Verneplan Breheimen-Mørkridsdalen. Høyringsuttale: Verneforslag, KU og forvaltningsplan.



Like dokumenter
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte I møte vart søknaden handsama.

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. Eg stadfestar med mi underskrift at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke i møtet.

«Nasjonalparkstyret for Reinheimen sluttar seg til at det blir utarbeidd ein besøksstrategi for Reinheimen der viktige element vil vera knytt til:

Referat frå førebuande møte 21. juni 2006 Breheimen Mørkridsdalen

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Verneverdiar Trugsmål mot verneverdiane

Besøksstrategi Jotunheimen nasjonalpark - og pilotprosjekt om besøksforvaltning knytt til Miljødirektoratet sitt arbeid med merkevarestrategi

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Søknad om bruk av helikopter ved merking av vernegrenser - melding om vedtak

Besøksstrategi for Jotunheimen

Erfaringar frå Jotunheimen v/ styreleiar Mai Bakken

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Christian Hillmann Arkiv: K12 &18 Arkivsaksnr.: 07/2480

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Breheimsenteret i Jostedalen Dato: Tidspunkt : 11:00

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Verneplan Breheimen - referat frå møte i referansegruppa på Fossberg Hotell

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Vågå kommune Fellestenester

Vedtektene skal s0rgje for at nasjonalparkstyret skal kunne oppfylle foremalet med vernet i trad med nasjonale mal og internasjonale forpliktingar.

Styre og forvaltar oppgåver og ansvar. Kompetanseprogram 4.-5.april 2016

Smak av Lom, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Ordførar Bjarne Eiolf Holø

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Delegert vedtak Dispensasjon 2017 Mørkridsdalen landskapsvernområde Transport av materialar til reparasjon av sel på stølen Nobbi Knut Vidar Svanheld

Erfaringar frå eit fjellområde

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Delegert vedtak - Dispensasjon Mørkridsdalen LVO - Transport av materialar til reparasjon av sel på stølen Nobbi - Knut Vidar Svanheld

Møteprotokoll. Breheimen nasjonalparkstyre

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Plassering av kasse for oppbevaring av garn- og fiskeutstyr ved Leirungsvatnet - Roger Haugen

Det må vera lokal kommunal forvaltning og me har forslag til korleis det kan løysast.

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Skei Hotell i Jølster Dato: Tidspunkt : 14:00

Vi viser til e-post av med søknad om dispensasjon for å drive forskring ved Hellstugubreen i Jotunheimen.

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Vågå kommune Fellestenester

Møteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Forskriftene for alle delområda må ta inn formuleringar som gjer det mogeleg å nytta alle lovlege fangstmetodar, som jervebås, også i verneområda.

AU for Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møte , sak 11/13 fatta slik samrøystes vedtak:

Vilkår: Kopi til: Rauma kommune NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN

VILLREINNEMNDA FOR OTTADALEN

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Oppland

Melding om vedtak. Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

AU-Nasjonalparkstyret for Reinheimen lempar på vilkåra i Nasjonalparkstyret for Reinheimen sitt vedtak frå , og gjer følgjande vedtak:

DET KONGELIGE MILJØVERNDEPARTEMENT. Statsråden. Deres ref Vår ref Dato 04 NOV

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Møteprotokoll. Følgjande faste medlem møtte: Navn Funksjon Representerer Ivar Kvalen Norunn Lunde Furnes. Nestleiar Styremedlem.

Kopi til: Fylkesmannen i Oppland Miljødirektoratet Skjåk kommune Administrativ faggruppe NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN

Møteprotokoll. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Otta Bengt Fasteraune, leder Rondane-Dovre nasjonalparkstyre

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har behandla saka i møte og gjort slik vedtak:

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre. Utvalg: Møtested: Avgjerd pr. e-post Dato: Tidspunkt: 12:00

«Lause kulturminner i nasjonalparkane»

Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Plassering av garnkasse for lagring av garn og fiskeutstyr ved Leirungsvatnet - Tor-Arne Bakken

Erfaringar frå arbeidet med forvaltingsplan for Reinheimen

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

4. FORVALTINGSOPPGÅVER OG TILTAK

Melding om behov for representant

Melding om oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun i Kvinnherad

Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato

Villreinløypa. Ellen Marie Sørumgård Syse Grotli

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

«1. Det blir sett slike vilkår:

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Møteprotokoll. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK; LORDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - BRUK AV SNØSKUTER FOR FRAKT AV VED OG SALTSTEIN. Med helsing

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

OTTADALEN VILLREINUTVALG

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Ullensvang herad Sakspapir

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møte , sak 28/2013, gjort slik vedtak:

Møteprotokoll. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK; LORDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - SØKNAD OM BRUK AV SNØSKUTER TIL FRAKT AV. Utskrift av saka følgjer vedlagd.

