Samfunnsutvikling SØKNADSPAKKEN for søknad om tiltak utan ansvarsrett Herøy kommune har utarbeidd eit dokument med skildring av kva for krav vi stiller til ein søknad utan ansvarsrett, jf. Plan- og bygningslova 20-1/20-4.til Herøy kommune. Arbeidet er gjort for å korte ned saksbehandlingstid og samtidig gjøre søknadsprosessen meir smidig. Vi håper at brukarar av dokumentet ser nytten av det og ønsker å bidra til ein meir effektiv søknadsprosess. INNHALD: GENERELT: Generell informasjon Rettleiing for utfylling av søknad Eksempel på teikningar og situasjonsplan Ferdigmelding av prosjekt/tiltak. SØKNADSBLANKETTAR: ANNA: Søknad om tiltak utan ansvarsrett (blankett 5153) Nabovarsling (blankett 5154) Opplysningar gitt i nabovarsel(blankett 5155) Kvittering gitt i nabovarsel(blankett 5156) Søknad om ferdigattest(blankett 5167) Fråsegn for avstand til nabo (pbl 29-4)
Søknadsblankettar finnast på Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sine nettsider: http://www.dibk.no/no/byggeregler/byggesoknader/byggesaksblanketter/ Generell informasjon Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett kan nyttast til tilbygg, garasjar og andre mindre frittliggande bygningar som td. naust, samt ved bruksendring innanfor ein brukseining/bueining. Tiltakshavar kan i disse tilfella sjølv stå som ansvarlig søker. Tiltakshavar pliktar seg til å sette seg inn i aktuelt lovverk, planar, planføremål, føresegner, kart ol. for den eigedomen tiltaket skal utførast på. Det er også enkelte tiltak som er fritatt for søknadsplikt, meir informasjon om disse kan du finne på: https://dibk.no/bygge-selv/dette-kan-du-bygge-uten-a-soke/ Denne søknad kan ikkje brukast ved etablering av ny sjølvstendig bueining. NABOVARSEL Ved alle søknadspliktige tiltak etter Plan- og bygningslova (pbl) må alle naboar, gjenbuarar og andre som er berørte av tiltaket varslast. Liste over naboar/gjenbuarar kan hentast frå Herøy kommune. Søknad kan sendast til Herøy kommune dersom: 1. alle naboar/gjenbuarar/ berørte samtykker til tiltaket eller- 2. varslingsfrist på 14 dagar (etter mottatt varsel) er ute. Nabovarsel skal innehalde blankett nr 5154, teikningar, situasjonsplan og eventuell dispensasjonssøknad. Dersom du går runden med naboar skal dei signere for mottatt varsel på blankett 5156 og dersom dei samtykker i tiltaket skal dei også krysse av for dette. Dersom du må sende rekommandert skal posten stemple på blankett 5156. Naboar kan også varslast på e-post, og i søknad må det da dokumenterast at nabo aktivt har svart på e-post og bekrefta mottatt nabovarsel og det må framkome tydelig kven avsendar av e-post er. SØKNAD SKAL INNEHALDE Komplett utfylt blankett 5153 søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett. Målsatt planteikningar over alle aktuelle plan/etasjar i byggetiltaket Målsatt snitt teikningar Fasadeteikningar. o Ved tilbygg skal det merkast tydelig kva som nytt tiltak. Målsatt situasjonsplan. Eventuelt terrengsnitt, som syner eventuelt nytt tiltak opp mot eksisterande bygg/nabobygg. Følgebrev med forklaring av tiltaket er ikkje eit krav men veldig opplysande. Blankett 5156 utkvittert eller med stempel frå postkontor ved rekommandert sending.
Blankett 5155 Opplysningar gitt i nabovarsel. Eventuell e-postkorrespondanse for nabovarsling. Eventuell fråsegn frå nabo dersom avstand til nabogrense er mindre en 4 m. Kopi av eventuell merknadar frå nabo, her skal også tiltakshavar gi sin vurdering av merknad. AVSTAND TIL NABOGRENSE OG VEG Dersom eit tilbygg kjem nærmare nabogrense enn 4 meter må det innhentast fråsegn frå nabo. Det same gjelder for frittståande bygningar som er større en 50 m². Dersom nabo ikkje samtykker til tiltaket kan det søkast om dispensasjon frå Plan- og bygningslova (pbl) 29-4. Tiltak må elles være plassert i samsvar med eventuell byggegrense mot veg ogeller etter krav gitt i veglova 29. Tiltaket må også være i samsvar med eventuell reguleringsplan/føresegner eller kommuneplan. Følgande krav til avstand til veg: Fylkesveg 50 m Kommunalveg 15 m Dersom området er regulert gjelder eventuelle byggegrenser. MEIR INFORMASJON DIBK Meir informasjon om søknader, utnyttingsgrad, tiltak som kan være unntatt frå søknadsplikt og informasjon rundt tiltak som krever ein ansvarlig søker finner du på heimesidene til Direktoratet for Byggkvalitet: www.dibk.no Under «Byggeregler» finner du Temaveileder «Grad av utnytting» og «Skjemaer og blanketter». Under «Tema» finner du meir om «Bygg uten å søke» m.m. Du kan også finne meir informasjon på Herøy kommune sine heimesider, eller du kan ringe Herøy kommune si byggesaksavdeling på 700 81 300. DISPENSASJONSSØKNAD Dersom det må søkjast om dispensasjon, skal søknad om dispensasjon leggast ved som eige dokument og søknaden må skildre klart kva ein søkjer dispensasjon frå og kvifor. Søknad må være grunngjeven. Det skal også kryssast av for dispensasjon i blankett 5153. Heimel for dispensasjon etter pbl finn ein i pbl 19-2. Vilkår for dispensasjon er at omsynet bak regelen det dispenserast frå, eller lovens føremål ikkje vert vesentlig tilsidesett. I tillegg må det ver klart større fordelar en ulemper ved tiltaket. Dispensasjonssøknaden skal også leggast ved nabovarsling.
LEVERING AV SØKNAD Alle vedlegg/dokument skal grupperast slik som angitt i søknadsskjema i rubrikken beskrivelse av vedlegg og tydelig merkes A 1, A 2, B 1, B 2 osv. Behovet for dokumentasjon vil variere ut frå tiltakets art. Alle dokument og vedlegg skal være separerte filer etter gruppering skildra ovanfor og merket med søknad, vedlegg B 1-x - dispensasjon, C 1-x, D 1-x osv. Kopier ol. må være tydelige og ved behov med farge. Søknad kan leverast på følgande måtar: o Sendt til postmottak@heroy.kommune.no o Er det ein ny søknad merkast det med gnr. og bnr. og tiltakshavar. o Er det tillegg til innsendt søknad merkast det med saksnr. (td. 2017/..) o Utarbeid ein elektronisk søknad på https://dibk.no/no/saksbehandling/byggsok/. o Lever kopi av søknad på servicetorget. o Send pr. post til Herøy kommune. o Ein kan søke elektronisk via heimesida til Herøy kommune.
Slik fyller du ut blankett 5153 Kryss av det som gjelder for din søknad. Fyll ut opplysningar om eigedom tiltaket gjelder for. Beskriv tiltaket. Kryss av for gjeldande plan for området tiltaket er plassert. Er området regulert kryssar du for det, er det ikkje regulert er det kommunens arealplan som gjelder. Fyl inn areal og vis utrekning av BYA. Grad av utnytting for eigedom er angitt i reguleringsplan eller kommuneplan. Plassering: Fyll ut informasjon og avstandar.
Vedlegg Organiser og merk vedlegg etter grupper og nummerer vedlegg. Kontaktinformasjon: Angi korrekt e-postadresse. Husk dato og signatur.
