F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Å rgang 2, N r. 3 Aurebestandar i Vierslaområdet Reidar Borgstrøm, John Gunnar Dokk, Manfred Heun og Jens Thaulow Institutt for naturforvaltning, Universitetet for miljø- og biovitskap
Aurebestandar i Vierslaområdet Fjellstyrehytto i Viersla Innleiing Elva Viersla vart stengd med ein stein/tredam i 1952 og samstundes vart det laga ein kanal i Turreidet (Fig. 1 og Fig. 2) for å få meir av vatnet som elles ville ha runne vestover, over til Numedalslågen. Dette betyr at fisk i Olavsdalselva (Øvre Veig) er blitt isolert frå den øvre del av Viersla, medan Vierslatjørn og Viersla no står i direkte kontakt med Heisandtjørn og Nordmannslågen. Dette kan heilt ha endra den genetiske samansetjinga i bestandane i Viersla og Vierslatjørn. For å klarleggja dei genetiske profilane for dei ulike bestandane i dette området vart det i juli 29 samla inn aure frå fleire lokalitetar (Viersla ovom fjellstyrehytto, eit mindre tjørn rett sør for fjellstyrehytto, Vierslatjørn, Olavsdalselva og i den største tjørna på Vierslamyrane (Fig. 1). Dei genetiske analysane vil bli presentert i eigen rapport seinare, og i denne fagrapporten vert det kun ein gjennomgang av alderstilhøve og veksttilhøve for dei ulike bestandane. Eit materiale frå Vierslatjørn innsamla av Eidfjord fjellstyre i 1992 er og teke med i rapporten. Metodar Innsamlinga av fisken er gjort med elektrisk fiskeapparat, med flugestong på elvestrekningane (Viersla og Olavsdalselva), og med ein garnserie med maskevidder 12, 16,5, 19,5, 22,5, 26, 29, 35, 39 og 45 mm i Vierslatjørn og i Lokalitet A (Fig. 1). I Lokalitet C rett sør for fjellstyrehytto (Fig. 1) vart det nytta fylgjande maskevidder: 12, 16,5, 19,5, 22,5 og 26mm. Det er kun fiska ei natt med garn i kvar lokalitet. Aldersbestemminga av materialet innsamla i 29 er gjort ved hjelp av otolittar (Fig. 3), medan aldersbestemming og tilbakerekning av lengde av materialet frå 1992 er basert på skjell. 2
Fig. 1. Kart over Vierslaområdet med innsamlingslokalitetar. Kartet er henta frå nettsida til Statens kartverk Fig. 2. Øvst: Dammen i Viersla; til høgre: brua i Turreidet 3
Fig. 3. Knekt og brend otolitt av åtteåring frå Vierslatjørn 29. Legg merke til smal sommarsone mellom 6. og 7. vintersone. Den kjølige sommaren 27 slo ut i dårleg tilvekst for auren over heile Vestvidda Vierslatjørn Prøvefiskefangsten i Vierslatjørn (areal,124 km 2 ) var i hovudsak fisk under 25 cm (Fig. 4). Berre fire fisk var over 3 cm, med største fisk på 34 cm. Ut frå denne fangsten ser det ut til å vera rikeleg med unge rekruttar i denne bestanden. Også i materialet frå 1992 var det få større fisk, men i den fangsten var det i alle fall fisk på over 4 cm (Fig. 4). Finaste maskevidde brukt i 1992 var 21mm, og difor vart det ikkje teke fisk under 18 cm, medan det i 29 vart nytta 12 mm som minste maskevidde, og då dominerte fisk i lengdeklassen 11-13cm (Fig. 4). 14 12 1 29 1992 Antal 8 6 4 2 1 15 2 25 3 35 4 Fig. 4. Lengdefordeling av auren fanga ved prøvefisket i Vierslatjørn i 1992 og 29 4
