Uttale frå bedriftene: BKS Industri AS Fjordconsult AS Kvinnherad Elektro AS Hellesøy Holding AS Norsafe AS Kvinnherad, 20.12.2013 Kvinnherad Kommune Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Merknader til planforslag for omlegging av Fv 48 Løfallstrand. Våre fem bedrifter som har bidrege med midlar øyremerkt til planarbeid for ny og betre Fv48 trase ca. "Kote 70" ovanfor Løfallstrand, vil gjennom denne uttalen gje våre felles merknader til Planforslaget. For ordens skuld, vi går ut frå følgjande opplagte føresetnad: Dersom ein går inn for Alternativ 2 "Ny veg Kote 70", er det ikkje lengre nødvendig med gjennomfartsveg gjennom bygda. Med tanke på eksisterande Reguleringsplan Årsnes Løfallstrand vil ein i så tilfelle IKKJE trenga å gjennomføra dei beskrivne vegutbetringane på eksisterande veg mellom ca. Hellesøy Verft til Gamle Løfallstrand Ferjekai (på Løvfall). Denne delen av reguleringsplanen Årsnes Løfallstrand må då justerast tilsvarande. Denne uttalen er oppbygd med følgjande hovudstruktur: 1. Ulike enkeltpunt med vurderingar av fordeler/ulemper ved Alternativ 1 / Alternativ 2. 2. Oppsummerande Vurdering av Alternativ opp mot dei fem definerte måla for Prosjektet 3. Vurdering av kvaliteten på utførte kostnadsestimat 4. Konklusjon Vedlegg 1 (Fire sider): "Luftfoto utsnitt = LAY_C_10000 C002 005" Vedlegget brukar foto frå lufta til å visa meir detaljar av konsekvensar ved Alternativ 1 "Eksisterande trase".
1. Ulike enkeltpunt med vurderingar av fordeler/ulemper ved Alternativ 1 / Alternativ 2. "FØR": Biletet viser garden Sætre, med flott frukthage og koseleg fleire hundre år gamalt tun "ETTER": Ut frå Akvator dokument "Opprusting Eksisterande Veg CL10000_C005", skal det her lagast breiare veg med ei fylling som vil øydeleggja eksisterande frukthage og eit nydeleg gammalt tun. t Innfelt bilde viser ny veg med tilsvarande standard og fylling,frå ny vegstubbe 2013 innanfor Geitebu. I foreslått Alternativ 1 er det mange slike døme gjennom bygda, dette er uønskaa landskapsinngrep. I Planomtalen vert vurdert at Alternativ 1 "Utvida eksisterande trase" inneber små inngrep i landskapet, medan Alternativ 2 "Ny" veg ca Kote 70 ovanfor bygda" vil ha store inngrep. Vi meiner tvert imot Alternativ 1 vil rasera landskapet, men Alternativ 2 er heiltt ok for landskapet: Vi kan godt ha ny god veg med standard som på innfelt bilde over, men plassert oppii skogen. På biletet under ser ein det vakre landskapet vårt frå sjøen. Pila P peikar mot skogsvegen frå Geitebu, som nokre år etter bygging har føyd seg harmonisk inn i det vakre landskapet vårt, akkurat slik ein ny veg på "Kote 70" vil gjera det. Alternativ 2 er heilt ok for landskapet vårt. Vi har derimot ikkje plass til ein slik stor ny veg midt gjennomm bygda dett vil rasera bygda i staden for å løysa problemet sjå illustrasjon av ny veg over.
Ny veg forbi Olderkjær/Løfallstrand Skule er foreslått utvida ca. 5m oppover. o Dagens situasjon i bygda er ein svært tett randbebyggelse og tilhøyrande problem med traffikfare og støy, dettee ville verta endå verre med Alternativ 1 og ny breiare veg gjennom bygda. Dette flotte gamle tunet i Vevikjo kan sparast når ein veljer Alternativv 2 "Kote 70": Alternativ 1 krev riving av hus og tuntre på nedsida, samt stor fylling sørover => Vil øydeleggja tunet. Flott gammalt tun på Løvfall som kan sparastt med Alternativ 2 "Kote 70". Med Alternativ 1 "Opprusting Eksisterande Veg" vert hus rive og stor fylling på nedsida. Og trafikken langs hjørna på eksisterande hus vil berre auka.
