nderdølen Bli med på Fjord- og Geitostfestival! Sju små og to store på Hjødlo



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for ROSA mars 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Jon Fosse. For seint. Libretto

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND


Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Informasjon til elevane

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.


Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

MEDLEMSINFO. august 2009

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Brukarrettleiing E-post lesar

Brannsår, rus eller friheit?

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Plassebakken Barnehage


SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Elevundersøkinga 2016

«Ny Giv» med gjetarhund

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Psykologisk førstehjelp i skulen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Plassebakken Barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Transkript:

BLADET F OR BYGDA MED NES TEN 80 INNBYGG JARAR nderdølen for underdøler og venene deira heime og ute 20. årgang * juni 2013 * kr 70, Bli med på Fjord- og Geitostfestival! visitundredal.no Sju små og to store på Hjødlo

HELSING LEIAR Gode lesar av Underdølen! No endeleg ser me at våren er kommen til bygdi vår. Det er på høg tid, for det er ein sein vår i år. Vinteren har vore lang, og han ville ikkje gje seg. Me fekk nysnø første helga i mai, og 14. mai sludda det på Langhuso! Tida går mest i frå oss som styrer med Underdølen. Plutseleg oppdaga me at det er visst 20 års jubileum for Underdølen i år. Er det så mange år sida me starta med bladet? Men faktisk kom det ut to blad i 1992, i samband med Bygdeutviklingsprosjektet. Underdølen skulle formidle nytt om prosjektet og Grendalaget, og slik vart det heile sett i gang. I julenummeret av Underdølen vil det komme ein reportasje om jubileet. Under bygdamøtet 13. mai, som er omtala inne i bladet, så vart det teke opp nokre andre markeringar. Det er komme opp ynskje frå utvandra amerikanarar med røter attende til Kappadalen og Nedbergo om å få sett opp eit minnesmerke i bygda. Dei har samla inn pengar til dette. På bygdmøtet kom det framlegg om plassering på gamlabryggja eller i parken. Ungdomslaget ynskjer å setje opp eit minnesmerke over Store Vetle-Per, og såleis heidre den store spelemannen som bygda har fostra. Dette er gode initiativ som tek vare på historia vår. Elles vil me oppmode folk til å bidra med stoff og idear til neste blad. Det er viktig at me får stoff inn til bladet. Det set me umåteleg pris på. Underdølen vil ynskje alle lesarar og andre ein riktig herleg sommarferie! Redaksjon Hanna Hj. Borlaug, tlf 576 31 742, hanna_1958@hotmail.com Anna K. Marstein, tlf 907 18 655, geitost@online.no Anna K. Marstein er bladet sin faste fotograf Ansvarleg utgjevar: Undredal Bygdeutvikling AS, 5746 Undredal Eigar: Undredal Grendalag Kontonr: 3745 30 28756 Utforming: Oransje webdesign, Stange Trykt hjå: Erik Tanche Nilssen AS, Skien på 130 g Profi silk Opplag: 300 Frist Frist for julenummeret er1. november, men me tek imot bidrag fortløpande. Send stoff send bilete! Åremålsdagar andre del av 2013 25 år Atle Underdal Borlaug 29.10.1988 30 år Svein Atle Underdal 16.09.1983 45 år Svenn Vidar Stegen 18.07.1968 55 år Anna Karine Marstein 22.09.1958 Kristen Vindedal 13.11.1958 60 år John Underdal 05.10.1953 65 år Huib van der Horst 04.10.1948 Målfrid Skjerdal 28.10.1948 90 år Kirsten Underdal 26.09.1923 Avlidne Kristen Tuxen Borlaug døydde 11.1. 2013. Han vart gravlagd 18. januar frå Vestby kirke. Bidragsytarar i dette nummeret (utanom redaksjon): Tekst: Kathrine F. Vindedal Andreas Aspevold Ida og Monica H. Hjellum Olaf Skjerdal Anne K. Flåm Anna Elise Borlaug Hege Strømme 1. klasse ABU Linn Janette U. Skarsbø Andreas Aspevold Flåm skule Pascale Baudonnel Info om betaling Bilde: Nils Hjellum Nina Hylland Hanna Borlaug Anne Gro Horvei Kirstine Ellingsen Jon Buene Flåm skule Pascale Baudonnel Stein Ove Borlaug 60 år! Nyttårsafta 2012 hadde Kirsten og Sigmund Underdal vore gifte i 60 år. Begge to er frå Undredal og har budd her heile sitt liv. Dei har fire søner, sju barnebarn og fire oldebarn. Kirsten og Sigmund bur i Dukandnstova. Gratulerer med jubileet! Foto: Anlaug Gårdsrud Underdal Me strever med å halde abonnentlista oppdatert og me strever med å halde kostnadene nede. Ver så snill å sende oss e-postadressa di. Då kan me sende rekning elektronisk, og sparer både tid og pengar. Gje oss melding viss du skiftar adresse og ta gjerne kontakt om det er noko. Viss du er misnøgd: sei det til oss viss du er nøgd: sei det til andre! Draumen om USA Heilt sida eg var lita jente har eg alltid hatt ein draum om å reise til USA, eller nærmare sagt Hollywood - sjølvaste filmbyen! Dess eldre eg vart, dess sterkare vart kløen etter å leve ut draumen. Eg har også sagt så lenge eg kan huske at «joda, ein vakker dag så skulle eg ende opp i USA». Det er vel yttarst få personar som ikkje har høyrt meg seie det, men dei fleste trudde nok ikkje det kom til å skje. Og kor er eg no? Jo, eg lever det fine liv i solfylte California! Planen var å ta eit friår etter vidaregåande, der eg jobba heile hausten for å tene meg opp litt peng, så eg kunne ut og reise etter jul. Men så tok eg jammen å slo to fluer i ein smekk: draumen om å reise ut og oppleve verda og draumen om å leve det amerikanske livet og å studere der. Så det er ikkje berre ein dans på roser her borte. Eg går på eit amerikansk college som ligg i fantastiske Santa Barbara. Her studerer eg Business Marketing, og eg skal gå her i eitt år. Første semesteret mitt er ferdig no i juni, så då kjem eg heim på sommarferie. Skulen vart faktisk nettopp kåra til det beste «Community College» i USA, så det er noko å skryte av! Men det vil også seie at det er mykje jobb, og til tider ganske hardt. Eg var ikkje forberedt på at det skulle bli så mykje hardt arbeid og skule som det er. I tillegg var det ein stor overgang at absolutt alt går føre seg på engelsk. Men eg angrar ikkje eit sekund. Eg har ikkje sjekka så masse opp i om eg kan fortsette på noko innanfor den same retninga når eg kjem heim til Noreg, men eg veit eg får norske studiepoeng gjennom denne skulen. Det er jo heller ikkje så mange som kan vise til at dei har studert i utlandet og på ein sopass anerkjent skule, så det kjem nok godt med på ev seinare skulesøknadar og jobbsøknadar. Elles får eg god nytte av det personlig også - eg veks som person og eg får utvikle meg på ein heilt annan måte enn eg hadde gjort heime i Norge. Etter eg har fullført dette året, så har eg gjennom det programmet eg går, moglegheit til å flytte over til eit amerikansk universitet her i Santa Barbara og studere der i 2 år til for å ta ein bachelor. Det er ikkje noko eg har bestemt meg for enda, men det er absolutt noko eg vurderer. Som sagt studerer eg i Santa Barbara, det er ein ganske liten by her i California, samanlikna med for eksempel Los Angeles. Men for meg som kjem frå vetle, vene Undredal, var den stor nok. Det første som slo meg når eg kom hit var faktisk kor mykje det minna meg om Undredal. Eg har utsikt ned mot havet (fjorden heime), det er palmetre overalt (trea/ skogen heime), og det som gir meg den største heimekjensla: Santa Barbara er også omringa av fjell. Det er nok litt meir eksotisk her nede, men eg føler likevel ein viss tilknyting. Når det kjem til skulesystemet og det der, så var det ein stor overgang. Alt er ulikt: måten dei legg opp timane på, måten dei underviser på, størrelsen på klassane, skulebygga osv. Nokre av dagane er veldig korte, men dei legg mykje meir vekt på sjølvstudium her, så dagane blir lange uansett. Ang skuletimane her, så var det kveldstimane eg må ha, som var mest uvant. Men det er blitt ein vane no. Skuleområdet her er noko av det største eg har sett. Det er to store campus: West campus og East campus, der ei bru skil dei. Det meste av området består av grøne enger der du kan ligge og nyte været mens du studerer. Det som gir skulen særpreget og at eg har eit så fantastisk bilete av den, er nok utsikten den har. Skulen ligg nemlig rett over stranda, så du har havet i augekroken konstant, noko eg likar svært godt. Noko om amerikanarane Amerikanarar er verkeleg noko for seg sjølv. Det er ingen myte at dei er høflege av seg. Dette var også noko eg måtte venne meg til: at heilt framande personar kan stoppe deg å føre ein samtale med deg som om dei har kjent deg heile livet. I kvar butikk du går inn i - og ofte folk du møter på, spør heile tida korleis det går, eller som dei seier «how s it going?» eller «how are you?». Det ligg jo i min natur å svare tilbake på det, så av rein høflegheit seier jo eg «im fine thank you, how are you?». Her nede er kulturen litt annleis når det gjeld det. For dei spør kanskje spørsmålet, men det er ikkje alltid dei vil høyre svaret, her nede er det meir eit slengord. Så for å unngå pinlege situasjonar, har eg no lært meg å smile høfleg å gå vidare i staden. Uansett kor vakkert det er her, og kor godt eg trivst, har eg mine dagar der eg lengtar heim til familien, vener, den reine og friske fjellufta og for ikkje å snakke om maten! Men så langt har det gått overraskande bra. Og eg trur kanskje mor har det verst? Men ho har klart seg bra ho og. Og eg merkar eg har utforska matsansane mine enormt etter eg kom hit. Eg trudde for eksempel at eg aldri i livet kom til å ete rå fisk, eller sushi som det heiter på fint. Men det har eg da altså manna meg opp og smakt på, og for å seie det sånn, så er det fortsatt ingen favoritt i matkorga mi. Brunosten (fløytemysosten) har eg vore så heldig at eg har slept å kjenne saknet av. For det tok eg med meg ein kilo av, også har eg fått eit par overraskingar i posten: blant anna litt leverpostei og brunost, og sjølvsagt litt fra godishylla. Sjølv om matvegen har gått greitt, må eg innrømma å ha nokon såre sakn der og: norwegia-gulosten, mammas lasagne, marinert hjortekjøtt, kjøttkaker..nei no byrjar eg å sikle her eg sit og skriv... Maten her nede er ganske mykje annleis enn heime. Dei har god mat her også, men eg skjønar kvifor amerikanarar er kjent for å vere litt større enn andre for å seie det sånn. Eg vil avslutte med å seie at alt stort sett berre er velstand og eg har det berre bra! Håper alt står bra til med alle i bygda også. Sjølv om eg trivst godt her, gledar eg meg til å komme heim også! Med VARME klemmar frå Kathrine F. Vindedal 2 Underdølen - juni 2012 juni 2013 - Underdølen 3

