05.03.2013 Rapportering på omfordelte midlar til opprydding av skogskadar etter orkanen Dagmar
Skadeomfang og status for opprydding Stormen Dagmar besøkte Møre og Romsdal 25.-26. desember 2011 og gjorde store skader. Det ble raskt satt i gang kartlegging av skadane. Dei første anslaga på skadeomfanget var på om lag 130.000 m 3 tømmer. Anslaga har seinare blitt kraftig oppjustert, vår siste prognose er at om lag 270.000 m 3 med tømmer fikk vindskader. Skadebilete er variert, ein del bestand ser uskadd ut på avstand, men ved nærare synfaring visast det stor skade inne i bestanda. Dette, saman med skader på ståande skog og nødvendige arronderingshogstar har ført til auka skadeomfang. For å kartlegge skadebilete har det vore tett samarbeid med kommunane og Allskog SA. I januar 2012 ble det i samarbeid med Allskog SA leid inn helikopter til å synfare skadane, dette var heilt avgjerande for å skaffe seg ein fullstendig oversikt. Skadebilete i fylket er variert, det har vært moderate skader på Nordmøre og i Romsdal, mens Sunnmøre ble hardast ramma. Status for opprydding Allskog SA har rapportert om det er innmålt eit volum frå vindfallhogster på 176.179 m 3 per 1. mars 2013 (Tabell 1). I tillegg har både Nortømmer AS og SBskog hatt drifter på vindfallhogst. Attståande volum frå opprydding etter Dagmar er anslått til og vere 100.000 m 3. Målsettinga er att dette skal ryddast opp, men det er sannsynleg at nokre områder ikkje blir rydda opp på grunn av driftstekniske utfordringar, tilgjengelegheit og dårleg lønnsemd. Fleire av områda som står igjen er lokalisert i vanskeleg terreng, der taubane og gravedriftar er nødvendig for å gjennomføre arbeidet. Det står igjen noe opprydding i Rauma og Vestnes, mens resterande er lokalisert på Sunnmøre. Arbeidet vil etter planen bli avslutta rundt 1. oktober, men det er sannsynleg at arbeidet vil fortsette ut 2013. For å sluttføre oppryddinga er det avgjerande med ekstra løyvingar, viss ikkje vil arbeidet stoppe opp! Andre erfaringar Møre og Romsdal har dei siste åra hatt ein avverking til industrien på om lag 100.000 m 3. Volumet var stigande før Dagmar slo til i romjula 2011, men når skadebilete er 2,5 gangar årleg avverking så gir dette utfordringar. Utfordringar med blant anna avsetning, låg vegtetthet, dårleg offentleg vegar, bratt driftsterreng, små eigedommar, for få lokale skogsentreprenørar og tømmertransportørar. Ein har derfor vore avhengig av entreprenørar og transportørar frå andre fylke, spesielt taubanekapasiteten har vore utfordrande. Når det gjeld dei offentlege vegane har aktørane opplevd store utfordringar med dispensasjon for utkøyring av tømmer. Lang behandlingstid og mange ulike løysingar har vore krevjande. Vidare utbygging av infrastruktur frå skog til kai/industri er avgjerande for å auke den årlege avverkinga.
