Praksis ved Nav-kontora i Hordaland når dei behandlar søknader frå bustadlause om mellombels bustadtilbod



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Fylkesmannen i Hordaland

Kommunal praksis når pårørande melder om omfattande rusmiddelmisbruk

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Fjell kommune si personaloppfølging

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Kulturrekneskap for Hordaland 2008 April 2009

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

Kommuneprofilar - Befolkning, sysselsetting og kompetanse

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Varehandelstatistikk til bruk i utvikling av senterstruktur- og kjøpesenterpolitikk i Hordaland AUD-rapport nr


Om Hordaland fylke FYLKESROS HORDALAND

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Om tabellene. Februar 2017

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Om tabellene. November 2016

Om tabellene. August 2016

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Fylkevalg. En måned

Om tabellene. Oktober 2016

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Landsomfattende kartlegging av bostedsløse personer Bostedsløse i Hordaland og Sogn og Fjordane Bergen 17. januar 2018

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland - høyring av framlegg til område

Om tabellene. September 2017

Om tabellene. Juli 2017

Om tabellene. Desember 2016

Om tabellene. Mars 2017

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Folkebibliotek i Hordaland. Bibliotekstatistikken 2013 Folkebiblioteka i Hordaland

Om Fylkesprognoser.no

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

Elbilar og ladestasjonar

NHOs NæringsNM: Er Hordaland best på næringsutvikling? NHO-Hordaland årskonferanse 18.april 2013

Region vest Vegavdeling Hordaland Plan- og forvaltningsseksjon Bergen Ulykkesbarometer for Hordaland 2013

HORDALAND. Nr. 1/ januar 1988 INNHALD. Emne. Side

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

HORDALANDD. Utarbeidd av

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene


Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

3,13 3,17. Utslepp = aktivitet x utsleppsfaktor. Mobile utslepp: Arealbruk og transport. Innhald. Klimaplan for Hordaland

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Eksempel på fylkeskommunen sitt kunnskapsarbeid med folkehelse

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE


Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Næringsanalyse for Hordaland 2009

STATUS ØH SENGER MAI 2015

Rapport om NAV kontorenes praksis ved behandling av søknader om midlertidig botilbud

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Brukarrettleiing E-post lesar

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

Rådgjevarkonferanse 2009

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Samspel mellom syklistar og bilistar.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kommunal praksis når ein ikkje klarar å rekruttera støttekontaktar

Om tabellene. April 2016

Transkript:

Saksbehandlar, innvalstelefon Tor G. Turøy, 55 57 22 22 Vår dato 23.12.2013 Vår referanse 2013/10930 721.0 Statens helsetilsyn Postboks 8128 Dep 0032 OSLO Praksis ved Nav-kontora i Hordaland når dei behandlar søknader frå bustadlause om mellombels bustadtilbod Nav skal finna mellombels bustad til dei som ikkje klarar dette sjølve, og bustadene skal vera tilpassa dei som treng hjelp. Fylkesmannen i Hordaland har kartlagt praksis ved Nav-kontora i Hordaland når dei behandlar søknader frå bustadlause om mellombels bustadtilbod. I denne rapporten til Statens helsetilsyn gjer vi greie for kva vi har funne ut. Kommunane i fylket vert orientert med kopi. I tillegg har vi lagt ut ei sak på nettstaden vår. Samandrag I kartlegginga vår kjem det fram at dei aller fleste som søkjer Nav om slik hjelp er vaksne menn med betydelege rusproblem, ofte i kombinasjon med andre sosiale problem og med helseproblem. Trekk som går igjen er at brukarane slit med psykiske problem, «dårleg buevne», dårleg økonomistyring og ein del har vore borte i kriminalitet. Dei er dessutan venlegvis sosialhjelpssøkjarar utan arbeidsinntekt, og mange har ytingar frå folketrygda. Sjølv om nokre trekk i stor grad går att, må vi presisera at ikkje alle dei som treng hjelp frå Nav til å finna ein mellombels bustad er rusavhengige eller har dei andre problema som vi her har nemnd. I Hordaland er det Nav-kontora i Bergen som får dei aller fleste søknaden om hjelp frå Nav til å dekka eit akutt behov for bustadtilbod, Bergen har heile 76 prosent av vedtaka i slike saker. I Bergen og dei bynære kommunane er det vanleg at Nav dekkjer behova ved å gje tilbod om plass på hospits, medan det i landkommunane er vanleg å gje tilbod om plass i campinghytte. I dei aller fleste tilfella klarar Nav å skaffa plass på hospits eller i campinghytte på kort varsel, slik at søkjarane ikkje står utan tak over hovudet. Eit spørsmål er likevel om plass på hospits og campinghytte er godt nok til å tilfredsstilla krava i sosialtenestelova. Dei fleste som søkjer Nav om slik hjelp slit med rus og psykiske problem. Mange kan ikkje klara seg utan oppfølging i bustaden, og då har dei krav på oppfølgingstenester. Ikkje alle kommunar i Hordaland klarar å skaffa mellombels bustadar som er tilpassa behova til brukarane. Fylkesmannen konstaterer at kommunane i fylket ikkje disponerer god nok tilgang på mellombelse bustader som dekkjer behova til dei som treng hjelp. Det eigentlege problemet etter vår vurdering er mangelen på tilrettelagde varige bustader. Vi ser at ikkje alle rusmisbrukarar og psykisk sjuke meistrar å bu i ordinære leigeforhold. Difor meiner vi at kommune og stat må styrka innsatsen for å skaffa fleire tilrettelagde bustader til vanskelegstilte. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Helse- og sosialavdelinga Postboks 7310 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland

Bakgrunn for kartlegginga I embetsoppdraget frå Statens helsetilsyn for 2013 er fylkesmennene gitt i oppgåve gjennom kartleggingar å innhenta kunnskap om område og problemstillingar som gjeld tenester og ytingar etter sosialtenestelova (oppdrag 74.9). Heimel for å innhenta slik informasjon har fylkesmennene i sosialtenestelova 9. Fylkesmannen i Hordaland valde no i 2013 å sjå nærare på praksis ved behandling av søknader om mellombels husvære etter 27 i sosialtenestelova. I denne paragrafen står det at kommunen i Nav er forplikta til å finna mellombels husvære for dei som ikkje klarar det sjølv. I denne samanheng viser vi til rundskriv 35 til sosialtenestelova, der det blant anna heiter: «Tjenestemottakere som ikke har et sted å sove og oppholde seg det neste døgnet har krav på midlertidig botilbud. Årsaken til behovet og om situasjonen har vart over tid, er uten betydning for retten til tjenesten. Tjenestemottakere som bor hos venner, bekjente eller familie kan også ha krav på midlertidig botilbud.» «Det stilles ikke krav om at tjenestemottaker først må ha forsøkt å finne et botilbud selv.» «NAV-kontoret må sikre at det midlertidige botilbudet som benyttes er forsvarlig. Hvis kontoret finner det hensiktsmessig, bør det inngås kvalitetsavtaler med leverandører av midlertidige botilbud. NAV-kontoret må sikre at det midlertidige botilbudet i seg selv og for den enkelte er forsvarlig også der kontoret benytter et tilbud i en annen kommune.» «Bruk av midlertidig botilbud skal begrenses i omfang og lengde, og opphold som varer mer enn 3 måneder bør kun unntaksvis forekomme.» «Tjenesten er en naturalytelse, og NAV-kontorets ansvar er å sikre at tjenestemottaker faktisk har et sted å sove og oppholde seg det neste døgnet.» Bakgrunnen for at vi valde å sjå på denne problemstillinga var at vi gjennom nokre klagesaker hadde sett praksis som avveik frå lovforståinga slik denne er presentert i rundskrivet. Dessutan har Fylkesmannen i Hordaland i år valt engasjera seg noko meir i bustadspørsmål, og då særskilt bustadtilbod for dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. I tillegg til denne kartlegginga gjennomfører Fylkesmannen no i haust tilsyn ved tre av Nav-kontora i fylket om deira praksis når det gjeld søknader om mellombels bustad. Føremålet med kartlegginga var å få oversikt over omfang og praksis når det gjeld mellombels husvære etter 27 i sosialtenestelova i vårt fylke. Dette er ei teneste etter sosialtenestelova som vi frå før berre har avgrensa kunnskap om. Gjennom denne kartlegginga har Fylkesmannen i Hordaland fått eit visst innblikk i situasjonen i alle kommunane i vårt fylke, og vi har fått ei generell oversikt på fylkesnivå. Denne kunnskapen vil vi primært nytta i vårt arbeid som tilsynsinstans for tenester etter sosialtenestelova, men også som klageinstans og ved råd og rettleiing overfor Nav-kontora. I denne rapporten vil vi ikkje presentera små tal på kommunenivå, fordi ein då vil kunna få inntrykk av kva sosiale problem einskiltpersonar som har fått hjelp frå Nav har. Difor offentleggjer vi ikkje tal som omfattar færre enn fire personar. 2

Gjennomføring av kartlegginga Kartlegginga vart gjennomført ved at vi stilte ti spørsmål til Nav-kontora i fylket. For Bergen kommune bad vi om svar frå Byrådsavdeling for sosial, bustad og områdesatsing. Vi har fått skriftleg svar frå alle kommunane i fylket. Dei ti spørsmåla vi stilte omhandla desse temaa: 1. Vedtak 2. Kapasitet 3. Kva type mellombels husvære nyttar Nav? 4. Kvalitetsvurdering 5. Varigheit 6. I annan kommune 7. Kan de seia noko om kven brukarane av mellombels husvære hjå dykk er? 8. Utflytting 9. Behovsvurdering 10. Vurdering av eigen praksis Omfanget av saker om mellombels bustad For å få oversikt over samla omfang bad vi Nav-kontora fortelja kor mange søknader dei har hatt, og kor mange vedtak dei har fatta. Samla tal i svara på desse to spørsmåla er: Antall søknader om mellombels husvære sett fram for Nav-kontoret i første 712 halvår 2013 Antall vedtak Nav-kontoret har fatta etter 27 i første halvår 2013 689 Dette betyr at Nav-kontora fatta vedtak for 97 prosent av søknadene. Ei vanleg årsak til at nokre få søknader ikkje vart behandla slik at Nav fatta einskiltvedtak, er at søknaden vart trekt då søkjaren fekk vita kva alternativ Nav kunne tilby som husvære. Ein kommune fortel at Nav i fleire tilfelle klarte å inngå avtale med husvertar om varig leige, slik at grunnlaget for å behandla søknaden fall bort, og dei då ikkje fatta vedtak etter 27. To kommunar fortel at dei har fatta vedtak etter 18 i sosialtenestelova når nokon søkjer om hjelp til mellombels bustad. Dei 689 vedtaka som Nav-kontora fatta i den aktuelle perioden fordeler seg slik på kommune: Bergen 524 Fjell 70 Lindås 40 Voss 9 Os 8 Odda 7 Askøy 6 Fitjar 4 Sveio 4 Andre 17 Hordaland i alt 689 Fjorten kommunar, for det meste små kommunar, fatta ingen slike vedtak i perioden. Det er åtte kommunar i Hordaland som har meir enn ti tusen innbyggjarar, og alle desse åtte 3

