, send e-post til Os Skyttarlag ossktlag@ossktlag.no eller kontakt leiar eller nestleiar i skyttarlaget. - 24 - HOVLAND TRANSPORT Tlf 926 08 330 janharho@online.no 5212 Søfteland - 25 -

Terminliste 2013 Skytestemne I sommarhalvåret vert det arrangert skytestemne kvar helg i Hordalandsregionen. Dette er som oftast opne banestemner. Ofte samlast Os skyttarane seg i 2-3 bilar og køyrer av garde på desse stemna. Dei som er mest ivrig kan skyta 30-40 stemne i løpet av sommaren. Andre likar å finpussa formen for så å delta på dei store stemna som vert arrangert i løpet av sommaren. Desse stemna er: Landsdelsstemne (vestlandstemne): Denne stemna omfattar skyttarar frå Hordaland, Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal. Dette er etter LS den største stemna som vert arrangert kvart år. - 26 - Samlagstemne Denne stemna omfattar skyttarar i heile Bergensregionen. Ei svært populær stemne for mange skyttarar. Krinsstemne Denne stemna omfattar skyttarar tilknytt lag rundt Bjørnefjorddistriktet (Tysse, Fusa, Sævereid, Hålandsdalen og Os). Eit lite og kompakt stemne med mykje kjende skyttarvener. Treningsdagar Måndagar Dametrening og Nybegynnarar Tirsdagar Aspirantar og rekruttar Onsdagar Vaksne Skyting om Miniatyrpokalane Torsdagar Eldre rekruttar og Juniorar Skyting om Talentpokalen Søndag 10/3 Osfelten Laurdag 23/3 Dugnad utsetjing av skiver Søndag 24/3 Pakkeskyting 25/3-31/3 Påskeferie Onsdag 3/4 Torsdag 4/4 Onsdag 10/4 Taules krus Søndag 14/4 Hordastevnet felt Søndag 21 Samlagstevnet felt Onsdag 15/5 Kvartmatchpokalen Onsdag 29/5 Elektronikkpokalen Torsdag 30/5 100 M pokalen Onsdag 5/6 Kruttrøykpokalen 8/6-9/6 Hordastevnet bane Torsdag 20/6 Nesbøes trofe 29/6-30/6 Osstevnet 2013 6/7-7/7 Vestlandsstemne Onsdag 14/8 Returpokalen Laurdag 17/8 Krinsstevnet bane Søndag 18/ Skytingens dag Onsdag 21/8 Samlagskrusene 21/8 Samlagskrusene 24/8-25/8 Samlagstevnet Banen utleid Banen utleid Nostalgipokalen vår - 27 -

Skyttarfamilien Det er svært vanleg at det i skyttarlag finns skyttarfamiliar. I Os Skyttarlag finns fleire. Den antakeleg største er Gorm-Hansen familien. Oppteljing syner at det er omtrent 10 familiemedlemmar over tre generasjonar som er aktive skyttarar. Odd Gorm-Hansen fortel at det var far hans Theodor, som fekk han og søstera Britt med seg på skytebana. Han sykla til bana på Ulven og borna sat bakpå. Etter meir enn 50 år som aktiv skyttar og over 40 Landskyttarstemner veit Odd meir om skyte- sporten enn dei fleste. Han veit også mykje om kva sporten har betydd for familien. Det er ikkje heilt billig å være aktiv skyttar, men ein får mykje att, ikkje minst samhalde i familien. Dei reiser på trening og stemner saman, dei har felles hobby som gjer at dei aldrig manglar samtaleemne og dei har det kjekt. Det er ikkje mange idrottar der bestefar og barnebarn kan tevle mot kvarandre. Det hender at ein i periodar ikkje er aktiv skyttar. Det kan være utdanning, familieetablering og liknande som gjer at skyting vert nedprioritert. Men likevel er eit familiemedlem som er i den situasjonen framleis med i skyttarmiljøet. I Gorm-Hansen familien er det fleire som har vore ut av aktiv skyting, men lett kome attende seinare. Odd legg til at det ikkje berre er i familien det er godt skyttarmiljø, det er det også i Os Skyttarlag. For Gorm-Hansen familien ser det ut som om skytetalenta er arveleg. I alle fall er alle dugande skyttarar. - 28 - - 29 -

Skyttarrekrutten Julie Dorthea Eikeland er 13 år. Ho begynte å skyta for knapt eit år sidan. Eigentleg ville ho begynna å rida, men mora meinte ho kunne prøva skytesporten. Ho logga seg inn på Os Skyttarlag si heimeside, fann adressa og avtala frammøte på skytebana. Julie kjende ingen frå før og hadde heller aldrig vore på ei skytebane. Temmeleg fort fann Julie ut at dette ville ho. Ho følte seg inkludert i laget og fekk raskt nye vener. Og jammen trefte ho blinken også. Da var det gjort. Her er vi! Køyr mot Ulvenleir, fortsett mot Lysekloster. 300m etter porten til Ulvenleir tar du av til venstre og opp bakken. Følg veien heilt til endes og da er du på Os skytearena. For meir informasjon om skyttarlaget, besøk vår heimeside www.ossktlag.no Du kan også følge oss på Facebook Os skytearena Nå er ho på skytebana ein gang i veka og trena, og deltek på stemner enkelte helger. - 30 - - 31 -

- 32 - Grafisk design: