Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 28.10.2014 2014/2712/FMMRTHAU/461.5 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Overingeniør Thomas Aurdal, Vår ref. Kystverket Postboks 1502 6025 Ålesund Endring av løyve til mudring og deponering ved Bringsinghaug i Sande kommune Fylkesmannen i Møre og Romsdal har, etter førespurnad frå Kystverket, endra løyvet deira til deponering ved Bringsinghaug i Sande kommune. Endra løyve med vilkår er vedlagt. Løyvet er gyldig frå 07.10.2014 til 31.03.2015. Fylkesmannen vedtek eit gebyr på kr 5 500 for endringa av løyvet. Vi viser til løyve til mudring og deponering gitt 07.10.2014, til møte på Fylkeshuset 16.10.2014, til telefonsamtale 24.10.2014 der moglegheiter for endring av løyvet vart diskutert etter at nye opplysningar om forholda ved deponeringsområdet var kome fram, og til e-post sendt av Kystverket 28.10.2014. Vedtak Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjer med dette ei endring av løyvet til deponering ved Bringsinghaug i Sande kommune etter førespurnad frå Kystverket. Endringar i eit løyve kan gjerast i medhald av forureiningslova 18. Fylkesmannen har ved avgjerda lagt vekt på dei forureiningsmessige konsekvensane ei endring av løyvet vil kunne medføre, og på dei fordelar tiltaket elles vil gje. Endra løyve med nye vilkår er vedlagt. Løyvet har vorte endra på følgjande punkt: Deponeringsområdet vert flytta austover slik at det inkluderer tomtane med gnr56 bnr8 og gnr56 bnr38 Massane som skal mudrast og deponerast er redusert frå ca. 18 000 m 3 til ca. 10 500 m 3 Vilkåra til sikring av dei deponerte massane har vorte justert (sjå vilkår 4.4 og 4.5 i løyve). Postadresse: Fylkeshuset 6404 Molde Telefon: 71 25 84 43 Telefax: 71 25 85 10 E-post: postmottak@fmmr.no Web: www.fylkesmannen.no
side 2 av 3 Bakgrunn Kystverket skal gjennomføre mudring i hamna ved Bringsinghaug i Sande kommune for å auke seglingsdjupet i hamna. Mudringa skal gjerast i to fasar der ein fyrst fjernar det øvre laget med forureina, relativt lause massar, og deretter fjernar det nedre laget med harde morenemassar som truleg ikkje er forureina i betydeleg grad. Dei mudra massane skal deponerast i eit strandkantdeponi som skal opprettast i eit kommunalt område regulert til industriformål i nærleiken til hamna. Det vart opphavleg søkt om, og gitt løyve til, å opprette deponiet på eigedomane med gnr55 bnr10, gnr56 bnr36 og gnr56 bnr37, men ei gravrøys i nærleiken til den vestlegaste av desse eigedomane gjer at deponiet må opprettast lenger mot aust. Det inneber at også eigedomane med gnr56 bnr8 og gnr56 bnr38 vil verte nytta til deponi, mens berre den austlegaste delen av eigedom gnr55 bnr10 vil nyttast. Massane som skal mudrast og deponerast har også vorte redusert frå ca. 18 000 m 3 til ca. 10 500 m 3, og Kystverket har bedt om at krava til tildekking vert justert slik at dei vil vere tilpassa ein ny situasjon der det er mindre massar som skal deponerast. Vurderingar frå fylkesmannen Fylkesmannen er av den oppfatning at ei forskyving austover av deponiet som skal opprettast ikkje vil ha nokon negative forureiningsmessige konsekvensar. Dersom deponiet opprettast lenger aust vil det korte ned på avstanden dei mudra massane må transporterast etter at dei har vore tatt på land. Det gjer også at all transporten kan gjerast på fast dekke slik at eventuell forureining som spreiast under transporten lett kan fjernast igjen. Fylkesmannen er positiv til ei løysing der mudringa utførast i to fasar og det øvre laget med lause, sterkt forureina massar leggjast i botnen av deponiet og sikrast med duk, steinfylling og sandlag. Dei harde morenemassane som er antatt å vere reine kan då nyttast til sikring av dei meir forureina massane, men ein må forsikre seg om at ikkje desse harde massane inneheld forureining i betydeleg grad. Fylkesmannen meiner at denne løysinga vil gje eit tilstrekkeleg sikkert deponi. Fylkesmannen kan ikkje sjå at desse endringane av løyvet vil medføre nokon betydeleg innverknad i forhold til dei vurderingane etter naturmangfaldlova og vanndirektivet som sist vart gjort. Konklusjon Fylkesmannen gjer endringar av virkeområdet av løyva til mudring og til deponering av massar ved Bringsinghaug, i tillegg er det gjort små justeringar av vilkåra for deponering av massane. Fylkesmannen er av den oppfatning at desse endringane ikkje vil medføre nokon større risiko for spreiing av forureining eller reduksjon av den biologiske og økologiske funksjonen i området så lenge dei avbøtande tiltaka som vert pålagt vert utført. Løyvet vil vere gyldig frå 07.10.2014 til 31.03.2015.
