Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2014. Forside: Rimfrost ved Opsangersvatnet (foto: Atle Helland)



Like dokumenter
Årsrapport for Kvinnherad Energi AS 2011

Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2012

Varamedlemer møter berre dersom dei vert særskild innkalla. Saksdokumenta vert likevel utsendt til dei første av varamedlemene.

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2014

DAGLEG LEIAR HAR ORDET... 3 Kvar finn du oss?... 4 Kven er vi? Fakta om oss:... 4 STYRET SI ÅRSMELDING FOR

Utgreiing om framtidig strategival for nettverksemda

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

Presentasjon av SFE-konsernet. Fylkestinget,

Fjelberg Kraftlag SA

Etablering og drift av kraftselskap

HORDALANDD. Utarbeidd av

Fjelberg Kraftlag SA

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

SOGN OG FJORDANE ENERGI

Årsmelding Suldal Elverk KF

ORIENTERING TIL FYLKESTINGET

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

VEDTEKT av februar 2007

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 2015

59,1 DRIFTSRESULTAT (99,6) 28,1 RESULTAT FØR SKATT TERTIALRAPPORT KRAFTPRODUKSJON GWh (312,9) 394,5 OMSETNING (528,5) 531,0

Årsmelding frå styret ordinære driftsår---

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Okken kraft Lærdal KF

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

2017 Kvartalsrapport 1.kvartal

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS (KAA)

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Lønsam satsing på WiFi Eye Networks fagdagar april

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

RETTFERDIG NETTLEIGEORDNING

Lønnsundersøkinga for 2014

SKAGERAK ENERGI HALVÅRSRAPPORT

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Beretning fra Styret knyttet til foreløpig regnskap 2013 for TAFJORD konsernet

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Dette er Austevoll Kraftlag

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Framside: Flaumelv, Rosendal (foto: Atle Helland)

40,0 DRIFTSRESULTAT (70,3) 24,4 RESULTAT FØR SKATT , ,0-15,6 TERTIALRAPPORT KRAFTPRODUKSJON GWh (198) OMSETNING (309,2)

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

RISIKOSTRATEGI. Styret og PFU på veg inn i Kvilldal kraftverk, august 2015

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Årsmelding og rekneskap 2013 Driftsåret driftsår

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Eigarmelding. Balestrand kommune

Vestlandet ein stor matprodusent

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Andøy Energi AS ÅRSBERETNING

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Fylkeskommunen og inntektssystemet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

"Din lokale energileverandør!"

Andøy Energi AS ÅRSBERETNING

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

76 DRIFTSRESULTAT (115) 71 RESULTAT FØR SKATT ,9 TERTIALRAPPORT KRAFTPRODUKSJON GWh (450) OMSETNING (556) TOTALKAPITAL (2 284)

ÅRSRAPPORT 2017 KVINNHERAD ENERGI AS

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Rapport 1/2008 Samnanger kommune. Finansplasseringar

INFORMASJON. Kraftfull og nyskapande - frå fjordfylket. Kundeinformasjon. frå SFE Nett AS. Nettleigesatsar gjeldande frå

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Transkript:

Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2014 Forside: Rimfrost ved Opsangersvatnet (foto: Atle Helland)

2015 Forside: Rimfrost ved Opsangersvatnet (foto: Atle Helland)

Innhald TANKAR FRÅ DAGLEG LEIAR:... 4 Kvar finn du oss?... 5 Kven er vi?... 5 Korleis er vi:... 5 STYRET SI ÅRSMELDING FOR 2014... 6 OM SELSKAPET... 6 Eigarforhold... 6 Føremål... 6 KJERNEVERKSEMD... 6 Kraftproduksjon... 6 Kraftdistribusjon og nettverksemd... 6 Kraftomsetning... 6 DLE Det Lokale Elektrisitetstilsyn... 7 Måling / AMS / Jordfeil... 7 Investeringar... 7 Lokal småkraftproduksjon... 7 BREIBAND... 8 ARBEIDSMILJØ... 8 Tilsette og HMS... 8 Forskings- og utviklingsaktivitetar... 9 RISIKO... 9 FORTSATT DRIFT... 9 Resultat og finansielle tilhøve for selskapet Kvinnherad Energi.... 10 Resultat for Kvinnherad Energi som konsern.... 10 Likviditet... 11 ÅRSREKNESKAP 2014... 13 NOTAR TIL ÅRSREKNESKAP 2014... 17 REVISORS MELDING... 26 Årsrapport for 2014 Side 3 av 28