BYGDANYTT Nordlandsvandreren som ble undredøl! I februar kom en nordlending kjørende ned veien til Undredal, hans oppdrag var å gjøre undredøl av seg. Han hadde fått nyss i at det var en fremadstormende stilling ledig ved familiebedriften Undredal Stølysteri. Yster som han var, prøvde han derfor lykken der. Etter samtaler og noen porsjoner grøt ble det bestemt at jo denne karen måtte de få til bygda. Navnet på denne nordlendingen var Andreas Aspevold, 32 år (i gul genser, sjå under), opprinnelig unnfanga i Steigen, men ganske raskt i en alder av 15 eksportert ut av kommunen og inn i den store verden. Utdanna mattekniker og yster med flere års bakgrunn. I flyttelasset hadde han også med seg ei fager Vestfoldjente ved navn Jeanette Mangaard 27 år, som ville følge med Årets ost og Norge Rundt I fjor var Undredal Stølsyster SA med i mat-konkurransen Det Norske Måltid for fjerde gong. Det var også fjerde gongen at ysteriet kom til finalen, og denne gongen gjekk osten heilt til topps! Det var Kvit Undredal, vellagra, som Ja-Norvald På julemarknaden i ungdomshuset mottok Norvald Hjellum ei tinnkanne med inskripsjon frå Undredal Skyttarlag. Denne flotte gåva fekk Norvald fordi han alltid stiller opp når han blir spurt og fordi han er til å lite på. Men han kunne like gjerne ha fått gåva frå ungdomslaget, eller soknerådet, eller Geitostfestivalen eller 17. mai-komiteen. Du har vore med over alt, Norvald. Kan du hugse nokon gong du har sagt nei når nokon har bedt deg om ei teneste? - Nei, eg kan ikkje det. Eg har stilt opp så sant eg har hatt moglegheit. Eg tykkjer det kyttarlaget set pris på Norvald er kjekt å vere med. No har eg sin utkårede til Undredal. Med ulike servicejobber bak seg fant hun også jobb i Undredal som kirkeguide og resepsjonist nede på brygga. De to nyankommende fant seg fort til rette i bygda og ser meget lyst på fremtiden som nybakte undredølar. Vi ønsker begge å takke Undredal for mottakelsen vi har fått her i bygda, og ser frem til mange gode år i bygda. Ser frem til å bli en del av det gode samholdet som er her i bygda. Tusen takk! Andreas Aspevold Jeanette vart headhunta til jobben som omvisar i kyrkja. fekk tittelen Årets Ost. Pascale Baudonnel representerte USY på den TV-overførte finalen i Stavanger. Sjå www.detnorskemaltid.no I april var Norge rundt-teamet i Undredal og laga opptak til ei sending der Undredal Stølsysteri var gjennomgangstema. På bildet ser de programleiar Pernille V. Dvergedal saman med Anna K. Marstein, Andreas Aspevold og Gunhild S. Borlaug frå ysteriet. Programmet kan du sjå på nett-tv. Det vart sendt 19. april. meldt meg inn i Aurland skyttarlag og. Eg er litt med på skytestemne, og så er eg med på reinsjakt og hjortejakt. Sidan hausten 2011 har Norvald budd i Aurland. Han har ikkje sertifikat og tykte det vart seigt å pendle. Han har arbeidd på internatkjøkenet på Sogn jord- og hagebruksskule sidan august 1999 og trivst godt der. Som dei fleste veit, er dette ein økoskule, og mange av elevane er vegetarianarar. Men det er ikkje Norvald. Han liker best kjøtmat, slik han er vand med heimafrå. På årsfesten var det Norvald som sto for Underdalssuppa. Den fekk han mykje vellæte for. - Eg hadde aldri laga Underdalssuppa før. Men eg spurde mamma. Ho fortalde kva eg trengde, og sa korleis eg skulle gjere det. Så gjorde eg det - verre var det ikkje! Norvald har gått tre år på kokk- og servitørlinja på Hafslo vidaregåande skule. Dette året går han igjen på skule, og målet er å ta fagbrev som kokk. Tekst og foto: AKM Linn i parken julenummeret skreiv me om Linn Janette som I var komen heim etter studiar i England og som jobba på Aurland barne- og ungdomsskule. Det var ikkje berre skuleverket som var ute etter kompetansen hennar. Frå nyttår har ho hatt Verdsarvparken som arbeidsstad. Kva skjedde? - Eg likte meg som lærar, men eg vart boden eit engasjement retta mot Undredal. Ein slik jobb var meir relatert til utdanninga mi, så eg slo til. Arbeidsoppgåvene er ganske varierte. Eg skal få Undredal Guideservice opp og gå att, etter kvileåret i fjor pga istandsettinga av kyrkja. Så arbeider eg med ein brosjyre om alt som skjer i Undredal, så turistane ser mangfaldet av turar og opplevingar. Bruken av skulehuset har eg vore litt involvert i, og så har eg prøvd å koordinere forskjellige tiltak i sommar. Ein av oppgåvene som Verdsarvparken arbeidar med er å koordinere forskjellige tiltak og samle informasjon, slik at den lettare kjem ut til folk, under ein felles profil. Linn sitt engasjement varer berre ut juni, men ho håpar det blir forlenga. Kva kunne du tenkt deg å arbeide med viss du får halde fram i stillinga? - Eg kunne tenkt meg å lage slike plakatar eller faldarar for fleire bygder. Me har fått gode tilbakemeldingar på denne Sju små og to store på Hjødlo Natt til 28.februar i år var Kaira særs uroleg om natta. Pappa og mamma trudde ho hadde vondt i magen, og fleire gonger i løpet av natta følgde pappa Kaira ut på do. Då pappa reiste på jobb kl. 06.00 måtte Kaira vere ute i hundegarden, og me skulle ta ho inn igjen då me reiste på skulen. Då me skulle reise fekk me ho ikkje inn att. Fleire gonger ropa me på Kaira, men ho kom ikkje ut av hundehuset sitt. Mamma måtte hjelpe til også, men heller ikkje ho fekk fram Nyfødde kvelpar 28.februar 2013. Foto: Nils og Nina Linn Janette med den nye brosjyra om Undredal om Undredal, og det ser ut til å vere eit behov for slike i fleire bygder. Så kunne eg tenkt meg å drive med produktutvikling for Undredal Guideservice. Det er ikkje berre i kyrkja det er behov for guiding. Det er heilt sikkert ein marknad for guida turar i naturen her. Eg tykkjer og det er spennande, det Sakte-alliansen arbeider med. Eg har mange idear, me får sjå kva framtida bringar! AKM Kaira. Me ringde til pappa og sa han måtte reise heim etter at han hadde køyrt elevane på skulen. Mamma snakka med pappa i løpet av dagen, og det viste seg at Kaira hadde fødd 5 kvelpar ute før pappa kom heim. Pappa tok alle kvelpane og Kaira med inn i hundekassen på kjøkenet. Inne fødde ho to kvelpar til. Kaira fekk fire tisper og tre hannar, og det stod bra til med alle saman. Det spesielle var at kvelpane var fødde på bursdagen til Monica. Det var ekstra stas! Kvelpane har vakse fort, og dei 3-4 første vekene var det Kaira som ordna alt med dei. Ho gav dei mjølk, og det ekle var at ho åt bæsjen deira. Kaira har vore ei god og snill mor, og ho har passa godt på dei. Alle som har helsa på kvelpane har fått lov til det av Kaira. Det har vore kjekt å følgje utviklinga til kvelpane, og me har kosa oss med alle saman. Alle kvelpane er like fine, og me har fått vist dei fram til mange. Pappa har fått mange telefonar frå folk som vil kjøpe hund, men han har vore ekstra streng med at dei skal få ein god heim. Me tykkjer det blir trist at hundane skal reise, men me kan ikkje behalde dei. Difor håpar me at dei får ein god heim. Kanskje ein gong i framtida kjem det eit kull til? Monica og Ida Hylland Hjellum. 4 Underdølen - juni 2013 juni 2013 - Underdølen 5

