Medlemsblad for H ordalands A ktive N olevande S upre 4H A lumnar Årgang 8 Nummer 1 2004
Haustkurs 2003 -Silja Merete Moberg Hus sone, der me hadde infoplakatar, ansiktsmåling og spel. Om bergensarane vart meir opplyste etter dette, er eit spørsmål eg ikkje heilt kan svara på. Men kjekt var det i allfall. I og med at dette arrangementet heiter haustkurs, så var det vel og meininga at me skulle kursast. Me kunne velja å delta anten på å redde ein alumnklubb, eller å koma med nye idear i forhold til DAF-kurs. Eg valgte det fyrstnemnde. Det vart lufta mykje frustrasjon, men samstundes kom det mange gode idear til korleis alumnklubben skal fungera. Eit godt tips, som eg tykkjer det nye styret kan ta med seg, er å legge inn ei bli-kjent helg no heilt i byrjinga av året. Der det nye styret samlar seg for å ha det gøy og verta kjent. Og kanskje kombinera dette med eit styremøte. Kai Egil, Jens Olav(A3) og Åshild Irene som profilerar 4H i Bergen. Som den uerfarne haustkursdeltakaren eg var, fann eg ut at eg var nøydd å delta når me fyrst hadde klart å få haustkurset til Hordaland. Staden var Montana i Bergen og datoen var sett til 5.-7. september. Sidan eg ikkje har kome meg så mykje utanfor Hordaland sine grenser dei siste åra, kjente eg heller ikkje så veldig mange andre alumnar enn dei som er aktive i vårt fylke. Difor var det nok heller ikkje noko triks å koma for seint til velkomstmiddagen på fredagen. Men eg klarte fint å ta igjen det tapte. Seinare på fredagskvelden var det nemlig planlegging av 4Hmarknadsføring i Bergen sentrum. Det var mange kreative påfunn, der natursti, teltoppsetjingskurs og volleyballturnering var blant ideane. Men av naturlege årsaker gjekk ikkje alt dette. Og for dei som hugsar heilt attende til byrjinga av september, så veit dei at det var valkamp på dei tider. Så me endte opp med å ha ei valfri Seinare på kvelden vart det gallamiddag. Me pynta oss fint, og sette borda fint på rekke, var veldig flinke å henta maten sjølv og rydde tilslutt borda fint på plass att etterpå. Til mannen bak disken si store glede! På sundagen var det den store alumniaden, med dei bestikkelige som dommarar. Me delte oss inn i lag, og for oss frå H.A.N.S.A. er det ein ting eg kan sei; det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta. For det gjorde me, faktisk så var me så ivrige på å delta, at me sneik i køen den eine gongen me skulle opptre. Det vart avskjed denne gongen også. Men eg hadde det veldig artig, og eg skal i allfall prøva alt eg kan å koma meg til neste haustkurs. Og eg reknar sjølvsagt med at du også kjem
Han sa... Godt nytt år, godtfolk! Det ville kanskje vært på sin plass med en oppsummering av året som gikk totusenogtre. Jeg vil heller, ja mye heller se litt på hvor jeg er akkurat nå. Og det skal bli en temmelig detaljert beskrivelse. Alle hjerter gleder seg i takt til Foo Fighters... For foran meg, i vinduskarmene foran pulten, peker to høytalere mot meg. Sorte, og sånn passe store til at de akkurat ikke tipper mot meg og ut av sine faste plasser. Akkurat nå spiller de en låt av Foo Fighters som jeg har kopiert av Vegard, bror min. Låtene ligger altså i digital form på harddisken på PC-en jeg nå sitter og skriver på. Lovlig eller ulovlig kopiert? Jeg er temmelig prinsipiell på det punktet, og sliter litt med å stadig vekk bryte dype prinsipper oftere og oftere... Nå ja, rommet jeg sitter på er overfylt. Det er et kombinert kontor, gjesterom, og etter hvert stadig mer brukt som bod (siden den ene boden vi har, er full!). På veggene og i et eget stativ står det mengder av fagbøker og permer sirlig plassert. Oppå bøkene ligger det flere plasser bøker som ikke er plass til på siden av dem, og det er også plassert en del tomme esker i høyden, helt opp til taket på de øverste hyllene (også de oppå bøkene som står der fra før). Hver gang vi har gjester krysser jeg fingrene for at hyllene ikke skal løsne fra gipsveggene igjen (de har gjort det før), og forandre nære venners dype søvn til et heller livaktig mareritt. Stor fare er det ikke, ikke akkurat nå i alle fall. Sengen er nemlig full av ting som ikke har med soving å gjøre. En