Planstrategi for Balestrand kommune 02.05.2013
Planstrategi Etter plan og bygningslova skal ein gjennom arbeidet med ein kommunal planstrategi drøfte kommunens strategiske val knytt til samfunnsutvikling. Målet med ein planstrategi er at det skal ligge ei vurdering til grunn for prioritering av planbehovet. Denne vurderinga skal skje ut i frå ei vurdering av kva utfordringar og utviklingspotensial kommunen har som samfunn og organisasjon. Altså tre viktige element ; 1. Gjere greie for utviklingstrekk og utfordringar 2. Vurdere dei langsiktige utviklingspotensiala 3. Ta stilling til kva planar som skal utarbeidast. Særskild ta stilling til om kommuneplanen skal reviderast heilt eller delvis eller vidareførast utan endringar. Prosess Arbeidet med Kommunal planstrategi har følgt følgjande prosess: Dato Gjeremål Ansvar 07.12.2011 Igangsetjing av arbeidet Formannskap 09.02.2012 Tilstandsanalyse (vedlegg) Rådmannen 09.02.2012 Førebuing til 16.02.12 Formannskap 16.02.2012 Politisk verkstad i samband med kommunestyret (sak 2/12) Formannskap 10.03.2012 Arbeid i ad. hoc-grupper (ei for kvart tema) Grupper 15.03.2012 Presentasjon i formannskap frå Ad-hoc gruppene (sak 16/12) Ordførar, leiarar 19.04.2012 Sak i formannskap oppsummering, status - drøfting (sak 20/12) Ordførar 01.03.2013 Utarbeiding av oversyn over samla planbehov - utkast Rådmannen 25.04.2013 Møte med Sogn og Fjordane fylkeskommune, plan og samfunnsavdelinga Rådmannen 01.05.2013 Utarbeide framlegg til planstrategi Rådmannen 03.05.2013 Sende på høyring til statlege og regionale organ og nabokommunar samt off. ettersyn Rådmannen 16.05.2013 Handsame utkast Kommunal planstrategi i formannskapet Formannskap 13.06.2013 Handsame endeleg framlegg til Kommunal planstrategi Formannskap 20.06.2013 Vedtak av Kommunal planstrategi Kommunestyret Det vart utarbeida ei tilstandsanalyse (vedlagt) som grunnlag for dei strategiske diskusjonane. På bakgrunn av denne var det gjennomført ei relativt brei politisk vurdering av kommunen sine utfordringar og utviklingspotensial. Det vart gjennomført politisk verkstad i kommunestyret som vart følgt opp med vidare arbeid i grupper. Dette er lagt til grunn som hovudutfordringar, og vidare fylt ut med overordna strategiske føringar.
Hovudutfordringar Kommunestyret sjølv har gjennom arbeidet med den kommunale planstrategien peikt ut følgjande hovudutfordringar for kommunen i åra som kjem: Bustader Utgangspunkt: Vi har ein god del eldre og fråflytta hus. Mange vert nytta til feriebustader og svært få av desse er til sals. Også få nyare hus er til sals. Dette gjer at marknaden for omsetnad av eksisterande hus er liten. Kostnadene med å bygge ny bustad har så langt vore ein del høgre enn marknadsverdien ved sal av hus. Risikoen for tap ved ev. sal er nok ein viktig grunn til at talet på nye bustader har vore låge dei seinare åra. Det er også ein relativt einsarta bustadmasse i Balestrand med mange einebustader. Strategiar: 1. Attraktive tomter for nybygging 2. Stimulere til sal av eldre hus 3. Nybygging av ulike typar bustader Næring Utgangspunkt: Næringslivet i kommunen er variert og relativt stabilt. Arbeidsløysa har tradisjonelt vore svært låg. Det er mange små føretak og berre 11 verksemder med meir enn 5 tilsette. Det er over 200 arbeidstakarar som pendlar ut av kommunen, medan ca. 100 pendlar inn. Det er med dette