HORDALAND Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur- og ressursutvalet Dato: 08. juli 2008 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200807528-1/BKSP Kopi til: Arkivnr.: 626 Fylkeskommunale konferansar om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv hausten 2008 Hordaland fylkeskommune arrangerer årlege konferansar for kommunane og frivillige organisasjonar i fylket. Målet er fagleg oppdatering, nettverksbygging og motivering til vidare arbeid med tilrettelegging for fysisk aktivitet. Dialogkonferansen vert arrangert i Bergen 9. - 10. september 2008. Tilsette med ansvar for idrett og friluftsliv og kommuneplanleggarar i kommunane er primær målgruppe. Representantar frå fire kommunar har delteke i programplanlegginga for å få eit best mogleg program i høve til dei utfordringane kommunane står ovafor innanfor fagfeltet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Samhandlinga med friluftsorganisasjonane fått eit særleg fokus i årets program. Invitasjon med program er vedlagt. Fylkeskonferansen fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv blir arrangert 20. november 2008 i samarbeid med Bergen kommune, Hordaland idrettskrets, Bergen og Omland Friluftsråd og Bergen Turlag. "Forvalting, foreining og forretning - fysisk aktivitet og næring" er tittelen på årets konferanse. Fokus blir sett på kva moglegheiter og utfordringar dette området gir, og korleis samhandlinga mellom det offentleg, frivillige organisasjonar og kommersielle aktørar bør vere for å skape ei tenleg utvikling. I samanheng med fylkeskonferansen vert det arrangert ulike fagtema. Målgrupper for konferansen er fylkes- og kommunepolitikarar, tilsette med ansvar for idrett og friluftsliv og kommuneplanleggarar i kommunane, og leiarar i idretts- og friluftsorganisasjonar på alle nivå. Førebels invitasjon med program ligg vedlagt. Meir informasjon om kjem i slutten av september. Det er ønskjeleg med størst mogleg deltaking frå Kultur- og ressursutvalet på desse konferansane. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55239185 - Telefaks 55239199 E-postadresse: kultur@post.hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Førebels invitasjon til Fylkeskonferansen - fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv torsdag 20. november 2008 (Thon Hotel Bergen Airport) "Forvalting, foreining og forretning -fysisk aktivitet og næring" KTIV [vardag Den årlege fylkeskonferansen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Hordaland er ein viktig arena for fagleg påfyll med omsyn til idrett- og friluftspolitiske tema. Målet med konferansen er å vere ein møtestad for å spreie kunnskap og dele erfaringar mellom aktørar som arbeider med eller har eit ansvar innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Vi har og som mål å styrke nettverket til alle som jobbar innan fagfeltet for å skape ein aktiv kvar dag for folk i Hordaland. Årets konferanse har eit særleg fokus på fysisk aktivitet og næring. Fokus vert sett på kva moglegheiter og utfordringar dette området gir, og korleis samhandlinga mellom det offentlege, frivillige organisasjonar og kommersielle aktørar bør vere for å skape ei tenleg utvikling. I samanheng med fylkeskonferansen vert det arrangert ulike fagtema. Meir informasjon om form, innhald og målgrupper kjem i slutten av september. Følgjande fagtema vert tilrettelagt: Torsdag 20.11 kl 18.00-21.00 1. Barneidrett 2. Antidoping 3. Klubbrekneskap - forpliktingar og reglar Fredag 21.11 kl. 10.00-15.00 1. Drift og vedlikehald av bad- og symjeanlegg 2. Tilrettelegging av fysisk aktivitet og idrett for funksjonshemma 3. Aktiv kvar dag for personår innan psykisk helsevern 4. Aktiv kvar dag for eldre 5. Antidoping 6. Toppidrett Målgrupper for konferansen er: Fylkes- og kommunepolitikarar, administrative tilsette/representantar frå kommunane i Hordaland (ansvarlege for idrett/ friluftsliv, kommuneplanleggarar og leiarar frå idretts- og friluftslivsorganisasjonar på alle nivå. Arrangørar av konferansen er Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Bergen Kommune, Hordaland idrettskrets, Bergen og Omland Friluftsråd og Bergen Turlag. Påmeldingsfrist er 1. november 2008. Meir informasjon om prisar og påmelding kjem i slutten av september. Informasjon vert også lagt ut på våre heimesider www. Hordaland, no/idrett/kon feransar HORDALAND
rogram 20.november 2008 Møtelciar: Helge Andre Njåstad, leiar i Kultur- og ressursutvalet, Hordaland fylkeskommune 9.00-10.00 Registrerin 10.00-10.15 Opning Torill S. Nyborg, fylkesordførar, Hordaland fylkeskommune 10.15-10.35 Fysisk aktivitet og næring i 2020 - moglege konsekvensar for i dag Henning Warloe, byråd kultur, næring og idrett, Bergen kommune 10.35-11.00 Korleis kan idrett og friluftsliv bidra til å realisere lokale og regionale næringsmål? Jan Per Styve, strategi- og næringsdirektør, Hordaland fylkeskommune 11.00-11.15 Aktivpause 11.15-12.00 Sponsing, raerkevarebygging og effektmåling: K v a krav sett næringslivet for å delta som sponsor? Jacob Lund, DNB Nor llommåltid riluftsliv som turistattraksjon g, reiselivsdirektør i Bergen beidsgrupper me ^eltagarane må velg innlag for felles drøfting. 1. Foreining og forretning -> Roger Gjelsvik, TIF Viki 1 Einar J. Grieg, Bergen Turlag V «2. Samhandling mellom det frivillige, det offentlege og det private som grunnlagvfor få o«gjennomføre store idrettsarrangement Torbjørn Iversen, Norges Handballforbund reaion vest Jan-Inge Ringen, 3. Anleggsutvikling som samfunnsutvikling ~> Anne Gine l lestetun, leiar i Vestkantcn/StorBergen BBL Hans Vindenes, ordførar i Fusa kommune _, -léjs blir Hordaland mellom dei mest attraktive områda for friluftsliv i Europa? Fotturisme v-' Kristin Krohn Deyojd. DNT. ' / l Vestkystparkcn v/ Dag.Lindebjcrg, NRK Aktiv pause V Frå globetrottandc toppidréltsutøvar til lokal næringsutviklar Kari Tråa i * -^ ~^~1 15.10-1 5.50 Paneldebatt: Frå idé til aktivitet - korleis karti vi bidra til utvikling i f Hordaland?.... Tove Paulc, idrcttsprcsi.dcnt i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiskc komite Kristin Krohn Devold, generalsekretær :tær i Den inorske turistforening Oppsummering av konferansen \ / Helge Andre Njåstad, leiar i Ku Hordaland fylkeskommune Vel heim! 'A - og ressursutvalet.
Onsdag 10.9 - Fylkesbygget (Sunnhordaland) 8.30 Aktiv kvar dag! Jens Harald Garden, rådgjevar HFK Ny fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Planarbeid i kommunar og regionar - erfaringsutveksling 9.45-11.00 "Walk and talk" bort til Bergen Turlag og Friluftslivets hus i Marken. Kva gjer dei? Korleis kan kommunane nytte deira kompetanse for å tilrettelegge for friluftsliv? Dagleg leiar Einar J. Grieg orienterer 11.15 Spelemidlar Tore Andersen og Svein Erik Såtendal, rådgjevarar HFK Søknadskvalitet: "den blå boka" Restanselister Universell utforming idrettsanlegg.no Ny regional anleggspolitikk? 12.00-12.45 Lunsj Nytt frå KKD m/ spørjetime v/ Morten Roa 12.45-14.45 Spelemidlar held fram 14.45-15.00 Vegen vidare: Kva innspel kan vi ta med oss frå samlinga til det vidare arbeidet på lokalt og regionalt nivå? Summering, evaluering og vel heim v/ Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef aiv vardaq K ^^ J HORDALAND
Program Velkommen til Dialogkonferansen 9.-10. september 2008 Dialogkonferansen er ein årleg møtestad for kommunar og fylkeskommunen det målet er fagleg oppdatering, nettverksbyggjing og motivering/ inspirasjon til vidare arbeid med tilretteleggjing for fysisk aktivitet. Andre regionale samarbeidspartnarar blir inviterte ut frå innhaldet i programmet. Dei siste åra har representantar frå kommunar delteke i planlegginga av konferansen for å få eit best mogeleg program i høve til dei utfordringane kommunane står ovafor innanfor fagfeltet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Denne gongen har Ronny Lockert frå Bergen, Øyvind Stang frå Lindås, Karl Johan Haugland frå Austevoll og Sveinung Klyve frå Vaksdal kome med innspel til innhaldet. Me vonar at alle kommunane i Hordaland finn programmet interessant og relevant i høve til arbeidet med å skape ein aktiv kvar dag for sine innbyggjarar. Målgruppa for konferansen er administrativt tilsette som er ansvarleg for kultur, idrett og friluftsliv og kommuneplanleggarar. Deltaking på konferansen er gratis, men kostnader til reise t/r Bergen og evt. overnatting må dekkast av den enkelte kommune. Vi har reservert 25 enkle rom på Comfort Hotel Holberg www.comfort-holberg.no. Hotellet ligg i rolege omgjevnader i enden av gågata mot Nordnes. Den har nokre få parkeringsplassar utanfor. Om det er fullt må Kolstergarasjen nyttast. Det tek om lag 15. min å gå til Fylkesbygget. Prisen er kr. 1295.- Gje melding om behov for overnatting ved påmelding. Konferansen startår i aktive og innovative omgjevnader i FYSAK allaktivitetshus. Det vert sett opp felles transport frå Fylkeskommunen sin hovudinngang kl. 9.15. Bussen vil følgje oss heile dagen og ender opp ved hotellet om lag kl. 15.30. Kl. 16.50 går vi til Bryggen der båten Marin Express tek oss med ut på fjorden. Ta kontakt med Britt Karen Spjeld tlf: 55 23 91 82 / 456 66 326 eller britt-karen.spjeld@post.hfk.no om noko er uklart eller de har spørsmål. Påmeldingsfristen er 1. september 2008 på www.hordaland. no/idrett/konferansar Tysdag 9.9 - FYSAK'en på Slettebakken 9.15 Felles buss frå inngangen til fylkesbygget 9.30-10.00 Registrering og frukt 10.00-10.15 Velkomen Stig Høgholm (FrP) og Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef 10.15-10.35 Framtidas idrettsanlegg og møteplassar for fysisk aktivitet - kva er ei rettferdig fordeling av offentlege midlar? Rune Titlestad, idrettsdirektør, Bergen kommune 10.35-11.15 Kompetanse om drift- og vedlikehald av idrettsanlegg. Kva kan Park og idrett by på? Rune Titlestad, leiar, Park og idrett Korleis har avtalen med Bergen kommune vore nytta av dei andre kommunane i Hordaland? Drøfting av vegen vidare 11.15-11.45 Omvisning på allaktivitetshuset FYSAK v/kurt Forsberg 11.45-13.00 Kafédebatt (inkl. lunsj) Uorganisert ungdom? jentearena? medbestemming? opne aktivitetar? Korte innspel til erfaringsutveksling ved Kurt Forsberg frå Bergen og Karl Johan Haugland frå Austevoll 13.00 Avreise til Sandsli 13.30-14.30 Skranevatnet skule- aktivitetar i og utanfor skuletida Orientering og omvisning Arne Larsen, rektor 14.45- Retur til byen. Innsjekk på Comfort Hotel Holberg 17.00-22.00 Synfaring i båt t/r Bryggen: Bergen og Omland Friluftsråd tek oss med til nokre av dei mange tilrettelagte friluftsområda i Hordaland. Dagleg leiar Åge Landro orienterer om deira arbeid med sikring av areal, opparbeiding og drift av anlegg. Informasjon om Vestkystparken vil også verte gitt. Drøfting om korleis samhandlinga kan betrast for å få fleire søknadar om friluftsanlegg i kommunane. Middag på Skorpo og sosialt samkvem. Tid for retur til Bergen sentrum vert tilpassa etter ver og stemning! Representantar frå Friluftsrådet Vest, Bergen Turlag og Hordaland idrettskrets er invitert med på båtturen.