BYGDANYTT Ein kald vinter Mikael Hov og dampskipskaien Mikael Hov kjenner dampskipskaien i Undredal godt. Han har vore her mange gonger før og reparert han. I januar månad kom han for å utføre reparasjonane på kaien, og det var større og meir omfattande arbeid enn han hadde sett føre seg. Det var ulike typar skade, men mest frå påkøyrsel av båtar som legg inntil kaien. Arbeidet han har gjort no har vore og bytt sjener, og så har det vore mykje sveisearbeid. - Eg var her i nesten heile januar, og det var ein veldig kald jobb, seier han. V åren starta så smått sist helg med regn og vind, og nokre få varmegrader. Det var 14. april. Når dette vert skrive er me over halveges i april, og det er faktisk snø i lufta fram på Langhuso. Snø og is ligg framleis mange stadar. Ein seigliva vinter vil mange seie, og det er nok rett. Vinteren starta tidleg med kulde og litt snø i november, og det fortsette slik i desember. Faktisk kom snøen før alt lauvet var vekke frå trea. Er det eit verteikn? Det var uhyggeleg kaldt, tykte dei fleste. Godt er det likevel at veret har vore stabilt, unnateke ein liten periode i januar. Det var komme bra med snø, og så dessverre fekk me mildvêr med regn ei veke slik at noko av snøen rann vekk. Etter det sette kulden til for fullt att. I vinter har det ikkje gått ras frampå dalen. Det spesielle denne vinteren er isen som har vakse fram alle plassar. Sjølvsagt fekk isen godt feste tidleg før snøen kom, men det har berre auka meir og meir på utover vinteren. Isen har teke feste dei fleste plassar i vinter, slik at det har vore uråd å ferdast etter dei vanlege stiane. Det var greitt skiføre på Gamlevegen ei stund, men etter kvart vart det så hardt at det ikkje var forsvarleg lenger å gå på ski. Over Djupsåna har det ikkje vore mogleg å gå, verken på ski eller til beins. I påsken vaks isen med stor fart i Fløytagrovi, og då måtte ein ha broddar for å komme over. På Hjødlasida gjekk det an å gå med broddar ei stund, men til slutt vart det altfor farleg. Kiddjajuva var overdekt med is og det var heile Hjødla-Melhus òg. Mykje av Undredalselvi har vore attfrosen mykje av vinteren, og isen har vore tjukk. Det har vore mogleg å kryssa elvi fleire plassar både for folk og dyr. Telen var så djup at vatnet flaut oppå bakken mange stader: Foto: Hanna Borlaug eg har ikkje funne daude dyr. Det har vore mykje spor å sjå i snøen. Spora har vore mest etter rev og hjort. Det er litt merkeleg at haren har forsvunne meir og meir frå dalen. Det har ikkje vore eitt spor å sjå i vinter, men skal tru om eg ikkje har høyrt han. Den spesielle lyden er merkbar i februar og mars. Reven har det vore lett å få auge på i vinter, og det synest av spora som har vore alle plassar, men det har òg vore nokre større spor som liknar gaupespor. Det er ikkje usannsynleg at det kan vere streifdyr frampå dalen, for gaupe er observert tidlegare i Undredal. Spora er sett på ettervinteren om lag i same området som tidlegare observasjonar. Til slutt vil eg fortelje om ein spesiell rev eg møtte på seinhaustes. Han berre kom meg i møte, og eg vart veldig skeptisk og lurte på om han var sjuk. Det var han ikkje, for det var ein flott rev på alle måtar som var tillitsfull og tydeleg vand med folk. Det viste seg at reven fekk mat frå folk, men det kunne ikkje eg vite. Eg møtte han fleire gonger, men plutseleg var han vekk. Det var ei heilt spesiell oppleving med eit vilt dyr som sikkert ikkje skjer fleire gonger. HHB I vinter har månen hatt eit spesielt skarpt og klart lys, og det kan tenkjast at det har noko med det kalde vinterveret å gjere. Samstundes har det vore ein del nordlys som har farga himmelen i nord. For ein del av oss som ferdast ute i kalde kveldar med fullmåne, så har det vore ei fantastisk oppleving å sjå det fine vinterlyset. Det er lett å sjå både dyr og anna i slikt eit lys. Så når nordlyset kjem over nordhimmelen mot Nedbergo, då må ein berre stoppe opp og sjå kor fargane flyg i kryss over himmelen. Når ein er ute og går i snøen, så blir det ein spesiell knirkelyd under skorne. Det bråkar og lagar høge lydar, men det er det nok berre eg som tykkjer. Det virka no ikkje som om dyra vert redde, for det kan godt hende at t.d. Mikkel sit og følgjer med på kva du gjer ute så seint om kveldane. Det er noko av det som er spennande at plutseleg ser du eit dyr som stoppar opp og ser på deg. Det har hendt mange gonger. Vinteren har nok vore hard både for dyr og fuglar, men Denne hjorten var ein fast gjest i hagen til Erna og Sigbjørn denne vinteren, men her står han ved tørkestativet til Målfrid og Olaf. Foto: Stein Ove Borlaug HB. Foto: PB Minnetavle om utvandra undredølar På bygdamøtet den 13. mai informerte Linn Janette skarsbø i Nærøyfjorden Verdsarvpark om at ho hadde blitt kontakta frå etterkommarar etter nokre utvandra underdølar. Dei hadde i mange år tenkt på å få sett opp ei minnetavle om nokon som utvandra frå Undredal til Amerika. Det handlar om Knut E Kappadal Flåm og Ragnhild Nilsdotter Nedberge (bygdeboka s. 250 Bruk 2), og Lars Knutsen Kappadal og Ingeborg Larsdotter Nedberge (side 279 Bruk 1). Dei som Linn Janette har vore i kontakt med er Arne Brekke, Rae Malneritch, og ei Lorna. Rae Malneritch har skrive ei bok om etterkommarane til Kappadal- og Nedbergefamiliane. Den som fyrst kom på dette var visst Lorna rundt 2000. Ideen fekk god mottaking på bygdamøtet, men kvar ei slik tavle ville passe best? Gamlabryggja vart lansert som eitt alternativ, men det var Parken som fekk mest støtte. Her har me geita Langhuslin, og her har me informasjonstavla om Verdsarvområdet. Det er vakkert med plen, blomar og benkar, så dette må vere rette staden for eit minnesmerke over dei som for ut i det ukjende på grunn av trange tider 17. mai-toget rundar Parken. Frå 2012 her heime. Då håpar me at dei som har arbeidd for saka ikkje har gått lei, men står løpet ut. Tenk om tavla kunne AKM komme på plass til Fjord- og Geitostfestivalen i år! Vintervår 1. mai kom vinteren på nytt til Undredal. Me trudde at vinteren var over, men då tok me grundig feil. Det snødde i tre heile dagar til ende. På dalen kom det mellom 20 og 30 cm med snø. Det var like før skia vart plukka fram att. HB Foto: Stein Ove Borlaug 6 Underdølen - juni 2013 juni 2013 - Underdølen 7

