Unner du borna det unike? Runde kystleirskule



Like dokumenter
Nystarta leirskule -med ledig kapasitet i 2012

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev for Rosa september 2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS


6. trinn. Veke 24 Navn:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Informasjon til elevane

Informasjonshefte Tuv barnehage

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Kva er økologisk matproduksjon?

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Sandeid skule SFO Årsplan

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kom skal vi klippe sauen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Klepp kommune Tu skule

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Internasjonal vidaregåande skule


Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Jon Fosse. For seint. Libretto

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Om å høyre meir enn dei fleste

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

Valdres vidaregåande skule

Brukarrettleiing E-post lesar

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Øystese barneskule April - 08

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Plan for Liabygda SFO

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Frå novelle til teikneserie

Rådgjevarkonferanse 2009

FANTASTISK FORTELJING

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

IKT-kompetanse for øvingsskular

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Trivsel og vekstvilkår

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Transkript:

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Runde kystleirskule Stupbratte klipper med yrande liv. Grøne bakkar mot djupblått hav. Eit samfunn omkransa av skumsprøyt. Idyllisk busetnad, men også ei dramatisk historie. Øya Runde er norskekysten i miniatyr. Konsentrert. Forsterka. Eit eineståande stykkje kystnatur, med tusen historier å fortelje om alle som lever mellom havbotn og himmelrand. Kvar vår kjem dei hit, for å finne kvarandre, og bere livet vidare. Kvart år, på same stad, til same tid, mellom vennar og fiendar, mellom hav og himmel, svermar dei. Lundefuglane. Men også alke, lomvi, havsule, krykkje, toppskarv, storjo, havørn og mange fleire - til saman i hundretusental. Fuglefjellet på Runde er einaste i Sør-Noreg, det mest artsrike i heile landet og eit minne for livet for alle som får oppleve det. Fisk og sild. Berebjelken i kystsamfunnet sitt levebrød så lenge nokon kan minnast. I dag Norskekysten sin viktigaste berekraftige ressurs. Havet er rikt, men også mektig og brutalt. Historiene om losane, fyra og forlisa vitnar om dét. Store verdiar har forsvunne i djupet, skattar har vorte funne att. Ein av skattane er spora etter dei som har levd her. Spor frå ei anna tid, som vi kan fylgje gjennom rik forteljartradisjon og eit særmerkt kulturlandskap.

Kunnskap Leirskule er ikkje ferie, men skule. Skule på ein litt annan måte, læring som inneber at elevar og lærarar kan verte våte. Undervisninga er ikkje berre undervisning, men også levande møte med levande liv. For øya Runde er ikkje berre ei øy, men også ein biotop, ja ein heim, for eit stort mangfald av ulike artar. Planter, dyr, fuglar og menneske; dei bur her. Kvifor hekkar sjøfuglane akkurat her på Runde? Kva er eit naturreservat? Kvifor minkar somme artar i tal medan nye kjem til? Møtet med den mangfaldige, men sårbare havnaturen aktualiserer mange spørsmål. Nokre har vi svaret på, andre svar må vi leite etter. Og undervegs får vi kanskje ei djupare forståing; naturen er eit stort samspel, som også vi er ein del av, med vår bruk, vår forvalting og våre liv. Læring er ikkje berre å huske. Læring er også å vekse. Vi er alle ulike, har vårt potensiale, kan vekse som oss. Når vi kjem til nye stadar, møter nye menneske, opplever nye situasjonar, brukar kroppen, sansane, då har vi sjansen til å kunne vekse litt, på vår måte. Kanskje må vi våge litt meir og yte litt meir enn vanleg. Men gjer vi det i fellesskap, kan vi verte betre kjende med både oss sjølve og kvarandre. Finst det noko betre grunnlag for kunnskap enn å oppleve meistring?

Vennskap Det er spesielt å bu på Runde kystleirskule, med soverom som er innreidde som båtlugarar, og med panoramautsikt over storhavet frå kjøken og middagsbordet. Men det mest spesielle er nok å ha huset fullt av leikekameratar, døgnet rundt. Kva er då kjekkare enn fritid? Leik, ballspel, brettspel, stongfiske, osb. Berre fantasien set grenser, det er heilt sikkert nokon som vil vere med! Nokon må ta oppvasken. Gangen må moppast, opphaldsroma ryddast, det må dekkast på bordet til neste måltid. Leirskulen er heimen til elevane i ei veke, og i ein heim er det mange oppgåver som må løysast. Det er kjekt også, å få medverke litt til fellesskapet sin trivsel, og sjå at din innsats betyr noko for fleire. Saman kan vi ha det bra. Det er eit overordna mål at alle som kjem til leirskulen skal oppleve tryggleik og trivsel. Leirskulebygget har universell utforming, og vi gjer det vi kan for å legge opphaldet best mulig til rette for alle som kjem hit. Slik håpar vi at alle skal få oppleve å kjenne seg verdsette og inkluderte i fellesskapet. Den største skatten du kan finne på Runde er vennskap.

VELKOMNE TIL RUNDE KYSTLEIRSKULE VI HAR LEDIGE LEIRSKULEVEKER BÅDE PÅ KORT OG LANG SIKT. BESTILLING TA KONTAKT MED OSS PÅ TELEFON ELLER E-POST, SÅ GIR VI DEG EIT PRISTILBOD, SAMT RESERVERER LEIRSKULEPLASS TIL KLASSEN DIN INNTIL VIDARE. Vi tek i mot leirskuleelevar både vår og haust. Vi held til i eit omskifteleg landskap, der undervisningsopplegget må tilpassast årstid og vêrforhold. - Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande leirskuleprat. Vi fortel gjerne meir om Runde og Runde kystleirskule, og gjer det vi kan for å legge til rette leirskuleopphaldet etter dine behov. Kapasitet: ca. 80 elevar Sesong: mars, april, mai, juni, august, september og oktober Opphaldstid: måndag fredag

RUNDE KYSTLEIRSKULE ADRESSE: LANGENESET, 6096 RUNDE TELEFON: 700 85 950 E-POST: leirskule@christineborg.no HEIMESIDE: www.christineborg.no/runde_kystleirskule