Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Like dokumenter
Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Rådgiversamling

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune. Gjeld frå

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

ORIENTERINGSMØTER 2015

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Orientering om søking til vidaregåande opplæring skoleåret 2016/2017

Orientering om søking og tidleg inntak til vidaregåande opplæring

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Orientering om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

Lokal forskrift for inntak til vidaregåande opplæring

Inntak av vaksne til vidaregåande opplæring. Kari Volden, november 2014

Rektormøte 19. mars 2014

Orientering om søking og tidleg inntak til vidaregåande opplæring

Høring - Direkte overgang i retten til videregående opplæring og rett til videregående opplæring for de med slik opplæring fra utlandet

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Vedlegg 1 Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Fylkesmannen si samling med privatskulane. Onsdag 5.februar 2014

ORIENTERINGSMØTE NOVEMBER Utdanningsavdelinga

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Kjøp av tenester- Tøndergård skole og ressurssenter

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Innhenting av halvårsvurdering - skoleåret 2011/2012

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Omgjøring av status fra fulltidselev til deltidselev Regler for godkjenning av tidligere bestått fag

Hjemmel: Fastsatt av Sør - Trøndelag fylkesting, desember 2015 med hjemmel i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova 6-2 og 6A-2.

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Regler for fylkestilhørighet

Høringsuttalelse. Endringer i opplæringsloven - rett til videregående opplæring for de som har fullført videregående opplæring i utlandet

10. trinn. Foreldremøte

Kompetanse for mangfold. Gjennomgang av caser

MINORITETSSPRÅKLIGE SØKERE

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

12., 13. og 14. november 2013 ORIENTERINGSMØTA

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Søking til skuleåret

Rådgjevarkonferanse 2009

Innhold Kapittel 1 Formål og virkeområde Formål og virkeområde... 2

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

4A-1 RETT TIL GRUNNSKOLE

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Voksne i grunnskole og videregående opplæring. Seniorrådgiver Silje Therese Nyhus

MØTEIN N KALLIN G SAKLISTE. Organ: FYLKESUTVALET SOM KL AGEN EM N D Møtestad: Fylkeshuset, Leikanger, møterom Sygna Møtedato:

1.februar søkere, fortrinnsrett og spesialundervisning

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR LOVEN, INNSØKING OG RUTINAR

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Endringer i forskrift til friskoleloven

Forskrift om inntak til videregående opplæring og formidling til læreplass i Viken fylkeskommune

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

2 Virkeområde Forskriften gjelder for inntak til all offentlig videregående opplæring og formidling av søkere til læreplass i Buskerud.

Fritt skuleval over fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Rådgjevarkonferanse 2010

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SØKNAD TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I MØRE OG ROMSDAL SKOLEÅRET 2012/2013

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

\- 574,177-to/ Utdanningsetaten

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

rundskriv nr. 13/16 Fellesinntaket for skoleåret 2016/2017 Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Utdanningsavdelinga /2016/062

ENDRINGAR I DELEGASJONSREGLEMENTET FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 30.10.2017 131735/2017 Laila H. T. Nielsen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 13.11.2017 Fylkesrådmannens tilråding 14.11.2017 Fylkesutvalet 21.11.2017 Fylkestinget 11.12.2017 Endring av lokal forskrift om inntak til vidaregåande fylkeskommune - 5 skoleplass i anna fylke, og 14 permisjon frå vidaregåande opplæring og reservasjon av skoleplass. Bakgrunn Inntak av gjesteelevar Tidlegare har inntak av gjesteelevar ikkje vore regulert av sentral lov eller forskrift, og fylka har laga sine eigne reglar i lokale forskrifter for å gi søkarar med ungdomsrett inntak til skolar i andre fylker. Det var heimfylket som skreiv tilråding om ein søkar skulle få gjesteelevgaranti eller ikkje, og skolefylket tok avgjerd på om dei skulle la søkaren få konkurrere om skoleplass på like vilkår med søkarar frå eige fylke. Søkaren hadde ikkje rett til å klage på vedtaket, då avtale om gjesteelevgaranti var mellom to fylke, og ikkje mellom søkar og fylke. 01.01.2017 kom det ei endring i kapittel 6 i forskrift til opplæringslova, og det kom med korleis inntak av gjesteelvar skulle vere. Ny forskrift til opplæringslova 6-4 er slik: «6-4 Gjesteelevar Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1 har rett til å søkje om opplæring i ein annan fylkeskommune som gjesteelev, jf. opplæringslova 13-3 første ledd. Søkjaren må søkje om inntak til kvart opplæringsår. Søknaden sendes til vertsfylkeskommunen. Fylkeskommunen skal ta inn gjesteeleven til tilbodet som det er søkt på dersom det er ledig kapasitet. Dersom det ikkje er ledig kapasitet, gjer vertsfylkeskommunen vedtak om avslag. Ved inntak skal prioriteringsrekkjefølgja vere slik: 1. Søkjarar busette i fylket i samsvar med 6-14 og 6-29 2. Prioriterte gjesteelevar 3. Gjesteelevar som konkurrerer etter poeng

