OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Rådhuset, møtesalen Skorpo Møtedato: 31.01.2006 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 21/06 06/158 BRUK AV MIDLAR TIL KULTURLANDSKAP OG SKOGBRUK - 130 MELDINGSAK 22/06 03/993 AUKA KOSTNADER VEDR. REHAB./OMBYGG.UTLEIGEBUSTADER HAUGSNESET 132 23/06 06/78 OFFENTLEG TOALETT - BUENA KAI 151 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 23.01.2006 Terje Søviknes Ordførar Lars Atle Skorpen Rådmann
Sak 21/06 MØTEBOK BRUK AV MIDLAR TIL KULTURLANDSKAP OG SKOGBRUK - MELDINGSAK Saksbehandler: Helene Dahl Arkiv: Arkivsaksnr.: 06/158 Saksnr.: Utval Møtedato 21/06 Os Formannskap 31.01.2006 Framlegg til vedtak: Formannskapet tek orientering om bruk av midlar til kulturlandskap og skogbruk som melding. Os, 23.01.06 Lars Atle Skorpen Rådmann
Sak 21/06 Vedlegg: Ingen. STATUSRAPPORT FOR BRUKTE TILSKOTSMIDLAR, SMIL OG NMSK FOR 2005 Det interkommunale landbrukskontoret for Fusa, Os og Samnanger kommune fekk inn mange søknader til SMIL (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) og NMSK (Nærings- og miljøtiltak i skogbruket) i 2005. Det har vore trong for hard prioritering mellom søknadene. Landbrukskontoret såg i fyrste rekkje på totale løyvde midlar til SMIL og NMSK kvar for seg, men har justert noko i høve til å nytta midlane på best mogleg måte. Løyvde midlar for Fusa, Os og Samnanger var ved ordinær tildeling 350.000 kr, SMIL, og 500.000 kr, NMSK. Totalt 850.000 kr. Det var søkt om tilleggsløyving og denne vart kr. 200 000,-. Totalt løyvde midlar var såleis kr. 1 050 000,-. Fordeling av midlane i høve til tiltak innan SMIL og NMSK: Bruk av SMIL midlar 2005: Friluftsliv: kr. 54.800,- Fellestiltak: 47.230,- Biologisk mangfald: 9.900,- Bygningar: 219.600,- Beiterydding: 174.900,- Totalt SMIL: kr. 506,430,- Bruk av NMSK midlar 2005: Skogsvegar: kr. 389 380,- Ungskogpleie: 99 700,- Vanskeleg skogsdrift: 7 500,- Skog utan grenser: kr. 47 000,- Totalt NMSK: kr. 543 580,- = Kr. 1 050 010,- Fordeling av midlane på kommunane: FUSA OS SAMNANGER TOTALT SAMLA 710 820 227 100 112 090 1 050 010 LØYVINGAR SMIL 411 390 45 200 49 840 506 430 NMSK 299 430 181 900 62 250 543 580 Helene Dahl Landbrukssjef Landbrukskonsulent Hans Kristian Stenerud Side 3 av 10
Sak 22/06 MØTEBOK AUKA KOSTNADER VEDR. REHAB./OMBYGG.UTLEIGEBUSTADER HAUGSNESET Saksbehandler: Birgit Nora Holsen Arkiv: 613 &47 Arkivsaksnr.: 03/993 Saksnr.: Utval Møtedato 77/03 Os Formannskap 03.06.2003 183/04 Os Formannskap 26.10.2004 108/04 Os kommunestyre 16.11.2004 22/06 Os Formannskap 31.01.2006 Framlegg til tilråding: Kommunestyret godkjenner at det vert løyvd ekstra midlar for å kunne gjennomføra rehabilitering av utleigebustadane på Haugsneset i samsvar med beskrivelsen. Samla sum ekstra kostnad vert kr. 2.500.000.- Kommunestyret bed adminstrasjonen arbeide vidare med finasieringa av tiltaket. Lars Atle Skorpen Rådmann
Sak 22/06 Behandling i Os kommunestyre i møte 16.11.2004 Behandling i utvalget: Samrøystes vedtak som innstilling frå formannskapet. Vedtak: 1.Kommunestyret godkjenner at det vert løyvd kr. 3.000.000.- til rehabilitering av utleigebustadane på Haugsneset. Prosjektet vert finansiert ved bruk av unytta lån til omsorgsbustader. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 0.160.26552.2361 Bustader Haugsneset - vert auka med kr. 3.000.000.- Post 0.160.26552.9110* Unytta lån vert auka med kr. 3.000.000.- *Jfr. konto 2.9100.233 Omsorgsbustader. 2. Kommunestyret godkjenner at det vert løyvd kr. 2.600.000.- til utleigebustane i Lerkevegen i samband med rehabilitering og ombygging til livsløpstandard. Prosjektet vert finansiert ved bruk av unytta lån til omsorgsbustader og tilskot (20%) frå Husbanken. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 0.160.26553.2361 Bustader Lerkevegen vert auka med kr. 2.600.000.- Post 0.160.26553.8110 Øyremerkte overføringar frå staten vert auka med kr. 500.000.- Post 0.160.26553.9110*Unytta lån vert auka med kr. 2.100.000.