kommunane er med blant dei som har fatta vedtak. Det er sju kommunar i Hordaland som har færre enn to tusen innbyggjarar, og ingen av desse sju kommunane er med blant dei som har fatta vedtak. Av sju kommunar med mellom fem og ti tusen innbyggjarar er det berre to som ikkje har fatta nokon vedtak, og det er dei to kommunane som brukte 18. Fylkesmannen har i ettertid kontakta desse to kommunane særskilt. Dersom fordeler tal på vedtak i forhold til folketalet i kommunane, får vi denne tabellen (vedtak per ti tusen innbyggjar): Fjell 30 Lindås 27 Bergen 20 Fitjar 13 Odda 10 Sveio 7 Voss 6 Os 4 Askøy 2 Andre 1 Hordaland i alt 14 Samla omfang av 27-vedtak er lite. Dersom vi går ut frå at nokre søkjarar har fleire vedtak i halvårsperioden, kan vi leggja til grunn at ein promille av innbyggjarane har søkt Nav om hjelp til å få seg ein mellombels bustad. Vi ser at det er stor skilnad mellom kommunane i fylket. Fem kommunar av dei som fatta fire eller fleire vedtak har meir enn ti vedtak per ti tusen innbyggjarar: Fjell, Lindås, Bergen, Fitjar og Odda. Vi har ikkje oversikt over kvifor det er så store skilnader, men vi legg til grunn at dei kommunane som behandlar flest søknader om mellombels bustad, også er dei som har størst utfordringar på dette området. Eit forhold som vi vurderer å sjå nærare på er skilnaden mellom dei to mellomstore kommunane våre: Både Askøy og Fjell har meir enn 20 000 innbyggjarar, dei har sterk vekst i folketalet, og båe er nabokommunar til Bergen, med til dels samanfallande bustadmarknad. Likevel har dei to kommunane stor forskjell i 27-vedtak: Fjell ligg på topp i oversikta, og Askøy på botn. Kvalitet Vårt spørsmål: På kva måte kvalitetsvurderer Nav det bustadtilbodet som vert gitt i dei mellombels husværa som Nav-kontoret nyttar? Svara på dette spørsmålet viser, rimeleg nok, at det er dei kommunane som fattar flest vedtak som har eit system for kvalitetsvurdering av dei mellombels bustadtilboda som dei nyttar. Bergen kommune har inngått avtalar med seks leverandørar av mellombels husvære, og kommunen har formaliserte oppfølgingsmøte pluss hygieneoppfølging og branntrygging. Når Nav nyttar andre bustadtilbod enn desse seks, er det opp til det enkelte Nav-kontor i Bergen å kvalitetsvurdera. Nav Fjell har avtale med pensjonat og hospits som oppfyller kriteria i rundskrivet, men presiserer at barnefamiliar skal ha andre akuttilbod enn pensjonat og hospits. Rundskriv 5/2003 til den førre sosialtenestelova inneheld ein rettleiar for kvalitetskrav til mellombels husvære, med ei opplisting av kva ein avtale om kvalitetskrav bør innehalda. 4

