FAGRAPPORT FOR BEREKRAFTPILOTEN LÆRDAL. Me arvar ikkje jorda av våre forfedre - me låner den frå våre barn. Kinesisk ordtak



Like dokumenter
Fjord 2.0 Konferanse 2012

Kurs for din bedrift: bli god på nett!

Vedlagt følgjer ein oversikt over planlagde arrangement i Lærdal i samband med Grunnlovsjubileet 2014.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Referat frå MINTA møte

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Til deg som bur i fosterheim år

Vandring og reisemålsutvikling Døme frå Nordfjord Jens Chr. Skrede

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Naturbasert og berekraftig reiseliv frå eit bedriftsperspektiv

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Juvet Landskapshotell

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SOGN driftig raus ekte

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Turstiar i Kvinnherad

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2. generasjons distriktsbasert reiseliv noen funn og perspektiver

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

Kunstnerisk utforma og solide skilt som presenterer lokale attraksjonar

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

SMÅSKALA OPPLEVINGSNÆRING

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Psykologisk førstehjelp i skulen

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

Visit Sognefjord AS søkjer om tilskot på kr ,- i 2018 til forprosjekt for «Sognefjorden Bike & Hike».

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

Stadbasert entreprenørskap og læring

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Støtteordningar og søknader

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Nytt HFK Intranett

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Nytt til næringslivet April 2014

Friluftslivets år 2015

Masterplan reiseliv Sogn

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Mål: Vi skal utvikle eksisterande næringsliv, samt utvikle ny næring med fokus på det «grøne skiftet».

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Villreinløypa. Ellen Marie Sørumgård Syse Grotli

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Møte i delprosjekt produkt- og konseptutvikling

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

Transkript:

FAGRAPPORT FOR BEREKRAFTPILOTEN LÆRDAL Me arvar ikkje jorda av våre forfedre - me låner den frå våre barn Kinesisk ordtak 1

2

Inhald 1.0 Berekraftpiloten Lærdal...4 1.1 Oppgåva og mandatet frå NHD/IN...4 1.2 Definisjon av berekraftig reiseliv...5 1.3 Organisering...5 1.3.1 Forprosjektet...5 1.3.2 Hovedprosjekt...5 1.3.3 Utfordringar kring organisering...6 1.3.4 Modenheit og kunnskap...6 1.4 Visjon og mål...6 1.4.1 Effektmål...7 1.4.2 Resultatmål...7 1.4.3 Prosjektmål...7 1.4.4 Delprosjekt og delmål...7 1.5 Undersøkelsar og bedriftssamtaler...8 2.0 Delprosjekta...9 1.6.1 Miljø og mijøpolicy...9 1.6.2 Gjennomførte tiltak miljø og mijøpolicy...9 1.6.3 Mål og delprosjekt i gå og sykle i Lærdal...10 2.1 Merkeprosjektet...10 2.2 Gjennomførte tiltak Merkeprosjektet...11 1.6.3.3 Delprosjekt Digitale turstier...11 1.6.3.4 Gjennomførte tiltak i Digitale turstier...11 1.6.3.5 Delprosjekt Kongevegen over Filefjell...12 1.6.3.6 Gjennomførte tiltak i samband med Kongevegsprosjektet over Filefjell...12 1.6.3.7 Andre relevante tiltak i samband med sykle å gå i Lærdal...13 1.6.3.8 Delprosjekt berekraftig utvikling...14 1.6.3.8.1 Vertskap i gamle Lærdalsøyri...14 1.5.2.8.2 Gjennomførte tiltak i vertskap gamle Lærdalsøyri...14 1.6.3.8.2 Borlo Bygdetun...16 1.6.3.8.3 Lærdalsmarknaden...16 1.6.3.8.4 Lund Hjort...17 1.6.3.8.5 Smak av Sogn...18 1.6.3.8.6 Midt Ljøsne Gard...20 1.6.3.8.7 Norsk Veteranbusstreff 2013...21 1.6.3.8.8 Grunnlovsjubileet...22 1.6.3.9 Infrastruktur...23 1.6.3.10 Lærdalsakademiet...24 1.6.3.11 Lærdal 4 sesongar...25 1.6.3.12 Marknadsføring & informasjon...26 1.6.3.13 Ymse...27 1.5.3.4 Finansiering Regnskap...28 3

Prosjektperiode 1.4.2010 til 31.01.2014 1.0 Berekraftpiloten Lærdal 1.1 Oppgåva og mandatet frå NHD/IN Mandatet kom i regjeringas reiselivsstrategi frå 2007 der berekraftig reiseliv var eit viktig satsingsområde og ein av berebjelkane for vidare reiselivsutvikling. Hausten 2008 vart Lærdal plukka ut av Innovasjon Norge som pilot i berekraftig reiseliv, som ein av fire kommunar. Dei andre var Trysil, Røros og Vega. Regjeringas reiselivsstrategi, 2007 Regjeringens reiselivsstrategi Verdifulle opplevelser Nasjonal strategi for reiselivsnæringen I utlysinga frå Innovasjon Norge var oppgåva definert slik: «Pilotane skal finne og teste ut mål, tiltak og indikatorar for auka berekraft i det lokale reiselivet». Dette har vore den raude tråden gjennom heile prosjektperioden og hovedmål for samlingane til dei fire pilotane i arbeidet mot eit «Merke for berekraftige reisemål». Innovasjon Norge har i arbeidet for eit «Merke for berekraftige reisemål» definert: Kriteriet = kravet til det som ein ønskjer målt eller vurdert. Indikatoren = det som skal kvantifiserast og som skal angis i målbar storleik (ref. dokumentet «Definisjoner og begreper 19.11.2013»). I arbeidet med merke for berekraftig reisemål dokumenterte pilotane mykje å kriterier og indikatorer for å oppnå Merket. Prosjektet er finansiert av Lærdal kommune, reiselivsnæringa samt Innovasjon Norge. 1.2 Definisjon av berekraftig reiseliv Innovasjon Norge definerte berekraftig reiseliv med ti prinsipp etter malen til FN sine tolv prinsipp og desse ligg til grunn for alt arbeidet i prosjektet. Ein kan ikkje utelate det eine til fordel for eit anna og då alle skal fungere saman i ein heilskap på reisemålet. Dei tre berebjelkane som dei ti prinsippa er kategorisert inn i er slik som skissert under: Miljømessig berekraft Sosial berekraft Økonomisk berekraft 4

1.3 Organisering 1.3.1 Forprosjektet Forprosjektet (våren 2009) skulle fungere som prosjektplan i prosjektperioden. Forprosjektet var organisert etter PLP metoden og desse var med: Prosjektleiar: Harald Blaaflat Mundal (næringsrådgjevar i Lærdal kommune) Styringsgruppe: Arne Sanden (ordførar) Trine Grøttebø Helene Maristuen Even Aarethun Knut Maristuen 1.3.2 Hovedprosjekt Hovedprosjektet som denne fagrapporten primært omtalar har og vore organisert etter PLP metoden og desse var med: Prosjektleiar: Styringsgruppe: Helene Maristuen Jan Geir Solheim (styreansvarleg) Knut Maristuen (Maristuen Fjellferie) Harald Blaaflat Mundal (Lærdal kommune/lærdal Grønt) Ivar Bjarne Underdal (Aurland Ressursutvikling) Agnes Brudvik Engeset (observatør, Vestlandsforsking) Sjur Sekse (observatør, Innovasjon Norge) 1.3.3 Utfordringar kring organisering Dei tre andre berekraftpilotane (Trysil, Røros og Vega) fekk forankra sine prosjekt i sine respektive reiselivsorganisasjoner. Dette freista ein gjere her og ved å foreslå at medarbeideren i Aurland og Lærdal reiselivslag (heretter kalla Alr) som satt i Lærdal skulle ha 50 % stilling som prosjektleiar i berekraftpiloten og 50 % i Alr. Det vart sett opp oversikt over arbeidsoppgåver til Alr og samanlikna det med tiltak ein skulle gjere i berekraftpiloten slik at ein gjorde det synleg at her var det mykje felles og samanfallande oppgåver. Men dåverande leiar i Alr var ikkje for dette og meinte Alr ikkje kunne gjere dette. Dette til trass for at Lærdal og vart oppmoda om å søke fellesgodefinansiering då sjansen for å også bli fellesgodepilot var stor sidan ein var plukka ut som berekraftpilot. Også dette var leiaren i Alr usamd i og sjølv om reiselivsnæringa (både styrerepresentanter og Alr sin medarbeider i Lærdal) deltok på møtet i Lærdal der ein skisserte søknad og der ein vart enige om innhald i søknaden så vart det stemt ned i styret i Alr at Alr skulle inkludere og samarbeide med berekraftprosjektet. Dette førte til ekstraordinære kommunestyremøter i Lærdal. Etter mange møter i eit halvt år tok Lærdal kommune grep sjølve og sa at dei ville styre berekraftprosjektet sjølve. Dermed vart prosjektet inkludert i den kommunale organisasjonen, i motsetning til dei andre tre berekraftpilotane. Kva kan ein lære av dette? Truleg å forankre slike typer prosjekt i reiselivsorganisajonen enno betre med skriftleg samtykke og samarbeidserklæring. 5

1.3.4 Modenheit og kunnskap Berekraftig reiseliv er ikkje eit satsingsområde men heller eit verktøy som skal liggja som eit rammeverk for reisemålsutvikling. Mange stader tvingar det seg fram av seg sjølv pga for stort press på til dømes naturressursane eller lokalsamfunnet; det kan vere besøkstal eller køyretøy. T.d. i Geiranger er det utalt at det blir for mange besøkande på eingong (såkalla people pollution) i kombinasjon med mykje utslepp frå cruiseskipa. I Lærdal låg ikkje eit slikt press til grunn for å jobbe med berekraft. Det var heller eit ønskje om koordinering av tiltak i høve til alle planane som var ferdige (klima og energi plan, næringsplan, landbruksplan osb. ) og eit ønskje frå næringa om ein reiselivsplan. Noko av bakgrunnen var også at reiselivsnæringa i Lærdal var alt anna enn einstemmige i 2010. Nokre aktørar hadde meldt seg ut frå Aurland og Lærdal reiselivslag medan andre var framleis medlemar i Alr. Det var ikkje nokon felles koordineringsfunkjson og det synes å vere fleire ulike målsettingar for reiselivsnæringa. Reisemålet stod i eit slags Kunnskapen kring berekraft og reisemålsutvikling med berekraftige rammer var låg i næringa. Til og med for prosjektleiar var det ei utfordring å formidla til blant anna media korleis ein ville jobbe med dette og kva som låg i omgrepet berekraftig reiseliv. 1.4 Visjon og mål Visjonen til prosjektet som blei definert i møte med reiselivsaktørar i prosessen før ein sendte søknaden til Innovasjon Norge, som vart følgjande: «Lærdal skal bli eit av verdas mest berekraftige reisemål». 1.4.1 Effektmål Effektmålet av prosjektet skulle vere at reiselivsaktør og andre interessentar på reisemålet, i region og på nasjonalt nivå skulle få ei positiv haldning til omgrepet berekraftig reiseliv og alt som føl med ei slik utvikling. Vidare at Lærdal skal gjennom arbeidet med ei berekraftig reiselivsutvikling setje fokus på kvalitet, miljø og kultur som vil styrka reisemålet til eit meir heilårig reisemål. 1.4.2 Resultatmål Prosjektet skal levere kriteriar og indikatorar på eit berekraftig reiseliv slik som krava vart sett frå Innovasjon Norge for å oppnå Merke for berekraftig reisemål. 1.4.3 Prosjektmål Måla i hovedprosjektet var å utvikle fleire ulike delprosjekt og delmål innan dei ti prinsippa for berekraft slik at resultatmålet vart nådd. «Innovasjon Norge har vore dyktige til å halde møte og seminar i dei fire kommunane med relevant og fagleg innhald» Helene Maristuen, prosjektleiar 6

