Nissedal kommune Eining for barnehage Årsplan Felle barnehage 2016-2017
Årsplan Felle barnehage 2016-2017 Velkommen til barnehagen " Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver" er retningsgjevande for alle barnehagane i Norge. Med utgangspunkt i Rammeplanen skal vi kvart år utarbeide en årsplan som konkretiserer arbeidet i vår barnehage. Årsplanen skal være Ein arbeidsreiskap for personalet og styre verksemda i ein bevisst og uttala retning Eit utgangspunkt for foreldra til å kunne påverke innhaldet i barnehagen Grunnlag for kommunens tilsyn med barnehagen Informasjon ut om barnehagens pedagogiske arbeid Årsplanen er fastsett av samarbeidsutvalet (SU). Desse er med i SU: (vararepresentantar i parentes) Foreldrerepresentant: Mette Valle Haugstøyl (Sandy Røttingen) Personalrepresentant: Sigrid Grimstveit ( Anette Berntsen) Maria Odberg, styrar er sekretær. Side 2 av 12
Her er årsplanen for Felle barnehage 2016-2017 Satsningsområde Som tidlegare år vil vi arbeide spesielt med Leik og språk. Leik vil alltid vere ein sentral del av barndom og barnehage. Sjølv om vi har arbeidd med leiken over ei lengre tid, meiner vi at vi fortsatt mykje å lære. Språk er valt som felles satsingsområde for barnehage og skule i Nissedal kommune. Språk er ein naturleg og nødvendig del av leiken, og slik sett vil det vere fruktbart å arbeide med desse to områda parallelt. Mål Vi vil skape eit godt leikemiljø, fylt med positive relasjonar og gode dialogar. Denne målsettinga vil vere oppskrifta for personalsamarbeidet og arbeidet med barna dette barnehageåret. Felle barnehage vil etter kvart utarbeide delmål for kortaret periodar, og informere om dette i månadsbreva vi sender til heimane. Delmåla vil handle om. Småbarnsleik Dialog Rolleleik Realfag i kvardagen Pedagogisk grunnsyn Det viktigaste er å få leike Denne haldninga skal prege tankane våre både i planleggingsarbeid og når vi er samen med barna i kvardagen Side 3 av 12
Delmål- korleis arbeide med de.? Gjennom leiken og i tema vil vi arbeide for at barna får eit godt og variert leikemiljø og gode dialogar. Dei skal få oppleve glede ved å vere samen med andre, vi skal gje dei mogligheit til å knytte venskaps band. I desse situasjonane skal dei møte vaksne som har tid til å leike og lytte til kva dei har på hjartet. Barna skal oppleve at dei blir sett og høyrt, dei vaksne skal vere der i samtalar barn- barn og vere ein god rollemodell elles i kvardagen. Dei skal gje dei svara på det dei lurar på, og fylle på med meir kunnskap om ulike tema. "Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter" (barnehageloven 2 barnehagens innhold, 2 ledd) Småbarnsleik Når ein snakkar om småbarns leik, er det for dei minste gjerne under tre år. Tulle med ord i leiken Titt-tei leik Imitasjon Gjentaking, gjer det same om og om igjen Byggeleik og konstruksjon leik Parallell leik, å leike på sida kvarandre,sjå på kva dei andre gjer for så når dei bli eldre å leike rolleik saman Leike rundt store objekt, til dømes løpe, springe hoppe i bingen Dialog Lytte og ta seg tid til gode samtalar, ikkje snakke for mykje. Ta utgangspunkt i barnas nøkkelord i samtalen, spinne vidare på barnets interesser. La dei føre samtalen, vere på nivå med barna. Gje dei svara på det dei lurar på, og veit vi det ikkje då må vi finne ut av det samen. Rolleleik Gjennom leiken vil vi gje barna tid for leik og samspel Dei vaksne skal vere aktivt deltakande i barnas leik, det kan vere ein rolle, rekvisitør, hjelpar.. Lage leikegrupper slik at dei ulike barna kan verne om deira leik. Ta utgangspunkt i det barna er opptekne av der og då og vere med som vaksen å vidareutvikle leiken. Fantasere, lese leken som vaksen, gjere det barna gjer Side 4 av 12