TANKAR FRÅ DAGLEG LEIAR: Kvinnherad Energi AS har ein visjon: «Eit kraftsenter for kunden og samfunnet». Den er ei inspirasjonskjelde for våre tilsette og ligg i botnen for all vår verksemd. Høg kompetanse og stor endringsvilje blant våre tilsette har ført oss fram til der vi står i dag samstundes som vi er klar til å ta i mot framtida med høg spenning! Tilsette er vår viktigaste ressurs for å nå våre mål. Vi har topp motiverte tilsette som får utvikla seg i sitt daglege arbeid. Vi opplever stadig endringar i rammevilkåra for nett og kraft. Det vil vera avgjerande å ha sterk fokus på effektiv utbygging og drift av eit moderne distribusjonsnett. Dei politiske signala legg opp til færre nettleverandørar og strukturendringar både innanfor nett og kraft. Desse signala må vi ta på alvor, gjennom å vera ein aktiv og positiv pådrivar, til beste for våre kundar, eigar og tilsette. Kvinnherad Energi AS har lojale og gode kraftkundar, og har 90% av marknaden i vårt nettområde. Vi har som mål å tilby konkurransedyktige kraftprisar, men med stadig sterkare konkurranse og endringar i den nordiske kraftmarknaden, må vi jobba hardt og målretta for å oppretthalda vår posisjon. I 2013 opna vi eit utekontor på Husnes, i lag med Kvinnherad Breiband. Vi ynskjer å møta våre kundar i heile kommunen og får gode tilbakemeldingar på tiltaket. Satsinga vi har gjort på fiberutbygging er særs viktig for både næringsliv og private. Breibandstilbodet i Kvinnherad ligg på Noregstoppen i bandbreidde og dekningsgrad! Godt samarbeid og dialog med naboverk er viktig for å nå dei målsetningane som vi er på god veg mot. Innan 1.januar 2019 skal alle våre 7.000 nettkundar få installert nye målarar for automatisk avlesing time for time. Dette vil gje nye utfordringar og moglegheiter for oss og våre kundar. AMS prosjektet, såkalla Smart Strøm, er noko vi jobbar aktivt med i dag for å stetta dei krava som NVE har satt til bransjen. Ny teknologi er alltid spanande. Eg har tru på at våre kundar kjem til å ta i bruk mykje av denne teknologien i tida som kjem, til dømes ulike Smarthus løysingar. Til slutt: Ein stor takk går til lojale kundar, tilsette, styret, eigar og våre samarbeidspartnarar for særs godt samarbeid og engasjement. Vi løftar blikket i fellesskap og ser framover i eit «Kraftsenter for kunden og samfunnet» Hans Martin Hjelmeland Årsrapport for 2014 Side 4 av 28

Kvar finn du oss? Kvinnherad kommune ligg i Hordaland på vestsida av Folgefonna, på grensa mellom Sunnhordland og Hardanger. Kven er vi? Kvinnherad Energi AS vart skipa i februar 1993. Selskapet er ei vidareføring av Kvinnherad Kraftverk som vart etablert i 1919. Kvinnherad kommune eig alle aksjane i selskapet. Kvinnherad Energi skal vera eit framtidsretta energiselskap med ein tydeleg lokal profil og forankring. Vårt mål er å bidra til verdiskaping for vår eigar og våre kundar. Vår kjerneverksemd er produksjon av fornybar energi, kraftdistribusjon og kraftomsetning. I tillegg til Kvinnherad kommune har vi distribusjon av kraft til deler av Kvam og Jondal kommunar. Korleis er vi: Fakta pr. 31.12.2014: Lågspent distribusjonsnett: Høgspent distribusjonsnett: Nettstasjonar > 1kV: 590 km 334 km 404 stk. Nettkundar: 7.092 Overført energimengd til sluttbrukarar 2014: Eigen energiproduksjon 2014: Omsetning: Årsoverskot etter skatt: Totalkapital: 141 GWh 25,6 GWh 121,5 mill.kr 11,6 mill. kr 255,3 mill.kr Eigenkapitaldel: 37,3% Tal på tilsette: 30 (Foto: Atle Helland) Årsrapport for 2014 Side 5 av 28

