Kontingent for samdrifter Samdrifter som er ei organisatorisk eining skal betala ein avdelingskontingent + grunnkontingent for kvar av deltakarane i samdrifta. Dei samdriftmedlemene som i tillegg har ei sjølvstendig drift, skal betala full kontingent. Tilbod i dei ulike avdelingane Alle medlemer i Haugaland landbruksrådgjeving kan gjennom telefonkontakt og besøk på kontora fritt nytta kunnskapen til alle tilsette i organisasjonen. Dei får redusert pris på kurs og betalte oppdrag (funksjonstesting, kurs og liknande). Alle medlemer er valgbare i styret og er likeverdige med tanke på stemmerett. Vanleg medlemskap: Medlemer i avdeling grovfor kan i tillegg be om eitt gardsbesøk pr. år. Medlemene blir kontakta kvart 4. år med tilbod om jordprøvebesøk og gjødslingsplan. Bærmedlemer. Medlemer i avdeling bær, i kjerneområdet til Haugaland landbruksrådgjeving, kan be om eitt gardsbesøk pr år. Medlemspengane i avdeling bær dekker arbeidet med utarbeiding av gjødslingsplan kvart 4. år. I tillegg kan bæravdelinga ta seg av fellesbestilling av ein del materiell, planter og liknande. Haugaland landbruksrådgjeving Side - 19
Haugaland Maskinring. Medlemene får tilsendt ajourført prisliste kvart år. Medlemene har rett på 10 % avslag i leigepris på maskinar som står på maskinoversikta. Medlemene har også tilbod om grôvforformidling og formidling av spreieareal. Dei som berre er medlem i maskinringen blir ikkje kontakta for tilbod om utarbeiding av gjødslingsplan. Maskinringen har eiga heimeside: www.maskinringen.no Sak 5. Budsjett og arbeidsplan for 2007. Forslag til budsjett er sett opp saman med rekneskapen side 15. Forslag til arbeidsplan. Den økonomiske situasjonen i ringen er vanskeleg. Budsjett for 2007 er så stramt at styret har vedtatt å redusera talet på stillingar. Dette er gjennomført ved at vikariatet som Britt J. Pedersen hadde ut 2006 ikkje er forlenga i 2007. Redusert bemanning vil verke inn på aktivitet og arbeidsoppgåver. Arbeidet i Haugland landbruksrådgjeving er styrt av årstidene. Frå årsskiftet og fram til Side - 20 Årsmelding 2006
påske vert storparten av gjødslingsplanane lagde. I tillegg vert det arrangert møte og kurs. Vinteren 2007 vil fornyingskurs for bruk av plantevernmiddel vera sentralt. Maskinringen vil senda ut maskinoversikten og prislista. Vårsesongen startar etter påske. I år er det få forsøksfelt som går vidare. I mai vert det tilbod om funksjonstesting av traktorsprøyter. Det vil også bli tilbod om markvandring. Sommarsesongen er forutan ferietid også tid for drifting av forsøksfelta. Ordninga med utsending av e-post ein gong i veka vil bli ført vidare. Sist i august startar sesongen med jordprøvetaking. Dette året er det medlemer i Vats, Sandeid, Vikedal, Førresfjorden, Skjoldastraumen, Nedstrand og Hervik som automatisk vert besøkt. Utarbeiding av gjødslingsplanar tek til først i november, og målet vårt er å ha ferdig gjødslingsplan til dei som ynskjer det før nyttår. Prioriterte kurstema er også denne hausten fornying av autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmiddel. Bæravdelinga vil arrangere møter og markdagar. Det vert arbeidd med å få til samarbeidsavtalar med landbrukskontora vi arbeider i. Når dette vert skrive har vi hatt møter med Vindafjord kommune, Tysvær kommune og Etne kommune. Haugaland landbruksrådgjeving Side - 21
