ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING Org.nr: 841843932 24. driftsår
- 2 - ÅRDAL UTVIKLING Selskapet si verksemd Hovudoppgåva til stiftinga Årdal Utvikling er tiltaksarbeid og næringsutvikling i Årdal kommune. Årdal Utvikling har pr. 31.12.09 ein eigenkapital på kr. 4.343.006,- Aksjar/grunnfondsbevis i andre selskap på kr. 371.325,- Årdal Utvikling har pr 31.12.09 eit underskot på 133.079,-. I løpet av hausten gjennomførde ein rullering av Strategisk Næringsplan for 2010-2013. I samband med dette arbeidet vart det vedteke ny handlingsplan med budsjett for 2010. I 2009 held veksten i Årdal fram. Folketalet og tal sysselsette held fram å vekse, og nye bedrifter har etablert seg i kommunen. Nye industriprosjekt er under utvikling, og vi vil mest truleg sjå at det også kjem nye interessante etableringar i 2010. I 2009 har ein også hatt spesiell fokus på ulike livskvalitetsprosjekt som skal gjere sitt til at det vert meir attraktivt å bu i kommunen. Handelsnæringa har og hatt spesiell merksemd i året som gjekk, og vi har god tru på at det vil kome interessante nyetableringar innan handel og servicenæringar i åra som kjem. Handlingsplanen for 2009 fokuserte spesielt på følgjande prosjekt: Utviklingsprosjekt som vil gi 3 nye bedriftsetableringar i 2010 Utviklingsprosjekt i 5 lokale bedrifter som skal sikre vidare drift og utvikling Rekrutterings- og omdømeprosjektet er vidareført i 2009 Det er arbeide fram planar for 9 nye næringsareal i Årdal. Vidareført den vellukka satsinga på teknisk fagskule i Årdal i samarbeid med Årdal Vidaregåande skule og Teknisk fagskule i Sogn og Fjordane. Arbeidet med prosjekt for etablering av eit koordineringskontor for lærlingar i Årdal vart starta opp og skal vidareførast i 2010 og 2011 med nytilsett prosjektleiar Arbeidet med å sikre realiseringa av eit treningssenter i Årdal ser ut til å sikre oss ei etablering i løpet av 2010 i samarbeid med lokale investorar. Ein forstudie for utviklingsprosjekt Farnes gamle skule er gjennomført, og mest truleg vil forprosjektet bli realisert i 2010. Saman med aktuelle nyetableringar innan handelen, er det arbeida fram skisseløysingar til korleis parkeringsutfordringane i sentrumsområda kan løysast.
- 3 - Samansetjing av styret Desse har vore med i styret i 2009: Arild Ingar Lægreid (styreleiar) John Normann Melheim (nestleiar) Vidar Øygard Siv Enerstvedt Mette Hestetun Berg Personlege varamedlemer Marie Helene Brandsdal Egil Arne Svinø Ole Vidar Øren Jørgen Asperheim Line Moen Styret har hatt 8 ordinære styremøte. I desse møta har styret handsama 43 saker. Administrasjon Årdal Utvikling har i 2009 hatt 2 tilsette. Årdal Utvikling har ein person i 50% stilling, og ein i 100% stilling. Totalt har selskapet pr. 31.12.09 1,5 årsverk. Løn /honorar Det er utbetalt kr. 31.158,- i styrehonorar, kr. 13.750,- i revisjon Arbeidsmiljø Det er ikkje registrert skader eller ulykker på arbeidsplassen i 2009. Selskapet fører oversikt over sjukefråvær i samsvar med gjeldande lover og reglar Det er etter styret si meining god trivsel på arbeidsplassen og eit godt arbeidsmiljø. Likestilling I 2009 var tal tilsette likestilt. I styret er 40% av medlemmane kvinner. Selskapet driv etter styret si vurdering ikkje i strid med lov om likestilling mellom kjønna. Ytre Miljø Selskapet ureinar ikkje det ytre miljøet. Framleis drift Styret meinar å kunna dokumentera at det er grunnlag for framleis drift i selskapet. Dette er lagt til grunn i arbeidet med årsmelding og rekneskap for år 2009
- 4 - GENERELT OM UTVIKLINGA I LOKALT NÆRINGSLIV Trend i utviklinga av sysselsetjing Sysselsetting i perioden 2000 2008 (Med bustad i kommunen): 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 Menn 1645 1638 1582 1539 1515 1456 1454 1553 1587 Kvinner 1384 1368 1329 1312 1316 1246 1265 1304 1341 I alt 3029 3006 2911 2851 2831 2702 2719 2857 2928 Kilde: Statistisk Sentralbyrå Sysselsetting i perioden 2000 2008 (Med arbeidsstad i kommunen): 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 Menn 1756 1770 1732 1713 1692 1625 1626 1634 1734 Kvinner 1318 1322 1273 1246 1243 1195 1190 1227 1270 I alt 3074 3092 3005 2959 2935 2820 2816 2861 3004 Kilde: Statistisk Sentralbyrå Folketalet og tal sysselsette held fram å auke. Tala for sysselsetting i 2009 er ikkje tilgjengeleg før i midten av juni. ØKONOMISKE YTINGAR TIL NÆRINGSUTVIKLING I ÅRDAL. Tilsegn om lån/tilskot - Årdal Utvikling Årdal Utvikling har gjeve tilsegn om kr. 3.365.000,- i bedriftstilskot til lokalt næringsliv og næringsretta prosjekt i 2009.. Tilsegn om lån/tilskot Innovasjon Norge Innovasjon Norge har i 2009 gjort vedtak om følgjande løyvingar til verksemder i Årdal: 1) IN sine ordinære verkemidlar: Bedriftsutvikling kr. 4.205.000,- Lån kr. 6.500.000,- kr. 10.705.000,- Totalt har IN gjort vedtak om løyvingar til eksisterande verksemder/nye etableringar i Årdal for til saman 10.705.000,- i 2009 Tilsegn om eigenkapital såkornfond og andre offentlege fond Det er i tillegg gjeve tilsegn på 9,25 mill. i samband med nye industriprosjekt i Årdal
- 5 - Årdalstangen, 14.04.2010......... Arild Ingar Lægreid Vidar Øygard Mette Hestetun Berg...... Siv Enerstvedt John Normann Melheim