1.4.4 Delprosjekt og delmål Allereie i forprosjektet var det skissert sju arbeidsområde ein skulle jobbe med og dei sju arbeidsområda skulle reflektere dei ti prinsippa. Ein kan samanstille det slik: Innovasjon Norge sine prinsipp med nummerreferanse til Lærdal sine sju prinsipp/arbeisdområde: Lærdal sine sju prinsipp/arbeidsområde: Kulturell rikdom: 3, 4, 5, 7 Landskapet sin fysiske og visuelle integritet; 2, 3, 6 Biologisk mangfald; 3, 6 Reint miljø og ressurseffektivitet; 1, 2 Lokal livskvalitet og sosial verdiskaping; 1, 2, 7 Lokal kontroll og engasjement; 2, 3, 5, 7 Jobbkvalitet for reiselivstilsette; 5 1. Miljø og miljøpolicy 2. Sykle og gå Lærdal 3. Berekraftig produktutvikling 4. Infrastruktur 5. Lærdalsakademiet(kompetanse) 6. Lærdal 4 sesongar 7. Marknadsføring og informasjon Gjestetilfredsheit og tryggleik; opplevingskvalitet; 5, 1, 2 Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsdestinasjoner gjennom lokal verdiskaping; 1-7 Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsverksemder ; 1-7 Samanstiling av Lærdal sine delprosjekt mot IN sine ti prinsipp for berekraftig reiseliv. Styreleiar ønskjer velkommen på avsparket 3. desember 2010 Liv Signe sparkar Berekraftpiloten i gang! 7

1.5 Undersøkelsar og bedriftssamtaler I 2010 byrje ein prosjektet med å intervju av bedrifter om diverse behov og ønskjer. Vidare vart det gjennomført undersøkelsar blant gjestene både i regi av berekraftpiloten og i samarbeid med VF som hadde spørreskjema på turistkontora. Gjestene og bedriftene svara om lag det same det var behov for: Lokal mat og matservering (i 2010 var det ikkje kafé-drift i sentrum). Meir aktivitetar/ opplevingar og attraksjon. Hausten 2010 fylte alle fire pilotane ut ei vurdering sjølv om sin pilot og situasjon. Følgjande kom opp som ti ord assosiert med berekraft i Lærdal; lønnsemd, heilårs reiseliv, vandring, kultur, Gamle Lærdalsøyri, mat og grønn sektor, samhandling, kvalitetssikre, løfte Lærdal (både internt og eksternt), moglegheiter og bevisstgjering gjennom fornuftig bruk, stoltheit og identitet. I 2010 skisserte ein desse partnarane: «Det beste med Bærekraftpiloten i Lærdal var for vår del var at me fekk forandra tankesettet rundt kva produktet vårt er, og skal bli...! I tillegg fekk me ein heilt naudsynt dytt og hjelp til å orientere vår verksemd til å bli meir bevisste på kva påverknad til og med ei lita verksemd som vår har på miljøet rundt oss gjennom eigne handlingar og ressursforbruk» mvh jon & hallvard Sanden pensjonat 8

1.6 Delprosjekta 1.6.1 Miljø og mijøpolicy Miljøfyrtårnsertifisering er ei sertifisering som set fokus på HMS, energisparing og avfallshandtering. «Gjennom arbeidet med Berekraftpiloten har me fått opp bevissttheita at det løner seg å vera mijøbevisst. Eg har i tre år halvert renonovasjonsutgifter, og straumutgifter har gått ned med 10%. I tillegg er det ein stor fordel å bruke miljøfyrtårn i salssamanheng» Tanna Gjeraker Dagleg leiar Borgund Stavkyrkje Mål: Å utdanne minst 2 sertifisørar innan miljøfyrtårn Politisk vedtak på å få Lærdal kommune som mijøfyrtårnkommune (er krav frå stiftinga mijøfyrtårn) Å informere om miljøsertifisering Å sertifisere min. 5 verksemder per år i prosjektperioden frå dato kommunen vart miljøfyrtårnkommune Politisk vedtak på sertifisering/ Merke for berekraftig reiseliv 1.6.2 Gjennomførte tiltak miljø og mijøpolicy Utdanna 1 sertifisør innan miljøfyrtårn Politisk vedtak at Lærdal kommune er miljøfyrtårnkommune Politisk vedtak på at Lærdal kommune var for å sertifisere seg med Merke Oversatt kildesortering til engelsk og tysk (Simas som har utført arbeidet) Arbeid mot NCE tourism Fjord Norway med berekraft og synfaring med GSTC (Global sustainable tourism council) i Lærdal. 11 verksemder er sertifisert innan mijøfyrtårn og Lærdal kommune er dermed nr. 2 på Topp 15 lista i høve til innbyggjarar hjå stiftinga miljøfyrtårn. 9

Dei 11 er: Borgund Stavkyrkje (attraksjon) Haustmarknaden (arrangement) Lindstrøm Hotell (hotell) Lærdal Hotell (hotell) Lærdalsmarknaden (arrangement) Midt Ljøsne Gard (attraksjon/servering) Maristuen fjellferie (hytter/camping) Norsk Villakssenter (attraksjon ) Sanden Pensjonat (overnatting) Simas (lokal avdeling) (renovasjon) Simas hovedkontor (blir rekna under Sogndal kommune) (renovasjon) 1.6.3 Mål og delprosjekt i gå og sykle i Lærdal 1.6.3.1 Merkeprosjektet Innovativ Fjellturisme har utarbeidd ein nasjonal standard i høve merking av tur- og sykkelstiar (sjå www.merkehandboka.no) I 2008/2009 hadde Aurland og Lærdal reiselivslag i sin handlingsplan tiltak innan merking av turstiar i Lærdal men gjennomførte aldri dette. Etter 31. mars 2010 hadde ikkje Aurland og Lærdal reiselivslag eigen person tilsatt i Lærdal slik som før om åra (sidan 1997) og mange typiske oppgåver som høyrer inn under eit reisemålsselskap kom dermed inn i handlingsplan til Berekraftpiloten. Merkeprosjektet er eit av slikt prosjekt men styringsgruppa var positive til det då merking av turstiar kjem både tilreisande og innbygjarar til gode og styrkar reisemålet med ein berekraftig profil. Lærdal turlag ville heller ikkje ta leiinga med eit slikt prosjekt i 2011. Overordna målsetjingar med Merkeprosjektet har vore: Lærdal skal bli eit meir attraktivt reisemål for aktiviteter i naturen (vandring fyrst og fremst, men og truger, sykkel, ski med mer). Auka attraktivitet skal vera med på å gje lengre opphald. Det skal vera lett å finna informasjon om tilboda. Auka attraktivitet også for innbyggarar slik at ein vil vera med å få folk meir fysisk aktive. Helsegevinstar. Få eit breiare tilbod på aktivitetar i naturen som vandring og sykling med meir (ref. visjon i reiselivsplan for fylket). Merkeprosjektet har vore eit samarbeidsprosjektet mellom Berekraftpiloten, grunneigarar, kommunen, Statens Vegvesen, Storehaugen Opp og Lærdal turlag. Merkeprosjektet vil halda fram i Lærdal turlag frå og med 2014. 10