Sak 6. Val. a. Val av 3 medlemer i styret for to år Valnemnda Årsmøtet Asbjørn Utvik, Karmøy Jan Are, Bokn Asbjørn Alendal, Skjold Attval Mattis Gravelsæter, Ølen Attval b. Val av leiar i styret for eitt år. Valnemnda Årsmøtet Geir Apeland, Tysvær Attval c. Val av nestleiar i styret for eitt år. Valnemnda Årsmøtet Asbjørn Alendal, Skjold Attval d. Val av 3 nummererte varamedlemer i styret for eitt år. Valnemnda Årsmøtet 1. Jan Are, Bokn Terje Askeland, Bjoa 2. Kåre Heggelund, Etne Harald Miljeteig, Haugesund 3. Harald Miljeteig, Haugesund Kåre Heggelund, Etne e. Valkomite med 2 nummererte varamedlemer for to år. Årsmøtet Roy Erik Hetland, Bjoa Sigmund Alvestad, Bokn Karl Magnus Kirkhus, Karmøy Ikkje på val Lars A. Lien, Bjoa Ikkje på val. 1. vara: Torleif Stople, skjold 2. vara: Jakob Helle, Nedstrand f.val av leiar i valnemnda for eitt år. Roy Erik Hetland, Bjoa g. Val av revisor for eitt år Styret fekk fullmakt (Geir Kenneth Rødne, Tveit Regnskap) Årsmøtet Årsmøtet Side - 22 Årsmelding 2006
Sak 7. Godtgjersle til tillitsvalde Godtgjersle 2006 Valnemda sitt forslag Årsmøtet sitt vedtak Korte møte 750,-. 750,-. Dagsmøte 1450,-. 1450,-. Leiar, pr. år 4000,-. 4000,-. Nestleiar, pr. år 1000,-. 1000,-. Styremedlemer, pr år 0,-. 0,-. I tillegg får styremedlemene køyregodtgjersle etter statens satsar og refusjon for bruk av eigen telefon. Sak 8. Handsame innkomne forslag. Sak 9. Tildeling av diplom. Når medlemer går ut or ringen etter meir enn 20 år som medlem, ynskjer styret i ringen å gje ein diplom som minne. Diplomen vert delt ut på årsmøtet. For dette året gjeld dette: Margunn og Thomas Hillesland, Karmøy-medlem i Haugaland forsøksring sidan 1982. Einar Levinsen, Karmøy- medlem i Haugaland forsøksring sidan 1981. Ole Johan Sveen, Sveio medlem i Haugaland forsøksring sidan 1984. Dora og Ingebrigt Sølvberg medlem i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring sidan 1983. Olav Eikeland medlem i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring sidan starten i 1974. Olav Velde medlem i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring sidan 1983. Magne Økland medlem i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring sidan 1984. Josef Blikra medlem i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring sidan 1979. Arne Rekkedal medlem i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring sidan 1984. SALG AV SKJELLSAND Salg frå eige lager heile året Utkjøring Utleige av bredalsvogn Jan Ove Stople Sandeid Telefon: 907 88 870 52 76 11 47 Haugaland landbruksrådgjeving Side - 23
Liste over annonsørar og støttemedlemer AK Haugaland Maskin Karmøy Kommune Bokn Kommune Norstone Eik Landbrukssenter Rogaland konservesfabrikk Etne bygdemølle Sparebank 1 SR-Bank Etne Kommune Sveio Kommune Etne Sparebank Traktor & Maskin Fatland Tveit Regnskap Felleskjøpet Rogaland Agder Tysvær Kommune Gilde Vikedal Bondelag Gjennsidige NOR Vindafjord Kommune Haugesund Kommune Vinterlandbruksskulen i Haugesund Sparebank Ryfylke IF Skadeforsikring Yara Imsland Bondelag Ølen Samykjelag Jan Ove Stople Ei varm takk til alle medlemer, støttemedlemer, annonsørar og andre kontaktar for godt samarbeid i 2006 Figur 2: FIRturen for styre og tilsette vart i år arrangert i Ryfylke Side - 24 Årsmelding 2006