Gi barna positiv respons i leiken Ha ulike type leikemateriell som stimulerer til ulike typar rolleleik Realfag i kvardagen Barna skal møte og få utfordingar knytt opp til temaet realfag. Det skal kome inn som ein naturleg del av kvardagen, men dei skal også får aktivitetar som bidra til å utvikle deira kompetanse. Med realfag mein barnehagen at dei skal få møte og gjere oppgåver som utvidar deira matematiske kompetanse. Dei skal sortere, Møte riktige matematiske begrep Spille spill Argumentere og forklare Måle, telle og kvantifisere. Eksperimentere Dette skal vi gjøre samen med barna enten på tur, i barnehagens ute og inne område. Det kan være planlagt men ofte skal det vere på grunnlag av kva barna lurar på og vil vite meir om. Dei vaksne skal gje dei svar og være med på å utvide og inspirere til andre aktiviteter og eksperiment. Dei ulike aldersgruppene vil få bli kjent med realfag ut frå deira alder og modning. Desse stikkorda skal vi bruke vidare til refleksjon og drøfting. Spørje oss sjølv og kvarandre: - "Kva skal vi prioritere?" Kva treng det enkelt barn, kva treng gruppa? - "Kva legg vi i.? "Korleis kan vi jobbe med det?" - "Kva meiner eg?" - Og ikkje minst" Korleis vil eg vere?" På den måten vil vi arbeide med bevisstgjering av oss sjølv og rolla vår Side 5 av 12
"Trygghetsirkelen" "Circle of security" Som de ser av illustrasjonen over, er trygghetsirkelen laga med tanke på samspel foreldre barn. Den handlar om tilknyting mellom barnet og viktige vaksne, og korleis vi kan forstå barnets behov. Foreldre vil alltid vere " viktig vaksne nr.1". Personalet i barnehagen kjem kanskje som nr 2?. I alle fall gir trygghetsirkelen gode føringar for kva barnet treng av oss. Vi må arbeide for å vere ein " trygg base- sikker hamn". Som stør barnet i utforsking og som tek i mot barnet når det kjem til oss. Ein slags ladestasjon for trygghet og omsorg. Gjennom barnehageåret skal vi bruke trygghetsirkelen, ha det som ein grunnleggande arbeidsmåte i møte med barna. " Korleis må eg vere for at barnet opplever meg som ein trygg base og ei sikker hamn" Side 6 av 12
Barn sin medverknad "Barn barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barns skal jevnlig får mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet." (Barnehagelova 3 Barns rett til medverknad) Det handlar om å ta barnet på alvor, sjå på dei som likeverdige og kompetente menneske. Dei vaksne skal lytte og vurdere korleis vi best kan ta vare på barnets ønskjer og behov. 7 fagområda Rammeplanen deler barnehagens innhald i sju fagområder: Kommunikasjon, språk og tekst Kropp, bevegelse og helse Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknikk Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Antal, rom og form Kvart fagområde dekker eit vidt læringsfelt. I leik og kvardagsaktivitetar er ofte eit eller fleire fagområda representert, I barnehagen vil fagområda bli knytt til kvardagssituasjonar som måltid, stell, avog påkledning, leik og kos. Frå 2-3 årsalderen er rolleiken eit godt utgangspunkt for å arbeide med fagområda. For dei eldste i barnehagen vil temaarbeid/ aktivitetar i 5 årsklubben og elles vere eit naturelg supplement til leiken og kvardagssituasjonane. Gode prinsipp frå Trygghetssirkelen kan og vere ei rettesnor for korleis vi kan jobbe med fagområda. Ettåringen " La meg vere tett innpå, gje meg ei trygg hamn" Frå 1-2 år: "Forstå meg og støtt meg i ulike kjensler" Frå 2-3 år: " Hjelp meg i leiken" Frå 3-6 år: " Fortell meg historier, la meg lære meg nye ting og leike med dei andre barna, men ver der når eg treng deg Side 7 av 12