Denne rettleiaren er ikkje ført vidare i rundskriv 35 til den nye sosialtenestelova. Berre ein kommune, Meland, skriv i sitt svar at dei har inngått kvalitetsavtalar med utleigarar campinghytter. Nokre kommunar som nyttar kommunale husvære til akuttplasseringar skriv at dei har oversikt over kvaliteten på dei kommunale husværa. Det er likevel ikkje gitt at alle kommunale husvære har god standard. Ein nabokommune til Bergen skriv at dei bruker dei hospitsa som Bergen kommune har avtale med. Det kjem fram at Nav gjerne har lite tid på seg ved akutte behov for overnatting, at dei må ta det alternativet som er tilgjengeleg, og dette alternativet har ikkje alltid så god standard som ein kan ønskje. Eit Nav-kontor svarar at brukaren har krav på et husvære med forsvarleg men nøktern standard. Det er ingen som svarar at dei er ukjende med kvaliteten på husvære, men det kjem frå at arbeidet med kvalitetssjekk varierer: ein telefonsamtale med utleigar om fasilitetar sjekka ut om det er mogleg å laga mat, vaska klede og låsa døra synfaring på campingplass/campinghytte eller husvære før utleige. Ein kommune svarar at dei prøver å nytta campingplassar som ikkje er belasta med kriminalitet og rus. Ein kommune skriv at den kommunale oppfølgingstenesta har som oppgåve å følgja opp dei brukarane som får plass i mellombels husvære. Neste avsnitt handlar om kapasitet, men fortel også mykje om kvalitet. Kapasitet Vårt spørsmål: Har Nav-kontoret i praksis på kort varsel klart å skaffa plass i mellombels husvære til alle som har fått vedtak på dette? Kommunar som ikkje har hatt søknader svarar at problemstillinga ikkje har vore aktuell. Alle dei andre kommunane svarar at dei klarar å skaffa plass i mellombels husvære til dei som får vedtak. Fleire kommunar peikar likevel på at ikkje alle søkjarar tek imot tilbod om plass på hospits eller pensjonat, men held i staden fram med å bu hjå slekt eller venar. Dette viser at dei som takkar nei til hospits eller campinghytte ikkje nødvendigvis søv ute. Det desse søkjarane vanlegvis ønskjer er hjelp til å skaffa seg ein permanent bustad mellombels overnatting er noko dei ordnar med sjølv. Difor trekkjer ein del søknaden, eller dei takkar nei når dei får opplyst at det er hospits eller pensjonat som er alternativet. Vi har fått fleire innspel på at ein del søkjarar opplever tilbodet på hospits som utilfredsstillande, fordi dei som bur på hospitset har store problem med rus og andre sosiale problem. Nokre seier at dei ikkje kan bu slik dersom dei skal klara å halda seg borte frå rus og kriminalitet. Dette viser at det ikkje er god nok kapasitet på mellombels bustadtilbod som er tilpassa behova til den einskilte brukar. Mange Nav-kontor melder at dei som får tilbod om opphald på 5

hospits eller campinghytte takkar nei, fordi dei kjenner seg utrygge på stadar der andre rusar seg. Heller ikkje rusavhengige vil overnatta på same stad som andre rusavhengige. Hospits er ikkje eit tilbod som kan seiast å vera tilpassa deira behov. Når dei ikkje får eigna bustad, må dei i staden halda fram med å bu tilfeldig rundt hjå slekt og vener, med den belastninga dette gir for begge partar. Fleire Nav-kontor melder at dei bruker tid og krefter på å overtala utleigarar til å ta imot Nav sine brukarar. Mange utleigarar vil helst ikkje ta inn dei som kjem frå Nav, av omsyn til andre gjester eller på grunn av dårlege erfaringar. Bergen kommune skriv at nokre brukarar får pengar på kontantkort for å ordne seg husvære sjølv. Likevel har Fylkesmannen i ei klagesak i år fått kunnskap om at det ikkje var mogleg for sosialhjelpssøkjaren å skaffa seg husvære med kontantkort. I klagesaka slo vi fast at det ikkje er nok å innvilga brukaren tusen kroner og be vedkomande sjølv skaffa seg tak over hovudet neste natt. I rundskrivet heiter det at «Det stilles ikke krav om at tjenestemottaker først må ha forsøkt å finne et botilbud selv.» Det kan vera ei vanskeleg og arbeidskrevjande oppgåve for Nav å skaffa husvære til ein bustadlaus på kort varsel. Sosialtenestelova krev likevel at Nav skal skaffa mellombels husvære til dei som står utan tak over hovudet. Dette gjeld også dersom brukaren er svartelista eller dersom det er fullt på hospits og andre mellombelse husvære i nærleiken. Nokre få av Nav sine brukarar har så trugande åtferd at dei vert nekta plass på hospits og campingplassar. Nav har likevel plikt etter sosialtenestelova til å skaffa også desse eit mellombels husvære dersom dei ikkje har ein stad å bu. Kva type mellombels husvære nyttar Nav? Dei fleste kommunane skriv at dei nyttar campinghytter. Dei som kommenterer dette spørsmålet skriv at campinghytter er det dei til vanleg nyttar, og at hotell og pensjonat berre vert sjeldan nytta. Små kommunar som ligg eit stykke frå Bergen brukar sjeldan hospits i byen. I alt åtte kommunar, ein firedel av kommunane i fylket, nyttar hospits. Dei fleste er bynære kommunar. Det er berre i Bergen vi har hospits i vårt fylke, og vi legg til grunn at Bergen er den kommunen som nyttar hospits desidert mest. Kommunar nær Haugesund i Rogaland nyttar av og til hospits der. I svara sine fortel kommunane at dei også nyttar andre alternativ, slik som vandrarheim, krisesenter, privat rusomsorg (til dømes evangeliesenter), privat korttidsleige og akuttplassering i kommunal bustad. Etter som det ikkje var nemnd noko spesielt under «anna», vil vi tru at fleire kommunar ville kryssa av på desse alternativa dersom dei var lista opp som alternativ. Tabellen under viser kor mange prosent av kommunane som hadde kryssa av for kvart av dei forskjellige alternativa: Campingplass/campinghytte Hotell Pensjonat Akuttplassering i kommunal bustad Hospits Vandrarheim Privat korttidleige Krisesenter Evangeliesenter 67 prosent 36 prosent 27 prosent 27 prosent 24 prosent 9 prosent 6 prosent 3 prosent 3 prosent 6

