VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Livsløpsutvalet Møtestad: Møterom II - rådhuset, Fiskå Dato: 31.05.2017 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 12:20. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 24.05.2017. Øystein Blom leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Øystein Blom Leiar KRF Solveig Menes Medlem SP Marte Myklebust Medlem V Knut Ingvald Bøstrand Medlem V Ottar-Inge Rusten Medlem AP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Mona Stenersen Nestleiar SP Hilde Bjørg Almklov Hermansen Medlem KRF Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Katrin Brekke Sunde Hilde Bjørg Almklov H Hermansen Randi Stokke Thunem Mona Stenersen AP 7 av 7 medlemar møtte.
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Frode Vik Kommunalsjef kultur- og oppvekstsektor Beate Farestveit Brandal Barnehagerådgjevar Helle Frogner Kulturrådgjevar. T.o.m. sak 15/2017 Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Dessutan møtte rådmann Andreas Chr. Nørve under «Eventuelt». Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. PS 8/2017 PS 9/2017 PS 10/2017 PS 11/2017 PS 12/2017 PS 13/2017 PS 14/2017 PS 15/2017 PS 16/2017 PS 17/2017 PS 18/2017 PS 19/2017 PS 20/2017 PS 21/2017 Sakstittel Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Bruk av behandlingsrommet på gamle sjukeheimensamarbeid med Idrettslag Høyring om lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester Orientering - "Aktivitet for alle" Olivinhallen - prosedyrer for fordeling av halltid Kulturminneplan - Orientering om status Godkjenning av vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven kommune Godkjenning av kompetanseplan og planleggingsdagar for barnehagane i Vanylven kommune 2017-2018 Retningslinjer for barnehagane når foreldre ikkje bur saman Ny beredskapsplan for barnehagane i Vanylven kommune 2017 Plan for tidleg innsats i barnehagane i Vanylven kommune Stormkongen Bryggeri- Tilverkingsløyve og salsløyve for alkoholhaldig drikk Eventuelt
PS 8/2017 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 9/2017 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 10/2017 Skriv og meldingar Vedtak i administrasjonsutvalet 02.05.2017 sak 08/2017: Arbeidsgjevarpolitikk: Endring av enkeltstillingar god personalpolitikk. Kommunalsjef Frode Vik orienterte om arbeidet i kultur- og oppvekstsektoren. Barnehagerådgjevar Beate Farestveit Brandal orienterte om barnehagane. Kulturrådgjevar Helle Frogner presenterte seg sjølv og orienterte om arbeidet i kultursektoren. Framlagd skriv og orienteringar vart tekne til vitande. PS 11/2017 Bruk av behandlingsrommet på gamle sjukeheimen- samarbeid med Idrettslag Tilråding: Vanylven kommune går inn i eit samarbeid med Fiskå Idrettslag om bruk av treningsrommet på gamle sjukeheimen på kveldstid og i helgar Solveig Menes tok opp spørsmål om gildskap arbeider som fysioterapeut på behandlingsromet. Ho vart samrøystes kjend gild. Etter framlegg frå Øystein Blom vart det gjort slik samrøystes Saka vert utsett til neste møte.
PS 12/2017 Høyring om lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester Det vart gjort slik samrøystes Livsløpsutvalet tilrår at framlagd lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester vert vedteke. PS 13/2017 Orientering - "Aktivitet for alle" Kulturrådgjevar Helle Frogner orienterte om prosjektet. Framlagd orientering vert teke til vitande. PS 14/2017 Olivinhallen - prosedyrer for fordeling av halltid Tilråding: Vanylven kommune følgjer Ulsteinvik sin modell for fordeling av halltid. Praksisen med to søknadsrundar i året for fordeling av halltid held fram. Når den nye prosedyren for fordeling av tid er innarbeidd blir praksisen endra til ein søknadsrunde i året med søknadsfrist 1.mai. Det vart gjort slik samrøystes Vanylven kommune følgjer Ulsteinvik sin modell for fordeling av halltid. Det blir to søknadsrunder første året for å innarbeide prosedyrar. Når den nye prosedyren for fordeling av tid er innarbeidd blir praksisen endra til ein søknadsrunde i året.
PS 15/2017 Kulturminneplan - Orientering om status Tilråding: Hallstein Ljoså frå Rovde blir spurd om han vil sitte i arbeidsgruppa, som representant for Rovde. Arbeidsgruppa vert tilført ein ekstra politikar, i tillegg til Hilde Bjørg Hermannsen: Solveig Menes foreslo Marte Myklebust som ny politikar i arbeidsgruppa. Det vart gjort slik samrøystes Hallstein Ljoså frå Rovde blir spurd om han vil sitte i arbeidsgruppa, som representant for Rovde. Arbeidsgruppa vert tilført ein ekstra politikar, i tillegg til Hilde Bjørg Hermansen: Marte Myklebust. PS 16/2017 Godkjenning av vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven kommune Livsløpsutvalet godkjenner vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven kommune, slik dei ligg føre. PS 17/2017 Godkjenning av kompetanseplan og planleggingsdagar for barnehagane i Vanylven kommune 2017-2018 Livsløpsutvalet godkjenner kompetanseplan for barnehagane i Vanylven kommune og planleggingsdagar for barnehageåret 2017-2018.
PS 18/2017 Retningslinjer for barnehagane når foreldre ikkje bur saman Livsløpsutvalet tek retningslinjene barnehagane nyttar i samarbeidet med foreldra når desse ikkje bur saman, til vitande. PS 19/2017 Ny beredskapsplan for barnehagane i Vanylven kommune 2017 Tilråding: Livsløpsutvalet tek planen til vitande Det vart gjort slik samrøystes Livsløpsutvalet tek til vitande at det finst ein beredskapsplan for barnehagane i kommunen. PS 20/2017 Plan for tidleg innsats i barnehagane i Vanylven kommune Livsløpsutvalet tek planen til vitande. PS 21/2017 Stormkongen Bryggeri- Tilverkingsløyve og salsløyve for alkoholhaldig drikk Saka gjekk ut då Stormkongen Bryggeri har trekt søknaden.
Eventuelt: Katrin Brekke Sunde tok opp forholda i heimesjukepleien- stor arbeidsbelastning for dei tilsette. Det var semje om at neste møte i livsløpsutvalet vert onsdag 30. august utsett frå 23. august. Rett utskrift 31.05.2017 Kåre Kvangarsnes