STYRET SI ÅRSMELDING FOR 2014 OM SELSKAPET Eigarforhold Kvinnherad Energi AS vart etablert i februar 1993 og er ei vidareføring av den kommunale verksemda Kvinnherad Kraftverk som vart etablert i 1919. Kvinnherad kommune eig alle aksjane i selskapet. Hovudadministrasjonen ligg i Dimmelsvik. Forsyningsområdet for nettverksemda omfattar Kvinnherad kommune, med unnatak av Valen, Halsnøy og Fjelbergøyane, men med tillegg av mindre delar av kommunane Kvam og Jondal. Føremål Selskapet sitt hovudføremål er: å eiga og driva kraftproduksjon. å eiga og driva distribusjonsnett for elektrisk kraft. å driva kraftomsetning. KJERNEVERKSEMD Kraftproduksjon Kraftstasjonen i Hattebergdalen er samlokalisert med vassbehandlingsanlegg for Kvinnherad kommune. Forventa gjennomsnitt årsproduksjon er 24 GWh. Årstilsiget 2014 må karakteriserast som eit normalår, noko som gav ein årsproduksjon i Hattebergsdalen på 25,6 GWh. Dette, saman med vellukka pris- og valutasikring og sal av elsertifikat, gav eit svært tilfredsstillande økonomisk resultat frå denne delen av verksemda. Kraftdistribusjon og nettverksemd Transport av kraft til sluttbrukarar i eige konsesjonsområde, inkl. tap i fordelingsnettet, var i 2014 146,7 GWh, ein markert reduksjon frå 157,5 GWh i 2013. Pr. 31.12.2014 har selskapet 7.092 nettkundar, ein auke på 231 frå året før. Nettleigeinntektene for selskapet er eit resultat av ei årleg inntektsramme for nettverksemda, fastsett av NVE. For 2014 vart denne inntektsramma sett til 40,7 mill. kr. Avkastninga frå nettverksemda er avhengig av kostnadsnivået vårt. Monopolreguleringa gjev incentiv til effektiv drift slik at kostnadsreduksjon og effektivisering gjev auka avkastning. Kraftomsetning Kvinnherad Energi AS leverte i 2014 til saman 139,8 GWh kraft til sluttbrukarar, ein nedgang på 8 % i høve til 2013. Dette fordeler seg med 103,8 GWh innanfor eige nettområde, og 36 GWh til kundar elles i Sør-Norge, då i hovudsak til kundar i Hordaland. Hovudtyngda av sluttbrukarsalet skjer til marknadspris Årsrapport for 2014 Side 6 av 28