side 3 av 3 Gebyr Endring av løyve gitt av Fylkesmannen er gebyrbelagt. Vedtaket er å betrakte som ei lita endring av løyvet, noko som inneber at verksemda skal betale eit gebyr på kr 5 500 for vår behandling av søknaden, jf. Forskrift om begrensning av forurensning av 01.06.2004, kapittel 39 om gebyr til statskassa for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova. Saksbehandlinga knytt til behandling av søknaden er plassert i gebyrsats 3, jf. forureiningsforskrifta 39-5. Faktura med innbetalingsblankett ettersendast frå Miljødirektoratet. Det kan klagast på storleiken til gebyret innan tre veker. Gebyret skal likevel betalast innan fristen. Dersom klagen får medhald vil det overskytande beløpet bli tilbakebetalt. Klage på storleiken skal føreleggjast Miljødirektoratet, men sendast via Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Med helsing Anne Melbø (e.f.) fagansvarleg Thomas Aurdal Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Vedlegg: 1) Endra løyve til deponering 2) Endra løyve til mudring Kopi: Sande kommune Rådhuset 6084 Larsnes
Endra løyve for Kystverket til deponering av forureina massar ved Bringsinghaug i Sande kommune Løyvet er gitt i medhald av lov av 13.3.1981 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 11. Det er satt vilkår etter forureiningslova 16. Løyvet kan ikkje nyttast før det også er gitt løyve etter plan- og bygningslova, og etter lova om hamner og farvatn. Tiltaket må også vere klarert etter kulturminnelova. Løyvet er gyldig i perioden 07.10.2014 til 31.03.2015. Bedrifta må på førehand avklare skriftleg med Fylkesmannen i Møre og Romsdal dei endringar ein ynskjer å foreta i forhold til opplysningar gitt i søknad eller under saksbehandling, som kan ha innverknad på miljøet. Bedriftsdata: Bedrift Kystverket Gateadresse Kongens gate 11, 6002 Ålesund Postadresse Postboks 1502, 6025 Ålesund Organisasjonsnummer (bedrift) 874783242 Lokalitet for tiltaket Industriområde vest for hamna i Bringsinghaug i Sande kommune Euref 89, UTM sone 32 for tiltaket nord: 6901246 øst: 313722 Gards- og bruksnummer for tiltaket gnr55 bnr10, gnr58 bnr8, gnr56 bnr36, gnr56 bnr37 og gnr56 bnr38 Kommune tiltaket utføres i Sande Saksnummer Anleggsnummer Løyvenummer 2014/2712 1514.0032.01 2014.412.T Løyve gitt: 07.10.2014 Endringsnummer: 1 Sist endra: 28.10.2014 Anne Melbø fagansvarleg Thomas Aurdal overingeniør Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
1. Virkeområde for løyvet Løyvet omfattar deponering av opp til 10.500 m 3 med forureina massar i strandkantdeponi vest for hamna ved Bringsinghaug i Sande kommune. Strandkantdeponiet skal opprettast i eit kommunalt område regulert til industriformål ved eigedomane med gnr55 bnr10, gnr56 bnr8 og gnr56 bnr36, gnr56 bnr37 og gnr56 bnr38. 2. Generelle vilkår 2.1 Tiltaket må gjennomførast som angitt i søknaden datert 04.08.2014 og med dei endringane som vart skildra i eposten som vart sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal 28.10.2014. 2.2 Vilkåra til forureiningsmyndigheta skal ikkje vere til hinder for at andre myndigheter kan stille krav med heimel i anna lovgjeving. 2.3 Tiltakshavar er ansvarleg for at vilkåra i løyvet vert oppfylt. Tiltakshavar er forplikta til å orientere vedkommande som skal gjennomføre tiltaka om dei vilkåra som gjeld, og om dei restriksjonane som er lagt på arbeidet. 2.4 Forureiningsmyndigheta, eller den forureiningsmyndigheta har gitt fullmakt, skal til ei kvar tid ha moglegheit til å komme inn på området for inspeksjon. 2.5 Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, sette nye vilkår, og dersom det er naudsynt trekke løyvet tilbake, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stede. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eit kvart tidspunkt, å stoppe arbeidet. 2.6 Dersom det viser seg at dei miljøbeskyttande tiltaka som har vorte pålagt ikkje fungerer slik som dei var ment å fungere, kan den ansvarlege med ein gong verte pålagt å sette i gang ytterlegare tiltak. 2.7 Dei delar av tiltaksområdet der det aktivt utførast arbeid, skal haldast avsperra og ikkje vere tilgjengelege for allmenta. 2.8 Ved mistanke om eventuelle funn av kulturminne undervegs i arbeidet skal arbeidet stansast og sjøfartmuséet i Bergen kontaktast.
