Forprosjekt om næringsmessig satsing på hest i Rogaland. Oppsummering og prosjektsatsing framover



Like dokumenter
Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

HORDALANDD. Utarbeidd av

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Strategiplan for Apoteka Vest HF

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

DB

Ny strategiplan for Høgskulen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Lønnsundersøkinga for 2014

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Månadsbrev for Rosa september 2014

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rektorforum 15. april

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

IKT-kompetanse for øvingsskular

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Kva er økologisk matproduksjon?

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Oversyn over økonomiplanperioden

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Internasjonal vidaregåande skule

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Problemstilling. Landbruksbygg og kulturlandskap. Solveig Svardal

Referat frå MINTA møte

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

Tilskotsordningar i landbruket og litt til - ein guida tur gjennom den offentlege papirmølla

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Frå novelle til teikneserie

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Nasjonalt pilotprosjekt

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Sandeid skule SFO Årsplan

Økonomi i kjeoppdrett på mjølkegeit

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Pressekonferanse. Utne Hotel 25. Juni 2014

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Informasjonshefte Tuv barnehage

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Transkript:

Forprosjekt om næringsmessig satsing på hest i Rogaland Oppsummering og prosjektsatsing framover Foto: A.J. Lyshol Forfattar: Birger Aasland, Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksavdelinga Stavanger 2006 1

Innleiing Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksavdelinga (FMLA) starta i 2005 ein prosess om næringsmessig satsing på hest. Nokre stikkord er kompetanse, oppstalling, ridestiar, ridebanar, ridning med tanke på turar, turisme, helse og rideskular, høy, beiting og kulturlandskap, avl og oppdrett. På eit møte i juni-2005 kom det klart fram ynskje om ei prosjektsatsing med fokus på næringsmessig og profesjonell satsing på hest. Først eit forprosjekt for kartlegging av ulike område på hest som så skulle gi grunnlag for ei større prosjektsatsing. Det blei nedsett ei prosjektgruppe: Kjell Stadheim, Samarbeidsutvalet for hest i Rogaland Reidar Aaserød, Rogaland Rideklubb Svanhild Lygre Andersen, Haugesund kommune Magne H. Jørgensen, Rennesøy kommune Birger Aasland, FMLA Gruppa har hatt tre møte samt ein fagtur i Nord-Rogaland. Programmet for fagturen er vedlagt. I forprosjekttida har ein, forutan Haugesund og Rennesøy kommune, også hatt dialog med Stavanger og Sandnes kommune. Når det gjeld omfanget av hest, viser dei siste offisielle tala etter søknader om produksjonstilskot 2.637 hestar i Rogaland og 27.351 hestar på landsbasis (statistikk frå Statens landbruksforvaltning pr 1.1.06). Merk at mange av dei som driv med hest ikkje oppfyller vilkåra for produksjonstilskot. For dei som fell utanom støtte, skuldast det i hovedsak krava om landbrukseigedom og omsetning på minst kr 30.000. Samla sett reknar ein med at det er om lag 50.000 hestar i landet- jf litteraturen som det er vist til nedanfor. 2