(spotpris med påslag) og gjennom forvaltningsproduktet Energi Forvaltning+. Selskapet driv tradingaktivitet på kraftbørsen Nasdaq OMX innanfor vedtekne risikorammer. DLE Det Lokale Elektrisitetstilsyn Selskapet har ansvar for det lokale elektrisitetstilsynet (DLE) i vårt nettområde. Retningslinjer for tilsynsarbeidet er gitt av Direktoratet for samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB), og årleg tilsynsplan vert utarbeidd og godkjent av DSB. I 2014 er det utført tilsyn slik: Det er gjennomført 12 samordna revisjonar der Kvinnherad brannvern og DLE Kvinnherad Energi utførte samtidig tilsyn. Det er utført til saman 84 revisjonar/verifikasjonar av større elektriske anlegg. Vi har hatt revisjon hjå 3 elektro installatørar og utført periodisk kontroll på 266 bustadhus og 45 hytter/naust. DLE har i 2014, i samarbeid med Kvinnherad Brannvern, gitt informasjon om elsikkerheit til ulike grupper: VG1 og VG2 Elektro klasse ved Kvinnherad vidaregåande skule og 6. klasse. DLE deltok også aktivt ved: aksjon "open brannstasjon" på Husnes. Røykvarslarens dag, 1. desember, på Husnes storsenter. DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) sin årlege revisjon av DLE resulterte i 1 avvik. Avviket er handsama og registrert avslutta. Årsrapport for 2014 er sendt inn og godkjend av DSB. Etter gjennomført anbodsprosess, er BKK Elsikkehet valt som leverandør av utførande DLE tenester ved Kvinnherad Energi for 2015. Det er handsama 231 meldingar om installasjonsarbeid. Måling / AMS / Jordfeil Det er i 2014 montert/skifta ut 120 målarar. Det er framleis gitt fritak for utskifting av målarar på grunnlag av statistisk målarkontroll, dette på grunn av overgang til nye AMS-målarar. Utbygging av AMS skjer i eit fellesprosjekt gjennom selskapet SORIA AS. Det er i 2014 handsama 32 saker knytt til jordfeil på elektriske anlegg. Investeringar I 2014 vart det investert 12,3 mill. kr. av eigne midlar. I tillegg vart 1,2 mill. investert ved anleggstilskot frå nettkundar. Investeringar med eigen midlar: (tal i 1000 kr) Nye høgspentanlegg 4623 Ombygging av høgspentanlegg 250 Nye nettstasjonar 531 Ombygging av nettstasjonar 3496 Nye lågspentanlegg 287 Ombygging av lågspentanlegg 944 Tilknyting av nettkundar (bustadhus, hytter m.m) 894 IT og teknisk utstyr 154 Bygningar 477 Transportmidlar 686 12342 Lokal småkraftproduksjon Innmating av lokal produksjon til distribusjonsnettet er tilnærma uendra siste år, 161,4 GWh i 2014 mot 160,6 GWh i 2013. Dette kjem frå 32 småkraftanlegg. 1 nytt anlegg vart sett i produksjon i 2014. Ved Årsrapport for 2014 Side 7 av 28

utgangen av 2014 var det ingen nye anlegg under bygging. Hattebergsdalen Kraftverk hadde ein årsproduksjon på 25,5 GWh mot 25,9 GWh i 2013. Produksjonen i Hattebergdalen Kraftstasjon er godkjend for tildeling av elsertifikat, også kalla grøne sertifikat, for eit produksjonsvolum på 65% av årleg produksjon. Elsertifikatprisen har i 2014 svinga mellom kr 180,7 og kr 158,6 snittprisen for 2014 vart kr 164,4 mot kr 174,8 i 2013. Kraftstasjonen er òg tildelt sertifikat frå LECS-ordninga i Storbritannia, dette utgjorde ei inntekt på kr 431.000 for 2014. BREIBAND Kvinnherad Breiband AS vart stifta i 2003. Eigarar er Kvinnherad Energi AS med 80% og Fjelberg Kraftlag SA med 20%. Selskapet sitt føremål er å levera breibandstenester til offentlege verksemder, bedrifter og private i Kvinnherad kommune. Det er no bygd eit redundant fibernett gjennom heile kommunen. Ein har også bygd ut nettet med xdsl i Telenor sine telesentralar for å kunna levera ADSL på Telenor sitt nett, men denne teknologien er vi i ferd med å avvikla. Pr 31.12.2014 hadde Kvinnherad Breiband 3331 kundetilknytingar på fiber og ADSL, og selskapet har dermed ein marknadsdel på vel 69% (ca. 2% høgare enn i 2013). Hushald og verksemder i Kvinnherad kommune har gjennom nettutbygginga til Kvinnherad Breiband fått eit av dei beste breibandstilboda i heile Noreg. Kvinnherad Breiband kan tilby ADSL eller fiber til kring 99% av alle hushald og verksemder i kommunen. Ca 98% kan no få fibertilknyting. ARBEIDSMILJØ Tilsette og HMS Pr. 31.12.2014 har selskapet 30 tilsette, alle i heile stillingar. Kvinnherad Energi har ein svært stabil arbeidsstokk. Dette er viktig når så mykje av aktiviteten krev oversikt over, og lokalkunnskap om eit stort geografisk område med tilhøyrande tekniske anlegg. Tilsette har høg fagleg kompetanse innanfor nettverksemd og kraftomsetning. Verksemda er godkjent lærlingbedrift og har 1 lærling tilsett i nett- og produksjonsavdelinga. Sjukefråværet i morselskapet Kvinnherad Energi AS var i 2014 5,3%. Langtidsfråværet utgjorde 2,3%. Tilsvarande tal for 2013 var 2,6 % og 1,2 %. Kvinnherad Energi er IA-bedrift. Oppfølging av sjukefråvær, redusert bruk av overtid og tiltak for å hindra arbeidsulukker og arbeidsskadar har høg prioritet. Det er ikkje registrert alvorlege arbeidsulukker i 2014 relatert til verksemda i konsernet. Det vart registrert ein arbeidsrelatert skade som medførte 22 dagar fråvær. Rutinemessige vernerundar er utført og vi har gjennomført ekstern revisjon av selskapet sitt HMS-arbeid. Det er halde årlege tryggings- og førstehjelpskurs for driftspersonalet i tillegg til ein del andre lovpålagde kurs. Verksemda forureinar ikkje det ytre miljøet og har ikkje miljøpålegg som ikkje er utført. Årsrapport for 2014 Side 8 av 28