Fylkeskommunen kan la gjesteelevar konkurrere på lik linje med søkjarar busette i fylket dersom retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1 oppfyllast for søkjarar busette i fylket. For å bli teken inn som prioritert gjesteelev til eit tilbod må søkjaren kunne dokumentere at det ligg føre særlege pedagogiske eller sosiale grunnar for å gå på skole i eit anna fylke. Søkjaren må leggje fram relevant dokumentasjon. Vertsfylkeskommunen behandlar søknaden og avgjer om det ligg føre særlege grunnar. Elevar som har rett til opplæring i samisk, skal bli tekne inn som prioriterte gjesteelevar dersom dei har i behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag. Eleven må kunne dokumentere at han eller ho har rett til opplæring i samisk etter opplæringslova 6-3. Vertsfylkeskommunen er klageinstans for klage om inntak av gjesteelevar etter denne føresegna. Ein klage kan gjelde alle sider av saka. Fylkeskommunen kan i lokal forskrift regulere inntak av gjesteelevar nærare.» Gjeldande regel i lokal inntaksforskrift: 5. Skoleplass i anna fylke Møre og Romsdal fylkeskommune kan etter søknad innvilge gjesteelevgaranti i andre fylke. Vilkår er at søkjaren har ungdomsrett og at utdanningsprogrammet/programområdet ikkje fins i Møre og Romsdal. Søknad om gjesteelevgaranti eller kjøp av plass i anna fylke kan og innvilgast dersom søkjaren har andre særlege grunnar som er dokumentert. Søkarar som bur i kommunar som grenser til andre fylke, kan søkje om gjesteelevgaranti i anna fylke dersom dei kan dokumentere at det er kortare reiseveg til skole i det andre fylket. Vilkåret er at tilbodet ikkje fins på skular som søkjaren har like kort reiseveg til i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal har avtale med Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark om tilbod vi ikkje har i eige fylke (regionale tilbod). Sidan forskrift til opplæringslova er endra, må vi også endre den lokale inntaksforskrifta 5, slik at den passar til dei nye reglane i forskrift til opplæringslova 6-4. Permisjon frå vidaregåande opplæring Frå og med 01.08.2017 vart regelen om rett til vidaregåande opplæring i 3-1, 1. ledd, 3. ledd, 4. ledd og 10. ledd i opplæringslova endra. Tidlegare regel i opplæringslova 3-1: 1. ledd: Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring

3. ledd: Heile retten må takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem år, eller seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift, og innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. 4. ledd: Retten til vidaregåande opplæring blir etter søknad om omval utvida med inntil eitt opplæringsår. 10. ledd: Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter paragrafen her kan, etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande opplæring etter 4A-3. 3-1 opplæringslova etter endring 01.08.2017 (endringar er kursivert): 1. ledd: «Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Dette gjeld og dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjend opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg 3. ledd: «Retten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år.» 4. ledd: «Elevar har rett til å gjere eitt omval, og får då rett til utvida tid så dei kan fullføre opplæringa.» 10. ledd: «Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter paragrafen her kan, etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande opplæring etter 4A-3. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter 4A-3 i staden.» Grunnen til endringa i 10. ledd er at nokre søkarar som har utdanning frå utlandet, berre manglar få fag før dei er i mål med opplæringa si, og då skal dei ikkje trenge å starte på nytt og bruke eitt eller fleire skoleår på å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Endringa i opplæringslova 3-1, 1.ledd, 3. ledd og 4. ledd fører til at den tidlegare fristen til å ta ut retten sin til vidaregåande opplæring på fem eller 6 år er borte. Såleis kan ein ikkje lenger vise til 3-1, 3. ledd når ein skal behandle søknad om bruk av retten til vidaregåande opplæring. Denne regelen er flytta til 6-3, 2. ledd i forskrift til opplæringslova. Der står det: «Dersom fylkeskommunen er i tvil om ein søkar har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, må fylkeskommunen etter søknad vurdere konkret og etter skjønn kor mykje av vidaregåande opplæring søkaren har fått tidlegare.» Tidlegare regel i lokal inntaksforskrift: 14. Permisjon frå vidaregåande opplæring og reservasjon av skoleplass