Delmål : Å lage ein prosjektplan for merkeprosjektet Mål å merke 20 toppturar og 20 soft/famillie turar Mål å tracke alle med gps Mål å merke 10 turar for sykkel Mål å merke 2 turar for rullestol (UU) Mål å lage start-tavler for dei respektive turane Mål å lage ei stor oversikt tavle med alle turane (til å ha i sentrum) Mål å lage produkt-manual /fakta ark /brosjyre om turane 1.6.3.2 Gjennomførte tiltak Merkeprosjektet Prosjektplan Merkeprosjektet Finansering og søknader, Merkeprosjektet Presentasjon styret Alr, Merkeprosjektet Gps tracking og bilete av 30 turar, Merkeprosjektet Tekst, kart, oversetjing av 30 turar, starttavler, Merkeprosjektet Møter både i arbeidsgruppa Synfaring, info og møter med fylkeskommunen om UU Produkt manual om vandreturane, Merkeprosjektet Samarbeid med Borgund stavkyrkje om Green Walk Erisåsen Storehaugen Hognåsen Lusahus Åsen Stødno Jektesanden Raudberg Øvre Vangen Hedler Habben Sviggum - Hardasiglet Sviggum - Skirset Sviggum - Storehaugen 30 min ~ 1 km Moh. /altitude: 235 m GPS start: N61 05.971 E7 30.654 GPS top: N61 05.849 E7 30415 1 t / h ~ 1,9 km Moh. /altitude: 490 m GPS start: N61 05.971 E7 30.654 GPS top: N61 05.495 E7 30.224 2-3 t / h ~ 3,5 km Moh. /altitude: 908 m GPS start: N61 05.971 E7 30.654 GPS top: N61 05.166 E7 29.257 Ein fin liten vandretur på om lag ein halvtime ein veg. Traseen er litt bratt og steinete, med enkelte glatte parti rett før du kjem opp på Hardasiglet på 235 moh. Ein populær trimtur med utsikt over Lærdalsøyri. Turen frå Sviggum til Skirset (490 moh.) tek om lag ein time ein veg. Ein passerar Hardasiglet på veg opp, og er då forbi det brattaste partiet. Ved Skirset kjem du til ei opning i skogen, og plassen var truleg ein gamal vårstøl eller slåtteteig. Skir tyder reint, og plassen kan ha fått namnet sitt frå kjelda her, som var den einaste langs stien med reint vatn. Kjelda er ikkje halden ved like og vatnet er ikkje godt lenger. Løypa går vidare frå Skirset og opp til Storehaugen (908 moh). Dei siste 150 metrane er svært bratte. Storehaugen byr på majestetisk utsikt mot Sognefjorden og Lærdal. Storehaugen er ein gamal veteplass, brukt til varsling av krig og ufred i eldre tider. A nice short hike, about 30 minutes one way. The trail is fairly steep, with some rocky parts right before Hardasiglet at 235 meters above sea level. The rocks can be slippery when wet. A popular trail for exercise or recreation with a view of Lærdalsøyri. The hike from Sviggum to Skirset (490 m) takes about one hour one way. The trail passes Hardasiglet on the way up, leaving the steepest part of the hike behind. At Skirset you will see an opening in the forest, and the place might have been an old spring pasture or a small field for haying. Skir means pure, and the name probably has its origin from the spring here. The spring has not been maintained and the water is no longer drinkable. The trail continues from Skirset to Storehaugen (908 m). The last 150 meters are very steep. Enjoy the majestic view of the Sognefjord and Lærdal at the top. Storehaugen used to be an old needfire, a fire built on the mountain to warn of war and unrest in earlier times. Diese relativ kurze Wanderung von etwa einer halben Stunde ist vergleichsweise steil, und der Pfad ist recht steinig. Bevor man Hardasiglet auf circa 235 m ü. d. M. erreicht, können einige glatte Partien vorkommen. Am Ziel hat man eine schöne Aussicht auf Lærdalsøyri. Die Wanderung von Sviggum nach Skirset (490 m ü. d. M.) dauert etwa eine Stunde. Wenn man Hardasiglet passiert hat, ist das steilste Stück der Strecke geschafft. Skirset liegt auf einer Lichtung und hier war früher vermutlich eine Alm, die im Frühjahr und Herbst genutzt wurde, oder aber eine Mähwiese. Die Silbe skir bedeutet sauber. Der Name könnte auf die hier vorhandene Quelle zurückgehen, bei der es sich damals um die einzige entlang des Pfades mit sauberem Wasser handelte. Heute sollte man das Wasser der Quelle besser nicht trinken. Von Skirset führt der Wanderpfad weiter zum Gipfel Storehaugen (908 m ü. d. M.). Die letzten 150 Meter der Strecke sind sehr steil. Vom Storehaugen hat man eine tolle Aussicht auf Lærdal und den Sognefjord. Auf dem Gipfel wurden früher Signalfeuer entzündet, mit denen in Kriegszeiten Warnsignale zur nächsten Station gesendet werden konnten. Mjølkeflaten Sviggum Våkeldshaugen Hardasiglet Lærdalsskjørelen Skirset Hognåsen Storehaugen Vetlehaugen Turane opp Erisåsen går langs den gamle stølsvegen til stølen Hognåsen, som er ein eldgamal støl med gamle og nye stølstufter. Gardane på Eri var brukarar av stølen. I dag er det vanleg å gå til toppen som er Storehaugen. Bratt, men fin turveg. Kvar vår blir det arrangert eit motbakkeløp frå Sviggum og opp til Storehaugen. Løpet er eit av dei brattaste i landet med ei stiging på 28%. Ta med drikke då det ikkje finst vasskjelder på turen. Ver varsam med turgåing i dette området i hjortejakta. The trails on the hill Erisåsen follow the old road to the mountain farm of Hognåsen, an ancient pasture with several old mountain farms. The farms at Eri were among the users of the pasture. The hike up to Storehaugen is steep, but with good tracks. A fell running race from Sviggum to Storehaugen is held every spring. The race is among the steepest in the country with a gradient of 28%. Bring water. Show caution during deer hunting season in the autumn. Die Wanderungen den Erisåsen hinauf verlaufen auf dem traditionellen Pfad zur Alm Hognåsen. Diese wurde von den Höfen in Eri bewirtschaftet. Heute haben viele Wanderer den Gipfel Storehaugen zum Ziel. Der Pfad ist streckenweise etwas steil, jedoch gut begehbar. Jedes Jahr findet von Sviggum hinauf zum Gipfel Storehaugen ein Berglauf statt, mit 28 % Steigung einer der steilsten des Landes. Da es unterwegs kein Quellwasser gibt, muss ausreichend Trinkwasser mitgenommen werden. Während der Hirschjagd vom 1. September bis Mitte Dezember ist beim Wandern Vorsicht geboten! Om sommaren er det anbefalt å starte frå Habben om ein skal gå til Hognåsen, men om vinteren er det best å gå opp her, gjerne med piggsko og/eller stegjern. Strekninga Storehaugen Hognåsen tur/ retur er ein fin trugetur i skoglandskap og med fjordutsikt. Frå Sviggum til Skirset er det ofte behov for piggsko eller stegjern på vinteren. Frå Skirset eller høgare opp kan ein gå med truger, men det er traseen frå Storehaugen (908 moh.) til Hognåsen (910 moh.) som er finast å gå på truger om vinteren men ver obs og følg merka løype. Dersom ein går utanfor merka løype bør ein vere merksam på rasfare. Turen tek om lag 4 timar ein veg frå Sviggum til Storehaugen og vidare til Hognåsen. It is recommened to start the hike to Hognåsen from Habben during the summer. During winter it is better to start here, preferably with spiked shoes and/or crampon. The trails between Storehaugen Hognåsen are great for snowshoeing, and take you through flat woodlands with a beautiful view of the fjord. Start with spiked shoes or crampon from Sviggum to Skirset. It is possible to snowshoe from Skirset or higher up, but it is the trails between Storehaugen (908 m) and Hognåsen (910 m) that are recommended for snowshoeing during winter. Be careful and follow the marked trails. Show caution and be aware of the danger of an avalanche if you leave the marked trails. The hike from Sviggum to Storehaugen and continuing to Hognåsen takes about 4 hours. Im Sommer wird die Alm Hognåsen am besten von Habben aus erreicht. Im Winter ist der Aufstieg von hier aus besser. Der Gebrauch von Schuhkrallen oder Steigeisen wird empfohlen. Die Wanderung von Storehaugen nach Hognåsen und zurück ist eine schöne Schneeschuh-Tour durch den Wald mit Fjordaussicht. Im Winter sind für die Wanderung von Sviggum nach Skirset Schuhkrallen oder Steigeisen zu empfehlen. Ab Skirset sind auch Schneeschuhe geeignet, besonders für die Strecke von Storehaugen (908 m ü. d. M.) nach Hognåsen (910 m ü. d. M.). Man sollte jedoch unbedingt den Wegmarkierungen folgen. Abseits der markierten Wege besteht Lawinengefahr! Die Wanderung von Sviggum über Storehaugen und nach Hognåsen dauert etwa vier Stunden. Allemannsretten Vis omsyn til utmarksnæringane Lat att grinder etter deg Vis omsyn for andre brukarar av utmarka Forstyrr ikkje dyr og fuglar Alt vilt er freda med unntak av lovleg jakt Det er bandtvang frå 1.april og så lenge husdyra beiter Public access to the countryside Show consideration for wilderness industries Always close all gates behind you Show consideration for other users of uncultivated land Do not disturb animals and birds All game is protected except for legal hunting Dogs must be kept on a leash from 1 April and as long as farm animals are grazing Jedermannsrecht Nehmen Sie auf die wirtschaftliche Nutzung des Ödlands Rücksicht Machen Sie die Gatter hinter sich zu Nehmen Sie auf andere Benutzer des Ödlands Rücksicht Stören Sie die Tiere und Vögel nicht Außerhalb der Jagdsaison ist das gesamte Wild geschützt Vom 1. April bis zum Ende der Weidesaison besteht Leinenzwang Åtvaring Vis forsiktigheit i nærleiken og ved kryssing av elver. Stri straum kan rive deg med. Gå på gode vadepunkt (med roleg vatn, steinsett og ikkje djupt vatn). All ferdsel er på eige ansvar. Caution Exercise caution in the vicinity of and when crossing rivers. Strong currents can pull you under water. Cross at good crossing spots (calm water, stepping stones and shallow water). All passage is at your own risk. Warnung Seien Sie vorsichtig in der Nähe von und beim Überqueren von Flüssen, Sie können von der starken Strömung mitgerissen werden. Überqueren Sie den Fluss an einer guten Furt (ruhiges und nicht allzu tiefes Wasser, Steinblöcke). Das Wandeln in der Natur geschieht auf eigene Gefahr. Gradering Classification Walks Schwierigkeitsgrad Wanderung Lett Easy Leicht Middels Medium Mitte Krevande Challenge Anspruchsvoll Ekspert Expert Experte T-merking og vardar i fjellet Vardar med raud T viser veg i fjellet. Marking with red Ts and cairns in the mountains Small cairns with red Ts show the way in the mountains T-Kennzeichnung und Steinwarten im Gebirge Steinwarten mit rotem T markieren die Wege im Gebirge. Kart / map / Karte Turkart Lærdal 1:50 000 BEREKRAFTIG REISEMÅL Ved ulukker ring 112 eller 113 Call 112 or 113 in emergency situations Bei Notfällen 112 oder 113 anrufen Kontaktinfo / Contact information: 0047 576 66 771 LOKALT ENGASJEMENT I EIT LANGT PERPEKTIV 11