eske med tomme rammer, fire oppbevaringsposer fra Ikea, fulle av tepper, puter, soveposter o.l., min brors (Vegard) sin eske med skolebøker, en tom skolesekk (også Vegard sin), noen brosjyrer, et bilde av min 25 år yngre halvbror, Sveio-kalenderen 2003, en bok av Jo Nesbø og Ringenes Herre. Det ligger også en lader til et digitalt kamera og noen minnebrikker til samme apparat. Oppi sengen! ukene har han hver dag plassert en stor mengde suggel og fingermerker på det. Litt høyere opp hver gang. Det viktigste er uansett at han alltid smiler like bredt når han gjør det. Langs de fire korte veggene (som gjør at rommet ikke er mange kvadratmeterne), står det gitarer, sammenleggbare oppbevaringsbokser (ikke sammenlagt) med ledninger, flere bøker, tomme CD-cover og fotografier i, et stereoanlegg som er koblet til høytalerne som, som tidligere nevnt, står foran meg, og noen rullbare skuffer som egentlig hører til skrivepulten min, men som det ikke er plass til sammen med bena mine under pulten. Litt romslig skal man da ha det! Oppå den rullbare kommoden ligger det småbilder, saks, papirer, regninger, takkekort for gaver vi fikk da Sander ble født (og som ikke er sendt enda), bokklubbpapirer, telefonkataloger (4 stk) og en telefon. Telefonkatalogene og telefonen står egentlig på en hylle over kommoden, men siden papirbunken under er så høy, kan det faktisk se ut som om de hører sammen... Og her sitter jeg, og er akkurat ferdig med arbeidsdagen min. Håper alle hadde et godt årsmøte. Jeg savnet å være i Rosendal. Om en og en halv time sitter jeg i tannlegestolen og skal trekke en visdomstann. Nå er det tid for middag, litt leking med Sander og psykisk oppladning til tannlegebesøket. Igjen, godt nytt år! Måtte det bringe med seg mye bra for alle. Selv ønsker jeg meg nytt kontor... 5/1/04, Sigbjørn Bak meg står et skap med et stort speil på ene døren. Hver morgen når Anne og Sander (10 mnd. nå) våkner kommer de en tur inn til meg, her jeg sitter og jobber. Da er speilet den store overraskelsen hver gang (for Sander). I dag vinket han til det for første gang, og de siste
Nyttårsslepp med årsmøte i H.A.N.S.A. Rosendal, 3.- 4. januar 2004 Sjølv om vinden til tider var sterk, kom det folk inn på hotellet som perler på ei snor, og då klokka nærma seg halv eitt var dei fleste på plass. Kai Egil venta på ei ferje, men elles var alle komne seg godt fram. Det store spørsmålet var om ein hadde fått badekar på rommet! I år var me diverre så få deltakarar at me ikkje fekk det vanlige møterommet vårt, men rommet var fint det! Årsmøtet vart gjennomført med 19 deltakarar og 13 med stemmerett. Sjølv om ein tidvis lurte på å flytte talarstolen ned til visse personar, gjekk årsmøtet forbausande raskt føre seg. Berre handlingsplan, pengesnakk og ikkje minst det nye styret lagde dei store diskusjonane. Det er ikkje lett å lage eit styre utan nokon å velje i. Etter vel 5 timar med årsmøte, berre avbroten med ein god lunsj, var det på tide å finne finstasen og hoppe i badekaret (for oss som hadde det!). før me sette i gang med polonese med innleigd kokk og alternativ musikk. Kjekt var det i alle fall! Diverre vart me raskt spreidde, slik at alle gjekk rundt og spurde kvar er alle saman? Dette førte til at nokon sette seg å prate, nokon dansa, nokon gjekk på rommet, medan andre berre forsvann for ei stund..? Etterkvart vart delen lokale heltar større og større, både i alderen alt-for-liten-forbaren, til alt-for-gamal-til-å-klå-på-jentene. Dette vart kjekke innslag, men gjorde at H.A.N.S.A. ikkje fekk samlast alle saman. Etterkvart som dei lokale gjekk heim, og andre leigde seg rom, senka roen seg og berre den harde kjerne sat att. Sjølv om det gjerne vart litt seint for enkelte, var me urovekkande vakne og opplagde til frukost klokka ti sundag morgon. Etterkvart som det skulle passa med bussar, ferjer og foreldre reiste me heim etter ei kjekk helg med gode vener. Brita, Svein, Camilla, Arne, Hilde og Geir Dei fleste var ute i god tid og fekk prata litt før servitørane kom med velkomstdrinken, som viste seg å vere mozell i fine glas Me fekk tid til eit kort gruppebilde med kring 15 kamera før det var på tide å finne bordkortet sitt og setje seg til bords. Menyen i år var gravlaks med sennepssaus til førerett, noko som ikkje alle tykte va like godt. Humøret vart straks betre då hovudretten, kalvesteik med fløytegratinerte poteter og raudvinssaus, kom på bordet. Dette var særs godt. I år vart herrenes- og damenes tale gjennomført i to songar, slik at resten av lokalet lurte på om me var eit kor. Ikkje dårleg! Til dessert fekk me god eplekake med vaniljesaus,
