Deltakande etatar: Evalueringsmøte etter storbrannen i Lærdal Lærdal kulturhus 28. mai 2014 Alarmsentralen, DSB, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Heimevernet, Helse Førde, Kraftforsyningas distriktssjef, Lærdal brannvesen, Lærdal kommune, Sivilforsvaret, Sogn Brann og Redning IKS, Sogn og Fjordane politidistrikt, Sogn og Fjordane Røde Kors, Telenor, Statens vegvesen og Årdal kommune. 1. Opning: Møtet vart opna av fylkesmann Anne Karin Hamre, politimeister Ronny Iden og ordførar Jan Geir Solheim. Hamre understreka at det aller viktigaste var at ingen liv gjekk tapt. Ho sa at det ofte er etatsvise evalueringar etter kriser, og at det difor er ein risiko for å gå glipp av viktig lærdom om erfaringar og utfordringar som går på tvers. Alle tre la vekt på samhandlinga mellom dei ulike aktørane. Sjølv om svært mykje fungerte godt, er det likevel viktig å ta tak i erfaringar og læringspunkt, slik at aktørane bli enda betre neste gong. Iden sa at vi må tore å spørje kvarandre om ressursane faktisk fann kvarandre. Solheim fortalde at det etter brannen hadde vore veldig mange spørsmål frå heile landet om å kome for å fortelje om erfaringane. Ei viktig side ved evalueringa er difor at òg andre kan lære av det som skjedde. 2. Varslingsfasen: Innleiing ved Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen Holvik orienterte om kva som skjedde innleiingsvis på alarmsentralen etter at dei fekk første melding kl. 2253. Det vart ikkje gjennomført trippelvarsling/konferansekopling, fordi meldinga i første omgang var udramatisk. Etter kort tid utvikla brannen seg og det vart raskt kalla ut fleire ressursar. Det skjedde òg ei styrking av sentralane. Det vart kalla ut ressursar frå Hordaland og Buskerud, i tillegg til eige fylke. Holvik understreka at dei fekk god hjelp av ferjene og helikopter til å frakte inn mannskap. Det var utfordrande for sentralen at det var svært vanskeleg å få kontakt med befalet på brannstaden (radio- og telesambandet datt ned etter ei stund). Sentralen hadde difor ikkje eit fullt oppdatert situasjonsbilete. Tilbakemeldinga som gjekk igjen frå Lærdal var «Ikkje kontroll; kaos». Regelmessige statusmøte kvar time med AMK og Politiet (konferansekopling) var viktig for å utveksle informasjon. Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
2/5 Situasjonsvurdering/-forståing; når brukar vi den raude knappen? Viktig at ein tidleg vurderer om dette er ei så stor hending at ein bør kalle ut alt tilgjengeleg mannskap Trippelvarsling: Viktig at naudsentralane har rutinar for tidleg varsling av dei andre naudsentralane, sjølv om meldinga i utgangspunktet ikkje ser så alvorleg ut. Dette har vore eit tema mellom naudetatane sidan drapa på Valdressekspressen. Alternativt samband: Viktig at alle aktørar har planar for korleis dei skal kommunisere når det ordinære telenettet er nede 3. Etableringsfasen: Innleiing ved stabssjef Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Politiet opplevde eit godt samarbeid med dei andre aktørane og rosa alarmsentralen for god jobb, der dei hadde god nytte av sentralens lokalkunnskap. Politiet hadde godt samband under heile aksjonen. Hauge understreka viktigheita av at innsatsleiar tidleg etablerer kommandosentral (ILKO), og at alle dei sentrale aktørane prioriterer å stille med ein representant. Dette vart ikkje gjort i Lærdal og koordineringa vart ikkje god nok. Fagleiar brann var til tider fråverande i ILKO Det kom innspel på at det til tider var usikkerheit rundt kor ILKO var plassert, og kor dei ulike mannskapa skulle møte. Det må presiserast at det er politiet som har ansvar for å koordinere/leie i eit innsatsområde. Dette gjeld og arbeidet med mottak av bistandsressursar. Innsatsleiar treng eit apparat rundt seg for å gjere denne jobben, slik at bistandsressursane blir sett inn der det er stort behov. Hauge sa at vi bør vurdere å tenkje annleis omkring ekstremvêr. Kan det vere mogleg å gjere eit vurderings-/analysearbeid på tvers når det t.d. har vore ekstraordinær tørke, for om å sjå på moglege konsekvensar og tilrå tiltak. Innsatsleiar var tilgjengeleg og i kontakt med operasjonssentralen (politisambandet fungerte godt) Det er viktig at innsatsleiar tidleg etablerer ILKO for samordning av aktørane Det er viktig at alle dei sentrale etatane prioriterer å ha mannskap i ILKO Det bør avklarast kven som skal representere helse i ILKO Det er viktig med god situasjonsrapportering til fagsentralane for at desse skal kunne ta gode nok avgjerder Det er viktig at ein er tydeleg i bestillinga av bistand frå Forsvaret. Kva i skal ressursane derifrå brukast i til? 4. Gjennomføringsfasen: Innleiing ved brannsjef i Lærdal og Årdal Gaute Johnsgaard.