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Møteprotokoll. Breheimen nasjonalparkstyre

Møteinnkalling. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Utkast til besøksstrategi for Stølsheimen landskapsvernområde, versjon Prosjektplan besøksstrategi. Stølsheimen landskapsvernområde

Møteprotokoll. Arbeidsutval - Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Delegert vedtak Delegasjonssak DS 25/15

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Kopi til: Rauma kommune Vollan 8a 6300 ÅNDALSNES Miljødirektoratet Administrativ faggruppe Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Transkript:

Amerikavegen 41 2350 Nes på Hedmark Fylkesmannen i Oppland Serviceboks 2626 Lillehammer Nes på Hedmark, 27. februar 2009 Verneplan Breheimen-Mørkridsdalen. Høyringsuttale: Verneforslag, KU og forvaltningsplan. Eg viser til høyringsframlegg frå Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane frå desember 2008, og gir med dette mi høyringsuttale. DEL 1. Verneforslag Eg støtter utleggjinga av Breheimen nasjonalpark, med tilhøyrande landskapsvernområde og naturreservat, med dei unntak og tillegg som følgjer nedanfor. I stor grad er det heilskapleg og gode løysingar på avgrensinga av verneområda i forslaget. Det som i størst grad hindrar dei beste, heilskaplege løysingane, er avveigningane som må gjerast mot store tekniske inngrep i form av vassdragsutbyggjingar i Fortundalen og Jostedalen. Gjeldande lovverk og rigide krav til urørtheit er også til hinder for avgrensinga på Strynefjellet og i Breidsæterdalen. Breidsæterdalen, utvidelsesforslag Nasjonalparkriket ville i si tid jobbe for politikkendring for å mogleggjere vegar i nasjonalparkane. I forbindelse med åpning av Rv 51 som Nasjonal turistveg, tok dåverande ordførar i Lom, turistvert Magnar Mundhjell på Raudbergstulen, til orde for at Sognefjellet burde bli med i Jotunheimen nasjonalpark. Dette er ikkje fulgt opp, og i liten grad vore tema, dessverre heller ikkje NOU 2004:28 om naturmanfaldlova. Dette er lite framtidsretta. 1