Til samanlikning:alternativ2 "Kote 70" vert lagt fint i terrenget utanom bygda, og løyser alle problem. KULTURMILJØ Kulturmiljø i området langs Alternativ 2 "Ny veg Kote 70" vert i Planomtalen beskrive som eit område utan særlig verdi, med eitt unntak: Med grunnlag i at ny veg vil gå berre 30 meter ovanfor husmannsplassen "Bakken" (også kjent som "Bråtet", i dag ein fritidsbustad), foreslår ein som Avbøtande Tiltak at det må etablerast lokk på Kote70 vegen forbi dette området, dette for å hindre støy og luktplager frå vegen. Kulturmiljøet i området for Alternativ 1 "Opprusting Eksisterande Veg" er i Planomtalen gitt middels til stor verdi. Til samanlikning ser ein, ved gjennomgang av kartet for Alternativ 1, at det for dette alternativet er ca. 80 bygningar langs eksisterande trase som vil liggja mindre enn 30 meter frå ny opprusta veg midt gjennom bygda. => Skal ein følgja same logikk som ovanfor, må ein konkludera at ein i Planomtalen for dette kulturelt verdige området har gløymt å anbefala som Avbøtande Tiltak at det må etablerast lokk på nyopprusta veg forbi ca. 80 bygningar langs heile den eksisterande traseen, dette for å hindre støy og luktplager frå vegen. o Eit slikt tiltak er sjølvsagt ikkje ønskjeleg, då det i seg sjølv vil øydeleggja Landskap og Kulturmiljø gjennom bygda endå meir. o Likevel er det svært illustrativt merka seg at Planomtalen for Alternativ 2 "Kote 70" o tek problemet med Støy og Lukt svært alvorleg for eit fritidshus 30 meter frå vegen. Dette viser med all tydeleghet at: Eksisterande problem med Støy/Lukt frå dagens trafikk gjennom bygda, er heilt reelle og alvorlege. Problema vil bli endå verre fordi: ny breiare veg midt gjennom bygda vil liggja nærare husa folk vil automatisk vil bryta fartsgrensa litt meir med ny fin veg i framtida forventar ein dobla trafikk => Kort sagt, å velja Alternativ 1 og "opprusta ny stor veg gjennom bygda" er akkurat like UAKTUELT som å etablera lokk over ein slik veg!
Alternativ1 "Opprusting Eksisterande Trase" Avvikande trafikkfarleg standard for Gang /Sykkelveg Bildet under viser ein skikkeleg Gang /Sykkelsti som er laga i tilsvarande kulturlandskap ved Rosendal, med 3m Gang /Sykkelsti, pluss ein meter midtrabatt for å ivareta tryggleiken. 3m 1m I Planarbeidet har ein valt å avvika frå den trygge gode H2 standarden som er vist ovanfor, ein har i staden valgt ein smalare Gang /sykkelveg UTAN tryggleiksrabatt! Den avvikande Gang /Sykkelvegen brukt i Alternativ 1 er muligens valt fordi ein såg problem med å finna plass til faktisk nødvendig vegbredde gjennom bygda. Dette problemet ser vi også. Løysinga er sjølvsagt å velja Alternativ 2 "Kote 70", så kan ein bruka eksisterande veg som ein skjerma, trygg og lite trafikkert lokal bygdeveg, og treng ikkje laga nokon ny gang /sykkelveg! Skredfare Alternativ 2 "Kote 70" I NGI sitt dokument "Skredfarevurdering" står det om 'Kote 70' at totalt sannsyn for vegtraseen er berekna til 1,8 nedfall [skred] per år. Vi viser her til at skogsvegen opp frå Geitebu er bygd i vanskelegare terreng enn "Kote 70" trase (sjå t.d. område ringa rundt under), og at ein her har opplevd berre ca. eitt (1) utfall per 10 år. Konkret erfaring med vegbygging i liknande/verre terreng tyder altså på at, samanlikna med faktiske lokale tilhøve, er utfallfrekvens for ny trase "Kote 70" i Planomtalen truleg estimert altfor høgt. Relevant lokal sikring på Kote70 må sjølvsagt gjerast, men dette blir ei avgrensa/oversiktleg oppgåve.