8 Underdølen - juni 2013 Meisterspelemannen Peder Pedersen Underdal, også kalla Store-Vetle-Per Skrive og framført av Olaf Skjerdal på årsfesten til Undredal Ungdomslag, vetle-nyttårsafta 2012. Per vart fødd i Undredal i 1802. Fødselsdatoen er ikkje kjend, men frå Riksarkivet i Oslo har eg fått opplyst at han vart døypt 2. påskedag 1802 som var den 19. april, og han fekk namnet Peder etter faren som og heitte Peder med etternamnet Halsteinsen Underdal (Bakka). Mora var Karij Hansdotter Underdal. Peder Halsteinsen var husmann og budde på ein stad som vart kalla Sagøyna. Staden ligg sør for Tørris Vindedal sitt hus og ca 50 m frå statuen av geita i parken. Namnet Sagøyna kom seg av at i 1670 sette Hans Pedersen opp ei sag på denne staden. Seinare vart staden husmannsplass under Gnr 51, br.nr 27, det som i dag er garden Nigarden. På eit innlegg på nettet står det at Peder Halsteinsen var skattefut (Rolf Myklebust 50 år med folkemusikk ) men dette er nok ei forveksling. Han hadde ei stilling som vart kalla Stattarkonge, eller på dialekt Stautarkonge. Det vil seia at han skulle skyssa ut av bygda folk som ikkje var velkomne der. Det vert sagt at han var ein heller storvoksen og sterk kar. Store-Vetle-Per var eldst av 6 sysken, og slik vart det til at han arva staden etter foreldra. Store-Vetle-Per var gift 3 gonger, men fekk born berre med den fyrste kona. Ho heitte Anna Ingebriktsdotter Underdal. Dei vart gifte i 1827 og fekk to jenter som vaks opp. Dei hadde og ei tredje jente som heitte Anna, men ho vart berre eitt år før ho døydde. Den eine dottera, Kari, vart gift etter at faren kjøpte garden Røysum til henne. Olina, den andre, vart gift med O. Botolsen Underdal på bruk nr 20. Det er mange som er direkte etterkommarar til Olina i dag. I Aurland var det på den tida eit rikt felemiljø,slik som det også er i dag. I Undredal veit me ikkje om fleire store spelemenn enn Store-Vetle-Per. Denne dugande spelemannen måtte inspirera seg sjølv og det ser ut til at det ikkje sette nokon dempar på læringa hans. Han var den beste spelemannen som me kjenner til både i Aurland kommune og omlandet. Dette omfattar også Voss, som på den tida hadde fostra mange dugande hardingfelespelemenn. Men i akkurat dette miljøet var Store-Vetle-Per sers godt likt. Per vart leigt til å spela på eit bryllaup på Vossastrand som på den tid var eigen kommune. Per la i veg og kom ikkje heimatt før han hadde spela i 17 bryllaup. Og han hadde ikkje skusla bort betaling heller. Det vert fortalt at han kom heimatt med ei skjeppe med mynt. Inntektene frå speleoppdraga gjorde at Per vart ein halden mann, og så gjekk det til at han i 1850 fekk fortalt at det skulle seljast ein gard på Leikanger. Det var garden Røysum. Per rodde då frå Undredal og kom ut til Hermannsverk. Han kom seg fram til garden og spurde frampå om kor mykje Harald, Gøril og Hallgrim frå Aurland Spelemannslag spelte slåttar etter Storevetleper dei skulle ha for garden.til å byrja med fekk han ikkje svar på det han spurde om. Han såg seg omkring og etter ei tid spurde han oppatt. Då han fekk veta summen, tok han fram skreppa si (ein stad står det at han tok opp felekassen). Så talde han opp i sylvdalar den heile sum. Det vart nok stilt i stova, men etter dette skreiv dei kjøpekontrakten og vart vel forlikte. Denne garden kjøpte Store-Vetle-Per til eldste dottera Kari. Kari vart nok omsverma fordi ho var ugift og åtte ein gard. Og til slutt gifte ho seg med Johan Nilsen Njøs. Etterkommarane deira er ein heil historie for seg sjølv. Dette var ei slekt med mykje spel og dans. Forklaringa med at mange trudde at Per flytte til Leikanger kjem nok av at presten som skreiv inn brura sin far kalla han for Peder Pedersen Røysum. Eg har sjølv hatt den æra og få spela med min gode ven Dinne, Nils O. Røysum, som er direkte etterkomar frå Store-Vetle-Per, og som var ein dugande og svært kjend trekkspelar som var med og heldt liv i slåttane som Store-Vetle-Per hadde laga. Attende til Store Vetle-Per: Per var og ein dugande komponist, men han skreiv ikkje notar. Slik har det seg at mange av slåttane hans ikkje har vorte kjende som slåttane til Stor Vetle-Per. Me er heilt sikre på to av slåttane hans. Det største verket etter mi meining er Bruremarsj frå Underdal. Denne bruremarsjen er no teken i bruk utover heile landet. Det som særmerkjer den bruremarsjen er at den vert som oftast framført med litt seinare takt enn elles. Svein Skjerdal (Storesvein) har fortalt at han lærde denne slåtten av Sjur Veum eller Mjølke-Sjur som han vart kalla. Det hadde seg slik at Sjur var mjølkekontrollør og for rundt på gardane og tok prøvar av mjølka for å finna ut feittinnhaldet m.m.. Dette var i slutten av 1950-åra. Slik kom Sjur til Skjerdal ein haustdag. Sjur var ein kulturpersonlegdom og var ein meister til å deklamera. Under ei samkome skal Sjur ha tralla Bruremarsj frå Underdal til Svein. Forklaringa på at bruramarjen var kjend i Vassbygdi kan vera at felespelaren som vart kalla Sandvollen (Rognald Veum) var med då Store-Vetle-Per kappast om å spela i tre brurevigsler i Vangen kyrkje med Sandvollen og Kuskahans. Springaren Store-Vetle-Per er vel den som er mest kjend i spelemannskrinsar og var mykje nytta i Sogn. Såleis kan eg fortelja fyrste gongen eg høyrde denne: Det var julegjestebod i garden Skjerdal, som ligg på andre sida av fjorden frå Undredal. Dette kan ha vore i slutten av 50-åra. Med i gjestebodet var naboen vår, Svein Skjerdal, eller Store-Svein som me kalla han. Mor vår, Signe, ba Svein om å henta fela og spela nokre slåtta til oss. Svein så gjorde, og dette har nok gjort inntrykk på oss alle. Fyrst spela han Budeiene på Vikafjellet, og så spela han Store-Vetle-Per. Han fortalde også noko om spelemannen frå Underdal som hadde laga slåtten. Svein er seinare kjent som ein sers dugande spelemann som har gjort mykje for folkemusikken.svein er dessutan ein som seier at Store-Vetle-Per også heilt sikkert har laga springaren Marta Onstad. Dette vert også hevda av Arne Bjørndal som skreiv den ned i 1908. I diskusjon med andre som hevda at slåtten var ei vestlandsutgåve av Springaren Jarand Skinnarland. Dette er ein slått som går under mange namn, og mange seier at dei har skrive slåtten. Det var ikkje uvanleg på den tida. Som oftast vart det lagt til fleire vek (vek er eit gamalt utrykk for musikklinjer eller verselinjer) eller omskrive litt før folk som skreiv notar fekk festa han på papiret. Arne Bjørndalen er rekna som ein av dei fremste tolkarane av folkemusikken og har godt omdøme i musikkrinsar. Arne Bjørndalen skriv at slåtten opphavleg er ein sogneslått. Han hev den markerta rytmiken som sognespelet i sers mun merkjer seg ut med. Namnet Marta Onstad fekk springaren av Sjur Heleland som var leigd til å spela på marknaden på Lærdalsøyri i 1883. Dette var med andre ord 13 år etter at Store-Vetle-Per var død. Dette var ei tevling i springdans. Det eine paret var Marta Onstad og Per Skaheim. Marta kom då fram til Sjur Helgeland og sa til han: Kan du denna? Og så tralla ho i veg. Denne hadde ho dansa etter fleire gonger. Sjur Helgeland kjende att melodien. Det hadde seg slik at Sjur Helgeland vart kjend med dotterdotter til Store-Vetle-Per, som heitte Anna og som var tenestetaus i prestegarden på Voss. Ein gong Sjur kom til Anna på vitjing var Store-Vetle-Per der. Og det gjekk ikkje betre til at desse to spelemennene tok fram felene sine og spela til kvarandre, og let Anna vera Anna. Slik gjekk det til at Sjur Helgeland fekk høyra slåtten direkte frå komponisten. Han hadde og sikra seg springaren Store-Vetle-Per. Etter å ha spela Marta Onstad på Lærdalsmarknaden kom Sjur Helgeland samen med spelemannen Mosafinn og han lærde han denne slåtten. Mosafinn bygde ut slåtten med fleire ristetak. I 1883 reiset Marta Onstad til Amerika og då Sjur tok avskil med ho på bryggja, så tralla ho slåtten medan ho gret. Marta levde ugift til ho miste livet i ei ulukke i 1935. Då Rasmus Breistein var i Amerika og heldt foredrag og spela til, spela han og slåtten Marta Onstad som han hadde lært av Arne Bjørndalen. Etter at foredraget og spelinga var slutt, steig det fram ei staseleg dame og helsa på Breistein og sa: -Goddag, namnet mitt er Marta Onstad. Det var eg som dansa med Per Skaim Vikesland på Lærdalsmarknaden der Sjur Helgeland spela! Denne historia vart bekrefta av spelemennene Harald Skjerdal og Magne Skjerdal. Her er det som Harald har fortalt: - Det var ei tilstelling i Lensmannsstova på Onstad ein gong på 80-talet, trur det var i juli 1981. Han Magne og eg var spurde om å koma og spela til ei gruppe med turistar, mellom dei nokre norsk-amerikanarar. Me spela m.a. Marta Onstad og fortalde litt om opphavet til slåtten. Etter spelinga kom ein eldre kar bort til oss og fortalde at han hadde høyrt slåtten spelt under same namnet, på ein konsert i USA for mange år sidan, av ein norsk hardingfelespelemann. Då hadde ei eldre kone røyst seg og fortalt at ho var Marta Olaf Skjerdal er ein god forteljar Onstad, som slåtten hadde fått namn etter. I Aurland prestegjeld var det stor konkurranse mellom spelemennene om kven som var den beste. Det vart fortalt om ein gang at det var tre brurepar i aurlandskyrkja same dag. Skikken var slik at brurepara vart spela ut av kyrkja. Det fyrste paret kom frå Undredal og Store-Vetle-Per stemde i med Bruremarsj frå Underdal. Det andre paret kom frå Vassbygdi og hadde ein dugande spelemann som vart kalla Sandvollen. Namnet hans var Rognald Veum. Det tredje paret kom frå Aurland, eller nærmare bestemt frå Onstad, og hadde ein dugande spelemann som heitte Hans Ohnstad. Han vart i daglegtale kalla for Kuskahans. Då alle hadde spela ut brurepara, møttest dei tre spelemennene og tala om korleis det hadde gått. Sandvollen sa då til Store-Vetle-Per: - Du spela nok best du Per, men me andre held oss like i baken på deg. Ut frå dette kan ein sjå at det var eit rikt spelemannsliv i Aurland på denne tida. I Undredal finn ein ikkje noko kjelde som seier at det har vore fleire dugande spelemenn på den tida. Heller ikkje kan ein finne felespelarar som var rekna for meisterspelemenn etter at Store-Vetle-Per hadde gått bort. Heller ikkje i den tida var det ikkje heilt fritt for krimenalitet. Det vert fortalt at ei natt vart skinnposen med fleire hundre dalar borte. Det såg ut til at det hadde vore tjuvar på ferde. Ein kan undra seg over korleis Peder kunne få så stor innkome av spelinga si. Det fortel vel kor omtykt og kjend denne meisterspelemannen var, og då vidare ut over Sogn og Fjordane og Hordaland. Han var fast på dei fleste tingseta, og i 1870 var det eit slikt tingsete i Aurland. Per rodde sjølv inn den dagen og det vart heller seint før han tok på heimvegen. Då folk dagen etter fekk høyra at Per ikkje ver heimkomen, rodde dei innetter mot Aurland og før dei kom til Flenes såg dei båten hans. Per hang med overkroppen utanfor båten og hadde hekta seg med trøya i keipen. Han var diverre drukna. Dette var ein tragisk slutt på meisterspelemannen Peder Pedersen Underdal. Storelvi i Undredal går i stadfydla, som me seier på dialekt, og då er ho ikkje nådig.ho kan skifte far fleire gonger same dag. Slik gjekk det til at elvi skar seg, og tok heile Sagøyna med Vetle-Per-hagen og sopte det på sjøen. Me kan i dag ikkje sjå att noko som hadde med eigedomen å gjera. I våre dagar er elvi førebygd, slik at ho ikkje får herja fritt. Ut frå bygdeboka kan me i dag sjå føre oss kvar denne hagen låg. Her burde det ha vore ein statue av den meisterspelemannen som alle Underdøler har god grunn til vera stolte over! Kjelder: Bjarne Eggum, Underdal og Nærøy Sokn (Åsmund Onstad) Svein H Skjerdal. Riksarkivet i Oslo Ref etter Arne Bjørndal Ref frå Rasmus Breistein si reise i Amerika Sjur Veum (attfortalt) Harald Skjerdal juni 2013 - Underdølen 9