Primært har ønskt ein utvidelse av Jotunheimen nasjonalpark mellom Rv 51 og Storevatnet/Høyrokampen på strekninga Bøvertun i Lom til Prestesteinvatnet i Luster. Når Breheimen nasjonalpark nå er foreslått grensande ned mot Rv 51, ser eg dette som ei akseptabel løysing, men eg ønskjer ei avgrensing frå som ligg tettast mogleg opp mot Rv 51. Med ei slik avgrensing vil ein utvidelse av Jotunheimen nasjonalpark møte Breheimen nasjonalpark omkring Rv 51, og Breheimen nasjonalpark vil omfatte heile Gamle Sognefjellsvegen gjennom Breidsæterdalen, og ikkje berre delar slik fylkesmennene foreslår. Kraftledningen i Breidsæterdalen på 24 kv ser eg på som akseptabelt inngrep også med dagens praksis. Ei slik avgrensing vil gi vern til eit storslagent natur- og kulturlandskap, og stille forvaltninga betre rusta til å møte utfordringane ved å integrere verneverdiar med vegnær turisme og tilretteleggjingsbehov. Strynefjellet landskapsvernområde, endringsforslag Skjåk kommune ønskjer Strynefjellsvegen, også nasjonal turistveg, inn i Breheimen nasjonalpark. Fylkesmennene kan ikkje imøtekomme dette. Eg støttar Skjåk kommune og foreslår at Strynefjellet landskapsvernområde ikkje opprettast, men innlemmast i nasjonalparken. Eg foreslår at området blir lagt ut som eigen sone i vernereglane som mogleggjer vanleg ferdsel, vedlikehald og tilretteleggjingar i tilknyting til vegen. Eg viser til del 3 under. Røykjeskålsvatnet naturreservat, endringsforslag Verneverdiane i omårdet er blant anna knytt til urskogsnær skog. Brukarinteressene i området er det tatt høgde for i vernereglane for naturreservatet. Eg ser det som unødvendig å opprette ein naturreservat her. Vernekvalitetane høyrer heime i nasjonalparken, og korkje vernebehovet eller brukarinteressene er av ein slik karakter at dei krev naturreservatstatus. Eg foreslår at Røykjeskålsvatnet naturreservat ikkje opprettast, men innlemmast i nasjonalparken. I den grad det er nødvendig, vil området kunne få spesielle vernereglar, jfr del 3 under. Honnsrøve naturreservat, endringsforslag Breheimen nasjonalpark vil grense til Honnsrøve naturreservat. For å sikre heilskapleg forvaltning, og færre forvaltningsorgan, foreslår eg å innlemme naturreservatet i nasjonalparken. Dette vil tilføre nasjonalparken eit verdifullt urskogsområde. Sidan Honnsrøve ikkje har vore del av utgreiingsområdet, og heller ikkje av verneplanen, ser eg det som mest realistisk at dette blir tatt opp med Skjåk kommune og Skjåk Allmenning som omgjeringsak på seinare tidspunkt. Vigdalen landskapsvernområde, grensejustering/endringsforslag Eg foreslår at den del av landskapsvernområde som er del av Luster austre statsallmenning innlemmast som del av nasjonalparken. 2

Drægnismorkji-Yttrismorkji, utvidelsesforslag Nasjonalparkgrensa er trekt ned mot, og grensar til, område som i skrivande stund er under forhandling og frivillig barskogvern. Eg foreslår at, i den grad det er mogleg, nasjonalparken utvidast for å omfatte barskogområdet når ei avtale eventuelt er framforhandla med grunneigarar. DEL 2. Konsekvensutgreiing Eg har ingen merknader til konsekvensutgreiinga og delutgreiingane utover at dei etter mi vurdering er utfyllande og fullstendige. DEL 3. Vernereglar Eg har ingen merknader til vernereglane i seg sjølv, men saknar aktiv bruk av soneinndeling i vernereglane for nasjonalparken, slik det for eksempel er gjort for Blåfjelle-Skjækerfjella og Børgefjell nasjonalparkar, for område med spesielle vernebehov eller brukarinteresser. Grottene i Dumdalen ligg tett opptil Rv 51, og treng spesielt vern og forvaltning ut frå nærleiken, bruk og slitasje. Vernereglane for Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark kan vere ei rettesnor. I vernereglane og forvaltninga av Fulufjällets nationalpark i Sverige er innfallsporten, informasjonssenteret og ein natursti delvis tilrettelagd for barnevogner og funksjonshemma, lagt ut som anlägningsson. Dersom Gamle Sognefjellsvegen i Breidsæterdalen blir med i nasjonalparken, slik eg foreslår, vil svenskanes innpassing av veg, kraftledning og anlegg vere nyttige å sjå på. DEL 4. Forvaltningsplan Som verktøy for forvaltningsmyndigheitene, grunneigarar og rettigheitshavarar, er gode forvaltnings- og skjøtselsplanar uvurdeleg. Dei vil utdjupe og konkretisere vernereglane, og avklåre og vege verneverdiar og omsyn opp mot bruk. Eg vil likevel føye til at vernevedtaket må følgjast opp med midlar og stillingar i forvaltning, oppsyn og skjøtsel. Riksrevisjonen har peikt på at verneverdiane i verneområde blir forringa ved manglande skjøtsel og midlar til skjøtsel. Delvis er dette forårsaka av manglande politiske prioriteringar, delvis har endra eller opphøyrd bruk medført gradar av forringelsar. 3

