Legge til brukar Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt 2. Skriv inn Fornamn, Etternamn og Klasse. Dersom programmet skal forstå at vi har med ein lærar å gjera så må Lerar stå i felte klasse. Andre forslag vil bli tolka som om det er ein elev. (Admin kan ikkje brukast) 3. Klikk på Føreslå/Kontroller brukarkode. Du vil då få eit forslag til brukerkode. Du kan òg føreslå brukarkode sjølv før du klikkar på Føreslå/Kontroller brukarkode. 4. Klikk på Føreslå passord. Du vil då få eit forslag til passord. Du kan òg skriva inn eige passord. Personnummer treng du ikkje bruka på lærarar. Dersom du bruker personnummer på lærarane så vil dette ikkje ha noko å seia. Dersom du opprettar ein konto (elev) som du vil skal forsvinna automatisk, lagar du eit personnummer på denne brukeren. Han vil då bli sletta automatisk neste gang du kjører Legg til og slett konto fra fil. 5. Klikke Legg til ny konto og den nye kontoen er klar til bruk
Mappe sturlek i mappa Heime\Lerar er oppretta og delt som sturlek$ (skjult) Mappe sturlek i mappe Profile\Lerar er oppretta. Denne mappa blir oppretta av SK Admin for at administrator seinare skal kunna å sletta den mappa. Mappe sturlek i mappe Heime\Lerar er delt som sturlek$ og det er berre Sturle Kalstad som har Change rettar til denne delinga. Skriptfila sturlek.bat blir oppretta dersom du har merka av for at du vil ha ulike loginscript. Det blir då oppretta ei skriptfil til kvar brukar.
I Active Directory ser det slik ut Ei gruppe som heiter GRLerar er oppretta og sturlek er meldt inn i denne gruppa Bruker sturlek som vi nettopp oppretta har desse innstillingane Når bat-fila som opprettar brukarane blir køyrt så vil du få problem med at namn med dei tre norsk bokstavane æøå kjem in som rare teikn. Dette blir retta opp ved at ei WB-Scripten blir køyrt for kvar brukar som blir oppretta.
Legge til alle elevane på skolen Det du trenger er eit excel regneark med alle elevane på skulen. Regnearket skal innehalda Fornamn, Etternamn, Klasse og Personid. Personid må vera ein unik ID på kvar einskild elev. Denne ID'en vert brukt når eleven skal slettast. Lagre det i SDV (semikolondelt)(*.sdv) eller CSV(semikolondelt)(*.csv) format.
Start Kontoredigering Legg til konto Fra fil Klikk på Bla gjennom.. og opne sdv-fila Still inn som vist Fornamn, Etternamn, Klasse og Personnr må vera med. Dersom sdv-fila har brukarnamn og Passord så kan du ta det med. Programmet vil bruka dei i staden for å generera sjølv. Klikk på Utfør
Vent til skriptet er ferdig kjørt (det kan ta nokre minuttar). Du har no oppretta konto på aller elevane på skulen. Ikkje bruk programmet SK_Admin så lenge skripta blir køyrt. I Active Directory ser det slik ut. Gruppa GRElev er oppretta og alle elevane er medlem av den. Ei gruppe for kvar klasse er òg oppretta og alle i klassen er meldt inn. Ein OU for kvar klasse er oppretta der alle elevane i klassen ligg.
Legg merke til at katalogen under katalogen "Heime", "Elev" er delt medan katalogen "Lerar" ikkje er delt, heimekatalogen til læraren sturlek er delt medan heimekatalogane til elevane ikkje er delt. Alle elevane og lærarane har fått oppretta mapper til å lagra profilen sin i. Slett konto Fra kontoliste
Ved å høgreklikke på ein av brukarane får du fleire val. Å sletta på dato eller klasse kan ofte vera aktuelt Når du har velt dei som skal slettast. Gå på Fil og velg Start slett konto. Du kan avbryta slettinga Du kan velja å sletta frå fil. Då treng du ei excel-fil som er lagra som ei "sdv" eller "csv" -fil. Brukarane som skal slettast vert vald ut frå personid. Legg til og slett konto fra fil Kommandoen bruker ei fil med Fornamn, Etternamn, Klasse og PersonID. Dersom Brukarnamn og Passord er oppgitt kan du ta med det òg. Kommandoen går gjennom og skifter klasse på dei som er komme i ny klasse. Slettar alle med personid'er som ikkje stemmer med personid'en på fila. Opprettar alle som manglar. Dei som blir råka av denne køyringa er alle elever som er oppretta med ein personid. Dei som ikkje blir råka av denne kjøringa er alle elever som er oppretta utan personid og alle i gruppene Admin og Lerar. Kommandoen kan brukast ved eit nytt skuleår for å vaska serveren for brukarar. Alle elevane vil då
bli flytta til den nye klassen dei går i. Det er her mykje data som skal flyttast. Det tar likevell ikkje så lang tid. Det er viktig at ingen er logga på server. Det er òg lurt å ta ein omstart på serveren før du utførte operasjonen. Rediger konto Kommandoen kan brukast dersom du har spesielle skript som du vil køyra på nokre kontoar eller alle. Sjå "Rediger Batchfil" for å laga desse scripta Lag nye loginscriptfiler Kommandoen kan køyrast dersom du vil endra loginscriptfilene på alle elevane eller alle lærarane. Opne opp/steng av konto Kommandoen kan brukast dersom du har ein klasse som du opprettar temperere kontoar til ein prøve eller liknande. Du kan då bruka den same fila til å stenga av og opna opp kontoen deira. PersonID'en er ikkje naudsynt når du skal stenger av og opna opp ein konto. Opprett på ny Kommandoen kan brukast dersom du set opp ein ny server og har lyst til å få oppretta dei same kontoane på den nye serveren. Du kopierer berre over fila harkonto.sdv og set programmet til å peika til denne fila. Køyr kommandoen Opprett på ny og den nye serveren har fått oppretta alle brukarane slik som dei var på den gamle serveren. (Brukte denne kommandoen då eg oppdaterte fra NT 4.0 til 2003 Server) Meld brukere inn i grupper Gå til administrasjonen og be dei om å laga ei fil med alle elevane i alle studieretningsfaga. Fila skal innehalda Fornamn, Etternamn, Klasse, Gruppe(Fag). Kjør kommandoen mot denne fila og du har fått oppretta alle Faggruppene og meldt inn alle elevane i dei ulike faggruppene. Rediger - Batchfil Dersom du har spesielle ynskjer så kan du gå inn å endra dei ulik batchfilene, men det er ikkje dei store endringane ein bør eller treng gjera. Dersom du gjer endringar så kan du gå inn og tilbakestilla dette ved å gå inn i "Fil - Instillingar - Active Directory Brukar instillingar". Opne "Sett brukarinstillingar Elevar" dersom er eit skript som gjeld elevane du vil tilbakestilla. Klikk på "OK" i "Brukar Properties - Elev" og elev batchfilene er tilbakestilt. Batchfilene "Rediger konto elev og lerar" er dei skriptene vi bruker dersom vi skal endra på instillingane til kontoar som alt er oppretta. Frå menyen "Kontoredigering Rediger konto-..." kan vi køyra desse skripta. Tips! Kopier skripter frå dei andre skripta og lim inn i "Rediger konto elev " når du skal laga redigeringsscriptet.
Rapport/Skriv ut Når du har oppretta nye kontoar. Gå på Rapport/Skriv ut Velg "Merk alle på lista" og klikk "Eksporter til Excel" Dersom du har Excel installert på server vil du få ein rapport med alle avmerka brukarar i ei excelfil. Ei mappe med alle brukarane i, og ei mappe for kvar klasse. Dersom du ikkje har installer Excel får du forslag om å laga ei enkel excel-fil eller sdv-fil.