Det har vore vesentleg dårlegare vekst på auren som vart teken i 29 samanlikna med fisken innsamla i 1992 (Fig. 5). Til dømes er seks- og sjuåringar i 1992 høvesvis 27,2 og 28,9 cm, medan dei berre var 2,1 og 22,9 cm i 29 (Fig. 5). Tilsvarande var ein elleveåring i 1992 4,5 cm, medan ein elleveåring teken på sluk i 29 var 34,2 cm. Likevel var veksten i 1992 ikkje spesielt rask (Fig. 6). 5 4 Vierslatjørn 29 1992 3 2 1 1 2 3 4 5 6 7 8 9 1 11 12 Alder (vintrar) Fig. 5. Gjennomsnittleg lengde ved fangst for aure teken i Vierslatjørn 28. juli 1992 og 24. juli 29 5 Vierslatjørn 1992 4 3 2 1 1 2 3 4 5 6 7 8 9 1 11 Alder (vintrar) Fig. 6. Gjennomsnittleg tilbakerekna lengde for aure fanga i Vierslatjørn i 1992. Vertikale liner viser standard avvik for gjennomsnittsverdiane 5
Lengde-vekttilhøvet viser store sprik, men ein vesentleg del av fiskane i 29 har kondisjonsfaktor på under,9 (Fig. 7). I 1992 var det óg stor spreiing, men det var likevel ein mindre del av fiskane som har k-verdiar under,9 (Fig. 7). Fultons kondisjonsfaktor 1,2 1,1 1,9,8,7,6,5 Vierslatjørn 29 K =,89 1 2 3 4 Fultons kondisjonsfaktor 1,2 1,1 1,9,8,7,6,5 Vierslatjødn 1992 K =,93 15 2 25 3 35 4 45 Fig. 7. Fultons kondisjonsfaktor (k = Vekt (gram)* 1/Lengde(cm) 3 ) for aure frå Vierslatjørn i 29 (øvst) og i 1992 (nedst) Det var tre årsklassar som var dominerande i prøvefiskematerialet frå juli 29, årsklasse 22, 23 og 26 (Fig. 8). Desse tre årsklassane, og særleg 22 og 26, er óg sterke i til dømes Kvennavassdraget (Borgstrøm et al. 21). Eldste fisk i materialet frå 29 var 11 vintrar gamal, og det kan antyda at fisk i den sterke årsklassen 1997 som i 29 ville ha vore 12 vintrar, kan vera fåtallige, og truleg utfiska. Det var 45 hannar og 47 hoer i det samla materialet frå Vierslatjørn i 29 (Fig. 9). 6
Antal aldersbestemt 25 2 15 1 5 Vierslatjørn 29 1997 1998 1999 2 21 22 23 24 25 26 Årsklasse Fig. 8. Årsklassefordeling av det aldersbestemte materialet frå prøvefisket i Vierslatjørn 24. juli 29 8 6 Vierslatjødn, 29 Hannar Hoer Antal 4 2 1 15 2 25 3 35 Fig. 9. Lengdefordeling av hoer og hannar i prøvefiskematerialet frå Vierslatjørn 24. juli 29 Lokalitet A Denne lokaliteten som er det største vatnet på Vierslamyrane (Lokalitet A, Fig. 1), har eit areal på,198 km 2. Det vart berre teke 1 aurar i denne lokaliteten den 23. juli 29, etter ei natts fiske. Alderen på desse aurane var frå 3 til 7 år (Fig. 1), dvs. alle årsklassane frå 22 til 26. Det er lite truleg at det har vore sett ut fisk jamnleg i dette vatnet, og dermed er det 7
mest sannsynleg naturleg rekruttering, med utløpsbekken som mogeleg gyteområde og samtidig oppvekstområde for ungfisken. Den eine sjuåringen var 34,3 cm (Fig. 1) og var dermed vesentleg større enn sjuåringane i Vierslatjørn (Fig. 5). Auren frå lokalitet A har ein gjennomsnittleg k-verdi på 1,2 (Fig. 11), og er også feitare enn auren i Vierslatjørn. Likevel var berre den største av fiskane raud i kjøtet, trass i at skjoldkreps var eit viktig innslag i mageinnhaldet til fleire av dei i juli 29 (Fig. 12). Skjoldkreps vart ikkje funne i mageprøvene frå Vierslatjørn. 4 35 3 25 2 15 1 5 Lokalitet A 1 2 3 4 5 6 7 8 Alder (vintrar) Fig. 1. Alder og lengde på aurar tekne på garnserien i lokalitet A på Vierslamyrane 23. juli 29 Fultons kondisjonsfaktor 1,2 1,1 1,9,8,7,6,5 Lokalitet A, n = 1 K = 1,2 5 1 15 2 25 3 35 4 Fig. 11. Fultons kondisjonsfaktor (k = Vekt (gram) * 1/ 3 ) for aure tekne i lokalitet A på Vierslamyrane 23. juli 29 8
Lokalitet A, Vierslamyrane, 23.7.9 Skjoldkreps Vannkalv l. Vannkalv im. Vårfluger l. Vårfluger im. Mudderfluger Døgnfluger Skjoldkreps frå mageinnhaldet Fig. 12. Mageinnhald (volumprosent) hos aure frå lokalitet A på Vierslamyrane, 23. juli 29 Lokalitet C (Fig. 1) er berre på,55 km 2, eller 5,5 mål. Det er mykje fisk her, men av ein fangst på 43 fisk var den største vi fekk 18 cm. Rett nok fiska vi ikkje med maskevidder over 26 mm, men heller ikkje ved stongfiske vart det teke større fisk i denne vesle pytten. Det stod småfisk i innlaupsbekken som truleg er viktigaste gyteareal for bestanden i dette vesle vatnet. Det er stor tettleik av aure i lokaliteten, og dette gjer seg óg utslag i svært sein individuell vekst (Fig. 14). Det er berre fem cm lengdeauke frå treåringane på 12,1 cm til sjuåringane på 17,3 cm (Fig. 14). Denne bestanden har ingen verdi for fiske. Antal fanga på garnserien 12 1 8 6 4 2 1 11 12 13 14 15 16 17 18 19 2 Lokalitet C Fig. 13. Lengdefordeling av aure fanga på garnserien med maskevidder frå 12 til 26 mm i lokalitet C, rett sør for fjellstyrehytto i Viersla, 22. juli 29 9
2 Lokalitet C (Vierslapytten) 15 1 5 2 3 4 5 6 7 8 Alder (vintrar) Fig. 14. Gjennomsnittleg lengde av aldersklassane 3-7 år fanga i lokalitet C, rett sør for fjellstyrehytto, 22. juli 29. Vertikale liner viser standard avvik for gjennomsnitta Elvestrekningane Viersla og Olavsdalselva Auren i Viersla og Olavsdalselva er typisk elvefisk, med sein vekst (Fig. 15). Ein tolvåring frå Viersla var berre 23 cm (Fig. 15). Det ser ut til at veksten er noko betre i Olavsdalen enn i Viersla. Dette kan ha samanheng med at det i Olavsdalselva er dårlegare rekrutteringstilhøve samanlikna med i Viersla. Vi prøvde elektrofiske i Olavsdalen, men gav det opp fordi det var så lite småfisk å få, og fisken i Olavsdalen vart samla inn med flugefiske i hølane. Både liten vassføring og mykje grovt substrat kan vera medverkande til den låge tettleiken. I Viersla derimot var det på lange strekningar mykje finare substrat og stor tettleik av fisk. Bestanden i Olavsdalselva er ein rein elvebestand, medan bestanden i Viersla kan vera ein blanding av elvestasjonær fisk og ungfisk som høyrer til bestanden i Vierslatjørn og evt. óg bestanden i Heisandtjørn/Nordmannslågen. 3 25 Viersla Olavsdalelva 2 15 1 5 5 1 15 Alder (vintrar) Fig. 15. Alder (vintrar) og gjennomsnittleg lengde (cm) for aure fanga i Viersla (ved fjellstyrehytto) og i Olavsdalselva. Vertikale liner viser standard avvik for gj.snittsverdiane 1
Konklusjon Bestandane i Vierslatjørn og lokalitet A på Vierslamyrane vil potensielt kunna vera viktige i fiskesamanheng, men skal fiske få særleg verdi, må det fiskast meir enn det tilsynelatande vert gjort i dag. Dette gjeld særleg for Vierslatjørn der tilvekst og kvalitet no ikkje er god. Det er fleire båtar i Vierslatjørn, og det ligg difor godt til rette for garnfiske i vatnet. Det burde difor vore fiska ein del med finmaska garn i dette vatnet, til dømes med maskeviddene 16-22,5 mm, i tillegg til dei ordinære garna. Om dette ikkje er tillete i dag, bør fjellstyret vurdera ei omlegging av fiskereglane. Også i lokalitet A på Vierslamyrane burde det truleg vera teke ut ein del småfisk, men ikkje i same grad som i Vierslatjørn. Litteratur Borgstrøm, R., Dokk, J. G. og Thaulow, J. 21. Aurebestandane rundt Litlos status etter utfisking i 25-28. Fagrapport Fiskeforvaltning i høgfjellet 2 (2): 1-15. Utsyn vestover mot Vierslatjørn (i forgrunnen), lokalitet A og fleire av dei andre småvatna på Vierslamyrane Denne fagrapporten er utarbeidd for Eidfjord fjellstyre 11