Regional verksemdplan for plan- og byggesak i region Nordhordland og Gulen 2006-2009



Like dokumenter
Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Radøy kommune Saksframlegg

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

'REGIONRÅDET NORDHORDLAND

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

2. Referat frå oppstartsmøte

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 15/

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Plan- og bygningsloven. Gunn Tove Nyheim

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

Synspunkter på Bygningsmeldinga

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kommuneplanen sin samfunnsdel

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

STRATEGI FOR TILSYN Hemsedal kommune

GEBYRREGULATIV FOR TEKNISK AVD. (plan, bygge- og delesakshandsaming) I VALLE KOMMUNE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skodje kommune Teknisk avdeling

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

VESTNES KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONEN

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Aurland kommune Rådmannen

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

GEBYRREGULATIV FOR TEKNISK AVDELING I VALLE KOMMUNE Plan, bygge- og delesakshandsaming

HANDLINGSPROGRAM

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Planstrategi for Ullensvang herad

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Godkjenning - løyve til oppføring av garasje med dispensasjongbnr 27/263 M oldekleiv

Innleiing. Obligatoriske planar

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Plan for selskapskontroll

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Mål for arbeidet denne kvelden

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

Vår ref. Dykkar ref. Dato: 11/234-2/ L50 &58/ /KON Innleiing Tilsynsområde Tilsynsobjekt 2. 5.

LOM KOMMUNE SKILTVEDTEKTER

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Transkript:

Regional verksemdplan for plan- og byggesak i region Nordhordland og Gulen 2006-2009 INNHALD side 0.0 Føreord 2 1.0 Visjon og overordna mål 3 1.1 Visjon 3 1.2 Hovudmål 3 2.0 Lovgrunnlaget 3 3.0 Nasjonale mål for plan- og byggesaksforvaltninga 4 3.1 Dagens nasjonale mål 4 3.2 Generell status i høve dei nasjonale måla 4 4.0 Mål for interkommunalt handlingsprogram 2005 2008 4 5.0 Status handlingstema / saksområde 5 5.1 Plansaker Status 5 5.2 Byggesaker Status 6 5.2.1 Tilsyn 6 5.2.2 Plassering (påvising) av tiltak i marka 6 5.3 Fellestema for plan- og byggesaker 7 5.3.1 Lokale forskrifter og delegasjonsreglement 7 5.3.2 Innformasjonsgrunnlag og informasjonsformidling 7 5.3.3 Verktøy i bruk 8 5.3.4 Kompetanse 8 5.3.5 Kvalitetssikring 8 6.0 Forventa endringar 9 6.1 Plansaker 9 6.2 Byggesaker 9 6.3 Felles for plan- og byggesaker 9 6.3.1 Informasjonsgrunnlag og informasjonsformidling 9 6.3.2 Verktøy i bruk 10 6.3.3 Kompetanse 10 6.3.4 Kvalitetssikring 10 7.0 Program for perioden 2005 2008 10 7.1 Lover og pålagde oppgåver 10 7.2 Informasjonsgrunnlag og informasjonsformidling 11 7.2.1 Tilgang til informasjon 11 7.2.2 Informasjonsformidling 11 7.3 Verktøy 11 7.4 Ressursar og kompetanse 11 7.5 Kvalitetssikring 12 7.6 Organisatoriske tiltak 12 8.0 Organisasjon for gjennomføring av planen 12 9.0 Kostnader og finansiering 13 9.1 Fellesorganisasjonen og sekretariat 13 9.2 Gjennomføring av tiltaka 13 VEDLEGG: Statusoversyn (nr.1 og 2), Forventa utvikling (nr.3), Interkommunalt tilsyn (nr. 4) og Ulike tema som har vore drøfta og felles malar til bruk i byggesakshandsaminga (nr.5) 1

FØREORD (Verksemdplanen 2005-2008) Bakgrunnen for planen / handlingsprogrammet I prosjektplanen for prosjektet Felles tenesteyting /sakshandsaming etter plan- og bygningslova m.m. i regionen Nordhordland og Gulen, ligg det nedfelt at det skal utarbeidast ein regional strategiplan for plan- og byggesak for perioden 2005 2008. Bak denne planen står kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy. Prosjektet Felles tenesteyting /sakshandsaming etter plan- og bygningslova m.v. har som mål å avklare korleis kommunane gjennom interkommunalt samarbeid skal bli betre i stand til å yta ei meir omfattande, meir lik og betre nærings og publikumsvenleg tenesteyting innan plan- og bygningslova m.v. enn tilfellet er i dag, og i hovudsak utan å auka kostnadene. I planarbeidet er lagt til grunn innspel og drøftingar på sakshandsamarnivå, med tilslutning frå prosjektgruppa. Det har og vore ei rekkje møter med eksterne instansar for samordning av saksflyten, og for å kunne redusere sakshandsamingstida mest mogeleg innanfor ei fullverdig sakshandsaming. Plan-ambisjonane vart til ei viss grad dempa ned ved møte i prosjektgruppa den 12.12.03. I vedtaket til sak 7 vert det sagt m.a.: Kommunane har for knappe ressursar til sine daglege oppgåver. Omstillingar krev i seg sjølv ekstra ressursar i starten. I prosjekter bør ein difor konsentrere seg om færre oppgåver neste år. Dette blir viktig å ha i mente ved utarbeiding av strategiplanane innan prosjektet sine to tema. På denne bakgrunn er planvolumet dempa ned. Det er no lagt vekt på å få fram eit handlingsprogram (tiltak) for den interkommunale aktiviteten ved plan- og byggesaker. Med dette legg prosjektgruppa fram sitt framlegg til verksemdplan for det interkommunale samarbeidet innan plan- og byggesaksområdet i region Nordhordland og Gulen 2005-2008. Som vedlegg til planen følgjer Statusoversyn (nr. 1 og 2), Forventa utvikling (nr.3), Interkommunalt tilsyn (nr. 4) og Ulike tema som har vore drøfta og felles malar til bruk i byggesakshandsaminga (nr.5) Arne Aven Øyvind Tolleshaug Magne Instefjord Lars Johan Haukås Austrheim kommune Fedje kommune Gulen kommune Lindås kommune Anne Kristin Rafoss Jens Bjordal Kjell Langeland Nils Myking Masfjorden kommune Meland kommune Modalen kommune Osterøy kommune Tore Reigstad Radøy kommune Einar Borgund Torbjørn Trageton prosjektsekretær prosjektsekretær og koordinator Verksemdplanen 2006-2009 Dette dokumentet er ei rullering av planen for 2005-2008 eitt år fram i tid. Status er oppdatert nov. 2005. Dei fleste vedlegga til planen er oppdatert. Forelda vedlegg er tekne ut og funne trykkfeil er retta. Eit nytt vedlegg, regionen sitt høyringssvar til NOU 2005:12 er teke med. Planen er utarbeidd av dei same gruppemedlemmene som planen for 2005-2008 bortsett frå Osterøy som har vore representert ved Kjell Brun. Torbjørn Trageton har utført sekretæroppgåvene. 2

1. VISJON OG HOVUDMÅL 1.1. Visjon GODE TILHØVE Visjonen er at saksområdet plan- og byggesak skal gje gode tilhøve for den einskilde, samfunnet, for næringsliv, kulturliv og framtidige generasjonar. Hovudstrategi i høve visjonen er gode og effektive arbeidstilhøve for aktørane (dei politiske styringsorgana, tiltakshavarane, plan-, bygge- og anleggsbransjen og kommen si forvaltingsteneste på saksområdet.) 1.2. HOVUDMÅL Regionen Nordhordland og Gulen skal ha ei effektiv, oppdatert og einsarta plan- og byggesaksforvaltning. Med andre ord: Meir effektiv, meir lik og meir nærings- og publikumsvenleg tenesteyting etter plan- og bygningslova. 2. LOVGRUNNLAGET Plan- og bygningslova skal fremja ei berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Ho skal legge til rette for verdiskaping, næringsutvikling, gode bustader og bumiljø, gode oppvekst og levekår, og fremja folkehelse og samfunnstryggleik. Ho skal sikre vern av verdifulle landskap og natur- og kulturmiljø. Ho skal taka vare på omsynet til estetikk og god byggeskikk. Lova skal sikre at planar og vedtak om forvaltning av ressursar og om tiltak, utbygging og vern byggjer på ei allsidig og langsiktig vurdering, og på forutsigbarhet, open og medverknad frå alle interesser og styresmakter som saka vedkjem. Det enkelte tiltak skal taka vare på omsynet til helse, miljø og tryggleik. Grunnleggjande ved planlegging: Det er eit viktig prinsipp at planlegginga skal skje mest mogeleg desentralt og nærmast mogeleg dei som avgjerslene vedkjem. Dette er bakgrunnen for at det som hovudregel er folkevalde organ i kommune og fylkeskommune som har ansvaret for planlegginga og som vedtek planane. Plan- og bygningsstyresmaktene har to hovudoppgåver etter lova. Dei skal utarbeide planar, og dei skal handheve plan- og bygningslova generelt og spesielt når nye byggetiltak skal gjennomførast. Allmenne interesser krev ei nærare regulering av byggjeverksemda med sikte på å sikre at utbygginga vert utført forsvarleg ut frå bygnings- og branntekniske, helsemessige, 3

miljømessige, estetiske og økonomiske omsyn. I tillegg til reglane om fysisk planlegging og styring av arealbruk har plan- og bygningslova difor reglar om sakshandsaming, ansvar, kontroll og tilsyn i samband med konkrete byggetiltak, og ei rekkje materielle reglar med krav til dei einskilde bygge- og anleggstiltaka. Lova er under revisjon i to lovutval, jf. kap. 6. Det er enno usikkert kva tid ny plan- og bygningslov vert vedteken. 3. NASJONALE MÅL FOR PLAN- OG BYGGESAKSFORVALTNINGA 3.1. Dagens nasjonale mål I plan- og bygningslova sin målparagraf heiter det: Planlegging etter loven skal legge til rette for en samordning av statlig, fylkeskommunal og kommunal virksomhet og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressurser, utbygging, samt å sikre estetiske hensyn. Gjennom planlegging og ved særskilte krav til det enkelte byggetiltak skal loven legge til rette for at arealbruk og bebyggelse blir til størst mulig gavn for den enkelte og samfunnet. Ved planlegging etter loven her skal det spesielt legges til rette for å sikre barn gode oppvekstvilkår. Regjeringa sine overordna mål for bolig- og bygningspolitikken er: "Alle skal disponere en god bolig i et godt bomiljø. Bygg og anlegg skal ha god kvalitet." 3.2 Generell status i høve dei nasjonale måla Som status i høve nasjonale mål må kunne nyttast statsråd Erna Solberg sitt innlegg på seminaret Ny plan og bygningslov: Behov for endringar og nye grep i januar 2002. Her vert det m.a. sagt: Vi har fortsatt ineffektive planleggings- og reguleringsprosesser. Utfordringa ligger i å forenkle lover og forskrifter, vår organisering av prosesser og ressursbruken i offentlig sektor slik at utbyggere og boligkjøpere ikkje påføres unødige kostnader. Dokumentasjonsmengden er for omfattende i en vanleg byggesak. (Selv om jeg etter hvert har forstått at denne ikkje utelukkende er en følge av lovens krav, men mer en konsekvens av usikkerhet hos både ansvarlig søker og kommunal byggesaksbehandler). Dette er et problem for bransjen, særlig ved at kravene variere mye fra kommune til kommune. Mange bransjeaktørar opererar i flere kommuner. Varierende dokumentasjonskrav skaper ekstraarbeid og usikkerhet. Her er standardisering av blankettar og søknadsdokumentasjon den eneste farbare veg,særlig i lys av at vi i nær framtid skal kunne tilby et system for fullført elektronisk saksbehandling av plan- og byggesaker. 4. Mål for interkommunalt handlingsprogram 2005-2008 Programmet skal inngå i det interkommunale styringsverktøyet for den regionale verksemda. Handlingsprogramet for perioden 2005-2008 skal klargjere kva oppgåver kommunane bør løysa på interkommunalt basis, måtar desse oppgåvene bør løysast på og når. Programmet bør reviderast årleg. Det interkommunale handlingsprogrammet skal medverka til: 4

Ved plansaker effektive og trygge prosessar at forvaltninga og brukarane i regionen er sett i stand til å gjennomføre nye krav som vil koma i plan- og bygningslova, jf. NOU 2003:14 god og oppdatert kompetanse hjå alle aktuelle deltakarar i planprosessane effektive sakshandsamingsverktøy og god tilgang til grunnlagsinformasjon til planarbeida Ved byggesaker sikre likehandsaming og god og effektiv byggesaksprosess god og effektiv tilrettelegging av tomter god og oppdatert kompetanse hjå sakshandsamarar og dei andre aktørane i bygge- og anleggsverksemda med omsyn til: - å få bygg og anlegg som tilfredsstiller krava til god kvalitet, helse, miljø, tryggleik, tilkomst og estetikk. - å vere "godt skodd" til å gjennomføre nye krav som vil koma i plan- og bygningslova jf. NOU 2003:24 effektive sakshandsamingsverktøy og god tilgang til grunnlagsinformasjon for saksarbeida førebyggje og rydde opp i ulovleg byggjeverksemd 5. STATUS HANDLINGSTEMA/SAKSOMRÅDE 5.1. Plansaker - Status Ressursbruken ved handsaming av plansaker er i underkant av 6 årsverk. Det har vore større gjennomtrekk av fagfolka i stillingane enn normalt for ein del av kommunane. Kjøpte tenester i samband med sakshandsaming av plansaker var kr. 37.000 i 2003. Dei fleste kommunane slit med for liten plankapasitet, m.a. fordi kommunane må prioritera dei meir kortsiktige oppgåvene (tiltakssakene). Manglande planar/manglande oppdatering av gjeldande planar medfører m.a. unormalt stort tal dispensasjonar i tiltakssakene. Det er ikkje registrert restansar og heller ikkje klager på handsaminga av private plansaker. Dei fleste kommunane legg vekt på å utvikle eigen kompetanse for utarbeiding av kommuneplanar /kommunedelplanar og for sakshandsaming av desse og sakshandsaminga av private planforslag. Dette gjeld både det planfaglege og teknisk framstilling. Regulerings- og utbyggingsplanar vert stort sett utført av private konsulentar. Mange av desse er dårleg tilrettelagt. Dette medfører ekstra ressursbruk. Kommunane får ikkje alltid påboden melding om oppstart av privat planarbeid og få kommunar registrerer ennå informasjon om dette i planregisteret. Plansakene blir først registrert i saksregisteret når kommunen tek mot saka. Oversikta over kvar det pågår offentleg kunngjort planarbeid, er såleis ikkje allment tilgjengeleg. Ikkje alle kommunar har hatt gode nok rutinar for rettleiing i oppstartfasen av plansakene. Her har Meland kommune utarbeidd ei "startpakke" som blei distribuert til dei andre kommunane 2005. Ofte er og retningsgjevande planar (kommuneplan/kommunedelplan) ikkje presise nok. Ved oppstart vender planfirma seg ofte direkte til fylkesnivået utan å ha fått med kommunen si haldning til saka. Dette fører til ekstra arbeid for alle partar. Det må utarbeidast gode rutinar på dette området. Det er etter måten stor mengde med dispensasjonssaker i regionen. Dette tilseier at det manglar planar, eventuelt at planane ikkje er oppdatert. Det er viktig at planbehovet vert stetta. 5