Skuleskyss Flåm Sogndal I kommunestyret 7. mars vart det heilt uventa vedteke at skuleskyssen for skuleåret 2013/14 skulle leggjast ned. Grunnen var at skyssen vert altfor dyr for kommunen. Det er snakk om ein totalkostnad på 3 millionar kroner. Saka kom som lyn frå klår himmel. Ingen visste noko før saka låg i kommunestyret. Dagen etterpå vart det arrangert fakkeltog på Vangen, og det vart sett ned ei aksjonsnemnd. Dette var ei sak som skapte nesten opprør i folket, og underskriftsliste vart sett i gong. Saka var på dagsorden då Formannskapet hadde møte 18. april. Då skulle politikarane ta stilling til om saka kunne takast opp på nytt. Mykje folk var samla på rådhuset denne dagen. Aksjonsnemnda var på plass, nokre brukarar av skuleskyssen, foreldre, NRK Sogn og Fjordane og Sogn Avis. Konklusjonen vart at det var store sjansar for at saka kunne takast opp att i kommunestyret 2. mai. Det vart lagt fram slik at politikarane fekk saka som ei ekstrasak, og kunne då ta standpunkt til om saka skulle setjast på dagsorden. I mellom desse møta var det mykje skriving i media, og det vart også lagt fram busstransport som eit alternativ. Der kom det vel fram at då ville elevane komme 5 minutt for seint kvar dag, og det meinte fleirtalet mot buss ikkje var tilrådeleg. I kommunestyret 2. mai var salen stapp full, og det var både spent stemning og høge forventningar til avgjerda i Tre karar som har hatt god nytte av skulebåten i år. denne saka. Det vart bestemt at saka skulle takast opp att på nytt. Ni representantar røysta for det. KS-029/13 Vedtak: Aurland kommune vidarefører skulebåten i skuleåret 2013/2014. Det må innhentast nytt anbod på båtruta, der ein legg inn endra føresetnader. Ekstra utgifter utover budsjett vert dekt med at avsetning til utviklingsfond vert redusert tilsvarande. Evaluering av skuleskyssen dei siste tre åra skal gjennomførast innan september 2013, og arbeidet med skuleskyss for 2014/2015 skal setjast i gang seinast i oktober, og vert lagt fram for kommunestyret seinast i desember. Anbodsdokument skal utarbeidast i samråd med ekstern maritim ekspertise Støynivå må målast og verifiserast og bør vere om lag 70 db. Det må opplysast korleis båten taklar is og kor tjukk is den kan klare Reisetida kan aukast med 10 min. kvar veg i forhold til dagens rute Båten må ha kapasitet til minst 40 personar Tilbodet vert innhenta for eitt år, med opsjon for ytterlegare to år Skulebåten Kl 15:30 dagen etter at kommunestyret hadde vedteke å vidareføre skulebåtordninga kjem tre ungdomar spaserande med sekkane på ryggen. Kva betyr skulebåten for dykk? - Det betyr ikkje all verden, seier dei tre. Torbjørn Borlaug har tenkt å gå på TIP på Voss vgs til hausten. Då håpar han å ha sertifikatet i lomma. Simon og Tore skal halde fram på elektro og byggfag på Sogndal vgs og har allereie skaffa seg hybel. - Men båt er ei fin løysing, seier Tore. Buss blir fiasko, i alle fall for oss frå Undredal. Det er flott for oss å kunne ta båten heim på fredagen. Er det ikkje mykje bråk på båten? - Nei, me er blitt så vande til det at me ikkje tenkjer over det lenger, svarer Tore. Knut Nedberge og Jens Olav Torgersen følger også båten. - Viss ruta hadde blitt lagt ned, hadde eg begynt å jobbe på Voss seier Knut. Han arbeider på Sogn skattekontor. Då hadde eg pendla. Jens Olav bur eigentleg i Sogndal, men leiter for tida etter hus, så det har vore godt å ha skulebåten inntil vidare. Han reknar med å finne seg ein plass å bu i Sogndal før eller sidan. Det er også ein kvinneleg tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som pleier reise med skulebåten to gonger i veka. Ho kjem med bil frå Voss. Underdølen har ikkje lukkast å få kontakt med ho. AKM HB ORGANISASJONSSTOFF Grendalaget Den 21. mars hadde grendalaget årsmøte kl 19.30 på Undredal skule. I alt 15 personar var møtt fram. Vanlege årsmøtesaker var på programmet. Alle sakene var drøfta og godkjente. Styret er sett saman slik: Anne K Flåm, leiar for eit år. Ivar Bjarne Undredal og Leif Inge Undredal er styremedlemmar for to år. Eke Krug og Inger Oline Øy er styremedlemmar for 1år. Varamedlemmar for eitt år: Anna Karine Marstein og Judith Torgersen. I valnemnda var Svenn Vidar Stegen for eitt år, Edvin Flåm for to år og Pascale Boudonnel for tre år. Grendalaget har mange velfunksjonar på arbeidsprogrammet. Det er desse velfunksjonane grendalaget har arbeidd med i meldingsåret Det har vore peika ut frivillige ansvarlege for konkrete arbeidsoppgåver. Eit lite utdrag av arbeidsprogrammet for velfunksjonen i 2013: Betre opplegg for turistrenovasjonen med mellom anna merking på fleire språk Prosjekt Blomsterbygda Undredal; såing av frø, innkjøp av blomar, vatning, luking og vinterlagring av blomar, kassar og urner UUL Undredal Ungdomslag Nytt golv på kjøkenet "Er rota tørr og toppen tett, kan huset stå i hundre år", seier eit ordtak. Ungdomshuset vårt nærmar seg 100-årsjubileet. Før 17. mai sette nokre karar i gang med ein viktig jobb. Ein lekkasje frå den gamle varmtvannstanken hadde øydelagt delar av golvet under kjøkenbenken og på kjølen. Ny beredar kom på plass for eitt år sidan, men golvet sto att. Stig Arne og Atle Borlaug fekk jobben gjort på dugnad. Tusen takk! Lydkurs i Ungdomshuset Helga før 17. mai arrangerte UUL eit kurs i lyd og internkontroll i ungdomshuset. Olaf Skjerdal var kursleiar. Han er elektrikar og har mange år på baken som ansvarleg for lyd og anna teknisk i huset, og elles i bygda. Olaf nærmar seg 70 år, og ser gjerne at han får avløysing. Seks karar møtte opp for å lære. Stell og vedlikehald av benkane Ettersyn og vedlikehald av badestranda. Trygge tilhøva for born som badar Vedlikehald og reparasjon av Gamlebryggja Vedlikehald av turskilt og info-tavler i bygda Forvalte drifta av skulebygningen i samarbeid med Verdsarvparken Arrangere bygdemøte Setje opp julegatelys og juletre, og markere opninga av julegata andre sundag i advent Ryddedugnad kvar vår i sentrum Vere pådrivar overfor kommunen i saker som er viktige for bygda, som t.d. bustadbygging Arbeide for at innbyggjarane i Undredal skal få ei god og framtidsretta løysing for tv-signala Arbeide for eit betre og raskare nett Styret har samarbeidd med Nærøyfjorden Verdsarvpark, Naturverkstaden og brannvesenet i kommunen. Dei har hatt møte på skulen og delar av styret har tilrettelagt dette. Eit stort bygdemøte vart arrangert med Ole Fretheim og bilete frå boka hans. Anne K. Flåm, leiar Familiedag I påska inviterte UUL til familiedag på Hjødlabukti. Det var Anna Elise aom hadde regien, og dagen var prega av at ho er glad i friluftsliv og leik. Første oppgåve var å dele seg inn i lag og lage eit ord av første bokstaven på ting ein fann i fjøresteinane. Det kom mange kreative forslag. Så var det grilling av pølser og anna som folk hadde med seg. Anna Elise kokte kaffi og steikte lappar på bålet. Hovudattraksjonen var den årlege Eggleitinga. Anna Elise hadde gøymt godteri-egg omkring på Hjødlabukti og no fekk alle fare omkring og leite dei opp. Det var bortimot 20 personar med stort og smått som møtte opp, og hadde ein fin dag i vårsola. Tekst og fotos: AKM 10 Underdølen - juni 2013 juni 2013 - Underdølen 11

Fjord- og Geitostfestivalen 2013 I år er det igjen duka for festival i den vetle bygda vår. Til skilnad frå tidlegare, vil me i år ha fokus på fjordlandskapet, i tillegg til geita og osten som me er so kjende for. Me har valt å utvide festivalen med ein dag for å gi folk opplevingar av ulike slag i dei flotte omgivnadane me har i Undredal. Her får både kjende og ukjende moglegheit til å sjå og lære meir om landskapet som omringar bygda. Under desse dagane får me dermed vist fram det beste Undredal har å by på i skjønn foreining. Det er ei glede for oss å ynskje velkommen til den fyrste Fjord- og Geitostfestivalen i historia, og me håpar at mange ynskjer å ta del i festen saman med oss. Me gler oss i alle fall til opplevingsrike dagar med mykje spanande på programmet. Meir utfyllande program og andre nyheiter om festivalen vil ligge på www.visitundredal.no visitundredal.no Helsing festivalkomiteen Vil du vere med oss og lage ein super festival? Program Torsdag 25 juli 10:00 Fottur til Stokko med enkelt slåttemåltid. Oppmøte ved kyrkja 10:00 Roturar med Sognabåt 20:00 Sosialt samver med lokale musikkinnslag. Sal av ostetallerken og drikka Fredag 26. juli 11:00 Natursti i bygda, alle slags oppgåver, moro for store og små Aktivitetar i sentrum for voksne og born Roturar på fjorden Kajakk-kurs. Meld dykk på! Fottur til Nedbergo, liten konsert m Aasmund Nordstoga kl 14:00 14:00 Presentasjon av bøkene Opptur Nærøyfjorden og Underdal og fjorden ved forfattarane. Sal av bøker og bilete 16:00 Kapproing med sognabåtar frå Krossanes til Nyabryggja. Meld dykk på! 19:30 Konsert på bryggja med Aasmund Nordstoga 22:00 Dans, musikk ved Geir Åge og Åge Sogn. Grillmat, ostetallerken og drikka Laurdag 27 juli 11:00 Bodane opnar. Lokale mat- og handverksprodukt av høg kvalitet Festivalen har bod med sal av grillmat, rømmagraut, lappar, kaffi og kaker Åresal gjennom heile dagen Kajakkturar på Fjorden heile dagen Akivitetar for born og vaksne 12:00 Samling med allsong i Smihola 13:00 Forteljinga om Storevetleper ved Olaf Skjerdal 14:00 Brimosthøvlingskonkuranse 15:00 Pacôme & co spelar 16:00 Premieutdeling 18:30 Bordseta med rommagraut og mylsa og litt musikk attåt 20:30 CD-slepp og minikonsert med syskena Skjerdal 22:00 Bryggjedans til musikk av Sogns. Grillmat, ostetallerken og drikkevarer Søndag 28 juli 09:30 Stor frukost på bryggja 11:00 Salbodane opnar. Lokale mat- og handverksprodukt av høg kvalitet Festivalen har bod med sal av grillmat, rømmagraut, lappar, kaffi og kaker Lynlotteri heile dagen 15:00 Festivalslutt Arr: Undredal Ungdomslag, Undredal Grendalag, Visit Undredal, Smihola Me ynskjer alle velkomne til Fjord- og Geitostfestivalen i Undredal! Me er ein gjeng engasjerte folk som har bestemt oss for å laga ein triveleg Fjord- og Geitostfestival i sommar. Me er allereie godt i gang med planlegginga, og har fordelt ansvar for dei største oppgåvene, men me treng mange frivillige, anten du er ung eller gamal. Har du moglegheit til å hjelpe til? Dette kan du gjere: Grille og selje mat i matboden vår på dagtid laurdag og sundag Vere vakt på dansen fredag kveld Vere med å rigge før, under og etter festivalen Servere under bordseta laurdag kveld Selje årar (loddsal) laurdag og sundag Hjelpe til med aktivitetar for born og vaksne (anletsmåling, brimostforming, hesteskokasting osv ) Vere parkeringsvakt Hjelpe til med rydding og reinhald Selje billettar Alt frivillig arbeid vil bli løna med fri inngang til ulike arrangement alt etter kor mykje du jobbar. Ei vakt kan vare 3-4 timar eller meir. Ca 10 timar arbeid gir deg fri tilgang til alle arrangement som er i regi av UUL og Underdal Grendalag (festivalpass). Me vil gjere alt me kan for at du, som er frivillig, skal får ei festivaloppleving som blir verd å minnast. Har du spørsmål eller vil melde deg som frivillig, kan du ta kontakt med festivalleiar Anna Elise Borlaug, E-post: panapelise@hotmail.com, tlf: 9130 9021 Håpar me sjåast i sommar! Helsing festivalkomiteen 12 Underdølen - juni 2013 juni 2013 - Underdølen 13