Søkarar som har ungdomsrett og som har teke i mot skoleplass, men må seie ifrå seg plassen eller slutte i løpet av skoleåret, kan søkje om permisjon frå vidaregåande opplæring jf. opplæringslova 3-1, 3. ledd. Dersom permisjon blir innvilga, vil eleven ikkje bruke av retten eller fristen til vidaregåande opplæring, og eleven vil etter søknad kunne få sikra skoleplassen til året etter ved same skole og tilbod. Søkarar med ungdomsrett som har teke i mot skoleplass, men på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar ikkje greier å fullføre eit utdanningsprogram/programområde med full fagkrins, kan søkje om delvis permisjon. Eleven vil få utvida retten og fristen til å ta ut vidaregåande opplæring med eitt år, og vil få sikra plass ved same tilbod og skole til året etter. Elevar som vil slutte i fag på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar, men som neste skoleår vil gjere omval og ikkje ønskjer å fullføre utdanningsprogrammet/programområdet, må søkje til rektor om å bli gjort om til deltidselev jf. 18 i den lokale forskrifta. Søkarar som ikkje har ungdomsrett kan søkje om permisjon, men vil ikkje kunne få sikra skoleplass til året etter. Dei må konkurrere om plass med karakterane sine. Vurdering Utdanningsavdelinga foreslår saman med juridisk avdeling desse endringane i 5 og 14 i den lokale forskrifta om inntak til vidaregåande opplæring, slik at den oppfyller krava som er sett i 3-1 i opplæringslova og 6-4 i forskrift til opplæringslova. Endring av den lokale forskrifta om inntak til vidaregåande opplæring vil bli kommunisert til søkarane gjennom skolane, oppfølgingstenesta, nettsida vilbli.no, utdanningsavdelinga sine heimesider, og gjennom materiell som blir trykt opp til søkarane. Forslag til ny paragraf 5 i lokal forskrift om inntak til vidaregåande fylkeskommune: 5 Inntak av gjesteelevar 6-4 i forskrift til opplæringslova regulerer inntaket av prioriterte gjesteelvar. Eksempel på særlege pedagogiske eller sosiale grunnar til å gå på skole i eit anna fylke kan vere mobbesaker, tilbod om helsebehandling i Møre og Romsdal, at eige fylke har ikkje tilbodet som søkaren ønskjer, og kortare reiseveg til skolar i Møre og Romsdal. Lista er ikkje uttømmande, men skal vurderast individuelt. Søkarar med ungdomsrett frå andre fylke som får innvilga søknad om å få vere prioritert gjesteelev i Møre og Romsdal, vil konkurrere på lik linje med Møre og Romsdal sine søkarar. Møre og Romsdal kan ta inn søkarar med ungdomsrett frå grensefylka våre, dersom det ligg føre avtale om det. Søkarane med avtale frå grensefylke vil konkurrere på lik linje med Møre og Romsdal sine søkarar. Møre og Romsdal har avtale med Opplæringsregion Nord om regionale opplæringstilbod.

Forslag til ny paragraf 14 i lokal forskrift om inntak til vidaregåande fylkeskommune: 14. Permisjon frå vidaregåande opplæring og reservasjon av skoleplass Søkarar som har ungdomsrett og som har teke i mot skoleplass, men må seie ifrå seg plassen eller slutte i løpet av skoleåret, kan søke om permisjon frå vidaregåande opplæring jf. forskrift til opplæringslova 6-3, 2. ledd. Dersom permisjon blir innvilga, vil eleven ikkje bruke av retten til vidaregåande opplæring. Eleven vil kunne få reservert skoleplassen til året etter ved same skole og tilbod. Søkarar med ungdomsrett som har teke i mot skoleplass, men på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar ikkje greier å fullføre eit utdanningsprogram/programområde med full fagkrins, kan søke om delvis permisjon. Eleven vil få utvida retten til å ta ut vidaregåande opplæring med eitt år, dersom det er behov for det jf. forskrift til opplæringslova 6-3. Eleven vil få reservert plass ved same tilbod og skole til året etter for å få fullføre fagkrinsen. Elevar som vil slutte i fag på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar, men som neste skoleår vil gjere omval, og ikkje ønsker å fullføre utdanningsprogrammet/programområdet, må søke til rektor om å bli gjort om til deltidselev jf. 18 i den lokale inntaksforskrifta. Søkarar som ikkje har ungdomsrett kan søke om permisjon, men vil ikkje kunne få reservert skoleplass til året etter. Dei må konkurrere om skoleplass med karakterane sine. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune vedtek endringa i 5 om inntak av gjesteelevar, og 14 om permisjon frå vidaregåande opplæring og reservasjon av skoleplass, i den lokale forskrifta om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av læreplassar. Endringa gjeld frå og med inntaket til skoleåret 2018-2019. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef