46 NM medaljar i 3 NM i NM i motbakkeløp 11. august!



Like dokumenter
Marianne Opsal og Arne Post vann BUFF Fanaråken Duatlon

BUFF Fanaråken Opp. Den største motbakkefesten i Nord-Europa som har mål over 2000 moh. Mål ved Fanaråkhytta moh

«Ny Giv» med gjetarhund

Kenyansk duell om sigeren i Buff Fanaråken Opp 8. august

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Plas Navn Klubb Slutt-tid Dif. 1 Blikken Haukøy Malene IL Høyanger 1:24:43. 1 Haugen Siri Bente IL Bjørn 1:37:49

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

FRISTAFETTEN 2013 ESPELAND IDRETTSPLASS ONSDAG 10. APRIL 18:00

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Brødsbrytelsen - Nattverden

Samansette tekster og Sjanger og stil

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NYE FRISTAFETTEN 2015 DEN FØRSTE STAFETTEN PÅ ARNA IDRETTSPARK TIRSDAG 14. APRIL 18:00

Kulturhistoriske registreringar

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

ÅRSMELDING Årsmelding 2015 Sogn CK

Kom skal vi klippe sauen

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

HELSE - TRIVSEL - IDRETT

Månadsplan for Hare November

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

FRISTAFETTEN 2014 DEN SISTE STAFETTEN PÅ ESPELAND IDRETTSPLASS ONSDAG 2. APRIL 18:00

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Årsmelding for O-gruppa 2015

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Brukarrettleiing E-post lesar

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

I N N H O L D. Forord

Bitraf Resultatregnskap0per

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

MEDLEMSINFO. april 09

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Transkript:

46 NM medaljar i 3 NM i NM i motbakkeløp 11. august! 46 NM medaljar i 3 NM i NM i motbakkeløp 11. august! Motbakkeløping er i kraftig vekst og utvikling og for fyrste gong i historia vart det også arrangert NM i motbakkeløp for U23 og Veteran samtundes med Senior-NM i motbakkeløp i Turtagrø-Fanaråken Opp. Dette blei ein knallsuksess. Nedanfor kan du sjå listene over alle medaljevinnarane. No med mange fleire bilete Tekst og foto: Christian Prestegård KLIKK HER! og sjå del 2 av denne bildereportasjen med 25 fleire bilete Denne artikkelen inneheld heile 52 bilete og måtte delast opp i to delar på 27 og 25 bilete for ikkje å bli for tung. Sjå også bildereportasjen til kondis.no-kollega Kristin Roset som la ut bilda berre nokre timar etter løpet den 11. august. Klikk på Reportasje 11. august

Foto Christian Prestegård. Kongen av dei bratte motbakkane i Noreg heiter framleis Jon Tvedt. I den langt flatare og meir lettløpte løypa i EM i motbakkeløp blei han slegen av Svein Inge Buhaug, SK Vidar. Her er Jon i sitt rette element og har her klatra frå alle konkurrentane opp den 4 km lange brattbakken opp frå Helgedalen som har ei snittstigning på 25%. I slikt terreng er det ingen norske løparar som hittil har klart å slå Jon Tvedt. Så glad har eg aldri sett Jon Tvedt like før målpassering. Her passerer Jon Tvedt omlag 1970 moh med kun 600 meter og 100 høgdemeter til mål. Superlativa har vore mange i media etter den praktfulle motbakkefesten på Fanaråken 2.068 moh i Luster Kommune. Det vart ny stor deltakarrekord. Heile 560 deltakarar sprang og gjekk dei 1200 høgdemetrane opp den 8,4 km lange løypa frå Turtagrø til Fanaråken som er det høgastliggjande målet i Nord-Europa på 2.068 moh. Aldri tidligare har det vore så mange samstundes i mål på ein fjelltopp over 2.000m! Me kan godt kalle dette for nord-europeisk rekord. Lokalavisa Sogn Avis kalla løpet "Tidenes Opptur" og har brukt 4 heilsider på å formidle dette med praktfulle bilete. Det har vore flotte omtaler i mange aviser som Oppland Arbeiderblad ( Anita ), BA ( Jon ) og utallige nettsider. NRK TV-sporten var på Fanaråken og sendte innslaget i Sportsrevyen og måndag kveld kom eit lengre praktfullt innslag i Vestlandsrevyen. Kjøp også Dagbladet no på fredag 17. august. Dagbladet var midt oppe i dei brattaste bakkane for å forevige oppturen med fotograf Erik Berglund og Journalist Tone Rønning.