Godkjende dispensasjonssaker vil ofte vanskeleggjere seinare planprosess for det aktuelle området. Frå 1. juli 2004 er det innført tidsfristar for kommunen i høve til sakshandsaminga av private planar. Ved oversitting av fristane må kommunen betala attende deler eller heile saksgebyret. I medhald av lokal forskrift, som gjeld frå 01.01.05, skal private planar leverast kommunen i digital og nasjonal standardform. I medhald av same forskrift kan kommunen krevja at forslagsstillar får klarlagt alle eigedomsgrenser innafor planområdet. (Meir detaljert status for plansaker - vedlegg 1) 5.2. Byggesaker - status Samla saksmengde på byggesaker (tiltakssaker) var i 2003 1.287 av desse blei 178 avgjort ved politiske vedtak. Sakene fordeler seg slik: Søknad om deling - 302 stk., meldingssaker - 320 og søknad om byggeløyve 665. I same perioden blei det handsama 184 søknader om dispensasjon frå planar og det blei registrert 58 klagesaker, her av 36 som klager på delingssaker. (Registreringa er noko ufullstendig.) Ressursbruk for byggesaker er omlag 11 årsverk. Det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld stabiliteten i arbeidskrafta for saksområdet. Det skjer ein del ulovleg byggeverksemd i regionen. Størstedelen kan tilskrivast manglande regelverkkunnskap hjå den utførande. Vi har ikkje tal for omfanget, men i NOU 2003:24 er det nemnd at på landsbasis er det rekna med at ulovleg tiltak utgjer 23 % av tal byggesøknader. For å sikra lik handsaming av ulovlege byggesaker, har kommunane i regionen i 2004 vedteke like utfyllande retningsliner til KRD sine. Det blei i 2004 innført gebyr for desse sakene. Det er utarbeidd felles retningsliner for kommunane i høve til reaksjonsmønsteret i desse sakene og gebyrmalen i bruk er lik i alle kommunane. Frå 01.07.03 blei det sett fristar for kommunen si sakshandsamingstid. I regionen skjer det berre reint unntaksvis at kommunane ikkje makta halde fristane. (Frå 01.07.04 blir kommunane straffa for oversitting av fristane i form av pålegg om heil eller delvis tilbakebetaling av betalt gebyr.) Lindås kommune har gjennomført eit estetikkprosjekt og i det høvet utarbeidd ei rettleiingsbrosjyre som m.a. er spreidd til dei andre kommunane i regionen. (Meir om status byggesaker - vedlegg 3) 5.2.1. Tilsyn Kommunane er i plan- og bygningslova pålagt å føre tilsyn med at plan- og bygningslovgivningen holdes i kommunen. Så langt har kommunane av ulike grunnar, vesentleg på grunn av manglande ressursar, men og på grunn av at tilsyn krev spesialkompetanse, ikkje makta å følgja opp lova sine krav. Det vert gjort ein del enkle kontrollar dersom byggherren eller andre kjem med ønskje om det, men tilsyn med formell varsling og dokumentasjon vert sjeldan gjennomført. Etter tilråding frå Regionrådet Nordhordland IKS har kommunane vedteke å opprette eit felles tilsynsorgan frå 2005 med Lindås kommune som vertkommune. Kostnadene skal dekkjast av byggesaksgebyret. (Meir om tilsyn i vedlegg 4 til den regionale verksemdplanen for plan og bygesak 2004-2008) 5.2.2. Plassering (påvising) av tiltak i marka Dagens rutine er at ansvarleg søkjar/tiltakshavar teiknar inn omsøkt plassering på kart levert av kommunen. Med bakgrunn i dette og teikningar av aktuelt bygg, anlegg o.l. skal naboar og 6

kommunen vurdera forslaget. Fleire stader er dette kartgrunnlaget på langt nær godt nok til å vurdera forslaget, særleg for naboar som er amatørar i tolking av slike kartgrunnlag. Ei omlegging av rutinen til at omsøkt plassering også blir synleggjort i terrenget før godkjenning, vil førebyggje dei fleste feila som skjer i dag. I tillegg vil både naboar og kommunen ha eit langt betre grunnlag for sine vurderingar av tiltaket ved ei slik ordning. Administrasjonane i kommunen har tilrådd denne løysinga for saker der plassering ikkje er målsett i høve til eksisterande bygningar o.l.. Men dette er i svært liten grad følgt opp av ansvarleg søkjar/tiltakshavar. Den tilrådde rutineendringa byr på openberre fordeler. Truleg blir og kostnadene for tiltakshavar lågare. Det bør vurderast om ei slik omlegging av rutinen, bør fastleggast i lokal forskrift. 5.3. Fellestema for plan- og byggesak 5.3.1. Lokale forskrifter og delegasjonsreglement Lokale forskrifter som er fremja dei siste åra er regionalt samordna. Eldre lokale forskrifter er utarbeidd individuelt for kommunane. Det har resultert i store variasjonar. Det same gjeld planvedtektene for like type planar. Delegasjonane som gjeld lova, er stort sett like mellom kommunane i regionen, men det finst ein del ulikskap. Ulik organisering av kommunane er ei av årsakene. Men trass denne bør ein kunna auka likskapen. Større likskap i lokalt regelverk og delegasjonar vil kunna medføra meir like saksrutinar og større likskap i sakshandsaminga. Status nov. 05: I forslag til ny plan- og bygningslov er tilrådd å erstatta dei lokale vedtektene med nasjonale retningsliner. 5.3.2. Informasjonsgrunnlag og informasjonsformidling Den største tidstjuven i det kommunale forvaltningsarbeidet skriv seg frå mangelfullt tilrettelagt lokalt informasjonsgrunnlag, manglande data, manglande datakvalitet og dels tungvint tilgang for aktørane til deler av det lokale informasjonsgrunnlaget. Mangelfullt faktagrunnlag medfører lett til uheldige eller feile vedtak. I 2004 fekk vi ny eforvaltningsforskrift som heimlar elektronisk kommunikasjon med eksterne partar i den offentlege sakshandsaminga. I prosjektet "Felles tenesteyting" er teke initiativ til å gå over til slik kommunikasjon med andre offentlege instansar. Ved det vil ein spare tid til produksjon og sending av analoge dokument, porto og behandlingstid. KRD ved Bygningsteknisk etat (BE) har gjort informasjon om regelverk, rettleiarar m.v. lett tilgjengeleg over Internett, Kommunane sine heimesider er ein meir og meir viktig kanal for å få tak i aktuell informasjon for publikum og næringsliv. Heimesidene er svært ulikt oppbygde. Ein større grad av standardisering for dei som er ute etter aktuell informasjon for saksområdet i kommunane, ville gjera det enklare for brukarane. Hovudkonsekvensane av status er, i tillegg til lang og ressurskrevjande sakshandsaming, uturvande mange klagesaker (desse er i seg sjølv svært ressurskrevjande) og kostnader for den einskilde og kommunen ved dette og seinare bøting av uheldige/feile vedtak. 7

Kommunane (med unntak av Modalen, der gebyrsatsane er kr 0) har teke i bruk gebyrregulativet som eit verkemiddel i effektiviseringsprosessen. Saker som er forbildleg førebudd og tilrettelagt når dei kjem til kommunen, får eit langt lågare gebyr enn der førebuing og tilrettelegginga er mangelfull. 5.3.3. Verktøy i bruk I tillegg til sjølve regelverket har departementa m.fl. laga utfyllande rundskriv, gode rettleiarar, sjekklister, prosedyremalar o.l. til bruk i sakshandsaminga. Desse blir oppdaterte i takt med regelendringane. Saksregistrering og -handsaming skjer i dag i stor utstrekning ved hjelp av IKT. Tre ulike sakssystem er i bruk, jf. vedlegg 3. Systemet som Austrheim og Lindås har, tilfredsstiller ikkje arkivlova sine krav og må skiftast ut innan 2007. Kommunar som har same system, har ofte ulike tilleggsmodular og versjon i bruk. Systema er under kontinuerleg utvikling. Større einskap kommunane i mellom, ville gitt fleire effektiviseringsvinstar. For plansaker er i prosjektet "Felles tenesteyting" etablert eit felles digitalt registreringssystem. Dette er tilrettelagt som ny modul i det mest brukte sakssystemet i regionen. Meland vil frå 2005 ha modulen i sitt sakssystem. I 2004 har Regionrådet Nordhordland IKS utarbeidd ein felles IKT-strategi for samarbeidskommunane i Nordhordlandsnettet. Der er tilrådd som visjon: "eitt felles datanett med felles fagprogramvare, og eitt IKT-miljø, - fagleg og driftsmessig. Kommunane som er knytt til Nordhordlandsnettet, har i 2004 fått installert videokonferanseutstyr. Dette vil kunna bli eit nyttig verktøy for effektivisering av interkommunal møteverksemd og i interkommunale opplæringstiltak (sparer reisetid). Status nov. 05: Kommunane Austrheim og Masfjorden har gjort vedtak om å skifta sakssystem til det som dei fleste kommunane i regionen har, jf. vedlegg 5. 5.3.4. Kompetanse Med dei store og hyppige endringane som har skjedd og som skjer i regelverk og verktøy, er det ei krevjande oppgåve ikkje minst for leiarar, sakshandsamarar og ansvarlege aktørar å halda seg oppdatert. Størst er problemet for dei som har fleire andre fagområde som dei og må halda seg oppdatert i. Dette er ei kontinuerleg utfordring. Det har vore satsa på regionalt samordna kursing der ein har funne det tenleg. Dette gir mange positive vinstar, ikkje minst eit styrkt fagmiljø og låge kostnader. Fleire av opplæringstiltaka har vore felles for næringsliv og forvaltarane av regelverket. Ein slik framgangsmåte framelskar og styrker gode tilhøve mellom næringsliv og dei lokale forvaltingsorgana. 5.3.5. Kvalitetssikring I drøfting mellom kommunane er det blitt avdekka til dels mangelfull dokumentasjon og standardisering av rutinane i bruk i plan- og byggesakene. Her har kommunane ulik praksis, dels ut frå ulike IKT-verktøy. Det var semje om at mykje kunne rettast opp ved bruk av felles malar og sjekklister. Slike er m.a. tilgjengeleg på internett. Prosjektgruppa rådde til at kommunane tok i bruk NKF sine malar ( likevel med ei viss tilpassing til våre tilhøve). Tiltaket er eit viktig ledd i arbeidet for å oppnå hovudmålet for saksområdet. For byggesakene inngår det vidare samarbeidet med 8

kvalitetssikringsarbeidet i oppgåvene til det etablerte interkommunale tilsynsorganet, jf. vedlegg 5 i verksemdplanen for 2004-2008. Arbeid er på gang med innføring av nasjonal standard for kommunal elektronisk arkivplan. (Gjeld heile kommuneforvaltninga) Meland og Radøy er mellom pilotkommunane i prosjektet. 6. Forventa endringar 6.1. Plansaker I planlovutvalet si utgreiing med lovforslag (NOU 2003: 14) er det forslag til ny planstruktur. Nemning som kommunedelplan og reguleringsplan fell bort. Gjeldande plantypar for kommunane vert: kommuneplan områdeplan detaljplan. I tillegg vert kommunane pålagt interkommunalt plansamarbeid. Planlovutvalet omtalar interkommunalt plansamarbeid slik: To eller flere kommuner bør samarbeide om planlegging etter denne lov når det er hensiktsmessig å samordne planlegginga over kommunegrenser. Interkommunalt samarbeid kan iverksettes som gjennomføring av regional planstrategi, vidareføring av fylkesplan, eller etter initiativ av kommunen selv. Samarbeidet kan omfatte alle kommunale plantyper. Fylkeskommunen og statlige myndigheter kan anmode kommunene om å innlede et slikt samarbeid når det anses nødvendig for å vareta hensyn og løse oppgaver som går ut over den enkelte kommune. Når det anses nødvendig for å vareta og løse nasjonale og viktige regionale hensyn og oppgaver, kan departementet pålegge kommuner å inngå et slikt plansamarbeid. (Meir om forventa endringar i plansaker - vedlegg 1 og3) 6.2. Byggesaker Plan- og bygningslova vil truleg gjennomgå store endringar i planperioden: Bygningslovutvalet, oppnemnd i mars 2002 la i okt. 2003 fram si første delinnstilling; NOU 2003:24 Mer effektiv bygningslovgivning I, og våren 2005 NOU 2005:12 Mer effektiv bygningslovgivning II med høyringsfrist 01.12. (Regionen har gitt høyringssvar til KRD). Kva tid utgreiingane resulterer i lov- og forskriftsendringar, er uråd å seia. Ubunde av regelverksendring vil den teknologiske endringa medføre store endringar. Her må ein forventa at ein aukande del av sakene vil få ei stendig sterkare automatisert handsaming. Satsing på skolering av bygge- og anleggsbransjen, betre og lettare tilgang til rettleiingsmateriell vil og medføra betre tilrettelagde saker enn i dag og dermed ei meir effektiv og raskare sakshandsaming enn i dag. Godkjenning "over disk" vil truleg bli meir og meir vanleg. Samfunnsutviklinga generelt og bortfall av bompengar fører truleg til aukande saksmengde 6.3. Fellestema for plan- og byggesak 6.3.1. Informasjonsgrunnlag og informasjonsformidling Forventa endringar som gjeld det lokale informasjonsgrunnlaget og planar for betring av dette, er skildra i Geodataplanen for Nordhordland og Gulen 2006-2009. Det blir vist til den. 9

Systema som oppdaterer og formidlar aktuell regelverksinformasjon vil bli oppdatert sentralt og vidareutvikla til meir og meir brukarvenlege system. Ein bør og kunna forventa ei tilsvarande utvikling av kommunane sine heimesider og ein sterkt auka bruk av IKT i informasjons- og dokumentformidling. 6.3.2. Verktøy i bruk Den teknologiske utviklinga går raskt. Trenden er at på den eine sida kan vi venta meir og meir brukarvenlege hjelpemiddel til stadig lågare pris. På den andre sida vil ein og få meir avanserte hjelpemiddel til bruk i analysearbeid og resultatframstilling. Begge deler vil truleg medføra auka krav til skifte av utstyr, til dokumentasjon og presentasjon av vedtak som blir gjort. 6.3.3. Kompetanse Behovet for kunnskapsvedlikehald og -utvikling vil auka i takt med forventa regelendringar, utviklinga av informasjonssystema og dei teknologiske hjelpemidla. Ei større grad av spesialisering og aukande interkommunal bruk av spesialkompetanse eller kjøp av slik kompetanse er forventa. Ressursbehov til kompetanseutvikling vil auka i høve til nåsituasjonen 6.3.4. Kvalitetssikring Saksystema blir utvikla for meir og meir fullautomatisert sakshandsaming, Mykje av dei kvalitetssikringstiltak som må iverksettjast i dag, vil vera innebygd i sakssystema. Desse vil etter kvart automatisk kontrollera både at aktuell informasjon er på plass og at forslag som blir fremja ikkje er i strid med gjeldande regelverk. (Sakene kan ikkje bli levert kommunen før dette er i orden.) I tillegg kan ein rekna med at også meir og meir av arbeida med å overføra informasjon som blir produsert gjennom sakshandsaminga, etter kvart blir automatisert. Ved det fjernar ein feilkjelder og aukar datakvaliteten og dagens manuelle rutinar fell vekk. Generelt vil den forventa utviklinga som er skildra ovanfor, føra kommunane nærare det overordna målet for saksområdet. Føresetnaden er at kommunane evnar å følgja opp dei utfordringane utviklinga byr. Det vil innebere auka behov for spesialisering og omstillingar. 7. Program for perioden 2006-2009 7.1. Lover og lovpålagte oppgåver 1. Kommunane i regionen skal opptre samla i si påverknad av nasjonalt regelverk (høyringar) der ikkje spesielle tilhøve tilseier noko anna. 2. Behova for supplerande lokale forskrifter og retningsliner skal vera revidert og samordna innan regionen. 3. Vedtaksorgan, sakshandsamarar og andre aktørar skal ha oppdaterte kunnskapar i regelverk og hjelpemidlar for riktig utøving av si rolle 4. Det skal vera stor likskap innan regionen i praktiseringa av regelverket. 5. Behovet for og talet på gitte dispensasjonar skal vera sterkt redusert. 6. Ulovleg byggeverksemd skal vera sterkt redusert 10

7. Lovpålagte oppgåver i høve til einskildperson skal ha vore utført i samsvar med nasjonalt og lokalt regelverk og det skal vera utarbeidd felles kommunale tenesteerklæringar for desse oppgåvene i første del av planperioden. 8. Pålagt rapportering til kommunen frå einskildperson og offentlege instansar skal ha fungert tilfredsstillande og kommunane skal ha hatt ein samordna reaksjonspraksis ved svikt i rapporteringa. 9. Førebu forventa endringar når Ot.prop. til ny plan- og bygningslov ligg føre. 7.2. Informasjonsgrunnlag og informasjonsformidling 7.2.1. Tilgang til informasjon 1. For tilgang til stadfest informasjon (geodata) og kvalitetskrava til denne blir det vist til Geodataplanen for Nordhordland og Gulen 2005-2008. 2. Arbeidet med regional standardisering av kommunane sine heimesider for tema "plan og byggesak" skal halda fram. Frå heimesidene skal det vera enkel tilgang til gjeldande regelverk, skjema som skal nyttast, utarbeidd nasjonalt og lokalt rettleiingsmateriell m.v. 7.2.2. Informasjonsformidling 1. Lovpålagte kunngjeringar, som gjeld alle kommunane i regionen, bør skje samordna. 2. Kommunane skal vera i stand til å ta mot og ekspedere sakene i elektronisk form og i slutten av perioden skal dette vera den mest vanleg brukte mottaks- og forsendingsmåten. 3. Pålagt rapportering til og sakskommunikasjon med andre styresmakter skal frå starten av perioden skje elektronisk. 7.3. Verktøy i bruk 1. Sektoren skal ha effektive sakssystem, som tilfredsstiller arkivlova sine krav, og som har saksmodular for forvaltningsoppgåvene etter plbl tilrettelagt for internett. 2. Retningslinene i den regionale ITK-planen skal følgjast når kommunane fornyar sine IKThjelpemiddel. 7.4. Ressursar og kompetanse 1. I den mon ikkje andre opplæringstilbod meir rasjonelt dekker behova for opplæringstiltak, skal det gjennomførast: a) regionalt samordna; kurs som dekker storparten av behovet for å tilfredsstille målet sett i 7.1 nr. 3 b) turvande opplæring i samband med samordning, omlegging og innføring av nye produksjonsrutinar og tilhøyrande verktøybruk for like tenester og produkt. Det installerte audiovisuell konferanseutstyret skal aktivt utnyttast i opplæringsverksemda. 2. Nytilsette sakshandsamarar skal i introduksjonsfasen normalt ha opplæringspraksis i eksisterande godt kompetent fagmiljø i eigen eller andre av kommunane i regionen for dei oppgåvene som er tillagt stillinga. Program og lengde må tilpassast vedkomande sin bakgrunn. 3. Kommunane i regionen skal samla sett ha turvande sakshandsamingskompetanse og kapasitet for å løysa dei mest vanlege oppgåvene på saksområdet. I det høvet skal det lagast og haldast oppdatert ei samleoppstilling over kva kompetanse som finst i kommunane og 11

eksisterande opplæringsbehov. Der behovet rasjonelt kan dekkjast ved regionale samlingar, skal slike gjennomførast. 4. Kommunane skal delta aktivt i nasjonale og eksterne regionale fagfora for plbl sine tilbod der det er tenleg. 7.5. Kvalitetssikring 1. Det skal gjennomførast samordna gjennomgang og evaluering av kommunane sin praksis og kvalitetssystem i plansakene. Formål: Kvalitetssystem som medverkar til rett kvalitet, effektiv saksgang og likebehandling i regionen for like saker. 2. Kvalitetssikringstiltak som gjeld tiltakssakene etter plbl (i høve til alle aktørane), skal følgjast opp av det interkommunale tilsynsorganet, jf. 5.2.1 7.6. Organisatoriske tiltak 1. Det skal skapast smidige ordningar for interkommunal utveksling av/tilgang til spesialkompetanse og spesialutstyr som finst i ein annan av kommunane i regionen. 2. Det skal gjennomførast ein analyse av om det er meir tenleg for kommunane og publikum at deler av dagens forvaltingsoppgåver som blir utført av den einskilde kommune blir utført av interkommunalt organiserte einingar (sambruk av ressursar for to eller fleire kommunar, felles teneste for alle eller ein del av kommunane). Analysen skal munna ut i ei tilråding. 8. ORGANISASJON FOR GJENNOMFØRING AV PLANEN Prosjektet "Felles tenesteyting" opphøyrer ved utgangen av 2004. Den organiseringa ein har hatt i prosjektet har fungert godt. Sjølv om prosjektgruppa var delt i to undergruppe; ei for bygg- og plansaksområdet og ei for geodata, blei dei fleste sakene handsama samla av gruppene fordi geodata er ein fundamental infrastruktur for plan- og byggesaksområdet. Dertil kom at i dei fleste kommunane er det administrative ansvaret for desse forvaltingsområda lagt til same person. Det at Regionrådet Nordhordland IKS (RNIKS) har hatt sekretariatsfunksjonen i arbeidet, har utan tvil vore ei god organisatorisk løysing. Denne organisasjonsforma bør difor førast vidare. Tilrådinga er: 1. Det blir etablert eit felles administrativt styringsorgan for vidareføring av det interkommunale samarbeidet som har vore innan saksområda til prosjektet "Felles tenesteyting". Alle kommunane skal vera representert i organet. Administrasjonssjefen i kommunen peiker ut kven som skal representere kommunen. Vedkomande skal ha fullmakt til å ta avgjerd i saker av felles interesse og som er delegert til administrasjonen å ta avgjerd i. Organet vel sjølv leiar og varaleiar. 2. RNIKS skal ha ansvaret for sekretariatsfunksjonen (administrativt og fagleg) til styringsorganet 3. Styringsorganet skal vera utøvande handlingsorgan for den delen av programma i kap. 7 som skal gjennomførast interkommunalt og tilsvarande for tiltaka i kap. 4 i "Geodataplan for region Nordhordland og Gulen 2005-2008". Gruppa skal utarbeide og årleg rullere handlingsplanar for sitt arbeid, laga årsrapport og andre programmerte rapportar. I tillegg kan gruppa ta opp andre tilhøve som ho finn tenleg å samarbeida om innan saksområdet. 4. Gruppa rapporterer til rådmannsgruppa i RNIKS 12