- *Jfr. konto 2.9100.233 Omsorgsbustader. Behandling i Os Formannskap i møte 26.10.2004 Behandling i utvalget: Samrøystes tilråding som framlegg frå administrasjonen. Vedtak: 1.Kommunestyret godkjenner at det vert løyvd kr. 3.000.000.- til rehabilitering av utleigebustadane på Haugsneset. Prosjektet vert finansiert ved bruk av unytta lån til omsorgsbustader. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 0.160.26552.2361 Bustader Haugsneset - vert auka med kr. 3.000.000.- Post 0.160.26552.9110* Unytta lån vert auka med kr. 3.000.000.- *Jfr. konto 2.9100.233 Omsorgsbustader. 2. Kommunestyret godkjenner at det vert løyvd kr. 2.600.000.- til utleigebustane i Lerkevegen i samband med rehabilitering og ombygging til livsløpstandard. Prosjektet vert finansiert ved bruk av unytta lån til omsorgsbustader og tilskot (20%) frå Husbanken. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 0.160.26553.2361 Bustader Lerkevegen vert auka med kr. 2.600.000.- Post 0.160.26553.8110 Øyremerkte overføringar frå staten vert auka med kr. 500.000.- Side 5 av 10
Sak 22/06 Post 0.160.26553.9110*Unytta lån vert auka med kr. 2.100.000.- *Jfr. konto 2.9100.233 Omsorgsbustader. Behandling i Os Formannskap i møte 03.06.2003 Behandling i utvalget: Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Vedtak: 1. Formannskapet godkjenner at det vert henta inn tilbod på rehabilitering av følgjande utleigebustader slik som skissert i saksutgreiinga: a. Lerkevegen, Søfteland b. Haugsneset c. Gymnasvegen. Kommunebygg Os A.S. får i oppdrag å førestå prosjektet. 2. Kommunestyret må ta endeleg avgjerd om eventuell rehabilitering etter at det er kome inn tilbod frå entrepenør og vi har fått godkjent søknad på lån og tilskot i Husbanken. Side 6 av 10
Sak 22/06 Vedlegg: 4 Saksopplysningar: 16.11.2004 godkjende Kommunestyret at det vart løyvd kr.3.000.000.- til rehabilitering av utleigebustadane på Haugsneset. Prosjektet skulle finansierast ved bruk av unytta lån til omsorgsbustader. Vi hadde den gongen også eit vedtak som omfatta rehabilitering av Lerkevegen på Søfteland. Det vart bestemt at vi skulle starte opp med Lerkevegen og så ta Haugsneset når Lerkevegen var ferdig rehabilitert. Lerkevegen sto ferdig til sommarferien 2005. Då vi fekk eit kostnadsoverslag for Haugsneset frå Nordgren og Frønsdal, som hadde ansvaret for rehbiliteringa i Lerkevegen, låg dette noko høgare enn den summen vi hadde fått til prosjektet. Ved gjennomgang av pristilbodet saman med Os bygg og eigedom As (OBE) og arkitekt for prosjektet frå ABO, fann vi at vi kunne redusere på nokon av punkta, men vi klarar likevel ikkje å halde oss innafor ramma på kr. 500.000.- pr. seksjon. Ein seksjon består av 2 bustadeiningar horisontalt og den realistiske kostnaden pr. seksjon vil vere på ca. kr. 703.000,- eks.m.v.a. Eit anna moment som gjer at prisen truleg er for låg, er at vi ikkje veit om bygget fyller dei branntekniske krava som gjeld i dag. Dette veit vi ikkje før dei har starta opp med riving av tak. Dagens branntekniske krav vil fordyre prosjektet ytterlegare. Etter møte mellom Os bygg og eigedom AS, arkitekten og bustadkontoret kom OBE med fire alternativ til vidareføring av prosjektet: 1. Det vert søkt om utviding av ramma for å kunne gjennomføra rehabiliteringa i samsvar med beskrivinga 2. Stoppa prosessen, vurdera om det er verdt å rehabilitera bustadene, evnt. sal av dei og nytta salssum pluss løyvde midlar til eit nytt prosjekt for 12 bustadeiningar 3. Rehabilitera ein seksjon ( 2 bustadeiningar) for å sjå omfang og reell kostnad og event. justera omfanget for dei resterande seksjonane. 4. Redusert prosjekt tilsvarande enkelt vedlikehald og utbetringar. Konklusjonen frå vår side er at BOF søkjer om utvida ramme for prosjektet. OBE meiner det ikkje er tilrådeleg å redusera kostnadane i og med usikre tilhøve ved branntryggleik og eventuelle soppangrep.( sjå vedlegg 4) Rehabiliteringa, som er tidlegare beskrive, er absolutt eit minimum av det som bør utførast. Bustdane er frå 1973/74 og det har vore minimalt med vedlikehald i perioden fram til idag. Rehabiliterings- og ombyggingsprosjekt som overstig 1.7 mill. må ut på anbud etter Lov om offentlige anskaffelser. Ei slik utlysing vil forsinka prosjektet noko, men kan resultera i eit lavere pristilbod. BOF, ved bustadkontoret, ber om at det vert løyvt kr. 2.500.000.-i ekstra midlar for å kunne gjennomføra rehabiliteringa i samsvar med beskrivelsen. Birgit N. Holsen Side 7 av 10