DAF kurs på Stord 2004. Fredag 16.01.04. 16. januar møtte 85 4H medlemmer opp på DAF kurs på Rommetveit skule på Stord. Då deltakarane kom fekk dei kveldsmat, og menyen bestod av pølse og potetstappe. Etter maten gjekk alle til dei kursa dei skulle på. Då skulle alle verta kjend med kvarandre, leika litt vert kjend leikar som til dømes avisleiken, og kanskje byrja så smått med litt teori! Etter ein time med kurs vart det fri. Det var duka for kiosk sal og litt diskotek i gymsalen. Rosignalet kom klokka 24.00 og då måtte alle prøva å vera stille. Men du kan spørja kven som helst, det vart ikkje stille før langt på natt. Dei fleste klaga over var at det var kaldt, så som du sikkert skjønar var det ikkje mange som fekk sova av den grunn Laurdag 17.01.04. Det var allereie laurdag morgon. Alumnane var i full sving med å vekkja dei nattegale deltakarane, som vakna opp til ein iskald gymsal. Etter å ha dradd seg opp or den varme og gode soveposen, kledde alle godt på seg og gjekk så og fann seg litt frukost. Ein time seinare, etter dagsinformasjon, byrja kursøkt 2. Då gjekk alle til kvar sine kurs og lærde vidare om sine styreverv. Etter lunsj gjekk alle saman ut for å lufta hovuda sine litt. Turen gjekk til skogs og der hadde aspirantleiarane laga til ein aktivitet for trøtte kursdeltakarar. Då me hadde trimma hjernecellene litt og vorte raude i kinna, bar det rett inn i varmen att, samt rett inn til meir kurs. Denne økta vara i heile fem timar! Etter fem lange og lærerike timar, gjekk samtlige bort i gymsalen. Der vart me møtte av ein herleg middagsduft. Då middagen var servert, magane gode og mette, stod underhaldning for tur. Alle kursa hadde eit bidrag, samt nokre av 4H klubbane. Beste underhaldning skulle kårast av Hans og Bjørn Ove, som var kveldens dommarar. All underhaldning var svært bra. Me leika mange leikar, mellom anna Blitz og Politi. Kan du tenkja deg neste 80 stykk i ei klynga på golvet? Det var alumnane som fekk i oppgåve å løyse alle frå kvarandre denne gongen, men det gjekk etter ei stund! Seinare vart det musikk, spel og leik. Nokre våga seg til og med ut i ein swingom på golvet, mellom alle borda og folka! Kvelden fortsette og dermed natta. Men som me sikkert alle veit, så hindrar ikkje nattemørket tøffe og aktive 4H arar!!! Sundag 18.01.04. Tidleg sundag morgon hadde dei store 4H arane atter ein gong funne ein kreativ måte å vekka oss på. Årets metode var å la oss sova trygt og godt, før me brått sjokkvakna til ei blanding av rock og live musikk. Fullt volum! Nokon var tregare enn andre, som alltid, men alle kom seg opp til slutt. Då alle var sånn halvvegs vakne, byrja dei fleste å pakka saman tinga sine. Det vart eit voldsomt kaos der alle sprang rundt som hovudlause høns og leitte etter tinga sine! Hittegodset går no travle dagar i møte Så stod frukosten for tur. Den bestod av den gode, gamle, tørre skjeva med kvitost på. Under frukosten fekk me som vanleg den naudsynte dagsinformasjonen, i dag om avgangstider for dei forskjellige klubbane. Me fekk òg vite at kasserarane stakk av med prisen for beste underhaldning. Truleg på grunn av smisking med dommarane??? Så var det tid for siste kursøkt. Då fekk me skrivarar PRØVE! Og lat oss minna dykk på at dette var på ein sundag Noko me skrivarar ser på som ein heilagdag Planen no er å få med seg alle baggar og soveposar heim, og elles ha ein tur med buss eller bil. Om ikkje det slår til, så hadde me i alle fall ei fiiin og kjekk helg! (Til tross for prøven ) Referat skrive av alle skrivarane på skrivarkurset: Marita, Solfrid G., Amalie, Anna, Christine, Solfrid B. S., Randi, Guro, Malin, Kristin, Jenny og Grete.