Likestilling Konsernet høyrer til ein bransje som tradisjonelt har vore svært mannsdominert. Innan energimontørfaget finns framleis få kvinnelege arbeidstakarar. Dette er også tilfelle innan IT- og breibandsverksemd. I konsernet var det, ved siste årsskifte, 5 kvinner tilsette i administrasjonen og 1 kvinne tilsett som montør. Selskapet arbeider aktivt for at det ikkje skal vera forskjellsbehandling av tilsette på grunn av kjønn. Forskings- og utviklingsaktivitetar Selskapet har for tida ingen slike aktivitetar, men deltek i fellesfinansierte prosjekt gjennom sitt medlemsskap i Energi Norge AS. RISIKO Nettverksemda utgjer den største delen av selskapet og vert driven i medhald av tildelt områdekonsesjon. Drifta er underlagt monopolkontroll frå NVE og medfører låg risiko. Kraftproduksjonen er utsett for prisrisiko men denne delen av verksemda står berre for om lag 4,5% av samla driftsinntekter. Kraftsal på fastpriskontraktar vert prissikra ved finansielt kjøp. For å avgrensa marknadsrisikoen vert alle langsiktige kraftkontraktar meldt inn for clearing og valutasikra. Selskapet er ikkje eksponert for vesentleg finansiell risiko utover generelle endringar i rentenivå. FORTSATT DRIFT I samsvar med rekneskapslova, 3.3a, stadfester styret at føresetnaden for fortsatt drift er til stades og at dette er lagt til grunn ved utarbeiding av årsrekneskapen. Utfordande driftstilhøve: Islast på Hatlestrand (foto: Olav Eikeland) og flaumskadd mast på Tveitnes Årsrapport for 2014 Side 9 av 28