Vårt spørsmål: Har kommunen eigne husvære som Nav kan nytta til mellombels bustadtilbod, og kva type husvære i tilfelle? Fleire kommunar skriv at dei nyttar ledige kommunale husvære, og desse husværa er ikkje øyremerka til akuttplasseringar etter 27. Nokre få kommunar skriv at dei eig eller leiger krisehyblar som er tenkt til akuttplasseringar for målgruppa rus og psykisk helse, men det vert også fortalt om problem med at dei som får akuttplass ikkje flyttar ut att og difor legg beslag på ein plass som vart meint å stå ledig i tilfelle akuttplassering. Varigheit Vårt spørsmål: Kor mange av opphalda i mellombels husvære er på meir enn tre månader? I alt var 204 opphald i mellombels husvære er på meir enn tre månader i første halvår 2013, og nesten alle var i Bergen (92 prosent). I tillegg til Bergen er det åtte kommunar som har hatt brukarar på opphald i mellombels husvære i meir enn tre månader, medan 24 kommunar svarar at dei ikkje har hatt det. Langvarig opphald i mellombels bustad etter 27 er såleis i det vesentlege eit Bergens-fenomen. Dei 188 langvarige opphalda i Bergen fordeler seg slik på bustadtype: 66 i bustad med døgntilsyn, 82 med kvalitetsavtale og 36 utan kvalitetsavtale. Dersom vi reknar langtidsopphalda i prosent av talet på vedtak, ser vi at 30 prosent av opphalda var på meir enn tre månader, For Bergen var talet 36 prosent, medan talet var 10 prosent for dei andre kommunane i fylket samla. I rundskriv 35 til sosialtenestelova står det at: «Bruk av midlertidig botilbud skal begrenses i omfang og lengde, og opphold som varer mer enn 3 måneder bør kun unntaksvis forekomme.» Tala frå kartlegginga viser at bruken av mellombels bustadstilbod som varer meir enn tre månader førekjem oftare enn unntaksvis. I annan kommune Vårt spørsmål: Kor mange av opphalda i mellombels husvære skjer i ein annan kommune? Bergen og atten andre kommunar svarar at dei ikkje har nytta opphald i mellombels husvære i andre kommunar. Dei resterande fjorten kommunane har svara at dei i større eller mindre grad nyttar seg av opphald i andre kommunar, og særleg dei to store Bergensnære kommunane Askøy og Fjell nyttar hospits, m.v. i andre kommunar. Desse to kommunane svarar slik på spørsmålet om kor mange av opphalda i mellombels husvære skjer i ein annan kommune: Askøy Fjell Alle opphalda er i andre kommunar, hovudsakleg i Bergen. Nitti prosent av opphalda er i andre kommunar. Det er stor mangel på eigna mellombels husvære i Fjell Det store fleirtalet av dei som får 27-vedtak i vårt fylke oppheld seg i Bergen, og alle dei får mellombels bustadtilbod i opphaldskommunen. For kommunane omkring er situasjonen ein annan i og med at dei ofte gjev mellombels bustadtilbod i eit husvære i ein annan kommune, og då i stor grad i Bergen. 7