9. Kostnader og finansiering I dette kapitlet er omtalt finansieringsprinsipp for det interkommunale samarbeidet på sektoren og kostnadene med tilrådd sekretariatsfunksjon. 9.1. Fellesorganisasjonen og sekretariat Det er rekna med at deltakarane i styringsgruppa og kommunale deltakarar i arbeidsgrupper som styringsgruppa måtte nedsette, dekker kostnadene med si deltaking over eigne budsjett. Til sekretariatsfunksjonen vil det minimum vera trong for ein 20 % fagstilling + administrasjonskostnader; i alt kr 120 000. Det finst fleire måtar å finansiere sekretariatskostnadene på: RNIKS kan søkja fylkesmannen om kommunale "skjønnsmidlar" til dekking av sekretariatskostnadene. RNIKS kan søkja Hordaland fylke om å få auka tilskottsmidlane fylket deleler ut til RNIKS med tilvising til ein ny aktivitet. Om ikkje desse alternativa gir ønska resultat, står ein att med å finna ei % vis fordeling av kostnadene på kommunane eller å la inntekter skapt gjennom fellestiltak dekke kostnadene eller ein kombinasjon av dei ulike forslaga.. 9.2. Gjennomføring av tiltaka Utanom det som blir dekt gjennom pkt. 9.1 og andre eksterne tilskottsmidlar som måtte bli tilført, gjeld følgjande: 1. Kommunane skal finansiera gebyrheimla geodataoppgåver ved sine tilhøyrande gebyrregulativ. Manglande kostnadsdekking skal dekkjast ved ordinære midlar på driftsbudsjettet. 2. Tilrettelegging av verdiaukande tenester, f.eks. til eigedomsmeklarar m.fl. vil etter ei tid medføra netto inntekter. Inntektene frå verksemda skal finansiera kostnadene med tenestene (investering og drift). Mogeleg overskott bør gå til tiltak som gjer kommunen si tenesteyting på sektoren meir effektiv og brukarvenleg. 3. Kursdeltakarane betalar kursavgift til RNIKS. På årsbasis skal avgiftene normalt dekka kostnadene med regionalt iverksette opplæringstiltak. 13

VEDLEGG Vedlegg 1 Planstatus nov. 05 ( 5.1 ) Kommuneplan Kommune Vetaksår Revisjon pågår Forventa vedtak år Austrheim 2001 2005 2006 Fedje 2000 2005? Gulen 2005 Lindås 2003 Masfjorden 1999 2005 2005 Meland 2004 Modalen 2004 Osterøy 2003 Radøy 2005 Kommunedelplanar Kommune Tal vedtekne Tal i arbeid vektorform Rasterform analog Austrheim 0 0 Fedje 0 0 Gulen 8 0 8 Lindås 3 1 2 1 Masfjorden 2 0 2 Meland 1 0 1 Modalen 0 0 Osterøy 2 3 5 Radøy 1 0 1 Reguleringsplanar Kommune Tal Tilgang Vektorf. Rasterf. Analog Planar i arbeid 1. nov,05 vedtekne i 4.årsp. Tal forslag* Tal oppstart Austrheim 20 10 3 17 4 4 Fedje 10 8 2 2 Gulen 46 15 5 41 1 2 Lindås Ca. 90 3 50 37 Ca. 10 3 Masfjorden 33 4 33 2 1 Meland 36 10 11 25 6 3 Modalen 10 2 10 Osterøy 42 8 9 33 8 Radøy 50 8 38 12 8 Sum 337 57 41 265 101 41 13 *Forslag klar for eller under sakshandsaming i kommunen I 2003 blei det handsama 184 søknader om dispensasjon frå planar. Dei fleste dispensasjonsvedtaka blir gjort politiskog gjeld dispensasjonar er i høve til kommuneplan, men og ein del i høve til byggjeforbodet i 100 m beltet langs sjøen. Årleg intern ressursbruk til planhandsaming er omlag 5,5 årsverk. 14

Vedlegg 2 (Uendra/ikkje oppdatert) Byggesaker ( 5.2 ) Status byggesaker Sakshandsamarane har gjennom fleire møter drøfta sakshandsaminga i kommunane og registrering av saksmengde, ressursbruk, sakshandsamingstid og andre rammevilkår av orgamisatorisk art (rutinar ved delegasjonstilhøve o.a.) Under dette arbeidet kom det fram at det var heller store forskjellar ved sakshandsaminga i kommunane, ulikskap i saksvurderinga, og like eins ved sakshandsaminga i høve til eksterne høyringsinstansar. Samla saksmengde på byggesaker (tiltakssaker) er 1.287 av desse er 178 avgjort ved politiske vedtak. Tiltakssakene fordeler seg slik: Søknad om deling - 302 stk., meldingssaker - 320 og søknad om byggeløyve 665. Det vart utført 1 tilsyn i Lindås i 2002 og 1 i Austrheim i 2003. Andre saker (utsleppsløyve som ikkje inngår i byggesak o.l.) utgjer 111. Restansar vart for 2002 registrert slik: Austrheim 30, Lindås 80 og Radøy 200. (talet for Radøy er noko missvisande då det og omfattar ein del saker som av ulike grunnar låg på venting, m.a. dispensasjonssaker som var på høyring.) Det vart ikkje oppført restansar frå dei ander kommunane i 2002. I 2003 vart det ikkje registrert nemnande restansar. Saker som vart liggande utover handsamingsfristen, hadde ulike manglar som måtte rettast opp før handsaming. Ressursbruk for byggesaker er i overkant av 11 årsverk. Kjøpte tenester ved byggesakshandsaminga er omlag kr. 43.000. 15

Vedlegg 3. Forventa endringar ved plan- og byggesaker ( 6.0 ) ( Utdrag frå NOU 2003:24 ) Bygningslovutvalet har skissert ei rekkje endringar og nye oppgåver i NOU 2003: 24 Mer effektiv bygningslovgivning Siktemål: Forenkling og effektivisering i saksflyten Grunnleggande prinsipp: - Saksflyt med ein grunnstamme for alle typer saker. Ikkje fleire, men eit spor inn i sakshandsaminga for eksempel: - søknad To utfall for eksempel enten rammeløyve eller igangsetjingsløyve tilrettelegging for parallell behandling av plansak - sak om utbyggingsavtaler og byggesak (større innslag av parallell og mindre av seriell behandling) - begrepsforenkling ved klargjering av og reduksjon av antall begrep dimensjonering: enkle saker skal avgjerast enklare - grensedraging og klargjering med omsyn kva slags tiltak bygningsmyndigheitene i det heile skal befatte seg med. (antall spor, antall stasjonar og tog som køyrer parallelt og ikkje stafett.) Strukturelle grep: auke kvaliteten på innkomande dokument forenkle saksflyten initielt få bort unødige klager f.eks. ved mekling få bort muligheten til å klage over same tilhøvet fleire gonger (plansak, utbyggingsavtale, byggesak) tilpasse reglane til større utnyttingsgrad for ITK i søknadsprosess, sakshandsamingsprosess og i regelbruk Søknadssystem og sakshandsaming: Mekling som alternativ til tradisjonell klagebehandling. Mekling mellom private, etter at klage har kome inn til kommunen (1. instans), og hjå klagestyresmakta (2. instans) Siktemål: Spare tid, redusere finanskostnader, frigjere offentlege ressursar til andre føremål, auke tempoet i klagehandsaminga Oppsummering og vidare vegval vedkomande mekling: Etablering av frivillig mekling i saker der private partar står mot kvarandre og der bygningsstyresmaktene finn det tenleg både: etter at protestar mot eit tiltak har kome til kommunen, og i kommunen etter at det er kome inn klage, samt etter at klage har kome inn hos fylkesmannen. Ulovleg byggearbeid: Bygningslovutvalet meiner at kommunane må setjast betre i stand til å drive effektiv oppfølging av det som er ulovleg, og dermed oppnå ein god allmennprevensjon mot regelbrytarar. Dette kan oppnåast ved: 16