3. Internkontroll, beredskap og varsling 3.1 Tiltakshavar skal utan opphald varsle Fylkesmannen om alle unormale forhold som har, eller kan få innverknad på forureiningssituasjonen. 3.2 Tiltakshavar plikter å ha eit oppdatert internkontrollsystem, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (internkontrollforskriften) av 6. desember 1996. Internkontrollen skal blant anna sikre og dokumentere at bedrifta overheld krav i dette løyvet, forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. 3.3 Tiltakshavar pliktar å gjennomføre tiltak for å unngå, eventuelt redusere risikoen for akutte utslepp frå all verksemd knytt til dette tiltaket. Slike tiltak skal være basert på ein systematisk gjennomgang av alle element i tiltaksaktiviteten. 3.4 Den ansvarlege skal sørgje for å ha ein nødvendig beredskap for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og redusere verknaden av akutt forureining for all verksemd, jf. forureiningslova 40. Beredskapen til den ansvarlege skal stå i eit rimeleg forhold til sannsynet for akutt forureining og omfanget av skadane og ulempene som kan inntreffe. Beredskapsplikten inkluderer også utstyr og kompetanse til å fjerne og redusere verknaden av eventuell forureining. 3.5 Ved akutt forureining eller fare for akutt forureining som følgje av verksemda, skal den ansvarlege varsle i følgje forskrift av 09.07.1992 om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning. Melding om akutt forureining gjerast til brannvesenet, telefon: 110. Kystverket har 24 timer med vaktberedskap (telefon 07847) og får meldingar frå brannvesenet om akutt forureining.
4. Deponering av massar 4.1 Fylkesmannen skal varslast når arbeidet startast opp. 4.2 Tiltaket skal utførast i tråd med avgrensa område som vist på kart sendt til fylkesmannen i tilknyting til søknad om endring av løyvet. 4.3 Det skal brukast metodar under arbeidet med deponering som minimerer faren for spreiing av forureining. Når dei forureina massane takast opp frå sjøbotnen, plasserast i bilane og fraktast til deponeringsområdet, må det sørgjast for at søling og spreiing av forureina sediment haldast på eit minimum. Eventuell masse som vert liggjande att på vegen mellom mudringsområdet og deponiområdet må fjernast. 4.4 Strandkantdeponiet som skal etablerast må sikrast slik at ikkje forureining lekk ut i sjøen. Det må lagast ei steinfylling slik som skildra i søknaden. Steinfyllinga må dekkast innvendig med duk og med eit lag av reine massar. Steinfyllinga må lagast slik at den blir tilstrekkeleg stabil til å holde på forureininga, også langt fram i tid og under ekstreme vêrforhold. Dei forureina massane må dekkast til på oversida med eit lag på minst 1 meter med reine massar. Dersom dei antatt reine morenemassane som skal mudrast skal nyttast til tildekking av dei forureina massane, må ein forsikre seg om at dei ikkje er forureina. 4.5 Det må vurderast om det skal leggjast ut ein enkel duk mellom dei sterkt forureina massane i deponiet og dei reine massane. Hensikta med denne duken vil vere å gje ei tydeleg markering av skillet mellom reine og forureina massar, noko som vil kunne vere til hjelp dersom det vert graving i området i framtida. 4.6 Det skal opprettast eit program for overvaking av strandkantdeponiet for å sikre at det er tett og at forureininga ikkje lekk ut. Ein ekstern fagkonsulent skal ha hovudansvaret for denne overvakinga. Dersom ein finn at forureining lekk ut frå deponiet, må det settast i gang tiltak for å finne årsaka til dette, og for å hindre vidare spreiing. 4.7 Tiltaket skal utførast under rolege vind- og bølgjeforhold for å unngå uheldig partikkelspreiing. 5. Rapportering Det skal sendast sluttrapport til Fylkesmannen innan 6 veker etter at anleggsarbeidet er avslutta. Rapporten skal innehalde ei skildring av arbeidet med transport og deponering av dei forureina massane, og av arbeidet med sikring av strandkantdeponiet.