3/5 Brannvesenet tok avgjerder utifrå at brannen skulle stoggast ved idrettsbana. Vart utfordrande når den svært kraftige vinden gjorde at situasjonsbiletet endra seg, og det tok fyr på andre sida. Dei vart etablert framskote KO ved ungdomshuset. HMS-arbeidet var utfordrande; både for redningsmannskapa og dei friviljuge. Innsatsen vart organisert og leia i tre sektorar, der mannskapa frå dei ulike brannkorpsa og sivilforsvaret vart fordelt. Johnsgaard understreka sterkt nytten av å ha ein alarmsentral som kjenner dei lokale forholda godt, og som sjølv tok initiativ til å kalle ut ekstraressursar. Det bør gjerast ei førehandskartslegging av sikre vasskjelder for brannvatn ILKO/innsatsleiing er ei utfordring; det bør arrangerast kurs i samvirke og innsatsleiing Det bør etablerast faste rutinar for å ivareta HMS-arbeidet for alle dei involverte aktørane 5. Evakueringsfasen: Innleiing ved Stig Inge Hauge. Evakueringsarbeidet var krevjande. Politiet hadde ikkje kontroll over dei evakuerte til ein kvar tid. Det er nødvendig å få til eit tettare samarbeid mellom kommunen, helsevesenet og politiet i arbeidet med registrering av evakuerte. Dette gjeld og samordning av beredskapsplanar. Det var og eit sakn at det ikkje er etablert verktøy for befolkningsvarsel, slik at det raskt kunne sendast ut melding til dei som skulle evakuerast Det bør etablerast eit felles planverk for evakuering mellom politi og kommune. Politiet må ta ansvar for dette opp mot kommunane, med Fylkesmannen som mellomledd. Det bør etablerast/kjøpast eit system for befolkningsvarsling. Politiet må sjå nærare på dette når det gjeld redningstenesta, men bør koordinere det med Fylkesmannen sitt behov for varsling av kommunane. Innsatsleiar må generelt ha stor merksemd på evakueringsarbeidet, og ha nok ressursar til dette Det er etablert rutinar for registrering av evakuerte i politiet (DIR), men vi må sjå nærare på samhandling opp mot kommune og helsevesenet. Politiet må ha ansvar for dette. Ein må og mellom anna sjå på merking av hus slik at ein ikkje gjer dobbeltarbeid i evakueringsfasen. Dette må takast inn som eit moment for øvingsutvalet i fylket. Det bør etablerast planar (HF, kommune og politi) for bruk av sjukehusa i fylket til evakueringsplass 6. Kriseinformasjon Innleiing ved rådmann Alf R. Olsen i Lærdal kommune.
4/5 Kommunen opplevde eit enormt behov for informasjon til innbyggjarane, omverda/publikum, eigne tilsette og deira pårørande og til definerte grupper som t.d. dei direkte råda, skule og barnehage. Det var ein suksess å etablere pårørandetelefon i Aurland, men det burde nok ha vore med ein lokalkjent person frå Lærdal. Hadde suksess med å knyte til seg eigen kommunikasjonsrådgjevar. Kommunen var heldig som hadde slik kompetanse tilgjengeleg. Det vart understreka viktigheita av å ta omsyn til krisekommunikasjon i kommunale beredskapsplanar Kriseteamet kan brukast til å informere dei råka Det er viktig å ha oversikt over kven som er råka og kvar dei er til ei kvar tid Det er viktig å knyte til seg ein kompetent person til å ta hand om informasjonsarbeidet; det kanskje vurderast å etablere ei informasjonsstøtteordning for kommunar som er råka Det bør tidleg vurderast å etablere pressesenter Frivillige organisasjonar kan brukast til å formidle informasjon til publikum Det bør vere regelmessige møte der politiet deler informasjon med kommunen Det er viktig å ha planar for informasjonsberedskap som tar høgde for stort påtrykk frå media/publikum Kommentar frå politiet etter evalueringsmøtet: «Det er politiet sitt ansvar å etablere og drifte pårørandetelefon, jf. PBS ( Politiets BeredskapsSystem del 1) side 170 jf. rundskriv frå POD 2010/008 -. Det er viktig at informasjonstelefonar til involverte som driftast av andre enn politiet, får ei anna nemning. Det oppstod ikkje problemstillingar med kommunen si pårørandetelefon under Lærdalsbrannen, men det er naudsynt å halde fast ved dei grunnleggande strukturane i redningsarbeidet for å hindre at det blir mistydingar i arbeidet. Desse grensegangane har politiet ansvar for å sjå nærare på.» 7. Samvirke med etatar/instansar/ organisasjonar utanfor redningstenesta Innleiing ved fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand Den viktigaste prioriteringa må alltid vere liv og helse. Det var mange aktørar utanfor redningstenesta som hadde ei rolle under brannen i Lærdal. Fylkesmannen opplevde at det var eit godt samvirke og god informasjonsflyt mellom aktørane. Det er likevel krevjande å drive samvirke når sambandet var mangelfullt. Fylkesberedskapsrådet var ein av verktøya for å samvirket. Det er store krav til situasjonsrapportering inn til sentrale styresmakter ved slike store hendingar. Det vart understreka viktigheita av å vere eintydig i koordinering av ressursar. Lærdal kommune opplevde det som viktig at dei i ein tidleg fase kopla på e-verka i kommunen Læringspunkt: Det er viktig at alle aktørar har gode planar for korleis ein skal samvirke når det ordinære sambandet ikkje fungerer. Dette må det i større grad takast inn som øvingsmoment i øvingar.
5/5 8. Oppsummering: Ordførar Jan Geir Solheim, politimeister Ronny Iden og fylkesmann Anne Karin Hamre oppsummerte evalueringsmøtet. Det vart understreka at det var gjort veldig mykje godt arbeid, og at det generelt sett var godt samvirke mellom aktørane. Lærdalbrannen er i stor grad historia som resursane som fann kvarandre, sjølv om vi har funne fleire læringspunkt som vi må ta med oss i det vidare arbeidet. Tore Sønnesyn Referent Per Tomas Klingenberg referent