Litteratur og talmateriale om økonomi FMLA har undersøkt kva som er gjort tidlegare i Norge på hest som næring. Nedanfor et det lista opp fylgjande: Hesten, omfang, sysselsetting og næringsvirksomhet: NILF-rapport 1999 Næringspolitikk for hest: Norsk Hestesenter (Starum på Austlandet) 2000 Hest som næring, Gjøvik og Toten: Rapport av Norsk Hestesenter 2004 Hest som næring i Telemark: Rapport av Plan 1 for Innovasjon Norge 2004 Ridning i byer og tettbygde strøk- utforming av ridestier med forslag til konfliktdempende tiltak: Mastergradoppgåve, Universitetet for miljø- og biovitenskap 2005 Det er relativt lite konkrete tal på økonomi med hest. I rapporten frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) av 1999 er det nokre kalkylar på kostnader som vi tek med her: Ridehest-konkurransehest på hobbynivå: Investeringar: Hest kr 20.000-80.000 Utstyr til hesten 10.000-20.000 Kostnader pr år: Oppstalling på ridesenter inkl strø, fôr, tilgang til oppvarma ridehus kr 30.000 Div. forbruksartiklar (stell av utstyr og hest) 1.000 Skoing (kr 500 kvar 7.-8.veke) 3.500 Veterinær 1.500 Transport 8.000 Rytterlisens 750 Undervisning (aktiv konkurranserytter) 12.000 Livsforsikring og veterinærforsikring 1.800 Sum kr 58.550 Ridehest på eigen stall ( hobby ) Investeringar: Hest kr 15.000-30.000 Utstyr til hesten 10.000-20.000 Kostnader pr år: Høy kr 5.450 Beiteleige/gjerde 1.000 Kraftfôr 2.650 Strø 3.500 Div. forbruksartiklar 1.000 Skoing 3.500 Veterinær 1.500 Avskriving stallplass inkl straum og vatn 6.000 Sum kr 24.600 3

Trav/galopphest Investeringar: Hest Ikkje oppgitt Utstyr travhest kr 50.000 Utstyr galopphest 20.000 Kostnader pr år: Oppstalling inkl trening og pensjon kr 60.000 Skoing 3.500 Veterinær 5.000 Transport (gj.snitt 10 løp pr år) 25.000 Forsikring 1.800 Sum kr 95.300 I rapporten frå Telemark er det gitt opp ein del tal på fylgjande kategoriar: Rideskule/opplæring, turridning/helse, avl og oppstalling. For rideskule er det vanleg med kr 120-130 pr time med variasjonar frå kr 45 til kr 200 pr time. Ein time er vanlegvis 45 min. Omsetnaden varierer frå kr 70.000 til kr 1,5 mill. I følgje denne rapporten bør ein rideskule ha ca 50 elevar og ei omsetning på ca kr 600.000 for å gi overskot. Når det gjeld turridning/turisme, varierer prisane mykje og er gruppert på mange forskjellige måtar, frå lik pris som rideskular til spesialprisar som t.d.: Fredag-søndag kr 1.500 pr deltakar inkl. losji og enkel bevertning og bryllupskjøring kr 1.000 pr selskap. Omsetnaden varierer frå kr 40.000 til kr 200.000. Dei som driv med turridning, har sommaren som innteningsperiode. Når det gjeld avl, er det for ferdigtrena islandshest oppgitt frå kr 30.000 til kr 100.000 med eit snitt på kr 30-40.000. Omsetnaden varierer frå kr 65.000 til kr 150.000. For oppstalling er det i rapporten oppgitt ca kr 2.000 pr mnd for rein leige av stallplass til ca kr 4.000 for fullpensjon med opptil kr 5.000 pr mnd i Rauland for fullpensjon. I utgreiinga om Næringspolitikk for hest frå 2000 er det ei oppstilling over sysselsetting i årsverk knytta til hest: Avl og oppdrett 420 Trening og konkurranse med trav- og galopphestar 1.000-1.200 Sysselsetting på rideskular, turisme, helseaktivitetar m.m. 1.000 Tradisjonelt jord- og skogbruk 40 Organisasjonar, banedrift og totalisatorspel 800 Produksjon av fôr 500 Diverse tenester og utstyr 500 Av denne sysselsettinga blir mellom 1.500-2.000 årsverk utført i direkte tilknyting til landbruket i følgje denne utgreiinga. Det kan og nemnast at i rapporten frå NILF er det oppgitt 4.000 årsverk i hestehald og aktivitetar knytta til hest. Besøksrunde på hest- prisar m.m. Prosjektgruppa var den 29.6.06 innom to gardsbruk, ein rideklubb og travparken på Haugalandet (Karmøy og Haugesund). Her nemner ein eitt av gardsbruka, Odd Inge Vikshåland, Karmøy, der mjølkekvoten er selt, og driftsbygningen er bygd om til oppstalling av hest samt eit påbygg med kapasitet til 30 hestar. Vidare er det investert i ridehall og ridebanar (2 stk). Pris på oppstalling er kr 1.500 pr mnd (inkl vatn og straum), og med 4