Favorittane Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, og Jon Tvedt, Gular IL, vann NM i motbakkeløp i Turtagrø Fanaråken Opp 11. august 2007 på nye løyperekordar. Anita som 8. juli blei europameister i motbakkeløp i Frankrike/ Pyreneane innfridde favorittstempelet og vann ein suveren siger på ny løyperekord 1.05.53. Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Skiklubb og Merete Helgheim Gloppen FIL som vart nr. 2 og 3 var over 13 minuttar bak Anita i mål. Anita vann sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp. Det gjorde også favoritten i herreklassa Jon Tvedt, Gular, som vann på ny løyperekord 57,23, vel to minuttar raskare enn Kristen Skjeldal, Voss Friidrett og Arne Post, Oppegård IL ( m.a.verdsmeistar i vinter-triatlon i år) på tredjeplass var tre og eit halvt minutt bak Tvedt. Turtagrø-Fanaråken Opp som i år kunne feire 5-års-jubileum arrangerte i år ikkje berre senior- NM i motbakkeløp. Også veteran-nm, og U23 NM i motbakkeløp var lagd inn i Turtagrø- Fanaråken Opp. Veteran-NM og U23-NM var det fyrste i historia. Løpet som gjekk under praktfulle løpsforhold blei ein stor suksess også arrangements-teknisk og arrangøren IL Fanaråk med løpsleiar Anders Fortun i spissen fekk mykje velfortent ros og begeistring frå deltakarane. Den fyrste delen av denne bildereportasjen har fokus både på dei som sprang raskast til topps og på dei yngste i konkurranseklassane som representerer ei gledeleg stor nyrekruttering til motbakkeløping. 51 av 201 fullførande i konkurranseklassane var under 20 år og heile 23 var i klasse 14-15 år. I det prakfulle foto-været vart det teke mange flotte bilete av dei. Den andre delen av bildereportasjen finn linken til under ingressen og heilt nederst. DEn andre delen har fokus på dei som verkeleg har vore med på å skape motbakkeløp-bølgja i Noreg. Det er trimmarane som går og spring til topps fyrst og lagar ei praktfull stemning når konkurranseløparane kjem i mål. I dei fleste motbakkeløp i Noreg er det klart fleire trimmarar enn konkurranseløparar. Det vart det også i år i Turtagrø-Fanaråken Opp. Den siste opptellinga viser at det var 360 trimmarar og 201 konkurranseløparar som kom i mål på Fanaråken 2.068 moh.

Foto Christian Prestegård. Den einaste konkurransen Anita Håkenstad Evertsen hadde i løpet var sin eigen løyperekord frå i fjor på 1.08.27. Då hadde Anita sletta den gamle rekorden til Ine Wigernes med over 7 min. I år hadde Anita bestemt seg for å slå sin eigen rekord og klarte å senka rekorden med 2 min. og 34 sek til 1.05.53. Konkurrentane måtte ho vente på i over 13 min etter målpassering.

Fullstendig resultatliste finn du på www.fanaraaken.com Kristen Skjeldal, Voss Friidrett, vann i år sin fyrste NM-medalje i motbakkeløp. Kristen Skjeldal rykka OPP to plassar frå NM i motbakkeløp i fjor då han vart nr. 4 i Ørsta. I år vann Kristen ein sølvmedalje. Arne Post vann både bronsemedalje og samanlagtprisen med Sognefjellet Duatlon

Arne Post, Oppegård IL trivest særs godt på toppen av Fanaåken. Han fekk mykje å feire saman med Anita på toppen av Fanaråken. I år vann han bronsemedaljen i NM senior og samanlagtprisen på kr. 7.500 for beste samanlagt tid i Sognefjellet Duatlon og Turtagrø- Fanaråken Opp. I 2004 vann Arne også Fanaråken Duatlon som er tilbake neste år 9. august etter pause i år p.g.a NM i motbakkeløp. Her kan Arne nyte det praktfulle utsynet frå Fanaråken mot Skagastølstindane. Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Skiklubb, nr 1 i U23 og nr. 2 i senior-nm

Også Marthe Katrine Myhre fekk mykje å feire på toppen av Fanaråken. Som Arne Post vann ho samanlagtprisen mellom Sognefjellet Duatlon og Turtagrø-Fanaråken Opp. I tillegg blei ho Noregsmeistar i U23 og nr. 2 i senior-nm. For desse prestasjonane fekk ho med seg kr. 12.500,- i pengepremiar. Merete Helgheim, Gloppen FIL. Bronsemedalje nr. 2 i Senior-NM i motbakkeløp

Då Merete passerte meg her var det kun 600m til mål. Ho låg då på andre plass, men 40 meter bak kom Marthe Katrine Myhre i stor fart og klarte å slå Merete med 21 sekundar. Dermed vart det same plasseringa i år som i fjor på Merete. Joel Dyrhovden. Samnanger IL, Noregsmeistar i U23

Joel Dyrhovden vann klasse 18-19 år med 5 min til nr 2 Runar Korsnes, men her tek han likevel ut alt for å avansere ein plass til nr. 7 totalt i løpet. Dessutan vart han raskaste løpar totalt under 23 år og kan dermed no titulere seg som Noregsmeistar U23 i motbakkeløping. Jørgen Bye Breivik, Strindheim Friidrett. Nr. 1 i kl. 16-17 år og Nr 2 i U23-NM

Denne guten og far hans laga liv og røre på premieutdelinga

Sindre Hoff, Gloppen FIL, på opptur med tommelen opp for eit praktfullt arrangement! Iflg resultatlista tok han det svært med ro på slutten. 1 time og 45 minuttar sto det då premieutdelinga tok til. Far hans Asbjørn Hoff, Viksdalen, på over 70 år hadde derimot løpt sensasjonelt fort opp på Fanaråken på tida 1.07.52. Far og son hadde (for-)bytta startnummer kom det fram akkurat i det eg skulle sette igong ei svært så omfattande premieutdeling. Magnor Rypdal, Isfjorden IL, Noregsmeistar veteran kl. 45-49

Olav Terum, Aurland IL, nr. 2 kl. 45-49 år

I fjor tok Olav Terum kontakt med meg for å innført NM i motbakkeløp også for veteranar.

Han viste m.a til den store oppslutninga og interessa blant veteranar for motbakkeløp. Engasjementet gav lynkjapt resultat. Friidrettstinget brukte ikkje lang tid på å diskutere innføringa av både Veteran-NM og U23NM i motbakkeløp. Alf Roger Holme vann Sognefjellet Duatlon i mai, men tapte for Arne Post både opp til Fanaråken og i kampen om samanlagtprisen på kr. 7.500.- Alf Roger Holme leia på Arne Post med nesten to minuttar etter Sognefjellet Duatlon. Dette vart for lite forsprang då Arne Post sette inn høggiret og sprang i frå Holme med over 7 minuttar. Post som også vann bronsemedaljen i NM viste kvifor han i 2005 vart teken ut på det fyrste norske landslaget til EM i motbakkeløp. Om vinteren er også Post og Holme konkurrentar i vintertriatlom der Post er Verdsmeistar og Holme er Europameistar. Kåre Olav Kusslid, Førde IL,i kl 55-59 år dreg med seg ungdomen til topps!

Bak Kåre Olav Kusslid ser me bl.a. Yngve Bråten, Syril i Kl. 18-19 år. Startnr. 1222 og 1221 var for unge ( under 14 år) til å delta i konkurranseklassa og deltok difor i trimklassa utan tidtaking. Dei kan ta seg tid til å studere ulike former for motbakketeknikk. Skagastølstindane var storslagne kulissar då Magne Tystad, Gloppen FIL, passerte 2000moh på veg mot siger i kl. 60-64 år

Bak Magne Tystad med startnr. 242 kjem Alf Henning Evjestad som representerer både hovudponsor Luster Sparebank og IL Bjørn. Bak Evjestad kjem Helge Roska frå Fjellhug- Vereide. Ungdomen er på kraftig opptur! Heile 23 deltok i yngste konkurranseklasse 14-15 år.

Håkon Hjelstuen, Lyn Ski, ( startnr. 44) blei nr. 3 i klasse 14-15 år med tida 1.15.33. Bak kjem Vetle Christiansen, Geilo IL som vart nr. 5 på tida 1.15.45. Ove Nyland, den høgastståande målområde-speaker i Nord-Europa på 2.068 moh

Det er kun ti minuttar før Jon Tvedt skal storme i mål på Fanaråken saman med over 200 konkurranseløparar. TOPP-speaker Ove Nyland har alt klart til å kommentere kampen om NM-medaljane til dei over 300 trimmarane som alt hadde kome seg til topps for å skape stor stemning i målområdet. Sjølv måtte eg springe litt raskare enn forsvarleg 100 høgdemeter ned til fotopunktet mitt på 1970 moh for å få teke det beste biletet som eg har teke av Jon Tvedt. Sjå programmet Faktor på NRK 1 om Jon Tvedt den 1. oktober