Kven er brukarane? Vårt spørsmål: Kan de seia noko om kven brukarane av mellombels husvære hjå dykk er? På spørsmålet om fordeling kvinner/menn svarte dei kommunane som hadde fire eller fleire vedtak: Bergen: 87 kvinner og 279 menn (76 prosent menn) Fjell: 80 prosent menn Lindås: 87 prosent menn Voss: Flest menn Os: 75 prosent menn Odda: 88 prosent menn Askøy: Størst andel menn Fitjar: Alle er menn Sveio: 90 prosent menn Dei fleste andre kommunane svarte at vedtaka deira galt berre menn. Nokre av svara omfattar ein lengre periode enn berre første halvår 2013. Likevel kan vi slå fast at det store fleirtalet av denne brukargruppa, nærare nitti prosent, er menn. På spørsmålet om fordeling under/over 25 år svarte Bergen at 42 var under 25 år og 324, altså 89 prosent. Denne fordelinga samsvarer i stor grad med svaret frå dei andre kommunane. Nokre har ein litt lågare del over 25 år enn Bergen, men fleire svarte at alle brukarane av denne tenesta er meir enn 25 år. På spørsmålet om kor mange av brukarane har rusproblem svarte Bergen at 90 prosent har rusproblem. Denne fordelinga samsvarer i stor grad med svaret frå dei andre kommunane. Nokre har ein litt lågare del rusavhengige enn Bergen, men fleire svarte at alle brukarane av denne tenesta har rusproblem. Vi spurte også etter andre fellestrekk ved brukarane av mellombels husvære, og fekk til svar at brukarane ofte har fleire sosiale problem og helseproblem, særleg med psykisk helse. Sosiale problem som går att er dårleg buevne, dårleg økonomistyring og ein del har vore borte i kriminalitet. Dei er dessutan venlegvis sosialhjelpssøkjarar utan arbeidsinntekt, og mange har ytingar frå folketrygda. Kva skjer etterpå? Vårt spørsmål: Kva type husvære flyttar brukarane dykkar inn i etter utflytting frå mellombels husvære? Svara fortel at dei fleste flytta inn i varig husvære, men ikkje alle: Ein del flytta til slekt eller vener, og nokre til soning i fengsel eller behandlingsinstitusjon. Vi veit ikkje kor mange av desse som framleis er å rekna bustadlause, men vi vil tru at det i alle fall gjeld for ein del av dei. Dei som flytta inn i varig husvære fordeler seg på kommunale og private bustader. Nokre kommunar fortel at dei fleste av deira brukarar flytta få det mellombels bustadtilbodet og inn i kommunale bustader. 8