fullpensjon kr 3.000 pr mnd. Vidare er pris for ride-leirskule kr 1.800 pr veke/deltakar med 16-18 elevar (dagsprogram samt grilling med overnatting siste kvelden). På bruket er det 150 mål dyrka jord som det blir produsert høy på, og ein del av høyet blir selt for kr 4 pr kg. Dette året vil ein prøve å selja noko høy i småposar til kaninar. Kona fører gardsrekneskapen og har jobb utanom bruket. Vidare har FMLA besøkt fem bruk og ein rideklubb i Stavanger, fem bruk i Sandnes og eitt bruk med hest i Time. Dessutan har repr. for Haugesund og Rennesøy kommune besøkt eit par gardsbruk med hest i kvar sin kommune. Meir konkret nemner ein at Karen Fosså Handeland, Sandnes, har islandshestar (19 stk) og tilbyr ridning (turridning/ridekurs) og guida helgeturar. Måndag til torsdag er prisen kr 100 pr time, og det kjem normalt 36 personar dagleg, dvs kr 3.600 pr dag. Pris fredag til søndag er kr 170 for 1 time, kr 290 for to timar og kr 410 for tre timar. Det skal nemnast at det er to ridestiar i nærleiken av gardsbruket. Med tanke på grøn omsorg er det for tida to personar på bruket ein og to dager i veka slik at dette utgjer ein liten del av hesteverksemda på bruket. Elles på bruket driv mannen med slaktekylling og birøkt. Leif Inge Lura, Stavanger, driv med hest og hund (hundepensjonat). Her er nytt anlegg med plass til 28 hestar derav 20 boksar for utleige. Det er ridebane, ridetreningsti og kort vei til ridestien i Sørmarka. Stallprisen er kr 2.375 pr mnd inkl høy (straum og vatn). Kona har arbeid utanom bruket. 5

Rine Gry Madland Eiane, Time, har bygd om fjøset til 20 boksar for eigne hestar og nybygg på 20 boksar for utleige. Det er ridehall og 2-3 km med ridesti. Stallprisen er kr 3.000 pr mnd for fullpensjon. Vidare er det litt sal av livdyr (fullblods Araber) med ein pris på kr 80-100.000 pr dyr. I tillegg blir det drive med sau samt at mannen har inntekt utanom bruket. Med bakgrunn i desse besøka viser det seg at prisane varierer svært mykje. For oppstalling varierer prisane på stalleige (inkl. vatn og straum) frå kr 500 til kr 1.500 pr mnd. Med fullpensjon (inkl. fôr og strø) frå kr 2.000 til kr 4.000 pr mnd. For ridning varierer prisane frå kr 100 pr time til kr 180 pr time. Når det gjeld fôrsal, i første rekke høy, varierer prisane frå kr 2,40 til kr 4 pr kg. Med omsyn til gjødselhandtering skal det nemnast at Sjur Svaboe, Sandnes, har investert i komposteringsanlegg. I følgje Svaboe er det heile 80 % strø i gjødsla, og komposten blir kun nytta på garden. Sidan det i Rogaland er eit slikt anlegg, kan det vera interessant å sjå nærare på samansetning, kjemisk innhald, korleis komposten kan nyttast og eventuelt om anlegget kan nyttast til å ta imot gjødsel frå andre. FMLA vil fylgja opp dette. Norsk Hestesenter og hest som næring Under arbeidet med kartlegging av hest som næring har FMLA hatt fleire samtalar over telefon med Norsk Hestesenter (NHS) på Starum. NHS er ein stiftelse for utdanning av i første rekke rideinstruktørar og travtrenarar. Det kan og nemnast kursing av lærarar på vidaregåande skular. Vidare har NHS ansvaret for hesteavl og godkjenning av avlsplanar. Elles registrerer ein at økonomi med hest har liten plass ved NHS. FMLA vil difor senda skriv til NHS om at økonomi og hest som næring bør bli eit satsingsområde ved hestesenteret. Det skal og nemnast at Høgskulen for landbruk og bygdenæringar har fått støtte til å utvikla eit kompetansegivande kurs i hestefag som skal gi 60 studiepoeng. Dessutan har Tveit og Øksnevad vidaregåande skule med hest som ein del av undervisningstilbodet. Produksjonstilskot til hest Vidare har ein i prosjektgruppa drøfta produksjonstilskot til hest. Nå er det kun hestar under tre år som har rett på tilskot, medan det tidlegare var hestar over to år som hadde rett på tilskot. Gruppa er av den oppfatning at alle som driv med hest som næring og elles oppfyller vilkåra for produksjonstilskot bør få produksjonstilskot for alle hestane. Merk og at hesten har behov for beite. Dyreslaget gir difor eit positivt bidrag til pleie av 6

kulturlandskapet. I tilknyting til dette nemner ein det nye beitetilskotet (jordbruksavtalen 2006/2007) der m.a. hest som har gått på beite i 12 til 16 veker (alt etter distrikt) har rett på det nye tilskotet. Statens landbruksforvaltning (SLF) sender kvart år skriv til Fylkesmennene der de ber om innspel til komande jordbruksforhandlingar. FMLA vil her peika på produksjonstilskot til hest som eit målretta verkemiddel både for utvikling av ei hestenæring på mange bruk og som positivt verkemiddel i kulturlandskapet. Kalkylar for oppstalling og økonomisk analyse I samband med besøksrunden har ein fått inn litt tal på investeringskostnader til oppstalling ( ombygging og nybygg), ridehall osv samt litt tal frå litteraturen. Det generelle inntrykket er at ein veit for lite om økonomien ved næringsmessig satsing på hest. FMLA har difor kontakta Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) med tanke på eit samarbeid om økonomi. Det som m.a. vil vera aktuelt, er at NILF nyttar eit par av dei bruka ein har besøkt for økonomisk analyse. Med omsyn til oppstalling registrerer ein at det er ein del tome fjøs, m.a. kufjøs, som nå blir bygd om til hest. Dette er normalt ei rimeleg løysing i høve til nybygg. FMLA sin bygningsplanleggjar vil ta kontakt med eit par av dei bruka som nå har bygd om til hest som grunnlag for utarbeiding av kalkylar. Ridestiar- samarbeid om etablering m.m. Med bakgrunn i kartleggingsarbeidet om næringsmessig satsing på hest kan ein konkludera med at tilbodet på ridestiar er altfor lite. For eksempel i dei fire kommunane Stavanger, Sandnes, Haugesund og Rennesøy er det i Stavanger kun ridestiar i Sørmarka og Krossberg, Sandnes kun i Vagleskogen og Foss-Eikeland, medan Haugesund og Rennesøy ikkje har ridestiar. For mange av dei som er besøkt, er det kun mogleg å ri innafor den enkelte eigedomen. Den største utfordringa framover er difor nye ridestiar og måtar å få dette til på. Først må ein finna naturlege trasear for nye ridestiar. Her må ein leggja vekt på at stien bør vera minst mogleg synleg i landskapet. Merk og at dei fleste ryttarar føretrekk å ri rundtur. Ved utforming av ridesti bør han ha ei breidde på 2 meter. Stien bør vera minst 1 km og utformast med sløyfe slik at ein kan ta fleire rundar etter kvarandre. Stien må ha god fundamentering og drenering med eit slitelag eller toppdekke på minimum 10 cm. Toppdekket bør vera av såkalla grushaldig sand, dvs maks kornstørrelse på 12 mm. I tettbygde/bynære område er separate stiar å føretrekkja- då unngår ein som regel konfliktar med andre som turgåarar, syklistar osv. (hestemøkk, redd for hestar osv) Vidare kan det vera aktuelt å rusta opp gards-/traktorvei til også å kunna nyttast til ridning- jf krav til toppdekke. Merk at i samband med siloslått osv, dvs mykje traktorkjøring, kan veien ikkje nyttast til ridning. Det bør etablerast kontakt med naboar og grunneigarar for å få til langsiktige avtalar om ridestiar. Vidare bør ein ha dialog med kommunen om etablering av nye stiar, oppgradering av gards-/traktorvei til ridesti osv.. m.a. med tanke på moglegheita for offentleg støtte, for eksempel gjennom Regionalt miljøprogram. 7

Samarbeid om høy Vidare konstaterer ein at høy framleis er det viktigaste fôrslaget til hest. Kvalitet og pris på høy varierer ein god del. Det er truleg mykje å henta både for produsent og kjøpar av høy. Nokre av dei som driv med hest, produserer også høy for sal. Samarbeidsløysingar om høy bør difor vera positivt både for seljar og kjøpar. Organisering av arbeidet framover For å koma i gang og få gjennomført konkrete tiltak som ridestiar osv., vil det vera behov for ein person som kan vera pådrivar. I forprosjektet har ein i første rekke konsentrert seg om kommunane Stavanger, Sandnes, Haugesund og Rennesøy. I den vidare prosjektsatsinga vil det vera naturleg å utvida med andre kommunar som er interessert i næringsmessig satsing på hest. Det vil også vera naturleg å invitera med andre delar av hestemiljøet. Prosjektperioden bør vera minst to år, og det er truleg best med deltidsstilling over tre år. Det vil då vera behov for ein prosjektleiar på deltid, ca 50 % stilling. Prosjektgruppa vil bli vidareført og eventuelt utvida dersom ein ser behov for det. Denne vil ha ansvaret for framdrift og profilering av prosjektet. Årlege kostnader Prosjektleiar: -løn og sosiale ytingar kr 250.000 -kontor, reis m.m. 50.000 Kjøp av tenester NILF 50.000 Informasjon 10.000 Andre kostnader 40.000 Sum kr 400.000 Samla kostnader over tre år: kr 400.000 x 3= kr 1.200.000 Finansiering Pr år Sum tre år Innovasjon Norge, sentralt kr 150.000 kr 450.000 FMLA 100.000 300.000 Rogaland fylkeskommune 100.000 300.000 Kommunar 50.000 150.000 Sum kr 400.000 kr 1.200.000 Konklusjon: Det vil bli utarbeidd prosjektsøknader om Sentrale BU-midlar 2007 og til Regionalt utviklingsprogram 2007 som viser konkrete satsingsområde i eit treårig prosjekt. 8

Vedlegg PROGRAM FOR PROSJEKTGRUPPA PÅ HAUGALANDET 29.06.06 CA 09. 15 Vi møtes ved McDonalds på Oasen. (Det vil være passende møteplass før vi kjører til Karmøy) 09.30-11.00 Dagen starter med besøk hos Odd Inge Vikshåland 11.30 12.15 Lunsj på Travparken, orientering om flerbruksanlegg, erfaringer fra hele landet, v/prosjektleder for dette arbeidet sentralt, repr. Det norske travselskap. Ca 12.15 13.00 Omvisning på Travparken, der vi bl.a blir orientert om treningsløyper 13.15 14.00 Besøk hos John Inge Naustvik på garden i Røyksund. Han har bygget om tradisjonell fjos til stallplasser m.m Ca 14.15-15.45 Besøk/orientering på Haugaland Rideklubb, Orientering om nytt anlegg og arbeidet med å tilrettelegge turstier ut i terrenget 9