KOMMENTARAR TIL ÅRSREKNESKAP Resultat og finansielle tilhøve for selskapet Kvinnherad Energi. Rekneskapen for 2014 er gjort opp med følgjande hovudtal (tal for 2013 i parantes) Omsetning: kr 121,5 mill. (kr 134,4 mill.) Driftsresultat kr 17,4 mill. (kr 18,7 mill.) Årsresultat før skatt: kr 15,9 mill. (kr 17,1 mill.) Årsoverskot: kr 11,6mill. (kr 12,0 mill.) Inntektsramma for nettinntektene var for 2014 kr 40,8 mill., ein markert reduksjon frå kr 48,8 mill. i 2013. Korrigert for KILE (kompensasjon for ikkje levert energi ved straumbrot), kostnader til regional- og sentralnett, eigedomsskatt mv., vart ramma for justert tillaten inntekt kr 55,6 mill. Dei faktiske nettinntekter vart kr 61,3 mill., noko som medførte ei meirinntekt for 2014 på kr 5,7 mill. Akkumulert mindreinntekt per 31.12.2014 (inkl. renter) er 2,6 mill. kr. Gjennomsnitt kraftpris har i 2014 vore 22,7 øre/kwh (spotpris ref. Bergen), ein reduksjon frå 29,2 øre/kwh i 2013. Dette, saman med tilnærma uendra nettleige, er hovudårsaka til redusert omsetning. Trading med finansielle kraftkontraktar gav i 2014 eit negativt resultat på kr 0,4 mill. Tilsvarande resultat for 2013 var + kr 0,8 mill. Styret foreslår at overskotet vert disponert som følgjer: Utdeling av ordinært utbyte 2014: kr 9.000.000 Overføring til annan eigenkapital: kr 2.611.348 Sum disponeringar (=årsoverskot): kr 11.611.348 Totalkapitalen i morselskapet er pr. 31.12.2014 kr 255,3 mill. mot kr 261,3 mill. pr. 31.12.2013. Av dette er eigenkapitalen kr 95,3 mill. Dette gjev ei eigenkapitaldel på 37,3 % Resultat for Kvinnherad Energi som konsern. Då Kvinnherad Energi AS (KE) eig meir enn 50 % av aksjane i Kvinnherad Breiband AS, er det krav om å leggja fram konsernrekneskap for selskapa. Denne rekneskapen for 2014 er gjort opp med følgjande hovudtal: (tal for 2013 i parantes) Omsetning: kr 146,3 mill. (kr 159,7 mill.) Driftsresultat: kr 20,8 mill. (kr 24,0 mill.) Resultat før skatt: kr 17,4 mill. (kr 20,9 mill.) Resultat før skatt i Kvinnherad Breiband AS på kr 1,5 mill. gjev tilsvarande høgare resultat i konsernet enn i morselskapet. Årsrapport for 2014 Side 10 av 28

Likviditet Avvik mellom driftsresultat og kontantstraum frå operasjonell drift skuldast bokført mindreinntekt i nettverksemda, resultat av sikring som inngår i driftsresultatet og pensjonskostnadar utan kontanteffekt. Det har ikkje skjedd vesentlege endringar i selskapet sin likviditet i 2014 og likviditetssituasjonen på balansedagen vert vurdert som tilfredsstillande. ------------------- Styret vil takka alle tilsette og deira organisasjonar for innsats og samarbeid i året som gjekk. (Foto: Olav Eikeland) Årsrapport for 2014 Side 11 av 28

Haust ved Botnavatnet (foto: Atle Hellend) Sommarkveld ved Leirvikvatnet (foto: Helge Sunde) Årsrapport for 2014 Side 12 av 28

ÅRSREKNESKAP 2014 Årsrapport for 2014 Side 13 av 28

Årsrapport for 2014 Side 14 av 28

Årsrapport for 2014 Side 15 av 28

Årsrapport for 2014 Side 16 av 28

NOTAR TIL ÅRSREKNESKAP 2014 Årsrapport for 2014 Side 17 av 28

Årsrapport for 2014 Side 18 av 28

Årsrapport for 2014 Side 19 av 28

(Foto: Olav Eikeland) Årsrapport for 2014 Side 20 av 28

Årsrapport for 2014 Side 21 av 28

Årsrapport for 2014 Side 22 av 28

Årsrapport for 2014 Side 23 av 28

Erslandsmarka (foto: Helge Sunde) Årsrapport for 2014 Side 24 av 28

Årsrapport for 2014 Side 25 av 28

REVISORS MELDING Årsrapport for 2014 Side 26 av 28

Årsrapport for 2014 Side 27 av 28

2015