KYRKJA KULTUR Bilde frå gamle dagar Verdsarvkonsert med VAMP 10. august på stigen Tulla, dvs Kirstine Ellingsen, har to bilete som ho gjerne vil dele med lesarane. Dei vil sikkert vekke minne blant fleire.tulla bur på Naustbakken og har bygdas finaste rosehage. Frå stoveglaset sitt følgjer ho med på livet i bygda. Ho har eit godt minne og er flink til å møte opp når det skjer noko. Det er nesten ti år sidan prosjektet Stigaløa så dagens lys.,- men no ser vi enden på det. I april vart lafta tømmer og material frakta med helikopter til Stigen frå Fresvikåsen, og i løpet av sommaren skal heile bygget setjast opp på den nyvølte muren. Det er spennande tider, og målet er at Stigaløa skal vere ferdig utvendig til 10.august. Då skal Stigaløa feirast, og vi får storfint besøk: VAMP med Eivør har takka ja til å spele på Stigen! Dette er eit stort løft, bokstaveleg talt, - med all transport og tilrettelegging som dette krev, ikkje minst økonomisk. Kun 200 billettar vart lagt ut for sal, så det vert eit lite, men unikt arrangement høgt over den djupe fjorden. Det er mange som ynskjer å vere med på ei slik storhending,- billettane er førehandsselde. Det er sett opp båtar både frå Leikanger/Fresvik, Gudvangen og Aurland laurdag føremiddag, med retur søndag. For dei som ikkje kan overnatte blir det arrangert skyss via Undredal. Det vert lagt til rette for telting på Stigen. Søndag blir det tur til Beitelen for dei som ynskjer det. Dette er berre for dei som har billettar til konserten. Kirstine Ellingsen, til vanleg kalla Tulla Dee Cunningham seier at 200 billettar er nok for eit arrangement på Stigen, og då tenkjer han på tryggleiken rundt heile arrangementet. For å vere heilt på den sikre sida har han hyra inn Aurland Røde Kors til å ivareta tryggleiken. NRK vil vere til stades og gjere filmopptak. Verdsarvkonserten er eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark, SNO og Stigen Gard & Turar. Hege Strømme Lakseline av Ingebjørg Grøttebø Bokmelding Lakseline er ei biletbok om laksebarnet Lakseline. I den reine elva, som renn gjennom den grøne dalen, veks Lakseline opp. Ho leikar med solstrålane og har det trygt og godt i laksehølen saman med laksemor, laksefar og småsyskena sine. Lakseline må passa seg for flugene med krok på og den grådige brunauren. Ho ser laksegutane som slåss om laksejentene, og nye laksebarn verta fødd. Lakseline vert ungdom og reiser frå hølen sin. Ho vil ut i verda, men veit med seg sjølv at ho ein gong skal reisa heim att. Den flotte bokmeldar-bukettten til lærar Anne Gro Horvei - bak frå venstre: Tinius, Christina, Kari Beate, Ariel, Silas, Markus, Helene.Framme frå venstre:thea, Jonette, Ådne, Isabella, Iselin,Vilja. Foto: Anne Gro B. Horvei Me likte boka veldig godt. Det var spanande og høyra om Lakseline og me lærte mykje om laksen. Boka har mange fine teikningar og passeleg med tekst. Den passar for barn frå 4 år og oppover. Helsing 1. klasse ABU Vegen til Stokko bør òg gjerast noko med i næraste framtid. Det er fordi den er blitt så populær blant turistar. Nokre plassar langs fjorden er det trong for vedlikehald pga trygg14 Underdølen - juni 2013 << Pensjonistlaget på tur til Østerbø. År usikkert. Frå venstre: Marta Buene, eller Smihols-Malla. Ho var syster til Karolina Flåm og tante til Edvin Flåm. Gift med bror til far min. Dei budde i Smihola. Hadde ikkje barn. Lisa Hjellum, eller Simo-Lisa, mor til Jensina Underdal, Bergit Torgersen og Signy Styve og bestemor til Leif Inge Underdal. Det er huset hennar barnebarnet Bente Torgersen bur i no. Anna Jansen, eller Høl-Anna. Ho var frå Sogndal og vart gift med Gunnar Jansen. Ho budde i det kvite huset nede med sjøen, innom Rognaldstova og Buastova. Maria Vindedal, eller Nåsa-Maria. Ho var gift med Ola Vindedal og mor til Olaug Vindedal, som bur midt i bygda no. Det er eg som har teke bildet. Nokre rovfuglmøte, tekst og bilde Pascale Baudonnel Musvåk på vitjing I Undredal kan me ofte sjå store rovfuglar som havørn og kongeørn. I fjor haust fekk me vitjing av ein meir sjeldan art på våre breddegrader. Ein musvåk oppheld seg mellom Melhus og Langhuso i ca ei månad i overgangen mellom august og september. Det er ein art som er svært vanleg i Sør-Europa, ja den vanlegaste rovfuglen i Frankrike. I Norge er den mest vanleg på søraustlandet, men finnst også spreiddpå Vestlandet. Det vert sagt at han breier seg nord- og vestover. Musvåken er ein mellomstor rovfugl, med eit vingespenn på ca 120 cm, halvparten av havørnas. Overvintrande tårnfalk Vegen til Hovdungo Underdølen var i kontakt med dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark Erling Oppheim. Han seier at Verdsarvparken har fått tilsegn om midlar til planlegging og istandsetjing/ utbetring av stølsvegen Undredal-Hovdungo. Prosjektet er eit samarbeid med Grunneigarlaget og Grendalaget i Undredal. Det er Gry Mørk som er prosjektleiar for arbeidet. Dette var eitt av temaene på bygdamøtet i skulehuset som Verdsarvparken inviterte til 13. mai. >> På stølen. År usikkert. Til venstre: Arne Prestegård. Han var bror til Tordis Flæthe og sju andre. Alle ungane var fødde i den stova Kalle (Karl Kaspersen) eig i dag. Til høgre: Jon Vestrheim, onkel til m.a. Øyvind og Jostein Hjellum. Han var kyrkjetenar og ringde i årevis. Bror min, Jon Buene, var fotograf. Han var fæl til å ta bilde. leiken til dei som ferdast langs fjorden. I løpet av sommaren vil Gry Mørk i Verdsarvparken, Kristoffer Ullern Hansen frå SNO og Anbjørg Nornes frå Verneområdestyret ha ei synfaring til Stokko og Hovdungo. Stig Arne Borlaug og Edvin Flåm blir med som kjentmenn. Dei vil i hovudsak sjå på kva utbetringar som er aktuelle. Verdsarvparken har ikkje pr dags dato noko formeining om dette er sherpa-arbeid eller ikkje. Det kan dei først seie noko om etter synfaringa. HHB På Langhuso og Melhus hekkar tårnfalken om sommaren. Normalt trekker fuglen til varmare strøk om vinteren, men sist vinter var ein ho-tårnfalk i Undredal heilt til januar. Eg så dei fleire gongar mellom Hjødlo og skytebana på Melhus. Siste gongen eg såg den var 9. januar på Melhus. Dvergfalk og motorsykkel I fjor sommar var eg ein tur innover Rasmusdalen og der såg eg ein dvergfalk som sat på Atle sin motorsykkel som var parkert langs vegen medan han var på arbeid i tunnelane i nærleiken! Pascale er vald inn i styret for det nystarta fylkeslaget av Norsk ornitologisk forening. Les meir på www.birdlife.no juni 2013 - Underdølen 15