1.6.3.3 Delprosjekt Digitale turstier Eit samarbeidsprosjekt med Vestlandsforsking for å få turstiar digitalisert og lagt ut på Open street map. Mål: Å legge ut alle 40 turane i Merkeprosjektet 1.6.3.4 Gjennomførte tiltak i Digitale turstier Registrert 20 av turane i Merkeprosjektet 1.6.3.5 Delprosjekt Kongevegen over Filefjell Berekraftpiloten fekk førespurnad om å bli med i samarbeidsgruppa i Kongevegsprosjektet sommaren 2010 av Statens Vegvesen. Konseptet var å få ein vandreveg frå Vang i Valdres til gamle Lærdalsøyri, om lag 8 mil med turveg. I seinare tid har strekninga blitt utvida med 2 mil. Prosjektet har vore leia av Statens Vegvesen med grunneigarar, Oppland og Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Lærdal og Vang kommune, Sogn Folkemuseum, Valdres folkemuseum, med fleire. Mål: Bidrag til forprosjektrapporten til Kongevegen Å gjere politikarar og næringsliv kjent med den fantastiske vegen og tilbydarar langs vegen Å foreta lette marknadsanalyser om Kongevegen og kva potensiale den har som reiselivskonsept Å vise potensiale vegen har som vandrekonsept Profilering og presentasjon av Kongevegen 12