Eksempel på teikningar PLANER FASADAR- SNITT Snitt A-A Fasade øst Fasade nord Teikningar skal være i målestokk 1:100 eller 1:50 og tilstrekkelig målsatt. PLAN Fasade Vest Fasade sør KRAV TIL TEIKNINGSDOKUMENTASJON Målestokk 1:100 eller 1:50 Teikningar skal være målsatt og fagmessig utført. PLANTEIKNING SKAL VISE: - Alle etasjar også kjellar og loft. - Romfunksjonar - Vegger med riktig dimensjonar. - Ved endring av planløysningar skal det ligge ved teikningar som viser tiltaket før og etter endring. FASADETEIKNINGAR SKAL VISE: - Alle fasadar merka med himmelretning. - Terrenglinjer, før og etter - Ved tilbygg/påbygg skal det visast klart kva som er eksisterande og kva som er nytt.
SNITTEIKNINGAR SKAL VISE: - Kotehøgde på golv alle plan - Etasjehøgder - Takvinkel - Dimensjonar på yttervegger og tak. - Mål for mønehøgde og gesimshøgde. Eksempel på situasjonsplan Situasjonskart Situasjonskart skal brukast som grunnlag for prosjektering ved utarbeiding av situasjonsplanen. Situasjonsplan Situasjonsplan skal vise tiltakets nøyaktige plassering og avstandar til nabogrense, regulert vegkant/midt og nærliggande bygningar.
Krav til situasjonsplan o Må være i målestokk 1:500 eller 1:1000 og ikkje være eldre en 1 år. o Vise tydelig tiltakets plassering og merket med avstandar til nabogrense, regulert vegkant/midt, andre bygningar og eventuelle leidningar i grunnen. o Dersom du har behov for kart/situasjonsplan kan du ta kontakt med Herøy kommune for utskrift. Søknad om bruksendring Dersom du skal søkje om bruksendring innanfor ein bueining trenger du ikkje legge ved kart, men det må beskrivast og komme klart fram kva for ein eigedom tiltaket gjelder. Nabovarsling er berre naudsynt dersom det fører til fasadeendringar td. nye vinduer/ytterdører. Søknad må fortsatt innehalde komplett utfylt søknadsskjema (alle relevante punkt skal fyllast ut), planteikning i målestokk 1:100 og ein kort skildring av tiltaket. Planteikning skal vise tydelig kva endringar som gjerast og det skal beskrivast klart kva romfunksjon det har vore og kva romfunksjon det har etter endring. Når tiltaket er ferdig Ferdigattest: Alle søknadspliktige tiltak skal avsluttast med ferdigattest, som utstedast av kommunen. Søknad om ferdigattest fyllast ut på blankett 5167 og sendast kommunen saman med naudsynt dokumentasjon.
Rettleiing til deg som vil gi samtykke til plassering av tiltak nærmare nabogrense enn hovudregelen på 4 meter Først av alt er det viktig å være klar over at man aldri er forplikta til å gi samtykke som skildra i plan- og bygningslovens 29-4, 3.ledd bokstav a). Dette er et samtykke man gir av fri vilje. Det er viktig å tenke på at et samtykke kan få konsekvensar for kva for moglegheiter man har i forhold til seinare byggetiltak på egen eigendom. Hovudregelen er at det skal være en avstand til nabogrense på minst 4 m, dette betyr at det skal være minimum 8 m til bygning på naboeigendom. Føreskriftsmessig brannsikring kan redusere avstandskravet. Avstandskravet på 4 m til grense gjelder ikkje for enkelte mindre typar bygningar som ikkje er til varig opphald, f.eks. garasje og uthus.
Sjekkliste for søknad utan ansvarsrett Standard skjema Blankett 5153 Søknad om tiltak utan ansvarsrett Blankett 5154 - Nabovarsling Blankett 5155 Opplysningar gitt i nabovarsel Blankett 5156 Kvittering på nabovarsel Fasadeteikningar Planteikningar Situasjonsplan Følgebrev Eventuelt: Dispensasjonssøknad Fråsegn frå nabo