BYGDANYTT KYRKJA Verd å vente på Det har vore stilt i katedralen i Borlaugshagen lenge. Ein og annan gong har nokon romstert under presenningen, men elles har lite skjedd. Men ei veke etter påske vart det meir aktivitet. Det var målar Harry Bjørkum frå Lærdal som kom i gang med arbeidet sitt.. arry Bjørkum frå Lærdal liker å stelle med amle bygningar - Eg har venta sidan midten av mars på å komme i gang med målinga, seier Harry. Det har vore så forferdeleg kaldt så lenge. Monica på kyrkjelydskontoret har spurt meg fleire gonger om eg ikkje kunne begynne. Så har eg teke meg ein tur, men det har ikkje vore råd å sette i gang. Du veit, linoljemåling må ha 10 for å tørke. Ein dag prøvde eg å sette i gang og vaske kyrkja, men vatnet fraus på veggen! Vinden har og vore eit problem. I midten av april kom han altså i gang med arbeidet. Først var det ein omgang med kraftvask, så skoling. Deretter sopp- og algedrepar, og den skulle turke på veggen for å få full effekt. No er Harry i gang med sjølve målinga. Alle dekkbord og vindskier får tre strok, og resten av bygningen får to strok. Messefall I samband med restaureringa av kyrkja i fjor vart dei gamle omnane skifta ut. Dei nye omnane har forskriftsmessig maksimums overflatetemperatur, og det elektriske anlegget er ikkje berekna for tilleggsvarme. Dette har bydd på problem i vinter, for omnane har ikkje klart å varme opp kyrkja til preik. Før jul vart i tillegg ytterglasa tekne ut for restaurering og isolasjonen over himlingen fjerna, fordi den var blaut og full i drit. Til høgtidsgudstenesta første juledag vart det sett inn to ekstra omnar, med straum frå byggeskapet. Preiki vart ein kald fornøyelse. Neste preik var den 13. januar. Temperaturen i kyrkja var minus 3 grader, så omnane vart sette på i god tid. Neste morgon var temperaturen komen opp i pluss 6. Det var ikkje anna å gjere enn å Harry er ikkje utdanna målar, men han har ein del kurs. Mykje lærte han av Claus Lindstrøm då han vart med og restaurete gamle Lærdalsøyri for14 år sidan. Det er eit kontinuerleg arbeid. Vanleg målararbeid har han fått erfaring i gjennom samarbeidet med Hafslo Målarservice. Eg er aldri arbeidsledig, seier Harry. For to år sidan tjørebreidde eg heile Borgund Stavkyrkje åleine. I vinter har eg tjørebreidd halve taket på Hopperstad kyrkje i Vik. Resten skal takast neste vinter. Då skal eg få med meg nokon frå Nedre Jølster Bilelag, så går arbeidet fortare. Etterpå skal eg flikke litt på Urnes og Borgund stavkyrkjer att. Liker du å arbeide med gamle bygningar? - Gamle bygningar interesserte meg ikkje i det heile tatt før eg vart med på arbeidet med Gamle Lærdalsøyri. Men no tykkjer eg det er veldig interessant. Me er få personar i Norge som verkeleg kan utføre dette handverket. I november var eg med og starta opp tjørebreiing av Gol Stavkyrkje på Folkemuseet på Bygdøy. Det er interessant å gjere seg erfaringar og diskutere seg fram til nye metodar i lag med folk som er opptekne av det same. Tar Riksantikvaren godt vare på dykk handverkarar? - Ja, han tar godt vare på oss, men ikkje på dei bevaringsverdige bygningane. Han har for lite pengar. Me har mange fine, gamle bygg i dette landet, men det kostar å setje dei i stand og halde dei ved like. Berre det å leige eit stillas som dette kostar millionar no. Dette stillaset kostar 30 000 pr månad, men skal me leige eit stillas no er det mykje dyrare. Siste jobben eg var med å leverte tilbod på, Røros kyrkje, eller Bergstadens Ziir, tapte me pga stillaskostnaden. Det var eit firma som satsa på å henge i selar som fekk jobben. Så gale er det blitt! Når bladet ligg i postkassen til lesarane våre, håpar me at kyrkja er kvitt presenning og stillas og kan stråle nymåla og fin i bygdi vår. Så får me håpe resultatet var verd å vente på. April 13, AKM annonsere messefall. Kulden ga seg ikkje. Klart, kaldt ver om dagen og iskalde netter i månadsvis gjorde til at det var 6 grader i kyrkja dagen før Skjærtorsdag, då det skulle vere preik. Om morgonen kom meldinga om at det vart messefall på nytt. Årsaken var sjukdom denne gongen, men det gjorde ikkje så mykje, for temperaturen var ikkje komen opp i meir enn 8 grader etter ei heil natts oppvarming med ekstra omn. Kyrkjeverje Monica Finden opplyser at Riksantikvaren ser på moglegheiter for å betre situasjonen Me håpar me slepp å fryse i kyrkja neste vinter. AKM Med lim og lyst skal fargen festast Nett etter påske var to damer innom kyrkja for å gjere sin del av jobben med Stavkyrkjeprogrammet. Det var Dagheid Berg og Anne Apalnes Ørnhøi frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Dei to er målerikonservatorar og skal gjere sitt beste for at dekoren i kyrkja skal halde seg i mange år framover. Kva er det som er dykkar oppdrag her i kyrkja? - Me prøver å få oversikt over skadeomfanget på dekoren. Skade kan skuldast langvarig slitasje i form av lys, fukt eller mekanisk påverknad, kort sagt tidens tann. Me undersøkjer kva for metode me skal bruke for å få festa lause målingsbetar. Kva som vil fungere best er blant anna avhengig av korleis tidlegare overmålingar er blitt utført med limfarge eller olje? Og så skal me få ei oversikt over kor mykje som må gjerast. Over korbogen er det mykje måling som er laus. Sameleis på austveggen. Som mange her i bygda vil hugse, så var Ola Sæter her i 1962 og fjerna fleire lag med måling. - Ola Sæter måla fleire retusjar i tekstfeltet i korbogen og i skipet, Det ser ikkje så fint ut, og det øydelegg kanskje noko for forståelsen av teksten. Eg har lyst å sjå om det er råd å få fjerna overmålinga, seier Dagheid. - Men så spørs det om det let seg gjere å tolke det som står under. I juni kjem dei att og set i gang med restaureringsarbeidet. Det må skje vere mens kyrkja er sommarvarm. - Elles får me ikkje gjort jobben vår, seier Dagheid Berg. Tekst og foto: AKM Undredal Guideservice 2013 I sommar vert det omvising i kyrkja sjølv om ikkje arbeidet med kyrkja er heilt ferdig. Som ein del av prosjektstillinga si har Linn-Janette Underdal Skarsbø fått ansvaret for å få opp att drifta av Undredal Guideservice. Kyrkja skal vere open frå 1. mai til 30. september. Frå 1. mai til 14. juni er kyrkja open 10.30-16.30. Det er fri tilgang ein halvtime frå kl 12.00. Frå 15. juni til 19. august er kyrkja open 09.30-19.00. Då er det fri tilgang ein halvtime frå kl 12.00 og kl 17.00. Frå 19. august til 30. september er kyrkja open 10.30-16.30, og det er fri tilgang ein halvtime frå kl 12.00. Norges kyrkjer på nett Lurer du på noko om kyrkja vår, eller ei av dei andre kyrkjene i landet vårt? Ta ein titt på www.norgeskirker.no og søk opp den kyrkja du er interessert i. Du finn grundige skildringar av bygg, interiør, inventar, kyrkjegardar, og mange bilete. Det er ikkje alle fylke som er komne med i oversikta, men alle dei fire i Aurland kommune er der. Noko som kan vere spesielt interessant for undredølene, er Anne Apalnes Ørnhøi prøver ein av metodane for å restaurer dekoren i kyrkja Anne og Dagheid har mykje spennande i kofferten sin når dei er ute på oppdrag. Prisar: Grupper over 10 personar: 45 kr pr person Born under 12 år: halv pris Skuleklassar t.o.m. 7. kl 500 kr Ungdomsskule/studentar: 750 kr Enkeltbesøkjande: 60 kr pr person. Born under 12 år i fylgje med føresette går gratis Omvisarar i sommar er Jeanette Mangaard, Huib van der Horst, Kari Mørkve Jordalen, Kathrine Fjellheim Vindedal, Ane Vindedal Servoll, Maria B. Underdal. dei utvendige bileta av hjørnestavane og andre delar av den opprinnelege konstruksjonen som til vanleg berre er synlege innanfrå. Dei kom fram i dagen då Nedre Jølster Bilelag tok vekk nedre del av kledningen under restaureringa hausten 2012. Ingen nolevande har tidlegare sett desse elementa, og ingen nolevande vil sannsynlegvis få sjå dei att. Men på nettet er dei tilgjengelege. Det er Anne Marta Hoff og Elisabeth Andersen som står bak dokumentasjonen. AKM 16 Underdølen - juni 2013 juni 2013 - Underdølen 17

Tale for dagen, V skrevet og framført av Andreas Aspevold under festmiddag i Undredal Ungdomshus 2013 elkommen til årets 17. mai her i Undredal. Det en stor ære for meg å få muligheten til å holde årets tale. Samhold, naboskap og stolthet er alle viktige elementer på denne festdagen, denne nasjonens bursdag. Stolte kler vi oss i festdrakter som er utformet ut i fra de særegenheter som område vi bor i tilbyr. Stolt bærer vi den, så alle kan se hvor vi har tilhørighet. Tilhørighet har alltid vært viktig for oss i dette landet. I flere perioder har denne tilhørigheten blitt satt på prøve, men gang etter gang har patrioten i oss guida oss i havn. I en sang heter det: Ytterst i verden, ytterst i vest. Kan hende du seiler tilfeldig som gjest eller kan hende du går der i rute, uansett treng du et punkt som er fast. Jeg begynte å tenke på disse setningene og fant fort ut at mitt faste punkt er hjemmet, og da tenker jeg ikke på huset jeg bor i. Jeg tenker på bygda og folka rundt meg, familien, vennene og de gode naboene. Uansett hvor jeg drar eller kommer, så ligger tankene mine igjen i bygda mi, ja man kjenner allerede når man kommer til nabobygda, at det ikke er det samme. Det er noe som mangler, og savnet melder seg og hele kroppen min merker at mitt faste punkt ligger bak meg. Det er rart å tenke på, men veien bort tar alltid lengre tid enn veien hjem På denne dagen forsterkes denne god følelsen for sitt faste punkt. Uansett hvor livet bringer oss, så dras vi alltid i tankene våre og hjertene våre tilbake til hjembygda. Kan man av ulike grunner ikke reise hjem, så har man alltid en krok i hjertet sitt som man kan åpne og plukke blant gode minner og gode hendelser. Men kan man reiser hjem så starte godfølelsen allerede ved reisens start. En telefon eller SMS, et utbrudd av total lykke: - Jeg kommer hjem til 17. mai! For en mor eller far er det ingen telefon som varmer mer enn at poden oppskjørtet og glad ringer hjem og forteller den gode nyheten. Fra dette øyeblikket så starter en herlig rus, den er ikke farlig eller skummel. Den er bare klissete varm og god og legger seg som en knute i hjerte, timene går saktere og ventingen blir nesten ulidelig. Men det er nettopp her at en av livets vidunderligste hendelser finner sted og derved viktigheten av å ha dette faste punktet sitt: BYGDA SI. I en monumental bevegelse så tar samholdet ansvar. Du blir ikke alene i ventingen. Naboene og søsken, ja til og med han gamle gubben som du egentlig ikke prater så mye med til vanlig, gleder seg på dine vegne. De minnes de gode tingene, leken, latteren og barneskrikene som gjennom årene fylte bygda med glede: - Ja, eg huska når dattera di og sønnen min snek seg ut for å plukke ville blåbær, eller - Huske du alt den der rakkern din av en sønn fant på! Plutselig finner du deg selv i en lykkerus som får alt til å virke så mye bedre, plutselig forstår du at familien din er ikke begrenset til bare ditt hus. Du innser at familien din er bygda di og alle som er i den. Det er dette som gjør 17. mai til den største festdagen i året, for nasjonaldagen er jo i bunn og grunn en feiring av denne følelsen. Nasjonen, bygda og familien er en og samme ting og det er her kjernen i det hele ligger. Du kan fjerne mine materielle goder, du kan trampe meg så langt ned i gjørma du bare vil, men du kan aldri ta fra meg bygda mi, punktet mitt! For så lenge det finnes liv, så lenge det finnes folk i bygda, så vet jeg at i det øyeblikket du blir trøtt og lei, så er naboene, familien og samholdet der og plukker deg opp, børster støvet av deg og stabler deg på beina, de tar vare på deg og støtter deg. Trenger du en skulder eller en håndsrekning, så er de der. I vanskelige tider så trøster de deg og i gledelige tider så gledes de med deg. Dette gjør livet holdbart, levelig og derav føler man så sterkt denne tilhørigheten til bygda si, obs jeg mente familien sin. I snart 200 år har vi nettopp denne dagen feiret dette og jeg håper det blir mange flere feiringer. Jeg skremmes ved tanken på hvis dette punktet mitt, denne familien, bygda mi skal slutte å eksistere, hva har vi da igjen? Hva er da vitsen med å gå videre? Jeg vil at dere tar et godt blikk rundt dere, jeg vil at dere smiler til deres side mann eller sidekvinne og bare kjenner på følelsen, kjenner på gleden ved å være samlet. Kjenner gleden ved å være naboer, føler klumpen i hjertet når du tenker på samholdet i bygda vår og så vil jeg at alle fyller bygda med disse ordene: Ja vi elsker bygda vår, med alt folket i Ingen skal samhold fjerne eller volde vondt Elsker, elsker det å tenker på vår bygd og ætt Må vi alltid stå oss bi og hjelpe hver som trengs Må lysan alltid brenn i glassan og elva alltid søng Må vi alltid ha hverandre og vårt gode hjem. Så vil jeg til slutt at vi alle nyter det som er igjen av vår dag, vår bursdag. La oss bygge videre på samholdet, familien og la oss løfte bygda vår, punktet vårt, opp og inn i evigheten. Riktig god 17. Mai! Påskeminne Ekstra mange var heime på grunn av langhelga. Scenen måtte takast i bruk for å få plass til alle som ville vere med. 18 Underdølen - juni 2013 Sprettert-konkurransen til Leif var populær blant gutane Toget var langt og flott i år. Ei morgonvandring langs Undredals "Skomakergate", strekninga Simostova Birjegeili, viser kor flinke folk i Undredal er til å pynte og feie for eiga dør. Om sommaren blir me bombardert med fargar og grøde, men det er etter ein lang vinter me treng det mest. Takk til dykk som gjer det triveleg her i bygda heile året! Foto: AKM juni 2013 - Underdølen 19