Endra løyve for Kystverket til mudring i hamna ved Bringsinghaug i Sande kommune Løyvet er gitt i medhald av lov av 13.3.1981 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 11. Det er satt vilkår etter forureiningslova 16. Løyvet kan ikkje nyttast før det også er gitt løyve etter plan- og bygningslova, og etter lova om hamner og farvatn. Tiltaket må også vere klarert etter kulturminnelova. Løyvet er gyldig i perioden 07.10.2014 til 31.03.2015. Bedrifta må på førehand avklare skriftleg med Fylkesmannen i Møre og Romsdal dei endringar ein ynskjer å foreta i forhold til opplysningar gitt i søknad eller under saksbehandling, som kan ha innverknad på miljøet. Bedriftsdata: Bedrift Kystverket Gateadresse Kongens gate 11, 6002 Ålesund Postadresse Postboks 1502, 6025 Ålesund Organisasjonsnummer (bedrift) 874783242 Lokalitet for tiltaket Sørlege del av hamna i Bringsinghaug i Sande kommune Euref 89, UTM sone 32 for tiltaket nord: 6901246 øst: 313722 Gards- og bruksnummer for tiltaket gnr55 bnr10, gnr58 bnr8, gnr56 bnr36, gnr56 bnr37 og gnr56 bnr38 (deponi) Kommune tiltaket utføres i Sande Saksnummer Anleggsnummer Løyvenummer 2014/2712 1514.0032.01 2014.406.T Løyve gitt: 07.10.2014 Endringsnummer: 1 Sist endra: 28.10.2014 Anne Melbø fagansvarleg Thomas Aurdal overingeniør Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
1. Virkeområde for løyvet Løyvet omfattar mudring av om lag 10 500 m 3 med massar i den sørlege delen av hamna ved Bringsinghaug i Sande kommune. Eit øvre lag med lause, sterkt forureina massar og eit nedre lag med harde, antatt reine massar skal mudrast. Dei mudra massane skal så deponerast i eit strandkantdeponi ved eigedomane med gnr55 bnr10, gnr58 bnr8, gnr56 bnr36, gnr56 bnr37 og gnr56 bnr38 (sjå eiget løyve til deponering). 2. Generelle vilkår 2.1 Tiltaket må gjennomførast som angitt i søknaden datert 04.08.2014 og avklart i seinare korrespondanse. 2.2 Vilkåra til forureiningsmyndigheta skal ikkje vere til hinder for at andre myndigheter kan stille krav med heimel i anna lovgjeving. 2.3 Tiltakshavar er ansvarleg for at vilkåra i løyvet vert oppfylt. Tiltakshavar er forplikta til å orientere vedkommande som skal gjennomføre tiltaka om dei vilkåra som gjeld, og om dei restriksjonane som er lagt på arbeidet. 2.4 Forureiningsmyndigheta, eller den forureiningsmyndigheta har gitt fullmakt, skal til ei kvar tid ha moglegheit til å komme inn på området for inspeksjon. 2.5 Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, sette nye vilkår, og dersom det er naudsynt trekke løyvet tilbake, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stede. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eit kvart tidspunkt, å stoppe arbeidet. 2.6 Dersom det viser seg at dei miljøbeskyttande tiltaka som har vorte pålagt ikkje fungerer slik som dei var ment å fungere, kan den ansvarlege med ein gong verte pålagt å sette i gang ytterlegare tiltak. 2.7 Dei delar av tiltaksområdet der det aktivt utførast arbeid, skal haldast avsperra og ikkje vere tilgjengelege for allmenta. 2.8 Ved mistanke om eventuelle funn av kulturminne undervegs i arbeidet skal arbeidet stansast og sjøfartmuséet i Bergen kontaktast. 2.9 Det skal gjevast beskjed til Fylkesmannen når arbeidet med mudring startast opp.