1. reglane må innrettast slik at dei som skapar ekstra kostnader må betale meir enn dei som ikkje gjer det dvs. at dei som innrettar seg etter regelverket ikkje skal finansiere regelbrytarane 2. styrke tilsyns- og godkjenningsfunksjonen med stramme krav til dei som har godkjenningskompetanse godkjende foretak som ikkje gjennomfører sine oppgåver i tråd med reglane bør i utgangspunktet miste godkjenninga 3. styrke kommunal kompetanse for eksempel ved regionalt samarbeid. Tilsyn / kontroll: Bygningslovutvalet meiner at tilsyn / kontroll ikkje fungerer tilfredsstillande ( Sjå tidlegare punkt 5.2.1 og vedlegg 4 til verksemdplanen for 2005-2008) Finansiering av fellesinnretningar kostnadsfordeling Samfunnet sin trong til fellesinnretningar blir ikkje mindre etter kvart som kompleksitet og utviklingstempo auka. Nye samhandlingsformer mellom det offentlege og dei private veks fram som eit resultat av stadig endra behov. Utviklinga har i stor grad gjort overflødig ordningar som f. eks. refusjon dels pga. at reglane vert oppfatta som vanskelege og ikkje hensiktsmessige. Mogelege virkemidlar: - ein meir kompensatorisk og fleksibel måte å utforme reguleringsplanar på, som gjer det mogeleg å innarbeide vilkår for bygging av fellesinnretningar - nyttebaserte investeringsbidrag, innkrevjing på førehand eller etterbetaling, standardiserte eller individuelle - ordningar basert på verdistigning - avtaler (utbyggingsavtaler og offentleg privat samarbeid (OPS) Mogelege modellar for kostnadsfordeling: - Samankopling av refusjonsbestemmelsane i forenkla form, avtaleordningar og tilknytingsavgifter som og omfattar veg - Fjerne refusjonsreglane og heller basere seg på ei ordning med tilknytingsavgifter (i tillegg til utbyggingsavtaler) Forslag til ny lov er sendt på høyring med høyringsfrist 1. des. 05. Regionrådet Nordhordland IKS har gitt ein felles uttale frå kommunane i regionen, jf. vedlegg 6. 17

Vedlegg 4 (tatt ut her, sjå verksemdplanen for 2005-2008) Vedlegg 5 (Ein del detaljar er tatt ut. Og det er gjort nokre oppdateringar) Ulike tema som har vore drøfta og felles malar tekne i bruk Delegasjonsreglementet Delegasjonsreglementet i kommunane er i store trekk "sydde over same leist", likevel ulik i høve delegasjon til hovudutval. Dispensasjon i LNF-området Gulen kommune praktiserar at dispensasjonssøknaden i høve til byggjeforbod i LNF-området ikkje vert handsama før det ligg føre jordbruksfagleg vurdering / vedtak etter jordlova, Lindås og Meland har ulike utval for handsaming av dispensasjonar frå LNF- område og dispensasjonar frå pbl. Søkjar risikerer å få ja i det eine utvalet og nei i det andre. Tiltak som er unnateke for dispensasjon Einskilde kommunar har nærare definerte grenser for tiltak som ikkje treng sakshandsaming m.a. at ei enkel brygge, inntil 10 m2 på utbygd strandtomt automatisk er unnateke for dispensasjonssøknad, og kan gjennomførast som meldingssak, dersom ikkje offentlege interesser vert skadelidande ved gjennomføring av tiltaket. (Tolking av pbl. 17-2, 3.ledd punkt 3.) Restanselister I 2002 var det berre Radøy som hadde rutinar for restanselister. Listene vert nytta til internt bruk og som månadsrapport til rådmannen vedlagt kommentar frå sakshandsamarane. Radøy har utvikla ein mal i Excel. for formålet. I dei nye sakssystema som kommunane har/får er det enkelt å skriva ut restanselister o.a. oppfølgingslister i høve til sakshandsaminga og også å få ut statistiske data til årsrapportane. Skanning av dokument Fleire av kommunane skannar inn saksdokumenta, men som regel avgrensa til A-4 format. Formatet bør aukast til A-3 som då vil kunne omfatte alle dokument dei fleste byggesaker. Dette er arbeidssparande, Fleire (t.d. landbruk, brannsjef, driftsansvarleg for vatn, avlaup m.v. ) kan då arbeida med saka samstundes, utan å ha tilgang til den fysiske mappa. Tilbakemelding om utført tiltak Tilbakemelding frå tiltakshavar / ansvarleg søkjar om at tiltaket er utført vert gjort i varierande grad i kommunane. Tilbakemelding skjer i dei høve der det kjem oppmoding om ferdigattest / bruksløyve, men det gjeld ikkje alle saker der lova krev slik rapportering.. Prosedyrar for meldingssaker og søknadssaker Det blir til vanleg ikkje gitt tilbakemelding til tiltakshavar / ansvarleg søkjar om mottak av saksdokument slik forvaltningslova føreset. Handsamingsfristar etter Plbl. vert vektlagd, og dei er ofte så korte at ein finn praksisen tilfredsstillande for saker med kort frist.(dei fleste). Standardiserte sjekkliste og tilbakemeldingsskjema har vore lite brukt, men her er betring på gang, 18

Programvare / sakshandsamarsystem Status pr. nov. 05 Kommune System Leverandør Austrheim Forum WinSakErgoEphoma, skifter til WebSak 03.06, leverandør Acos Fedje WebSak Acos Gulen Kontor 2000 IBM Lindås Forum WinSakErgoEphorma Masfjorden Kontor 2000 IBM, skifter til WebSak 03.06, leverandør Acos Meland WebSak Acos Modalen WebSak Acos Osterøy WebSak Acos Radøy WebSak Acos Vedtekter m.v. (jfr. plbl. 3) Kommunane har ulik praksis når det gjeld bruk av vedtekter slik plbl. 3 gjev høve til. Det ligg ikkje føre samla oversikt for alle kommunane. Men alle kommunar har like vedtekter til: 5 Kartverk og 105 Belysning og renhold m.v. (Gjeld adresseskilt, gjeld ikkje Osterøy som ikkje har vedtak om offisielle adresser ennå.) Lindås er truleg den kommune som har flest vedtekter. Kommunen har i tillegg til ovannemnde vedtekt til: 85 Midlertidige eller transportable bygningar Forskrift om campingvogner m/ føresegner + generelle reglar 69 Forskrift om endra vedtekt til 69 - nr. 3 Den ubebygde del av tomta - nr. 4 Turvande parkering 93 Forskrift om vedtekt til første ledd, bokstav g: Oppsetting og endring av skilt og reklame m.v. som nemnt i vedtekt til 107 107 Samtykke frå kommunen for oppføring av skilt og reklamearrangement o.l. Elles har kommunen: Estetiske retningsliner om bygningers utemiljø (Vedtekt til kommuneplanen) og Mellombels vedtekt om ansvarleg mynde innan området til Norsk Hydro (Mongstad) Gjeld 94, 95 og 97 Bruk av malar og sjekklister Bruk av malar og sjekklister kan effektivisere og gje sikrare rutinar ved sakshandsaminga. Kommunane har ulik praksis her og saskssystema som er i bruk er og ulikt utvikla med denne typeen verktøy. 19