Tabell 1. Oversikt over innmålt volum frå vindfallhogster i Møre og Romsdal per 01.03.2013. (Kjelde: Allskog SA) Kommune Volum pr. 1/3 2013 Kristiansund 40 Vanylven 2.358 Sande 13 Ulstein 110 Hareid 139 Volda 17.440 Ørsta 57.540 Ørskog 293 Norddal 278 Stranda 441 Stordal 176 Sykkylven 245 Skodje 4.119 Vestnes 12.686 Fræna 629 Eide 43 Averøy 776 Aukra 140 Ålesund 489 Haram 3.059 Herøy 97 Molde 1.248 Rauma 14.246 Nesset 6.810 Gjemnes 1.166 Tingvoll 9.417 Sunndal 14.739 Surnadal 19.541 Rindal 2.959 Halsa 1.818 Aure 3.124 Sum 176.179
Bruk av virkemidlar Møre og Romsdal har i 2012 hatt til rådvelde ei ordinær løyving på 4,8 mill til LUF, ei ekstraordinær overføring til LUF etter Dagmar på 5 mill. kr, 400.000 kr ble overført frå NMSK-ramma til LUF og 500.000 ble omdisponert frå Kystskogbruket til LUF. Total ramme for LUF-tilskot har såleis vore 10,7 mill kr i 2012. I tillegg har vi trekt inn vel 180.000 kr som er løyvd til nye søknader. Dei ekstraordinære tildelingane til veg og taubane i 2012 var heilt avgjerande for opprydding av vindfelt tømmer. Det ble gjort følgjande endringar i retningslinene for tilskot til veg og taubane: Auka satsar til bygging av skogsbilvegar og traktorvegar i bilvegtrase Auka satsar til drift med taubane Tilskot til motormanuell felling og sikring ved vindfallhogst Tilskot til gravedrifter der det av tidsomsyn ikkje lar seg gjøre og bygge veger eller bruk av taubane Tilskot til flytting av maskiner ved drifter av mindre volum og stor flytteavstand Retningslinene for bruk av midlar til skogsvegar og taubane med meir ligg vedlagt (Vedlegg 1). Etterspørselen etter midlar til veg og til dei ekstraordinære driftstilskota har vore stor, løyvingane for 2012 er brukt opp. Dette gjeld også løyvinga øyremerka taubane på 1,9 mill. kr. Andre virkemidlar som er nytta til opprydding Det har og blitt brukt andre midlar til ulike tiltak for å bidra til ei effektiv og sikker opprydding av stormfelt skog, nokre av tiltaka er visst i tabell 2. Det har vore stor interesse for kurs om opprydding av vindfelt gjennom Aktivt skogbruk, det har til saman blitt arrangert om lag 30 kurs. Fleire kommunar har nytta NMSK midlar til å sponse kursa. Kursa gjennom Aktivt skogbruk har vore avgjerande for dei eigenaktive skogeigarane. Tabell 2. Andre tiltak for opprydding av vindfelt skog Kva Utbetalt tilskott Merknad Kode Synfaring med helikopter 31 720 Samarbeid med Allskog SA 481 Etablering av vegplanleggar 74 000 Utdanning 481/484 Støtte til vegplanlegging 75 053 Prosjekt Ørsta/Volda 484 Opplæring av taubanemannskap 33 000 484 Skogsveg i Haram kommune 67 506 484 Sum 281 279
Behov for ekstraordinære midlar i 2013 Det er anslått at det er igjen 100.000 m 3 med vindfelt tømmer som er forventa rydda opp i 2013. Fleire av desse driftene er lokalisert i bratt terreng der man er avhengig av taubane og gravedriftar for å ta ut tømmeret. Det er no 5 taubanelag i drift i fylket og 3 hogstmaskinlag er i arbeid med vindfallopprydding. I løpet av våren vil det bli leid inn fleire entreprenørar frå andre regionar for fullføring av vindfalloppryddinga. Retningslinene for tilskott til veg og taubane m.m. for 2013 er vedlagt (VEDLEGG 2). For 2013 er det budsjettert med følgjande tilskottsbehov for å rydde opp resten av det vindfelte tømmeret (Tabell 3). Tabell 3. samla tilskottsbehov til veg og driftstilskott taubane m.m i Møre og Romsdal 2013 Kva Volum, m3 Tilskottsbehov, kr Merknad Anslått volum opprydding 2013 100 000 Per 1. mars Taubanedrift 40 000 7 200 000 Per 1. mars Gravedrift 48 000 3 360 000 Per 1. mars Felling og sikring ved vindfallhogst 12 000 240 000 Per 1. mars Utbetalt per 1. mars 413 535 Anslått rest søknader frå 2012 386 465 Drift utført, men søknad ikkje mottatt Sum driftstilskott vindfall 11 600 000 Søknader om skogsvegar Dagmar 1 400 000 9 stk i 2013 Tilleggsløyvingar skogsvegar Dagmar 1 000 000 Ekstra kostnadar Andre vegar, planlagt ikkje bygd 2 000 000 25 stk per 1. mars Sum tilskotsbehov skogsvegar 4 400 000 Samla tilskotsbehov i 2013 16 000 000 Løyving LUF 2013 6 200 000 Behov for ekstra løyving 2013 9 800 000 I tillegg er det fleire gode skogsveganlegg under planlegging og vi forventar fleire søknadar på tilskott til vegar i løpet av 2013. Så behovet til andre vegar som i tabellen er stipulert til 2 mill. kr forventast å auke. For å sikre nødvendig opprydding av vindfelt tømmer og utbygging av skogsvegar i fylket viser våre prognoser eit behov for ekstra løyving på kr 9,8 mill. kr i 2013.
VEDLEGG 1. RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL SKOGSVEGAR OG TAUBANE M.M FOR 2012 Retningsliner for tilskot til skogsvegar 2012 Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Krav til veganlegget: Byggjearbeidet skal konkurranseutsettast. I dei høva der byggherre ønskjer å setje bort arbeidet på rekning eller ønskjer å utføre bygginga sjølv, skal det avtalast fast pris for arbeidet. Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av kommunen. Vilkår: Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet. Søknaden skal gjelde nyanlegg og/ eller ombygging (heving av vegklasse). Det skal vere planlagt snu- og velteplassar. Byggjekostnaden skal vere større enn kr 25.000. Det kan gjerast unnatak for viktige, mindre tiltak. Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. 3 i Forsrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med førmålet med tiltaka. Søknad, sakshandsaming og utbetaling: Søknad på skjema SLF-903 skal sendast kommunen for kontroll og prioritering. Standard på tilstøytande offentleg veg skal avklarast. Det vert ikkje løyvd tilskot til vegar som er knytt til vegar med så låg bereemne at tilskotsvegen ikkje kan nyttast til føremålet. Fylkesmannen handsamar søknadane. Søknadsfrist for første tildelingsrunde er 15. mars. Etter dette vert det eventuelt fortløpande vurdering av innkomne søknader, dersom det er att midlar. Skjema SLF-904 skal brukast ved utbetaling av tilskot. Samleliste fellesveganlegg skal leggast ved. Kommunen har ansvar for kontroll av at byggjearbeidet er gjennomført i tråd med føresetnadane, godkjenning av byggjearbeidet og sluttrekneskap. Kommunen skal følgje opp vilkår som er sett, og i samarbeid med fylkesmannen setje i verk naudsynte tiltak. Tilskotssatsar: Skogsbilveg inkludert snu- og lunneplassar: 50 % Vegar etter hovudplan eller annan overordna vegplan kan få inntil 60 % tilskot. Traktorveg: 20-40 %. Høgaste sats kan brukast der vegen seinare vil bli ombygd til skogsbilveg. Skogsbilvegar og traktorvegar i bilvegtrase i store vindfallområde kan få inntil 65 % tilskot. Støtte til dekking av kostnader ved innleige av hjelp til vegplanlegging lik sats som tilskot til vegbygginga. Prioriteringsgrunnlag for tilskot: Tilskot til vegbygging for utdrift av vindfelt skog blir prioritert før ordinær skogsvegbygging i 2012. Det kan gjevast tilskot både til skogsbilvegar og traktorvegar. Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med hovudplan eller annan overordna vegplan. Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større samarbeidsprosjekt. Samarbeidstiltak vert prioritert framfor søknader som gjeld einskildskogeigarar, der det er grunnlag for slike vegløysingar. Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet. Jordskiftevegar vert prioritert framfor andre vegar som ellers vert vurdert likt.