3. Internkontroll, beredskap og varsling 3.1 Tiltakshavar skal utan opphald varsle Fylkesmannen om alle unormale forhold som har, eller kan få innverknad på forureiningssituasjonen. 3.2 Tiltakshavar plikter å ha eit oppdatert internkontrollsystem, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) av 6. desember 1996. Internkontrollen skal blant anna sikre og dokumentere at bedrifta overheld krav i dette løyvet, forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrift til desse lovene. 3.3 Tiltakshavar pliktar å gjennomføre tiltak for å unngå, eventuelt redusere risikoen for akutte utslepp frå all verksemd knytt til dette tiltaket. Slike tiltak skal være basert på ein systematisk gjennomgang av alle element i tiltaksaktiviteten. 3.4 Den ansvarlege skal sørgje for å ha ein nødvendig beredskap for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og redusere verknaden av akutt forureining for all verksemd, jf. forureiningslova 40. Beredskapen til den ansvarlege skal stå i eit rimeleg forhold til sannsynet for akutt forureining og omfanget av skadane og ulempene som kan inntreffe. Beredskapsplikten inkluderer også utstyr og kompetanse til å fjerne og redusere verknaden av eventuell forureining. 3.5 Ved akutt forureining eller fare for akutt forureining som følgje av verksemda, skal den ansvarlege varsle i følgje forskrift av 09.07.1992 om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning. Melding om akutt forureining gjerast til brannvesenet, telefon: 110. Kystverket har 24 timer med vaktberedskap (telefon 07847) og får meldingar frå brannvesenet om akutt forureining. 4. Mudring av massar 4.1 Fylkesmannen skal varslast når arbeidet startast opp. 4.2 Tiltaket skal foretas i tråd med avgrensa område som vist i kartvedlegg til søknaden og seinare korrespondanse. 4.3 Det skal brukast metodar for mudring som minimerer faren for spreiing av forureining. 4.4 Det må gjennomførast målingar av turbiditet under arbeidet jf. vilkår 5.2. 4.5 Grenseverdien for turbiditet settast til 10 NTU over turbiditet på referansestasjonen. Ved overskridingar av grenseverdien utover ein periode på 15 minutt, skal det settast i gang tiltak for å avklare kva som er årsaka til overskridinga. Dersom overskridinga skyldast interne forhold, skal arbeidet stansast med ein gong og nødvendige tiltak gjennomførast. Prosessen kan ikkje startast opp igjen før turbiditeten er nede på stabile
nivå under grenseverdien. Målingsstasjonane må plasserast slik at dei kan avdekke om sediment som vert virvla opp under mudringa spreiar seg ut av det avgrensa hamneområdet. Det er av stor viktighet at spreiing av forureina sediment utafor hamneområdet vert hindra. Rutinar og eventuelle tiltak skal skildrast i internkontrollen. 4.6 Tiltaket skal utførast under rolege vind- og bølgjeforhold for å unngå uheldig partikkelspreiing. 5. Kontroll og overvaking 5.1 Det skal gjennomførast kontroll og overvaking av arbeidet etter eit kontroll- og måleprogram. Kontroll- og måleprogrammet skal inngå i verksemdas system for internkontroll. Programmet skal vere tilstrekkeleg omfattande til å avdekkje eventuell uakseptabel spreiing av forureining i tilknyting til tiltaket. 5.2 Under anleggsperioden skal det kontinuerleg takast prøver og utførast målingar av: - Turbiditet i minst ein referansestasjon i området som ikkje er påverka av anleggsarbeidet. - Turbiditet i minst ein målestasjon nedstraums som er påverka av anleggsarbeidet. 5.3 Det skal førast logg over resultata frå overvakinga, og over mengder og tidspunkt for mudring av massar. Loggen skal som et minimum også innehalde eventuelle overskridingar og korrigerande tiltak. Loggen skal vere tilgjengeleg ved eventuelle tilsyn.
6. Rapportering 6.1 Utførte målingar av kjemisk tilstand i sedimenta skal registrerast på vannmiljo.no. Data skal leverast i importformatet til Vannmiljø-databasen, som kan finnast på http://vannmiljokoder.klif.no. Her finnast også oversikt over kva parameter som skal rapporterast. Importskjemaet skal knytast til bruker Mattis Mikkelsen. 6.2 Det skal sendast sluttrapport til Fylkesmannen innan 6 veker etter at anleggsarbeidet er avslutta. Rapporten skal innehalde: - Ei kort skildring av tiltaket og utført arbeid - Resultat frå målingane av turbiditet - Eventuelle overskridingar og korrigerande tiltak Det skal sendast ein sluttrapport til Fylkesmannen innan 6 veker etter at anleggsarbeidet er avslutta. Rapporten skal innehalde: Ei skildring av tiltaket og utført arbeid. Resultat frå målingar av turbiditet og eventuelle analysar av vatn eller sedimentprøver Ei skildring av eventuelle avbøtande tiltak som er gjennomført for å hindre uheldig innverknad på miljøet i tiltaksområdet.