Eg foreslår at det blir laga ein overordna forvaltningsplan, med underordna forvaltningsplanar for område som for eksempel grotter, tilretteleggjing og informasjonstiltak i vegnære område, og villrein. Utover dette har eg ingen merknader til utkast til forvaltningsplan. DEL 5. Forvaltningsmyndigheit I kronikk i GudbrandsdølenDagningen, datert 19.02.2009, skriv fylkesmann Kristin Hille Valla at Oppland er Norges største nasjonalparkfylke, og forvaltningen av disse områdene er derfor et viktig anliggende for opplandssamfunnet. I same avis 24. februar står det i ein artikkel at Styret i Skjåk Allmenning kan ikkje akseptere ein forvaltningsmodell for Breheimen med statleg overstyring på privat grunn, og der grunneigaren ikkje er medaktør i forvaltninga. Eg deler bygdeallmenniningas syn. Eg har notert meg at det lokalt eksisterar eit ønskje om å endre forvaltningsmodellen for Reinheimen nasjonalpark, som nå er forvalta kommunevist. Dette er eg einig i. Nasjonalparkane treng heilskapleg forvaltning underlagt ein forvaltningsorganisasjon. Eg har også notert meg at Direktoratet for naturforvaltning er kritiske til den lokale forvaltninga av spesielt nasjonalparkane, og derfor som eitt av fleire forslag, vil ta tilbake forvaltninga og leggje ho tilbake til fylkesmennene. Dette er eg sterkt ueinig i. I 1998 og halve 1999 var eg plan- og miljøvernkonsulent i Vågå kommune, og dermed saksbehandlar for Tilsynsutvalet for Jotunheimen nasjonalpark i Vågå. Eg og utvalet verdsette høgt den tette kontakten med dåverande nasjonalparkforvaltar i Statskog, Espen Bø. Eg har også inntrykk at bruksrettshavarar og andre lokalt verdsette den lokale tilhøyrigheita i den daglege forvaltninga, sjølv om forvaltninga låg under fylkesmannen på Lillehammer. Eit bortfall av lokale forvaltningsapparat vil vere eit utåleleg tilbakesteg, og fjerne den vilja til å sjå på og ta i bruk nasjonalparkane som eit positivt aktiva i ein region der storparten av kommunane etterkvart er lagt ut til verneområde. Dovrefjellrådet er framheva, også av Direktoratet for naturforvaltning, som den forvaltningsorganisasjonen som er best fungerande av dei igangsette forsøka med lokal forvaltning av nasjonalparkane. Eg meiner det er klokt å byggje vidare på, og utvide denne modellen også for andre verneområde. Eg vil spesielt trekkje fram forvaltningsmodellen, som også Hille Valla peiker på i sin kronikk, for Loch Lomond & The Trossacs National Park i Scotland. Her har dei eit eige styre som tel 25 medlemmar, dels oppnemde av lokale myndigheiter, 4

dels av nasjonale myndigheiter. Eg meiner at det for Breheimen nasjonalpark bør opprettast eit styre beståande av representantar frå kommunane, grunneigarane, Statskog, fjellstyra, informasjonssentra, fylkesmannennene, Direktoratet for naturforvaltning, og andre. Det kan også opprettast lokale utval kommunane. Tyrestas nationalpark utanfor Stockholm i Sverige er forvalta gjennom ein stiftelse, Tyrestastifelsen, eigd av kommunane og Natutvårdsverket. Dette er ein god modell for implementering av nasjonalparkforvaltninga i Norge vidare, der ein både har lokal forankring ved eit parkhovudkvarter lokalt, lokalt styre, lokalt tilsette, og samtidig ivaretek ønskjet om nasjonal forvaltning. Eg meiner at forvaltninga av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og naturreservat bør forvaltast av ein Stifelsen Breheimen nasjonalpark. Hovudkvarter bør liggje i Skjåk, gjerne samlokalisert med Skjåk Allmenning, slik allmenninga ønskjer, og med avdelingskontor i Luster. Den daglege drift og forvaltninga bør bestå av personell tilsett på heiltid, og bestå av nasjonalparkforvaltar, oppsynskoordinator, forvaltnings- og skjøtselsplanleggjarar/koordinatorar, informasjonsmedarbeidarar/evt også naturguidar og folk med undervisning som oppgåve, samt andre saksbehandlarar og fagfolk med ulik kompetanse. Det er også naturleg å ha sesongtilsette. Slik vil forvaltningsapparatet framstå som, og vere, ein lokal kompetent organisasjon, og samtidig skape arbeidsplassar lokalt. Med helsing 5