Sak 23/06 OFFENTLEG TOALETT - BUENA KAI MØTEBOK Saksbehandler: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: MA 17/--35 Arkivsaksnr.: 06/78 Saksnr.: Utval Møtedato 23/06 Os Formannskap 31.01.2006 / Os kommunestyre Framlegg til tilråding: Os kommune ønskjer å bidra til realisering av offentleg toalett, dusj og vaskerom på Buena kai, og vil gje eit tilskot stort kr 175.000,- som kan delfinansiera bygging av eit tilbygg som kan stetta dette føremålet. Det er ein føresetnad at tilskotet ikkje medfører drifts- eller vedlikehaldsansvar for Os kommune. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 1.700.33000.4700 Tilskot til private - vert auka med kr 175.000,- Post 1.700.33000.9400 Bruk av ubunde driftsfond vert auka med kr 175.000,-* *Fond 2.5600.002 Til disp. for formannskapet kr 97.122,- Fond 2.5600.112 Kommuneplan kr 77.878,- Os, 23.01.2006 Lars Atle Skorpen Rådmann
Sak 23/06 Vedlegg: Brev frå Kafe Ole B og Butikk Buena av 28.12.2005 Brev frå Georg von Erpecom dat. 17.01.06 Skisse frå Os Bygg og Eigedom AS Saksopplysningar: Den 07.11.2005 vart det halde eit møte vedk. ulike tilhøve ved Buena kai, jfr vedlagte brev av 28.12.2005. Med bakgrunn i dette møtet har Kafe Ole B og Butikk Buena sendt eit brev der dei foreslår at Os kommune, Kafe Ole B, Butikk Buena og Museet Lysøen samarbeider om å realisera eit offentleg toalett våren 2006 foreslår at Kafe Ole B/Butikk Buena og Os kommune samarbeider om å utvida kaikapasiteten foran sumarsesongen 2006. Offentleg toalett Det er trong for eit offentleg toalett for turistar til Lysøen og båtturistar som vitjar kafeen og butikken på Buena, samt Lysekloster ruiner. Det er og ønskjeleg å betra tilhøva for båtturistane slik at dei får tilgjenge til toalett, dusj og vaskerom. Det er lagt fram forslag om å byggja eit tilbygg i hjørnet mellom butikken og kafeen på Buena som kan stetta ønskjet om toalett, dusj og vaskerom. Os Bygg og Eigedom AS har rekna på kva eit slikt tilbygg vil kosta, og har gjeve eit overslag på ca kr 227.000 + administrasjon og gebyr. I brevet av 28.12.2005 vert det søkt om eit kommunalt tilskot til byggjing av eit slikt tilbygg. Utviding av kaikapasitet Det er ønskjeleg å utvida kaikapasiteten ved å leggja ut nye flytebryggar. Kafe Ole B/Butikk Buena vil sjølv finansiera og vedlikehalda anlegget. I brevet av 28.12.2005 vert det søkt om at kommunen ordnar med innsending av formell søknad for dette tiltaket. Vurdering og tilråding Administrasjonen har stor forståing for ønskjet om å betra tilhøvet for turistar og andre besøkande i Lysekloster/Buena området. Museet Lysøen og Lysekloster ruiner er to av dei viktigaste attraksjonane i kommunen, og området bør kunne tilby dei besøkande gode sanitære forhold. Administrasjonen er difor postitiv til å gje eit kommunalt tilskot til bygging av eit tilbygg som inneheld toalett, dusj og vaskerom. Det er ein føresetnad at Kafe Ole B/Butikk Buena, alternativt Museet Lysøen, tar på seg fullt ansvar for drift og vedlikehald av anlegget. Når det gjeld utviding av kaikapasiteten vil kommunen bidra med råd og rettleiing, men søknad må fremjast av tiltakshavar og søknaden handsamast på vanleg måte. Finansiering Side 9 av 10
Sak 23/06 Administrasjonen foreslår å finanseria tilskotet ved bruk av ubunde driftsfond slik: Fond 2.5600.002 Til disp. for formannskapet kr 97.122,- Fond 2.5600.112 Kommuneplan kr 77.878,- Etter dette står Fond 2.5600.002 til rest med kr 9.674,26 og Fond 2.5600.112 med kr 0,-. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 1.700.33000.4700 Tilskot til private - vert auka med kr 175.000,- Post 1.700.33000.9400 Bruk av ubunde driftsfond vert auka med kr 175.000,- Os, 23.01.2006 Ingrid Karin Kaalaas Økonomisjef Side 10 av 10