1.6.3.6 Gjennomførte tiltak i samband med Kongevegsprosjektet over Filefjell Skriftleg informasjon til forprosjektrapporten Planlegging og gjennomføring av to lokale studieturar med politikarar og næringsliv som deltkararar og Kongevegen som tema Innspeling av film med opptak frå Vindhellavegen (alle fire pilotane skulle laga kvar sin film på ti minuttar) Engasjert både norske og utanlandske «turistar» som har gått deler av vegen og skrive rapport om opplevinga Engasjert reiselivsrådgjevar for å utale seg om tilbydarane langs Kongevegen og konseptet Planlagt og gjennomført presentasjon i samband med nettverkssamling på Tyinkrysset januar 2013 Planlagt og gjennomført kortreist middag i samband med nettverkssamling på Tyinkrysset januar 2013. Delteke i møter i perioden 2010-2013 Fyrste lokale studietur med Kongevegen som tema. Fra filmen «Bærekraftig reiseliv i Lærdal» 13

1.6.3.7 Andre relevante tiltak i samband med sykle å gå i Lærdal Møter i samband med arbeid til prosjekt på Hausen i samarbeid med landbrukskontoret Kampanje for å oppmuntre folk å gå og sykle til Lærdalsmarknaden i 2011 då berekraft var tema Studietur med Innovasjon Norge og NCE tourism til Sveits for å sjå på skilting og tilrettelegging av vandrevegar der Konseptskisse vandrerute «Toppen av Sognefjorden» (vandrerute frå Vik til Årdal og Jotunheimen, gjennom verdsarvområda i Aurland og Lærdal). Søknad. 1.6.3.8 Delprosjekt berekraftig utvikling Dette delprosjektet har i sin tur mange delprosjekt igjen og er truleg det punktet som reflekterar prinsippet kulturell rikdom i stor grad. Lærdal som reisemål har mykje kultur ressursar å spele på og samarbeidet med kulturetaten i Lærdal kommune har alltid vore tilstades i stor grad! Det er særleg kulturvernkonsulent Kåre Hovland og Ine Nyseth som har vore samarbeidspartnarar her. 14

1.6.3.8.1 Vertskap i gamle Lærdalsøyri Prosjektperiode frå 2011 2013 Mål : Å få eit meir «levande miljø» med vertskap som kan vise gjester rundt i det flotte kulturmiljøet og fortelje om husa og busetnaden på Øyri Å få rydda og bruka fleire hus som ein kan gå inn i på rundtur med gjester og i opplevingskonseptet Å teste og lage eit opplevingskonsept i gamle Lærdalsøyri med eit «system» som resepsjon og vertskap Å få etablert eit fundament for vidare drift av vertskap i gamle Lærdalsøyri Studietur til liknande kulturmiljø for å lære om moglegheiter ein slik ressurs inkluderar Å gjere andre interessenter bevisst på kor viktig nasjonal og internasjonal attraksjon gamle Lærdalsøyri er Marita steiker lappar i gamle bakeriet, 2011. Henrikstova, gamle Lærdalsøyri. 1.5.2.8.2 Gjennomførte tiltak i vertskap gamle Lærdalsøyri Vertskapet rydda og fann att mange flotte gjenstandar til skomakar Henrik som no er utstilt i Henrikstova. Vidare fann dei att ei utstilling om utvandringa til Amerika som dei har montert og satt opp på Fanteloftet. I tillegg rydda dei og laga ei lita fotoutstillig i Gamle Bakeriet. Fyrste opplevigskonseptet i 2011 var start og slutt i gamle bakeriet der dei fekk sjå fotoutstilling, smaka lapper og heimelagea saft, vidare guiding rundt i gamle Lærdalsøyri med stopp på Fanteloftet for å sjå utstillinga om utvandringa samt høyre klassisk gitar og gjestene fekk inn i Henrikstova for å sjå korleis skomakar Henrik budde og arbeidde, saman med familien sin. Konseptet inkluderte og samarbeid med Midt Ljøsne Gard for å få ein link til grønt produksjon i bygda og sal av bær i gamle Lærdalsøyri. I 2012 vart opplevingskonseptet endra litt med ein ny start/slutt i gamle Telgrafen. I samarbeid med kulturetaten fekk ein satt opp att utstillinga «reiseliv og samferdsle» frå Kulturbanken i 2. etasje på Telegrafen. Vidare fekk ein laga eit rom som skal fungere som eit info senter om Gamle Lærdalsøyri samt eit rom med mobile ustillingar, og i 2. etajse i Telegrafen. Til slutt laga ein eit møterom med gamle møbler og interiør. Ved å bruke Telegrafen som base fekk ein betjent huset og ikkje minst post og telemuseet. Vidare vart rundturen utvikla med nokre monologar frå kjøpmen som før opererte krambuene. Berekraftpiloten søkte og fekk finansiering, planla og gjennomførte studietur til kulturmiljø i gamle Skudeneshavn, gamle Stavanger, Sogndalstrand. Byrjkedalstunet og Håheim Gard vart også besøkt. Studieturen var særs nyttig og det var deltakarar frå kulturetaten, rådmanns- 15