Rutinar for behovsvurdering Vårt spørsmål: Har Nav rutine for vurdering av kva for mellombels husvære den einskilte brukar skal få? To kommunar svarte at dei har eigne skriftlege rutinar for mellombels bustadtilbod, og det var Bergen og Fjell. Det er desse to kommunane som fattar flest vedtak. Fleire av kommunane presiserer at dei har rutine for å vurdera kvar sak individuelt. Fleire svarar at dei har rutine for å halda oversikt over kva som finst av aktuelle mellombels bustadtilbod, og kva stader det er lite rusing. Vårt spørsmål: Kva er praksis når hospits/campingplass vert vurdert å ikkje vera forsvarleg for ein brukar eller ein familie som er utan ein stad å overnatta? Nokre svarar at det ikkje har vore barnefamiliar som har stått utan husvære, og dei som har hatt søknader frå barnefamiliar styrer til vanleg unna rusbelasta hospits og campingplassar. Dei svarar at i slike tilfelle vurderer pensjonat og hotell. Vårt spørsmål: Kva er praksis i tilfelle der brukaren ber om å få husvære på ein rusfri stad? Då prøver Nav å finna eit alternativ, noko ein ikkje alltid greier. Det er ei særleg utfordring dersom brukaren har rusproblem, og ønskjer eit rusfritt tilbod. Vurdering av eigen praksis Vi bad Nav-kontora vurdera om praksisen deira er i samsvar med den rettleiinga som kjem fram i rundskriv 35, og svaret var eit betinga ja. Dei 33 kommunane svarte slik: Bergen: Ja. Men nokre bebuarar bur lengre enn tre månader og nokre få er det vanskeleg å skaffa mellombels bustad til i det heile tatt Fjell: Ja Lindås: Ja Voss: Tilboda som Nav bruker er ikkje gode nok. Nav har spurt om å få gjennomgangsbustader Os: Det er vanskeleg å få ta i husvære innan kommunen, og Nav har ikkje nok kommunale bustader til å dekka behovet. Nav syns det er særs vanskeleg å skaffa kommunale bustader til personar med rus og psykiske lidingar, som treng oppfølging i eigen bustad for å mesitra det å bu Odda: Ja Askøy: Ja Fitjar: Ja Sveio: Ja. Men det beste hadde vore om kommunen hadde eigne husvære til føremålet Austevoll: Ja. Men vanskeleg å skaffa mellombels og varige husvære innan kommunen Stord: Øygarden: Ja Sund: Ja. Men det er svært krevjande å finna varige bustadar til rusmiddelavhengige Kvinnherad: Ja 9

Ullensvang: Ja. Nav skaffar mellombels husvære på dagen, og arbeider fram mot varige løysingar Etne: Ja Radøy: Alle får tak over hovudet Meland: Ja Bømlo: Ja Modalen: Ja. Men Modalen har ikkje hatt søknader om mellombels husvære på årevis Vaksdal: Ja. Men det er utfordrande å finna gode og varige løysingar Eidfjord: Har ikkje opplevd akutte behov for overnatting, utanom ein gong der det gjaldt folk som var på gjennomreise Austrheim: Ja. Har særleg fokus på innsats som hindrar utkasting Tysnes: Ja Fedje: Ja. Men problemstillinga er marginal på Fedje Ulvik: Skaffar bustad på dagen. Men fattar ikkje alltid skriftleg vedtak når søknaden vært sett fram munnleg. Nav skal bli betre på å fatta vedtak i ettertid Osterøy: Lagar no skriftlege rutinar for vedtak etter 27 Kvam: Sikrar at alle som har behov for det får gode mellombelse bustadtilbod. Nav Kvam har hatt praksis for å fatta vedtak etter 18, og ikkje etter 27 Samnanger: Ja. Men det hadde vore ein fordel om kommunen hadde hatt bustader til dette føremålet Fusa: Ja Jondal: Ja Granvin: Ja Masfjorden: Ja. Kommunen har ein bustad til akutte tilfelle. Er denne bustaden opptatt har Nav avtale med eit hotell. Sluttkommentar Helse- og sosialavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland har no i 2013 hatt eit særleg fokus på bustadsituasjonen for vanskelegstilte. Som vi nemnde innleiingsvis meiner vi at det eigentlege problemet er at kommunane ikkje har nok tilrettelagde varige bustader, og at kommune og stat difor må styrka innsatsen for å skaffa fleire tilrettelagde bustader til vanskelegstilte. Dette synet har vi gjort kjent på fleire måtar, mellom anna i vårt innspel til Kommunal- og regionaldepartementet si høyring om nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid. I engasjementet vårt på dette området har vi hatt nært samarbeid med Husbanken sitt regionkontor i Hordaland, og vi halde fram dette samarbeidet i 2014. Med helsing e.f. Øystein B. Jacobsen seksjonsleiar Tor G. Turøy seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen underskrifter. 10