På toppen hadde Trond Lillealtern frå NRK Riks Bergen praktfulle værforhold til opptaka som han gjorde til programmet om Jon Tvedt på Faktor som kjem 1. oktober på NRK 1. I fjor sprang Trond sjølv Turtagrø-Fanaråken Opp på tida 1.17.58 og vann kl. 50-54 år. Han slo meg med 10 minuttar. I år kunne Trond vore med å kjempe om NM-gull i si klasse der vinnartida var 1.17. Det lokale idrottslaget Bjørn,i Luster Kommune, fekk to NM-gull medaljar i Veteranklassane.

Hans Kvalsøren ( 245) frå det lokale idrottslaget Bjørn i Luster Kommune vann og vart Noregsmeistar i kl. 65-69år på 1.27.34. IL Bjørn fekk ein NM-gull medalje til ved May Karin Gjerde Kjærvik i Kl. 45-49. Bak Kvalsøren Per Kyrkjeeide ( kl. 40-44) frå Markane. Kari Madslien og Kristin Roset

Kari Madslien, Sk Vidar, har tidlegere også vunne Fanaråken Duatlon. I år vann ho klasse 40-44år på tida 1.20.32. Bak ser me startnr. 45 Vebjørn Gilde, FIK Orion, som fekk tida 1.20.45 i kl. 14-15 år. Bak Gilde kjem kondis.no-kollega Kristin Roset ( i svart) som no også er i full jobb med å skrive bok om motbakkeløp! Torodd Lybeck, Fagernes IL, vann kl. 55-59 år

Endre Fossli Turvoll, Mjøndalen, Kl. 16-17 år.

Torje Bjellaas, NRK Sogn og Fjordane

Torje Bjellaas, NRK Sogn og fjordane sprang opp og ned den bratte fjellsida søkklasta med kamerautstyr for både å ta opptak for Sportsrevyen og NRK Riks Bergen ved Trond Lillealtern som lagar program om Jon Tvedt. Torje som er ein fjellentusiast filmar her mot favoritt-toppane sine Skagastølstindane Nøkkelfunksjonærane og løpsleiaren

Det hadde regna kraftig om natta. Nede ved fjorden i Luster låg tåka tjukk som graut opp til omlag 700 høgdemeter over havet (sjå bilde i del 2 av denne bildereportasjen), men ved starten på 868 moh på Turtagrø kom Sola som ei gåve frå dei høgre makter. Det var mange som letta på soveromsgardinene om morgonene nede i bygdene langs Sognefjorden og sa: Å nei for eit vær, i dag søv eg vidare. I dag angrar dei når dei sær kor flott det vart frå Turtagrø til Fanaråken. Dei har nok sjønt at det er oppe i høgda dei får utsyn, vidsyn og klårsyn. Her står tre sentrale personar i arrangementstaben to timar før startskotet skal sende over 200 konkurranseløparar og NM deltakarar opp mot Fanaråken. Då har allereie 360 trimmarar for lengst starta på OPPTUREN. Til høgre står ein spent løpsleiar Anders Fortun saman med Kurt Ormberg ( i midten ) og Svein Bjarne Steig til venstre. 6 timar seinare kunne dei slå fast at arrangementet blei den knallsuksessen dei hatt jobba for og håpa på. Kjøp Dagbladet på fredag 17. august!

Dagbladet var også på opptur mot Fanaråken. Her er den kjente Dagblad-fotografen Erik Berglund og journalist Tone Rønning ved omlag 1300 moh ved starten av den aller brattaste motbakken i heile løpet. Eg er spent på både å sjå korleis Berglund og Rønning har

valt å forevige oppturen til Fanaråken. Kjøp Dagbladet på fredag 17. august. Med dette biletet rundar eg av denne delen av bildereportasjen for at den ikkje skal bli for tung å hente opp. Du vil i kveld finne resten av bilda som ein link øverst, rett under ingressen og under dette biletet. KLIKK HER! og sjå del 2 av denne bildereportasjen med 25 fleire bilete Denne artikkelen inneheld heile 52 bilete og måtte delast opp i to delar på 27 og 25 bilete for ikkje å bli for tung. 15.08.07 Christian Prestegård