Frå det store utland til vesle Undredal MYRKDALEN Etter ein liten spasertur nedover bygda vart vi godt mottekne på Undredal brygge av Leif Inge og Natalia. Leif Inge fortalde amerikanarane litt om livet ved fjorden, og om det tunge arbeidet på fjellgardane Stegen og Nedberge. Etter denne vesle, men innhaldsrike økta på bryggekanten, opna han dørane til Eldhuset der vi vart møtt av ein flott smaksbuffet av kvit og brun geitost, flatbrød, ulike typar syltetøy, bondesmør, brød og geitepølse. Til drikke vart det servert solbær- og eplesaft. Leif Inge underheldt gjestene med å fortelje om osteproduksjonen I Undredal både før og no, lokale segner og song. Han tok blant anna Kråkevisa, og fekk alle til å syngje med på refrenget. Huib fortel om Undredal og kyrkja Frå 26. mai til 2. juni var Flåm skule så heldige å ha besøk av 15 lærarstudentar og to professorar frå Tennessee USA. Studentane hadde kunst- og teaterprosjekt med heile elevflokken frå 1. 7. klasse. Vi kan lova at elevar og tilsette var spente då ferja la til kai i Flåm søndag 26. juni. Dei var nok ikkje så lite spente, dei som stod klare til å gå i land heller! Tysdag ettermiddag skyssa vi gjestene våre til Undredal, bygda midt i verdsarven, der vi fekk ei flott guida oppleving i Undredal stavkyrkje. Huib fortalde oss historien om Undredalskyrkja, og gjestene våre vart mektig imponerte. Midt i opplevinga Mikael Sund Og mannen han gjekk seg i vedaskog, hei fara, i vedaskog. Då sat der ei kråka i lunden og gol, hei fara, faltu riltu raltura. Både dei frå over there og dei meir lokale koste seg med det smakfulle oste- og spekematbordet. For nokre fall osten så i smak at dei kjøpte med seg ost heim. Tida går fort i godt selskap, og alle var smilande og nøgde med alt dei fekk oppleve i vakre Undredal. Stor takk til vertskapet som tok imot oss og ga oss ein uforgløymeleg kveld! Erik Hofseth Bu på Myrkdalen Hotel! Flåm skule På hotellet får du god mat, stemningsfylte kveldar og ei god natts søvn. Rett utanfor dørstokken freistar naturopplevingar for ein kvar smak. Året kulturide 2013 da kan alle stemme en gang pr dag frem til den store direktesendte finalen 14. juni i Førde. Då skal folket og fagjuryen avgjøre hvem som blir den heldige vinneren av 100.000 kr. Andreas Aspevold, økonomiansvarleg for festivalen Nils Petter Dale Dette intervjuet gikk på lufta den 23/ 5. Her fikk man noen smakebiter rundt ideen til festivalen og man fikk fagjuryens begrunnelse for hvorfor festivalen var verdig en finaleplass. Når siste finalisten er presentert, åpner stemmelinken og 20 Underdølen - juni 2013 Myrkdalen Hotel VOSS Hardangerfjorden BERGEN Myrkdalen er eit perfekt startpunkt for fjellvandring og flotte naturopplevingar. Da fristen gikk ut 15. mars hadde også Fjord- og Geitostfestivalen sendt inn sin søknad blant mange andre. Den 21/5 fikk vi den gode nyheten at festivalen vår var plukket ut som en av 10 finalister og en reporter skulle komme til Undredal for å intervjue oss, slik at vi fikk presentert oss i ettermiddagssendingen til NRS Sogn og Fjordane. Så nå er det bare å mobilisere slekt og venner, bekjente og andre til å gå inn på www.nrk.no og stemme på oss. Heile 13 turar vert skilta og gradert i området rundt hotellet i sommar. I tillegg byr Vikafjellet på flotte vandreopplevingar. Får denne gjengen 100 000 til sin kulturide? Ungdomane i bygdi er spreidde for alle vindar om vinteren, men me klarte å samle nokre av dei. Frå v: Torbjørn, Anna Elise, Leif Inge, Atle, David, Andreas, Brita og Margrethe. Design: Logolink I slutten av februar/ begynnelsen av mars utlyste NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen at de var på jakt etter Årets kulturide 2013. Etter suksessen med årets kulturide 2012, der Utkantfestivalen trakk det lengste strået så ba de alle som gikk rundt og bar på en god kulturide om å sende inn en søknad. Premien var 100.000 kr, som skulle brukes på å realisere drømmen sin. Sognefjorden Nils Petter Dale Mikael Sund Velkomen til Myrkdalen Hotel Tel: (+47) 56 52 30 40 post@myrkdalenhotel.no www.myrkdalenhotel.no facebook.com/myrkdalenhotel juni 2013 - Underdølen 21

ANNONSAR Leige Ungdomshuset? Då tek du kontakt med Arvid Stegen på tlf 997 39 223. Han kan gje deg opplysningar om prisar og anna. Grasrotandelen Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hjå Norsk Tipping å gje sin del på fem prosent av innsatsbeløpet direkte til ein lokal organisasjon. Grasrotandelen gjeld for alle spela til Norsk Tipping, bortsett frå Flax og Extra. Spelaren må ha Norsk Tipping sitt Spelarkort for å delta. Dei som har lyst å gje si støtte til Undredal Ungdomslag kan gjere det. Dei vil få rettleiing på Underdalsbui eller hjå ein annan kommisjonær hjå Norsk Tipping. Styret i Undredal Ungdomslag Borlaug vedsal i Undredal - Norsk ved! Marius mob. 480 76 313 - Stein Ove mob. 413 30 973 Bjørk 60 l sekker kr. 70,- Kveikjeved 60 l sekker kr 30,Du ringer og me bringer!! Borlaug båtskyss Båtskyss frå Gamlebryggja i Undredal Mobil Marius 480 76 313 - Mobil Stein Ove 413 30 973 Turar til Horten, Nedbergo, Stigen og andre stader etter førespurnad. Pris etter avtale. Vil du annonsere i Underdølen? Her er prisane: Heil side kr 1000 Halv side kr 500 Tredjedels side kr 350 Kvart side kr 250 Bygdafolk annonserer gratis, men må levere trykklar annonse eller dekke kostnadene med utforming. Bladet sin formgjevar, Oransje webdesign, kan ta slike oppdrag. Gåveabonnement Røde Kors Aurland 22 Underdølen - juni 2013 Eg vil gjerne at skal få eit abonnement på Underdølen. Han/ho har denne adressa: Eg som skal betale heiter: Og har denne adressa: Eg ber om å få rekning frå og med sommar-/julenummeret 2011. Abonnementet går til eg seier det opp skriftleg. juni 2013 - Underdølen 23

Returadresse: Undredal Grendalag 5746 Undredal Aktivitetskalendar sommaren og andre halvår 2013 23. juni Kveld Parken Jonsokfeiring med volleyball og sal av grillmat. Arr UUL 13. juli 18:00 Frå Langhuso Fotur til Jonadalen via Fessedn til Nisedalen og tilbake. Turleiar Stig Arne Borlaug. Påmelding Åsmund 977 56 602. Arr Aurland Turlag Fjord- og Geitostfestival i Undredal: 25. juli 10:00 til natt Heile bygdi Fottur til Stokko. Sal av enkel mat. Arr og turleiar Beate Flåm Roturar på fjorden. Kystled Nærøyfjorden (kvar dag under festivalen) Utstilling om fjordlandskapet Underhaldning og dans, mat og drikka på bryggja 26. juli Frå tildleg til seine kveld 27. juli Frå 11:00 til seint 28. juli Frå 09:30 til 15:00 Heile bygdi Heile bygdi Heile bygdi Natursti/rebusløp Båttur/fottur til Nedbergo. Konsert i tunet med Aasmund Nordstoga m.fl. Kurs i kajakkpadling ved Njord. Påmelding Presentasjon og sal av bøkene Opptur Nærøyfjorden og Undredal og fjorden ved forfattarane Kapproing frå Krossanes til Nyabryggja med båtane til Kystled Nærøyfj. Konsert med Aasmund Nordstoga med fleire Dans til Geir Åge og Åge Sogn. Sal av grillmat mm. Bodar med sal av mat og handverk frå nærområdet. Sal av mat, årar, aktivitetar for born og vaksne, Olaf Skjerdal fortel om spelemannen Storevetleper. Kajakk- og roturar på fjorden, fransk folkemusikk Hageselskap med allsong. Begrensa plass. Arr B. Flåm Bordseta med rommagraut og mylsa. Fransk folkemusikk CD-slepp og minikonsert med syskena Skjerdal Dans med Sogns. Sal av grillmat mm. Frukost under grindbygget på bryggja Bodar med sal av mat og handverk frå nærområdet. Sal av mat, åresal Aktivitetar for born og vaksne 11. aug Stigen Konsert med Vamp, opning av Stigaløa, matservering 25. aug 11:00 Kyrkja Gudsteneste 1. sept 00:00 Valdet Hjortajakti byrjar 20. okt 14:00 Kyrkja Hausttakkefest. Kyrkjekaffi med åresal i skulehuset NB: Ta alle tidspunkt med ei klype salt. 24 Underdølen - desember 2012