2. Oppsummerande Vurdering av Alternativ opp mot dei fem definerte måla for Prosjektet I Planomtalen, under pkt. "1.5 Føremål med prosjektet", står det at ein opprusta parsell av Fv48 Løfallstrand skal tene følgjande føremål: Auka trafikksikring for både køyrande og mjuke trafikantar Betre butilhøve for eksisterande busetnad Betre grunnlag for auka busetjing Reduksjon av støytilhøva og andre ulemper for eksisterande busetnad Auka framkome for gjennomgangstrafikken Planarbeidet sitt oppdrag har vore å utgreia alternativa ut frå desse fem kriteria. Ei tilråding av Alternativ bør baserast på ein konkret gjennomgang av korleis alternativa møter oppgitte kriterier: Føremål som skal vurderast Auka trafikksikring for køyrande og mjuke trafikantar (NOTE2) Betre butilhøve for eksisterande busetnad Betre grunnlag for auka busetjing Reduksjon av støytilhøva og andre ulemper for eksisterande busetnad Auka framkome for gjennomgangstrafikk(note1) Alternativ 1: Opprusting eksisterande veg Alternativ 2: Ny veg Kote 70 0/ ++ ++ ++ ++ + ++ Rangering 2 1 Note1: Mht. Auka framkome for gjennomgangstrafikken gjev Alternativ 1 ei lita betring pga. 2 feltsveg. Fartsgrensa forblir likevel 50km/t. På fin/brei ny gjennomgangsveg vil ein større del av trafikantane i praksis likevel bryta 50km/t fartsgrensa og køyra fortare enn på ein smal veg, slik at ein såleis faktisk kan pårekna ein reell auke i framkome for gjennomgangstrafikk. Note2: Mht. Trafikksikring burde Alternativ 1 i normalt gje ei betring for mjuke trafikantar i langsretning på gang /sykkelveg, men gs vegen er prosjektert unormalt smal og manglar tryggleiksbarriere mot bilveg som er beskriven i vegstandard H2. Dette er truleg gjort for at å sleppa å riva endå fleire hus gjennom bygda, men blir ikkje ei fullgod trygg løysing. I tillegg vert det vesentleg farlegare kryssing av ny brei gjennomgangsveg for born/vaksne mellom "oppehusa" og "nedehusa". Tett med fotgjengarovergongar kunne evt. hjelpa, men ville slå endå meir negativt ut for Framkome for gjennomgangstrafikk. Tek ein så med forventa aukande trafikkgrunnlagg og auka bilhastighet (sjå Note1), kan dette gjera at at trafikksikringa med Alternativ 1 blir dårlegare enn dagens situasjon. Det er i alle høve svært vanskeleg å bevisa at Trafikksikringa vert betre med Alternativ 1. Alternativ 1 "Opprusting eksisterande trase" oppfyller ikkje dei fem føremåla med prosjektet, og vil føra til signifikant forverring av akkurat dei eksisterande problema ein ønskjer å løysa. Alternativ 2 "Kote 70" oppfyller alle dei fem føremåla med prosjektet fullgodt, og har ingen relevante ulemper. => Dette tilseier eintydig at kommundelplanen må vedtakast med Alternativ 2 "Kote 70".