Retningsliner for tilskot til taubanedrift, hest o.a. i 2012 Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Driftsformer som ordninga omfattar: Taubane-/ slepebanedrift Drift i terreng brattare enn 50 % Motormanuell felling/ sikring ved vindfallhogst. Drift med lang driftsveglengde der det ikkje er økonomisk grunnlag for å byggje skogsbilveg. Drift av glissen furuskog på høg bonitet. Hestedrift Det kan gjevast tilskot til andre hogstfremjande tiltak Helikopterdrift (forsøksdrift) Vilkår: Virket skal vere registrert i virkesdatabasen. Kommunen skal førehandsgodkjenne alle taubanedrifter. All skogsdrift skal gjennomførast i tråd med Forskrift om berekraftig skogbruk. Søknad, sakshandsaming og utbetaling: Søknad på skjema SLF-916 skal nyttast. Kommunen kontrollerer, vurderer støttenivå og attesterer. Fylkesmannen føretek utbetaling Fylkesmannen kan kontrollere at vilkåra er oppfylte Minste beløp for utbetaling er kr 1.000. Tilskotssatsar: Taubanedrift furu og lauv: 160 kr/m 3 Taubanedrift gran: 90 kr/m 3 Forsøksdrift med helikopterdrift får same tilskotssatsar som taubanedrift. Vinsjedrift i terreng brattare enn 50 %: 80 kr/m 3 Driftsveglengde over 1,5 km: 35 kr/m 3 Bruk av hest: 35 kr/m 3 Drift av glissen furuskog (<8 m3/daa) på høg bonitet (17 og høgare): 50 kr/m 3 Maksimalt to av tilskotsordningane kan kombinerast. Ekstraordinære driftstilskott til uttak av stormskadd skog Taubanedrift i vindfallområde, uavhengig av treslag: 180 kr/m 3 Tilskot til motormanuell felling og sikring ved vindfallhogst: 50 kr/m 3 inntil 1/3 av det totale volumet i den særskilde drifta. For eigenaktive skogeigarar: Tilskot til motormanuell felling og sikring ved vindfallhogst: 50 kr/m 3 inntil 2/3 av det totale volumet i den særskilde drifta. Minste beløp for utbetaling på kr 1000 gjeld ikkje denne ordninga. Anna tilskot i bratt terreng: Mykje av den stormskadde skogen står i vanskeleg terreng og utanfor dekningsområde for veg. Kapasiteten for taubane er mindre enn behovet, og ein del av slike drifter må drivast som gravedriftar for å ta vare på tømmerverdiane. Ordninga gjeld berre for områda der det av tidsomsyn ikkje let seg gjere og byggje tilkomstveg med skogsveg eller bruk av taubane. For desse driftene kan det gis inntil 50 kr/m 3. Flytting av terrenggåande maskiner til vindfallområde med mindre volum enn 500m 3 og avstand meir enn 20 km kan gis eit tilskott på 15 kr/m 3 Taubanetilskotet kan berre kombinerast med flyttetilskot. Dei andre ekstraordinære driftstilskota kan kombinerast.
VEDLEGG 2. RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL SKOGSVEGAR OG TAUBANE M.M FOR 2013 Retningsliner for tilskot til skogsvegar 2013 Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Krav til veganlegget: Byggjearbeidet skal konkurranseutsettast. I dei høva der byggherre ønskjer å setje bort arbeidet på rekning eller ønskjer å utføre bygginga sjølv, skal det avtalast fast pris for arbeidet. Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av kommunen. Vilkår: Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet. Søknaden skal gjelde nyanlegg og/ eller ombygging (heving av vegklasse). Det skal vere planlagt snu- og velteplassar. Byggjekostnaden skal vere større enn kr 25.000. Det kan gjerast unnatak for viktige, mindre tiltak. Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. 3 i Forsrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med førmålet med tiltaka. Søknad, sakshandsaming og utbetaling: Søknad på skjema SLF-903 skal sendast kommunen for kontroll og prioritering. Standard på tilstøytande offentleg veg skal avklarast. Det vert ikkje løyvd tilskot til vegar som er knytt til vegar med så låg bereemne at tilskotsvegen ikkje kan nyttast til føremålet. Fylkesmannen handsamar søknadane. Søknadsfrist for første tildelingsrunde er 15. mars. Etter dette vert det eventuelt fortløpande vurdering av innkomne søknader, dersom det er att midlar. Skjema SLF-904 skal brukast ved utbetaling av tilskot. Samleliste fellesveganlegg skal leggast ved. Kommunen har ansvar for kontroll av at byggjearbeidet er gjennomført i tråd med føresetnadane, godkjenning av byggjearbeidet og sluttrekneskap. Kommunen skal følgje opp vilkår som er sett, og i samarbeid med fylkesmannen setje i verk naudsynte tiltak. Tilskotssatsar: Skogsbilveg inkludert snu- og lunneplassar: 50 % Vegar etter hovudplan eller annan overordna vegplan kan få inntil 60 % tilskot. Traktorveg: 20-40 %. Høgaste sats kan brukast der vegen seinare vil bli ombygd til skogsbilveg. Skogsbilvegar og traktorvegar i bilvegtrase i store vindfallområde kan få inntil 65 % tilskot. Støtte til dekking av kostnader ved innleige av hjelp til vegplanlegging lik sats som tilskot til vegbygginga. Prioriteringsgrunnlag for tilskot: Tilskot til vegbygging for utdrift av vindfelt skog blir prioritert før ordinær skogsvegbygging i 2013. Det kan gjevast tilskot både til skogsbilvegar og traktorvegar. Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med hovudplan eller annan overordna vegplan. Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større samarbeidsprosjekt. Samarbeidstiltak vert prioritert framfor søknader som gjeld einskildskogeigarar, der det er grunnlag for slike vegløysingar. Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet. Jordskiftevegar vert prioritert framfor andre vegar som ellers vert vurdert likt.