kontoret, aktørar frå næringslivet og berekraftpiloten. (Rapporten frå studieturen finn du her.) Presseoppslag Sogn Avis Filmen om Berekraftpiloten Lærdal inkluderar og gamle Lærdalsøyri (sjå «Bærekraftig reiseliv Lærdal» på www.youtube.com) Kjøpt jakker og t-skjorter til vertskapet Besøk og synfaring med GSTC (global sustainable tourism council). Vara-ordførar Geir Berge Øverland hadde flott synfaring med presidenten i GSTC ein heil dag i Lærdal. Dette var med å setje arkitektur på temakartet til nce tourism Fjord Norway i andre prosjektperiode. Marknadsføring (sjå omtale seinare) Vertskap Marita fortel ivrig til Gstc presidenten, Geir B. Øverland og Ivar Petter Grøtte. Varaordførar Geir B. Øverland fortel ivrig om gamle Lærdalsøyri. Her i gamle bakeriet. 16

1.6.3.8.2 Borlo Bygdetun Berkraftpiloten etablerte tidleg eit samarbeid med Borlo Bygdetun og vertskapet der. Borlo Bygdetun er ei samling med om lag 15 bygningar som inneheld fotoutstilllingar, kle, reiskap, bilete, postkort, med meir som vertskapet Dagfinn og Kari Hegg Lunde har samla og fått bygd opp. I møkkakjellaren har dei fått etablert ein kino der dei syner filmar frå kvardagslivet i Borgund. Mål: Å bevisstgjere reiselivsnæringa, vertskapet ved Borlo Bygdetun, virkemiddelapparat og potensielle kundar om Borlo Bygdetun Å stimulere til eit fundament og fast vertskap ved Borlo Bygdetun som skulle gjere tunet meir tilgjengeleg for besøkande. Å synleggjere Borlo Bygdetun som ein viktig attraksjon (både åleine men og som fyrtårn langs Kongevegen) Gjennomførte tiltak i delprosjekt Borlo Bygdetun. Arrangert lokal studietur dit Arrangert middag med Gstc besøket der Samarbeidspartner i nytt konspet med friluftskonsert Arrangert diverse møter der Ein del av filmen om berekraftpiloten Lærdal er herifrå (sjå «Bærekraftig reiseliv Lærdal» på www.youtube.com) Samarbeidspartner og stimulert til vertskap Marknadsføring(sjå omtale seinare) Pilotsamling for Røros, Vega, Trysil og Lærdal der 17

MILJØMERKET 714 Trykkeri 241 1.6.3.8.3 Lærdalsmarknaden Berekraftpiloten etablerte tidleg eit samarbeid med den veletablerte Lærdalsmarknade Mål: Å spreie informasjon og bodskap kring berekraft via marknaden Å nytte marknaden som ein arena for nye produkt/konspet Gjennomførte tiltak i delprosjekt Lærdalsmarknaden I 2011 var temaet på Lærdalsmarknaden berekraft og dette vart synleggjort gjennom: Marknadsgjesten hadde foredrag om berekraft Konkurranse og oppfordring til å sykle og gå til marknaden med lokal mat til premie El bil demo og el- bil konkurranse blant parti leiarar Vore merkantil ressurs og vara representant i marknadsnemnda i perioden 2010-2013 1.6.3.8.4 Lund Hjort Berekraftpiloten vurderte Lund Hjort som eit spennade konsept og eit samarbeid tok til i 2012. Mål: Å teste opplevingskonsept med besøk og foring ved Lund Hjort blant tilreisande i eit forprosjekt. Vidareutvikling av konspet med serveringsdel osb i hovedprosjekt. Lærdal kommune jobbar for tida med eit prosjekt innan berekraftig reiselivsutvikling. Å ta vare på kulturarven er viktige element i eit berekraftig reiseliv og her er ei perle som er plukka ut som tips til deg som gjest i Lærdal. Besøk hjortefarmen i Lærdal! Gjennomførte tiltak i samband med delprosjekt Lund Hjort Fyrstelinje tjeneste Lund Hjortefarm etablerte i 2012 eit forprosjekt der ein bla har testa ut besøk på garden med fôring til dyra osv. Det kom i gang forholdsvis seint i sesongen men var suksess! God mottaking hjå gjester både turister og hyttegjester (fritidsbustader). Samarbeidspartner og stimulert til vertskap Samarbeid med Aurland Ressursutvikling (sjå kapitel Lærdal 4 sesonger). Vil de vera med å fôra hjorten? Onsdag og fredag kl. 19 20 Billettar: Vaksne kr. 40, familie kr. 90 For booking og informasjon: Lund Hjortefarm E-post: ole.bjorn.grothe@alb.no tlf. 95 94 37 89 Lærdal sentrum Lund Hjortefarm 8,5 km. Vegskildring: føl rv5 og E16 i retning oslo forbi lærdalstunnelen. ta til høgre ved skiltet Mo og køyr mot Mo til du kjem til lund Hjortefarm på høgre side. Me ønskjer deg eit hyggjeleg opphald i Lærdal! Grafisk produksjon: E. natvik prenteverk as, florø Marknadsføring (sjå omtale seinare) 18