ÅRSMØTESEMINAR PÅ ALVERSUND = STILLING LEDIG H.A.N.S.A. har ledig helge-oppdrag for blide, glade og sosiale 4H alumnar. Arbeidet vert enklare og arbeidstida kortare etter fleire me er. Og lønna er god mat, hus for overnatting i sovepose og masse moro. Med andre ord helga 19. 21. mars skal me arrangera årsmøteseminar att, denne gongen på Alversund i Lindås I denne anledning håpar me at de vil setja av denne helga og hjelpa H.A.N.S.A. med å laga eit fantastisk årsmøteseminar slik at det vert eit produktivt og konstruktivt årsmøte for Hordaland 4H. Kan dette frista deg så ber me om at du gir beskjed til Arnfinn Horneland innan 29.02.2004 enten på e- post a-horn@online.no eller på tlf 975 78 707. TILBUD DU IKKJE KAN STÅ I MOT! HansAvisa i fargar, same dag den vert sendt til trykking rett i din eigen e-postkasse! Bedre tilbud får du ikkje i år. Og samtidig hjelper du H.A.N.S.A. med økonomien fordi porto vert dyrare. Vil du gjera det beste både for H.A.N.S.A. og deg, meld frå om at di papirutgåve av HansAvisa kan erstattast av ei elektronisk utgåve. Frist: 08.03.2004 Til: hansa@hordaland4h.com HAR DU PRØVD www.hordaland4h.com/hansa I DET SISTE? H.A.N.S.A. sine sider ligg no på nettet i ny og oppgradert utgåve. Føl nøye med bilete og nyhende vert lagt ut kontinuerleg! MELDING FRÅ STYRET Styret har enno ikkje motteke rekneskapen og revisormelding for 2003, årsmøteprotokollen og handlingsplanen. Styret har hatt kontakt med dei ansvarlege og kan stadfeste at arbeidet er i gang. Desse dokumenta vil verte sende ut i lag med neste utsending av HansAvisa.
Budsjett 2004 Førebels Budsjett 2005 Antall medlemmer 50 Antall medlemmer 60 Inntekter Utgifter Inntekter Utgifter Medlemskontingent 13000 8000 Medlemskontingent 15600 9600 Årsmøteseminar 10000 2000 Årsmøteseminar 5000 4000 Miljøtorg 18000 12000 Miljøtorg 18000 12000 Nyttårshelg 2750 Nyttårshelg 3500 Renter 600 Renter 500 Reiseutgifter 7500 Reiseutgifter 4500 Administrasjon 7500 8000 Administrasjon 4500 Støtte til kurs 1000 Støtte til kurs 1500 PR-materiell 5000 1000 PR-materiell 1000 plakettfest plakettfest Samling haust 10000 9000 Samling haust 10000 9000 Gåver 500 Gåver 300 Gebyr 200 Gebyr 200 Investering 0 Investering 1000 Rekrutering 1300 Rekrutering 2000 materiell materiell frifond 2000 frifond 2000 Sum 66100 53250 Sum 52100 52100 Over/underskot 12850* Over/underskot 0 *) Overskotet kjem frå uteståande fordringar frå 2003. Reelt balanserer rekneskapen utan over-/underskot.
Styret 2004 Epost til heile styret: hansa@hordaland4h.com Leiar Åshild Irene Lie Postboks 691 1432 Ås Telefon: 957 59 034 Epost: ashild.lie@student.nlh.no Nestleiar Arnfinn Horneland 5554 Valevåg Telefon: 975 78 707 Epost: a-horn@online.no Kasserar Bjørn Ove Johnsen Lerums vei 58 5178 Loddefjord Telefon: 915 83 959 Epost: bjorn.johnsen@student.uib.no Styremedlem Bente Moberg Hus Marenhus 5780 Kinsarvik Telefon: 909 58 996 Epost: bemohu@online.no Skrivar Cecilie Miljeteig Nygårdsgaten 47 5008 Bergen Telefon: 917 23 413 Epost: ceciliemiljeteig@hotmail.com 1. Varamedlem Halgeir Hjeltnes 5730 Ulvik Telefon: Epost: oddblun@hotmail.com 2. Varamedlem Linn Helen G.K. Lothe Hordagt. 22 5056 Bergen Telefon: 906 13 498 Epost: lillelen_klothe@msn.com