eit underskot av arbeidsplassar og også arbeidsmiljø av ein viss storleik som tiltrekker yngre arbeidstakarar/etablerarar. Balestrand er med dette også avhengig av at eit større bu og arbeidsområde fungerer godt med tanke på kommunikasjonar og tilrettelegging av tenestetilbod. Tradisjonelle næringar i Balestrand som landbruk og reiseliv har dei seinare åra hatt vanskelege rammevilkår. Strategiar: 1. Ta vare på og utvikle eksisterande bedrifter i kommunen 2. Knoppskyting frå eksisterande bedrifter Nettverk mellom eksisterande bedrifter 3. Nye arbeidsplassar/nye bedrifter Tilgjengeleg næringsområde, lokale Næringsapparat som kan hjelpe fram idear konkret og målretta. Marknadsføring - omdøme Utgangspunkt: Balestrand har ein fin visjon og slagord i «Balestrand inspirerer deg». Det er derimot viktig å forankre og gje denne visjonen eit konkret innhald som folk i kommunen kjenner seg att i. Skal visjonen leve må vi som bur her bidra gjennom våre haldningar og handlingar til at alle som er her og besøker oss faktisk opplever at Balestrand er ein flott stad der vi ynskjer å bu. Strategiar: 1. Lage ein heilskapleg marknadsføringspakke 2. Rette seg mot dei unge og vere positive «Oppdrag Balestrand». 3. Vere synlege på Heimesider, messer og liknande 4. Prosjekt: Prøve-bu i Balestrand
Prioriterte planar Kommuneplan og kommunedelplanar Plan Vedteke Handsaming Ansvar Kommuneplan, 2010 Delvis BK samfunnsdel revisjon Kommuneplan, arealdel Kommunedelplan, Esefjorden Kommunedelplan, beredskap Kommunedelplan, idrett, friluftsliv.. Oppstart planarb Feb 2014 Føringar for planen. Fokus på definerte hovudutfordringar og utviklingspotensiale for Balestrand kommune: 1. Bustader 2. Næring 3. Marknadsføring Beredskapsområdet skal få ein eigen del i planen. 2010 Delvis BK Feb Har mykje tilgjengeleg utbyggingsareal revisjon 2014 som ikkje vert teke i bruk i gjeldande kommuneplan. Vil vere ein delvis revisjon. Kan også vurdere «ingen revisjon». Framtidig vegopprusting for Fv 55 Esefjorden vert løyst gjennom eigen kommunedelplan. - Ny plan BK Juni Trygg og oppgradert veg for Fv 55 2013 Esefjorden er viktig faktor knytt til framtidig busetjing og næringsliv. Planarbeidet skal ta utgangspunkt i kommunetyret sitt strategivedtak i sak K / 13 om at utbetringane skal skje ved ei løysing med bru over Esefjorden. - Ny plan BK Feb 2014 Etter forskrift om kommunal beredskapsplikt skal kommunen utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnssikkerhets- og beredskapsarbeidet. Arbeidet skal gjerast med bakgrunn i overordna ROS analyse. 2011 Hovud rullering BK Juni 2015 Kan ev. løysast berre som del/kapittel av kommuneplanen pluss tiltaksdel som følgjer økonomiplan og budsjett. Noverande plan gjeld for perioden 2012-2015. Prioritere tiltak som fremmar fysisk aktivitet og trivsel og med det eit godt bumiljø, samt tiltak som gjev grunnlag for næringsutvikling, t.d. reiselivog tilrettelegging opp mot Sygna vgs. ROS-analyse 1999 Ny BK Juni 2013 Ei heilskapleg ROS-analyse etter Forskrift om kommunal beredskapsplikt er ikkje ein plan, men viktig føresetnad for rullering av kommuneplan, beredskap samt revisjon av beredskapsplan. Vil og kunne omfatte og gje premissar for rullering av arealplanar. Må utarbeidast før rullerig av kommuneplanverket. Tematiske planar Plan Vedteke Handsaming Ansvar Oppstart planarb Føringar for planen.
Næringsplan 2010 Rullering BK Sept 2013 Fokus på definerte hovudutfordringar og utviklingspotensiale for Balestrand kommune: 1. Bustader 2. Næring 3. Marknadsføring Nytt næringsfond gjev nye virkemiddel. Bustadpolitisk plan - Ny BK Jan 2012 Krav etter Husbank-prosjektet «bustadetablering i distrikta. Få eit attraktivt og variert bustadtilbod i kommunen. 2005 Ny BK Mars 2013 Vurdere trafikktryggleikstiltak gatebruk og trafikkreguleringar. Igangsett ved formannskapssak 3/13: Planen skal avklare tiltak som set rammer for bruk og ferdsel på kommunale vegar med hovudfokus på trafikktrygge løysingar. Hovudplan avlaup - Ny BK Juni 2013 Mål i Økonomiplan (4 årig HP). Avklare tiltak på kommunalt behandlingsanlegg og leidningsnett. Krav til private utslepp, anlegg. Hovudplan vatn 2001 Rullering BK Juni 2013 Mål i Økonomiplan (4 årig HP). Avklare tiltak på kommunalt leidningsnett. Tilfredstille nye krav til beredskap for vassforsyning. Hovudplan for skogsvegar Barne og ungdomsplan 2001 Rullering BK Okt 2013 Basere seg på skogressursar. Gje grunnlag for å nå målet om avvirking og verdiskaping i skogbruket som er sett i kommuneplanen. - Ny BK Okt 2013 Mål i Økonomiplan (4 årig HP). Samla oversyn over eksisterande tiltak som rettar seg mot barn og unge. Planlagde tiltak for å gjere desse betre, samt avklare nye tiltak og tilbod. Kulturminneplan - Ny BK Sept 2013 Tematiske beredskapsplanar: helse og sosialtenesta pandemi smittevern barn i sorg og krise psykosos. støtteteam barn i sorg og krise straumrasjonering vassforsyning Utarbeidast etter krav i særlov. Skal vurdere samordning av planverk. 2007 Rullering BK Løpande Kriseleiing 2011 Rullering BK Løpande Kriseleiing 2006 Rullering BK Løpande Kriseleiing 2009 Rullering BK Løpande Kriseleiing 2013 Rullering BK Løpande Kriseleiing 2009 Rullering BK Løpande Kriseleiing 2004 Rullering BK Løpande Kriseleiing 2008 Rullering BK Løpande Kriseleiing Endra i hovudplan for vassforsyning Veg og trafikktryggleiksplan Reguleringsplanar Plan Vedteksaming Hand- Ansvar Oppstart Føringar for planen. planarb Næringsområde, Nessane - Ny BK Sept 2013 Klargjere næringsområde på Gunnargarden i samsvar med areal avsett i Kommuneplanen 2010-2020. Klargjere område til generell bruk. Knoppskyting og
Næringsområde Sæle Sag Bustader, Sentrum/tettstad Områderegulering i sentrumsområdet Bustad og hytteområde i Kvamsøy Hytteområde i Saurdal Skiområde i Saurdal Motorsportbane i Trolløyande Rassikring Fv 55 v/renninganeset i Lånefjorden Rassikring Fv 152 v/alstokka i Vetlefjorden samhandling med verksemder på Nessane. Tilpasse ev kraftverk i Nessadalselva - Ny Priv Feb 2013 Sikre utvidingsareal for verksemda Sæle Sag AS. - Ny BK/ 2013 Oppfølging av bustadpolitsik satsing. Er priv utarbeidd konseptskisser for nokre område. Aktuelle område er Hittun, Holmamyrane og Nedre Sande - Skåsheimselva. Kan bli fleire planar. Må avklarast nærare. - Ny BK Febr 2014 I etter kommuneplanen, arealdelen er det er det i Balestrand tettstad krav om reguleringsplan for tiltak etter plan og bygningslova 20-1 og for alle tiltak i strandsone. Det er aktuelt å utarbeide reguleringsplan for området Nedre Sande Skåsheimselva for å få ei heilskapeleg vurdering av vidare utbygging i høve mellom anna bygningsmiljø, kulturminne og strandsone. - Ny Privat 2014 Ligg inne i kommuneplan arealdel. Utarbeidd marknadsføringsprospekt. Må avklarast nærare. - Ny Privat 2014 Ligg inne i kommuneplan arealdel. Utarbeidd marknadsføringsprospekt. Må avklarast nærare. - Ny BK Sept 2013 Nytt skitrekk ved jibbeanlegget. Kan samordnast med plan for hytter. Kan vere aktuelt med privat plan. Må avklarast nærare. Tiltak er prioritert i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2011-2015. - Ny Privat? Ligg inne i kommuneplan arealdel. - Ny St.vegvesen - Ny St.vegvesen Des 2012 April 2012 Må avklarast nærare. Rassikre Fv 55 ved Renninganeset i Lånefjorden ved bygging av ledevoll. Rassikre Fv 55 ved 152 v/alstokka i Vetlefjorden ved bygging av ledevoll. For reguleringsplanar er ikkje opplistinga av planar komplett. Det er teke med dei planane ein kjenner til i dag for å få eit oversyn over desse og trong for kapasitet og ressursar til utarbeiding og handsaming av planane. Det kan og vil vere fullt mogeleg for kommunen å ta opp og handsame andre planar i perioden. Når det gjeld private planar som er fremma i samsvar med kommuneplanen, er dette også ei forvaltingssak, der kommunen må handsame desse innan gjevne fristar i Plan og bygningsloven.