Overgang frå barnehage til skule Nissedal kommune har ein plan for arbeidet med barns overgang frå barnehage til skule. Målet er : Trygg og god skulestart for alle. Planen skisserar diverse aktivitetar for dei som går det siste året i barnehagen, m. a : førskulegruppe i barnehagen, besøk på skulen, turar og aktivitetar saman med dei andre barnehagane og 1. kl, førskuledagar. Planen blir delt ut til dei som har 5-åringar i barnehagen, Vi har 5-årsklubb for dei barna som går siste år i barnehagen. Dei aktuelle heimane får tilsendte skriv om 5-årsklubben, med informasjon om mål og innhald. I 2016-2017 er det ingen barn i Felle barnehage som gjeng siste året. Å by barnet opp til dans " Danseskjema" For to år sida begynte vi med eit nytt kartleggingsverktøy som heiter " Å by barnet opp til dans". Tidligare har vi bruk "Tras" og " Alle med". Dei har eit stor fokus på å observer kva barnet mestar. Barnehagen brukar no " Å by barnet opp til dans", som eit kartleggingsverktøy. Dette verktøyet er eit system for dokumentasjon av barnehagens innsats over tid når det gjeld språkstimulering og- utvikling. Ordet "danse" er brukt fordi å danse saman, krev at ein følgjer kvarandre i bevegelsar og trinn. På same måte er det å snakke saman eit komplisert samspel. Arbeidsmaterialet som fylgjer skjemaet, legg vekt på personalet si rolle og kva dei kan bidra med. Det inneheld metodar som vi meiner står godt saman med satsingsområdet vårt: leik og språk. Skjemaet skal fyllast ut av foreldre, pedagogar og fagarbeidarar/ assistentar, og vil vere utgangspunkt for foreldresamtalane dette barnehageåret. Side 8 av 12
Evalueringsarbeid Vi har avdelingsmøte ein gong i månaden. Heile personalet møtast til felles informasjon og fagleg drøfting. Evaluering av arbeidet vårt skal vere fast sak på desse møta. Vi tek utgangspunkt i målformuleringa i årsplanen og månadsbreva. Denne evalueringa legg grunnlaget for mål og planar den neste månaden. Månadsbreva skal innehalde - Kort referat frå førre månad, med evaluering og refleksjonar - Mål for månaden som kjem - Informasjon om kva vi vil gjere, kva vil vi at barnet skal oppleve/ gjere og tankar om vaksenrolla Vi ønskjer å trekke foreldra meir inn i evalueringsarbeidet. Korleis kan vi gjere dette på ein god måte? Skal vi ha med evalueringa på sakslista til samarbeidsutvalet? Dette kan vi bli mykje betre på, så kom til oss med tilbakemeldingar, ris og ros, på stort og smått. Dokumentasjon Den beste dokumentasjonen barnehagen kan gi er glade og fornøgde barn. Barn som leikar og trivast. Kontakt ved levering /henting, foreldresamtale, Danseskjema og månadsbrev vil gi foreldre informasjon om barnas kvardag. Møteinnkallingar og referat gir informasjon om det faglege arbeidet i personalgruppa og barnehagen. Praktisk informasjon Desse møter du i Felle barnehage Styrar/pedagogisk leiar: Maria Odberg Barnehagelærar: Sigrid Grimstvedt Fagarbeider, Anette Berntsen, Astrid Hoksrud Pedersen og Wenche Løyte Felle Vikarar vi nyttar kan vere: Astrid Løite, Jannicke Lomheim, Kjersti Hege Mykland og Ine Flåt Paulsen Side 9 av 12