Retningsliner for tilskot til taubanedrift, hest o.a. i 2013 Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Driftsformer som ordninga omfattar: Taubane-/ slepebanedrift Drift i terreng brattare enn 50 % Motormanuell felling/ sikring ved vindfallhogst. Drift med lang driftsveglengde der det ikkje er økonomisk grunnlag for å byggje skogsbilveg. Drift av glissen furuskog på høg bonitet. Hestedrift Det kan gjevast tilskot til andre hogstfremjande tiltak Helikopterdrift (forsøksdrift) drift skal godkjennast på førehand Vilkår: Virket skal vere registrert i virkesdatabasen. Kommunen skal førehandsgodkjenne alle taubanedrifter. All skogsdrift skal gjennomførast i tråd med Forskrift om berekraftig skogbruk. Søknad, sakshandsaming og utbetaling: Søknad på skjema SLF-916 skal nyttast. Kommunen kontrollerer, vurderer støttenivå og attesterer. Fylkesmannen føretek utbetaling Fylkesmannen kan kontrollere at vilkåra er oppfylte Minste beløp for utbetaling er kr 1.000. Tilskotssatsar: Taubanedrift furu og lauv: 160 kr/m 3 Taubanedrift gran: 90 kr/m 3 Forsøksdrift med helikopterdrift får same tilskotssatsar som taubanedrift. Vinsjedrift i terreng brattare enn 50 %: 80 kr/m 3 Driftsveglengde over 1,5 km: 35 kr/m 3 Bruk av hest: 35 kr/m 3 Drift av glissen furuskog (<8 m3/daa) på høg bonitet (17 og høgare): 50 kr/m 3 Maksimalt to av tilskotsordningane kan kombinerast. Ekstraordinære driftstilskott til uttak av stormskadd skog Alle drifter skal godkjennast på førehand av kommunen Taubanedrift i vindfallområde, uavhengig av treslag: inntil 180 kr/m 3 Tilskot til motormanuell felling og sikring ved vindfallhogst: inntil 20 kr/m 3. For eigenaktive skogeigarar: Tilskot til motormanuell felling og sikring ved vindfallhogst: inntil 40 kr/m 3 Minste beløp for utbetaling på kr 1.000 gjeld ikkje denne ordninga. Anna tilskot i bratt terreng: Mykje av den stormskadde skogen står i vanskeleg terreng og utanfor dekningsområde for veg. Kapasiteten for taubane er mindre enn behovet, og ein del av slike drifter må drivast som gravedriftar for å ta vare på tømmerverdiane. Ordninga gjeld berre for områda der det av tidsomsyn ikkje let seg gjere og byggje tilkomstveg med skogsveg eller bruk av taubane. For desse driftene kan det gis inntil 90 kr/m 3. Flytting av maskiner til vindfallområde med mindre volum enn 500 m 3 og avstand meir enn 20 km kan gis eit tilskott på inntil 15 kr/m 3. Dette gjeld flytting av taubane og hogstutstyr. Taubanetilskotet kan berre kombinerast med flyttetilskot. Dei andre ekstraordinære driftstilskota kan kombinerast.