Smak av Sogn Berekraftpiloten Lærdal har gleda av å invitera deg til «Smak av Sogn» i Lærdal kulturhus fredag 28. september 1.6.3.8.5 Smak av Sogn Det var gjennom KSR-prosjektet med Lise Sundberg i spissen som hadde arrangert Smak av Sogn to gonger tidlegare, nemleg vår og hausten 2009 ved Vesterland Feriepark på Kaupanger. Med i arbeidsgruppa hadde ho med seg Arne Glenn Flåten og Ivar Petter Grøtte. Berekraftpiloten tok initativ til å ta oppatt mattreffet og freiste utvikle det. Det har vore jobba med sidan 2011. Dei to gjennomførte arrangementa i 2012 og 2013 har begge vore i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, avdeling for landbruk. «Smak av Sogn» er eit samarbeid mellom Lærdal kommune Bærekraftpiloten, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Program fagdag smak av sogn 11.00 11.15 Registrering 11.15 12.00 Lunsj «Sognabord» 12.00 12.45 «Norske råvarer» Harald Osa frå Bama 12.45 13.15 «Korleis selje?» Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Vest 13.15 13.25 Pause 13.30 14.10 «Vegen til marknaden erfaringar etter 1 år med Mathallen i Oslo» Sverre Landmark frå Aspelin Ramm 14.10 14.40 «Fokus på kortreist meny i 20 år» Lise Sundberg frå Kafé Krydder 14.40 14.45 Snurr film 14.45 15.00 Kaffi 15.00 17.00 Snøggsamtaler Sverre Landmark Aud Slettehaug Lise Sundberg Harald Osa Sverre Landmark om suksessen Mathallen i Oslo Mathallen i Oslo fekk nyleg pris som årets handels- og servicebedrift i Oslo 2013. Mathallen i Oslo skal vere som dei europeiske mathallane der du finn spesialbutikkar, kafear og serveringsstader. I tillegg byr Mathallen på ei rekke mat-relaterte aktivitetar som konferansar, kurs, messer og konkurransar. Harald Osa (Bama) inspirerer til bruk av norske råvarer Osa har vokse opp på Jæren og gjekk i lære ved Fagernes hotell, og dreiv i si tid Hotel Continental sitt kjøkken samt Holmenkollen restaurant, mens han var på TV i kokkekamp. Han har og jobba ved Jans Mat & Vinhus i Stavanger og han var med å starta Gastronomisk Institutt i Stavanger. Han har vore i leiinga for Norsk Matkultur, og hausten 2011 var han matfagleg koordinator for TV2 serien «Det norske måltid. Idag jobbar Osa som prosjektleiar for smak- og matkultur i Bamagruppen og skal fremja norske råvarer gjennom dette arbeidet. Lise Sundberg, eigar og drivar av Kafé Krydder Lise har lang fartstid som kjøkkensjef. Ho flytta til Sogn på byrjan av nitti talet og dreiv restarant på Frønningen. Seinare har ho vore kjøkkensjef på Vesterland Feriepark og dei siste åra har ho drive kafé Krydder. I 2012 mottok ho pris for innovasjon og utvikling hjå Sogndal kommune med Kafé Krydder og kaféen er blitt ein møtestad for sogndøler, studentar, turistar og andre tilreisande til eit godt måltid og sosialt samvære. Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Vest Aud Slettehaug, dagleg leiar Kompetansenettverket for lokal mat vest. Aud har MBA i merkevareleiing, er bonde, medeigar i lefsebakeri og kafé. Bur i Naustdal og er markedsleiar for Bondens marked Sogn og Fjordane. SnøggFLØRTING På snøggflørtinga vil det vera høve til å møte med fylkesmannen Sogn og Fjordane v/avdeling landbruk, Innovasjon Norge, Kompetansenavet Vest, Lærdal næringsutvikling der ein kan få svar på spørsmål knytt til produksjon, drift, oppstart og liknande. Ein kan vidare få nyttige tips om korleis satse på lokale råvarer i nye og etablerte verksemder. Mål: Å utvikle Smak av Sogn til å vere ein møtestad for produsentar av lokal mat og reiselivsnæringa samt publikum der deltakarane får inspirasjon, kunnskap og høve til å utvikle nettverk og konkret samarbeid. Å skape ein regional matfestival Å skape ein arena som kan tilby ulike kurs i tradisjonsrik mat eller drikke eller andre artige lokale måtar å lage mat på Å skape ein inspirasjonsdel med kjende føredragshaldarar Å bevisstgjere dei gode råvarene og produkta ein har i region, både gjennom bruk og i profilering Gjennomførte tiltak i samband med delprosjektet Smak av Sogn Å teste konsepta med møtestad, føredrag, workshops, kurs, lunsj og middag Gjennomført i 2012 og 2013 Alt prosjektarbeid i samband med planlegging, arrangering, marknadsføring (invitasjonar, teasers, annonser, presse mm), påmeldingar, føredragshaldarar, kurshaldarar, underhaldning, gåver, osb. «Det har heile tida vore eit mål å bruke lokale matprodusentar og/eller serveringsstader ved arrangement og møter for å fremje kortreist mat» Helene Maristuen, prosjektleiar 19

Rapport frå Smak av Sogn kan du få ved å henvende deg til prosjektleiar. Smak av Sogn 2013 fekk god media dekning. Her kan ein høyra intervjua: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/dksf02019413/27-09-2013 I 2013 teikna Smak av Sogn og Lærdalsmarknaden ein samarbeidsavtale. Oppslag frå Sogn Avis finn du her: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article6839846.ece Smak av Sogn er ein «spin off» frå Berekraftprosjektet og kjem til å halde fram i 2014. 20