3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09



Like dokumenter
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

«Ny Giv» med gjetarhund

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Brødsbrytelsen - Nattverden

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kom skal vi klippe sauen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Til deg som bur i fosterheim år

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


Kva er økologisk matproduksjon?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014


Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

6. trinn. Veke 24 Navn:

Informasjon til elevane

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Månadsbrev for Rosa september 2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månedsbrev april 2015

Valdres vidaregåande skule

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Plassebakken Barnehage BA

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

I N N H O L D. Forord

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Ute mat Korleis laga god mat UTE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Brannsår, rus eller friheit?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

4. klasse nynorsk. klipp-og limoppgåver

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Plassebakken Barnehage

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Styret har vore samansett slik i 2012 :

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tor Arve Røssland. Oslo

Transkript:

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var og med frå 6. og 7.klasse. Dei var med som hjelparar og gjorde ein god jobb. Då me kom ut til garden, stod Thomas i tunet og tok imot oss. Thomas skal jobba hos oss dette halvåret, og det er veldig godt å ha han med seg som ein ekstra vaksen. På veg ut til garden fortalde eg elevane at det hadde kome grisungar. Dei kom til verda natt til søndag 28.09, og var berre eit døgn gamle. Miss Piggy fekk 6 grisungar, og det ser ut til at ho er flink til å ta seg av dei. Ho gryntar og pratar med ungane sine og dei gryntar til svar. Når ungane drikk mjølk av ho, gryntar ho rytmiske grynt for at alle ungane skal halda same takt når dei syg. Oppgåvene under fjøsstellet var fordelt mellom alle elevane på førehand. Etter kvart kom Øystein og Vanja og hjalp til. Leif som er bonden, var der og saman med Kåre som jobbar her kvar måndag og to burmesiske flyktningar. Henrik og Sylvia var og innom, så det er absolutt ikkje tomt for folk her på garden

Det gjer at dyra våre er vant til folk, og tek det med stoisk ro om ein tredje- eller fjerdeklassing blir vel høgrøsta. Ein annan ting er at ei viktig lærdom med dagane på garden blir å kunna vera roleg saman med dyra. Me går roleg inne i dyreromma, og me snakkar lågt. I dag var det viktig med rett åtferd for at Miss Piggy ikkje skulle bli stressa. Ein stressa gris kan finna på å eta ungane sine. Dei fleste klarte det veldig bra, medan nokon gløymde seg ut og måtte minnast på det. Ein regel til som me må jobba med, er å komma med ein gong me høyrer kubjølla. Då er det noko som skal skje eller ein melding som skal formidlast. Sjølv om det blei mykje regelsnakk ei stund, gjekk fjøsstellet veldig bra. Alle gjorde oppgåvene sine, og dyra fekk mat. Etterpå var det vår tur å eta. Me åt nistepakken på Gamlelåven då det regna trollkjerringar ute. Etter kvart letta det, og me gjekk i gong med andre økta. Me laga meterstokkar og halvmeterstokkar av svarthylltreet. Svarthyll veks fleire meter på ein sommar og får veldig rette greiner som er gode å bruka til målereiskap. Etterpå blei gruppa delt i to der Thomas tok halve gjengen med seg og målte lengd og breidd på kaninhuset og Nyahuset. Me andre målte sauehuset.

Etterpå flytta med Dina som er ein artstypisk gris slik dei såg ut på 1950-talet. Det er berre 10-11 griser i Noreg av hennar type. Ho er veldig stor, har lengre nase og er meir krum over ryggen enn vanleg norsk gris av i dag. Ho har gått ute på eit beite, men på grunn av all nedbøren blei det veldig vått og me måtte difor få ho i hus. Me lokka ho med kraftfor, og etter nokre omvegar her og der, fekk me ho inn. No stod saueklypping på programmet. Det står tre lam inne, eit svart og to kvite. Det svarte lammet har fått ein augesjukdom som gjer at ho er blind. Ho hadde gått med mora si i fjellet og kome vekk frå ho. Heldigvis var det nokre sauebønder som fann ho nord for Haukeli, og dei fekk ho heim. Våre sauer går i Valldalen om sommaren, og lammet hadde gått ut av vårt beite og over i nabobeitet. Leif er ein ganske rask saueklyppar, så det var fort gjort å skrella av dei ulla. Elevane var med på å sortera ulla i to sekker, ein sekk for ulla som var skitten, ein sekk for rein ull. Den svarte ulla blei pakka i ein tredje sekk. Ulla blir levert til eit ullmottak på Karmøy og sendt vidare til foredling. Til slutt kan me kjøpa ulla frå sauene våre som garn i butikkane Noko av ulla skal me ta med oss til skulen, og kanskje blir det strikkegarn av ho?

Me snakka litt om ulike typar landskap før me gjekk opp på beitet for å laga demning. Kva er skilnaden på eng og beite? Kva er åker? Kor kan me laga åker? Mange av elevane kunne svara på det, for andre var det nytt. Dette skal me jobba vidare med på skulen etter haustferien. Me tok med oss alt me fann av gravereiskap, 7 spadar, 2 krafser og 1 hakke før me sette kursen mot grøfta som kryssar Beitet. Det me kallar Beitet er eit område som far til Leif rydda og grøfta. Det ligg på ein høgde på Straumøy med god utsikt mot sør og vest og skog mot nord og aust. Grøfta buktar seg mellom småkollar før vatnet renn utforbakke ned mot Peratjødno. Me bygde demninga rett før vatnet rann utfor, og medan me laga demninga, auka vasstanden på innsida. Neste gong 3. og 4.klasse kjem til gards, skal me opna denne demninga og følgja vassvegen ned til sjøen. Det var ein veldig møkkete gjeng som forlét demninga. Jord og vatn er ein herleg blanding for ungane, men kanskje ein dårleg blanding for dei skal vaska kleda?? Heldigvis har me ein god vasslange på mjølkerommet. Alle måtte spylast etter tur før dei gjekk tilbake til bussen i Straumøykrysset. Eg trur nok nokre av elevane var våte både her og der Fin og travel dag saman med flotte ungar fulle av pågangsmot og energi! Mvh Anne K. Grutle

Oppgåver i matematikk. Måndag 29.09.09 laga me meter- og halvmeterstokkar av treet svarthyll. Dei har lange og rette greiner som gjer dei godt eigna meterstokkar. Etterpå målte me opp lengd og breidd på ulike hus på garden. Set meterstokken ned på bakken. Kor langt når den på deg i høgd? Hald ein meterstokk mellom nevane dine. Prøv å hugs sånn cirka kor langt det er utan at du held meterstokken. Gjer det same med ein halvmeterstokk. Finn arealet på dei ulike husa på garden. Sauehuset: 15 x 11,5m Kaninhuset: 3,5 x 2,5m. Luftegarden utgjer 2 x 2,5 m av dette arealet. Nyahuset (skulestova): 14m 3,5 m 8 m 2,5 m 4,5m 11,5 m Kor mange ulike rekneforteljingar kan me laga ut av dette? Me var 9 elevar, 3 hjelpeassistentar, 2 vaksne og 2 hundar som bygde demning. Me hadde med oss 7 spadar, 2 krafser og 1 hakke.