Vedlegg 6 Regionrådet Nordhordland IKS sitt høyringssvar til NOU 2005:12 Høyringssvar: NOU 2005:12 Mer effektiv bygningslovgivning II Regionrådet Nordhordland IKS (femner om kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy og dei assosierte kommunane Gulen, og Osterøy) har i sitt møte 02,12,05 gitt følgjande høyringssvar til NOU 2005:12 Mer effektiv bygningslovgivning II.: Nokre generelle merknader Utgreiinga er eit svært omfattande dokument. Som eit lokalpolitisk samarbeidsorgan avgrensar vi vår tilbakemelding til nokre få punkt, men punkt som vi finn viktige. I tillegg legg vi ved nokre problemstillingar/forslag av meir fagleg karakter som våre ansvarlege fagsjefar for forvalting av lova Ei vesentleg årsak til at vi fekk den omfattande endringa av bygningslovgjevinga iverksett 1.juli 1997, var dei store kostnadene som manglande kvalitet i byggearbeida påførte eigar/brukar og samfunnet. Overslag sa at desse var årleg på 2,5 milliard kroner (Ref. NBI Kompendium - ISBN 82-536-0529-3 De nye byggereglene, Kapittel 1 side 12.). Lovendringa påførte den som skulle byggje, ein ekstrakostnad i høve til tidlegare. For ein bustad utgjorde dette kring kr 50 000. I Teknisk Ukeblad 09.09.05. er resultatet av reformen i 1997 omtalt med overskrifta : Tabber til 12 milliard kroner. Dette er hovudkonklusjonen til Byggforsk si etterprøving av reformen. I tillegg til auka kostnad for tiltakshavarane har ein ikkje oppnådd målet, tvert om. Utvalet seier i bolk IV at det i framlegget berre er gjort mindre justeringar i det regelverket som har ført til nemnde resultat. I bolk IV i utgreiinga: Økonomiske og administrative konsekvensar, finn vi lite eller ingenting om dei økonomiske konsekvensane, men ganske detaljert skildra dei administrative konsekvensane av forslaget. Det ser ut til at hovudfokuset har vore høg kvalitet på struktur og saksflyt og med eitt unntak, ikkje på kvaliteten til produkta dette verktøyet skal medverka til. Unntaket, og det er gledeleg: Lova har fått ein formålsparagraf som klart definerer kva som er visjonen med lova! Elles ber utgreiinga sterkt preg av å vera skriven av fagfolk for fagfolk. I og med at vanlege folk (eigarar og tiltakshavarar) både etter dagens lov og etter forslaget til ny - har eit stort ansvar, ville det vore ønskjeleg med enklare språkbruk. Utvalet skal likevel ha honnør for at strukturen i lova er blitt langt betre både for fagfolk og ikkje fagfolk enn i gjeldande lov. Merknader til einskilde kapittel Kap 1. Innledende bestemmelser. 1-1 Lovens formål. Her bør 2 ledd koma først. (Målet først, verkemidlane deretter.) Kap. 21. Krav til innhald og behandling av søknaden. Her peiker våre fagadministrasjonar på fleire tiltak som vil kunna spara både offentleg og privat ressursbruk i søknadsprosessen. Vi 20

tilrår at desse blir fulgt opp i det vidare lovarbeidet. Deira forslag til 21-9 vil etter vårt skjøn også kunna hjelpa til meir tilfredsstillande kvalitet for dei leverte produkta. Kap 22. Godkjenning av foretak for ansvarsrett.vi er djupt usamd i endringsframlegget i høve til gjeldande lov om at alle som søker kommunen om ansvarsrett, skal ha sentral godkjenning. Det vil i praksis koma til å stenge ute ein del små fagleg dyktige yrkesutøvarar (små lokale firma) som har store problem med det papirarbeidet som må utførast for å få sentral godkjenning. Etter kap. 23, 23-1 skal kommunen vurdere og godkjenne dei firma som skal gjevast ansvarsrett der dette er aktuelt. Ei sentral godkjenning er berre ei registrering av at vedkomande firma har levert dei papira som byråkratar har fastlagt skal vera til stades for å vera kvalifisert for oppgåva, ikkje eit bevis for at dei vil kunna utføra oppgåva med tilfredsstillande kvalitet. Normalt vil kommunen ha betre grunnlag for si vurdering av lokale firma sine kvalifikasjonar enn for mindre kjende firma. Dei siterte kostnadstala tyder på at for dårleg kvalifiserte har hatt ansvaret for arbeida. Det er næringspolitisk viktig at nemnde type firma ikkje blir utestengd frå det dei kan på grunn av eit statleg ønskje om eit sentralt register over firma som ønskjer tildelt ansvarsrett. Det synes ulogisk at kommunen skal gje ansvarsrett, men ikkje kunna godkjenne foretak for ansvarsrett. Kap. 23. Oppgaver og ansvar i byggesaker. Jf. justering i ansvarstilhøve tilrådd i kap. 21. Kap 25. Tilsyn. Regionen har i 2005etablert interkommunalt tilsyn. Ei hovudoppgåve for tilsynet er å utøva rettleiing i høve til dei ansvarlege foretaka slik at feil og tabbar blir avverga, Men kva med statens tilsvarande tilsyn i høve til kommunane sitt ansvar? I lov om eigedomsregistrering ( 28) er eit slikt fagleg tilsynet lovfest. Behovet er minst like stort i høve til denne lova. Vi tilrår at ei tilsvarande ordning blir lovfest Kap. 27. Krav om tilknytning til infrastruktur ( 27-3, bokstav a) For realisering av vedteken reguleringsplan blir, er det viktig at kommunen har heimel til å krevja opparbeiding av regulerte vegar i samband med frådeling av tomter eller bygging på dei. Men denne heimelen må vera ubunden av om vegen er privat eller offentleg. (Forslaget heimlar berre det siste.) Kap. 38 Gebyr alle kommunane i regionen brukar KS sin gebyrmal og vi er samd i dei retningslinene KS har gitt i det høvet (sitert s.449) og ønskjer at desse blir gitt som premiss til paragrafen. Vi stør og framlegget om at det kan krevjast gebyr for klage for å få fjerna klager som aldri burde bli framsett. Desse fører til stor sløsing av ressursar som bør brukast meir tenleg. Men gebyret må settast så lågt at alle som har akseptable grunnar for å få overprøvd eit vedtak skal kunna gjera det. Og der klage fører fram, bør betalt gebyr bli refundert. Storleiken av klagegebyra bør vera like i heile landet og gjerne fastsett som forskrift. Regionrådet Nordhordland IKS, 02.12.05 Håkon Matre leiar. Vedlegg: Merknader frå dei administrativt ansvarlege for plan og bygningslova i kommunane i region Nordhordland og Gulen. til NOU 2005:12 21