Barnehageåret tek til i veke 34 og sluttar i veke 33 året etter. Opningstid 07.00-16.30 Barnehagetilbodet er for barn frå alle skulekrinsane i kommunen. Barnehagen er godkjent for barn frå 1 år Føresette kan velje mellom 2-,3-,4- og 5 dagars tilbod Føresette kan søke om endring av tilbodet Frist for oppseiing av plass er ein månad Barna har opphaldstida si frå 07.00 og må vere ute av barnehagen innan 16.30 Barnehagen har SFO tilbod, dette gjeld i år mån, tys, tor, fred i forkant eller etterkant av skulen. Nissedal ein trafikksikker kommune Nissedal har - som den fyrste kommunen i landet, fått status som trafikksikker kommune. Ei slik godkjenning er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilhetleg arbeid med trafikksikkerhet. For barnehagane inneber dette at vi har stort fokus på korleis vi skal unngå ulykker i barnehagen. Trafikkopplæring skal vera ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Personalet skal vera svært bevisst si rolle som rollemodell for barna. Det er utarbeidd retningslinjer og rutinar for å unngå ulykker i HMS-arbeidet vårt. I samanheng med dette ynskjer vi eit nært samarbeid med foreldre. Vi ynskjer at foreldre er: - bevisst si rolle som rollemodell for barna - at dei sikrar barna forskriftsmessig i bilen, - også på korte turar - at bilen ikkje går på tomgang utanfor barnehagen - at barna går saman med foreldra ut på parkeringsplassen - at porten inn til barnehagen alltid blir stengt Tilvenning Når barnet skal begynne i barnehagen er det ofte ei utfordring for både foreldre og barn. Viktige nøkkelord er tryggleik, trivsel og gradvis tilvenning. Gje barnet den tida Side 10 av 12
det treng for å finne seg til rette. Det er veldig ulikt korleis barn tilpassar seg sin nye kvardag. Ferie Foreldre/føresette betalar for barnehageplassen 11 månader i året. I fylgje vedtektene skal barna ha fire vekers ferie i løpet av eit barnehageår. Av desse ferievekene skal tre veker vera samanhengande om sommaren. Ferien skal meldast innan 1 mai i ferieåret. Barnehagen har stengt 2 veker i juli,- veke 29 og 30 Jul: Barnehagen er stengt frå og med jolaften til og med fyrste nyttårsdag. I år blir det f. o. m tysdag 27.12.16 t.o.m. fredag 30.12.16. Påske: Barnehagen er stengt måndag, tysdag og onsdag før skjærtorsdag. I år blir det f. o. m måndag 10..04.17 - t. o.m onsdag 12..04.17. Fyrste dag etter påske bli tysdag 18.april. Treungen barnehage held ope for dei som har behov for barnehage plass i jul og påske. Då vil det vere ein frå Felle barnehage som møt barna der. Planleggingsdagar 19. oktober 2. januar 17.mars 16.juni Kjøp av dagar Barn som har sin plass i barnehagen kan kjøpe ekstra dagar dersom det er ledig kapasitet. Det er førskulelærar på avdelinga som har mynde til å gjere avtaler om sal av dagar. Foreldre/føresette betaler for dagen gjennom systemet for foreldrebetaling. Pris per dag er 330,- + kr. 15,- for mat. Det er ingen syskenmoderasjon på dette tilbodet. Side 11 av 12
Påkledning Barna må vere kledd for å vere ute i all slags vær. Ytterklede må de ta med heim for vask og tørk ved behov. Alt må heim siste fredag i månaden for vask av hyller og gjennomgang av tøy. Merk tøyet,då er det lettare for personalet å halde orden. Sjukdom Allmenntilstanden hos barnet må vere slik at det kan fylgje opplegget i barnehagen (sjå eige skriv frå helsesyster/kommunelege) Er de usikre, kontakt lege/ helsesyster før de reiser til barnehagen Samarbeid med andre instansar Helsestasjon PPT (pedagogisk- psykologisk- teneste) Desse tenestene gjev råd og rettleiing, og hjelper til med å legge til rette for opplegg ved særskilte behov. Alt slikt samarbeid og tilrettelegging skjer i nært samarbeid med foreldra. Helsestasjonen ynskjer og eit samarbeid med barnehagen i samband med dei ulike kontrollane barna bli kalla inn til i førskulealder. Samarbeid barnehage- skule Rammeplanen pliktar kommunen til å lage ein plan for overgang barnehageskule. Planen vedrørande overgang barnehage/skule i Nissedal blir sendt ut til dei aktuelle heimane. Denne planen inneheld ulike aktivitetar som skal vere med på å gjere overgangen så trygg som mogleg. Side 12 av 12